Gunnar trena seg frisk frå diabetes



Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Med god informasjon i bagasjen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Informasjon til pasientar og pårørande

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Info til barn og unge

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

God barndom = god helse i vaksen alder?

Om vestibularisnevritt

BARNEVERNET. Til beste for barnet

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Brukarrettleiing. epolitiker

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

Strategiplan for Apoteka Vest HF

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?


Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

1. Mål med samhandlingsreforma

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

mmm...med SMAK på timeplanen

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Om å høyre meir enn dei fleste

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Informasjon til elevane

Balanselaboratoriet BALANSELABORATORIET

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

Med tre spesialitetar i kofferten

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Kva er økologisk matproduksjon?

6-åringar på skuleveg

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Transkript:

Unngå helseangst på nettet 10 Kaotisk familieliv? 21 Det er hjelp å få Juni rogaland / hordaland / Sogn og fjordane Gunnar trena seg frisk frå diabetes 12

DETTE ER DIN HELSEREGION Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har cirka 28 000 medarbeidarar, omfattar rundt 50 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til 1 million innbyggjarar. Budsjettet er på ca 18 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger. Ein gong per år sender vi Helse i vest til alle husstandar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Også denne gongen har vi artiklar som vi meiner er interessante og nyttige for innbyggjarane. Eg håper du er einig i det. Samhandling er stikkordet i helse-noreg. Korleis skal vi sikre oss at dei ulike sjukehusa, avdelingane, nivåa og personane snakkar saman slik at pasienten får eit enda betre tilbod? Med dei utfordringane som ligg framfor oss, med betydeleg større behov for helsetenester, er det viktig med ein skikkeleg gjennomgang av dagens organisering av tilbodet. Ein engasjert helseminister har peika på utfordringane og kjem med ei melding til Stortinget no i juni. Der blir mykje av kursen for det framtidige helsetilbodet staka ut. Både for spesialisthelsetenesta og for kommunane kjem det endringar. Vi gler oss over at pasienten får ei tydelegare sentrumsrolle i helsetilbodet. Mange prosjekt og initiativ er for lengst i gong no gjeld det å byggje vidare på dei gode erfaringane. Samhandling Foto: Kjetil Alsvik Kor godt tek du vare på deg sjølv og helsa di? Svara er ulike, men ein ting er sikkert: Du sjølv er den som best kan passe på at du held deg i form og at maten du et er sunn og god. Du treng ikkje bli maratonløpar eller treningsfanatikar for å ha effekt av trening. Ein rask spasertur kvar dag gir deg helsegevinst dersom du i dag gjer lite og ingenting. Bjørg Sandal Kommunikasjonsdirektør, Helse Vest Gunnar Johansen trena seg frisk frå diabetes type 2. Han er eit godt eksempel på at alt er mogleg. Gunnar tok hovudansvaret og fekk eit nytt liv. Helsa vår er noko av det viktigaste vi har og helsa skal vare heile livet. I denne utgåva skrive vi om alkoholbruk og forsking kring korleis alkohol kan påverke sjukdomssituasjonen. Spennande lesing og til ettertanke for mange. For tala viser tydeleg at vi som nasjon drikk stadig meir alkohol. Mange pasientar lurer på kva rettane deira er. Vi skriv om noko av det vi trur er mest nyttig for deg å vite. Forsommaren er fantastisk, med varmare vêr, blomar i hagen og mykje meir uteliv. Ei fantastisk god årstid til å røre meir på oss og til å vere meir sosiale over hagegjerdet. Enno har dei fleste ferien å sjå fram til. Vi i Helse Vest sender deg dei aller beste ønskje om ein strålande og god sommar.

Helse i vest, juni Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør) Camilla Loddervik (redaktør) Kristin Henanger Haugen Elisabeth Huse Utforming og tilrettelegging Oktan Alfa AS Forsidefoto: Monica Larsen Trykkeri Grafisk Trykk AS Opplag ca 410.000 Redaksjonen avslutta 19. mai Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til info@helse-vest.no Helse Vest og nynorsk Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har difor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk. helse i vest Juni 4 Unngå å bli ein cyberhypokonder Fritt sjukehusval 10 Raskare frisk med fritt sjukehusval 4 12 Trena seg frisk Dine rettar som pasient 6 Samhandlingsreforma 9 Slik unngår du å bli ein cyberhypokonder 10 Trena seg frisk frå diabetes 12 Den klassiske rusmisbrukaren finst ikkje 16 Forskar på beinbrot og alkohol 18 Hjelp mot åtferdsvanskar 21 TEMA Rus 16 3

Fritt sjukehusval Kva har du på kneet, Camilla? Tekst Camilla Loddervik foto Monica Larsen Tre år gamle Amandus ser forundra ned på kneet til førskulelærar Camilla Hansen. Eit stort arr strekk seg frå kneskåla og ned over leggbeinet. Det er ein tusenbein, ser du ikkje det, svarer Oda. Den har nitten, tjue, tjueein, tjueto bein, ler Mia. B arna i barnehagen Hannes Lekestue på Tasta er fascinerte av kneet til Camilla Hansen. Lite veit dei om at nettopp dette kneet har volda Camilla så store problem at ho nesten blei tvungen til å vurdere stillinga si som førskulelærar, då smertene blei for store. Det kom som eit sjokk for meg då eg etter ein operasjon blei oppmoda til å vurdere omskulering. Det er noko eg aldri kunne tenkje meg. Eg elskar jobben min, og hadde aldri drøymt om at knea mine skulle leggje band på kva eg kan gjere, seier Camilla Hansen. Nesten så lenge som ho kan hugse, har ho vore plaga med smerter i knea. Smertene skuldast ein til dels medfødd ubalanse mellom kneskåla og kneskjelet, der leddet ikkje får bevege seg slik det skal. For ei aktiv jente som Camilla, og med ein jobb der barna krev sitt, fører det til at knea til stadigheit låser seg, og blir hovne og verkjande. Raskare behandling med fritt sjukehusval Sidan 1999 har ho vore til fleire undersøkingar og har også operert fleire gonger. Då det etter ei MR-undersøking no i vinter, blei gjort eit funn som kravde nærare utgreiing, var ikkje Camilla vanskeleg å be. Illustrasjonsfoto: Shutterstock Eg må innrømme at eg er litt pysete av meg, og at tanken på ein operasjon ikkje freistar. Men knea skal jo vare heile livet. Berre det å kunne sleppe å tenkje på dei lenger, vil vere ei frigjering. Camilla har tidlegare nytta seg av tilbodet om fritt sjukehusval, 4 og då fastlegen sjekka ventetidene og konstaterte at det var betydeleg kortare ventetid på Kysthospitalet i Hagevik enn på Stavanger Universitetssjukehus, var ho ikkje i tvil. For meg er det uinteressant kor eg blir behandla. Kompetanse har dei jo overalt. Då ser eg ingen grunn til å vente i 44 veker på konsultasjon når ein ved eit anna sjukehus kan få eit tilbod allereie etter 4-6 veker. Positiv til ordninga Eg trur mange, spesielt eldre, kvir seg for å bli behandla ved eit anna sjukehus fordi dei tenkjer at det er så mykje styr. Men mi erfaring er at det er svært så lett. Alt blir ordna for ein, og ein blir kjempegodt teken hand om etter operasjonen. Å velje eit anna sjukehus er uproblematisk trass i lange avstandar, fortel Camilla. For nokre veker sidan var ho til konsultasjon på Kysthospitalet i Hagevik. Der konstaterte kirurgen at det er gode sjansar for at ho, med ein siste operasjon, vil bli heilt god i kneet. Eg er kjempespent. Dersom operasjonen er vellykka, vil dei truleg operere det andre kneet også. Det vil jo vere heilt fantastisk, for det betyr jo at eg kan få fortsetje i jobben min, ler Camilla. Skal du få ein tusenbein på det andre kneet også? spør fire år gamle Marius forundra. Barna ser spørjande på Camilla med store auge. Før ho rekk å svare, ser dei på kvarandre og bestemmer seg for at det i så fall berre er bra. For då blir jo dei to knea like.

