HAREID KOMMUNE Rådmann SAKSFRAMLEGG Saksnr. 2015/510 Løpenr. 5483/2015 Klassering K46 Sakshandsamar: Kolbjørn Snekvik, Landbrukskontoret Utvalsaksnr Utval Møtedato 36/15 Næring og miljøutvalet 11.06.2015 SØKNAD OM GODKJENNING AV VALD FOR BRANDAL SAMEIGE / 2015/510 Tilråding frå rådmannen: Næring og miljøutvalet i Hareid kommune godkjenner Brandal Sameige som eiget hjortevald med eit teljande areal på 3.200 dekar slik det er søkt om. Grunngjeving: Ein legger her til grunn prinsippet om likebehandling for å sikre retssikerheten, slik det går fram av saksopplysningane. Det vises til forskrift om forvaltning av hjortevilt FOR-2002-03-22-314, 10,11 og 12 med heimel i viltlova. Utskrift til: Severin Eldar Eilertsen, Ytredalen 35, 6062 Brandal Side 55
Vedlegg: Nr. Namn 1 Endring av vald 3200 daa 2 Kart 3 2015.06.01. Innspel i høve søknad for Brandal sameige 4 Innspel i høve valdsøknad for Brandal sameige Samandrag av saka: Søknad om godkjenning av vald for Brandal sameige av 28.04.2015 Viser til innspel i høve til vald-søknad frå Brandal sameige av 1. Juni 2015. Brevet er frå Brandal Hjorteviltlag SA, og er signert av Severin Eilertsen. Saksopplysningar: Søknad om godkjenning av vald for Branndal sameige var på sakskartet i NMU den 26. mai, men saka vart trekt av saklista, grunna manglande saksutgreiing. Måten saka vart trekt på er kommentert i brevet an 01.06.15 frå Severin Eilertsen. På bakgrunn av desse opplysningane blir saka lagt fram på nytt. Det førelegger ingen andre dokumenter i saka som er lagt fram for sakshandsamar. Ut frå vedlagt søknad om godkjenning av vald er teljande areal målt opp til 3.200 dekar. Til søknaden følgjer også kart i målestokk 1: 20.000 som viser kva areal som er med i søknaden. Det er lagt inn ei grense på teljande areal på om lag 500 meter over havet. Med fjellarealet er valdet totalt om lag 6.200 dekar. I brevet frå Eilertsen er det vist til i alt 10 stk. vald med sameigeareal i Hareid kommune. Med bakgrunn i innleiinga til forvaltningslova står det som følgjer: Formålet med forvaltningslova er i første omgang å legge forholda til rette for en betryggjande sakshandsaming. Her er det vist til prinsippet om likebehandling for å sikre retssikerheten. Ut frå tilsendt informasjon er det ingen av desse 10 valda/ sameigeareala som er organisert med eiget styre og vedtekter, og det er denne rettspraksisen som må leggast til grunn i Hareid kommune når Brandal sameige skal handsamast. Kommunen kan sjølvsagt oppmoda alle sameigeareala/ valda om å danne organisasjon, lage vedtekter og fylla de krava som setes etter «Lov om sameige (LOV-1965-06-18-6)». Men det blir feil dersom kommunen setter krav om organisering etter sameigeloven da dette er eit privatrettsleg an liggande som må rekvirerast av ein eller fleire av partane i sameiget. Ut frå brevet frå Brandal hjorteviltlag AS, står det at 18 bruk er medlemer og at de truleg representerer laget med 80 90% av partane. Med den gjeldande rettspraksis ein har på dette området i Hareid kommune blir det heilt feil dersom kommunen skal blokkera for utøving av ein eksklusiv rett slik som jaktretten, da denne retten eiges fult ut av grunneigarane på like linje med andre rettar slik som beiteretten. I tillegg har kommunen ikkje sett noen tilsvarande krav til organisering til de andre 10 sameigeareala. Kommunen bør her godkjenna valdet, samtidig med at ein oppmodar grunneigarane om å finna gode løysingar på det interne samarbeidet i tråd med lokale og offentlege målsettingar. Vi har vurdert søknaden etter Forskrift om forvaltning av hjorteviltet, nr.134, 2012-02-10-134. Konklusjonen av dette er at valdet det her søkas godkjenning på, tilfredsstiller de krava som forskrifta setter i 10 og 11 i same forskrift, samt er i tråd med de resterande krava som setes for å godkjenna valdet slik det no er søkt om. Nye vald skal godkjennast i kommunen innan 15 juni. Utvalssak nr: Side: 2 av 4 6LGH
