Program. Vår/sommar 2012. «Folket som vandrer. De ingen vil ha». Grafikkutstilling av Finn Magnus opnar i juni



Like dokumenter
Cecilie Johanne Slokvik Hansen Avdelingsleiar. Cleng Peerson Symposium Tysværtunet kulturhus, Aksdal 23. April 2015

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Referat frå MINTA møte

MEDLEMSINFO. august 2009

Velkommen til songarstemne i Florø!

Månadsplan for Hare November

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Teknikk og konsentrasjon viktigast

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Velkomen som konfirmant!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for ROSA mars 2015

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

/

Informasjon til elevane

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

TIL DELTAKANDE KORPS:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Velkomen som konfirmant

Forslag frå fylkesrådmannen

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

No sprett knuppane og sevja stig

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Stemnehandboka for NKSF

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Transkript:

Program Vår/sommar 2012 «Folket som vandrer. De ingen vil ha». Grafikkutstilling av Finn Magnus opnar i juni

Sletta i verda Vi er attende i 1890-åra på eit tømmerlass truleg nær Stillwater i Minnesota. Fleire av ungdommane på Sletta hadde allereie kryssa Atlanteren ein etter ein. Mons Skjelvik frå Sletta får plutseleg augene opp for ein kar han dreg kjensel på: - God dag, Gust, er det deg? Naboguten heimafrå, August Ystebø, køyrde jamsides Mons nedover ei litt bratt lende. Dei visste ikkje då at dei faktisk var arbeidskollegaer. Denne og fleire episodar som er refererte i den nyleg publiserte artikkelen «Amerikagardar på Sletta» av Asbjørn Ystebø syner godt korleis Sletta ved førre århundreskiftet strekte seg langt utover dei lokale bygde grensene til eit større, globalt nivå. På Sletta vart amerikaklede, -foto og -brev med historier frå tømmerhogsten og livet der borte ein del av den sosiale verda til bygdefolket. Dei unge kom heim og reiste ut att. Mange kom også heim for godt. Sletta er slik sett ei typisk vestnorsk utvandrarbygd. I mai kan du bli med Y stebø på ei kulturhistorisk vandring mellom dei såkalla Amerikagardane på Sletta; gardane som vart bygde opp og vidareutvikla av amerikanske dollar utvandrarane sende heim. Det er interessant å merke seg at eit av amerikahusa nyleg vart leigd ut til arbeidarar frå Litauen. Noreg er ikkje lenger berre eit land som sender emigrantar ut i verda. Noreg har også vorte eit innvandringsland. Vestnorsk utvandringssenter vil følgje denne utviklinga ved å formidle migrasjons- og kulturmøteproblematikk i ein breiare samanheng. Vi ønskjer å vere ein samfunnsaktør som utfordrar og stimulerer til refleksjon og kritisk tenking. Difor opnar vi utstillinga «Folket som vandrer. De ingen vil ha» ei grafikkutstilling av Finn Magnus i juni. Magnus har vore ute på gata i Oslo og både sett og samtala med personar frå Romfolket. I vår introduserer vi også Har du høyrt? Prate- og kaffitreffen i kjellaren i Emigrantkyrkja. Dei norskbygde kyrkjene i Amerika hadde til vanleg eit rom for den sosiale fellesskapen, anten i form av eit kjellarlokale eller eit tilbygg. 2

Her samla nybyggjarane seg ved høgtidsdagar, og i sorg og glede elles. Kjøkken og bord og stolar høyrde til her. I dette lokalet kunne dei minnast gamle dagar og høyre om brevnytt frå Noreg. Vi ønskjer å vidareføre den funksjonen kyrkjekjelleran hadde i Amerika og inviterer difor til uformelle prate- og kaffitreff kl.13.00 og utover kvar sundag museet held ope i sommarsesongen. Du kan lese meir om desse og fleire programpostar i vårprogrammet i denne brosjyra. Velkomen til ein spenande vår og sommar ved Vestnorsk utvandringssenter! Ida Dyrkorn Heierland Avdelingsleiar Stiftinga Museumssenteret i Hordaland Vestnorsk utvandringssenter vart konsolidert inn i Museumssenteret i Hordaland (MuHo) per 1.01.2010. MuHo er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. MuHo utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland. MuHo vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og F elleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004. I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Osterøy museum og Havråtunet også ein del av MuHo, medan Lynghei senteret kom med frå 12. februar 2007. Foto: Helge Sunde 3

