Nynorskprisen for journalistar



Like dokumenter
KULTURDEPARTEMENTET SIN

Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Prisvinnar frå Dagsavisen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kva er økologisk matproduksjon?

mmm...med SMAK på timeplanen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Valdres vidaregåande skule

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar

Brødsbrytelsen - Nattverden

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Nynorskprisen for journalistar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brukarrettleiing E-post lesar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Månadsplan for Hare November

Nynorsk mediesenter. Status Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

Journalisthandbok for elevar

Teknikk og konsentrasjon viktigast

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Tor Arve Røssland. Oslo

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

NCC avd. Sogn og Fjordane

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Brukarrettleiing. epolitiker

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

I N N H O L D. Forord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Frå novelle til teikneserie

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

5. Soknerådsmøte mai Referat

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

14. Radio og TV. Liv Taule

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

Nynorskprisen for journalistar Årsrapport 2008

Prisvinnar Odd Reidar Solem : - Kjekt å få denne prisen Den røynde mediemannen og nyhendeanker i TV 2, Odd Reidar Solem, fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2008. Juryen la særleg vekt på at han er oppteken av språket vårt, uavhengig av målform, og at han kombinerer normert nynorsk med si eiga romsdalsdialekt på ein naturleg måte. - Det var kjekt å få denne prisen. Når ein har brukt nynorsk som aktivt verktøy i 35 år, må eg seie at dette gjorde godt, sa Solem då han fekk vite at han fekk prisen. Han tykkjer det er for lite språkrøkt i norske redaksjonar. - Vi er meir opptekne av data og teknikk enn språkkjensle. Sjølv filar eg framleis på språket mitt. Men eg er ofte misnøgd med meg sjølv, fordi direktesende omsettingar frå bokmål ikkje vert gode nok, sa Solem. Jurymedlem Olaug Nilssen overrekte Odd Reidar Solem prisen i Ørsta 26.juni. Foto Audun Heskestad. - Kry av nynorsken! Det var jurymedlem Olaug Nilssen som overrekte prisen under Dei Nynorske Festspela i juni : Prisvinnaren har i mange år skilt seg ut med å bruke ein levande nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er ei kjend røyst frå både NRK og TV 2, som meldingslesar, programleiar, vaktsjef og reporter, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når han helsar sjåarane velkomen til nyhendesendingane i TV 2 seier han ; Retteleg god kveld. Slik markerer han kva som er målforma hans, og han er kry av nynorsken! Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er på 50.000 kroner og eit kunstverk. I år var det eit trykk av kunstnaren Ørnulf Opdahl, med tittelen Oppklaring.

- Eg vart positivt overraska over den språklege takhøgda i TV 2 då eg byrja her for 16 år sidan, har aldri opplevd at nokon i redaksjonen har kikka på nynorsken. Litt spitord høyrer ein stundom, men det var nok meir av det i gamle dagar. Eg har forresten aldri fått negative tilbakemeldingar frå sjåarane heller. Han meiner bestemt at dialekt ikkje høyrer heime i nyhenda og trur det heng saman med at han vart oppdregen i NRK på 1970-talet. Innhaldet og bodskapen må gå føre alt, meiner Solem, som trur haldninga til språk har endra seg blant journalistar : - Eg trur språk hadde høgare status før, medvitet om kva som var godt eller gale var sterkare. Det er mogeleg eg er gamaldags, men eg tykkjer det er for mykje klisjear og ordgyteri i dag. Eg er oppteken av at nyhendejournalistar må spare på orda, vere presise, og ta kampen opp mot klisjeane, seier Odd Reidar Solem. Arbeidet i juryen Det kom inn 31 framlegg på 27 namn som kandidatar til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Han vart kunngjort i ei rekkje riks- og regiondekkande aviser, og på nettsidene til både NRK, Kulturdepartementet og Nynorsk mediesenter. Fristen for å kome med framlegg var 1. mai og juryen hadde møte 15. mai. Juryen samla 15.mai, frå venstre forfattar Olaug Nilsen, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og NRK-journalist Gry Molvær, som er leiar. Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter. Juryen hadde ein lengre debatt om ulike kandidatar, men samla seg om nyhendeanker i TV 2, Odd Reidar Solem, som prisvinnar i 2008. Her er heile grunngjevinga frå juryen : - Retteleg god kveld. Slik brukar han å helse sjåarane velkome til nyhendesendinga han er anker for i TV2, og slik markerer han kva som er målforma hans. Prisvinnaren har i fleire tiår

