2014 til 2020. Omsorgsplan for Fitjar kommune. Plangruppe Fitjar Kommune. «Fitjar; ein god stad å leva»



Like dokumenter
1. Mål med samhandlingsreforma

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Saksnr Utval Møtedato

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Samhandlingsreformen

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Frå visjon til realitet November 2012

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Handlingsprogram 2015

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Samhandlingsreforma bakgrunn, målsetting og tiltak. Foredrag på Fagpolitisk konferanse for ergoterapeutar Molde, 11. november 2009

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Omsorgsplan. for Lom kommune Gjestfri og nyskapande. Omsorgsplan Innhaldsliste

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Vegen fram til ØH-sengerplanar

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Mestring og deltaking heile livet

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Partane sitt ansvar for helse- og omsorgsoppgåver og tiltak partane skal utføre

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Samarbeid om førebyggjing

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Informasjon til pasientar og pårørande

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Samhandlingsreforma - framdrift og organisering 2010 og 2011

VERDIDEBATT OMSORGSTENESTENE I GOL. OMSORGSPLAN

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Planprogram. Kommunedelplan helse og omsorg. Tematisk kommunedelplan for helse og omsorg

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Undervisningsheimetenester i Ottadalen

Vågå kommune Felles tenester

Samhandlingsreforma - oppretting av arbeidsgruppe i Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

«SAMHANDLINGSREFORMA» STATUS OG PLANAR. LUSTER; Lokale forhold og føresetnader for reforma; - Geografi og avstandar. - Struktur og økonomi.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Fleire eldre- langsiktig planlegging

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Transkript:

2014 til 2020 «Fitjar; ein god stad å leva» Omsorgsplan for Fitjar kommune Plangruppe Fitjar Kommune 2014 til 2020

1 Innleiing 1.1 Mandat 2 Føresetnader for omsorgsplanen 2.1 Omsorg 2.2 LEON- BEON-prinsippet 2.3 Omsorgstrappa i Fitjar 2.4 Universell utforming 2.5 Lovverk 2.5 Spesialisthelsetenester 3 Nasjonale mål og føringar 3.1 Omsorgsplan 2015 3.2 Samhandlingsreforma 3.3 Omsorgsteknologi 4 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta 4.1 Dagens organisering av pleie- og omsorgstenestene 4.2 Oversikt/omfang av dagens tenesteyting. 4.3 Institusjonstenester/Fitjar bu- og behandlingssenter, kort historikk. 4.4 Heimebaserte tenester idag: 4.5 Psykisk helse 4.6 Tenester til rusavhengige: 4.7 Fysioterapi 4.8 Tilleggsfunksjonar på sektoren: 4.9 Folkehelse: 5 Utviklingstrekk og utfordringar fram mot 2020 5.1 kvalitet 6 Kompetansebehov for perioden 2014-2020 7 Demografi 8 Framtidige omsorgstilbod 9 Konklusjon og tiltaksplan 10 Viktige lovverk 1

1 Innleiing Det er naudsynt for kommunane å lage ein god omsorgsplan for å møte både dagens og framtidas utfordringar med fleire grupper som treng omsorgstenester og helsetenester. Stortingsmeldinga: «Omsorgsplan 2015» føreset langsiktig planlegging av bygningsmessige investeringar, personellrekruttering, kompetanseutvikling, utdanningskapasitet og tilrettelegging av fysiske og sosiale omgjevnader. Planarbeidet må føregå både på kommunalt og statleg nivå, og føreset eit tett samspel mellom statlege fagmynde og kommunesektoren. Fitjar kommune har diverse planar på omsorgssektoren som er forelda, og ein er samde om at endringar i nytt lovverk og samhandlingsreforma gjer at desse bør no integrerast i ein og same «Omsorgsplan». Det vart våren 2013 nedsett ei arbeidsgruppe for arbeidet: Frå Utval for oppvekst og omsorg Grete Marit Veka Maraas Leiar for heimbaserte tenester Iren Hamborg Leiar for Fitjar bu- og beh. senter Ellen Sandsmark Leiar Koordinerande eining/folkehelsekoordinator Kari Raunholm Tillitsvald frå Fagforbundet Turid Dalen Tillitsvald frå Sjukepleiarforbundet Trude Miland Helland Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen sekretær Innleiingsvis i kap. 1 til og med 3 klargjer ein ord og omgrep som er føresetnader for organisering og tenesteyting på området pleie- og omsorg. Vidare ligg lovverk, nasjonale mål og føringar til grunn. Samhandlingsreforma er ei av dei siste føringane som dannar grunnlaget for tenesteyting i planperioden frå 01.01.12 med denne reforma kom det og nye lovverk som kommunen må forhalde seg til - Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester, ny lov om folkehelsearbeid og ny forskrift om ei verdig eldreomsorg (Verdigheitsgarantien, i kraft frå 01.01.2011). Desse vil ein sjå nærare på seinare i planen. Stortingsmelding nr. 29 om «Morgendagens omsorg» vart lagt fram i april 2013, og byggjer på dei tidlegare ovannemnde Stortingsmeldingane. Meldinga legg vekt på ein aktiv alderdom, førebygging av sjukdom, heimerehabilitering, innovasjon i omsorg, utvikling av omsorgsteknologi. Den legg vidare større vekt på samspelet mellom familieomsorg, frivillegheit inn i omsorgstenestene. Frå kap. 4 til og med 6 skriv ein om stoda i dag når det gjeld ulike deltenester, samarbeidspartar og økonomi. Dette i lag med utviklingstrekk og utfordringar er utgangspunktet vidare. Frå kap. 7 ser ein på den framtidige kommunerolla og framtidas omsorgsbehov. Til sist ser ein på rekruttering og kompetansebygging, før ein avslutningsvis summerer ein opp kva som bør gjerast i nær framtid for at vi skal få dekt våre omsorgstenestebehov. 2

1.1 Mandat Arbeidet med omsorgsplan skal ta utgangspunkt i statlege føringar, Stortingsmelding 25 Omsorgsplan 2015 Mestring, muligheter og mening, «Samhandlingsreforma» av 2012, og «Morgendagens omsorg» av 2013. Arbeidet må belyse følgjande punkt: Kvalitet og omfang på pleie- og omsorgstenestene i Fitjar kommune, nivå på tenestene, LEON-prinsippet, omsorgstrappa. Serviceerklæringar Brukarmedverknad/brukarråd Dagtilbod til demente Avlastningstilbod Støttekontakt/fritidskontakt/treningskontakt Psykisk utviklingshemma/funksjonshemma med behov for bustad Omsorgsbustader med heildøgns bemanning Habilitering/rehabilitering Lindrande behandling Førebyggjande tenester Framtidig kompetansebehov og rekruttering av fagutdanna personell Interkommunalt samarbeid. Aktivitet og kultur Seniortiltak Visjonen for arbeidet skal vera: «Fitjar; ein god stad å leva aktiv omsorg med livskvalitet og meistring.» 2 Føresetnader for omsorgsplanen Primærhelsetjeneste Primærhelsetjenesten er grunnmuren i helsetjenesten og skal sikre alle med behov for helse- og omsorgstjenester, tjenester av god kvalitet. Tjenestene skal være virkningsfulle, trygge, godt samordna og de skal involvere brukerne i beslutningsprosessene. Pasienter og brukere skal uavhengig av bosted ha likeverdig tilgang til helsetjenester med tilstrekkelig og rett kvalifisert personell. Kommunene må også være forankringspunktet for koordinering av individuelle planprosesser for pasienter med behov for tjenester fra flere sektorer og nivåer. Nasjonale mål og hovudprioriteringer for 2010 IS-1/2010 Helsedir. 2.1 Omsorg Omgrepet omsorg kan ha fleire dimensjoner. I tillegg til å forklare sjølve arbeidet som blir utført, står omgrepet for eit ideal, ein intensjon om å ha omtanke for og sørgje for ein annan. Omgrepet omsorg omfattar både den hjelpa som blir gjeve, måten hjelpa blir gjeve på og relasjonen mellom tenesteytar og tenestemottakar. Omsorg femner også om etikk, kompetanse og kvalitet. Kvalitet må derfor formidle omsorg både gjennom kompetent handling og haldning. I omgrepet omsorg ligg det og ein føresetnad om at tenestene skal sikre brukarane medverknad over tenestetilbodet og at dei skal ha eit aktivt og meiningsfylt tilvere. Rettsleg er omgrepet omsorg knytt til: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester som pålegg kommunane å tilby omsorgstenester. Frå 01.01.2011 vart innhaldet i omgrepet eldreomsorg i tillegg regulert av Forskrift om ein verdig eldreomsorg (Verdigheitsgarantien) Barnevernstenestelova skal mellom anna sikre at barn og unge får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. 2.2 LEON- BEON-prinsippet LEON - prinsippet (Lågast Effektive Omsorgs Nivå) 3