Vurdering og konklusjon: Hareid kommune har vedteke «Målsetjing og rammer for hjorteviltforvaltninga i Hareid kommune». Her går det fram at hjorteviltet i Hareid er ein ressurs for både grunneigarar/ jaktrettshavarar, jegerar og innbyggjarar elles. Jakta er den klart største regulatoren av hjortebestanden. Det er ei sentral målsetjing at mest mogeleg av forvaltninga skal skje på lokalt plan. I dette ligg både den omlegginga som førde til at kommunane vart ein del av den offentlege viltforvaltninga, og at jaktrettshavarane vart oppmoda om å ta større del i forvaltninga. Dei siste åra har kommunen difor oppmoda grunneigarane om å gå saman i større vald og å lage bestandsplanar. Det er og vist til problem med skadebeiting på eng og i hagar, samt problem med påkjørslar i trafikken. I tillegg til dette har vi også målsetjingar i viltlova, samt formål i forskriftene til lova. Desse måla må kommunen forsøke å ta omsyn til fram over i tid når nye vald skal godkjennast. Ser ein på viltlova er lovens formål slik - 1 i viltlova: Viltet og viltets leveområder skal forvaltas i samsvar med naturmangfoldloven og slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevaras. Innanfor denne ramme kan viltproduksjonen haustas til gode for landbruksnæring og friluftsliv. Kommunens rolle blir både ein kontrollfunksjon der de formelle krava til lovverket skal vurderast, men også ein pådrivar om at jaktretten skal kunne nyttast ut i tråd med intensjonane i viltlova. Jaktretten er ein eksklusiv rett på linje med beiteretten og som tilhørar grunneigarane. Det vill da etter gjeldande lovverk vere i kommunens og storsamfunnets interesser at denne retten blir nytta ut i tråd med de målsetjingane som er nedfelt både i viltloven samt forskriftene til lova. For å skape ei best mogeleg forvaltning av hjortestammen i kommunen er det spesielt viktig at store områder som dette blir forvalta på ein forutsigbar måte. Dersom eit slikt område blir blokkert for jakt på hjortevilt vil dette få betyding på fare for fleire påkjørslar i trafikken samt auka skade på landbrukseigedomar. For å møta framtida på ein best mogeleg måte burde kommunen forsøke å hjelpa grunneigarane med å få organisert eit bestandsplanområde for Brandal i god tid før neste jaktsesong. Da kunne kommunen ha godkjent ei 3 til 5 årig bestandsplan i tråd med Rundskriv februar 2012 19. Det ville skapt ein større fleksibilitet både for grunneigarane/ jegerane og kommunen. Slik det ligger i dag må kommunen behandla desse tildelingane kvart år etter 21 i same forskrift. Dette er ei svært tidkrevjande arbeid i kommunen og det har også ein prislapp som kan bli unødvendig høg. Når det gjelder det arealet som grunneigarane har lagt til grunn i søknaden samt de vurderingane det er vist til, så vert dette akseptert. Areala kan da nyttast ut på ein måte som er til gode for landbruksnæring og friluftsliv. Med erfaring frå de andre 5 kommunar som Nordre Sunnmøre Landbrukskontor utfører vilttenester for har vi i fleire områder møtt tilsvarande utfordringar med eigartilhøva som dette. Men ei overordna målsetjing har alltid vært å være imøtekommande over for grunneigarane. Der det har vært eit potensiale for betring av eigarmanuset, har grunneigarane fått ein romsleg tidsfrist til å betra eigarmanuset. På den måten har ein Utvalssak nr: Side: 3 av 4 6LGH
unngått at eit lite mindretal har blokkert jakta for eit stort fleirtal av eigarane. Vi har derfor aldri gjort vedtak om at eit vald blir gjort til inkje, med de følgjer det kan få. Hareid, 05.06.2015 Nils Yngve Nupen Fungerande rådmann Kolbjørn Snekvik Sakshandsamar Utvalssak nr: Side: 4 av 4 6LGH
Side 59
6LGH
Side 61
Side 62
6 L G H
Fra: Kolbjørn Snekvik (Landbrukskontoret) Sendt: 3. juni 2015 08:30 Til: Oddny Alvestad Emne: Innspel i høve valdsøknad for Brandal sameige Vedlegg: 2015.06.01 Innspel i høve søknad for Brandal sameige.pdf Dette brevet må legges inn i Acos! Kolbjørn Fra: Landbrukskontoret [<mailto:kontor@landbrukskontoret.no>] Sendt: 2. juni 2015 10:18 Til: Kolbjørn Snekvik (Landbrukskontoret) Emne: VS: Innspel i høve valdsøknad for Brandal sameige Hei! Det er vel du som skal ha denne eposten? Helsing: Marianne Sævik Nerland konsulent Fra: Håkon Johan Eliassen [<mailto:hjelias@online.no>] Sendt: 2. juni 2015 02:42 Til: Landbrukskontoret Kopi: Severin Eldar Eilertsen Emne: Innspel i høve valdsøknad for Brandal sameige Oversender brev frå Brandal Hjorteviltlag SA. Vyrdsamt Håkon Johan Eliassen Skjermbrev: hjelias@online.no <mailto:hjelias@online.no> Telefon: 934 50 235 Side 64