Norsk etnologisk gransking November 1977. Emne nr. 124 MARKNADEN



Like dokumenter
TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

Stemnehandboka for NKSF

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Brødsbrytelsen - Nattverden

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

«Ny Giv» med gjetarhund

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

mmm...med SMAK på timeplanen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Notat om historie og kulturlandskap

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lærarrettleiing 1. Kornartane

11. Bøker og bokomsetning

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kva er økologisk matproduksjon?

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

Brukarrettleiing E-post lesar

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

KJØTMAT. Norsk etnologisk gransking. Emne nr. 34 Mars 1952

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Velkomen til Mork barnehage

Forslag frå fylkesrådmannen

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Valdres vidaregåande skule

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Sporing og merking. Merking

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Transkript:

Norsk etnologisk gransking November 1977 Emne nr. 124 MARKNADEN Marknaden eller kjøpstemna var ein viktig lekk i eldre tids omsetning og varebyte. I Noreg var det truleg slike kjøpstemner alt i forhistorisk tid, og vi kjenner fleire norske marknader frå mellomalderen. Talet på marknader auka utetter i hundreåra, og spreidde opplysningar frå førre hundreåret viser at dei hadde stort verd for varebytet og sambandet mellom bygdefolk. I mange bygder var marknadsferda ein fast lekk i årsrytmen. Like frå mellomalderen og opp til vår tid har marknadshandelen vore regulert ved lov og andre offentlege vedtak. Stort sett har det vore så at statens lovgjevingsapparat gjer vedtak om dei generelle retningsliner som skal gjelde for marknadshandel, medan detaljreglar vert fastsette av kommunestyret. Den som vil ha strevet med det, kan såleis finne opplysningar om marknader i dei offentlege arkiva; tidlegare vart opplysningar om dei ymse marknader (tid og stad) også prenta i fleire almanakkutgåver. Men det viser seg at ikkje alle marknader er komne med i almanakka. Eit formål med denne lista er då så langt råd er å få fram opplysningar om alle dei marknader eller kjøpstemner som det er kunnskap om. Det gjeld dei lov- og vedtaksregulerte, men også kan hende særleg dei som ikkje var regulerte. I samband med dette vil vi også samle opplysningar om sjølve marknadsplassen, korleis han såt ut, kven som åtte han (offentleg eller privat eige) og kven som administrerte han. I marknadstida var han ein plass i offentleg bruk, og det var jo også andre slike plassar, t.d. båtstøa og seinare kaien. Opplysningar om marknadsplassen vil såleis gi oss større kunnskap om desse plassane til allmenn offentleg bruk. Lista har dessutan det formål å skaffe fram opplysningar om dei varer som vart omsette på marknaden og sist, men ikkje minst om det folkeliv som var knytt til marknaden. Lista har såleis mange formål. Emnet er stort, og det er komplisert. Marknadene var ulike dei hadde ulikt formål, og dei samla mange menneske som hadde ulike ærend. Av den grunn er det ofte vanskeleg å stille konkrete spørsmål om detaljar; mange av spørsmåla er runde og omfattande. Derfor må vi be om at den som får lista i hende, gir oss ei utførleg utgreiing om det som spørsmålet gjeld. Vi vil gjerne at han fortel laust og fast om det som gjekk føre seg under marknaden, om hendingar som han har vore med på, vore vitne til eller har høyrt om. Det beste er om dei vert tidfeste så godt råd er. Dersom alle gjer sitt beste i så måte, vert den kunnskapen som alle svara gir, størst mogeleg. Det er ein fordel om De fylgjer gangen i spørjelista, men De må gjerne bryte han dersom det er sakleg nødvendig. Dersom De har fotografi frå marknaden og marknadslivet, vil vi svært gjerne få lov til å avfotografere dei dersom De ikkje sjølv har høve til å gjere det på vår kostnad. 1