BEON - prinsippet (Best Effektive Omsorgs Nivå). Norsk institutt for omsorgstenester definerer omgrepet ut frå tre forklaringar: Den geografiske, faglege og økonomiske. LEON-prinsippet sett i geografisk lys, då blir hovudvekta lagt på dei lågaste og minst ressurskrevjande nivåa. Pleie- og omsorgssektoren skil seg ut frå andre kommunale tenester ved at den er døgnkontinuerleg - 3-skiftsordning i pasientbehandling, som er dyrt. Fagleg forklaring. Pleie- og omsorgstenestene er kjenneteikna ved at dei omfattar eit stort tal pasientar og brukarar og vidare at det er svært store skilnadar i den einskilde brukar sin helsestatus og behov. Dersom det skal vera samsvar mellom behov og tenestetilbod, krev det betydeleg differensiering av tenestene. LEON-strukturen sitt kjenneteikn er at det høgaste nivået sjukeheimsnivået behandlar ein heilt annan pasient- og brukargruppe, enn dei som får berre heimehjelp. Det er opp til kommunane å bygge ut tenestetilboda og skilje mellom dei, slik at resultatet blir rett tilbod til rett brukar. Frå eit fagleg perspektiv følgjer LEON-prinsippet opp kravet om ein differensiert behandlingsstruktur tilpassa innbyggjarane sine behov. Økonomisk forklaring. Økonomien i pleie- og omsorg er prega av kompleksitet, fordi det er 3 aktørar som bidreg til finansieringa. Den enkelte brukar og pasient, kommunen som driftsansvarleg og staten som bidreg på ulike måtar, gjennom ei rammefinansiering og ulike tilskot. Det er det kommunale systemet som blir økonomisk garantist for at tilboda heng saman og at utgifter og inntekter i prinsippet skal balansere over tid. Lovgjevarane, Stortinget, gjev brukarane rettar og lovnader på vegner av leverandørane/kommunane. BEON BEON-prinsippet har avløyst LEON-prinsippet. Omgrepet er lansert i samband med Samhandlingsreforma. Kvalitet er kome inn som ein premiss for kva som gjev eit effektivt helsetilbod. Best for kven? Både for pasienten/brukaren, pårørande og tenesteytinga, men kravet om effektivitet skal og væra oppfylt. Ein ser det som fornuftig å følgje LEON/BEON-prinsipp og at det blir vektlagt/prioritert i vidare utforming av eit framtidig kommunalt tenestetilbod. 2.3 Omsorgstrappa i Fitjar pr. 2013 Trinn 1 Førebyggande arbeid, helsefremjande aktivitetar, dag- og fritidstilbod, friviljug arbeid, tilrettelegging i heimen, informasjon Trinn 2. Stimulere til sjølvhjelpsferdigheiter, praktisk bistand,heimesjukepleie, avlasting, støttekontakt, omsorgsløn, fysio- /ergoterapi, BPA, sysselsetjing/dagtilbod Trinn 3 Buform med og utan heildøgns bemanning, bufellesskap, omsorgsbustader Trinn 4 Institusjon, sjukeheim, buform/omsorgsbustader med høg grad av ressursinnsats, personell og oppfylging 4

Alle trinna føreset bruk av ressursar, om ein tenkjer seg eitt trinn 0 -under her må det vera kategori sjølvhjulpen. 2.4 Universell utforming Universell utforming innebærer at tilgjengelighet for mennesker med redusert funksjonsevne i størst mulig grad løses gjennom ordinære, generelle tiltak som en naturlig del av produktdesign, arkitektur, planlegging og service. Stortingsmelding nr. 40 (2002 2003. Offentlege myndigheiter skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje formålet til lova. For å sikre tilgjenge og likeverd for alle innbyggarane tilrår ein at prinsippet om universell utforming skal ligge til grunn i alle kommunale planprosessar og i praktisk tenesteyting i kommunen I folkehelselova legg ein stor vekt på kommunen sitt ansvar for å legge til rette for eit godt og tilpassa fysisk miljø for alle, som skal vera med på å førebyggje sjukdom. 2.5 Lovverk Frå 01.01.12 kom det ny folkehelselov og ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Førebygging er sett på dagsorden både i eit stort samfunnsperspektiv og på individnivå. I ny lov om kommunale helse- og sosialtenester er 2 lovverk slått saman til eitt kommunen sitt ansvar for å sørgje for naudsynte helse- og omsorgstenester vert regulert og der det skal blant anna skal setjast fokus på auka samhandling, kommunanes overordna ansvar og krav til pasienttryggleik og kvalitet. «Naudsynt helsehjelp» vert no innført som ein rettsleg standard i den nye helse- og omsorgslova, og fastlegginga av standarden må overlatast til praksis og sjåast på bakgrunn av den økonomiske situasjonen i helsesektoren generelt, og i den einskilde kommunen spesielt. Kva som til ei kvar tid er naudsynt helsehjelp må avgjerast konkret i det einskilde tilfelle og vil vera avhengig av medisinsk skjønn. Det er med andre ord ein minstestandard som ei kommune ikkje kan gå under, men når det gjeld omfanget av utrykket naudsynt helsehjelp går det fram av lova sine forarbeid at kommunen sin plikt til å yte naudsynt helsehjelp vil vera avgrensa til det som økonomi, tilgang på personell og utstyr gjer mogleg. Endringar i forhold til pasientrettar vil bl.a. vera at alle rettskrav og omtale av desse vil vere samla i Pasient- og brukarrettslova. Verdigheitsgarantien, ei ny forskrift om verdig eldreomsorg- vart gjort gjeldande frå 01.01.2011., og denne regulerer og presiserer innhaldet i uttrykket naudsynt helsehjelp ved å framheva verdigheit som eit grunnleggande element i helsetenesta. Helse- og omsorgstenestelova sitt system er vidare at ingen har rett på ei bestemt helseteneste frå kommunen, det er opp til kommunen sjølv å avgjere kva for tilbod den einskilde skal få ut frå denne sitt behov, sett i samanheng med dei tilbod og ressursar kommunen har tilgjenge til. Samstundes seier tilsynsmynda gjennom sin praksis at den einskilde kommunen ikkje kan la vera å gje sine innbyggjarar naudsynt helsehjelp av omsyn til kommunen sin ressurssituasjon. Forsvarlege tenester på minste minimum, skal leggjast til grunn. Retten til helsetenester går så langt som den einskilde sitt behov tilseier, kommunen sine forpliktingar vert etter lova sitt system utløyst av pasienten sitt hjelpebehov. Verdigheitsgarantien presiserer innhaldet i rettane til tenestetilbod for eldre, og dette fører til kommunen si moglegheit til å avslå tenestetilbod med grunngjeving i ressurssituasjon og tilgang på personell vert innskrenka. Samstundes gjev verdigheitsgarantien kommunen ei klårt definert referanseramme for kvalitet og innhald i eit verdig tenestetilbod jf. Fusa-dommen. 5

