Onsdag 30.oktober: KI.19.00: Gudsteneste i Tuddal kyrkje. Preike vi prost Bjørn Bull Karlsen. Kyrkjekaffe etter gudstenesta.



Like dokumenter
kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Velkomen til soknerådskurs

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Strategidokument Varhaug Misjonshus

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Dato: Deres ref: Vår ref: / Saksbehandler: 01ufE. Teinum ( ) Filnavn: e:\oluft\protend.doc

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Sandeid skule SFO Årsplan

5. Soknerådsmøte mai Referat

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Strategidokument

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

10/60-14/N-211//AMS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Strategidokument Varhaug Misjonshus

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vår grøne. kyrkjelyd

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Velkomen til Mork barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Organisering av kyrkja.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

KYRKJELEG FELLESRÅD. Innkalling til møte i Fellesrådet KYRKJEVERJA I KVAM VEL M Ø T T! Til medlemene i Kyrkjeleg fellesråd i Kvam

Politisk program for Jølster KrF

«Ny Giv» med gjetarhund

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Kvalitetsplan mot mobbing

k o n f i r mant 2013

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I SVEIO 30. NOVEMBER 5. DESEMBER 2010

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

Månadsplan for Hare November

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Plan for overgangar. for barn og unge

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

19.00: Samrådingsmøte med sokneråd, kyrkjeleg tilsette og

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Månadsbrev for Rosa september 2014

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Transkript:

PROTOKOLL FRA VISITAS I HJARTDAL PRESTEGJELD 30. OKTOBER - 3. NOVEMBER 1991 vi fungerande biskop Leif Frivold Siste visitas i prestegjeldet var i juni 1980 vi biskop Erling Utnem. 1. PROGRAMMET FOR VISITASEN Følgjande program var sett opp for visitasen i prestegjeld: Hjartdal Onsdag 30.oktober: KI.19.00: Gudsteneste i Tuddal kyrkje. Preike vi prost Bjørn Bull Karlsen. Kyrkjekaffe etter gudstenesta. Helsing vi fungerande biskop Leif Frivold. Torsdag 31.oktober: KI.09.00: Skulegudsteneste i Sauland kyrkje. Preike vi sokneprest Bjarne Kleivane. " 10.15: Besøk på Hjartdal ungdomsskule. Biskopen svarer på spørsmål elevane. " 11.30: Møte med lærarane i grunnskulen. Innleiing til samtale vi undervisningskons. Jan Nilsen og fung.biskop. Hjartdal barne-og ungdomsskule. " 16.30: Besøk på Hjartdal Alders- og sjukeheim. Andakt vi soknepresten. Helsing vi fung. biskop. " 18.00: Drøftingsmøte vedr. kyrkjehus og kyrkjegardar. Sauland menighetshus. " 19.00: Samrådingsmøte med sokneråd, kyrkjeleg tilsette og leiarar i det friviljuge kristelege arbeid. Andakt vi prosten. Sauland menighetshus. Eredag 1. KI.09.00: " 10.00: " 11.00: " 16.00 : 19.00 : november: Kontorvisitas - Hjartdal sokneprestkontor. Besøk i Sauland barnehage. Møte med den politiske og administrative leiinga i Hjartdal kommune. Kommunehuset, sauland. Besøk - HVPU, Hågan, Sauland. Helsing vi fung. biskop. Gudsteneste i Sauland kyrkje. Preike vi stiftskap. Oluf Teinum. Kyrkjekaffe etter gudstenesta. Helsing vi fung. biskop. 1aurdag 2. november: KI.09.00: Samtaler med kyrkjelege tilsette. Sauland menighetshus. ~undag 3. november: KI.11.00: Visitasgudsteneste i Hjartdal kyrkje. Prosten intimerer. Fung. biskop preiker og held eit stutt visitasforedrag. Kyrkjekaffe etter gudstenesta.