La tankane flyge! Det er ei udelt glede å få gje deg ei velkomsthelsing frå folket på Radøy, til sesongprogrammet for Vestnorsk Utvandringssenter, som i år har eit aldri så lite jubileum 15 år! Å vandre rundt på Utvandringssenteret set alltid tankane mine i gang. Senteret gjev inntrykk frå ei heilt spesiell brytningstid i norsk historie, og eg gjer meg tankar om kva reiste dei frå, korleis reiste dei, korleis vart liva deira i den nye verda, og kva hadde både Noreg og USA vore i dag utan emigrasjonen? Ofte gjer eg meg også tankar om d agens migrasjon når eg er på senteret. Menneska er erfarande vesen. Eg håpar du vert inspirert og vinn erfaringar om ulike livsutfordringar og livsløp når du er på Utvandringssenteret - la tankane flyga! Foto: Åshild Thorsen Sesongprogrammet byr på eit variert og breitt program - forsyn deg! Beste helsingar frå Jon Askeland, ordførar Radøy kommune 4

Andrew Larsen Dahl, Menn i åker, Wisconsin, 1870-tallet. (Wisconsin Historical Society, Madison, Wisconsin) 5

Vestnorsk utvandringssenter har seks emigranthistoriske hus, derav ei kyrkje, som alle vart bygde opp av norske emigrantar i Amerika og seinare demonterte og flytta til Sletta. VUS eignar seg godt som mål for «blåturar», 6

utflukter for bedrifter, lag og foreiningar, songkor og for slektstreff og pensjonistturar der ei spennande oppleving med undring og utfordring set ein ekstra spiss på dagen og turen. Felles opplevingar på VUS skaper utvida kontakt mellom generasjonar. Vi tek imot grupper heile året. 7

Emigrantkyrkja Kyrkja er den demonterte og atterreiste Brampton Lutheran Church frå præriesettlementet Brampton i Nord-Dakota. 22. juni 1996 vart kyrkja, med komplett inventar, overrekt som gåve til VUS. Kyrkja var opphavleg bygd av norske emigrantar som slo seg ned i Nord-Dakota like før og etter førre hundreårsskiftet. Den lokale kvinneforeininga av 1907 førte til skiping av kyrkjelyden 1. juli 1908. Det gav startskotet til bygging av kyrkja. Dette er ei lita luthersk kyrkje slik det fanst mange av på prærien. Ho tente både som religiøs og 8

Foto: Livar Aksnes sosial møteplass. Arkitektonisk har ho sin bakgrunn i den vanlege kyrkjearkitekturen på landsbygda i Noreg frå midten av 1800-talet. Kyrkja vart vigsla på Sletta av biskop Ole Danbolt H agesæther 6. juli 1997. Leige Emigrantkyrkja? Emigrantkyrkja passar perfekt til konsertar og andre kulturarrangement! Kyrkja er godkjend for 120 sitjeplassar. Ta kontakt for informasjon om prisar. 9

Nybyggjarstova Nybyggjarstova vart bygd i 1869 av Andreas Seem i Underwood, Otter Tail County, MN. Huset vart eit landemerke i fleire år for immigrantar vestover prærien. Luverne Kiene, oldebarn til Karen og Andreas Seem, donerte huset til VUS i 1997. Huset vart offisielt opna 8. juli 2000. Skulestova Skulestova frå 1893, er ei typisk eittroms skulestove frå Sargent County, ND. Flytta i 1960-åra til Forman, ND, der ho tente som museum. I 1997 donerte Sargent County Farm Bureau skulestova til VUS. Opna 8. juli 2000. Skulestova er ei retteleg perle. Her kan du sitje på dei same pultane som emigrantborna brukte, sjå læraren rulle ned dei same karta og modellere i sandkassa. Foto: Åshild Thorsen 10

Lærarbustaden Lærarbustaden var, ifølgje tradisjonen, det eldste huset i Brampton, Sargent County, ND. Byggjeåret er ukjent, men eldstaden i huset peikar attende til tidlegaste landtakingstida i Lækjar kontoret området. Huset var bustad for skulestyraren til 1930- åra. Sanford og Genevieve C ooper donerte huset til VUS i 1997. Det vart offisielt opna 8. juli 2000. Lækjarkontoret er henta frå Rothsay, Wilkin County, Minnesota. Huset var base for pionerlækjaren J.C. Serkland i meir enn 50 år. Fleire av barneborna hans kjøpte attende huset i år 2000, og donerte det til VUS. Det var offisiell opning 7. juli 2001. På bilete her ser du lækjarkontoret til venstre.