Tilsynsmynde Fylkesmannen er sett til å prøve kommunane om dei oppfyller krav i lov og forskrift, og har ei forsvarleg drift. Sentrale tilsynsmyndigheiter er Helsetilsynet, Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Datatilsynet og kommunalt brannvesen. 2.6 Spesialisthelsetenester Spesialisthelsetenesta skal sørgje for diagnostikk, behandling, habilitering og rehabilitering og oppfølging av pasientar med akutte, alvorlege og kroniske sjukdomar, inkludert sjeldne tilstandar og helseplager. Tenesta skal også gje rettleiing til pasientar og kommunalt helsepersonell, drive undervisning og medisinsk forsking. Spesialisthelsetenesta løyser dei oppgåvene i helsetenesta som krev kompetanse og ressursar utover det som kommunehelsetenesta er sett opp med. Spesialisthelsetenesta skal i framtida auke innsatsen i forhold til kompetanseoverføring, råd og rettleiing som set kommunane i stand til å fylle ei sentral rolle. Innan nokre områder er det utarbeidd handlingsplanar og rettleiarar med nærare definering av tiltak. Spesialisthelsetenesta og kommunane skal etter Samhandlingsreforma opptre som likeverdige partar. Ambulante team innan ulike fagområde er ein fordel for å skape gode pasientforløp og Kompetanseoverføring og hjelp støtte til tilsette på kommunalt nivå. Kommunane og helseforetaka i heile landet, har no inngått mange detaljerte samarbeidsavtalar som regulerer samarbeidet og pliktene på båe sider. Ei rekkje forskrifter er også med på å regulera samarbeidet. 3 Nasjonale mål og føringar 3.1 Omsorgsplan 2015 For å møte framtidas omsorgsutfordringar la regjeringa den 22.09.06 fram St.meld nr. 25 (2005-2006) Omsorgsplan 2015 med undertittel «Mestring, muligheter og mening» framtidas omsorgsutfordringar. Det vart beskrive 5 hovudutfordringar: Kvalitetsutvikling, forsking og planlegging Kapasitet og kompetanseheving Samhandling og medisinsk oppfølging Aktiv omsorg Partnarskap med familie og lokalsamfunn Strategiane vart konkretiserte i ulike tiltak. Planen skulle bidra til å betre kvaliteten, kompetansen og kapasiteten i omsorgstenesta, styrkje kunnskapsgrunnlaget, betre det medisinske tilbodet til brukarar av omsorgstenesta, styrke sosial og kulturell aktivitet i tenestene og utvikle partnarskap med brukarar, pårørande og lokalsamfunn. Kompetanse- og rekrutteringsplanen Kompetanseløftet 2015 blir vidareført, slik at leiarutdanning og vidare- og etterutdanningstilboda blir utvida og at ufaglærte får tilbod omfagutdanning. Omsorgsplan 2015 lyfta fram fire hovudsaker: 10 000 nye årsverk 12 000 nye omsorgsplassar Demensplan 2015 Kompetanseløftet 2015. Det vart vedteke ei samla styrking av tiltak i Omsorgsplan 2015 for å auke kompetansen om aktiv omsorg, ernæring, nevrologiske lidingar og demens, og til utvikling av ei ny 6

opplæringspakke innan leiing, samt ekstra midlar til den kulturelle spaserstokken og investeringstilskot til omsorgsplassar. 3.2 Samhandlingsreforma Regjeringa la den 19.06.09 fram St. meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen med undertittel - Rett behandling på rett sted til rett tid. Vedteken 27.04.2010 og tredde i kraft frå 01.01.2012. Helse- og omsorgsutfordringane står i fokus, og hovudutfordringane er knytt til både eit pasientperspektiv og eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Vurdert i forhold til båe perspektiva byggjer stortingsmeldinga på at betre samhandling bør vera eit av helse- og omsorgssektorens viktigaste utviklingsområde framover. Ei anna intensjon er å skyve kostnader frå behandling til førebygging. Og det er viktig at ein tar ansvar for eige liv og førebygging. Samhandling Samhandling er uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå et felles, omforent mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte. Stortingsmeldinga tek utgangspunkt i at samfunnet står ovarfor store helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske utfordringar. Målet er ei helse- og omsorgsteneste som i framtida svarar både på pasientane sine behov for eit samanhengande tenestetilbod og på dei store samfunnsøkonomiske utfordringane blant anna knytt til demografisk utvikling og livsstilssjukdomar. Samhandlingsreforma skal bidra til å gje pasientane eit betre og meir heilskapleg helse- og omsorgstilbod. Kommunane må rustast opp og gjevast insitament til å fremje helse, forhindre sjukdomsutvikling, avgrense innleggingar i sjukehus, og auke den einskilde sin meistringsevne. Den nye kommunerolla inneber både eit styrka tverrsektorelt arbeid og ei styrking av førebyggande helsetenester. St.meld. 47/2008-2009 (Samhandlingsreforma) trekker fram følgjande utfordringar: Pasientane sine behov for koordinerte tenester blir ikkje i møtekome godt nok og står fram som fragmenterte tenester. Det er manglande heilskap i pasientforløp mellom nivåa som yter tenester til pasient/ brukar. Tenestene blir prega av for liten innsats for å avgrense og førebyggje sjukdom. Helsetenesta har stort fokus på behandling av sjukdomar og seinkomplikasjonar, framfor tilbod innretta på å meistre og redusere kronisk sjukdomsutvikling. Vi har i dag ikkje gode nok system for å analysere og bestemme korleis ressursane bør setjast inn i dei ulike ledda i kjeda frå førebygging, diagnosearbeid, behandling og rehabilitering. Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbildet gjev utfordringar som vil kunne truge samfunnets økonomiske bæreevne. Det blir fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomstilstandar. Kols, diabetes, demens, kreft og psykiske lidingar er sjukdomar som er i sterk vekst, og blir samtidig grupper med store og dermed aukande samhandlingsbehov. Hovudbodskap for kommunane frå 2012 ved Samhandlingsreforma Det førebyggande arbeidet i kommunane skal styrkast, mellom anna etablere og utvikle lågterskel tilbod med lærings- og meistringsaktivitetar. LMS Kommunane får ansvar for ferdigbehandling av utskrivingsklare pasientar, og må auke kompetansen bl.a. på sjukepleiesida. Mindre kommunar bør samarbeide for å løyse kompetansekrevjande oppgåver i tenesta. Etablere samarbeidsavtaler mellom helseforetak og kommunar. Samarbeide om å etablere lokalmedisinske sentre, som skal avlaste sjukehusa. 7

Styrke elektronisk kommunikasjon ved å ta i bruk elektronisk pasientjournal i pleie og omsorgstenestene, utveksle info elektronisk mellom dei ulike avdelingane og helsenivå via Norsk helsenett samt å ta i bruk elektronisk signering av sjukemeldingar. Helsedirektoratet har behov for å kunne kommunisere elektronisk med aktørane i helsetenesta. Klårare pasientrolle Gode heilskaplege pasientforløp bør i større grad enn i dag bli ei felles referanseramme for alle aktørar i helse- og omsorgstenesta. «Forløps»-tenkinga har som mål å bidra til at alle system og tenester blir retta inn mot hjelp, slik at den enkelte kan meistre sitt liv eller gjenopprette funksjonar/eigenmeistring i størst mogleg grad. Regjeringa vil etablere ei lovpålagt plikt til å sørgje for at pasientar med behov for koordinerte tenester får ein person som kontaktpunkt i tenestene. Med dei utfordringane som helsetenesta står overfor, vil det bli ein viktigare del av helsepolitikken å legge til rette for det ansvar som befolkninga må ta for eiga helse. Ny framtidig kommunerolle Kommunane si rolle i den samla helse- og omsorgspolitikken vert endra, slik at dei i større grad enn i dag kan oppfylle ambisjonane om førebygging og innsats i tidlege fasar av sjukdomsforløpa. I samhandlingsreforma legg ein til grunn at den forventa veksten i behov i ei samla helseteneste i størst mogleg grad må finne si løysing i kommunane. Kommunane skal sørgje for heilskapleg tenking med førebygging, tidleg intervensjon, tidleg diagnostikk, behandling og oppfølging, slik at heilskaplege pasientforløp i størst mogleg grad kan bli ivaretekne innanfor beste effektive omsorgsnivå (BEON). Ei tilrettelegging av tenestetilbodet som medfører at sjukdomsutviklinga blir hindra, eller utsett, er bra både for folket si helse og for samfunnet sin økonomi. Ein bør identifisere behov og setja inn tenester så tidleg som mogleg. Dette vil vera med å forhindre sjukdomsutvikling og auke evna til meistring hjå den einskilde. Dette er og viktig for å redusere omfanget av personar som heilt eller delvis mistar kontakta med arbeidslivet på varig basis som følgje av helsemessige problem, jf. NAV-reforma. Oppgåvene vil måtte løysast ut frå lokale forhold der nødvendig kompetanse er ein av hovudnøklane. Det blir lagt opp til eit forpliktande avtalesystem mellom kommunar/ samarbeidande kommunar og helseforetak om blant anna oppgåvefordeling og samarbeid. Kommunane må vurdere om dei er i stand til å levere disse tenestene på eiga hand, i samarbeid med andre kommunar, eller om det er mest hensiktsmessig at dei blir utført i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene kan delast i to hovudkategoriar; kompetansekrevjande funksjonar og administrasjons- og systemoppgåver. Kompetansekrevjande funksjonar er ofte av tverrfagleg art og krev i nokon grad spesialisert kompetanse for å sikre gode og effektive tenester. Dette kan vera tenester både i og utanfor institusjon. Aktuelle eksempel på framtidige kommunale oppgåver er bl.a: tilbod før, i staden for etter, sjukehusopphald døgnplassar for observasjon, etterbehandling, lindrande behandling, rehabilitering og habilitering og kommunale ØH plassar tverrfaglege team, også ambulante team lærings- og meistringstilbod og eigenbehandling For psykisk helsevern og rus: førebygging, tidleg intervensjon og lågterskeltilbod forsterka bu- og tenestetilbod i kommunen ved psykiske lidingar og rus 8