- 2-2. REFERAT FRÅ SAMLINGAR, BESØK, M. V. UNDER VISITASEN Visitasen tok til med gudsteneste i Tuddal kyrkje. Prost bjørn Bull Karlsen heldt preike. Det var song ved ei songgruppe til akkompanjement av felespelar Knut Buen og organisten. Fungerane biskop Leif Frivold kom med ei helsing under kyrkjekaffien etter gudstenesta. Programmet torsdag starta opp med skulegudsteneste i Sauland kyrkje. Det var tekstlesing, song og bøner vi skuleborn. Sokneprest Bjarne Kleivane heldt preike. Biskopen samtalte med borna. Deretter fylgde spørjetime med ungdomsskuleelevane i Hjartdal i Sauland kyrkje. Elevane hadde på førehand laga spørsmål til biskopen, engasjerande spørsmål av personleg, etisk og trusmessig art. Ein engasjert biskop ga elevane klåre svar. Møtet med lærarane i grunnskulen vart halden på Sauland menighetshus. Skulesjefen ønskte velkommen. Undervisningskonsulent Jan A. Nilsen gjekk i si innleiing inn på samarbeidet kyrkje-skule. Han nemnde samanhengen mellom kyrkje og skule, og ga døme på korleis skulen har utvikla seg i demokratisk retning. Skulens førernålsparagraf streker under at kristendom ikkje berre er plassert i eit fag, men er heile skulen sitt grunnlag. Frå 1969 er ikkje kristendomsfaget lengre formelt å rekne som kyrkja si dåpsopplæring, men i praksis er skulen si kristendomsopplæring ei stor hjelp for kyrkja. "Plan for dåpsopplæring for Den norske kyrkja", som kjem denne hausten, inviterer til samarbeid med skulen, noko og M-87 gjer. Nilsen kom vidare inn på foreldreretten og den nære samanheng mellom dåp og oppseding. Han nemnde og den kristne kulturarven Som noko vi må ta vare på. Både kyrkja og skulen har felles verdiar som byggjer på det kristne livssynet. Dette saman med vår kyrkjeordning er årsak til at kristendomsfaget er eit konfesjonsbunde fag. Nilsen gjekk så vidare med det praktiske samarbeidet, og ga mellom anna praktiske råd til samarbeid om skulegudstenesta. Han anbefalte bispedømmerådet si brosjyre "Kirke og skole i samarbeid" som tipsmateriale for utarbeiding av lokale planar for samarbeid. Fungerande biskop nemnde i si innleiing nokre saker med relevans til kyrkje-skulesamarbeidet. Undergravinga av familielivet går utover borna. Noko er på gli som vi må få stoppa.

- 3 - mest utsette gruppe - o pa godt og vondt. Incest- og valdsofre. Dette er eit mykje større problem enn vi har vore klar over. Innvandrarborna. Fleire av dei vert mobba. A nytte dei 10 bodorda til hjelp til å navigere i livet sitt farlege farvatn. styrking av songen og musikken sin plass i Nytt den nye salmeboka! skulen. A ta vare på kulturen, til dømes gjennom markering av høgtidene. A gjere bibelen til ei bruksbok i skulen. Ei fokusering på skaparverk/miljø/forureining/menneskerettar. I samtalen som følgde, kom ein mellom anna inn på desse sakene: Til det konkrete kyrkje-skulesamarbeid i prestegjeldet. Fleire sa seg takksam for den gode kontakten med presten og det formaliserte samarbeid som alt er i gjenge. Godt samarbeid med organisten har fremja songen i skulegudstenesta, men og i den vanlege gudstenesta. Skulesjefen oppfordra til eit samarbeid ifastare former, og at presten kjem inn i planarbeidet for kristendomsfaget. Kvar går grensa mellom undervisning og forkynning? Undervisningskonsulenten sa at forkynning i form av direkte appell til tru ikkje er skulen si sak, men ein skal få fram at den kristne bodskapen er gjenstand for tru. Skulefritidsordningar. Det er lagt opp til ordningar i kommunen der den lokale kulturen er fundament,- med satsing på tradisjonell forming, musikk, folkevisedans, friluftsliv, m.v. Leiaren for skulestyret, Arne Austad, sa seg takksam for den innsatsen lærarane gjer. Skulen har stor betydning for samfunnet og er grunnmuren i samfunnet. A gje elevane ei kjensle av eigenverd er ei felles målsetting for kyrkja og skulen. på ettermiddagen var det besøk på Hjartdal Alders- og