Fengsel og rådhus Fengsel og rådhus vart reiste i 1880-åra, samanbygde til eitt hus. Fengslet, med 2 fangeceller, vart brukt til etter hundreårsskiftet 1900. Den første fangeprotokollen 12 ligg føre. The Town Council of Elizabeth, MN, donerte huset til VUS, våren 2000. Det var offisiell opning 6. juli 2002.

Monumenta Monumenta utanfor kyrkja understrekar norsk emigrasjon og sambandet mellom Noreg, Amerika og øyane i vest. vart avduka 6. juli 1997 (utvida til Canada 8. juli 2000). Monumentet over., den norskspråklege bataljonen frå USA under siste verdskrigen, vart avduka 6. juli 1997. Monumentet over dei norske vart avduka 6. juli 1997. Monumentet over vart avduka 6. juli 1997. over sambandet Noreg og emigrantøyane i vest: Shetland 13 - Hebridane - Man - Orknøyane - Færøyane - Island - Grønland vart avduka 8. juli 2000. Monumentet over i USA og Canada vart avduka 3. juli 2010. Monumentet over representert ved Agnes Mathilde Wergeland (den første norske kvinna med ein PhD) og Elise Amalie Tvede Wærenskjold (The Lady with the Pen). Monumentet over Thrane, talsmann for den norske arbeidarforeining.

Ung på Sletta VUS utviklar undervisningsopplegg på migrasjon- og kulturmøtefeltet tilpassa ulike steg på barneskulen og ungdomsskulen. Somme opplegg er knytte til vandreutstillingar og aktuelle tema Pris Dersom ikkje noko særskilt er oppgitt, er det gratis for skulane å vere med på undervisningsopplegg ved utvandringssenteret. og difor berre opne for skulane i korte periodar. Desse vert annonserte fortløpande på websidene våre og gjennom e-post til skulane. S kulane må til vanleg dekke skyss til/frå utvandringssenteret sjølve. Kom med innspel! Skulane er velkomne til å kome med ønskje om tema for omvisingar og undervisningopplegg.

Liv i emigranthusa Laurdag 30. juni 2012 Aktivitetar i emigrantlandsbyen for heile familien! Skyt med pil og boge, lassokast, liv og røre i indianerleiren, lær å lage reiskap av stein, kle deg ut i fotostudioet og send amerikabilete heim. Følg med på websidene våre for meir informasjon om tidspunkt og aktivitetar. 15

Nyopning av utstillinga om 99. Bataljon Krigsveteran John Pettersen i aksjon under videoopptak i samband med utstillingsarbeidet. Lærarbustaden i emigrantlandsbyen huser ei samling med gjenstandar og bilete frå 99. Bataljon. Utstillinga blir nyopna i samband med utvandringsfestivalen. 16

Lengselens bilder - Fotografiet i den norske Amerikautvandringen Foto: Wisconsin Historical Society, Madison, Wisconsin Utstillinga er eit resultat av kunsthistorikar Sigrid Lien si reise i USA der ho besøkte private hus, museum og arkiv for å samle fotografi frå norske innvandrarmiljø i perioden 1865-1930. Vi gjer merksam på at det berre er eit utval av utstillinga som blir vist i kjellaren i Emigrant kyrkja. Utstillingsboka er til sals i museumsbutikken. 17

KICKOFF 2012: Kveld for veneforeininga Torsdag 15. mars 2012 kl 20.00, Radøystova på Sletta Vi inviterer veneforeninga til ein kveld med siste nytt frå museet, musikk og noko å bite i! Arrangementet startar etter årsmøtet i venneforeininga. Avdelingsleiar orienterer om årsprogrammet. Soloinnslag ved Annlaug Børsheim Annlaug Børsheim kjem frå Ulvik i Hardanger. Ho er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og 18

