Program for Bømlo Venstre



Like dokumenter
ETNE VENSTRE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Politisk program for Jølster KrF

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Ei god framtid for alle!

Program for. Sykkylven Venstre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Ål Venstre. Ål Venstre

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Program OSTERØY HØGRE

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Fjell Venstre. Program

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Hemsedal KRF Program

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Sandeid skule SFO Årsplan

ROS-analyse i kommuneplan

«Ny Giv» med gjetarhund

Program for. Årdal Venstre

11 Eg i arbeidslivet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Bli med på framtidas Stord.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Program for Austevoll Venstre

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Barnehageplan for Vinje kommune

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kommunedelplan for oppvekst

Stord Venstre. «Lokaldemokratiet er berebjelken i eit levande folkestyre» Håkon Frode Særsten Ordførarkandidat for Venstre

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

SOGN driftig raus ekte

Kvalitetsplan mot mobbing

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 144/229 - deling av eigedom - Borvika -

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

«Nordhordland kommune»

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Transkript:

Program for Bømlo Venstre for perioden 2015-2019

Folk først! Venstre er Noregs eldste parti, og har stått bak liberale reformer som parlamentarisme, religionsfridom, juryordninga og ålmenn røysterett. Sentralt i Venstre sin ideologi har alltid vore liberale idear om enkeltmennesket si rolle som drivkraft i samfunnet. Difor set Venstre folk først! I vår tid har dessutan miljøvern og småbedrifter sine vilkår vore sentrale hjartesaker, både lokalt og nasjonalt. Bømlo Venstre ønskjer å ta vare på den sosialliberale tradisjonen vår og håpar og trur på eit godt val, slik at me kan få vere med å stake ut kursen for kommunen vår for framtida. Me ser ikkje noko behov for å slå oss i saman med andre kommunar, men meinar det kan vera fornuftig å engasjera oss i det vidare arbeidet med kommunereforma, for me lyt erkjenna at me har store utfordringar med kommuneøkonomien, så sjølv om me ikkje slår oss i saman med andre, så er nok tida allikevel moden for endringar i Bømlo kommune og det kan vera ein del å ta med seg frå dette arbeidet. Bømlo Venstre ønskjer å jobbe for ein sunn og bærekraftig økonomi den neste perioden. Me lyt finna andre løysningar enn å auka skattar og avgifter, og me kan ikkje fortsetje å drifta kommunen på lånte pengar. Bømlo Venstre meiner at folkevalde, adminstrasjon og tilsette lyt jobba fram ein felles visjon for kor me ynskjer å vera om 10-15 år og så gjere dei endringane som må til for å komme der. Me i Bømlo Venstre meinar me har mykje me kan bidra med i ein slik prosess. Målet vårt er at Bømlo skal bli ein grøn, liberal og sosial kommune, der ein set folk først og har råd til å yte effektiv service av god kvalitet til alle innbyggjarar, basert på den enkelte sitt behov og forutsetnader - gjennom heile livsløpet. Endringar tar tid, men me har tru på Bømlo og bømlingane, så får valresultatet vise om du har tru på oss. Godt val! Geir Ove Sele Ordførarkandidat Bømlo Venstre

Kunnskap og like muligheter Framtida er venstregrøn! Ein framtidig kommunestruktur skal gjere Bømlo-samfunnet rusta til dei oppgåver som kommunen skal utføre, slik at innbyggjarane kan identifisere seg med og ha eigarskap til kommunen sin. Venstre meiner at Bømlo kommune klarer seg godt som eigen kommune. delta i kommunereformprosessen, og leggje resultatet fram for innbyggjarane for rådgjevande folkeavrøysting jobbe for ein sunn og berekraftig kommuneøkonomi eit grønt og allsidig næringsliv jobbe for ein skule tilpassa den enkelte sitt potensiale leggje til rette for at dei som ønskjer det skal få leve lengst mogleg i sin eigen heim jobbe for eit framtidsretta utdanningstilbod i kommunen jobbe for at nye Bremnes Ungdomskule vert realisert innanfor vedtekne rammer

Samferdsel og arealplanlegging. God infrastruktur er viktig for miljøet og næringslivet. Venstre vil at vedtekne planar skal følgjast, og vere eit verktøy for å nå kommunen sine målsetnadar. I planarbeidet skal eit miljø- og klimavenleg samfunn, kunnskap og like moglegheiter for alle, varm velferd og eit kreativ og verdiskapande Bømlo-samfunn vere inkludert. prioritere gang- og sykkelstiar langs alle nye vegar, med særskild fokus på skuleveg jobbe for å oppgradera eksisterande skulevegar med gang og sykkelveg jobbe for eit utvida kollektivtilbod jobbe for betre korrespondanse mellom lokal buss og kystbuss/ snøggbåt betre tilhøva for «innfartsparkering» på Rubbestadneset kai legge til rette for ladepunkt for elbilar, særskilt på større parkeringsområde Eit miljø- og klimavenleg samfunn. Framtida handlar om eit betre klima for oss og borna våre. Me skal verne om naturen og miljøet for å sikre ei rein og berekraftig framtid. Det er krevjande, men gjev og nye moglegheiter. at Bømlo kommune skal vere ein klimanøytral kommune, der alle innkjøp skal vere miljømerka og at dei kommunale verksemdene er miljøsertifiserte at framtidig forvalting av strandsona først og framst skal koma dei fastbuande til gode ta vare på det biologiske mangfaldet, med særskild fokus på raudlista artar følgje opp og rullera kommunen sin klimaplan for å få ned energiforbruket verne om naturen og miljøet for å sikre ei bærekraftig framtid for oss sjølve og barneborna våre ikkje ha søndagsopne butikkar

