Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start
1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering. Begge barnehagane tek imot barn i frå heile kommunen. Me har lett tilgjengeleg turområde rundt barnehagane. Opningstider. Barnehagane er open måndag til fredag frå kl. 7.00-16.30( bortsett frå onsdag før skjærtorsdag, då me stenger kl.12) Barnehagane er stengd 2 veker om sommaren i veke,29.30. Personalet har fem planleggingsdagar i løpet av året. Barnehagane er då stengd. Planleggingsdagane reknast som den 5.ferieveka Barnegruppene. Barnehagane tek imot barn i alderen 0 til 6 år Vassloppa ( før Nordbygda bhg) Dråpeslottet 3 avdelinger for barn frå 0 til 3 år 2 avdelinger for barn frå 0 til 3 år 1 avdeling for barn frå 3 til 6 år 2 avdelinger for barn frå 3 til 6 år Gruppestorleik i begge barnehagane: 10 barn i alderen 0 til 3 år 20 barn i alderen 3 til 6 år. Me tilbyr plass to, tre, fire og fem dagar i veka. Bemanning. Grunnbemanninga er: Ein pedagogisk leiar + 25 % pedagog og to 100% stilling assistent/ pr. avdeling. Alle pedagogane har utdanning som førskulelærar. Mange av assistentane har lang fartstid i barnehage og nokre har i tillegg utdanning som barne og ungdomsarbeidar eller barnepleiar. Intern møteverksemd For å skapa eit best mogleg pedagogisk tilbod til barna, må personalet ha eit godt samarbeid og bruke tid til planlegging og vurdering. Av den grunn har kvar avdeling møte på dagtid. Barnehagen har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Oversikt over planleggingsdagar vert delt ut kvar haust.( sjå skuleruta på kommunen sine heimesider) Matordning. Dei som et frukost i barnehagen har med matpakke. Me lagar mat saman med barna midt på dagen. Me serverer brødmåltid, men nokre dagar har me kapasitet
til laga eit varmt måltid. Foreldra betalar ein fast sum kvar månad for lunsj og mjølk. Barna tek med ein frukt eller grønsak kvar dag som vert delt opp til felles servering ved formiddagsmåltidet og om ettermiddagen. Forsikring. Alle barna er forsikra når dei er i barnehagen, på veg til og frå barnehagen og på utflukter i regi av barnehagen. Lover og reglar som gjeld for verksemda Lov om barnehagar med forskrifter Rammeplanen for barnehagen gir retningsliner for innhaldet i barnehagen. Vedtekter for dei kommunale barnehagane (sjå kommunen sin heimeside) Arbeidsmiljølova, Forskrift om internkontroll. forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skular 2 Samarbeid foreldre/barnehage. For at barna skal få eit best mogleg utbytte av barnehageopphaldet er eit tett samarbeid mellom barnehage og heim ein føresetnad. Barnehagelova og rammeplan set rammer for samarbeidet mellom og barnehage og heimen. Foreldrerådet og Samarbeidsutval Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel leiar og nestleiar på fyrste møtet om hausten. Dette møtet vert kombinert med fyrste foreldremøte. Barnehagane har kvart sitt samarbeidsutval Representasjon er fordelt på følgjande måte: 2 foreldrerepresentantar, og 2 representantar for dei tilsette og ein representant frå eigar. Styrar har møte og talerett. I begge barnehagane legg me opp til varierte samarbeidsformer Dagleg kontakt ved levering og henting Foreldresamtale ein til to gonger i året eller etter trong Foreldrekaffi ein gong i halvåret Foreldremøte Arrangement i samband med jul og sommaravslutning Det er alltid høve til å ta kontakt viss ein har ønskje om fleire foreldresamtaler enn dei planlagde
Barnehagen har og eit særleg ansvar for å førebyggje vanskar og oppdage barn med særskilde behov. Eit nært og godt samarbeid mellom heim og barnehage er nøkkelen til å gi desse barn eit spesielt tilrettelagt tilbod 3 Pedagogisk program. Rammeplanen fastset at kvar barnehage skal ha ein årsplan som fortel korleis dei jobbar i høve emna i planen. I Samnanger har me ein felles generell del som gjeld for heile barnehageeininga. I tillegg lagar kvar barnehage sin plan. Felles visjon tufta på kommuneplanen er: Saman om ein god start! barn og vaksne skal arbeide saman for å skape ein god kvardag for alle involverte Saman skal vi gjere kvar dag til noko som er verd å ta med seg vidare Personalet må arbeide for : å skape gode relasjonar slik at alle vert sett og hørt vera omsorgsfull vaksne som set barna i fokus og tek dei på alvor ta omsyn til kvart barn sitt behov, men samtidig lære barn at dei er del av eit større fellesskap skape tryggleik og vera tydlege vaksne Vise kjærleg omsorg. humor og glede Fokusere på samarbeid mellom barnehage og heim