Foto: Per Finne ved Ole Bull Akademiet på Voss. Annlaug syng og spelar fele, hardingfele og gitar. I tillegg skriv ho tekst på norsk og komponerer eigen musikk. Førehandspåmelding til arrangementet innan 10.03.2012: Tlf. 48 10 86 09 eller send epost til: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no 19

Temakveld og utstillingsopning: Migrantar med fjør Onsdag 18. april 2012 kl 18.00, Radøystova og emigrantlandsbyen Føredrag på Radøystova ved biolog Nils Røv (NINA): «Migrantar med fjør» Opning av salsutstillinga i emigrantlandsbyen etter føredraget: Fugleåret: Folketro og fakta. Tresnitt av Amy Lightfoot Introduksjon til utstillinga ved Amy Lightfoot. Det vert høve til å kjøpe kaffi og noko å bite i på Radøystova. Foto: Per Jarle Heggdalsvik Inngang vaksne kr 50,- / kr 30,- for medl. i veneforeininga. Born gratis 20

Tjaldur, ver vælkomið Tjaldur, ver vælkomið til okkum heim, frá ókendum, fjarskotnum londum! Tú bert okkum boð um ein ljósari dag, at nú er brátt summar í hondum. Ein dagin, mín sál var so vetrarstird, eg gekk mær mót havinum vestur; eg hoyrdi títt klipp, tað vælkenda ljóð, tú kærkomni summargestur. * * * * Men kemur tú, tjaldur, ár eftir ár, tú, boð um ljósari tíðir, so skal tað kennast um landið alt, tað tekur at sumra umsíðir. Lat sólina skína um dalar og fjøll, grønkast lat heiðar og líðir! Tí øll vit leingjast mót lívgandi sól, vónandi sælari tíðir. Tjelden er nasjonalfugl på Færøyane - eit gamalt utvandringsmål for nordmenn Sal av utstillingsboka. K ontant betaling. Arrangementet er ein del av Kulturdagane på Radøy 13. 22. april. Nils Røv er pensjonert biolog ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) Amy Lightfoot er fødd i USA og bur no på Hitra i Sør-Trøndelag. Ho er tekstilhandverkar og statsstipendiat. Utstillinga er open i museet sine opningstider og elles etter avtale for skuleklassar og andre interesserte fram til og med sundag 3. juni 2012. 21

Sesongopning Emigrantkyrkja og -landsbyen Sundag 13. mai 2012 kl 12.00 16.00 kl. 12 16: Innsamling av amerikabrev og -bilete Har du gamle amerikabrev eller -bilete liggjande i skuffen? I vår startar VUS innsamling av amerikabrev frå Nordhordland, og vi er difor svært takksame dersom du har eit brev eller bilete du vil donnere til senteret! Vi scanner gjerne brevet dersom du berre vil låne det ut. Historikar Kenneth Bratland er klar til å ta i mot brev og bilete i kjellaren i Emigrantkyrkja. Han kan også hjelpe til med søk i emigrantlistene. Skjelvik gnr. 101, bnr.1 22

kl. 13 15: Amerika-gardar på Sletta Bli med på ei guida vandring frå gard til gard på Sletta med Asbjørn Ystebø. Ystebø har nett publisert artikkelen Amerika-gardar på Sletta i siste utgåve av skriftserien til VUS publisert i 2011: Pionerliv i Amerika og bygdeutvikling på Sletta. Oppmøte framfor Emigrantkyrkja. Sletten kl. 15 16: Konsert i Emigrantkyrkja i regi av Utvandringssenterets venner Sjå også utstillinga Lengselens bilder i kyrkjekjellaren og Fugleåret: Folketro og fakta. Tresnitt av Amy Lightfoot i Rådhuset i emigrantlandsbyen. Billett konsert: Vaksne kr 100,-, born gratis. Billett guida vandring: Vaksne kr 50,-, medlem i veneforeininga og born: Gratis. Mellingen gnr. 98, bnr.2 23

Førstre treff sundag 20. mai Har du høyrt? Prate- og kaffitreffen Kvar sundag i sommarsesongen kl 13.00, kyrkjekjellaren Foto: CC Kaffehuset Friele Få med deg Har du høyrt? Prate- og kaffitreffen i kjellaren i Emigrantkyrkja. Kan hende har du ei god historie om ein slektning som dro til Amerika du vil dele? Kan hende har du eit Amerikabrev eller -bilete du vil vise fram? Eller rett og slett treffe andre til ein vanleg kaffiprat? 24