Varm velferd når du treng det. Varm velferd handlar først og fremst om tryggleik hos brukar/pasient, men og om rett kompetanse hos dei som utøver helsehjelp. Me meiner at eit velferdssamfunn vert best målt etter korleis me tek vare på dei svakaste. I Noreg er det ikkje lenger viktigast å gje meir til alle, men å hjelpe dei som treng det mest. leggje til rette for at dei som ynskjer det får høve til å bu i eigen heim lengst mogleg ved at heimebuande over 75 år får tilbod om heimebesøk som kartlegg funksjonsgrad, for å førebygge funksjonsnedsetting og ved å styrke avlastings- og dagtilbod jobbe for å oppretta fellesbusetnad for dei som treng kontinuerleg omsorg auka satsing innanfor psykisk helse, spesiellt for barn og ungdom at kommunen har rett og nok kompetanse til å utføre dei oppgåver ein har ansvar for innanfor helse- og omsorg jobbe for betre inkludering av nye bømlingar jobbe for verdige butilhøve i asylmottak i kommunen auke kapasiteten på mottak av flyktningar leggje større vekt på førebyggjande helsearbeid ved å vidareføre folkehelsekoordinator i kommunen og jobbe for universelt utforma turløyper i alle delsentra av kommunen

Eit kreativt og verdiskapande Bømlo. Me er opptekne av gode vilkår for sjølvstendig næringsdrivande og dei mindre bedriftene, fordi velferdssamfunnet er avhengig av eit nyskapande næringsliv. Dei framtidige arbeidsplassane er enno ikkje skapte. Difor treng me ein politikk som støttar småbedrifter og entreprenørskap. jobbe for ei næringsvenleg kommunal sakshandsaming, og at det vert lagt til rette for møteplassar. I tillegg til å føre vidare det gode samarbeidet som er etablert mellom næringsliv og skule vere opptekne av gode vilkår for sjølvstendig næringsdrivande og småbedrifter. jobbe for at Bømlo vert ein føregangskommune innanfor miljøteknologi ved å støtte opp om og leggje til rette for innovasjon og utvikling av miljøvenleg teknologi Kunnskap og like moglegheiter. Ein skule for kunnskap og like moglegheiter krev fagleg sterke lærarar. Difor vil Venstre gje alle lærarar påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. vera ein aktiv pådrivar for å utvida utdanningstilbod i regionen og vidareføre samarbeidet mellom næringsliv og skule auke satsinga på rådgjevartenesta i skulen auka satsinga på elevverksemder i grunnskulen jobbe for eit fullverdig SFOtilbod og ei fleksibel inntaksordning i barnehagane, slik at det vert reell barnehagedekning heile året støtte ei prøveordning der ein kombinerer fysisk aktivitet med teoretiske fag, med mål om variasjon i læringsmetodar at det vert satsa på kulturskulen og støtte opp om kulturelle institusjonar som eit ledd i å vere Kulturkommunen Bømlo

Hordaland Venstre Redusera fråfallet - fleire inn i yrkesfaga. Dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen er det viktigaste satsingsområdet for Venstre i denne perioden. Yrkesfag representerer ei av dei viktigaste kjeldene til næringsutvikling og nyskaping på Vestlandet, samstundes som utfordringar knytta til fråfall er størst i denne delen av opplæringa. Hordaland Venstre vil: auka fokuset på arbeidstrening og nyetablering ved å styrka samarbeidet med det lokale næringslivet og satsa vidare på elevverksemder og gründerkurs jobba for at alle lærlingar får læreplass styrka rådgjevarane si kompetanse og auka fokus på individuelle løp for den einskilde elev auka satsing på marknadsføring av yrkesfaga og opplæringskontor 1. Anne Beth Njærheim - Bømlo 2. Geir Kjell Andersland - Bergen 3. Geir Angeltveit - Stord 4. Elizabeth Erichsen - Fjell 5. Torstein Gunnarson - Voss 6. Ingrid Handeland - Kvinnherad

Venstre sine kandiatar i Bømlo 1. Geir Ove Sele (f. 1968) Meling HR-direktør 2. Vanja Espeland (f. 1974) Finnås Adminstrasjonssjef 3. Frank Schmidt (f. 1970) Mosterhamn Tingrettsdommar 4. André Habbestad (f. 1997) Urangsvåg Student 6. Stian Steinsbø Lie (f. 1975), Rubbestadneset 7. Jon Helge Talmo (f. 1971), Langevåg 8. Anne Marie Meling (f. 1982), Meling 9. Audun Økland (f. 1959), Økland 10. Trude Nedrebø (f. 1980), Finnås 11. Øystein Stølen (f. 1982), Mosterhamn 12. Laila Sele Navikauskas (f. 1978), Nesse 13. Roy Fimland (f. 1973), Mosterhamn 14. Camilla Nesse (f. 1988), Meling 15. Kristian Severin Nesse (f. 1975), Nesse 16. eivind Hellen Sele (f. 1997), Erevik 17. Leif Erlend Lohne (f. 1963), Innvær 18. Mohammad Moosapour (f. 1961), Rubbestadneset 19. Jan Petter Olsen (f. 1961), Leite 20. Marie Rusten Moldøen (f. 1997), Rubbestadneset 21. Terje Olav Nesse (f. 1962), Nesse 22. Anne Riise Hatlevik (f. 1944), Espevær 5. Tone Stavland (f. 1970) Leite Engineeringsleiar Les meir om vår politikk og våre kandidater nettsida vår: venstre.no/bomlo