I. Marknader og marknadsplass 1. Var det ein eller fleire marknader i Dykkar bygd? 2. Kvar var marknadsplassen eller -plassane? 3. Kva tid på året var denne eller desse marknadene? 4. Kva kalla ein denne eller desse marknadene? 5. Dersom det ikkje var marknad i bygda, var det då ein eller fleire marknader utanfor bygda som bygdefolket søkte til? 6. Kvar var denne eller desse marknadsplassane? 7. Kva tid på året var denne eller desse marknadene? 8. Kva kalla ein denne eller desse marknadene? 9. Vi veit at det iallfall i førre hundreåret var sterk offentleg interesse for marknader og at fleire kommunestyre søkte staten om å få ein marknad i kommunen. Var den eller dei marknadene som De kjenner, komne i stand etter slikt offentleg tiltak, når og korleis skjedde det? Hadde marknaden noko tilknyting til eit fesjå, og korleis var i tilfelle denne? 10. Hadde den eller dei marknaden som De kjenner, vakse fram av seg sjølv? Kan De i tilfelle seie noko om grunnen til dette? 11. Har De kjennskap til at endringar i samferdsla (t.d. ny veg eller jernbane) har ført til at marknader har vakse fram? Sjå også spørsmål 76. 12. Korleis såg marknadsplassen ut? Dersom det er mogeleg, ser vi gjerne at De teiknar eit kart over plassen og merker av kor dei ulike aktivitetar gjekk føre seg (hestehandel, krøterhandel, salsbuer og liknande). 13. Kven åtte marknadsplassen, og kva vart han brukt til når det ikkje var marknad der? 14. Kven var det som administrerte marknadsplassen og sjølve marknaden (gav løyve til å setje opp salsbuer og liknande.)? 15. Var det faste innretningar, hus og liknande. som stod på marknadsplassen og som vart nytta bare i marknadstida? 16. Kven var det som åtte desse var det folk på staden eller folk frå andre distrikt? 17. Kva vart dei brukte til (sal, overnatting e.a.)? 18. Hadde dei ulike aktivitetar sine faste stader på marknadsplassen år etter år? 19. Kjenner De namn på lokalitetar som hadde fått namnet sitt etter dei som kom til marknaden (t.d. Ranværingsneset) eller etter sjølve marknaden (t.d. Markedsgata)? 20. Var det særskilt marknadspoliti, kven var i tilfelle med i dette og kven hadde organisert det? Var det særskilt arrestlokale? II. Vareomsetninga 21. Vart det omsatt livdyr på den eller dei marknadene som De kjenner, og kva for livdyr var i tilfelle det? Vi ynskjer å få vite korleis det var i så måte med alle dei marknader som De har nemnt ovanfor. Likså ynskjer vi å få vite kva for livdyr som var å få kjøpt på kvar marknad: hest, storfe (mjølkekyr, oksar, ungfe, kalvar), sau, geit og eventuelle andre. Kjenner De marknader der det bare vart omsett livdyr, og kva for marknader var i tilfelle det? 2