ambulante team lågterskel helsetilbod til rusavhengige Regjeringa legg vekt på vidareutviklinga av tydelege og strukturerte ansvars og styringssystem for å sikre ein heilskapleg og systematisk oppfølging av den enkelte brukar, og vil søke «å styrke kommunane som ein likeverdig samhandlingspartnar til spesialisthelsetenesta». Etablering av økonomiske insentiv Når det blir argumentert med at systematisk satsing på kommunehelsetenesta vil dempe presset på spesialisthelsetenesta, er dette særleg knytt til to forhold. For det først at samfunnet i dag satsar for lite på målretta og effektfulle førebyggingstiltak. For det andre at eit avgrensa tilbod av relevante kommunale tenester presser fram bruk av sjukehustenester som ikkje er nødvendig ut frå faglege vurderingar. Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke si spesialiserte kompetanse. Kommunane skal ta imot og ferdigbehandla pasientane, samt kunne gje behandling til alt som ikkje treng spesialistkompetanse. Rus- og psykisk helsearbeid Psykisk helse og rus er fortsatt høgt prioriterte områder. Betre tilgjengelegheit og fleire behandlingsplassar på rusfeltet skal vektleggast. Det er ynskt ei styrking av tilbodet til eldre og tilrettelegging av gode tilbod til personar med langvarige og samansette lidingar. Barn og unge er ei gruppe som treng tilgjengelege lågterskeltilbod i kommunane. System for heilskaplege og koordinerte tenester Samhandlingsreforma handlar om å knyte helsetenesta saman over sektorgrenser, både kommunalt og innan spesialisthelsetenesta. Slik skal helsetenesta framstå som heilskapleg og koordinert gjennom heile pasientforløpet. Koordinerande eining i kommunane skal ivareta oppgåver i samsvar med gjeldande regelverk og lover, sjå til at kommunen har eit system som ivaretek ordninga med individuell plan og planlegge fastlegetenesta i ei heilskapleg helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal og samarbeide med tannhelsetenesta for å sikre at eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie får den tannhelsehjelpa dei har rett til. Internkontroll og kvalitet Det blir tilrådd å bruke kvalitetsindikatorar/iplos i planlegging og utforming av tenestetilboda. Arbeid med internkontroll og kvalitet er prioritert. Det bør opprettast kvalitetsutval i kommunane for helse- og omsorgstenesta. Nasjonal pasientsikkerheitskampanje blir i gangsett med mål om å redusere pasientskadar i Noreg. Innsatsområda er: rett legemiddelbruk, reduksjon av infeksjonar, hjerneslag og psykiatri. 3.3 Omsorgsteknologi Formålet med omsorgsteknologi er 2 delt: 1 Frå eit brukar og pårørande perspektiv: Auka sjølvhjelp (førebygging) Auka tryggleik Betre livskvalitet 2 Frå eit utøvar/tenesteperspektiv Styrke og sikre informasjonsflyt Forenkle/rasjonalisere arbeidsoppgåver/arbeidsflyt Optimalisere tenestefordeling 9

Omsorgsteknologi Det finst ulike IKT-baserte løsninger til bruk i omsorgstenestene. Kroppssensorer eller bisensorer kan brukes til å overvåke helsetilstand. Måling og evaluering av for eksempel hjerterytme, lungekapasitet eller blodverdier, kan auke kronikeres mulighet for hjemmebasert behandling, medisinering eller automatisk tilkalling av akutt hjelp. Smarthusteknologi er teknologi installert i boliger. Den kan brukes til å overvåke, varsle og utføre handlingar etter valgte kriterier. En Smarthus-installasjon kan f.eks styre lys, varme, dører, vinduer og varsle fall, brann eller vannlekkasjer. Sporingsteknologi. I dag finnes GPS-løsninger som kan bæres på kroppen, festes på en rullator eller liknende. Automatiserte maskiner eller roboter kan bidra til å løse praktiske oppgaver i hjemmet - som rengjøring, personlig service og hygiene, funksjonsstøtte og rehabiliteringshjelp. I tillegg finnes sosiale roboter for underholdning og stimuli. Administrativ teknologi er datasystemer som kan brukes til å forbedre arbeidsflyt med tids- og funksjonsplanlegging, forenkle samhandling mellom ulike aktører, tilgjengeliggjøre og sammenstille informasjon. Bruk av bærbare enheter muliggjør økt mobilitet. Kjelde: Teknologirådet Norge Helsenett Det har vore ein nasjonal strategi for elektronisk samhandling 2008-2013, og eit mål at alle kommunar i løpet av strategiperioden skal ha kome i gang med elektronisk samhandling internt, med fastlegane, med spesialisthelsetenesta og med offentlege etatar. Dette skal realiserast gjennom eit nasjonalt meldingsløft og et eige kommuneprogram og skal vera på plass i 2013. eresept Dette er noko mange kommunar allereie har hatt ei tid, men regionale helseforetaka skal bidra til å spreie elektronisk resept både i helseføretaka og i sjukehusapoteka. Nytt digitalt nødnett Innføring av første byggetrinn av nytt digitalt nødnett har vore gjennomført i nokre regionar, og det blir utrulling her i våre kommunar frå 2014. EPJ (elektronisk pasientjournal) blir brukt som dokumentasjon i pleie- og omsorgsavdelinga. Innført 2009/2010. Mobil omsorg Anten PDA ei lita bærbar datamaskin som heimesjukepleia har med seg ut til pasientane, eller no også Ipad/Iphone løysingar. Dette er framtida som mange kommunar har innført. Det er avhengig av nett dekking min 3G, og dårleg mobildekking gjer dette sårbart. 4 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta Kommunane har ansvaret for tenestetilbodet til alle med behov for omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Den kommunale helse- og omsorgstenesta har dei siste 30 åra fått tilført mange nye oppgåver og hatt ein stor tilvekst av nye brukargrupper. Kommunehelsetenestelova, sjukeheimsreforma, Reforma for menneske med psykisk utviklingshemming, Opptrappingsplanen for psykisk helse og Opptrappingsplanen for rusfeltet står som viktige milepælar i denne utviklinga, og som har lagt grunnlaget for eit omfattande tenestetilbod på lokalt nivå. Også innan helseområdet har det vore ei betydeleg utvikling i oppgåveløysinga, både i tenester som blir utført innan den kommunale forvaltninga og i tenester som blir levert av eksterne aktørar slik som fastlegane og fysioterapeutar med avtale. Samhandlingsreforma, og ein auke i aktiviteten i spesialisthelsetenesta, samt omlegging av drifta med kortare liggetid og overgang til meir dagbehandling og poliklinisk verksemd, har også medført at fleire oppgåver enn tidlegare i stor grad blir løyst i kommunehelsetenesta. 10

