ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Råd for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Ørstafjord, rådhuset Dato: 27.01.2014 Møtet starta 14:30 Møtet slutta 15:40 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Karen Høydal leiar AP Anne Grete Juliebø nestleiar organisasjon Per Are Sørheim medlem H Gerd-Marianne Velle medlem organisasjon Gunnar Gausdal medlem organisasjon Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Elling Kvistad Ingen møtte som vara for Øyvind Sandvik 3.politisk valde fast medlem Organisasjon Frå administrasjonen møtte: Namn Toril Langlo Politisk sekretær, førte protokoll frå møtet Gunnar Gausdal og Elling Kvistad vart valde til å signere protokollen saman med leiar.
Orientering i møtet 1. Leiar orienterte om at etter at saklista var utsendt, vart fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma si møteinnkalling til møte 29.01.14 utsendt til leiar i rådet, til orientering. Leiar viste til nokre opplysningar der, som rådet kan ha interesse av, m.a.: Det blir konferanse for kommunale råd i 2014 over ein dag. Tidspunktet vil vi kome tilbake til. Ny handlingsplan for universell utforming er venta første halvår 2014 frå Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet Deltasenteret har oppretta ei ny temaside: Nyheter frå rådene, der råda kan sende inn nytt om sitt virke, som tips til andre Ruteendringsprosessen buss 2014. Her går det fram at busstilbod gjennom Kviven er innstilt. Situasjonen i dag er at passasjerar som skal reise til Oslo om morgonen frå Ørsta har eit tungrodd og lite universelt utforma tilbod. Frå Ørsta startar det med å ta ein buss til Volda ferjekai, ta med koffertane om bord i ferja, ta dei i land på Folkestad, gå om bord i ein minibuss til Hjelle der det er bussbyte for vidare tur til Oslo. Kven blir freista av å nytte offentleg transport av dette tilbodet? Dersom det gjekk direkte rute gjennom Kviven, ville reisa vere både raskare, billegare, og enklare for alle. Passasjerane må kome meir i fokus. 2. Brukarrepresentant i Hamna dagsenter. NFU Volda/Ørsta har oppnemnd: Turid Tjugen, Dalsfjord, som brukarrepresentant i Hamna dagsenter. SAKLISTE Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 2/14 PS 3/14 PS 4/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av protokoll frå førre møte Referat og meldingar RS 1/14 Melding om vedtak i råd for funksjonshemma 14.01.14, sak PS 1/14: Retningsline for merking og skilting i friluftsområde 2014/124 RS 2/14 Ferdigattest Amfi kjøpesenter 2014/14 RS 3/14 Synfaring kontoret for Frivillighetssentralen 2014/14 RS 4/14 Ørsta får likestillingsrefs, Møre Nytt 14.01.14 2014/14 PS 5/14 Gnr/bnr 165/2 - Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for bygging av gangbru over Bondalselva Fremste-Holen 2013/1573 PS 6/14 Årsmelding 2013 - råd for likestilling av funksjonshemma 2014/14 PS 7/14 PS 8/14 Aktivitetsplan 2014 - råd for likestilling av funksjonshemma Eigenbetaling kommunal transport 2014/14
PS 2/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøytes godkjend. Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøytes godkjend. PS 3/14 Godkjenning av protokoll frå førre møte Protokoll frå arbeidsmøtet 14.01.14, og frå rådet sitt møte 02.12.13 vart samrøystes godkjende. Protokoll frå arbeidsmøtet 14.01.14, og frå rådet sitt møte 02.12.13 vart samrøystes godkjende. PS 4/14 Referat og meldingar Referatsakene vart refererte med følgjande merknad til: -RS 2/14 Ferdigattest for AMFI kjøpesenter. Saka vart drøfta. Rådet konstaterer at ferdigattest er gjeven, men peikar på at minstemåla for parkeringsplass for funksjonshemma ikkje er stetta. -Einingsleiar kommunalteknikk vert invitert til å møte i rådet og orientere når svar på søknad om stønad til universell utforming ligg føre.
-RS 3/14 Frivilligsentralen vert oppmoda om å sette plakat både utanfor og inne i heisa med kontakttelefonnr. og kontaktperson viss heisa er ute av drift. -RS 4/14 Ørsta får likestilingsrefs. Leiar viser til at levekårsutvalet no har ansvaret for likestilling i kommunen. RFF oppmodar levekårsutvalet om å ta planen for likestilling som tema i sitt møte. -RS 5/14 t.o.m. RS 8/14 Søknader om friluftsmidlar. Miljøvernleiar blir bedt om å møte i rådet når svar på søknadene ligg føre, slik at han kan orientere rådet. Referatsakene vart refererte utan andre merknader. Referatsakene vart refererte med følgjande merknad til: -RS 2/14 Ferdigattest for AMFI kjøpesenter. Saka vart drøfta. Rådet konstaterer at ferdigattest er gjeven, men peikar på at minstemåla for parkeringsplass for funksjonshemma ikkje er stetta. -Einingsleiar kommunalteknikk vert invitert til å møte i rådet og orientere når svar på søknad om stønad til universell utforming ligg føre. -RS 3/14 Frivilligsentralen vert oppmoda om å sette plakat både utanfor og inne i heisa med kontakttelefonnr. og kontaktperson viss heisa er ute av drift. -RS 4/14 Ørsta får likestilingsrefs. Leiar viser til at levekårsutvalet no har ansvaret for likestilling i kommunen. RFF oppmodar levekårsutvalet om å ta planen for likestilling som tema i sitt møte. -RS 5/14 t.o.m. RS 8/14 Søknader om friluftsmidlar. Miljøvernleiar blir bedt om å møte i rådet når svar på søknadene ligg føre, slik at han kan orientere rådet. Referatsakene vart refererte utan andre merknader.
