Pressemelding. Byggjer ut Kvinnherad vgs for 134 mill. kr



Like dokumenter
Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418


- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

- Offentleg planarbeid

Balestrand kommune Sagatun skule

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Fylkesutvalet Tom-Christer sette fram slikt forslag:

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

FINANSFORVALTNINGA I 2012

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 15. okt. 2008

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Oversyn over økonomiplanperioden

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Plan for forvaltningsrevisjon

Godkjenning av to prosjektrekneskap

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Plan for forvaltningsrevisjon

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 17. januar 2012 Kl.: Stad: Etne vidaregåande skule, Etne Saknr.: 1/12-7/12

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Retten til spesialundervisning

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Delrapport 2 Modell 2

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 10. april 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 8/13-14/13 MØTELEIAR. Vebenstad, Torill (A)

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Transkript:

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks 55 23 99 42 55 23 99 49 Bergen 14. okt. 2008 Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen 14. oktober 2008: Byggjer ut Kvinnherad vgs for 134 mill. kr Hordaland fylkesting har godkjent forprosjektet for utbygging ved Kvinnherad vidaregåande skule til 134 mill. kr. Vedtaket var samrøystes. Tilbygget skal ha eit brutto areal på 1930 m 2 og prosjektet omfattar også ombygging av 4 100 m 2 av eksisterande lokale. Skulen vert dimensjonert for å ha plass til 452 elevar. Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Nybygget skal etter plan vera ferdig til 1. desember 2009 og ombygginga av hovudbygget skal vera klar til skulestart hausten 2010. Etter utbygginga vil all undervisning verta samla på skulen og leigelokale andre stader vert avvikla. Nybygget skal vera eit tilbygg på eksisterande verkstadbygg med ein overdekka ny gangveg til hovudbygget og skal romme funksjonane til utdanningsprogramma: Helse og sosialfag (HS), studiespesialisering med formgjeving (ST/FO), service og samferdsel (SAS), spesialrom/lab for naturfag. I tillegg kjem nokon mindre birom samt tekniske rom. Eldøy saksordførar for museumsplan Hordaland fylkesting har vedteke å utarbeida ein ny museumsplan for Hordaland. Berit W. Eldøy, Høgre, er valt til saksordførar for planen. Fylkesdelplan for museum 2003-2008 har vore retningsgjevande for Hordaland fylkeskommune si politikkutforming på feltet og gjeve premissar for den omfattande museumsreforma som er gjennomført i fylket.

I den nye planperioden står ein framfor fleire nye utfordringar. Det gjeld særleg fylkeskommunen sine politiske målsettingar i det nye museumslandskapet og vidare diskusjon av dei konsoliderte musea si rolle (samfunnsaktør, samfunnsminne og møtestad). Ikkje minst må planarbeidet sjå på vidare struktur på feltet både i høve staten, dei einskilde institusjonane og tilgrensande fagfelt som kulturminnevern, arkiv og bibliotek, heiter det i saksutgreiinga. Formell oppstart av planarbeidet skal skje hausten 2008. Statusrapport for museumsfeltet og planprogram vert det teke sikte på å senda ut på høyring i løpet av våren 2009. I planperioden vil ein ha samlingar med representantar frå kommunar og dei einskilde musea. Første utkast til plan skal liggja føre hausten 2009. Kulturkonferansen i Hordaland vert ein viktig arena for drøfting og innspel til planprosessen. Planutkastet vert sendt til kultur- og ressursutvalet og fylkesutvalet som vedtek høyring i siste halvdel av 2009. Ein tek sikte på at planen vil vera klar for handsaming og endeleg godkjenning i Kultur- og ressursutvalet, fylkesutvalet og fylkestinget i første halvdel av 2010. Fylkesdelplan for museum 2003-2008 gjeld til ny plan er vedteken. Positiv rekneskapsprognose for fylkeskommunen Fylkesrådmannen reknar på grunnlag av økonomirapporten pr. 31.8. i år med at det vert positivt rekneskapsresultat for 2009. Innan samferdselssektoren ser det ut til å gå mot ei overskriding på 15-20 mill. kr Av dette gjeld 8 mill. kr overskriding i vedlikehaldet av fylkesvegane. Båtrutene ser ut til å gå mot 5,2 mill. kr i overskriding. Grunnskuleskyssen vert 3,3 kr høgare enn budsjettert og det vert også noko overskriding for skyss til vidaregåande skule. Innan vidaregåande opplæring er prognosen underskot på 3-4 mill. kr knytt til fagprøvar og gjesteelevordninga. Konsesjonskraftinntektene ser ut til å verta 11 mill. kr lågare enn budsjettert. Momskompensasjonen for ivnesteringar ser ut til å verta 20 mill. kr lågare enn budsjettert. Medan det ser ut til å verta netto innsparing på 12-15 mill. kr for utgiftene til renter og avdrag på lån. Skatteinngangen ser ut til verta høgare enn budsjettert. Hittil i år ligg ein 50 mill. kr over prognosen. Fylkestinget vedtok samrøystes å ta rekneskapsprognosen til orientering. Fylkestinget ber om at det årleg vert lagt fram sak om drifts- og vedlikehaldsstandarden på fylkesvegane. Saka skal mellom anna innehalda dei økonomiske konsekvensane av standardval og særleg konsekvensane av dei endringane som er tenkt gjennomførde i samband med utlysing av nye funksjonskontraktar.