Foto: Monica Larsen For meg er det uinteressant kor eg blir behandla. Kompetanse har dei jo overalt. Lei av å vente? Barna i barnehagen Hannes lekestue studerer kneet til førskulelerar Camilla Hansen. Frå venstre Mia Løver Eriksen (6), Oda Lunde Oppheim (6), Amandus S. Klungtveit (3) og Marius Bjørk Rosengren (4). kehuskø kan Dersom du står du i sju ar Liv Torunn elp thj ien pas til du ringje dine spørsmål på Rundhovde. Ho svarar gar mellom rda kva 5 00 41 på telefon 800 deg praktisk klokka 9 og 15. Ho kan gi tleiing. Kanskje du og individuell hjelp og ret kare behandling? ras om også kan få tilbod 5

Er du sjukmeldt? Ordninga Raskare tilbake er eit tilbod som skal få sjukmelde arbeidstakarar raskare tilbake i jobb. Sjukmelde arbeidstakarar får tilbod om raskare behandling i spesialisthelsetenesta via fastlegen, manuellterapeut eller kiropraktor, eller individuell oppfølging, avklaring og arbeidsretta rehabilitering gjennom NAV. Les meir på www.nav.no/raskaretilbake Slik vel du sjukehus 1 Når du blir tilvist til eit sjukehus frå fastlegen din, har du rett til å velje kva sjukehus tilvisinga skal sendast til. 2 Dersom du allereie er tilvist til eit sjukehus, kan du be om at tilvisinga di blir sendt til eit anna sjukehus. 3 Når du er hos fastlegen din, kan du spørje om fritt sjukehusval. Fastlegen har plikt til å gi deg nødvendig informasjon for å sikre dine rettar. 4 Du kan ringe gratis grønt telefonnummer 800 41 004 eller besøk nettstaden www.frittsykehusvalg.no for å finne ut meir om dine rettar til å velje sjukehus. 5 Du kan og kontakte Helse Vest sin pasienthjelpar, Liv Torunn Rundhovde, på telefon 800 41 005. Vanskeleg å finne fram i helsetenesta? Liv torunn Rundhovde Pasienthjelpar Helse Vest 6 e r k o n r Her e v Rett til å velje sjukehus Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus. v Rett til vurdering og frist Alle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 verkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha rett til nødvendig helsehjelp skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast. Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering. Opplever du at det til tider kan vere vanskeleg å orientere seg i sjukehussystemet? Då er du ikkje åleine. Hos pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde i Helse Vest, får du informasjon, personleg oppfølging og praktisk hjelp til korleis å finne fram i sjukehussystemet. Tekst Camilla Loddervik Som pasienthjelpar hjelper eg pasientar, pårørande, legar og sjukehus med råd og rettleiing om korleis dei skal finne fram i eit til tider uoversiktleg og komplisert system. I tillegg til å hjelpe med den praktiske gjennomføringa når du vil velje sjukehus, kan eg mellom anna gi informasjon om ventetider, hjelpe med å forstå

as str Illu o: sfot jon tock tters Shu : t n e i s a p m o s e n i d e n a t t e av r v Rett til informasjon Pasienten skal informerast om han eller ho er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane han eller ho har ved brot på fristen og om retten til å klage. v Rett til behandling Nokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig behandling. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa må vente noko lenger på behandling. brev ein har fått frå sjukehusa, informere om pasientrettar, transport og frist og fristbrot. Kortare ventetid betre service I snart to år har Liv Torunn Rundhovde, som er sjukepleiar, svart på praktiske spørsmål og gitt råd og rettleiing til pasientar. Berre i 2008 fekk over 2300 personar svar frå Liv Torunn. v Rett til å klage Pasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje, og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått. Det er Helsetilsynet (www.helsetilsynet.no) som er klageinstans dersom rettane i lova ikkje blir oppfylde. Pasientombodet (www.pasientombudet.no ) kan også hjelpe. Dersom du treng meir informasjon, ring gratis nummer til fritt sjukehusval 800 41 004 eller sjekk nettstaden www.frittsykehusvalg.no. Du kan og kontakte Helse Vest sin pasienthjelpar, Liv Torunn Rundhovde, på telefon 800 41 005. Som pasienthjelpar kan eg ikkje gi pasientane høgare prioritering i sjukehuskøen dei alt står i, men eg kan undersøkje om andre har kortare ventetid slik at pasienten kan få behandling raskare, seier Rundhovde. Kontakt pasienthjelparen Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen kvardagar mellom klokka 09.00-15.00. Det er ikkje alt eg kan svare på med ein gong, men Ring gratis eg kan undersøkje saka og eventuelt hjelpe med telefonnummer til rett instans, seier Rundhovde. Fritt sjukehusval Som pasient har du i Noreg rett til fritt sjukehusval. Det betyr at du fritt kan velje å bli behandla vet eit anna sjukehus. Ring gratis 800 41 005 e-post: pasienthjelp@helse-vest.no Les meir om denne ordninga på www.pasienthjelp.no 7