22. Kjenner De til at vaksne griser og/eller smågriser vart omsette på nokre av desse marknadene? 23. Kven var det som kom til denne eller desse marknadene for å selje livdyr? Vi ynskjer å få vite om det kom både hese- og krøterhandlarar med større drifter og bygdefolk med einskilddyr som dei ville selja. Dersom det var heste- og krøterhandlarar som årvisst møtte fram på marknadene, vil vi gjerne at De skal nemne namn og fortelje om karakteristiske trekk ved dei. Kjøpte dei også dyr på marknaden? 24. Har De noka meining om kven som baud fram dei fleste dyra handlarane eller bygdefolket og var det i så måte nokon skilnad mellom dei ulike dyreslaga? 25. Var det nokon skilnad marknadene i mellom i så måte? 26. Var det også selt gardsprodukt på den eller dei marknadene som De kjenner? Vi tenker her på: ost, smør; spekekjøtt, talg, huder tørrfisk, rekling, salt fisk, salt mort, spekemakrell og andre fiskeprodukt, guano tran eller lyse vilt poteter og rotfrukter høy, halm, sengehalm frukt ved, staur (kva slag), hoggestabbar never, bork Dersom De kjenner andre gardsprodukt som vart selde på marknaden må De vere gild å fortelje om det. 27. Var det oppkjøparar eller bygdefolk (produsentar) som i tilfelle baud fram slike varer? 28. Kven var det som i tilfelle kjøpte slike varer bygdefolk eller oppkjøparar? 29. Gjekk i tilfelle handelen føre seg på land eller frå båt? 30. Var i tilfelle handelen kontanthandel med pengar eller var det bytehandel med varer? Sjå også spørsmål 41. 31. Vart et også selt norske handverks- og husflidsprodukt på den eller dei marknaden som De kjenner, og kva for varer var i tilfelle det? Her vil det etter vår kunnskap bli tale om svært mange ulike produkt, Det er uråd å spørje etter alle, men vi nemner nokre kategoriar som kan vere aktuelle: a. Trevare av ymse slag: båtar, båtbord, årer, master, auskar gardsreiskap, t.d. river, orv, skaft, vogner, hjul, skjeker kjerald av mange slag senger, bord, stolar, kommodar og andre møbel rokkar b. Metallvarer: blekk- og koparty, t.d. kaffikjelar, spann o.a. knivar, ljåar, sigdar klavar og bjøller gjørtlararbeid i messing c. Sølvsmedvarer d. Skoty tresko e. Strikkevarer (spøt) f. Vevnad og ferdige klede, hattar og luer, pelsvarer Vi må be om at den som svarer, leiter godt i minnet og gjer sitt beste for å svare utførleg og konkret. Vi vil gjerne vå vite om det var visse varer av dette 3

slaget som ein rekna med å finne på marknaden, men dersom De har minne om uvanlege marknadsvarer, vil vi også gjerne få opplysningar om det. 32. Det er viktig for oss å få vite kven det var som baud fram slike varer på marknaden, dvs. om det var oppkjøparar eller produsentar, om det i siste tilfelle var handverkarar eller bygdefolk som baud fram varene. Dersom det var einskildpersonar som alltid eller ofte var å finne med slike varer på den eller dei marknadene som De kjenner, må De vere gild å nemne namn og fortelje oss kvar dei kom frå og kva dei selde, Det ville \og vere gildt om De kunne gi ein karakteristikk av dei, fortelje historier om dei eller hendingar som De har opplevd eller høyrt om og som kan gi opplysningar om korleis dei var. Dersom det høver best, kan De svare på spørsmål 31 og 32 under eitt. 33. Vart det også selt utanlandske handverks- og husflidsprodukt på den eller dei marknadene som De kjenner? Kva for varer var i tilfelle det, og kven var det som baud dei fram? Sjå spørsmåla 31-32. 34. Vart det også selt norske og/eller utanlandske industriprodukt på den eller dei marknadene som De kjenner? Også i dette tilfelle er det truleg mange varer som er aktuelle; til dømes nemner vi steintykrukker, porselens- og gipsfigurar, strikkballar, leikety, ballongar, honningkaker, o.m.a. Sjå elles spm. 31-32. 35. Var det særskilte telt eller buer der dei selde sukkerty, iskrem, varme pølser og liknande ting? Kva hugsar De spesielt i samband med desse? 36. Vart det selt maleri og/eller reproduksjonar på marknaden, og kven var det i tilfelle som selde? 37. Vart det selt bøker på marknaden, og kva slag bøker var i tilfelle det? 38. Vart det selt skillingsviser eller andre liknande trykk på marknaden? Dersom De har tatt vare på slike viser, ville vi svært gjerne få ta ein kopi av ei, dersom De ikkje sjølv har høve til å ta ein kopi og sende oss. Hugsar De tittelen på og innhaldet i slike viser som De ikkje har tatt vare på? 39. Var det omreisande fotograf som brukte å vere på marknaden, og kjenner De i tilfelle namnet hans? Sjå også spørsmål 60. 40. Eit kapittel for seg er handelen med klokker (ur). Vart det selt klokker frå bu eller stand på den eller dei marknadene som De kjenner, og kven var det i tilfelle som gjorde det? Det ser ut til at det var vanlig med klokkebyte under mange av marknadene, og vi vil gjerne få del i den kunnskap De har om dette. Var det slikt klokkebyte ved den eller dei marknadene som De kjenner, kven var det som dreiv med dette, var det einskildpersonar som merkte seg ut i så måte, og kvar på marknadsplassen gjekk klokkebytet føre seg? 41. Vi reknar med at mykje av handelen på marknaden var kontanthandel. Men vi ynskjer å få vite: a) Var det også bytehandel p på marknaden slik at einbytte vare mot vare? Kva for varer var det ein då bytte? Kan De fortelje noko om dei prisane som galdt i slik bytehandel? (Spørsmåla gjeld ikkje klokkebyte.) b) Var det også kreditthandel der kjøparen forplikta seg til å betale seinare? Kva for varer vart eller kunne verte omsett på denne måten, og korleis var i tilfelle vilkåra? 42. Deltok handelsmenn frå staden aktivt i marknadshandelen med eigne marknadstelt eller liknande? Kva var det då dei selde? 43. Har De nokon kunnskap om korleis handelsmenn på staden såg på marknaden og marknadshandelen? Har De t.d. høyrt ord frå dei om at dei likte eller mislikte det; kjenner De tiltak dei gjorde for å fremje eller meinka marknaden og handelen der, og kva var i tilfelle det? Når skjedde det? 4