Utviklinga med fleire tilsette, og auka samla ressursbruk i kommunen siste åra har vore formidabel, ikkje minst har ein auka ressursane inn mot gruppa brukarar med ressurskrevjande behov. Dette er også funn for landet for øvrig, meir går til yngre brukarar, under 67 år, og mindre til eldre, trass i at det er fleire eldre over 80 år. 4.1 Oversikt/omfang av dagens tenesteyting. I dag er pleie- og omsorgstenestene i Fitjar kommune organisert i 2 einingar med ein leiar for heimebaserte tenester, og ein leiar for institusjonsbaserte tenester med direkte linje til Helse- og sosialsjefen. Desse leiarane har delegert det overordna faglege og personalmessige ansvaret for sine avdelingar. 4.2 Institusjonstenester/Fitjar bu- og behandlingssenter, kort historikk. I 1990 vart det bygd ein fylkeskommunal sjukeheim med 2 avdelingar - alt på eitt plan, ein avdeling for kommunal somatisk sjukeheim og ein fylkeskommunal psykiatrisk sjukeheimsdel. Fitjar kommune flytta frå då den gamle sjukeheimen frå 1953, og over i den nye institusjonen, kalla Fitjar bu- og behandlingssenter (FBB). Fylket stod for drifta dei fyrste åra og kommunen refunderte kostnadene. Som del av psykiatrireforma vart den psykiatriske sjukeheimen avvikla på midten av 1990 talet, og drifta lagt om til DPS-distriktsmedisinsk senter, og overført til Stord sjukehus. Huset vart overført til Helse Fonna, men psykiatriavdelinga vart ståande tom. Fitjar kommune inngjekk seinare leigeavtale, med opsjon på overtaking. I 2008-09 vart det gjort ei ombygging og betydeleg oppgradering, av den tidlegare psykiatrifløyen og i dag er drifta slik: Demensavdelinga Gr.1 har 13 pasientar fordelt på to fløyar. Brukarane har ulik utvikling og fungering med omsyn til demens. I periodar kan det være utagerande demente som treng skjerming og ekstra personalressursar. Dette er ikkje lett å få til slik avdelinga er i dag. Det er god dekning med fagpersonale, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Aktivitør i 25% stilling(delt med dagavdeling). Romma er ikkje gjort større, men er pussa opp, og på den eine avdelinga er det nokre rom med felles bad mellom romma. Tre rom på demensavdelinga pr. i dag er ikkje i bruk. Langtidsplassar for eldre og kronisk sjuke som som treng døgnkontinuerleg omsorg. Gr. 2 har i alt 14 plassar ved FBB. Av desse er 3 omsorgsbustader(stove, soverom, bad) i avdelinga. Dei andre romma bygde om i 2008 og tilfredsstiller dagens krav til storleik og standard. På 3 av romma og i eine omsorgsbustaden er det pasientheisar på skinner i taka. Det er utgang til hage/uteområde frå fellesstove og frå eit pasientrom. Personalet har gode kvalifikasjonar og høg etisk standard for det arbeidet dei gjer. Elles er det tilstellingar av ulike slag v på huset, (konsertar/songstunder), grillsamling om sommaren, basar, bingo m.m). Korttidsplassar Gr. 2 har 4 korttidsplassar, dette femner om rehabilitering, terminalpleie og avlastning. Dei fleste er korttidspasientar som kjem frå sjukehuset og må ha nokre veker med fysioterapi og hjelp/tilrettelegging i stellesituasjonen før dei kan flytte heim til seg sjølve. Eller dei treng medisinsk behandling og oppfølging. Det merkast godt at ein har fått samhandlingsreforma. Pasientane vert utskrivne frå sjukehuset tidlegare enn før og skal halde fram med ulike medisinske behandlingsopplegg, og har ført til auka kostnader til medisins utstyr og medikament. Rehabilitering er eit eige fagfelt og eit satsingsområde i kommunane. 11

Palliativ omsorg er ein viktig del av tilbodet ved FBB. Ei av leiligheitene er øyremerka desse pasientane. Dette er kreftpasientar og andre med alvorlege sjukdommar som kjem til FBB frå sjukehuset eller heimen. Ein legg vekt på eit tilbod med profesjonell og oppdatert hjelp til smerte- og symptomlindring, psykisk støtte og omsorg, omsut og respekt for dei pårørande sin situasjon, samt gode, trivelege omgjevnader. FBB har og eit pårøranderom som kan nyttast i tillegg, slik at pasient og pårørande kan være saman så mykje som mogeleg, og at den/dei pårørande som ynskjer det kan overnatte på pårøranderommet. Rommet har eige bad/toalett. Det er kreftsjukepleiar på FBB. Ho har det faglege ansvaret for sjukepleia som vert ytt til desse pasientane. To andre sjukepleiarar har og teke eit deltidsstudium i palliativ sjukepleie, slik at kompetansen er god. Avlastingsplassar: Den tredje pasientgruppa på korttidsavdelinga, er dei som kjem for å avlaste pårørande med store omsorgsoppgåver. For at desse skal klare situasjonen i heimen, treng dei regelmessig avlastning. Eit slikt opphald er derfor mest for den pårørande sin del, som får kvile og «påfyll» av krefter til å klare ein krevjande kvardag. Men brukaren får og eit opphald som er tilpassa behova og ofte medfører trening, stimulering til nytt livsmot. Dagtilbod: Frå august 2012 har ein hatt dagavdeling for heimebuande demente og andre eldre med behov. I prosessen med etableringa av eit slikt tilbod, fall avgjerda på å nytte ledige «dagavdelingslokale» i FBB, grunna nærleik til bl.a. kjøkken og aktivitetshagen der. I 2012 var det to dagplassar fordelt på 7-9 brukarar. Eit rom med kjøkkenkrok og bad er for lite til å utvide tilbodet, og ein har hausten 13, teke i bruk den store fellesstova som bl.a. har vore nytta til kafe, og avvikla det tilbodet. Avdelinga yter viktig avlasting for fleire pårørande i dag. «Plan for Havnahuset og samordning av tenester og andre tenester til eldre og funksjonshemma» av 1994, og har danna grunnlaget for utforming av tenestetilbodet fram til no. Fitjar kommune si overordna målsetjing for omsorgstenesta vart sist sett i dette planverket og lyder slik; «Skape ei teneste der tryggleik meistring og livskvalitet for brukarane står sentralt.» Denne planen danna grunnlaget for å effektivisera tenestetilbodet, blant anna flytte brukarar frå mindre pu- bustader til Havnahuset, for å unngå konkurranse om ressursar mellom grupper og for å spare personale på natt blant anna. Den flyttinga var kontroversiell, men har på mange måtar vore ein suksess blant anna stabilitet og lite «turnover» i personalgruppa. 4.3 Heimebaserte tenester idag: Heimebaserte tenester/heimesjukepleien utfører i dag tenester til: Gruppa eldre, personar med psykiske lidingar i alle aldrar, psykisk utviklingshemma, rusmisbrukarar under LAR behandling og elles folk i alle aldrar som treng hjelp i kortare eller lengre periodar av ulike grunner. Hovuddelen av pasient gruppa i heimesjukepleien er eldre. Dei treng hjelp til primære behov, så som personleg hygiene, dusj, matlaging, medisinering ol. Ein del av dei eldre som bur heime med hjelp frå heimesjukepleien har eit stort hjelpe behov. Me ser at dei eldre bur lengre heime enn før, noko som er intensjonen jfr. LEON prinsippet, men det stiller store krav til tenesteytarane, både kompetanse, arbeidsmiljøbelastningar, også med tanke på nok bemanning til eikvar tid. Samhandlingsreforma har auka presset på heimesjukepleien. Det er kortare liggetid i sjukehus, og kommunen får pasientane tidligare heim for vidare behandling, også til alle tider av døgnet. På grunn av avgrensa med korttidsplasser på FBB i periodar, må heimetenestene utføre tenester hjå pasientar som ideelt sett skulle vore på FBB for opptrening. I heimesjukepleien er det ikkje noko «tak» på antal brukarar(senger/rom). 12

