BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A OPPVEKSTSENTERETS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Forord Side 2 1. Kva er mobbing Side 3 2. Oppvekstsenterets arbeid for eit trygt barnehage og skulemiljø Side 5 3. Avdekking av mobbing Side 6 4. Korleis løyser vi mobbesaker? Side 7 5. Kontinuitet i arbeidet Side 8 6. Vaksenrolla Side 9 7. Foreldremedverknad Side 10 8. Rapportskjema mobbesaker Side 11 Planen er handsama i Samarbeidsutvalet.03.06.2014, personalmøte 27.03.2014 og lærerteam 03.03.2014. Denne handlingsplanen er utarbeida i medhald til rettleiar frå Utdanningsdirektoratet ( Arbeid mot mobbing ), opplæringslova 9a og rettleiar frå Senter for åtferdsforsking, Høgskulen i Stavanger. 1
Forord Målet med denne planen er å tydeleggjera oppvekstsenteret sitt ansvar i arbeid mot mobbing, slik at alle barn får oppleve ein trygg og forutsigbar barnehage og skulekvardag. Det er ein grunnleggjande menneskerettighet å ikkje bli utsett for mobbing og trakassering. Ingen elev skal trenge vera redde for å gå på skulen grunna mobbing, og ingen føresette skal trenge å bekymre seg for at barnet deira skal bli mobba. Mobbing er eit alvorleg problem i skulen. I fylgje Dan Olweus syner skuleundersøkingar at 17% av norske skuleborn er involvert i mobbing, ved at dei er utsett for mobbing eller mobbar sjølv. I tal vil dette seie at 75000 born er utsett for mobbing og 35000 elevar mobbar. Det herskar ingen tvil om at leiar og tilsette ved skulen har eit ansvar for å førebyggje og stoppe mobbing. I opplæringslova 9a 1 står det at:.alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring I arbeidet med å bygge eit godt og trygt læringsmiljø for alle, ynskjer me at både skule og heim skal leggje vekt på: At alle er med på å utvikle eit læringsmiljø som held høg kvalitet. At alle fylgjer nøye med på det som skjer ved skulen for å avdekkje mobbing. At alle bidreg til å løyse mobbesaker raskt. Å ha kontinuitet i arbeid mot mobbing og prioritere det høgt. Sigrun Kvamme, Rektor 2
1 Kva er mobbing? Mål: Oppvekstsenteret skal ha ei felles forståing og definisjon på kva mobbing er. I Elevundersøkinga er mobbing definera på fylgjande måte. Negativ eller ondsinna åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg med å forsvara seg. Erting gong på gong på ein ubehagleg måte er også mobbing. Dan Olweus har fylgjande definisjon: Vi snakkar om mobbing når ein eller fleire personar, gjentatte gonger og over ein viss tid, seier eller gjer vonde og ubehaglege ting mot nokon som har vanskar for å forsvare seg. Vi snakkar om tre tilhøve som kjenneteiknar mobbing: Ei handling som opplevast som negativt eller ondsinna av den som vert utsett for det. Handlinga må føregå over ei viss tid med dei same involverte. Det må vera ubalanse i styrketilhøvet mellom den som utsetjast for handlinga og den som utfører handlinga. Direkte mobbing: Forholdsvis opne angrep på offeret Indirekte mobbing: Sosial isolering og utestenging frå gruppa. Spreiing av rykte og løgner for å få andre til å misslike offeret. Meir skjulte angrep. Planen skal vera med på å sikre alle arenaer ved oppvekstsenteret Barnehage og skuleområde, ute og inne SFO Skulevegen Ekskursjonar 3
1 forts. Kva er mobbing? MOBBERINGEN: Elevars reaksjonsmåtar / roller i ein mobbesituasjon. Kjelde: Olweus Kven er med på mobbinga? 4
