Årsmelding og rekneskap 2012 Driftsåret 2012 78 driftsår
2 Utlevering av refleksvestar til ungar i barnehagen. Olav Ødegård nytilsett kundeservice/dle. Bygging av Nedre Kvemma kraftverk. Ørjan Bøyum ny Marknadssjef 1. omslagssida: Viser utsikt frå Lærdal Energi mot fjorden
Styret si årsmelding for Lærdal Energi AS 2012 GENERELL OVERSIKT Lærdal Energi AS har områdekonsesjon for Lærdal kommune. Lærdal Energi AS har ein historie tilbake til 1934 då L/L Lærdal Kraftverk vart skipa for å byggja ut vasskrafta ved Husum i Lærdalselvi. Drifta i Lærdal Energi har i 2012 vore stabil med unntak av eitt nettutfall 29.12.12 i forbindelse med arbeid hjå Statnett på 300kV anlegget på Borgund. Resultatet i 2012 er prega av svært låge kraftprisar med små marginar. Etter styret si oppfatning gjev årsrekneskapen eit rett bilete av utviklinga og resultatet av organisasjonen si verksemd og stilling pr 31.12.12. Føresetnaden om framleis drift, jfr asl 3, er lagt til grunn ved avlegging av årsrekneskapen. ORGANISASJON - ADMINISTRASJON Lærdal Energi er eit aksjeselskap med 330.000 kroner i aksjekapital fordelt på 3300 aksjar à kr. 100,-. Den 31.12.12 var det 302 aksjeeigarar. Dei største aksjeeigarane er Lærdal kommune med 47 % (1550 aksjar) og Aurland Energiverk AS med 8 % (264 aksjar). Aksjar eigde av styremedlemar: Lars Petter Nesse Leif Aasen Jon Yttri 3 aksjar 2 aksjar 5 aksjar Generalforsamling I Lærdal Energi AS vart generalforsamlinga for 2012 halden på Hotel Grandane den 20.06.12. Det var representert 1.892 aksjar ved personleg frammøte og med fullmakt, noko som utgjer 57,34 % av aksjekapitalen. Generalforsamlinga handsama 9 saker. Generalforsamlinga fekk og ei orientering om drifta i selskapet, og det vart orientert spesielt om dei selskapa Lærdal Energi er medeigar i. Styret Selskapet vert leia av eit styre med seks representantar og vararepresentantar valde av generalforsamlinga. Ein representant med personleg vararepresentant vert vald etter framlegg av og mellom dei tilsette. Styremedlemene vert valde for ein 2-års periode. Styreleiar og nestleiar vert valde for eitt år om gongen. På generalforsamlinga 20.06.12 vart styret sett saman slik, (alle styremedlemer er valde for to år): Styremedlemer: Vald: Lars Petter Nesse Lærdal 15.06.11 Leif Aasen Lærdal 15.06.11 Sissel Klunderud Lærdal 20.06.12 Inger Bakken, Lærdal 15.06.11 Ottar Steine Aurland 20.06.12 Jon Yttri tilsettrepresentant 20.06.12 Det er innført ordning med varamedlemer etter liste, bortsett frå dei styremedlemene som er valde etter forslag frå Aurland Energiverk AS, og frå tilsette. Desse har framleis personlege varamedlemer. Andre varamedlemer møter etter slik rangering : Varamedlemer er valde slik : Vald 1 Marit Eri, Lærdal 15.06.11 Vald for to år 2 Atle Vindedal, Lærdal 20.06.12 Vald for to år 3 Ingjerd Bøkenes, Lærdal 20.06.12 Vald for eitt år 4 Per S. Hjermann, Lærdal 20.06.12 Vald for eitt år -Trine Grøttebø 20.06.12 Varam. for Jon Yttri -Margunn Hylland 20.06.12 Varam. for Ottar Steine Leif Aasen vart vald til styreleiar og Lars Petter Nesse vart vald til nestleiar, med funksjonstid eitt år. Det vart valt slik valnemnd : Einar Moen leiar vald 15.06.11 (leiar frå 2012) Steinar Starheimsæter vald 15.06.11 Ine Nyset vald 20.06.12 Medlemer i valnemnda er valde for to år, leiar si funksjonstid er eitt år. Det vart i 2012 halde 7 styremøte og det vart handsama 36 saker. Administrasjon, organisasjon Selskapet har kontor i eige bygg som vart oppført i 1988/89 i Grandavegen 4. Lærdal Energi og Aurland Energi har hatt felles leiing og administrasjon. Det har i løpet av 2012 vore diskutert og konkludert med at kvart selskap skal ha eigen leiar. Aurland Energi skal kjøpa administrative tenester inkludert rekneskap frå Lærdal inntil vidare. Det har vore store endringar i leiinga i selskapet i løpet av 2012 Eigen marknadssjef frå 02.01.12 Ny ansvarlig for DLE og kundeservice frå 01.08.12 Everksjef har beslutta å gå av med pensjon og ny dagleg leiar er tilsett frå 01.01.13 Tilset ny nettsjef frå 01.03.13 då eksisterande nettsjef har vald å sei opp stillinga si for å byrja i anna selskap. 3