Aktiv kvar dag plan for fysisk aktivitet i Hordaland Fylkestinget i Hordaland vedtok 14. oktober Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Aktiv kvar dag med mål, strategiar og tiltak. Planen uttrykkjer visjon, mål, strategiar og tiltak innan fagområdet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Hovudmålet er at flest mogleg skal kunne vere aktiv kvar dag nært der dei bur. Satsingsområda er partnarskap for folkehelse, fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv og anleggsutvikling. Det er utarbeidd eit handlingsprogram og langtidsprogram for anlegg for idrett og fysisk aktivitet fram mot 2020. Fysisk aktivitet har stor verdi for samfunnet og tre viktige faktorar er skildra; frivillig arbeid, næringsutvikling og miljø. Den nye fylkesdelplanen har som føremål å vera eit nyttig reiskap for fylkeskommunen, kommunar, organisasjonar og andre i Hordaland for å skapa ein aktiv kvar dag. Planen skal medverka til at ressursar vert nytta meir målretta. For å setje fysisk aktivitet inn i eit samfunnsperspektiv, er det fokusert på tre viktige område. Frivillige organisasjonar har brei oppslutnad i Hordaland og har stor verdi for den einskilde og for lokalsamfunnet. Fysisk aktivitet har også stor ringverknad for lokal og regional næringsutvikling. God idrettsaktivitet og eit aktivt friluftsliv skaper ein positiv identitet og medverkar til at både fråflyttingskommunar og tettstader vert meir etterspurde for busetjing og næringsutvikling. All tilrettelegging for fysisk aktivitet har utfordringar med seg med omsyn til miljø. Utforming og lokalisering av anlegg for fysisk aktivitet skal ha som mål at det skal gje minst mogleg energiforbruk og utslepp av klimagassar. Det vert og understreka at anleggs- og aktivitetsutvikling skal ta omsyn til natur- og kulturlandskap. Lengd Fylkesplan for Hordaland Fylkestinget har vedteke at Fylkesplan for Hordaland 2005 2008 vert lengja inntil vidare, og minst ut 2009. Planen vart vedteken i oktober 2005. Planen skal etter rett rullerast kvart 4. år (kvar valperiode). Ny plan- og bygningslov som trer i kraft frå juli 2009 opnar for at fylka i staden kan utarbeida og vedta Regional planstrategi, som er eit enklare opplegg. Det bør vurderast på eit seinare tidspunkt om dette er aktuelt i Hordaland, heiter det i saksutgreiinga.