2 Oppvekstsenterets arbeid for eit trygt barnehage og skulemiljø Mål: Alle barn skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing både på skulen og i barnehagen Kva Kven Ansvar Elevsamtale 2 stk ( 3-11) Alle skuleelevane Kontaktlærar Foreldresamtalar 2 stk ( 20-3) Alle Kontaktlærar Foreldremøte 2 stk ( 20-3) Alle Lærerteam og Fau Lærerteam Alle lærere Rektor Personalmøte barnehagen Ansatte i barnehagen Ass. einingsleiar Felles personalmøte Alle Rektor og ass. einingleiar Ordensreglar ( 2-9) Alle Rektor Klassereglar Alle Kontaktlærar Fadderordning 1. 4. Kontaktlærarar Helsesamtaler 2. klasse Helsesyster «Zippy»-timar Alle Kontaktlærer Samlingar med bruk av materiell frå Steg for steg og Tras Alle (Barnehagen) Ped. leiar God leiing og kultur for læring på skulen. Læraren si evne til å leie klassar og grupper. Positiv relasjon mellom lærar og elev. Positive relasjonar og kultur for læring blant elevane. Godt samarbeid mellom skule og heim. Alle tilsette har ansvar for å førebyggje og stoppe mobbing. 5
3 Avdekking av mobbing Mål: Mobbing som føregår i og ved oppvekstsenteret vert avdekka Tilsyn i friminutt / ute Melding om mobbing frå tilsette, medelevar og føresette. Elevsamtaler Ved mistanke, intensivere Utviklingssamtalar observasjon. Foreldremøte Dersom nokon som er tilsett ved oppvekstsenteret får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. I veiledningen til denne loven blir det understreket at bestemmelsen handler om mer enn mobbing. Mobbing, vold, rasisme og diskriminering er bare eksempler på krenkjande ord eller handlingar. Loven gjelder også andre former for krenkende ord eller handlinger, slik som negative enkeltsående utsagn om en persons utseende, klær, tro, dialekt osv. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, ng, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. 6
4 Korleis løyser vi mobbesaker? Mål: Oppvekstsenteret tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette gjer ein på måtar som ivaretek begge partar, og i neste omgang førebyggjer. Oppvekstsenteret skal vera mobbefri. For å klare dette er det viktig at saker som oppstår, vert løyst raskt. Den som oppdagar mobbing eller at elevar er utsatt for krenjande ord eller handlingar, skal melde dette til rektor snarast. Ein skal bruke Skjemaet: «Varsling om krenkjande ord og handlingar som mobbing, diskriminering, vald, rasisme eller ammam krenkjande åtferd». Ein tilrår også at rektor deltek saman med dei tilsette for å løyse saka.». Undersøkingar og observasjonar for å skaffe informasjon. Ansvar: Alle Møte mellom aktuelle tilsette, kontaktlærer og rektor for å avklare kven som gjer kva vidare i prosessen. - Samtaler - Dokumentasjon - Oppfølging - Evnt. meir kartlegging Samtalar med den som er blitt plaga, for å skaffe informasjon og gje støtte. Samtale med den / dei som har utført handlingane Ansvar: Kontaktlærar Samtale med foreldra til den som er blitt mobba. Ansvar: Kontaktlærar Samtale med foreldra til den/dei som har utført handlingane. Ansvar: Kontaktlærar/rektor Problemløysningssamtale - Ein og ein - Sei kva ein veit om situasjonen - Forbode i.m.t 9A - Elevens versjon ( Vil legitimere) - Eleven må fortelje kva han / ho har tenkt å gjere. Og forplikte seg til positiv åtferd Øydeleggje suksessfaktorane Samtale med foreldra til mobbaren kvar for seg. Dersom foreldra ynskjer det, kan ein snakke med fleire samtidig. Ikkje la foreldra sjølv ordne opp i elevgruppa. Einskildvedtak. Rektor avgjer om det skal gjerast einskildvedtak når ein har oppdaga mobbing. Foreldre kan og be skulen gjera noko. Då må rektor fatte eit einskildvedtak. Rektor handterer og videresender ei eventuell klagesak frå eleven eller foreldre. Ansvar: Rektor Sanksjonar og dokumentasjon. Setje inn sanksjonar andsynes mobberar dersom det er naudsynt. Ein skal alltid dokumentere (eige skjema) Oppfølging. Mobbesituasjonar må fylgjast til han stoppar heilt. Etter ei tid kan det vera gunstig å ha ei samtale mellom den som vert plaga, og mobbaren. Ein må ikkje gjera dette for tidleg, då det kan ta tid og koma over alvorlege krenkingar. Skulen kan søke råd og hjelp om nødvendig. Ein kan nytte tilgjengeleg ekspertise som til dømes PP tenesta og helsestasjon. Ein kan også kontakte Statped dersom det lokale apparatet treng assistanse. 7