Organisasjonsplan pr. 31.12.12. Dobbel linje = Funksjon for både Lærdal Energi AS og Aurland Energiverk AS 4 Revisjon Revisjonsarbeidet er utført av Ernst & Young AS ved Atle Terum. Personale Pr 31.12.12 hadde verksemda 17 tilsette. Av desse var ein tilsett på tidsavgrensa lærekontrakt. Medeigar i andre verksemder og medlemskap i andre organisasjonar Lærdal Energi er medeigar i Sogn Breiband AS med 50 % av aksjekapitalen, Lærdal og Aurland Grønnkraft AS med 33,3 % av aksjekapitalen, SEIS AS (Samarbeidande Energiverk I Sogn) med 9,4 % av aksjekapitalen, Sognenett AS med 4,69 % av aksjekapitalen og REN AS (Rasjonell Elektrisk Nettvirksomhet) med 0,23 % av aksjekapitalen. Lærdal Energi er medlem i KS Bedrift, Distriktenes energiforening (forkorta Defo - tidlegare Forum for Strategisk Nettutvikling) og Sogn Bedriftshelseteneste. Lærdal Energi er ein av stiftarane i Stiftinga Lærdal Automobilselskap. EIGEDOMAR Kraftverk Då Husum Kraftverk vart lagt ned etter reguleringa av Lærdalsvassdraget, har ikkje selskapet drift i eige kraftverk. Lærdal Energi står framleis som eigar av kraftanlegget med dei rettar og plikter som dette medfører. Bygningen vert no nytta som trafostasjon og lager. Tidlegare produksjon får ein dekka som erstatningskraft frå Borgund Kraftverk i ein avtale som varer ut 2036. Denne krafta er i 2011 selt gjennom Markedskraft. Lærdal og Aurland Grønnkraft AS fekk i 2012 konsesjon for utbygging av Nedre Kvemma kraftverk. Det vil bli etablert eitt eige selskap for utbygging og drift av kraftverket. Utbygginga har planlagt oppstart mai 2013. Overføringsanlegg 66 kv. Lærdal Energi er direkte knytt til sentralnettet på Borgund (Lo) via ein trafo på 42 MVA 300/66 kv (T4) frå Statnett SF. Vi søkte i 2010 om konsesjon for bygging av ny 66 kv leidning frå Lærdal sekundærstasjon til Erdal og oppgradering av 66 kv leidningen frå Lærdal sekundærstasjon til Stuvane. Det er samstundes søkt om å få bygge 132 kv leidning frå Stuvane til Lo. Det har i 2012 vore ein del avklaringar med NVE i forbindelse med konsesjonssøknaden. Det er venta eitt endeleg svar på søknaden i løpet av sommaren 2013. Distribusjonsnett Det er ikkje gjort større endringar i distribusjonsnettet. Nettstasjonar. På grunn av myndigheitshetskrav må ein stor del av våre stolpetrafoar byggast om innan 2015. Dette er eit arbeid som må intensiverast. Lågspentlinjer og kablar Det har ikkje vore utført større lågspentarbeid i 2012.
Arbeidet ein har hatt er mindre ombyggingar og vanlege nytilknytingar. PRODUKSJON- OG DRIFTSTILHØVE Produksjon Vi får levert erstatningskraft frå Østfold Energi for tapt produksjon i Husum kraftverk. Dette er Lærdal Energi sin produksjon. Etter eigen avtale skal Østfold Energi levere 450 kw med full driftstid til erstatning for den krafta Lærdal Energi kunne ha produsert i Husum Kraftverk. Det skal i tillegg leverast 40 HK frikraft til fordeling for erstatningspliktige fallrettar som kviler på Husum Kraftverk. Vi har ein avtale med Lærdal kommune om at vi sel kommunen si konsesjonskraft etter bestilling frå dei, samstundes som vi kjøper kraft til eigne kundar på Nord Pool gjennom Markedskraft. Driftsfeil 2012 har vore eitt år med stabil drift med unnatak av eitt lenger utfall 29.12.12 på grunn av ei uforutsett hending hjå Statnett i forbindelse med arbeid på 300kV samleskinner i Borgund. Kraftutveksling Lærdal Energi utvekslar kraft direkte med sentralnettet. Stuvane Kraftverk er tilkopla 66 kv linja vår ved Stuvane. Vi har i tillegg to kraftverk, Vindedal Kraftverk og Nedre Kvams Kvemma Minikraftverk, som leverar kraft inn i vårt distribusjonsnett. I tillegg har vi mogelegheit for utveksling med Vang Energi over Filefjellslinja og Aurland Energiverk AS via Lærdalstunnelen. Alle utvekslingspunkta har timemåling. Nettbalanse Regionalnett 2012 2011 Innmating frå Stuvane 219 481 182 020 MWh Utlevert til Statnett -184 236-155 224 MWh Utveksling med distribusjonsnett -30 465-22 802 MWh Tap i regionalnettet 4 780 3 993 MWh Distribusjonsnett Utveksling med regionalnett 30 465 22 802 MWh Innmata frå Vindedal 20 284 22 745 MWh Innmata frå Kvemma 768 1 046 MWh Innmata frå Stuvane 251 57 MWh Utveksling med andre e-verk 1-45 MWh Levering til nettkundar i Lærdal -47 267-43 429 MWh Tap i distribusjonsnett 4 502 3 176 MWh 5 Straumleveringsvilkår Vi brukar standard kontrakt om vilkår for tilknyting, nettleige og levering av elektrisk kraft utarbeidd av KS Bedrift i samarbeid med Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. Dette vart vedteke på styremøte 20.02.07. Kontraktformularet er lagt ut på heimesida vår. Dei som ber om det, kan få det tilsendt. Tariffar i 2012. Tariffane våre vart kunngjorde i annonse i lokalpressa og utlagde på heimesida vår. Dei som ber om det, kan få tilsendt fullstendig tariffoppsett.
