STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013



Like dokumenter
KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Frivilligpolitisk plattform

Forslag frå fylkesrådmannen

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SOGN driftig raus ekte

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kommunedelplan for oppvekst

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Frivilligpolitisk plattform

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Ål Venstre. Ål Venstre

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Innst. O. nr. 97. ( ) Innstilling til Odelstinget fra familie- og kulturkomiteen. Ot.prp. nr. 50 ( )

Handlingsprogram og økonomiplan

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Barnehageplan for Vinje kommune

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Tiltaksplan

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Program for. Sykkylven Venstre

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Resept for eit sunnare FørdeF

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

10/60-14/N-211//AMS

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Program for. Seljord Venstre

Strategiplan

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Friluftslivets år 2015

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Transkript:

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1

2

Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4 3.1 Rapportering...4 4. Mål...4 4.1 Mål i kommuneplan...4 4.2 Hovudmål for kulturområdet...4 4.3 Resultatmål...5 5. Strategiar og tiltak...6 Relevante vedlegg til planen Status for dei einskilde hovudområda innan sektoren Status Idrett og fysisk aktivitet Status Kunstverk i det offentlege rom Kommuneplan for Seljord kommune 2006-2021 1. Innleiing Sentrale myndigheiter har visjon om at Noreg skal vera ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kulturdimensjonen i alle delar av samfunnslivet. Kunst og andre kulturuttrykk har stor verdi i seg sjølv. Ei målretta satsing på kultur har samstundes stor innverknad på andre samfunnsområde som næringsutvikling og arbeidsplassar, integrering og inkludering, helse, læring og kreativitet. Dei siste tiåra har det skjedd grunnleggjande endringar i kulturlivet både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Globalisering fører til auka kulturelt mangfald, og dei kulturelle ytringsformene får eit sterkare internasjonalt preg. Det lokale og stadeigne knyter nye og overraskande samband med det regionale og internasjonale. Oppfatninga av den norske felleskulturen vert utfordra i eit samfunn som viser veksande grad av kulturell variasjon. Uttrykksmangfaldet veks, og publikum vert meir differensiert. Dette er endringar som òg verkar inn på kulturlivet i Seljord kommune. Eit samansett kulturliv prega av omfattande endringar stiller Seljord kommune overfor nye kulturpolitiske utfordringar. Tiltak og verkemiddel for å fremje lokalt og regionalt kulturliv må vurderast i høve til ein samansett kultursituasjon. Seljord kommune bør bruke økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for variert kulturverksemd. Døme på vellukka tiltak er Seljord kommunes kulturpris og kulturstipend. Løyvingsnivået bør vera tilstrekkeleg for å fremje og leggja til rette for eit «breitt spekter» av kulturverksemd, dvs. ein variasjon i kulturuttrykk og aktivitetar, som inkluderar alle delar av befolkninga i Seljord på tvers av geografi, økonomi, kjønn, alder, etnisitet og religiøse, sosiale og kulturelle skiljeliner. Dette inneber òg at kulturverksemda skal ta omsyn til personar med ulike former for funksjonshemmingar. Ikkje minst vil dette gjelda prinsippet om universell utforming av bygningar og lokale som skal nyttast til kulturføremål. 2. Planprosessen Kultur- og næringsutvalet oppnemnde i april 2008 ei arbeidsgruppe sett saman av to politikarar, representantar frå Seljord idrettsråd, Seljordspelet, Seljord kunstforening og ungdomslaga i kommunen. Kultursjefen/-koordinatoren har styrt arbeidet. Utvalet gjorde vedtak om å utvikle ein ny kulturplan for Seljord kommune. Ny kulturplan skulle fylgje same malen som næringsplanen. Målet var at ny kulturplan for perioden 2009 2013 skulle leggjast fram for kommunestyret i desember 2008. 3