III. Folkeliv På mange av marknadene har det vore eit særmerkt folkeliv, og spørsmåla i denne bolken har til formål å gå fram så mange opplysningar om dette som råd er,. Vi ser svært gjerne at De freistar å illustrere opplysningane ved å fortelje om hendingar som De har høyrt om, vore med på eller vore vitne til. 44. Var det mat å få kjøpt på eller nær ved marknadsplassen? Var det bare kaffimat å få kjøpt der, eller vart det også selt middagsmat? 45. Var dette eit matsal som gjekk føre seg bare på marknadsdagane, eller var det ein kafé (restaurant) som stod for det? 46. Dersom matsalet bare var for marknadsdagane, kven var det då som stod for det? Kom vedkomande att år etter år, og korleis var ustyret (hus fast eller provisorisk bu, telt e.a.)? 47. Vart det selt øl, vin og/eller brennevin der eller andre stader på marknadsplassen? 48. Var det lirekassemenner, tryllekunstnarar, sterke menn, karikaturteiknarar, silhouetteklipparar og liknande artistar, sirkus, fornøyelsespark med karusell, skytebane, kino og liknande. på eller ved marknadsplassen? Fortel om det som ein der kunne få sjå og vere med på; fortel også om dei stod for det. 49. Var det dans på eller ved marknadsplassen i marknadstida? Vart det i tilfelle dansa i hus eller i friluft (på bakken eller på danseplan)? Kven var det som stod for dette? 50. Vart det halde kristelege møte på eller ved marknadsplassen, og kven var det som i tilfelle stod for desse? 51. Vart det halde andre slag møte på eller ved marknadsplassen, kva slag møte var i tilfelle det og kven stod for dei? 52. Vart det i bygda eller byen arrangert møte eller fest for marknadsfolket, og kven var det som gjorde dette? IV. Marknadsferda Spørsmåla i denne boken har til formål å få fram opplysningar om marknadsferda kvifor folk reiste, korleis dei reiste og korleis dei hadde det medan dei var på marknaden. Vi reknar med at det var fleire grunner til at dei reiste. Nokre reiste sikkert for å selje, andre for å kjøpe; dessutan må vi tru at mange reiste bare for å sjå og oppleve marknaden. Dersom marknaden var i ein by eller på ein annan sentral stad, kunne ein også få ordne andre ærend samstundes. Bygdefolkets nytte av og interesse for marknaden var altså så mangeleis, og vi ville vere svært takksam om De kunne hjelpe oss med å få fram eit så klart og konkret bilete av dette som råd er. 53. Var marknadsferda ei årviss hending for den einskilde, eller var det noko han gjorde bare kvar gong han hadde bruk for det? 54. Kor mange reiste frå kvart hushald eller kvar gard, og kven var det i tilfelle som reiste? 55. Var det vanleg at tenarane hadde rett eller tinga seg rett til ei eller fleire marknadsferder for året? 56. Var det einskildpersonar i bygda som kvart år eller nokolunde årvisst reiste til marknaden for å selje, og kva for varer hadde de då med seg? 57. Var det vanleg at bygdefolk reiste til marknaden for å kjøpe, og kva for varer var det då vanleg dei ville kjøpe? 58. Var det vanleg at ein feste tenestefolk eller leigefolk under marknaden? 5