Nytt telefonnummer 05515 for bestilling av pasientreiser Di lokale eining for pasientreiser har fått nytt telefonnummer. Det nye nummeret er 05515, og er ei nasjonal teneste for pasientreiser. Tekst Camilla Loddervik foto Kjetil Alsvik P å 05515 kan du bestille, bekrefte og endre reiser når det er skrive ut rekvisisjon for ei tilrettelagt pasientreise. Tenesta kostar 0,39 øre per minutt frå fasttelefon. For mobiltelefon gjeld eigne satsar som er fastsett av mobiloperatøren. Reiser du med rekvisisjon, skal all transport bestillast via telefontenesta 05515. Nye rutinar for refusjon av reiseutgifter Frå 1. januar 2010 overtek dei regionale helseføretaka ansvaret for pasientreiser, inkludert enkeltoppgjer, reiseplanlegging og informasjonstenester. Du kan då ikkje lenger oppsøkje NAV for å få refundert utlegg i samband med ei pasientreise, men må fremje krav til Helseforetakenes senter for pasientreiser ANS. Dette gjer du ved å fylle ut ei reiserekning. 8 For å gjere overgangen så smidig som mogleg har NAV no teke i bruk eit liknande reiserekningsskjema. Dette for at du som pasient skal få praktisk hjelp og rettleiing i ein overgangsperiode. Skjemaet som NAV bruker, er litt ulikt det som helseføretaka skal bruke. Årsaka er ulike saksbehandlingssystem ved NAV og hos helseføretaka. Når helseføretaka overtek oppgåvene kan du få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å ringje pasientreisetelefonen 05515. I tillegg til pasientreisetelefonen og nettstaden www.pasientreiser.no, vil du kunne få informasjon om pasientreiser ved helseføretaka. Informasjonsmateriell om pasientreiser blir sendt til alle behandlarar i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, NAV og transportørar. I Helseregion Vest vil det nye reiserek- ningsskjemaet bli gradvis teke i bruk frå 5. november. Dette for å sikre at overgangen går så smidig som mogleg, både for deg som pasient og for dei tilsette ved einingane for pasientreiser. Først ut til å ta i bruk det nye skjemaet er Helse Fonna, deretter Helse Stavanger, Helse Bergen og til slutt Helse Førde. Pasienten i sentrum I utviklinga av det nye skjemaet har vi forsøkt å ivareta dei mange og ulike behova pasientane har. Det har blitt innhenta erfaringar frå saksbehandlarar i NAV, Språkrådet og brukarrepresentantar. I tillegg er det gjennomført ei rekkje brukartestar der blant anna brukarutvalet i Helse Vest har vore inkludert. Dei mange og nyttige tilbakemeldingane gjer at skjemaet er enkelt og brukarvennleg.

Samhandlingsreforma Vil flytte pasientar frå sjukehusa til kommunane Illustrasjonsfoto: Shutterstock Betre helsetenester til pasientane er utgangspunktet for Samhandlingsreforma til helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen. Det inneber ei flytting av pasientar og pengar frå sjukehusa og ut i kommunane. Tekst Elisabeth Huse helsearbeid, behandling og oppfølging av kronisk sjuke og eldre. Det inneber at helsetilbod skal flyttast frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta. Bjarne Håkon Hanssen Helse- og omsorgsminister P asientane taper på at samhandlinga mellom sjukehusa og kommunane ikkje er god nok. Det er ikkje vond vilje, men systemet som sviktar, seier Bjarne Håkon Hanssen. Han viser til at det norske helsebudsjettet har auka frå 135 milliardar i 2002 til 195 milliardar i 2008. Vi bruker mest pengar på helsesektoren i heile verda, men er vi best? Det blir brukt dobbelt så mykje på sjukehus i dag som for sju år sidan, men sjukehusa har ikkje blitt dobbelt så gode. Fleire helsetenester lokalt Samhandlingsreforma blir lagt fram som stortingsmelding no i juni. Målet med reforma er at meir av helsetenestene skal skje nærmare der pasienten bur. Innbyggjarane skal få fleire spesialiserte helsetenester lokalt, både når det gjeld førebyggjande Skal vi få til betre helsetenester, må meir av behandlinga flyttast ut i kommunane. Men dei fleste kommunar er for små til å kunne ta på seg ansvaret åleine. Samhandlingsreforma vil krevje at kommunane arbeider tettare i lag, seier helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen. Viktig kommunesamarbeid Han kallar samhandlingsreforma for ei gedigen kommunehelsetenestereform, og utfordrar kommunepolitikarane til å tenkje nytt saman med nabokommunane. Når halvparten av alle norske kommunar har færre enn 5000 innbyggjarar, seier det seg sjølv at mange ikkje har ressursar til å byggje opp slike spesialiserte tilbod. Difor ønskjer vi at kommunane etablerer forpliktande og nære samarbeidsformer innan helseområdet, seier Bjarne Håkon Hanssen. I dag er det mange pasientar som blir lagt inn på sjukehus som kunne fått eit alternativt tilbod i kommunehelsetenesta. Dersom kompetansen og kapasiteten hadde vore tilrettelagt, kunne mange av desse pasientane fått tilbod for eksempel ved ein forsterka sjukeheim. Med bakgrunn i ulike studiar, viser berekningar for eksempel at 400 000 liggjedøgn ved norske sjukehus i fjor kunne vore sparte. Det utgjer 10 prosent av alle liggjedøgn ved somatiske sjukehus i 2007. Desse 400 000 liggjedøgna kosta 800 millionar kroner i 2007. Må bruke pengane riktig Desse 800 millionane kunne i staden vore brukt til andre gode føremål i helsetenesta. Kommunehelsetenesta kunne blitt styrkja slik at ein kunne tilby gode, tilrettelagte tilbod på rett nivå. Det er viktig å yte rett teneste på rett nivå. Vi har hatt ein fordummande helsedebatt i Noreg. Den har handla om å løyve meir og meir pengar. I dag bruker vi mykje pengar feil i HelseNoreg. Svaret på problema er ikkje å bruke endå meir på feil måte. Svaret er å bruke dei pengane ein har riktig, seier Hanssen. Han framhever at det er pasientane som blir taparane, og då særleg sjuke eldre, kronisk sjuke, psykisk sjuke og rusmiddel avhengige. Ruspasientar kan klare seg bra på døgninstitusjonar langt uti skogen, men når dei kjem tilbake til kvardagen klarer dei seg ofte ikkje. Dette er ein systemfeil, vi treng fleire heilskaplege behandlingstilbod som gjer folk i stand til å leve med problema sine. 9