- 4 - sjukeheim. Sokneprest Kleivane heldt andakt, medan biskopen kom med ei helsing der han mellom anna takka bebuarane for den innsatsen dei har gjort i samfunn og kyrkje, og likeeins takka han dei tilsette for det fine omsorgsarbeidet dei gjer. Drøftingsmøtet vedr. kyrkjer og kyrkjegardar vart halden på Sauland menighetshus. Biskopen var møteleiar. Til grunn for drøftingane nytta ein soknepresten si visitasmelding og synfaringsrapporten prost Bjørn Bull Karlsen si vitjing i prestegjeldet 28. september 1991. Prosten gjorde greie for tilhøva vedr. kyrkjene og kyrkjegardane. Jfr. bolk. 6: kyrkjer og kyrkjegardar. Sidan han skreiv rapporten er mange av av dei manglane han peikte på, utbetra. Forutan det som er peikt på i synfaringsrapporten, vart fylgjande nemnd: Tuddal kyrkje er 200 år i førebuast i god tid. o 1996. Eit jubileum som dette rna Biskopen takka kyrkjetenarar og kyrkjeverje for den innsatsen dei gjer. Samrådingsmøtet med sokneråd, kyrkjeleq tilsette og leiarar i det friviljuge kristelege og humanitære arbeid i prestegjeldet gjekk føre seg på Sauland menighetshus. Møtet vart opna med andakt vi prost Bjørn Bull Karlsen. 1. innleiar, sokneprest Bjarne Kleivane, kom mellom anna inn på desse ønskja/utfordringane for kyrkjelydane fram mot år 2000: å få med fleire, vinne nye, å bevare dei som er med, få falne attende til nåden Gud gjev i dåpen, å trufast samlast om ord og sakrament. Gudstenesta er hovedsamlinga der vi høyrer heime. å legge planar, tenke saman med omsyn til det vidare arbeid, at ein stør einannan som fellesskap og oppmuntrer einannan, ei vidare satsing innen områda dåpsopplæring, diakoni og misjon. 2. innleiar Anne Karine Austad retta fokus på to felt: 1. sundagsskolen. Ho opplyste at ca. 40% av borna i prestegjeldet er med i sundagsskulen. Ei utfordring framover er å nå felire born og foreldre. Ho nemnde det fine tiltaket med blomehelsing til fødeklinikken til mødre som har barn i sundagsskulen.

- 5-2. speidararbeidet. Ein har no 49 medlemer. Dei eldste speidarane er 17 år. 8-åringane står i kø for å få vere med. Eit ynskje er å få med fleire leiarar. Undervisningskonsulent Jan A. Nilsen skisserte opp denne målsettinga både for kyrkjelydenes totale verksemd og for undervisningsverksemda spesielt: å vinne og bevare. For å nå nye, ga undervisningskonsulenten råd om å ta i bruk dei høve ein har til å kome i kontakt med foreldre av t.d. 4 åringar og konfirmantar. Han anbefalte bruk av den nye dåpsopplæringsplanen som ei hjelp til ansvarleg oppfølging av alle dåpsborn. Vidare ynskte han seg oppretting av ei tenkjegruppe/dåpsopplæringsutval for prestegjeldet. Diakonikonsulent Helge Bie Riber sa seg glad for det gode sosiale nettverk og kontakten som er mellom menneska i bygdelaga. Ut "Plan for diakoni i Den norske kyrkje" definerte han diakoni ut dei tre stikkorda: omsorg, fellesskapsbyggjande arbeid og teneste for dei som lid naud. Han så mellom anna følgjande utfordringar/tiltak som viktige: fellesskap for ungdom å gjere noko for dei arbeidsledige besøke sjuke og einsame omsorg for psykisk utviklingshemma tiltak mot angst/depresjon og sjølvmordstankar, abort, overgrep mot born, kvinner og eldre. Riber anbefalte skiping av eit diakoniutval som eit koordinerande organ. Nokre moment samtalen etter innleiingane: Fleire ytra ynskje om å få istand eit fast felles planleggingsmøte til utveksling av tankar, gleder og sorger. "Arven" kan nyttast til å spreie program for dei ulike verksemdene i kyrkjelydane. A nytte sundagen til gudsteneste gjev noko, og er eit vitnemål om at ein treng noko. Det viktigaste er at Guds folk kjem saman, lovpriser og ber saman og opplever nattverdsfellesskapen. Sidan det berre er ei gudsteneste kvar 3. sundag i dei tre kyrkjene, lyt ein oppsøkja kvarandre. Avstandene er ikkje så store i Hjartdal.