59. Var det vanleg at kjærastepar reiste saman til marknaden eller møttest der etter avtale for å byte ringar? 60. Var det vanleg å fotografere seg når ein var på marknad? Gjorde dei i tilfelle det hjå marknadsfotografen (sjå spm. 39) eller hjå ein fotograf på staden. Har De tatt vare på slike fotografi? 61. Var det vanleg at ein reiste til marknaden fordi ein visste eller vona at ein der kunne få ordne andre ærend? Slike ærend kunne sjølvsagt vere av mange slag, men vi kan vel dele dei i to grupper: a. ærend som ein kunne vente å få ordne fordi det kom mane slag menneske til marknaden, og b. ærend som ikkje vart ordna på sjølve marknadsplassen, men som ein ordna då, t.d. gjere opp med kjøpmannen for vare som ein hadde fått eller levert, gjere årvisse innkjøp (t.d. julehandel) eller innkjøp for bryllaup og mangt anna. 62. Var det vanleg at bygdefolk reiste til marknaden endå dei ikkje hadde noko ærend? 63. Korleis reiste dei? Vi vil gjerne vite om dei reiste kvar for seg eller i lag, om dei reiste med offentleg transport (rutebåt, jernbane, rutebil) eller med eigen transport og kva slag transport det var, korleis dei frakta varene dei eventuelt hadde med seg o.a. 64. Var det vanleg at rutebåten, bussen eller jernbana gjekk ekstratur i samband med marknaden? 65. Kor lenge vara marknadsreisa og opphaldet? 66. Korleis matstelte dei seg under marknadsreisa? 67. Korleis overnatta dei dersom dei måtte gjere det? 68. Kva gjorde dei i tilfelle om kveldane? 69. Var det visse varer som ein helst skulle ha med seg heim frå marknaden (marknadsgåve), t.d. honningkaker eller grisetenner (eit slag sukkerty)? 70. Var det særlege trusførestellingar knytte til marknadsferda og/eller marknaden? V. Ymse 71. Under marknaden møttest mange menneske frå ulike stader og frå ulike yrke. Det er derfor grunn til å tru at det var mangt å lære der. Kan De nemne konkrete døme på dette som De sjølv har opplevd eller har høyrt om? Det kan vere nye arbeids- eller driftsmåtar som ein såg eller høyrde om der og som ein tok i bruk, nye nytteplanter, nye reiskap eller reiskapstypar, båttypar, nye oppfinningar av mange slag,. Dersom De har noko å opplyse om dette, må De vere gild å fortelje om det så konkret og utførleg som råd er. 72. Kjenner De til at det er prenta utgreiingar eller opplysningar om den eller dei marknadene som De har fortal om, og kvar er dei i tilfelle prenta (bygde- eller bybok, tidsskrift eller andre stader)? VI. Marknaden i dag 73. Søkjer bygdefolket framleis allment til marknaden, korleis reiser dei og kvifor gjer dei det? 74. Kva for varer er å få kjøpt på marknaden i dag? Vi ynskjer at De skal bruke bok II ovanfor som disposisjon når De svarer på dette spørsmålet. 75. Er det nokon skilnad på marknaden og marknadslivet i dag og i eldre tid? 6

7