3. Planperiode, revidering og evaluering Strategisk Kulturplan omfattar planperioden 2010-2013 (retta frå 2009 2012) og gjeld til kommunestyret reviderer planen. Planen skal minst reviderast ein gong per kommunestyreperiode. en har ansvaret for å setje i verk og fylgje opp mål, strategiar og tiltak i planen. Tiltaka (handlingsdelen) skal evaluerast ein gong i året. 3.1 Rapportering skal tiltaka i kulturplanen rapporterast til kommunestyret. Denne rapporteringa skal ta for seg måloppnåing i høve til planen, og utførast av kulturkoordinator saman med leiar av kultur- og næringsutvalet. 4. Mål 4.1 Mål i kommuneplan Seljord kommune skal vere eit samfunn i vekst og utvikling, som er bevisst kvalitetane sine og brukar dei for å styrkje lokalsamfunnet slik at kommunen blir ein endå betre stad å bu, arbeide og besøke. Aktuelle samfunnsmessige mål for kommunen: Seljord kommune skal vere ein god stad å bu i og vera ein attraktiv tilflyttingsstad. Aktuelle delmål Seljord kommune skal aktivt arbeide for å støtte opp om eit levande kulturtilbod for alle i kommunen. Seljord kommune skal vera med å vidareutvikle Seljord som arrangementsstad. Seljord kommune skal leggje til rette for gode fritids- og aktivitetstilbod. Seljord kommune skal leggje vekt på berekraftig utvikling. Seljord kommune skal vere eit populært reisemål og ein stoppestad for besøkande. Aktuelle delmål Seljord kommune skal i samarbeid med næringslivet koordinere aktivitetar innan reise- og næringsliv, kulturaktivitetar, uteliv og arrangement til eit heile. Seljord kommune skal arbeide for å skape levande og trivelege sentra. 4.2 Mål for kulturområdet Kommunen skal ta vare på dei rike kulturtradisjonane, vera ein aktiv bidragsytar i utvikling av kulturlivet og leggje til rette for nyskaping. gje kulturlivet best mogelege vilkår for drift og aktivitet, og skal arbeide aktivt med å utvikle samarbeid innanfor kunst- og kulturliv. leggje til rette for eit godt samarbeid mellom kulturaktørar og næringslivet i kommunen. satse på utvikling av arbeidsplassar innanfor kulturbaserte næringar. bidra til aktivitet, oppleving, kunst og kultur gjennom eksisterande kulturaktørar. gjennom sine tiltak stimulere til aktivitet og utvikling både for amatørar og det profesjonelle kulturlivet. 4

4.3 Resultatmål I løpet av planperioden skal dagens organisering av kultursektoren i kommunen vurderast for å sikre at organiseringa av tilsette gjev best mogeleg utnytting av ressursane, og gjev gode vilkår for samarbeid, kreativitet og utvikling. Kulturbasert næring er satsingsområde for kommunen, og ein vil gjennom ulike tiltak vera med på å stimulere satsingane. Dei gamle biblioteklokale i Seljord sentrum skal erstattast av nye. Arbeidet skal settast i gang i planperioden. Biblioteket si verksemd skal utviklast i samsvar med moderne krav til folkebibliotek. Seljord kommune skal auke innkjøp av bøker/media per innbyggar til gjennomsnittleg nivå for biblioteka i regionen, og auke besøkstal og utlån. - Innkjøp per innbyggar aukast frå 44,- til 67,- (2008-tal) - Besøkstal aukast frå 3,1 til 4 (2008-tal) Symjehallen er i ein slik tilstand at den må renoverast. Kommunen må gjennom plan for renovering sikre drift av hallen fram til 2019. Planlegging av nytt badeanlegg knytt til Granvin kulturhus, skal settast i gang i planperioden. Kommunen skal arbeide for auka aktivitet i Granvin kulturhus. Kommunen skal så langt mogeleg vera med på å sikre dei økonomiske rammene for kulturhusdrifta. Seljord kommune skal i planperioden bidra til at idrettslaga og andre aktørar kan tilby fysisk aktivitet av minst same omfang som i dag. Seljord kommune skal gjennom fokus på samspel betre dei fysiske og praktiske tilhøva for produksjon, formidling og oppleving av kunst på alle nivå. Det skal leggjast til rette for at kunstnarar kan ha sitt virke i kommunen. Kommunen skal bidra til at innsatsen i dei frivillige lag og organisasjonar kan koordinerast gjennom Seljord Frivillighetssentral. Kommunen skal i planperioden auke sin kompetanse på dei mange aktuelle tilskottsordningane, for å kunne nytte desse i styrking og utvikling av kultursektoren. Slik kompetanse er og eit viktig bidrag kommunen kan gje til det frivillige idrett og kulturlivet. 5