Slik unngår du å bli ein cyberhypokonder Har du opplevd at vondt i brystet har blitt til frykt for blodpropp eller hjarteinfarkt etter at du har søkt på nettet? Vi hjelper deg med å halde tunga beint i munnen i informasjonsmangfaldet på internett. Tekst Camilla Loddervik S tadig fleire nordmenn søkjer helserelatert informasjon på internett. I ei undersøking gjennomført av Nasjonalt senter for telemedisin i Tromsø, svarer sju av ti nettbrukarar at dei har nytta helsetenester på internett. Undersøkinga omfattar nesten 15 000 personar i Noreg, Danmark, Tyskland, Polen, Hellas, Portugal og Latvia, og viser at danskar og nordmenn er blant dei flittigaste brukarane av e-helsetenester. Undersøkinga viser også at det er yngre, velutdanna og kvinner som oftast tyr til internett for å finne helseinformasjon. Den vanlegaste årsaka til at ein gjer helserelaterte søk på internett er for å skaffe seg informasjon. Den nest viktigaste årsaka, er for å avgjere om ein skal oppsøkje lege eller for å førebu seg til legebesøk, seier Hege K. Andreassen ved Nasjonalt senter for telemedisin, som står bak undersøkinga. Når vondt blir verre Men med all informasjonen som er tilgjengeleg på internett er det ikkje alltid enkelt å navigere. Ei undersøking frå Microsoft viser at sjølvdiagnosar via søkjemotorar på nettet ofte ender med at ein konkluderer med det verste. Eit kjapt søk på brystsmerter på internett gir 32 200 treff, og ein blir raskt leidd til tema som angina pectoris, betennelse i hjarta, hjarteinfarkt, utposing på hovudpulsåra, lungesjukdommar som blodpropp i lunga og kronisk obstruktiv lungesjukdom. Då er det ikkje rart at ein raskt kan tenkje det verste, trass i at brystsmerter oftast skuldast meir ufarlege ting som muskelsmerter, stress og spenningar i kroppen. Det er denne auka bekymringa for å feile noko etter eit nettsøk, som blir omtalt som cyberhypocondria. Unngå katastrofesøk Ingvard Wilhelmsen er professor med hypokonderi som spesialfelt, og driv hypokonderklinikken ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen. Han meiner innstillinga ein har i førekant av eit nettsøk er avgjerande for kva slags informasjon ein tek innover seg. Dersom ein har generell frykt for å feile noko alvorleg før ein set seg ned ved datamaskina, ja, då vil ein sannsynlegvis ha ein tendens til å gjere katastrofesøk, seier Wilhelmsen. Han meiner difor at nettbrukarar må bli flinkare til å tenkje igjennom sine eigne haldningar og instillingar i forkant av eit nettsøk, slik at dei unngår å skremme seg sjølve. Tidlegare hadde ein kvar heim ei bok som beskreiv vanlege sjukdommar. I dag har internett overteke denne rolla. Dersom nettbrukaren har realistiske tankar kring eiga helse, livet og døden, så er nettet ei viktig informasjonskjelde der ein kan finne mykje og god helserelatert informasjon, meiner Wilhelmsen. I undersøkinga Nasjonalt senter for telemedisin gjorde, hadde fleire av nettbrukarane positive opplevingar knytt til helsesøk på internett. I denne undersøkinga var det dobbelt så mange som følte seg rolegare etter å ha søkt på nettet, enn dei som blei bekymra eller engstelege, fortel Hege K. Andreassen. Sjekk kjeldene Uansett kva haldningar og innstillingar ein har før ein søkjer på internett, er det viktig å ha eit kritisk blikk på kven det er som gir deg informasjonen du finn på dei ulike nettstadene. Her er det mange ulike aktørar på banen og nokre kan ha ein skjult agenda, som for eksempel ein dyr kur dei ønskjer å selje. Offentlege nettstader blir betrakta som sikre kjelder til helseinformasjon. Ei slik kjelde er www.pasienthandboka.no som tek utgangspunkt i Norsk Elektronisk Legehandbok (NEL) som er legane sitt oppslagsverk. Hugs likevel at opplysningane du finn på dei ulike nettstadene ikkje erstattar konsultasjon med lege eller anna kvalifisert medisinsk personell. For ei sikker vurdering av medisinske problemstillingar, bør du rådføre deg med fastlegen din. Og jo meir kunnskap og informasjon pasientane har om sitt sjukdomsbilete, jo betre kan dei delta i behandlinga og i avgjerdsprosessar. Nyt godt av andre sine opplevingar Det er ikkje utenkjeleg at innstillinga til nettbrukaren i forkant er avgjerande for om dei vil få ei positiv eller negativ oppleving av informasjonen dei kjem over. INGVARD WILHELMSEN Professor i Hyperkonderi, Haraldsplass Diakonale Sykehus