- 6 - I si oppsummering peikte biskopen på følgjande utfordringar: 1. A få oppretta stilling som kyrkjeverje/kyrkjelydssekretær. 2. Styrking av gudstenestelivet. 3. Forbøn for kvarandre, for presten og dei andre tilsette. Be om vekkjing, og takk Gud for alt det gode som skjer. Programmet på fredagen starta opp med kontorvisitas på sokneprestkontoret. Biskopen skreiv under kyrkjebøker og protokollar, som under prosten sitt besøk var kontrollert og funnen i god orden. Kontortilhøva må ein snart gjere noko med. Dei er lite eigna til offentleg bruk. Etter dette besøkte biskopen Sauland barnehage der han samtalte med borna og dei tilsette. Soknepresten delte ut TRIPP-TRAPP materiell til borna. Møtet med den politiske og administrative leiinga i Hjartdal kommune vart halden på Fossen Kro, Sauland. Frå kommunen møtte: ordførar Olav Tho rådmann Asmund Bringsås avd. ingeniør Willy Møllberg Frå kyrkja: fungerande biskop Leif Frivold prost Bjørn Bull Karlsen sokneperst Bjarne Kleivane stiftskapellan Oluf Teinum soknerådsformann i Sauland, Frøydis Hagene Skoie soknerådsformann i Tuddal, Ingebjørg Flugorr soknerådsformann i Hjartdal, Ingrid Thora Nordbø Oddbjørg Følgjande saksliste var sett opp for møtet: 1. Kyrkjeverje/fellesråd 2. Innvendig restaurering - Sauland kyrkje 3. Rullestoladkomst til kyrkjene 4. Prestekontor/kyrkjelydskontor Ordførar Olav Tho ønskte velkomen og ga ei interessant orientering om forholda i kommunen. Biskopen sa seg takksam for den innsats kommunen har gjort på kyrkjesektoren. Han sa at kyrkja no i sterkare grad er ei kommunekyrkje enn ei statskyrkje, og at dette vert godt tatt

- 7 - hand om i Hjartdal. Til sak 1. Kommuneplanen for Hjartdal føreslår oppretting av fellesråd 1.1. 1992. på budsjettet er det sett av kr. 30.000,- til kyrkjeverjestilling(ca. 20% stilling). Frå sokneråd og prest vart det ytra ynskje om 1/3 stilling. Det vidare registreringsarbeid vil krevje det. Det er von om at denne stillinga kan kombinerast med kyrkjelydssekretærstilling. Prosten strekte under at ei god kyrkjegardsdrift er lønsamt for kommunen, då dette til dømes kan kan frigje plass, slik at ein slepp utviding av kyrkjegardane. Ein lyt vurdere ei heving av festeavgifta. Dette i kombinasjon med dei rutinane ei kyrkjeverjestilling vil gje, får positive økonomiske konsekvensar. Rådmannen nemnde at ein i drøftingar vedr. organisasjonsplanen for kommunen har vore inne på tanken å kombinere kyrkjeverjestillinga med ei anna stilling, og arbeider vidare med dette. Ordføraren bad sokneråda fremje saka fram for politikarane, og bad om konkrete, prioriterte planar. Kyrkja må kome inn med sin delplan i kommuneplanen. Til sak 2. Restaureringsarbeidet i Sauland kyrkje vil verte omfattande, og ein lyt her planleggje på lengere sikt. Kyrkjekonsulent Arne Sæther i kyrkjedepartementet må koplast inn i dette før ein gjer noko som helst av restaurering.. Til sak 3. Ein lyt synfare kyrkjene med tanke på rullestoladkomst. Dette vil ikkje vere av dei store ting å løyse. Til sak 4. Ordføraren gjorde kjent at det vert ledige kontor i sine lokale, og bad sokneråda vere tidleg ute med å plass til prestekontor/kyrkjelydskontor der. E-verket søkje om Etter middagen var der besøk på HVPU, Hågan med helsing av fungerande biskop. Under gudstenesta i Sauland kyrkje intimerte fungerande biskop medan stiftskapellan Oluf Teinum heldt preike. Laurdagen var sett av til samtaler med kyrkjeleg tilsette. 3. FOLKETAL, BOSETTINGSMØNSTER OG UTVIKLING SIDAN SISTE VISITAS Dengang som no har prestegjeldet tre sokn: Hjartdal, Sauland og Tuddal. Det bur ca. 1.730 innbyggjarar i prestegjeldet. Det er ei auke på ca. 90 sidan siste visitas. Det er ikkje venta noko nemnande auke i åra som kjem.