Har pasienten hjelpebehov og fyller kriteriene for hjelp, har dei rett på hjelp etter lova. Dette gjer det utfordrande med tanke på kor mykje personale ein må ha på vakt til eikvar tid. Tala på registrerte brukarar som mottar bistand/hjelp frå heimesjukepleia inkludert psykiatri ligg årleg mellom 90 og 100. Heimerehabilitering/kvardagsrehabilitering: Kvardagsrehabilitering handlar om å få brukarane til å meistra kvardagen mest mogeleg sjølv, ved å gje støtte og oppmuntring til eigenaktivitet i staden for hjelp. Fitjar kommune har siste 2 åra vore med i eit samhandlingsprosjekt vedkomande «heimerehabilitering» saman med Helse Fonna og nabokommunar. Prosjektet har fått statlege midlar, og gjekk først ut på å prøva ut rehabilitering i heimen på slagpasientar, men vert no overført for alle grupper brukarar og kommunen satsar på at det skal vera ei av tenestene ein tilbyr. Rehabilitering er ei tverrfagleg teneste/kompetanse, med planlage prosessar over ein periode, med klare tydelege mål, der brukaren sjølv har eit ansvar for å medverka. Og ein er avhengig av godt samarbeid med pårørande, slik at det målet pasienten set opp er realistisk å forventa. Det trengs ei haldningsendring både hjå brukar som skal vera aktivt med i rehabiliterings prosessen, og hos dei som skal yta tenester, derfor må ein ha grundig opplæring. Rehabilitering krev meir ressursar i ein innsatsfase, til brukaren vert meir sjølvhjulpen, og skal gje innsparingar på sikt. Det krev og effektiv tilrettelegging og bruk av hjelpemiddel. På den måten kan då tenestene bli meir bærekraftige i åra som kjem. Havnahuset bu og omsorgssenter 1. Omsorgsbustader med heildøgns- bemanning, ligg i Havnahuset. Heildøgns bemanning med nattpatrulje vart etablert allereie i 1994. Totalt er det 30 leilegheiter av ulik storleik. Der er 10 små eit roms leilegheiter med bad. Etterspurnaden til desse er stor, trass i at dei er små. Det er i dag stort sett eldre over 90 år som disponerer disse romma. Romma står fram som veldig nedslitne, og det er stort behov for ei oppgradering. Ved skifte av leigebuarar har ein siste tida måla veggene på ein del av romma, men golv, kjøkken benk/ oppvaskbenk og bad er det ikkje gjort noko med sidan bygget var nytt. Det er ingen kokemulighet på disse romma. I den gamle fløyen på Havnahuset er det to felles stover. Der vert det servert felles middag og kaffe til bebuarane som ynskjer det. Maten blir kjøpt fra FBB sitt kjøkken. I den nye delen av Havnahuset er det 16 leiligheter, som består av stove, soverom, bad og kjøkken. Her bur det eldre med behov for hjelp, unge og personer med ulike psykiske problem. 2. PU tenester Tenestene er organisert i eigen avdeling som held til i underetasjen på Havnahuset, med eiga personalgruppe med vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Her er brukarar med ulike diagnoser som treng tett oppfylging, både 1:1 og 2:1 bemanning, medan andre har mindre behov for hjelp. Det er ei utfordrande avdeling med brukarar som har svært ulike behov. Avdelinga er oppgradert ein del siste åra, men lokalitetane er tronge for ei så ulik brukargruppe. Især arbeids- og plasstilhøva til personalet som jobbar med brukarar som har 2:1 bemanning er for dårlig. Pu avdelinga har eige vaktrom og felleslokaler, stove og kjøkken. Dei har etter kvart også fått eit fantastisk fint uteområde. Det er også fellesareal for den gruppa. 13

3. Servicekontor: Kontordelen til heimebaserte tenester ligg i 1.etasje, hovudetasjen. Der har dei sine kontor, kommunelege 2 og helsestasjonen. Både heimetenestene, og helsestasjonen har for få kontor i høve antall tilsette idag. Havn Burettslag Havn burettslag er 12 omsorgsbustader utan heildøgns-bemanning, som ligg like ved FBB og Havnahuset. Også her er det personar som treng mykje hjelp, og desse får tenester frå heimetenesta. Dette er burettslags leiligheter som brukar kjøper, men kommunen der har tildelingsrett. Ved sal blir det behovsprøvd kven som skal få kjøpa leilighet, og det er inntaksnemda i kommunen som tek avgjerd sakene. Dagtilbod/avlastingsbustad i Bakken Kommunen har et dagtilbud for PU brukarar i avlastningsbustaden i Bakken fire dager i veka. Der har dei ulike jobb aktivitetar som vedhogst, matlaging, hagearbeid og liknande. Tilbodet har eigen leiar som står for tilbodet, og er følgjeperson for ein brukar, medan personalet i bustadene er med brukarane sine på dagtilbodet. I avlastingsbustaden er det og eit tilbod til foreldre med barn med spesielle behov. Pr. i dag har ein brukar tilbod anna kvar helg, i feriar og nokre timar etter skuletid. Det er eige personale som jobbar i bustaden. Kommunen samarbeider og med Bømlo kommune og med privat aktør, om kjøp av tenester i avlastingsbustad, etter som kommunen ikkje har kapasitet nok sjølv. 4.4 Psykisk helse Tenesta har vorte bygd opp ved hjelp av statlege opptrappingsmidlar, og i dag har ein 2 sjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helse, som arbeider i tenesta, der den eine sjukepleiaren er koordinator for tenesta, vedkomande har også ansvar for møter og følgje opp kriseteamet. Kommunen har og oppretta ei 80 % stilling for helsesøster mest nytta i vidaregåande skule. Arbeidet er knytt tett opp mot heimebaserte tenester, der ein har alvorleg psykisk sjuke og med PU diagnosar i omsorgsbustad med eiga bemanning, og ein har felles brukarar med både alvorlege og lettare lidingar og arbeidet er også derfor mykje vegleiing mot anna personale. Det siste halve året har den eine psykiatriske sjukepleiaren, om lag 40 %, hatt ein del oppfølging av barn og unge i skulehelsetenesta. Ein ser at behovet for hjelp er stadig aukande og problema er meir samansett enn før. Kommunane skal syte for behandling og oppfølging, medan 2. linjetenesta skal drive diagnostikk og setje i gong behandling. Ambulante team: Som del av psykisk helseteneste mot dei tyngste med dobbeldiagnosar, har kommunen inngått samarbeid mellom nabokommunar og Helse Fonna Stord DPS, om eit oppsøkjande team kalla Ytre Sunnhordland Samhandlingsteam (YSS). Dette teamet er førebels delfinansiert av statlege midlar, og kjem i tillegg til eit anna ambulant rehabiliteringsteam ved DPS. Elles har DPS «utedag» i kommunen der ein har pasientmøter og vegleiing til personale. Alt dette er med på å styrka tenesta mot brukarane, stabilisera og unngå re-innleggingar. 4.5 Tenester til rusavhengige: Arbeidet er organisert under NAV Fitjar, og har vore ein del av sosialtenesta. Fitjar kommune starta opp arbeidet med ekstra ressursar til denne brukargruppa i 2010, og fekk då og midlar frå opptrappingsplanen på rusfeltet til først ei stilling, og i 2011 ytterlegare ei stilling til som vart oppretta som prosjektstilling. Kommunen har ei stor LAR gruppe mot andre samanliknbare kommunar, dei er krevjande og har dårleg buevne. Kommunen ikkje eigen husvære, noko som gjer tenesta ekstra sårbar då ein nyttar tid og krefter på å skaffe bustad. Tenesta involverer i stor grad og heimetenestene til medikamentutdeling, og tenesta er no under omorganisering. 14