Tips til helsesjekk på nettet: 1. Sjekk kjeldene Er dei seriøse? Kven er avsendar? Har dei skjulte agendaer, for eksempel ein dyr kur dei ønskjer å selje? Er det eit klart skilje mellom reklame og redaksjonelt stoff? Oppgir dei kontaktinformasjon? Er sida oppdatert? 2. Tenk positivt Tenk igjennom kvifor du gjer eit søk på nettet og prøv å ha ei avbalansert innstilling til informasjonen du finn. 3. Unngå katastrofesøk Er du er redd og fryktar det verste, kan det vere lurt å vente med å søkje på internett til du har fått ei medisinsk vurdering av symptoma dine. 4. Ikkje sett diagnosar utifrå søkjeresultat på nettet Det er ingen samanheng mellom søkjeresultat og sannsynleg diagnose. 5. Informasjon på internett erstattar ikkje konsultasjon med lege. Viktig å sjekke på nettstader som tilbyr kontakt via e-post Opplyser dei at informasjon frå deg ikkje vil bli vidareformidla til andre? Går det klart fram at du ikkje må gi helseopplysningar som kan knytast til deg via vanleg e-post? Ber dei om opplysningar som ikkje er nødvendige for å kunne svare på førespurnaden din? Finn du informasjon om datasikkerheit, personvern og om eventuell lagring av førespurnaden din? (Kjelde: www.helse-vett.no) 11 Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Trena seg frisk frå diabetes Når ein ser på Gunnar Johansen (52) i dag, er det nesten ikkje til å tru. For få år sidan vog han 138,5 kilo, hadde diabetes type 2, høgt kolesterol og høgt blodtrykk. I dag er han 54 kilo lettare og har slutta heilt med medisinar. Oppskrifta? Trening og sunn kost. Tekst Camilla Loddervik foto Monica Larsen G unnar Johansen svingar barnebarnet Julie, på to og eit halvt år, lett opp på skuldra. Dei to er på fottur i fjæra, noko han aldri hadde gjort før han la om livsstilen sin. Eg kom til eit punkt der eg ikkje lenger kunne la kropp og helse forfalle meir. Eg hadde diabetes type 2, høgt blodtrykk og høgt kolesterol, til saman tok eg vel om lag ti tablettar til dagen for å halde symptoma i sjakk. Eg måtte berre gjere noko for ikkje å forfalle heilt, både fysisk og psykisk, fortel Gunnar. Og det har han sanneleg gjort. I dag trenar han kvar dag, enten det er jogging, sykling eller symjing. Han har lagt om til eit sunt og moderat kosthald, der det ikkje er rom for daglege utskeiingar. Alt dette har gitt resultat. No må det seiast at det ikkje har vore ei enkel oppgåve å leggje om livsstilen totalt. Det har vore mykje tungt arbeid som har kravd mykje viljestyrke. Men eg er ekstremt glad for at eg har klart det. No har eg meir overskot og energi, ikkje minst til å halde tritt med aktivitetsnivået til ho her, ler Gunnar og ser ned på barnebarnet. Alvorleg sjukdom Det var fastlegen hans, Ruth Midtgaarden, som først oppmoda han til å gjere noko med livsstilen sin. Då hadde han hatt diagnosen diabetes type 2 i nesten ti år. Men det var først då ho fortalde om dei alvorlege konsekvensane det kunne få om han ikkje gjorde noko, at han fekk auga opp. Det blei klart for meg at eg faktisk hadde ein alvorleg sjukdom. Dersom eg ikkje gjorde noko sjølv, kunne eg risikere å bli 12 blind, få nyresvikt, hjarteinfarkt eller måtte amputere beina, fortel Gunnar med alvorstynga røyst. Læring og meistring Via fastlegen blei han tilvist til Lærings- og meistringssenteret ved Stavanger Universitetssjukehus. Der fekk han råd og rettleiing i korleis han kunne lære seg å leve med diagnosen. Noko av det viktigaste i behandlinga av kroniske sjukdommar er å gjere pasientane sjølve i stand til å ta kloke avgjerder kring eiga helse. Difor er 50 prosent av behandlinga opplæring og forståing av eigen sjukdom, fortel Cooper, som er seksjonsoverlege ved endokrinologisk avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus, og medverkande i kursa ved Lærings- og meistringssenteret. Ved Lærings- og meistringssenteret driv dei opplæring av pasientar og pårørande som har ulike kroniske sjukdommar. Forutan kurset for diabetikarar, blir det mellom anna arrangert kurs for personar med Kols, fordøyelsesplagar, nervrologiske sjukdommar, familieretta tilbod og kurs for barn og unge med kroniske sjukdommar. Felles for alle er fokus på korleis fysisk aktivitet og eit sunt kosthald kan bidra til betre helse og livskvalitet. Fysisk aktivitet er eit viktig element i førebygging og behandling av ei rekkje diagnosar og tilstandar. Når det gjeld personar med diabetes type 2 er fysisk aktivitet og sunt kosthald særleg viktig. Det å ha diabetes type 2 skuldast mangel på hormonet insulin og/eller nedsett insulinverknad. Er ein i fysisk aktivitet bidreg det til at kroppen greier å nyttiggjere seg insulinet betre, slik at ein i enkelte tilfelle kan bli kvitt plagene. Ein halvtimes rask spasertur fem gonger i veka er nok, seier Cooper.

Dersom eg ikkje gjorde noko sjølv, kunne eg risikere å bli blind, få nyresvikt, hjarte infarkt eller måtte amputere beina. (Gunnar Johansen) 13

Ikkje alle kan trene seg friske Diabetes type 2 er ein meir og meir utbreidd sjukdom i den vestlege verda. Overvekt og fysisk inaktivitet er dei viktigaste risikofaktorane for diabetes type 2. Ifølgje tal frå Norges Diabetesforbund har rundt 240 000 nordmenn diabetes type 2. Det er vesentleg personar over 40 år som blir ramma, men i den seinare tida er det stadig fleire yngre som får diagnosen. Sjukdommen, som tidlegare blei omtalt som gammalmannsdiabetes, blir no omtalt som ein livsstilssjukdom. Men ifølgje John Cooper er dette berre delvis sant. Omlag 15 prosent av pasientane med diabetes type 2 er normalvektige, hos desse er livsstilsfaktorane mindre viktige. For desse vil fysisk aktivitet vere eit sentralt element for å meistre sjukdommen, men ikkje alle vil kunne trene seg friske slik Gunnar Johansen har gjort. Trening kan derimot gjere at dei kan redusere medisineringa eller utsetje utviklinga av diabetes type 2 for dei som er i faresona med opp mot 60 prosent. Betre livskvalitet Ifølgje John Cooper er det ikkje berre dei som har kroniske 14 sjukdommar, som til dømes diabetes, som nyt godt av fysisk aktivitet og eit sunt kosthald. Det er noko vi alle i større grad har behov for å tenkje over, meiner han. Når ein ser kor positive effektar ein halvtimes spasertur nokre gonger i veka kan ha på helsa vår, både når det gjeld behandling og førebygging, bør alle ta dei same forholdsreglane. Fysisk aktivitet har ingen biverknader, har lave kostnader og ein kvar kan gjere noko med det på eiga hand, oppmodar Cooper. Gunnar Johansen betraktar barnebarnet sitt mens ho kastar stein i vatnet. I innerlomma på jakka si har han tre bilete av seg sjølv frå før han endra levesett. Han viser dei sjenert fram, før han legg dei raskt tilbake i lomma. Eg kan ikkje beskrive kor glad eg er for at den tida er forbi. Men sjølv om eg i dag er ein annan mann, så er dette med trening og kosthald noko som følgjer meg den dag i dag. Det er noko eg alltid må vere bevisst på. Men heldigvis er det enklare å ta dei rette vala i dag enn det var den gong, smiler Gunnar. Ved hjelp av trening og sunt kosthald har Gunnar Johansen greid å slutte på diabetes medisinar. I dag trenar han kvar dag, enten det er sykling, jogging eller symjing.