hand om i Hjartdal. - 7 - Til sak 1. Kommuneplanen for Hjartdal føreslår oppretting av fellesråd 1.1. 1992. på budsjettet er det sett av kr. 30.000,- til kyrkjeverjestilling(ca. 20% stilling). Frå sokneråd og prest vart det ytra ynskje om 1/3 stilling. Det vidare registreringsarbeid vil krevje det. Det er von om at denne stillinga kan kombinerast med kyrkjelydssekretærstilling. Prosten strekte under at ei god kyrkjegardsdrift er lønsamt for kommunen, då dette til dømes kan kan frigje plass, slik at ein slepp utviding av kyrkjegardane. Rådmannen nemnde at ein i drøftingar vedr. organisasjonsplanen for kommunen har vore inne på tanken å kombinere kyrkjeverjestillinga med ei anna stilling, og arbeider vidare med dette. Ordføraren bad sokneråda fremje saka fram for politikarane, og bad om konkrete, prioriterte planar. Kyrkja må kome inn med sin delplan i kommuneplanen. Til sak 2. Restaureringsarbeidet i Sauland kyrkje vil verte omfattande, og ein lyt her planleggje på lengere sikt. Kyrkjekonsulent Arne Sæther i kyrkjedepartementet må koplast inn i dette før ein gjer noko som helst av restaurering. Til sak 3. Ein lyt synfare kyrkjene med tanke på rullestoladkomst. Dette vil ikkje vere av dei store ting å løyse. Til sak 4. Ordføraren gjorde kjent at det vert ledige kontor sine lokale, og bad sokneråda vere tidleg ute med plass til prestekontor/kyrkjelydskontor der. i o a E-verket søkje om Etter middagen var der besøk på HVPU, fungerande biskop. Hågan med helsing av Under gudstenesta i Sauland kyrkje intimerte fungerande biskop medan stiftskapellan Oluf Teinum heldt preike. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi i Sauland menighetshus med mellom anna intervju med biskopen, opplesing Jens Nilssøn si visitasreise og lysbilde stadene det skrivast om. Laurdagen av sett av til samtaler med kyrkjeleg tilsette. 3. FOLKETAL, BOSETTINGSMØNSTER OG UTVIKLING SIDAN SISTE VISITAS Dengang som no har prestegjeldet tre sokn: Hjartdal, Sauland og Tuddal. Det bur ca. 1.730 innbyggjarar i prestegjeldet. Det er ei auke på ca. 90 sidan siste visitas. Det er ikkje venta noko nemnande auke i åra som kjem.