Fylkesplanen har verdiskaping som hovudtema, og satsingsområda er næringsutvikling, kompetanse, kultur, transport, areal og miljø. I høve til desse satsingsområda er gjeldande fylkesplan framleis ei tenleg rettesnor for vidare planutforming og prioritering. Fylkestinget ber om at klima- og folkehelseperspektivet, transport- og areal vert tema ved rullering av planen. Fylkesplanen 2005-08 går ikkje særleg inn på utfordringar som gjeld likeverd og folkehelse, og den tar heller ikkje opp klimautfordringane. Folkehelsearbeid og klima er no sett på dagsorden av fylkeskommunen og vil få større merksemd i tida som kjem. Andre saker: 42/08 Mål og strategiplan med handlingsplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2008 2011 Fylkestinget sluttar seg til Mål og strategiplan med handlingsplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2008 2011. Fylkestinget ber om at opplærings- og helseutvalet får framlagt løypemelding om handlingsplan for fag- og yrkesopplæringa 2008-2011 i løpet av 2010. 43/08 Forvaltningsrevisjonsrapport - Tilpassa opplæring, læringsmiljø og fråværsføring i vidaregåande skular i Hordaland Fylkestinget merkar seg at Deloitte i sin gjennomgang har peika på fleire forhold med Hordaland fylkeskommune sin praksis, som ikkje i tilstrekkeleg grad samsvarar med sentrale punkt i opplæringslova. På bakgrunn av dette ber fylkestinget fylkesrådmannen syta for å gjennomføre desse tiltaka: 1. Utarbeide eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene blir følgt, og sikre at det blir etablert eit system for avvik som fungerer. 2. Sikre at det blir utforma eit system for gjennomføring av verksemdsbaserte vurderingar som er felles for alle skulane. 3. Sikre at alle elevar, deriblant elevar med svake læreføresetnader og elevar med sterke læreføresetnader, får ei opplæring som er tilpassa deira evner og føresetnader. 4. Gjennomgå og presisere kva som ligg i omgrepa tilpassa opplæring og spesialundervisning, og sørgje for at det er kjent for lærarar ved skulane kva det inneber å ha rett på spesialundervisning.

5. Sikre at berre rektorar gjer vedtak om spesialundervisning, og at alle rektorar veit kva det inneber å fatte enkeltvedtak om spesialundervisning. 6. Sikre at kapittel 5 i opplæringslova, om spesialundervisning, blir følgt. 7. Sikre at ressursar til spesialundervisning blir fastsett på grunnlag av den einskilde elev sine behov og rettar, ikkje på grunnlag av økonomi og budsjettomsyn. 8. Hordaland fylkeskommune og dei einskilde skulane bør ha fokus på korleis spesialundervisning ved skulane kan gjennomførast, slik at ein i størst mogleg grad unngår stigmatisering av elevar som får spesialundervisning. 9. Utarbeida retningsliner/kriterium for vurderingar av pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg gruppestorleik. 10. Hordaland fylkeskommune og dei einskilde skulane må sørgje for at alle lærarar fører fråvær i sine timar. Vidare bør Hordaland fylkeskommune sikre at lærarar ved dei vidaregåande skulane har ei sams oppfatning av kva som skal reknast som ugyldig fråvær. 11. Ha ein dialog med rektorane ved dei vidaregåande skulane kring den økonomiske situasjonen ved skulane, deriblant konsekvensar av ny budsjettmodell, og om den økonomiske situasjonen gjer at elevane sin rett til tilpassa opplæring ikkje blir oppfylt. 12. Vedtaket vert sendt opplærings- og helseutvalet for vidare oppfølgjing. 44/08 Tertialrapport pr. 31. august 2008 rekneskapsprognose 1. Fylkestinget tek rekneskapsprognosen til orientering. 2. Fylkestinget vil be om at det årleg vert lagt fram sak om drifts- og vedlikehaldsstandarden på fylkesvegane. Saka skal mellom anna innehalde dei økonomiske konsekvensane av standardval og særleg konsekvensane av dei endringane som er tenkt gjennomførde i samband med utlysing av nye funksjonskontraktar. 49/08 Revisjon av museumsplan for Hordaland 1. Fylkestinget vedtek oppstart av ny fylkesdelplan for museum 2010-2015. 2. Opplegg for rullering av fylkesdelplan for museum vert som skissert i saka. 3. Fylkesdelplan for museum 2003-2008 gjeld til ny plan er vedteken. 4. Saksordførar for rullering av fylkesdelplan for museum skal oppnemnast av fylkestinget 14.-15.10.2008. Kultur- og ressursutvalet sitt forslag til saksordførar er Berit W. Eldøy.