Ansvar: Kontaktlærar/rektor 5 Kontinuitet i arbeidet Mål: Oppvekstsenteret skal arbeide kontinuerleg med arbeidet mot mobbing Gjennomgang og revisjon av planen Tid Kva Ansvar September Gjennomgang og evnt. revisjon av planen i personalet. Rektor September Gjennomgang av planen i klassane Kontaktlærar September Oktober Gjennomgang av planen på foreldremøte Gjennomgang og diskusjon om planen i elevrådet Kontaktlærar Kontaktlærar elevråd Okt/nov Orientere FaU og SU om planen Rektor 8
6 Vaksen rolla. Mål: Dei vaksne skal ha ei aktiv rolle i førebygging og oppdaging av mobbetilfelle Dersom ein mobbar veit at hans åtferd bestandig vil bli avdekka, og vil møte med forutsigbare konsekvensar, vil han slutte med krenkande åtferd. Barn kan ofte fortsette å mobbe i forvissing om at vaksen ikkje vil få vite om det, overser det eller ikkje gripe godt fatt i det. Mål: Elevar skal ikkje oppleve mobbing eller trakassering frå dei vaksne ved skulen. Elevundersøkinga syner at elevar ved skular i Noreg opplever å bli mobba av læraren sin. Vert det oppdaga at ein vaksen ved skulen, med ord eller handlingar, mobbar eller trakasserar ein einskildelev eller ei gruppe elevar, er dette svært alvorleg. Rektor har personalansvaret for dei tilsette og er ansvarleg for å følgje opp alle klager. Slike saker vert handsama som personalsaker. 9
7 Foreldremedverknad. Mål: Oppvekstsenteret har eit ope og aktivt samarbeid med føresette som gruppe. Mobbing er tema på foreldremøte kvar haust i alle klassar (Handlingsplan mot mobbing) Foreldre skipar til trivselsarrangement. Fau og Su vert orientert om planen kvar haust Døme på tiltak for mobbar: Ein elev, på grunn av sin åtferd, har fått innskrenking av sin fridom i form av friminutt til andre tider eller gå i fylgje med ein vaksen. Dette har skulen bestemt saman med elevens føresette. Ein elev, vil etter dette, som hovudregel ikkje fortsette med si krenkjande åtferd. Bygge gode relasjonar i fredstid er av vesentleg betyding når ein skal samarbeide og bli samde om tiltak i ein vanskeleg situasjon. 10
8 BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A Rapportskjema - mobbesaker Namn på barn som vert mobba/plaga Forundersøking og observasjon ( kva har hendt ) Møte mellom aktuelle tilsette og rektor avklaringar (Dato og kven gjer kva vidare ) Samtale med offer Problemlysningsamtale med mobbar Mobbars forpliktelsar til positiv åtferd Kontakt føresette ( mobbar og offer) Underskrifter Vurdering av saka ved semesterets slutt Dato: Ansv. Person: Rektor 11 Skjemaet skal lagrast i eiga mappe i arkivskåp
9 BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A Rapportskjema alvorlege eingongshøve Namn på barn som vert plaga Skildring av hendinga/observasjon. Få med konkrete detaljer, Møte mellom aktuelle tilsette, kontaktlærer og rektor avklaringar (Dato og kven gjer kva vidare ) Samtale med offer Problemlysningsamtale med plagar Kontakt føresette ( mobbar og offer) 12 Underskrifter Dato: Ansv. Person: Rektor Skjemaet skal lagrast i eiga mappe i arkivskåp