- 8-4. BEMANNINGA I KYRKJELYDANE, M.V. Prestegjeldet har ein prest, som er sokneprest for prestegjeldet. Alle tre sokn har klokkar, kyrkjetenar og organist i deltidsstillingar. For tida er det vikar i kyrkjeverjestillinga. Ein arbeider med oppretting av fellesråd med kyrkjeverje som sekretær for dette. Det inneber at noverande kyrkjeverjestilling må utvidast. Det er eit klårt behov for kyrkjelydssekretær/kyrkjelydsarbeidar i prestegjeldet, ikkje minst med tanke på barne- og ungdomsarbeidet. Dette er ein stillingstype som lett kan kombinerast med ei kyrkjeverjestilling. Bemanninga i prestegjeldet: Bjarne Kleivane, sokneprest 1983 Aslaug Langåsdalen, uløna bokførande kyrkjeverje Hjartdal Kjetil Fosse, uløna bokførande kyrkjeverje, Sauland Torkjell Tjønn," ", Tuddal Kjetil Frøyland, klokkar, Sauland Ruth Eie Sundvor, organist Sauland og Tuddal Gunnar Lofthus, kyrkjetenar, Sauland Olav Aakre, kyrkjetenar, Sauland Aslaug Langåsdalen, klokkar, Hjartdal Ingrid Tora Nordbø, organist, Hjartdal Gunnar Lofthus, kyrkjetenar, Hjartdal Ingebjørg Flugon, klokkar, Tuddal Olav Aakre, kyrkjetenar, Tuddal " 1981 1980 1989 1989 1990 1950 1972 1987 1989 5. KYRKJELYDSTILHØVE Det er et mykje omfattande arbeid på gang i prestegjeldet. Presten og dei andre kyrkjeleg tilsette utfører eit solid og godt arbeid. Det same må og seiast om sokneråda sitt arbeid. Det vert halde dåpssamtalar med foreldra i heimane eller på prestekontoret. Boka "Dåp i Guds hus vert delt ut og fadderana får tilsendt ei helsing på 1, 2 og 3-års dagen for dåpen besøker presten dåpsbarn og foreldre. "Barnas kyrkjebok" vert delt ut til alle 4-åringar. Alle 4. klassingane får tildelt eit ny-testamente. Det er ei stor utfordring å få igang eit ungdomsarbeid i regi av kyrkjelydane. For tida ligg både klubbarbeid og korarbeid nede.

- 9 - Det er eit mykje godt arbeid i gang med sundagsskulane, der 40 % av borna i prestegjeldet er med. Likeeins er det eit fint speidararbeid i gang for born og unge opp til 17-års alderen. Presten har regelmessige besøk på alders- og sjukeheimen. Det vert gjort eit viktig arbeid i samband med kyrkjelydsbladet "Arven". Det er ein viktig og strategisk preikestol i kyrkjelydane. statistikken syner ei jamn auke i tal for gudstenestedeltaking dei seinare åra. Tala for ofringar og og gåver syner ei markant auke. Sauland soknekor, Hjartdalskoret og ei songgruppe Tuddal er ei beriking for livet i kyrkjelydane og for gudstenestene i prestegjeldet. Når det gjeld det friviljuge arbeid for indre- og ytre misjon, så har det lange og solide tradisjonar i prestegjeldet, og mange er engasjerte i dette arbeidet. Det er til stor inspirasjon i misjonsarbeidet at det er to misjonærar prestegjeldet ute i misjonen sin teneste. 6. KYRKJEHUS OG KYRKJEGARDAR Alle kyrkjehusa i prestegjeldet er generelt i god stand. Det same kan seiast om kyrkjegardane, som vert pent halden. Dette fortener kommunane ros for saman med kyrkja sine tilsette. Hjartdal kyrkje er ei vakker og varm krosskyrkje. Sidan siste visitas er kyrkja isolert, høgtalaranlegg med teleslynge, lesepult og brannsikra skåp er anskaffa og vatn er lagt inn. Bakom preikestolen er det laga eit tenleg rom til soknerådsmøte m.v. Ei så fin kyrkje fortener eit godt orgel. Det gamle er for lite og for dårleg og er mogent for utskifting. Kyrkja har ikkje adkomst for rullestolbrukarar. Sauland kyrkje treng innvendig restaurering. Ein lyt her planlegge på lengre sikt, og gjerne då i samråd med kyrkjekonsulent Arne Sæther for å finne fram til eit godt resultat. Det er igang arbeid med å få lagt inn vatn. Parkeringsforholda er ikkje gode, men forholda ligg vel til rettes for ei grei løysing. Tuddal kyrkje er godt vølt. Kyrkja vart måla utvendig i 1986. Noko isolasjonsarbeid er utførd. Det er skaffa lesepult og høgtalaranlegg med teleslynge. Rullestolbrukarar kan her nytte sidegangane i kyrkja. Det registrerast som positivt at det i reguleringsplanen er tenkt på ny parkeringsplass for kyrkja. Det er viktig å få