Temakveld og utstillingsopning: Folket som vandrer. De ingen vil ha Onsdag 13. juni 2012 kl.19.00, Emigrantlandsbyen Grafikk av Finn Magnus Vi tek opp tråden frå 2010 med fokus på dei reisande. Finn Magnus har vore ute på gata i Oslo og både sett og samtala med personar frå Romfolket. Han vil fortelje om prosjektet i samband med opninga. Enkel servering. Inngang vaksne: kr 50,-/ kr 30,- medl. i veneforeininga. Born: Gratis 25

Kurs i amerikansk flintslåing Laurdag 16. og sundag 17. juni Flintsmeden Morten Kutschera forklarer og demonstrerer korleis menneske i steinalderen laga pilespissar, økser og andre odd- og eggreiskap av stein i områda som i dag utgjer Noreg og Nord-Amerika. «Flintknapping» som det heiter på engelsk er ein svært populær hobby i USA med fleire tusen utøvarar. Deltakarane lærer å lage eigne pil- og spydspissar av flint og obsidian (vulkansk glas) - verdas skarpaste materiale. Det vert også høve til å skyte med pil og boge og kaste med atlatl - eit viktig kastevåpen frå steinalderen. Det er avgrensa tal på plassar. 26

Pris: kr. 1600,-/pers inkl. enkel lunsj begge dagar Påmelding innan 1. juni 2012 til avdelingsleiar på tlf. 55 25 18 09 / 48 10 86 09 eller epost: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no Tidspunkt og kursstad blir annonsert seinare på websidene våre og i lokalavisene. Foto: Nicole Brody 27

Utvandringsfestivalen 29. juni 01. juli 2012, Sletta Foto: Åshild Thorsen Fredagskonsert: Jodlaren Kerry Christensen m.fl. Liv i emigranthusa aktivitetar for heile familien Fagseminar Utstillingsopning: 99 bataljon Guida omvisingar Festkveld med musikalske innslag av Kerry Christinsen m.fl. Markering av 15-års jubileeum 99. bataljon-stand med demonstrasjon av k øyrety og utstyr Amcartreff Norsk-amerikansk gudsteneste Æresseremoni Følg med oss på websidene våre for programoppdateringar! 28

29 Vestnorsk utvandringssenter 2012

Bli med i veneforeininga Utvandringssenterets venner vart stifta 19. september 2011 på Samfunnshuset Skogen på Sletta. Ønskjer du å støtte opp om og engasjere deg i arbeidet ved Vestnorsk utvandringssenter, bør du melde deg inn i foreininga! Alle både unge og gamle kan bli med. Lyst til å bli medlem? Kontakt styreformann Oddmund Skjelvik tlf. 56 37 20 95/98 88 72 00 Kontingent Familie: kr 300,- Einskildpersonar: kr 200,- Studentar: kr 100,- Born under 16 år: kr 100,- Bedrifter: kr 500,- Meld deg inn no og vinn Amerikatur verdi kr 20.000: Ved å melde deg inn i vene foreininga er du med i trekninga om ein gratis Amerikatur hausten 2012 med Asbjørn og Ella Ystebø sin tur «I emigrantanes fotspor». Inkludert er flybillettar, busstur, måltider, overnatting på hotell, div. inngangsbillettar. Trekning under Utvandringsfestivalen 30. juni 2012. Turen går frå Bergen 30. september til Minneapolis. Derifrå med buss aust etter, via Decora, Chicago, Detroit, Niagara Falls, New York, Washington DC og vidare til Orlando, med retur 14. oktober. Alternativt ein tur frå O rlando 14. oktober. Også den med buss, først vestover langs Mexico-gulfen fram til New Orleans og Houston, deretter nordover til Minneapolis med retur til Bergen 28. oktober. Tusen takk til sponsorane av Amerikaturen: Spare banken Vest, Ella og Asbjørn Ystebø, Radøygruppen og Henry Rath. 30