5. Fylkesdelplan for museum vert finansiert gjennom fylkesplanprogrammet. 50/08 Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd - Behandlingsmåte og prosedyrar i fylkeskommunen 1. Fylkesrådmannen har ansvar for å organisere fylkeskommunens arbeid etter Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd. Alle saker som kjem inn under meldeplikta skal meldast til fylkesordføraren. 2. Eventuelle budsjettmessige konsekvensar må vurderast nærare når ein har fått meir erfaring med fylkeskommunens oppgåver etter lova. 3. Fylkestinget delegerer slike fullmakter etter Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) av 06.06.2008 nr. 84, med forskrifter: 3 Fylkesrådmannen har fullmakt til å ta i mot melding om nedlegging og be om meir informasjon. 5, 1. og 2. ledd Fylkesrådmannen har fullmakt til å kalla inn til møte og kartleggja og vurdera tiltak for vidare arbeid eller andre alternativ til å leggja ned bedrifta. 6 Fylkesrådmannen har fullmakt til å gjera unntak frå råderettsbanda. 7 Fylkesrådmannen kan påleggja den ansvarlege tvangsmulkt og setja frist for betaling. Fylkesutvalet har fullmakt til å redusera eller gje opp tvangsmulkta. 8 Fylkesrådmannen kan påleggja den ansvarlege lovbrotsgebyr. Fylkesutvalet har fullmakt til å redusera eller gje opp kravet om lovbrotsgebyr. Forskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr etter omstillingslova av 24.06.2008 nr. 713: 5, siste ledd Den fylkeskommunale klagenemnda er klageorgan. 6 Den fylkeskommunale klagenemnda er klageorgan.

4. Fylkesutvalet får framlagt årleg rapport om saksomfanget, handsaminga og resultatet av arbeidet. 51/08 Støttesenter mot Incest og seksuelle overgrep i Hordaland - spørsmål om fylkeskommunal representasjon i styret (Vedteke mot 8 (SV, RV, 2 Sp) røyster.) Fylkestinget ønskjer ikkje no å vera representert i styret for Støttesenter mot Incest i Hordaland. 52/08 Fylkesplan for Hordaland Lengjing av gjeldande plan 2005-2008 Fylkestinget vedtek at fylkesplanen for Hordaland 2005 2008 vert lengja inntil vidare, og minst ut 2009. Fylkestinget ber om at klima,- folkehelseperspektivet og transport og areal vert tema ved rullering av planen 53/08 Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012. Aktiv kvar dag Fylkestinget vedtar Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Aktiv kvar dag med mål, strategiar og tiltak. 55/08 Godtgjersle til folkevalde justering av satsane Fylkestinget godkjenner at godtgjerslene for politisk arbeid vert auka med 7,04 % pr. 1. mai 2008 og at utrekningsgrunnlaget for politiske verv vert fastsett til kr 692.000. (Vedteke mot 20 røyster (Ap, SV, RV).) SV og RV røysta for sitt eige forslag om at godtgjersla til folkevalde ikkje skal aukast i 2008. Forslaget fekk seks røyster (SV og RV) og fall. Arbeidarpartiet fremja forslag om at godtgjersla skulle aukast med 6,34 % (gjennomsnittleg årslønsvekst i KS-området) og at utrekningsgrunnlaget for politiske verv vert fastsett til kr 687 500. Forslaget fekk 14 røyster (Ap) og fall.