skilt seg ut med å bruke ein levande nynorsk som journalist i radio, fjernsyn og avis. Han er ei kjend røyst frå både NRK og TV2, som meldingslesar, programleiar, vaktsjef og reporter både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Etter tolv år i NRK, frå 1977-1989, reiste han heim til Molde, der han var redaktør for Romsdals Budstikke til 1993. Då byrja han i TV2 og vart ei av dei markerte nynorske røystene i den kommersielle fjernsynskanalen, der han no er nyhendeanker i nyskapinga TV2 Nyhetskanalen. Odd Reidar Solem er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt, uavhengig av målform. I TV2 minner han støtt og stadig om kor viktig det er med eit presist og aktivt språk i media, og han er sjølv eit godt føredøme. Han sjonglerar med ord, uttrykk og språklege vendingar. Han gjev råd, tips og rettleiing til yngre medarbeidarar, men er like glad når han får innspel på sine eigne språklege val. Han kombinerer normert nynorsk og si eiga romsdalsdialekt på ein naturleg måte, og han er kry av nynorsken! - Kan vi sminke oss på nynorsk? Frå venstre: Journalist Ingvild Kjøde i KK, redaktør Hanne Aardal i Det Nye og redaksjonssjef Mari Midtstigen i Elle. Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter. Dette var emnet for debatten i samband med prisutdelinga i Ørsta 26. juni. Juryen ynskte å sette søkjelyset på stoda for nynorsken i trend og kvinneblada, som formar språksynet til mange unge. I panelet sat redaksjonssjef Mari Midtstigen i Elle, journalist Ingvild Kjøde i KK og redaktør Hanne Aardal i Det Nye. Kari Sørbø var debattleiar. I 2006 kåra lesarane av Det Nye forfattaren Olaug Nilssen som årets rollemodell, og med det utgangspunktet innleia Olaug Nilssen til debatten: Kvifor finst det så få trendy hårtips på nynorsk? Kvifor får vi ikkje lese om den siste Lancome-leppestiften på nynorsk? Eller kvifor vert sjølv nynorske kjendisar så godt som aldri siterte på sitt eige språk i dei lekre og glansa kvinneblada?

Positiv lesarstorm - Vi har ingen policy verken for eller imot nynorsk, sa Det Nye-redaktør Hanne Aardal, i debatten. Journalist Ingvild Kjøde i KK og redaksjonssjef Mari Midtstigen i Elle hadde berre fått vellæte frå lesarane, då blada deira opna for nynorsk i spaltene. - Etter portrettet eg hadde med forfattar Jon Fosse på nynorsk, vart det reine lesarstormen. Rundt 40 tilbakemeldingar var eintydig positive, sa Ingvild Kjøde. Også i Elle får dei som ynskjer det, skriva på nynorsk. Redaksjonssjef Midstigen har ikkje noko mot at stoff om frisyre, sminke, motar og kjendisar kan koma på trykk i nynorsk språkdrakt. - Eg trur det er viktig å opne opp for at journalistane får skrive sitt eige språk. Viss vi i tillegg kan oppnå at nynorsklesarane våre kan føle at det er kult med nynorsk, er det kjempefint, sa Midstigen. - Vi er verken for eller mot nynorsk. Vi får ikkje tilbod om stoff frå journalistar som nyttar nynorsk, og det er ingen i staben som brukar nynorsk, sa redaktør Hanne Aardal i Det Nye, som fleire gonger streka under at det er kvaliteten, ikkje målforma, som betyr noko. - Dessutan trykkjer vi lesarbrev på nynorsk, og siterer folk på nynorsk, om dei ynskjer det, sa Det Nye-redaktøren. Mykje merksemd kring debatten Det vart meir merksemd kring debattemnet vår i år enn før om åra. Både vinnaren av Nynorskprisen for journalistar og emnet for debatten vart kunngjort etter at juryen hadde hatt møte. Bergens Tidende hadde eit stort oppslag med Elle-redaktør Signy Fardal ei knapp veke før debatten i Ørsta, der ho fortalde om kor mykje positiv respons ho hadde fått etter at ho opna for bruk av nynorsk i bladet. Bergens Tidende brukte også innleiinga til Olaug Nilssen i Ørsta som kronikk. Det førde til nye kronikkar og debatt i avisa om kor viktig eller uviktig det er å kjempe for nynorsk i kvinneblada, kvifor ikkje heller i alle dei bokmålsprega blada LO gjev ut enn, osv. Her er linkar til nokre av kronikkane/innlegga: Les kronikken til Olaug Nilssen her: http://www.bt.no/meninger/kronikk/article589963.ece Les kommentaren til Georg Arnestad: http://www.bt.no/meninger/kommentar/article600440.ece Les kommentaren til Jan H. Landro: http://www.bt.no/meninger/kommentar/article604318.ece

Kunst av Ørnulf Opdahl I år var det eit trykk av kunstnaren Ørnulf Opdal som fylgde prisen. Det hadde tittelen Oppklarning, eit kystmotiv der det lysnar uti hava, medan gråskodda heng i ei stund til langsmed land. Ørnulf Opdal ( fødd 1944) er frå Godøy utanfor Ålesund, der han har atelieret sitt heilt nede i fjæresteinane. Han er ein allsidig kunstnar som gjennom dei siste 30 åra har utvikla og reindyrka ei naturlyrisk uttrykksform, der havet og lyset er viktige motiv. Skildringane hans av naturen på Vestlandet syner at han er nær knytt til denne landsdelen, og han formidlar sjølve livskjensla ved å bu ved havet. Opdahl har utdanning frå Statens Kunstverks og Kunstindustriskule og Statens Kunstakademi. Han var professor ved Statens Kunstakademi frå 1985-92. Han har hatt ei rekkje utstillingar i inn- og utland sidan 1964. Bileta hans heng i både offentlege og private kunstsamlingar. Førde 4. desember 2008 Magni Øvrebotten