Internt notat. Frå: Til: FjellVAR AS, v/ dagleg leiar Bjarne Ulvestad Fjell kommune, v/ rådmann Steinar Nesse Dato: 06.10.2014 Notat vedkommande fastsetjing av VAR-gebyr for 2015. Saksopplysningar: FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast: 1. Gebyra for vatn, avløp, tøming av private slamavskiljarar og renovasjon får slik auke med verknad frå den 01.01.15: - Vatn 0,0 % - Avløp 3,0 % - Renovasjon 2,0 % - Tøming av private tankar/ slamavskiljar For tøming av slamavskiljar 1.323,00 kr/buening pr. år 1 For fritidsbustad 723,00 kr/bueining pr. år 2 1) For bueining med eigen slamavskiljar blir tømt anna kvart år. 2) Fritidsbustad og liknande blir tømt kvart 4. år 2. FjellVAR AS rår til at det blir eins tilknytingsgebyr ( vatn og avløp) for næringsbygg og bustader. Vatn Avlaup Næringsdel/bustader til og med 75 m 2 6.750,00 6.750,00 Næringsdel/bustader over 75 m 2 pr. m2 BRA 90,00 90,00 3. Når det gjeld betalingssatsane på gjenvinningsstasjonen, ser ein at enkelte leverer svært store mengder avfall, medan enkelte leverar små mengder avfall. FjellVAR vil difor rå til at det vert innført nye satsar der ein betalar pris pr. m³ mengde avfall. Dagens satsar for bil, tilhengar og varebil vert difor erstatta med pris pr. m³. Då vil ein få eit rettferdig prissystem ved at alle betalar lik pris pr. m³ mengde avfall, men der totalpris pr. lass vil vere avhengig av kor mykje avfall ein leverar. 1
Vedlegg: 1. Økonomiplan for vassforsyning, 2014 2019. Grunnlag for fastsetjing av vassgebyr, 2015. 2. Økonomiplan for avløp, 2014 2019. Grunnlag for fastsetjing av vassgebyr, 2015. 3. Økonomiplan for septiktøming, 2014 2019. Grunnlag for fastsetjing av gebyr for tøming av private slamavskiljarar, 2015. 4. Økonomiplan for renovasjon, 2014 2019. Grunnlag for fastsetjing av gebyr for renovasjon hos privathushald, 2015. Bakgrunn Det er kommunestyret som skal fastsetje storleiken på gebyra som FjellVAR sine kundar skal betale for å vere tilknytt det offentlege vass- og avløpsnettet, for å få tømt slamavskiljarane og for å få henta avfallet (privathushald). Desse tenestene skal drivast etter sjølvkostprinsippet, dvs. at inntekter og kostnader over tid skal gå i balanse. Før kommunestyret kan gjere vedtak om storleiken på gebyra, skal det leggjast fram et overslag over drifts-, vedlikehalds- og kapitalkostnader for dei nærmaste tre-fem åra for kvart av fagområda. Det skal også leggjast fram overslag over kor store beløp ein reknar med å få inn gjennom gebyra. I dette notatet vert det gjort greie for gebyrrekneskapen pr. 31.12.13, og det vert lagt fram forslag til økonomiplanar for dei fire aktuelle fagområda for perioden 2014 2019. Gebyrrekneskap pr. 31.12.13. I tabellen under er vist resultat frå kvart av dei aktuelle fagområda for 2013 og akkumulert balanse for fagområda for perioden 2003 2013 pr. 31.12.13. Årsresultat Balanse (2003 2013) Vassforsyning 2 625 543 9 969 929 Avløp 2 204 559-786 307 Tøming av private slamavskiljarar -382 182-896 963 Renovasjon 37 969 4 254 987 Sum 4 485 889 12 541 647 Detaljerte opplysningar om rekneskapane for kvart av åra i perioden 2003-2013 kan ein finne i FjellVAR sin årsrapport for 2013. Rapporten kan lastast ned frå FjellVAR si nettside, www.fjellvar.as. Prognose for FjellVAR sitt driftsresultat i 2014 FjellVAR har i 2014 budsjettert med eit underskot på 1,3 millionar kroner. Pr. 30.06.14 er det utarbeida ei prognose som viser eit overskot på omlag 3,5 millionar kroner som i all hovudsak kjem frå avløp. 2