- Fysisk aktivitet er eit viktig element i førebygging og behandling av ei rekkje diagnosar og tilstandar. (John Cooper) Her er nokre faktorar som kan hjelpe deg til eit godt liv med diabetes: Viss du røyker, prøv å slutte. Røyking aukar faren for sjukdommar i hjarte- og blodårer, og personar med diabetes er i utgangspunktet meir utsette for slike komplikasjonar. Finn trivselsvekta di. Overvekt kan vere ein utløysande faktor for diabetes type 2. Mosjoner regelmessig. Ein halvtimes rask spasertur fem gonger i veka er nok. Spis sunt. Kosthaldet regulerer blodsukkeret. Fakta om diabetes type 2 Diabetes er ein kronisk sjukdom som skuldast mangel på hormonet insulin og/eller nedsett insulinverknad. Diabetes type 2 kan vere ein medverkande årsak til utvikling av hjarte- og karsjukdommar, hjerneslag, nyresvikt, synstap, sår på føtene og amputasjonar. Dei fleste som har diabetes, har diabetes type 2. Det er vesentleg personar over 40 år som blir ramma og førekomsten aukar sterkt med alderen. Trenden no er likevel at stadig fleire yngre utviklar denne sjukdommen. Gunnar Johansen og barnebarnet Julie på to og eit halvt år er på fottur i fjæra. Det hadde Gunnar aldri gjort før han la om livsstilen sin. Dette er Lærings- og meistringssenteret (LMS) Ved eit LMS kan personar med kronisk sjukdom og deira pårørande lære meir om sjukdommen slik at dei betre kan meistre kvardagen. Gjennom gruppebaserte kurs får personar med kroniske sjukdommar råd og rettleiing til å finne sin meistringsstrategi. Tilbodet er ein del av spesialisthelsetenesta og du må difor ha tilvising frå fastlege eller sjukehus for å delta på dei fleste kursa. Grunntanke: For personar med kronisk sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne, er god opplæring og meistring av sjukdommen like viktig som medisinsk behandling. Helsepersonell har fagkompetanse mens erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis ein Rundt 240 000 nordmenn har diabetes type 2. Av desse reknar vi med at nærare halvparten har diabetes utan sjølve å vite om det. Talet på nordmenn med diabetes type 2 er firedobla dei siste 50 åra. Kjelde: Norges Diabetesforbund kan meistre kvardagen. For å lykkast med å skape gode lærings tilbod er det difor vesentleg at helsepersonell og brukarar samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltaka. Tilbod: Lærings- og meistringssenteret tilbyr ei rekkje ulike kurs for personar med kroniske sjukdommar. Her kan ein mellom anna finne kurs for personar som har diabetes, Kols, fordøyelsesplagar, nervrologiske sjukdommar, familieretta tilbod og kurs for barn og unge med kroniske sjukdommar og/eller nedsett funksjonsevne. Kursa kan variere noko frå senter til senter. LMS der du bur: Lærings- og meistringsenteret er del av spesialist helsetenesta og du finn dei i alle helseføretaka i Helse Vest. Kontakt ditt lokale helseføretak for meir informasjon om ditt lærings- og meistringssenter og kva kurs som er der du bur. 15

Viktig med variert rusbehandling: - Den klassiske rus Vi har så lett for å tenkje at alle rusmisbrukarar er like. Dei blir tvert imot stadig meir ulike, seier Pål Berger i Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (Rio). 16

TEMA Rus misbrukaren finst ikkje Tekst Kristin Henanger Haugen foto Monica Larsen I ei stadig meir kompleks rusverd trur Berger behovet for mangfaldig og tilpassa behandling berre vil auke. Heroin er det rusmiddelet som dominerer den offentlege debatten, og det rusmiddelet det kanskje er verst å bli avvent frå. Men det er så mykje i tillegg. Amfetamin, metamfetamin, kokain, ecstacy, marihuana, lovlege tablettar og ikkje minst alkohol. Alle desse rusmidlane kan gjere folk avhengige med døydelege eller mentale konsekvensar. I nokre miljø blir alle desse rusmidlane brukt om ein annan, seier Berger. Nye rusmisbrukarar Mange av oss har eit klassisk bilete av den typiske rusmisbrukaren. Det er på tide at vi tek mange nye bilete, for den klassiske rusmisbrukaren finst snart ikkje lenger. Det er så mange ulike vegar til rusmisbruk. Vi må for alvor ta innover oss at det både kan vere kvinna som har vore i ei trafikkulykke og blitt avhengig av smertestillande, den 13 år gamle guten som har vore utsett for omsorgssvikt og som sniffar etter skuletid og den vellykka forretningsadvokaten som treng kokain eller alkohol for å halde livet gåande. Det seier seg sjølv at desse ikkje kan gå inn i den same behandlinga. Oppfølginga og ettervernet må og vere forskjellig, både når det gjeld innhald og lengde. Berger er i dag Rio Vest sin brukarrepresentant. I tillegg arbeider han ved HUSK (Høgskole- og Universitetssosialkontor) i Stavanger. HUSK skal utvikle nye samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar. Målet er å styrkje kompetanse og kvalitet i sosialtenesta. Rusbehandlinga er kanskje det området som er mest sårbart i forhold til samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Det er lett å segmentere gruppene når ein sit fjernt frå behandlinga. Det finst så mange fallgruver vi ikkje tenkjer nok over til dagleg, understrekar Berger. Kjenner ikkje tilboda Han har vore prosjektleiar for prosjektet Sammen om?, som har undersøkt brukarane si tilfredsheit ved rustenesta i Sandnes kommune. 15 rusmisbrukarar blei intervjua og er oppsummerte i tre historier, ei frå kvinnene, ei frå mennene og ei frå støtteapparatet. Det klare behovet for større samhandling mellom rustenestene er kanskje den viktigaste lærdommen frå prosjektet. Vi kan ikkje vente at brukarane skal kjenne til alle delar i støtteapparatet når ikkje dei som arbeider der gjer det, seier Berger. Auka fokus på brukarmedverknad Berger ønskjer meir fokus på grunnen til at rusmisbruket starta og korleis alle nederlaga seier noko om manglande tillit og tiltru til seg sjølv. Nettopp difor er brukarmedverknad så viktig på alle nivå i helsetenesta. For mange, også for NAV, er det eit mål å komme i arbeid. Men så er det alle dei små tinga som dukkar opp. Kva skal ein snakke om i lunsjen? Nederlaga er så mange, og dei sluttar ikkje når rusbehandlinga sluttar. Difor er det avgjerande at tilbodet går over lang tid og er sydd saman på ein måte som sikrar brukaren. Tenk så mange personar helsevesenet gir dyr rusbehandling, for så å sende dei heim via Oslo S. Tre timar med venting på ein svært belasta togstasjon er ikkje ei god investering i rusfrie liv. Endring tek fleire år Dei mange tilbakemeldingane Rio får frå brukarane tyder på at vegane ut av behandling kunne vore meir mangfaldige, trur Berger. Det finst mange tilbod, men tilboda må kommunisere betre med kvarandre. Ingen andre stader i helsevesenet seier vi at behandlinga har ikkje lykkast på grunn av pasienten sin manglande motivasjon. Det er behov for at vi forskar og arbeider tungt vidare for å finne fram til kva som eventuelt gir motivasjon til dei ulike pasientane. Forsking viser at det kan ta to til fem år før den fysiologiske funksjonen i hjernen er reparert etter at misbruket har stoppa. I tillegg skal mange rusmisbrukarar starte nye liv, med nytt miljø, venner, arbeid og ordna økonomi. Det er klart det er knalltøft for mange. Viktig med eit variert tilbod Sjølv har Berger erfaring frå den såkalla Minnesota-modellen, der folk med ruserfaring arbeider som terapeutar. Dette kan vere det rette for ein del, men ikkje for alle. Det viktigaste er at folk får eit tilpassa tilbod. Når brukarar fortel meg at dei blir sende til psykologar utan kompetanse på rus, blir eg uroa. Dei kjem ofte ut med ei forståing for kvifor dei rusar seg. Då er det jo berre å fortsetje. 17