Den eine stillinga er knytt opp mot førebygging og jobbing med unge som droppar ut av skule/utdanning. Ein ser i dag at fleire utviklar rusproblem i kommunen. 4.6 Legetenester. Fitjar kommune har 2 heimlar for fastlegar, med basistilskot. Dei driv praksis i dag på 2 ulike kontor, Kommunelege 1 har kontor på Rådhuset. Han har ansvar for 2 kommunale område, tilsynslegefunksjonen på FBB, og kommuneoverlegeoppgåver. Den andre legen har ansvar for helsestasjonslegetenesta i sin avtale. Når det gjeld legevakt har Fitjar hatt felles vakt med Stord i mange år lokalisert til sjukehuset på Stord. No er den utvida til ei ny interkommunal ordning med tilstadesvakt på natt, der også Bømlo er med. Ordninga skal organiserast som eit IKS og skal vera i drift frå februar 14. Den nye ordninga vil bli ein kvalitetsauke. 4.7 Fysioterapi Kommunen har 2,2 driftstilskot fordelt på 3 fysioterapeutar. I tillegg har ein 100 % kommunefysioterapistilling. Samanlikning mellom kommunar syner at kommunen ligg høgt på fysioterapidekking, men likevel ser ein at det kunne vore trong for meir aste ressursar især ergoterapistilling. 4.8 Tilleggsfunksjonar på sektoren: Konsulent /Sakshandsamar: Her har ein 80 % stilling i staben til heimetenestene. Vedkomande er sjukepleiar med lang røynsle, og det er ein viktig basisfunksjon. Ho har hovudansvar for å innhenta opplysningar og utforma alle vedtak om kommunale pleie- og omsorgstenester. Vedtaka byggjer på IPLOS kartleggingar (statlege standardar på funksjonsnivå), som avdelingsleiarar er med på, og elles tverrfaglege vurderingar både i Koordinerande Eining, KE, (sjå def. under) og av inntaksnemda. Einingsleiar heimetenestene er delegert mynde til å gjera vedtak om tildeling av alle helse- og omsorgstenestene. Tildeling skjer ut frå tverrfaglege vurderingar. Inntaksnemda: Består i dag av tilsynslegen, leiarane ved FBB og heimetenestene, og kommunefysioterapeut. Nemnda gjev endeleg innstilling til vedtak om opphald i institusjon og om tildeling av omsorgsbustad. Det er viktig at desse sakene har tverrfagleg vurdering og avgjerd og følgjande vilkår vert nytta for tildeling av plass i sjukeheim: Søkjaren har svært omfattande tilsyns- og hjelpebehov som fylgje av sjukdom, og er ikkje i stand til å bu i sin eigen heim med tilrettelagte hjelpetiltak. Pleie- og omsorgsbehovet må vera så stort at andre hjelpetiltak samla sett ikkje vil gje brukaren eit forsvarleg medisinsk/omsorgsmessig tilbod, og kor potensialet for brukar om rehabilitering synes svært lite. Søknad om plass vert vurdert ut frå IPLOS, det vil seie ei rekkje kriterier som bl.a. evne til sosial deltaking, ivaretaking av dagleglivets eigenomsorg og gjeremål, hukommelse, evna til å bevega seg inne og ute. Medisinske diagnoser/rapporter frå sjukehus osb. vert vurdert individuelt. Alle andre relevante tenester/hjelpetiltak skal på førehand væra dokumenterte som utprøvde og eller vurderte, før ein fattar vedtak om langtidsopphald. KE/Koordinerande eining: Koordinerande eining(ke) : Er (skal vera) ein stad å venda seg til når ein har trong for langvarige tverrfaglege tenester. Målet er å sikre at brukarane får koordinert sine tenester på ein god måte. I samhandlingsreforma er avgjerda om KE i kommunane og i spesialisthelsetenesta løfta frå forskrift til lov. Det kjem og tydeleg fram at eininga skal ha eit overordna ansvar for 15

arbeidet med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og vegleiing av koordinator. ( 7-3 i Helse- og omsorgstenesteloven) KE i Fitjar er sett saman av rehabiliteringskoordinator og sakshandsamar for pleie og omsorg. Når KE mottar søknad om tenester, har dei ansvar for å ta kontakt med brukar/pårørande og kvalitetssikra søknad. Dette for å hjelpa dei vidare i prosessen og sikra at det vert søkt om rett teneste. Det er einingsleiar sitt ansvar å utpeika koordinator. Det er og KE sitt ansvar å sjå til at brukarar vert vurdert tverrfagleg, og at det ved heimebesøk hos nye brukarar alltid er to ulike faggrupper med. KE skal arbeide for: At tenester til brukarar som treng tverrfaglege tenester vert sett i samanheng Sikra kontinuitet i tenesteytinga Bidra til at tenesteytarane samarbeider om organisering av tilbod Leggje til rette for brukarmedverknad IT support: Ei 80 % stilling (sjukepleiar) på IT avdelinga, har i dag hovudansvaret for alle program som gjeld helse, vedlikehald, planlegging og hjelper også til med opplæring. Vedkomande er og prosjektleiar for det elektroniske meldingsløftet. 4.9 Folkehelse: Fitjar kommune har oppretta stilling som Folkehelsekoordinator i 50% stilling, og har inngått partnarskap med Hordaland Fylkeskommune. Stillinga er organisert under helse, med Helse- og sosialsjef som næraste overordna. Folkehelse er eit uttrykk for helsetilstanden i befolkninga, og korleis helse fordeler seg mellom ulike sosiale lag i befolkninga. Folkehelsearbeid er kommunen sin innsats for å utjamne helseskilnader, og å påverka faktorar som kan fremja innbyggjarane si helse. Det er oppretta ei styringsgruppe for folkehelse, som består av kommunelege I, rådmann, skulesjef, helse- og sosialsjef og kultur- og informasjonssjef. Ein er samde om å ikkje laga ein eigen plan for folkehelse, men at folkehelse blir arbeidd inn i alle planar kommunen har. Det er utarbeida ein Kommunehelseprofil/helseoversikt for kommunen, som gjeld fram til 2016. Denne peikar på utfordringar som kommunen har når det gjeld utvikling av helseskilnader i befolkninga. Psykiske/psykososiale utfordringar og rus skil seg ut som satsingsområde for kommunen. Rapporten skal liggje til grunn for tiltak, og vera styringsdokument for politikarar når det gjeld tiltak for folkehelse. Læring og meistring (LM) Folkehelsekoordinator er pr idag LM kontakt, og er med i eit nettverk for dette arbeidet i Sunnhordland, som er styrt frå Helse-Fonna. Læring og meistring er avtalefesta satsing innafor Samhandlingsreforma, der kommunane saman med spesialisthelsetenesta har ansvar for å få på plass ein handlingsplan, og etterkvart oppretta eigne lærings- og meistringskurs eller i samarbeid med andre kommunar Kommunen har samarbeida med Stord om bl.a. røykesluttkurs og «Bra mat» kurs. Samarbeid med andre tenesteområde og friviljuge aktørar Fitjar Frivilligsentral er ein sentral aktør og medspelar for pleie- og omsorgstenestene. Sentralen organiserer friviljuge til ulike oppdrag, bl.a. middagsutkjøring. Andre lag og organisasjonar lagar tilstellingar på «institusjonane» Brukarundersøkingar er anbefalt som verkemiddel i kvalitets og tenesteutforming. Kommunen har hatt ei undersøking fleire år tilbake. Ein har ikkje prioritert dette, då det er vanskeleg ovafor brukargrupper som ikkje er i stand til å gjera reie for seg. NAV utfører årlege undersøkingar. Det blir heller satsa på pårørandemøter regelmessig, for dei brukarane med mest omfattande behov. 16

5 Utviklingstrekk og utfordringar fram mot 2020 Utfordringane er mange og krevjande for kommunane inn i framtida. Det vil verta spørsmål om ressursutnytting kontra mange brukargrupper. Det vil verta naudsynt å ha fokus på maksimal ressursutnytting, kostnadseffektivitet og kvalitet. Likeeins vil det i framtida vera viktig med Folkehelsearbeid, all type førebygging, for å hindre sjukdomsutvikling som gjev trong for pleie- og omsorgstenester. Folkehelse må derfor inn som del i kommunale overordna og sektorplanar. Hovudutfordringane kan vurderast slik: Faglege utfordringar; kvalitet og omfang på tenestene, serviceerklæringar og brukarmedverknad Rehabilitering/habilitering Dagtilbod demente og andre Hospice, «Omsorg ved livets slutt» Omsorgsbustader med heildøgns bemanning til eldre Omsorgsbustader med heildøgns bemanning til yngre over 18 år med funksjonshemming og PU diagnose Avlasting både i heim og institusjon Psykisk helse Rustenester/miljøarbeid og bustader for vanskelegstilte Tenester til utviklingshemma Aktiv omsorg-kulturbasert Legetenester i omsorgstenesta Framtidig kompetansebehov, tilgong til nok arbeidskraft, og rekruttering av fagutdanna personell Interkommunalt samarbeid. Første steget i samhandlingsreforma var pålegg til kommunane å ta imot ferdigbehandla pasientar for vidare behandling medisinsk oppfølging og rehabilitering i kommunane. Dette krev kompetanse på sjukepleiesida, legebehov også andre faggrupper fysio- og, ergoterapeut for optimal rehabilitering. Likeeins gjev palliativ/lindrande omsorg det same behovet, då også kommunane skal tilby dette på ulike nivå. Det finst i dag i tillegg til eldre, fleire grupper som treng omsorgstenester, blant anna psykisk sjuke og rusavhengige, også dobbeldiagnosar. Også fleire psykisk utviklingshemma unge skal etablerast i eigen bustad og har behov for tenester i ulik grad, dei næraste åra. Det blir behov for meir demensomsorg, med fleire ulike tilbod, dette grunna fleire demente. Stortingsmeldinga som ligg til grunn for framtidas omsorg, strekar også under at omsorgstenestene skal vera prega av aktiv omsorg og kultur. Det vil også vera trong for meir fellestenester blant anna innafor IT support. Vidare må ein peika på utfordringar knytt til bustader/bygg/areal: bustadprosjekt psykiatri/rus, bustader til psykisk utviklingshemma. areal for aktiv omsorg, jfr. plan for bustader til vanskelegstilte. Ei av dei største utfordringane ein ser framover, er rekruttering av personale, fleire tenesteytarar, fleire med sjukepleiefagleg god kompetanse innafor fleire spesialområde, eldreomsorg, diabetes, KOLS, kreftomsorg, fleire helsefagarbeidarar, kompetanse innafor feltet psykisk helse, psykisk utviklingshemming og rus. 17

