Paul Auster. New York-trilogien. Oversatt av Asgjerd Taksdal



Like dokumenter
Jon Fosse. For seint. Libretto

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brannsår, rus eller friheit?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK


Brukarrettleiing E-post lesar


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Brukarrettleiing. epolitiker

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Rom ved havet, rom i byen

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kom skal vi klippe sauen

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om å høyre meir enn dei fleste

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Med god informasjon i bagasjen

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Vi lærer om respekt og likestilling

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

G A M A L E N G K U L T U R

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

spøkjelse I HUS MED EIT >>>

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Hallo i nedslagsfeltet!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Informasjon til elevane

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Transkript:

Paul Auster New York-trilogien Oversatt av Asgjerd Taksdal

Tilbakemeldinger vedrørende denne boken kan sendes til ebok@aschehoug.no Originalens tittel: The New York Trilogy Copyright 1985, 1986, 1987 by Paul Auster, Originally published in English by Sun & Moon Press, Los Angeles Published by arrangement with Carol Mann Literary Agency, USA and Tönnheim Literary Agency, Sweeden Norsk utgave 2002, 2015 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2013 ISBN 978-82-03-37025-0

Bibliotekutgave - kun til utlån gjennom bibliotekene

1. Glasbyen 2. Gjengangarar 3. Det stengde rommet

1. Glasbyen

1 Einkvan ringde feil, det var slik det byrja. Telefonen ringde tre gonger midt på svarte natta, og røysta der i andre enden spurde etter ein som ikkje var han. Mykje seinare, då han greidde å tenkja gjennom det som hende med han, då kom han til at ingenting anna var verkeleg enn det tilfeldige. Men det var mykje seinare. I byrjinga var det rett og slett berre denne hendinga og det ho førte med seg. Om det kunne ha utvikla seg annleis eller om alt var fastlagt med det første ordet som fall frå denne ukjende sin munn, det er saka uvedkomande. Det er sjølva historia som er saka, og om den betyr noko eller ingenting, er det ikkje opp til historia å ha noka meining om. Quinn treng vi ikkje heftast lenge ved. Kven han var, kvar han kom frå, og kva han gjorde, er nokså likegyldig. Men vi veit, til dømes, at han var trettifem år. Vi veit at han hadde vore gift, hadde vore far, og at både kona hans og sonen no var døde. Vi veit også at han skreiv bøker. Kriminalromanar, for å vera nøyaktig. Dei bøkene skreiv han under namnet William Wilson, og det kom omtrent ei i året, slik at han hadde nok til det enkle livet sitt i ei lita leilegheit i New York. Han brukte berre fem-seks månader på ei bok, og på den måten kunne han gjera det han hadde lyst til, resten av året. Han las mykje, såg på kunst, gjekk på kino. Om sommaren såg han baseball på fjernsynet, om vinteren gjekk han i operaen. Men det han verkeleg likte framfor alt anna, det var å gå. Mest kvar einaste dag, i regn og sol, i hete og i frost, gjekk han ut or huset sitt og vandra gjennom byen. Han tenkte aldri på om han skulle nokon stad, berre gjekk der føtene slumpa til å føra han. New York var endelaust vid, ein labyrint av tallause steg, og same kor langt han gjekk, same kor godt kjend han vart i gater og bydelar han fekk alltid denne kjensla av å ha gått seg bort. Gått seg bort, ikkje berre i gatene, i seg sjølv og. Kvar gong han gav seg på vandring, kjendest det som han gjekk frå seg sjølv. Ved å overgi seg til dei strøymande gatene, bli berre eit stirande auga, greidde han å sleppa unna tvangen til å tenkja. Ingenting anna kunne gi han denne kortvarige freden, denne velgjerande kjensla av å vera tom innvendig. Verda var der utanfor han, rundt han,

framfor han, i stadig endring så flimrande fort at det var uråd å halda fast på noko lenge om gongen. Rørsla var kjernen i alt, å Setja den eine foten framfor den andre og la seg flyta med framdrifta i sin eigen kropp. Når han gjekk slik utan mål og med, vart alle stadene like, og det var det same kvar han var. På ein verkeleg god tur kunne han kjenna at han ikkje var nokon stad. Og det vart etter kvart det einaste han ville oppnå: å vera ingenstad. New York var den ingenstaden han hadde bygd opp kring seg, og han kjende at han aldri meir kunne tenkja seg å reisa derifrå. Det hadde vore meir framdrift i han før. Som ung mann hadde han gitt ut fleire diktbøker, skodespel hadde han skrive, kritiske essay, og han hadde slite med fleire lange omsetjingar. Med eitt slag gav han opp alt saman. Det var noko i han som døydde, sa han til vennene sine, og han ville ikkje ha noko av at det kom tilbake og spøkte for han. Det var då han tok namnet William Wilson. Quinn var ikkje lenger den delen av han som kunne skriva. Han levde vidare på ulike vis, men han var ikkje lenger til for nokon annan enn seg sjølv. Skrivinga hadde han halde fram med fordi det var det einaste han tykte han kunne. Kriminalhistorier var ei grei løysing. Det kosta han ikkje stort å finna på dei innvikla hendingane som trongst, og han skreiv godt, ofte utan å vera skikkeleg med, det vart til utan hans medverknad. Sidan han ikkje såg på seg sjølv som forfattaren av det han skreiv, trong han ikkje kjenna noko ansvar for det, og var dermed heller ikkje nøydd til å forsvara det for seg sjølv. William Wilson var berre ei nyskaping. Vel hadde han vorte til i Quinn, men no levde han sitt eige sjølvstendige liv. Quinn såg på han med respekt, stundom jamvel beundring. Men han dreiv det aldri så langt som til å tru at Wilson og han var ein og same mannen. Det var derfor han aldri dukka fram frå den gøymestaden som pseudonymet gav han. Han hadde ein agent, men dei møttest aldri. All kontakt gjekk gjennom posten, Quinn hadde leigd ein postboks til den bruk. Slik var det med forleggjaren og, han betalte ut alle honorar og royalty og andre godtgjeringar som Quinn skulle ha gjennom agenten. Bøkene til William Wilson viste aldri noko bilete av forfattaren, og aldri nokon omtale av han. William Wilson var ikkje å finna i noko forfattarleksikon. Han gav aldri intervju. Alle breva han fekk, var det sekretæren til agenten hans som svara på. Så langt Quinn kunne skjøna, var det ingen som kjende til løyndomen hans. Til å byrja med hadde