Læring Rammeplan legg til grunn eit heilskapleg læringssyn. Barn lærer av alt dei erfarer og opplever. Dei er kunnskapstørste lærelystne og nysgjerrige. Barnehagen skal støtte og gi eit godt grunnlag for livslang læring, og gi grunnleggande kunnskap på sentrale og aktuelle område Me skal leggje til rette for alle former for læring.her spelar leiken ein viktig rolle. Leik Leiken skal framleis ha ein viktig rolle i barnehagen. Leik har eigenverdi og gir barna kompetanse både språkleg og sosialt. Leiken er essensiell når det gjeld å etablere vennskap og gode relasjonar. Barnehagen skal legge fysisk og organisatorisk til rette for variert lek. Personalet må være tilgjengelig for barn ved å støtte, inspirere og oppmuntre barna i deres lek (Rammeplanen). Barnemedverknad FN sin barnekonvensjon ligg til grunn når barnehagelova pålegg oss å gi barna i barnehagen rett til å gi utrykk for sitt syn på barnehagen sin daglege verksemd. Dette gjeld alle aldersgrupper både store og små. Her må me ta i bruk barna sine mange utrykk både kroppshaldning, mimikk, kroppslege utrykk og ekspressive språk. Personalet er pliktige til å ta barn på alvor, visa respekt og ta omsyn til barnet sitt behov. Me må gå på jakt etter barneperspektivet. Observasjon og systematisk inn-henting av informasjon frå barna skal inngå i personalet sitt pedagogiske arbeid. Gjennomføring av barnemedverknad må tilpassast kvar barnegruppe. Difor må kvar barnehage lage sine rutinar for barnemedverknad.
4 Fokusområde for eininga Som følgje av politiske vedtak for Samnanger kommune 1 HANDLINGSPLAN FOR LESING/ LESELØFTET Fortsatt satsing på språk og språkutvikling Satsing på leseglede og utlån av bøker i barnehagen 2 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Satsing på førebyggjande arbeid mot mobbing Vennskap leik glede og humor Arbeid med sosial kompetanse 3 Kropp rørsle helse Sunn mat Fysisk aktivitet
Overgang barnehage skule Samnanger kommune har laga ein plan for overgang barnehage skule Det er ein føresetnad for ein trygg overgang at borna har høve til å verta kjent med borna dei skal gå i klasse med, og med den nye kontaktlæraren og skulen. Tid Tiltak Merknad Ansvar September Melda trong for spesialundervisning Oktober/ november Foreldremøte for alle føresette for nye 1.klassingane November Bhg besøkjer skulen. Vekt på leik/norsk/rim/rytme. Desember Fastsetja dato for førskuledag. Rektor får info om nosituasjon i høve trong for spes.undervisning. Lærarar på småtrinnet er med. Info til føresette om SFO Del ev i to grupper. Januar Førebuing innskriving Annonse innskriving. Brev heim til nye elevar Januar Bhg besøkjer skulen. Del ev i to grupper. Vekt på snøleik, ev matematikk Februar Innskriving på skulen. Info ut om: SFO -påmelding spesialundervisning Styrarar/rektor Barnehagane. Felles møte på Dråpeslottet bhg. Dråpeslottet bhg. Rektor SBS Ped konsulent Rektor Nordbygda bhg. Rektor SBS April Fastsetje kontaktlærar Rektor SBS April /mai Førskuledag Møta fadrane. Rektor/kontaktlærarar Mai Bhg besøkjer SFO + fadrane, lesestund. Juni Juni Juni Tarzanløype i Sætervika for alle bhg 1.klasse lærarar på besøk i bhg+overføringssamtale Førebuing til skulestart Bhg må levere ut overførings- skjema for bhg/skule. Gjeld berre bhg. Grilling. Personleg brev til kvar nye elev, m. skulerute og klasseliste. SFO-leiar SBS Gardsbarnehagen. Rektor SBS Klassestyrarar / rektor
Barnehagane har ein fast tur i mai / juni for alle 6 åringar for å verta kjend med klassekameratar. Dokumentasjon og vurdering Personalet vurderer og dokumenterer sitt arbeide for reflektere og utvikla eit godt læringsmiljø for barna. Rutinar: Emneplanen vert evaluert og referert på månadsplanane (her vil og barna/delta i prosessen). Me nyttar observasjon og forskjellig observasjonsmateriell. Barnesamtaler informasjon og evaluering saman med barna. Vurdering arbeidsmiljø / medarbeidarundersøking ein gong 2. kvart år Brukarundersøking for føresette ein gong 2. kvart år. Foreldresamtaler. Avdelingsmøta/personalmøte vert nytta til vurdering.