RS 1/14 Melding om vedtak i råd for funksjonshemma 14.01.14, sak PS 1/14: Retningsline for merking og skilting i friluftsområde RS 2/14 Ferdigattest Amfi kjøpesenter RS 3/14 Synfaring kontoret for Frivillighetssentralen RS 4/14 Ørsta får likestillingsrefs, Møre Nytt 14.01.14 RS 5/14 Søknad om friluftsmidlar - istandsetting rullestolsti og fiskeplattform Rjånes RS 6/14 Søknad friluftsmidlar til informasjonsskilt Bondalseidet RS 7/14 Søknad om friluftsmidlar - tilrettelegging for universelt utforma badeplass Nakkestranda RS 8/14 Søknad friluftsmidlar til rydding av ein enkel tursti - Raudøya PS 5/14 Gnr/bnr 165/2 - Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for bygging av gangbru over Bondalselva Fremste-Holen Rådet meiner at bygging av brua er eit flott tiltak og har ikkje merknader til saka. Råd for likestilling av funksjonshemma (RFF) syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av gangbru over Bondalselva, med tilhøyrande tilkomstgangvegar. RFF finn at bygging av brua vil ha positive effektar for ei rekkje brukargrupper av turvegen langs Bondalselva og for bumiljøet i området. Ein føresetnad for dette er at den vert open for alminneleg og ålmenn bruk. På denne bakgrunnen tilrår RFF at det vert gitt dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for gjennomføring av tiltaket. RFF ber om at det vert stilt vilkår om at brua og tilkomstane til denne frå turveg, busslomme og kommunevegen vert universelt utforma så langt tilhøva på staden gjer dette mogleg. Rådet meiner at bygging av brua er eit flott tiltak og har ikkje merknader til saka. Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. TILRÅDING TIL VEDTAK: Råd for likestilling av funksjonshemma (RFF) syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av gangbru over Bondalselva, med tilhøyrande tilkomstgangvegar. RFF finn at bygging av brua vil ha positive effektar for ei rekkje brukargrupper av turvegen langs Bondalselva og for bumiljøet i området. Ein føresetnad for dette er at den vert open for alminneleg og ålmenn bruk. På denne bakgrunnen tilrår RFF at det vert gitt dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for gjennomføring av tiltaket. RFF ber om at det vert stilt vilkår om at brua og tilkomstane til denne frå turveg, busslomme og kommunevegen vert universelt utforma så langt tilhøva på staden gjer dette mogleg.
PS 6/14 Årsmelding 2013 - råd for likestilling av funksjonshemma Årsmeldinga vart teken til vitande. Det låg ikkje føre tilråding til vedtak. Årsmeldinga vart teken til vitande. PS 7/14 Aktivitetsplan 2014 - råd for likestilling av funksjonshemma Aktivitetsplan 2014: -Einingsleiar kommunalteknikk vert invitert å møte i rådet og orientere om svar på søknad om stønad til utbetring og universell utforming. -Miljøvernleiar vert informert om å møte i rådet og informere om svar på søknader om friluftsmidlar. -Arbeidet med ny plan for universell utforming -Rehabiliteringstilbod for yngre opp til 40 år. Ergoterapeut Monica Gustavsen blir bedt om å orientere rådet. -Bustader til unge funksjonshemma lokalisert mellom barnehagen og Bakkolamarka. Leiar etterlyser framdrifta i saka. Aktivitetsplanen kan reviderast når som helst med tiltak som er ønska av rådet. Det låg ikkje føre tilråding til vedtak. Fellesframlegg frå rådet til Aktivitetsplan 2014: -Einingsleiar kommunalteknikk vert invitert å møte i rådet og orientere om svar på søknad om stønad til utbetring og universell utforming. -Miljøvernleiar vert informert om å møte i rådet og informere om svar på søknader om friluftsmidlar. -Arbeidet med ny plan for universell utforming -Rehabiliteringstilbod for yngre opp til 40 år. Ergoterapeut Monica Gustavsen blir bedt om å orientere rådet. -Bustader til unge funksjonshemma lokalisert mellom barnehagen og Bakkolamarka. Leiar etterlyser framdrifta i saka.
Aktivitetsplanen kan reviderast når som helst med tiltak som er ønska av rådet. Vedtak samrøystes i samsvar med fellesframlegget. PS 8/14 Eigenbetaling for kommunal transportteneste Råd for likestilling av funksjonshemma rår til at eventuell eigenbetaling for kommunal transportteneste ikkje overstig maks kr. 500.- per månad. Saksoppslysning: Brukarane ved Hamna dagsenter har ikkje inntektsgjevande arbeid. Det låg ikkje føre tilråding til vedtak. Fellesframlegg til vedtak. Råd for likestilling av funksjonshemma rår til at eventuell eigenbetaling for kommunal transportteneste ikkje overstig maks kr. 500.- per månad. Saksoppslysning: Brukarane ved Hamna dagsenter har ikkje inntektsgjevande arbeid. Vedtak samrøystes i samsvar med fellesframlegget.