vennene hans spurt korleis han hadde tenkt å overleva, når han ikkje lenger skreiv. Han sa det same til alle: Han hadde arva aksjar etter kona. Men sanninga var at kona hans aldri hadde ått pengar. Og sanninga var at han ikkje hadde venner lenger. Det var over fem år sidan no. Han tenkte ikkje stort på sonen sin lenger, og han hadde nyleg teke ned biletet av kona si frå veggen. Stundom kunne han enno kjenna brått korleis det var å halda treåringen i fanget sitt men eigentleg var det vel ikkje tanke. Ikkje minne heller. Det var ei fysisk kjensle, eit avtrykk av fortida som stod att i kroppen hans, og det kunne han ikkje kontrollera. Det hende sjeldnare etter kvart. Stort sett verka det som mange ting hadde byrja å forandra seg for han. Han ønskte ikkje lenger at han var død. På andre sida er det ikkje rett å påstå at han var glad for å vera i live. Men han mislikte det i alle fall ikkje. Han var i live, og den gjenstridige kjensgjerninga byrja så smått å interessera han som han skulle ha overlevd seg sjølv og på ein eller annan måte var i gang med eit liv etter døden. Han sov ikkje lenger med lampa på, og det var månadsvis sidan han hadde hugsa kva han drøymde. Det var natt. Quinn låg og røykte på senga og lydde på regnet som slo mot vindauga. Han tenkte på om det kom til å slutta snart, og om han kom til å ha lyst på ein lang eller ein kort tur når det vart dag. Eit eksemplar av Marco Polo sine «Reiser» låg oppslegen med ryggen i veret på puta attmed han. Etter at han leverte frå seg den siste William Wilson-boka for eit par veker sidan, hadde han for det meste sløva. Max Work, privatdetektiven som er forteljar i bøkene, hadde oppklart ei innvikla rekkje av brotsverk, han hadde vore utsett for den eine julinga etter den andre og så vidt kome seg unna med livet, og Quinn var rett og slett litt utsliten etter sjauen. Med åra hadde Work kome han stadig nærare. William Wilson vart aldri anna enn ein abstrakt figur, men Work vart meir og meir levande. I den tre-eininga Quinn no var, stod Wilsom som eit slag buktalar, Quinn sjølv var dokka, og Work var den levande røysta som gav framsyninga meining. Om Wilson var ein illusjon, så rettferdiggjorde han i alle fall at dei andre to eksisterte. Om Wilson ikkje sjølv var til, så utgjorde han like fullt den brua som Quinn trong for å koma frå seg sjølv over i Work. Og smått om senn vart Work eit vesen i livet hans, broren i hans indre, kameraten i det folketomme tilværet

hans. Quinn greip tak i Marco Polo att og las første sida om att: «Vi skal skriva ned alt slik vi har sett det, slik vi har høyrt det, så boka blir ei nøyaktig oppteikning utan noko slag oppspinn. Alle som les denne boka eller høyrer henne, kan stola fullt på ho, for ho fortel ingenting anna enn sanninga.» Nett då Quinn var i ferd med å gruvla over meininga i desse setningane, snu og venda på den friske forvissinga i tankane sine, nett då ringde telefonen. Mykje seinare, då han kom seg til å rekonstruera hendingane denne kvelden, hugsa han at han hadde sett på klokka, hadde sett at ho var over tolv og undra seg over at nokon kunne finna på å ringja til han på denne tida. Det måtte vera dårleg nytt, tenkte han. Han kom seg opp or senga, gjekk naken til telefonen og lyfte mikrofonen då det ringde andre gongen. «Ja?» Det vart ein lang pause i den andre enden, og ei stund trudde Quinn at den som ringde, hadde lagt på. Då kom det ei røyst som langt borte frå, ho likna ikkje på noka røyst han hadde høyrt før. Samstundes mekanisk og ladd med kjensle, ikkje stort anna enn ei kviskring, men likefullt klår og tydeleg, og så einsformig i tonen at han ikkje høyrde om det var ein mann eller ei kvinne som snakka. «Hallo?» sa røysta. «Kven er det?» spurde Quinn. «Hallo?» sa røysta att. «Ja, eg høyrer deg. Kven er det?» «Er det Paul Auster eg snakkar med?» sa røysta. «Eg vil gjerne snakka med Paul Auster.» «Det er ingen her som heiter slik.» «Paul Auster. Han i Auster Detektivbyrå?» «Nei diverre,» sa Quinn. «Du har nok ringt feil.» «Men det er heilt avgjerande,» sa røysta. «Eg kan ikkje hjelpa deg,«sa Quinn. «Det finst ingen Paul Auster her.» «Du forstår visst ikkje,» sa røysta. «Det går på tida her.» «Då skulle du ringja om att. Dette er ikkje noko detektivbyrå.» Quinn la på. Han stod der på det kalde golvet, såg ned på føtene sine,