- 10 - gjort noko med dette. Det er ikkje lagt inn vatn og vask i lyt ordne. kyrkja. Det er ting ein Det ligg føre planar for flytting og utviding av bårehuset i Hjartdal. Bårehuset i Sauland er under utviding med toalett og opphaldsrom for kyrkjetenar/gravar. Bårehuset i Tuddal treng mindre utbetringar. Her er det opphaldsrom med dusj for kyrkjetenar/gravar i skulekjellaren. på Hjartdal og Tuddal kyrkjegard er det gjort grundige resistreringsarbeid og nye kart er teikna. på Sauland kyrkjegard er arbeidet med registrering i god gjenge, og omregulering kan no finne stad. Fast merker må plasserats på alle kyrkjegardane. Det må gjerast noko med kyrkjegardsmuren i Tuddal og med gjerdet der, som delvis er falleferdig. Sauland og Tuddal har menighetshus, som er i mykje nytta, og er tenlege reidskap for arbeidet i kyrkjelydane og for anna foreiningsverksemd. Sokneprestkontoret lyt ein så snart som råd er flytte ut av prestegarden, dette både av omsyn til prestefamilien og til kontorforholda, som er tronge og lite eigna til offentleg bruk. Det er gjort mykje med prestebustaden i det siste, men det står att noko vølings- og utbetringsarbeid. 7. KONKLUSJONAR I visitasgudstenesta under gudstenesta i Hjartdal kyrkje, oppmoda fungerande biskop dei tre kyrkjelydane til å prioritere følgjande i tida framover: 1. Ei styrking av gudstenestefellesskapen. Sundag må på nytt verte kyrkjedag. Vi held på å misse den som heilag dag. Gudstenestelivet er sjølve hovudnerva som alt spring ut. Jfr. Ap.gj. 2,42. Om alle kristne menneske i Hjartdal prestegjeld gjekk til kyrkje, ville kyrkjehusa verte for små. Tenk for eit vitnemål det ville vere om gudstenesta vart midtpunktet som samla alle truande! Sats på å få med fleire born og unge til gudsteneste. Born og unge må takast på alvor som fullverdige gudstenestedeltakarar. Gudstenesta skal vere kyrkja si storfamiliesarnling, og vere ein heim for alle generasjonar. 2. Barne- og ungdomsarbeidet. Sats vidare på dette arbeid! Bygg det ut, og styrk det som er i gang! Ta dykk av leiarane og gje dei god støtte! Sats på leiartrening! Ta i bruk planen for dåpsopplæring som no kjem! Den er eit ressursdokument og ein idebørs for arbeidet på denne

- 11 - sektor i kyrkja vår. styrk samarbeidet med skulen! 3. Diakoni. Vi opplever ei stor omsorgssvikt i samfunnet vårt i dag. Fleire og fleire får det godt, - men fleire og fleire får det vondt. Menneske i krise, born som lid, arbeidsledige, einsame, innflyttarar, sjuke og skrøpelege, og alle andre ikring oss som har det vanskeleg og lid, vedkjem oss i kyrkja! Vi kan ikkje løyse alle problem, men saman kan vi gjere noko for å hjelpe menneske som har det vondt. ut historia kan vi seie at kyrkja har gått føre i det å hjelpe menneske i naud. Lat oss halde fram med det! Diakoni er evangeliet i praksis. 4. Evangelisering. Det er viktig at kyrkja ikkje vert ei "ghetto-kyrkje", som gjer at vi slår oss til tåls med det vi har og dei vi alt har kontakt med. Sa ikkje Jesus at vi skulle "gå ut"? Det er store grupper som idag går både kyrkja og bedehuset si dør forbi - grupper av menneske som er døypt og høyrer til i kyrkja vår. Det er ei stor utfordring! 5. Bøn og forbøn. Vi gjer vel i å følgje dei mange og sterke oppmodingane Guds ord gjev oss til å leggje alt fram for Gud i bøn. Det gjev tryggleik i fåre, styrkje når ting går imot og frimod til teneste. Vi minnest med vørdnad orda til Kong Olav om forbøn i boka "Lær oss å be": "Det er Kirkens og de troendes oppgave å... bevare evangeliet som en bærende kraft i vår nasjon... En styrket forbønnstjeneste vil gi større åndskraft til å bære frem det kristne vitnesbyrd". Med dette ville han vere med å "styrke en målrettet bønnebevegelse i Norge". Lat oss følgje rådet som vår avlidne konge gav! Styrk bønetenesta - og bed særskilt for presten og dei andre kyrkjeleg tilsette og sokneråda! Lat meg til sist få helse dykk alle med den paulinske helsinga: "Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!"