I hovudsak skuldast dette positive avviket følgjande tilhøve: - Investeringane ligg litt etter i tid. - Fleire abonnentar enn budsjettert - Lågare rente enn anteke Handlingsprogram for vidare utbygging av vatn- og avløpsanlegga i Fjell kommune. Kommunestyret vedtok i møte den 01.09.11 ny kommunedelplan for vatn og avløp for perioden 2011 2022. Ein viktig del av planen er eit ambisiøst handlingsprogram for vidare utbygging av infrastruktur. Vi er no kome godt i gang med gjennomføringa av planen. Arbeid på følgjande prosjekt er heilt, eller langt på veg, fullført pr. 30.06.14: Syltøy, Lokøy og Flogøyna Vassleidning Skårane Ekren og Nese Vassleidnig på Nordvik erstatta med ny leidning Møvik Reinseanlegg Apalvågen Skule Vindenes Gard Ny leidning frå Skårane mot Vindenes kai Ny vassleidning Fjæreidepollen Samankopling Ågotnes Ny trykkaukestasjon Møvik Angeltveitsjøen (vass og avlaupsleidningar) Anleggsarbeid pågår på følgjande prosjekt: Bildøy vasshandsamingsanlegg Ny vassleidning frå Morland til Åttringen Ny leidning til Bildebakken høgdebasseng Ny vassleidning i turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen (del av prosjekt nytt høgdebasseng Burdalsfjellet) Oppgradering av dam Bildevatn, Hagardvatn og Signalvatn I løpet av det komande året reknar vi med å starte anleggsarbeid på følgjande prosjekt: Avløpssanering Solsvik (+ evt overtaking av Solsvik vassverk, då må det førast nye vassleidningar fram til Solsvik) Strakstiltak/kapasitetsauke Straume Nytt høgdebasseng Bjorøy Søre Bjorøy (avh. av godkjent utbyggingsavtale) Vassleidning til Kallestadvika Ebbesvik Øvre Snekkevik, etappe 1 (avh. av utbyggingsavtale) I tillegg kan det bli aktuelt med tiltak som ikkje er tatt med i kommunedelplanen, som til dømes: Vass- og avløpsleidningar i ny veg mellom Storskaret og Arefjord 3
Etter kvart som desse anlegga vert fullførte, vil ein gjennom gebyra måtte dekkje avskrivingar og renter på nye lån. Framlegg til endring av gebyrsatsar frå 2015 til 2019. Ettersom FjellVAR er eit sjølvstendig aksjeselskap, ligg det til styret i selskapet å vedta detaljert driftsbudsjett for selskapet for 2015. Selskapet sine inntekter er det likevel kommunestyret som bestemmer, gjennom å gjere vedtak om satsane for dei kommunale gebyra for 2015. Som grunnlag for kommunestyret si avgjerd knytt til fastsetjing av gebyrsatsar, skal det leggjast fram langtidsbudsjett for dei ulike fagområda. Slike langtidsbudsjett er vedlagt i vedlegg 1-4. Det er lagt til grunn ei jamn utvikling i gebyra dei komande åra. I tråd med tidlegare gitte signal, skal ein så langt råd er unngå kraftige hopp frå år til år. Balansen i sjølvkost-rekneskapen for kvart av dei fire gebyrområda skal så langt råd er svinge rundt null, dvs. at der over tid skal vere balanse mellom inntekter og kostnader. Ved utarbeiding av framlegg til budsjett er følgjande lagt til grunn: - Rente på lån 5,0 % - Tilknytingsgebyr er budsjettert til gjennomsnittet av utfakturerte gebyr i perioden 2009-2014. Dei samla tilknytingsgebyra varierer erfaringsmessig svært mykje frå år til år. - Lønsauke 3,0 % - Prisstigning 2,5 % - Talet på stillingar vil auke og er tatt omsyn til i langstidsbudsjettet Vass- og avløpsforsyning. Gebyra for tilknyting av næringsbygg har ikkje tatt omsyn til storleiken på bygget og har vore fast sidan 2003. For vatn har satsen vore 66.680,- og for avløp 67.280,-. For bustader har