6
KUNDESERVICE Måling og avrekning nett. I 2012 har det vore liten byggeaktivitet i Lærdal. Talet på nettkontraktar er svært stabilt og pr. 31.12.2012 hadde vi 1912 nettkontraktar. Det lokale eltilsyn Det lokale eltilsyn har ført tilsyn med bustadar og hytter i tillegg til verksemder og gardsbruk. Det er utført informasjonsarbeid retta mot 6. og 9. klasse. Det vert poengtert at det er kunden sjølv som har ansvar for tryggleik ved sitt elektriske anlegg, men at DLE sjølvsagt stiller opp som rådgjevar for våre kundar. HELSE OG MILJØ, FORSKNING OG UTVIKLING, FORUREINING Helse og miljø Målsettinga er å skape gode og trygge arbeidsplassar for alle tilsette og full likestilling mellom kjønna. Ved utgangen av 2012 var det 17 tilsette i verksemda. Av desse var 5 kvinner. Dette utgjer ca 30 % av arbeidstokken. For å ivareta arbeidsmiljøet gjennom Arbeidsmiljølova og krav til internkontroll, har Lærdal Energi mellom anna samarbeid med Sogn Bedriftshelseteneste. Målet med diskrimineringslova er å fremje likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og å hindre diskriminering basert på etnisk bakgrunn, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Selskapet arbeidar aktivt, målretta og planmessig for å fremje lova sitt mål innanfor vår verksemd. Aktivitetane omfattar mellom anna rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, karriere, utviklingsmogelegheiter og vern mot trakassering. Selskapet har også som mål å vera ein arbeidsplass der det ikkje førekjem diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Ein har i året hatt ein del langtidsjukefråver, men bortsett frå dette er det relativt lite sjukefråver. Det er 2 kvinnelege medlemer og 3 kvinnelege varamedlemer til styret i verksemda. Forureining. Verksemda forureinar ikkje det ytre miljø. Ein nyttar ikkje PCB - olje til transformatorar og kondensatorar. Vanleg spillolje frå transformatorar vert levert til godkjent spesialfirma. MARKNADSSITUASJONEN Kraftomsetning Lærdal Energi har kjøpt all kraft til kraftomsetninga si i marknaden. I 2012 har marknaden vore prega av låge kraftprisar og små marginar. Lærdal Energi har utvikla vidare sal av kraft til sluttkundar utanom eigen områdekonsesjon i 2012. Vi er no landsdekkande. Vi har også selt vår eigen produksjon og kommunen si konsesjonskraft. All kraft vi har selt er kjøpt inn via Nord Pool og Markedskraft. Etter ein større evaluering har Lærdal Energi beslutta å skifta kraftforvaltar frå Markedskraft til Bergen Energi. Dette trår i kraft frå 01.03.2013. 7
ØKONOMI Rekneskapen for 2012 syner eit ordinært overskot før skatt på kr 660.014,-. Etter skattekostnad vert overskotet kr 475.311,-. Styret gjer framlegg om slik disponering: Avsett til utbytte kr 1.650.000,- Overført frå fri eigenkapital kr -1.174.689,- Sum overføringar: kr 475.311,- Lærdal den 31. desember 2012 10. juni 2013 8
Resultatrekneskap 2012 9
Balanse pr. 31. desember 2012 10
11
Notar til rekneskapen for 2012 12
13
14
15
16
17
18
gjev støtte i lokalsamfunnet. 19
Lærdal Energi lanserer nye produkt Postboks 94 6886 Lærdal Telefon 57 66 94 09 Telefaks 57 66 94 01 IHP as - Leikanger