5. Strategiar og tiltak Strategi 1 Seljord kommune skal vera ein JA kommune. 1. Syte for god samordning av kommunal planlegging. 2. Ha effektiv, rask og positiv sakshandsaming. 3. Administrasjon og politisk leiing skal arbeide for å samordne og styrke kulturlivet og kulturnæringane. Strategi 2 Seljord kommune skal sikre tett samarbeid mellom næringsliv, kulturaktørar og kommune. 1. Administrasjonen tek initiativ til og deltek på relevante møte innan kultur og næring. 2. Administrasjon/politisk leiing besøker minst 10 eksisterande kulturverksemder per år, mellom anna verksemder med potensial for auka samarbeid. Ordførar Strategi 3 Seljord kommune skal ha god organisering av eigne tilsette innanfor kultursektoren og skal leggja til rette for at det frivillige kulturlivet enkelt kan finne gode samarbeidsformer med den kommunale kultursektoren. 1. I løpet av planperioden skal dagens organisering av en Oktober 2010 kultursektoren i kommunen vurderast. 2. Sørgje for at det vert utvikla ein kulturkalender for Kulturkoordinator 2010 kommunen. Rutinar for vedlikehald må inngå i utviklingsarbeidet. 3. Kulturforum skal utvidast til å gjelde alle Kulturkoordinator 2010 kulturaktørar i kommunen, etter mal for kulturnettverk og organisert innanfor paraplyen Telemark kulturnettverk. 4. Auke kompetansen på tilskottsordningar ein kan nytte Kulturkoordinator innanfor kulturlivet. 5. Samordne frivillig innsats i kulturlivet gjennom Seljord Frivillighetssentral. Kulturkoordinator 6

Strategi 4 Seljord kommune skal ha eit rikt og moderne bibliotektilbod. 1. Arbeid med flytting av hovudbibliotek frå gamle, dårlege lokale til nye lokale knytt til Granvin kulturhus skal settast i gang. 2. Gradvis auke av budsjett for innkjøp av bøker og media til gjennomsnittet i regionen. 3. Auke aktiviteten ved biblioteket, blant anna gjennom utstillingar, lesetips og boklister. Bibliotek 2015 4. Auke tal på arrangement med fokus på litteratur. Bibliotek 5. Betre skilting utanfor biblioteket. Teknisk sjef 2010 Strategi 5 Sikre drift av dagens symjehall fram til 2019. 1. Utarbeide tilstandsrapport av vitale delar. Administrativt Oktober 2010 2. Utarbeide vedlikehaldsplan. Teknisk sjef Oktober 2010 3. Søke spelemidlar for renovering av vitale delar. Kulturkoordinator Januar 2011 Strategi 6 Nytt badeanlegg ferdig 2018 2019. 1. Avklare politisk vilje, realisme og plassering. Desember 2010 2. Planleggje nytt anlegg med byggestart innan 2016. Utarbeide finansieringsplan. Oktober 2011 Strategi 7 Styrke Granvin kulturhus sin posisjon som regionalt kulturhus. 1. Arbeide for auka aktivitet i kulturhuset på dagtid og i helgene. Ved spørsmål om lokalisering av kulturaktivitetar skal ein vurdere Granvin kulturhus som eit alternativ. 2. Arbeide for at kulturhuset skal vera ein naturleg møteplass for alle kulturaktørar i heile kommunen. 3. Kommunen skal så langt mogeleg vera med på å sikre dei økonomiske rammene for kulturhusdrifta. Kulturkoordinator Kulturkoordinator 7

Strategi 8 Seljord kommune skal ha eit breitt tilbod av trim- og idrettsaktivitetar, både organisert idrett og andre tilbod. 1. Kommunen tek del i folkehelseprogrammet. I Folkehelsekoordinator planperioden skal folkehelseperspektivet vera overordna når ein legg til rette for aktivitet og opplysning. 2. Ferdigstilling av turveg i sentrum i regi av Seljord og sogene. Prosjekt Seljord og sogene 2011 Strategi 9 Kommunen skal gjennom fokus på samspel betre dei fysiske og praktiske tilhøva for produksjon, formidling og oppleving av kunst på alle nivå. 1. Nytte kunstfagleg kompetanse som den viktige ressursen den er, i samband med kommunal planlegging, prosjektarbeid knytt til kommunen og fysiske tiltak i kommunal regi. 2. Det skal leggjast til rette for at kunstnarar ynskjer å ha sitt virke i kommunen. 3. Gjennom prosjektet Seljord og sogene som vert gjennomført i planperioden er det planlagt fleire tiltak der kunst får plass i offentlege rom. 4. Seljord kommune skal halde vedlike kunstverk og skulpturar i kommunen. Status kunstverk i det offentlege rom, sjå vedlegg. Seljord og sogene 2010-2011 Kulturkoordinator Teknisk sjef 8