Dårlege opplevingar i helsevesenet? Pasientombodet skal arbeide for å ivareta pasientane sine behov, interesser og rettstryggleik ovanfor helsetenesta, og for å betre kvaliteten i helsetenesta. Dersom du har hatt opplevingar i helsevesenet som du ønskjer å ta opp, kan du ta kontakt med pasientombodet i fylket der du bur. Pasientombodet kan gi deg informasjon om dine rettar som pasient eller pårørande. Pasientombodet kan hjelpe til med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klage til rette instans. Pasientombodet i Sogn- og Fjordane: Ove Mjåtveit Boks 265, 6801 Førde Prestebøen 8, 6800 Førde Tlf: 57 82 50 60 Fax: 57 82 50 61 sf@pasientombudet.no Pasientombodet i Hordaland: Grethe Brundtland Lars Hillesgt. 19, 5008 Bergen Tlf. 55 21 80 90 Fax. 55 21 80 99 grethe.brundtland@pasientombudet.no Pasientombudet i Rogaland: Gro Bergfjord Postboks 8100, 4068 Stavanger Rogalandsgata 49, 4011 Stavanger Tlf. 51 51 86 66 Fax. 51 51 99 48 rogaland@pasientombudet.no Brukarorganisasjonane viktige i helsearbeidet Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane. I utvalet sit representantar frå SAFO (Samarbeidsforum for funksjonshemmedes organisasjoner), paraplyorganisasjonen FFO og fylkeseldreråda. Det regionale brukarutvalet har jamleg møte. Leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest er Jostein Melheim. 18 Mangfaldig rustilbod i Helse Vest Helse Vest bruker no inntil 323 millionar kroner på kjøp av rusbehandling frå private rusbehandlingsinstitusjonar i løpet av eit år. Det inkluderer døgnbehand ling, avrusing, poliklinisk behandling og legemiddelassistert rehabilitering (LAR). I mai inngjekk Helse Vest avtaler med ni private rusbehandlingsinstitusjonar om kjøp av 54 behandlingsplassar til ein verdi av drygt 56 millionar kroner i året. Desse avtalene inneber ei satsing særleg på unge rusavhengige og dei som får legemiddelassistert rehabilitering og treng innlegging. Dei nye avtalene er eit supplement til avtalene med private ideelle rusbehandlingsinstitusjonar som Helse Vest har hatt sidan ansvaret for rusbehandling blei overført frå fylkeskommunane til helseføretaka i 2004. Helse Vest kjøper no totalt 226 døgnplassar hos private rusinstitusjonar. I tillegg kjem tilbodet i eigen regi som skjer i helseføretaka i Helse Vest. Det omfattar både avrusing, døgnbehandling, poliklinisk behandling og LAR. Totalt bruker Helse Vest vel 507 millionar kroner på rusbehandling i. Sjå www.helse-vest.no for meir informasjon om rusbehandling i Helse Vest. TEMA Rus Forskar på Tekst Kristin Henanger Haugen foto Monica Larsen I framtida kan det hende du får beskjed om å droppe alkoholen i vekene etter at du har blitt operert. Anestesilege Kristian Oppedal i Helse Stavanger skal dei neste to åra forske på om ein pause i alkoholinntaket i etterkant av operasjonen minskar risikoen for komplikasjonar hos pasienten.

Anestesilege Kristian Oppedal er i gang med sitt doktorgradsarbeid på samanhengen mellom alkoholbruk i tida etter eit beinbrotsinngrep og komplikasjonar. Her er han i samtale med sjukepleiestudentane Janne Tou (til venstre) og Vibecke Øvland, som var med på utspørjinga av pasientar under Helsedøgnet. Der folk avstår frå å bruke alkohol fire veker før ein planlagt operasjon er det færre komplikasjonar. beinbrot og alkohol A lkoholforbruket er gjerne knytt til vanlege hendingar i dagleglivet, som ein laurdagskveld, ein hyttetur, fest på jobben eller besøk hos venner. Men vi tenkjer nok ikkje over det gjennomsnittlege alkoholforbruket vårt til dagleg, seier Oppedal ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddel forsking i Helse Vest (Korfor). Han er lege i spesialisering (LiS) i anestesi, og skal i doktorgradsarbeidet sitt sjå nærare på effekten av alkoholbruk hos pasientar som er opererte for ankelbrot. folk avstår frå å bruke alkohol fire veker før ein planlagt operasjon er det færre komplikasjonar. Men mange operasjonar er jo ikkje planlagde, mellom anna ankelbrotsoperasjonar. Difor ønskjer vi å sjå nærare på kor stor helsegevinsten blir om ein held seg borte frå alkohol tilsvarande periode i etterkant av operasjonen, forklarer Oppedal, og viser til at studiar gjort i Sverige tyder på at ein kan oppnå like gode resultat ved røykestopp i etterkant av ein operasjon som i forkant. Skandinavisk prosjekt I løpet av det neste året vil om lag 160 framtidige ankelbrotpasientar vere med på prosjektet, som er del av Scandin-Alc, eit større samarbeidsprosjekt mellom Danmark, Sverige og Noreg. Oppedal skal undersøkje 80 pasientar som ikkje rører alkohol i eit tidsrom på fire veker og 80 pasientar som lever som dei vanlegvis ville gjort. Pasientar ved dei ortopediske klinikkane i Helse Bergen og Helse Stavanger vil bli spurde. Viktig førebygging Det er frivillig om pasientane vil vere med på undersøkinga, men Oppedal har tru på at dei fleste vil vere positive til arbeidet. Det er forska ein del på komplikasjonsbiletet når det gjeld inntak av alkohol i forkant av operasjonar, og det viser seg at der Det har faktisk vist seg at over 80 prosent av pasientane ønskjer støtte frå sjukehuset til å endre livsstil når dei blir gjort kjende med korleis risikofull livsstil påverkar pasientforløpet. Like mange godtek undersøking av eige alkoholforbruk. Det viser seg heller at det er helsepersonel som i mange tilfelle kvir seg for å ta opp temaet alkoholbruk med pasientane, seier Oppedal. 19