tilknytingsgebyra blitt fastsatt etter storleiken til bygget, 112 kr/m 2 (vatn) og 112 kr/m 2 (avløp) bustader over 60 m 2. Utgangspunktet er at dei same gebyrsatsane skal gjelde for alle eigedommar i kommunen. I forureiningsforskrifta 16-5 blir det gjeve opning for å differensiere gebyra på visse vilkår, til dømes der det kan dokumenteras at det er lågare kostnad med å forsyne eit område samanlikna med eit anna forsyningsområde. Det blir ikkje på generelt grunnlag gjeve opning for å krevje inn anna gebyr på næringsbygg enn gebyr for bustader innanfor same forsyningsområde. Tilknytingsgebyr (vatn) 2014 2015 Bustader 60 m 2 (Pr. m 2 BRA) 6.720,00 Bustader/næringsbygg 75 m 2 (Pr. m 2 BRA) 6.750,00 Pr. m 2 bruksareal bustader (BRA *) > 60 m 2 112,00 Pr. m 2 bruksareal bustad/næringsbygg(bra *) > 75 m 2 90,00 Næringsbygg, vatn 66.680,00 Næringsbygg, avløp 67.280,00 Same sats skal gjelde for avløp. 4
Ein legg ikkje opptil å auke tilknytingsgebyra totalt sett. For bustader vil tilknytingsgebyret bli redusert frå 112 kr/m 2 til 90 kr/m 2 for respektive avløp og vatn. For næringsbygg vil tilknytingsgebyra bli lågare for mindre bygg, og høgare for bygg større enn 740 m 2. Det har tidlegare vore ein fast sats for eksisterande bustader o. l. (6.720,-), men etter forskrifta bør også same sats gjelde for desse bustadene. FjellVAR tilrår at årsgebyra for vatn vert uendra for 2015. FjellVAR AS tilrår at det blir same tilknytingsavgift for næringsbygg og bustader, 90 kr/m 2 for respektive vatn og avløp. Vidare tilrår FjellVAR at årsgebyr for avløp aukast med 3 % for 2015. I vedlegg 1 er vist framlegg til økonomiplan for vassforsyning for perioden 2014 2019. I vedlegg 2 er vist framlegg til økonomiplan for avløp for perioden 2014 2019. Tømming av private slamavskiljarar. Slik forskrifta for vatn, avløp og renovasjon er utforma blir alle med eigen bueining ein del av spleiselaget innan VAR området. FjellVAR AS ønskjer at også einebustader med utleigeleilegheit får gebyr for kvar bueining. FjellVAR vil difor rå til at gebyr knytt til tøming av private slamavskiljarar pr. bueining kr. 1323,- inkl. mva. for 2015. Gebyr for slamtøming fritidsbustader kr. 723,- inkl. mva. 5
Renovasjon. Ved inngangen til 2014 hadde ein eit oppsamla overskot innafor fagfeltet renovasjon på kring 4,3 millionar kroner medan overskotet for 2013 var kr. 37.969,-. Prognosen for 2014 syner eit førebels underskot på 1.000.000,- kroner. Den generelle velstandsutviklinga i samfunnet fører til at det stadig vert produsert meir avfall. Trafikken på gjenbruksstasjonane aukar med om lag 4 % årleg. For å kunne kompensere for forventa auke i avfallsmengda og den generelle løns- og prisstiginga, bør gebyret aukast frå 2014 til 2015. FjellVAR vil difor rå til at gebyra knytt til renovasjon vert auka med 2 % frå 2014 til 2015. For 2015 gjeld følgjande satsar for levering frå hushalda til gjenvinningsstasjonen på Straume: Levering av avfall til gjenvinningsstasjon Pris pr. lass inkl. mva. (2014) mindre enn 1 m 3 50,- 50,- 1 m 3-2 m 3 100,- 100,- 2 m 3-3 m 3 150,- 150,- 3 m 3-4 m 3 200,- 200,- 4 m 3-6 m 3 300,- 350,- 6 m 3-8 m 3 400,- 750,- til 1.150,- 8 m³ - 10 m³ 500,- 1550,- til 1950,- Kvar m 3 over 10 m 3 100,- 400,- 1 ekstrasekk for restavfall: kr 40,- Sekkeprisen er inkludert kostnader for henting og handsaming av avfallet. Ekstrasekkar får ein kjøpt hos FjellVAR i Lonavegen 20. Straume, 06.10.2014 Bjarne Ulvestad Dagleg leiar, FjellVAR as 6