HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen skal ved førebyggjande tiltak forhindre at elevar blir utsett for mobbing. Skulen sine rutinar skal avdekkje om mobbing føregår Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer Skulen sine rutinar skal sikre ein god dokumentasjon og best mogeleg samarbeide med foreldra. Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Dersom nokon som er tilsett ved skulen får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga. Dersom det er naudsynt og mogeleg, skal ein sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogeleg handsame saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det hadde blitt gjort enkeltvedtak. Mål Alle elevar skal ha eit trygt klasse og skulemiljø utan mobbing. Læringsmiljøet skal vere prega av tryggleik, trivnad, respekt og rettferd. Kva er mobbing? Psykisk og /eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper Blir gjentatt over tid (fleire gonger i veka i fleire veker) Ulik styrke mellom offer og mobbar
Førebygging MÅLSETJING TILTAK TID MÅLGRUPP E ANSVARLEG Felles forståing av og reaksjonar i forhold til reglar og normer ved Sviland skule. Respektreglane! Skape trygge arenaer i bygningar og areala ute Gjennomgang av handlingsplanar og ordensreglement i personalet Inspeksjonsplan og inspeksjonsrutinar. Ved skulestart Alle tilsette Rektor Ved skulestart Alle tilsette Inspektør Syte for at trinna har eit godt sosialt og fagleg miljø som fungerer på sikt Diskusjon på trinna omkring reglar og normer. Utarbeide trinnreglar årleg Innan 1. oktober Elevane Kontaktlærar/ elevar. Timelærar set seg inn i reglane KUF si idèmappe mot mobbing. Nytte handlingsplanen Innan 1. oktober Elevrådet Kontaktlærar for elevrådet Aldersblanding ved hjelp av fadderklassar På slutten av vårsemesteret 1-6 trinn 2-7 trinn Kontaktlærar 6 og 7 trinn Skape gode samarbeidsrelasjonar skule/ heim Foreldremøte Haust Føresette Alle lærarar Leiinga Utviklingssamtaler Haust/ vår Føresette Alle lærarar
Avdekking av mobbing MÅLSETJING TILAK TID MÅLGRUPPE ANSVARLEG Førebyggje og forhindre at mobbing skjer ved skulen Elevsamtalar Heile året Elevar Kontaktlærar Vakt/tilsynsordning Heile året Elevar Alle lærarar Mobbeundersøking/ trivselsundersøking Haust Vår Elevar sosiallærar Undersøkinga blir følgt opp trinnvis Når resultatet føreligg Elevar kontaktlærar Problemløysing ved mobbing TILTAKSLISTE 1 Mistanke eller melding om mobbing 2 Vurdere mistanke om mobbing 3 Nærare undersøking av mistanke om mobbing 4 Første samtale med mobbeoffer 5 Varsling til offeret sine føresette 6 Samtale med kvar mobbar 7 Samtale med andre elevar som er vitne 8 Samtale med mobbarane samla ANSVARLEG, GJEREMÅL, GJENNOMFØRING
9 Oppfølgingssamtale med mobbeoffer 10 Kontakte mobbaren sine føresette 11 Samtale mellom mobbar og offer 12 Samtale i klassa 13 Oppfølging og tiltak Sviland skule har 6 krisepermar: 1-4 trinn: 2 permar 5-7 trinn: 2 permar SFO: 1 perm Leiinga: 1 perm Ein kan finne ut meir detaljar om krisepermane ved å gå til desse nettstadane: http://www.personalomsorg.no/ <http://www.udir.no/artikler/_satsingsomrader/_laringsmiljo/_krise/beredskap-ved-alvorligeulykker/> Ansvarskjede Prinsippet er at problem blir løyst på lågast mogeleg nivå, men at lærar veit når saker skal meldast vidare, og veit kven dei kan vende seg til dersom problema ikkje kan løysast på nivået deira. Det vil altså vere ei trapp, der problema blir løyst lågast mogeleg, men at ein går lenger opp i trappa dersom det er nødvendig.
Oversikt over kven som har ansvar for kva som blir gjort når det gjeld mobbing: Rektor Spes.ped.gruppe Lærar, assistent, fagarbeidar Kontaktlærar / føresette Kontinuitet og ansvar MÅLSETTING TILTAK TID MÅLGRUPPE ANSVARLEG Sikre kontinuitet og ansvar Handlingsplanen blir lagt fram i SU for godkjenning Haust SU Rektor Foreldremøte for 1. trinn Gjennomgang av handlingsplanen i personalet Haust Føresette Sosiallærar Ved skulestart Alle tilsette Rektor inspektør Ev, revidering av handlingsplan Ved skulestart Sosiallærar Ressursgruppa