Vårprogram i regi av veneforeininga Fredag 3. februar 2012 kl 19.00: Konsert i Emigrantkyrkja Rune Vidar Fjelde. Gjest Aslaug Klungland Torsdag 15. mars 2012 kl 19.00: Årsmøte, Radøystova Sundag 13. mai 2012 kl 15: Konsert i Emigrantkyrkja Arrangementet fell saman med sesongopninga ved senteret Foto: Strilen 31

Siste utgåve av skriftserien vår: Pionerliv i Amerika og bygdeutvikling på Sletta (2011) Forord Rolf Svellingen, red. Olav Steinar Namtvedt Vestnorsk Utvandringssenter (VUS) - nokre tankar etter seminaret på festivalen 2011 Asbjørn Odd Ystebø Amerika-gardar på Sletta - nærområdet til Vestnorsk Utvandringssenter Odd S. Lovoll Norske aviser i Amerika Deres geografiske spredning og historiske rolle som samfunnsbygger og forbindelsesledd mellom Norge og nordmenn i Amerika Else Matilde Hegdal og Henriette Rosvold Bauge Nordmennenes møte med Amerika - med utgangspunkt i Rølvaags Giants in the Earth Kr 120,- (+ evt. porto) Bokheftet kan tingast ved å ringe 55 25 18 09 eller ved å sende ein epost til: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no 32

Finn vegen Vestnorsk Utvandringssenter og Sletta Frå Bergen følger du E39 nordover gjennom Åsane til Vågsbotnen og vidare over Nordhordlandsbrua mot Knarvik. I Knarvik følger du RV 57 til Isdalstø og vidare RV 565 mot Radøy vidare rett fram til Sletta. Du finn vegen til Vestnorsk Utvandringssenter og Sletta etter ca. 20 min. køyring på RV 565. Ikkje ta av til Manger. Turen tek om lag 50 min. frå Bergen. For bussruter sjå www.skyss.no Ta veteranbåten D/S Oster til utvandringssenteret på fleire av sundagane i sommarsesongen! Turen går frå Bergen i den indre farleia til Trikotasjemuseet i Salhus, Lyngheisenteret på Lygra og vidare til Vestnorsk Utvandringssenter. Turar sommaren 2012: 24. juni, 1. juli og 8. juli. Avg. Bergen kl.10. TIl Sletta kl.13 Retur kl.15. I Bergen kl.18 Seglingsplan på www.oster.no 33

Amerikafeber Vil du vere med å setje opp spelet Amerikafeber av Johannes Heggland sommaren 2012 på Sletta? Vi treng amatørskodespelarar, statistar og andre frivillige til oppsetjinga. Ta kontakt med avdelingsleiar på tlf. 55 25 18 09 / 48 10 86 09 Spelet er støtta økonomisk av Norsk teaterråd. Vi tek atterhald om finansiering av prosjektet Knud Knudsen, «Emigrantskib ved Afreise», Bergen ca.1871. (UBB s billedsamling). 34

Kjem hausten 2012 Førestellingar om Amerika Levi Henriksen og Thomas Mårud Frank Årebrot Føredragshaldar blir annonsert seinare 35

Besøk oss - Guida turar - Permanente og mellombelse utstillingar - Temadagar og seminar - Undervisningsopplegg - Bibliotek Besøksadresse Vestnorsk utvandringssenter 5939 Sletta Administrasjon Museumssenteret i Hordaland Avd. Vestnorsk utvandringssenter Salhusvegen 201 5107 Salhus Opningstider Sesongopning Sundag 13.5 kl 12 16 19.5 17.6: Laurdag og sundag kl 12 15 19.6 26.08: Tysdag fredag kl 12 17 Laurdag og sundag kl 12 15 Måndag stengd. Heile året etter avtale. Kontortider Måndag fredag: 08.00 15.30 Avdelingsleiar: Ida Dyrkorn Heierland vestnorsk.utvandringssenter@muho.no Tlf. 55 25 18 09 / 48 10 86 09 Prisar Vaksne: kr 55,- Student: kr 40,- Born under 16 år: Gratis Gruppe: kr 50,-/pers (minimum 10 pers.) Det kjem eit tillegg på kr 700,- per gruppe for tinging utanom dei orinære opningstidene. Det kan kome endringar i årsprogrammet. Følg oss på www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter for oppdatering.