Livsstil på agendaen i sjukehusa Tekst Kristin Henanger Haugen K artlegginga Helsedøgnet blei gjennomført ved Haukeland Universitetssjukehus, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Stavanger Universitetssjukehus tidlegare i år. I løpet av 24 timar blei høgde, vekt, livmål, BMI, næringsinntak, fysisk inaktivitet, røyking og alkoholforbruk registrert blant rundt 1500 pasientar. Tilsvarande studiar er ikkje gjort i Noreg tidlegare, og Helsedøgnet vil gi eit godt bilete av livsstilutfordringar i norsk helsevesen. Ved å kartleggje førekomsten av risikabel livsstil blant pasientar med ulike skader og sjukdommar, kan ein lettare setje i verk førebyggjande tiltak for å betre behandlinga. Kartlegginga skal etter kvart gi eit betre bilete av kor hovudtyngda av framtidig arbeidsinnsats bør leggjast, seier Kristian Oppedal, ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest. Han er doktorgradsstudent og i spesialisering for å bli anestesilege. TEMA Kor mykje drakk du i går? Rus I dag veit alle røykarar kor mange sigarettar dei røyker kvar dag. I framtida vil vi også vere meir bevisste på alkoholforbruket vårt, trur rusforskar Sverre Nesvåg. R us- og alkoholvanar påverkar helsa vår i forhold til akutte skadar og sjukdom. Vi kan ikkje lenger sjå på rusproblematikken isolert. Sjukehusa i Helse Vest er godt i gang med å arbeide tverrfagleg og skaffe seg viktig kunnskap om rus som ein av livsstilsfaktorane, fortel Nesvåg, som er leiar for Regionalt kompetansesenter for rusmiddel forsking i Helse Vest Krav på informasjon Samtidig legg ikkje Nesvåg skjul på at fokuset på alkohol gir oss ein del etiske dilemma. Kor mykje kan vi påtvinge pasientane? Vi har alle ein grunnleggjande fridom til å leve liva våre slik vi ønskjer. Men vi har krav på informasjon, slik at vi har eit godt grunnlag for å gjere vala våre. Det viser seg at jo lengre utdanning folk har, jo betre val gjer dei. Difor er det grunnleggjande viktig at folkeopplysninga fungerer. Dersom alkohol er skadeleg før eller etter ein operasjon, har folk krav på å få vite det. Må telje glasa Nesvåg trur grunnen til at alkohol framleis ikkje blir sett på som ein livsstilsfaktor på lik linje med tobakk eller fysisk aktivitet, er at alkoholen for mange gir ein gevinst i form av glede og avslapping. I dag er fagfolk einige om at 14 einingar i veka for kvinner og 21 einingar for menn er over stadiet for når varsellampene bør begynne å blinke. I Sverige har ein sett grensa ved 9 einingar for kvinner og 13 for menn. Alle har krav på informasjon om risiko og forbruk når det gjeld alkohol på lik linje med andre livsstilsvanar vi har fokus på. Nettopp ved å tenkje på alkohol som ein livsstilsfaktor, trur eg folk i større grad vil akseptere at ein set søkjelys på alkoholvanane og ønskjer å gjere noko med dei dersom det viser seg å vere på eit helseskadeleg nivå. Dersom helsepersonell har ein låg terskel for å spørje om alkoholvanar, vil det etter kvart bli enklare å svare. Men vi må lære oss å føre rekneskapen sjølve, på ærleg vis, seier Sverre Nesvåg (biletet). 1 million innbyggjarar i Helse Vest Folkevekst Rundt 1. april runda innbyggjartalet i Helseregion Vest 1 million. Det viser førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). I dagane etter 1. april kan dødsfall ha medført at tala bikka under millionen igjen, men i løpet av påska har ein nok bite seg fast permanent på 1 million. Med mindre alle utanlandske arbeidarar skulle finne på å dra heim i desse finanskrisetider, spøker førstekonsulent Øivind Rustad i SSB og viser til at særleg Hordaland og Rogaland har eit stort tilsig av arbeidsinnvandring frå EU-området. 1. januar var det registrert 996 712 innbyggjarar i dei tre vestlandsfylka. 469 681 i Hordaland, 420 574 i Rogaland og 106 457 i Sogn og Fjordane. Regionen har høge fødselstal, særleg i Rogaland og Hordaland er fødselsoverskotet stort. Faktisk står desse to fylka for 30 prosent av fødselsoverskotet og 25 prosent av befolkningsveksten i Noreg i løpet av eit år, opplyser Øivind Rustad. Når det gjeld den interne flyttinga i Noreg kjem ikkje Helse Vestfylka like godt ut. Rogaland lekk litt til resten av landet og tapar cirka 100 innbyggjarar i løpet av eit år, Sogn og Fjordane tapar cirka 1000, mens 20 Horda land vinn rundt 200 på eit år, fortel Rustad. Men alle dei tre fylka hadde likevel ein vekst i folketalet i 2008. Rogaland vaks med cirka 8000 innbyggjarar, Hordaland med 7000 og Sogn og Fjordane med cirka 200 innbyggjarar i fjor. Det er særleg arbeidsinnvandringa frå EU og dei gode fødselstala som gir det positive utslaget, seier Rustad. Illustrasjonsfoto: Shutterstock