5.1. Kvalitet Den siste Stortingsmeldinga held vidare fram at tenestene skal byggje på kvalitetsutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Regjeringa og KS har inngått avtale med hovudstrategiar som er naudsynte for å møte framtida sine utfordringar. Desse er tverrfagleg kompetanseheving, lokalt utviklingsarbeid, kommunal planlegging og organisasjons- og leiingsutvikling. Dette for å sikre kvalitet i omsorgsarbeidet og ein meir aktiv omsorgsprofil. Kommunestyrer bør fastsetja kvalitetskrav, for å gjera tydeleg ansvaret for tenestene, ved at desse krava blir undergitt grundig politisk drøfting. Kommunane skal også dyktiggjera seg i forvaltningskompetanse, som blir ein viktig del av tenestene i åra framover. Omsorgsforskinga skal styrkjast gjennom regionale FoU sentra, og dette skal skje i samspel med kommunane. Undervisningssjukeheimar er ein del av dette samarbeidet. Pasient- og brukarombod. Pasientombodsordninga er utvida, før galdt den berre spesialisthelsetenester no gjeld den også brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester og er no kalla pasient- og brukarombod. 6. Kompetanseløftet 2015. Det er ei stor utfordring i åra framover å skaffe nok fagpersonell i helsesektoren. For ein mindre kommune som Fitjar, er det ekstra utfordrande. Unge sjukepleiarar /fagarbeidarar som ikkje er etablert med familie eller har tilknyting til bygda, vel gjerne å busetja seg i meir sentrale strøk. Dette er ei problemstilling som har vorte synleg spesielt dei siste åra. Når vi så veit at utdanningskapasiteten, særleg for fagarbeidarar, er for liten, vil det være naudsynt med ekstra gode tiltak. Mange som går på helsefag, vel påbygging og høgare utdanning. Slik at søkjarar til lærlingplassar vert få, sjølv om me siste 2 åra har hatt større tilfang igjen. Mange av kommunen sine eigne tilsette assistentar har teke fagbrev som vaksne. Samhandlingsreforma krev god sjukepleiarkompetanse, spesialistkompetanse, på mange felt. Fleire og fleire pasientgrupper vert behandla i kommunen. I dei seinare åra har kommunen teke tak i deltidsproblematikken. Ved ledige stillingar har ein tildelt auka stillingsprosentar slik at i dag har dei aller fleste stillingsstorleiken dei ynskjer. Det er ein bakdel med dette at det bli mange små reststillingar på helg, og ein har store vanskar med å få folk til å dekka helg, og såleis er det mange vikarar som er ufaglærde, noko som er sårbart. 6.1 Kompetansebehov for perioden 2014-2020 Kompetanseløftet 2015 har vore ei statleg satsing der kommunane har kunna søkt midlar til kvalifisering, å auka talet på vaksne helsefagarbeidarar, vidareutdanning for både høgskuleutdanna og fagarbeidarar. Det har også vore kjørt rekrutteringskampanjar for unge, og det har vore mål å få fleire over frå deltid til heiltid. Alt dette med mål om auka kompetanse og kvalitet. Også vår kommune har søkt og fått midlar til skolering siste åra. Mange av våre ufaglærde, også innvandrarkvinner har teke fagbrev. Men det vil vera kontinuerleg behov for å vidareutdanna tilsette der ein treng meir kompetanse på desse områda: 18

1 Kreftsjukepleie/palliasjon (lindrande pleie) Fitjar kommune har pr. i dag 2 kreftsjukepleiarar, ei inne på institusjon og ei ute i heimetenestene. Vidare har 2 sjukepleiarar palliasjon som (kortare)vidareutdanning. Det er viktig å halde på/auke denne kompetansen i åra framover. Det betyr at fleire må få ta denne utdanninga. Ein veit at talet på krefttilfelle aukar, og det er kommunen som er ansvarleg for tenestene det meste av sjukdomsperioden. Dei fleste har berre korte opphald på sjukehus, evt. poliklinisk behandling. Difor er kompetansen viktig for å følgje opp behandling og gje rett og god hjelp og omsorg, innanfor dei ulike einingane. 2 Rehabilitering Eit anna område som er fokus på i dag, er rehabilitering. Når det gjeld rehabilitering/habilitering treng ein auka kompetansen. Det er i dag ein sjukepleiar som har starta på vidareutdanninga, som blir ein ressursperson for tenestene, brukarane og kollegaene. Andre faggrupper som t.d. helsefagarbeidarar må få styrka sin kompetanse gjennom utdanning og kurs, evt. hospitering på rehabiliteringseining. Prosjektet heimerehabilitering som er i gong skal styrkja framtidas omsorgstenking, og leggje til rette for rehabilitering i heimen som beste omsorgsnivå. Aktiv meistring skal gjera brukarane meir sjølvstendige og mindre avhengige av hjelp, og såleis lette presset på tenestene. 3 Omsorgsteknologi Det finns mange løysingar som gjev brukarane auka sjølvstende og fridom. Eit område som har vore i fokus dei siste åra, er ulike teknologiske hjelpemiddel som kan takast i bruk i heim og institusjon, og må bli ein del av «morgondagens omsorg» Eit svært viktig satsingsfelt vil derfor være ei vidareutdanning for sjukepleiarar. Helsepersonell må samarbeida bl.a. med ingeniørar og næringslivet, for å få kompetanse på dette feltet, for utvikling av desse hjelpemidla. Omsorgsbustader og andre bustader må byggjast med Smarthusteknologi. Hjelpemiddelsentralen er viktige medspelarar og alt dette må tidleg inn i ein planprosessar ved bygging, og tilpassast einskilde brukarar i størst mogeleg grad. 4 Sårsjukepleie/diabetessjukepleie. Eit anna viktig felt som ein treng å spesialisere seg på i kommunen, er sårbehandling. Diabetes 2 er aukande i deler av verda, ein såkalla livsstilssjukdom. Med den fylgjer ulike komplikasjonar, ein av dei er dårleg blodsirkulasjon og sår især på føter/legger. Det er tungvint og dyrt om ein må til poliklinikk for sårstell, og det er viktig med førebygging. Utdanning innan diabetesomsorg vil og være viktig for å kunne følgje opp diabetespasientar på ein god måte. 5 Rekruttering sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Det er heile tida naudsynt med ny tilførsle av denne kompetansen. Ein står framføre eit generasjonsskifte. Godt samarbeid med både vidaregåande og høgskule om utdanning er viktig. Ein må og satse på kompetanseoppbygging til ufaglærte som har jobb i kommunen. Helsefagarbeidarar er ei gruppe det truleg vert stor mangel på framover. Slik at det må leggjast planar for kva som kan gjerast lokalt for å bygge opp kompetansen blant eigne tilsette. Få støtte til utdanning, evt. bonus til lærlingar som vel Fitjar kommune. Ein er i konkurranse om lærlingane, no også med lokalsjukehuset. Ein bør satse på fleire lærlingar i dei næraste åra. Stipend og anna må vurderast. Og dei tilsette og politikarane må syte for godt omdømme om denne type stillingar. 6 Fagskuleutdanning innan ulike tema. Fitjar vidaregåande skule har vidareutdanning tetta mot helsefagarbeidarar, fagskule i omsorgsfaget. Fagarbeidarar som ynskjer fagskuleutdanning, må få støtte og permisjon, slik dei har fått hittil når det gjeld relevante fag. Det er viktig med godt kvalifiserte tilsette på alle område. Aktuellt framover kan vera «aktiv omsorg», rehabiliering el.a. i Fagskulen. 19