Møteprotokoll Utval: Regional- og næringsutvalet Møtestad: Ørskog kommune, rådhuset Dato: 03.02.2015 Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/15 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørn Inge Ruset Medlem AP Kirsti Dale Medlem V Bergsvein Brøske Medlem SP Line Karlsvik Medlem SV Anne Dyb Liaaen Medlem H Toril Røsand Medlem H Geir Stenseth Medlem FRP Knut Flølo Medlem FRP Knut Støbakk Medlem KRF Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Karin Asbjørnsen Leiar SL/TVP Hanne Notøy Nestleiar AP Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: Namn Stilling Bergljot Landstad regional- og næringssjef Frank Madsøy ass. regional- og næringssjef Øyvind Tvedten rådgivar Eivind Vartdal Ryste gruppeleiar Gunhild Dahle rådgivar Sekretariat: Namn Gunn Elin Nygård Stilling Konsulent
2 Regional- og næringsutvalet møtte på rådhuset i Ørskog kommune den 3. februar 2015, kl. 10.30. Ordførar Torbjørn Fylling og rådmann Synnøve Vasstrand ønska utvalet velkomne til Ørskog kommune. Dei orienterte om kommunen generelt og om status og utfordringar i kommunen, om næringslivet og om utviklingsplanane framover. Landbrukssjef Helga Færøy orienterte om status for Nordre Sunnmøre Landbrukskontor. Dette er eit interkommunalt landbrukskontor som dekkjer kommunane Ålesund, Sula, Skodje, Ørskog og Stordal. Landbruksdirektør Anne Berit Løset orienterte om status i Vestlandslandbruket, som består av landbruket og sterke bygdenæringar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Utvalet besøkte deretter Ørskog Samdrift DA på Giskemo. Dagleg leiar Eli Sjåstad orienterte om status ved bedrifta. Medlemme fikk til slutt ei synfaring i fjøsen. Leiar Randi Asbjørnsen forlot møtet under orienteringane på grunn av sjukdom i nær familie. Bergsvein Brøske (SP) vart samrøystes valt til å leie møtet. Møte i regional- og næringsutvalet starta kl. 14.00 på rådhuset i Ørskog kommune under leiing av Bergsvein Brøske. Hanne Notøy har meldt forfall. Ingen av Hanne Notøy sine varamedlemmer hadde høve til å møte. Bjørn Inge Ruset kom til møtestart kl. 14.00. Møtet vart sett med 9 medlemer. Innkallinga vart samrøystes godkjent. Saklista vart samrøystes godkjent. Saksnr Innhald RN 1/15 Handlingsprogram Verdiskaping 2015 RN 2/15 Søknad om tilskot til InnoKom Sunnmøre - satsing på innovasjonskultur i kommunane RN 3/15 Felles cruisestrategi for Vestlandsrådet RN 4/15 Om landsdekkande ordningar vs regionale ordningar i Innovasjon Norge RN 5/15 Vanylven kommune - søknad om tettstadmidlar - klage på avslag RN 6/15 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri 2014 RN 7/15 Statusrapport maritim næring RN 8/15 Administrative vedtak frå 18. november til 31. desember 2014 RN 9/15 Fordeling av virkemidlar frå kap 551 post 60 og Tiltaksfondet pr 31.12.14 RN 10/15 Melding frå NAV for november og desember 2014 RS 1/15 Overføring av skatteoppkrevarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale RS 2/15 Budsjettoppfølging - RN-utvalet - Periode 2014-13 Godkjenning av protokoll
3 RN 1/15 Handlingsprogram Verdiskaping 2015 Møre og Romsdal fylkeskommune godkjenner Handlingsprogram Verdiskaping 2015 slik det no er lagt fram, med opning for mindre justeringar i økonomiske rammer. Eventuelt behov for endra fordeling mellom operatørane som følgje av halvårsvurderinga, skal vedtakast av regional- og næringsutvalet. Behandling i Regional- og næringsutvalet - 03.02.2015 Knut Flølo (FrP) fremma på vegner av seg sjølv, Geir A Stenseth (FrP), Knut Støbakk (Krf), Kirsti Dale (V), Bergsvein Brøske (SP), Toril Røsand (H), Line Karlsvik (SV), Anne Dyb Liaaen (H) og Bjørn Inge Ruset (AP) følgjande tilleggsforslag: «Det er ikkje tvil om at oppdrettsnæringa har store miljøutfordringar i samband med rømming av fisk, lus og sjukdom. For å møte desse utfordringane må Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med Innovasjon Norge og næringa/industri og investorar ha som ambisjon å innta posisjonen som landets (verdas) fremste region innan landbasert oppdrett under mottoet «Framtiden skapes den vedtas ikkje.» Votering: Tilrådinga vart samrøystes vedteke. Tilleggsforslag frå Knut Flølo med fleire vart samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet - 03.02.2015 Møre og Romsdal fylkeskommune godkjenner Handlingsprogram Verdiskaping 2015 slik det no er lagt fram, med opning for mindre justeringar i økonomiske rammer. Eventuelt behov for endra fordeling mellom operatørane som følgje av halvårsvurderinga, skal vedtakast av regional- og næringsutvalet. Det er ikkje tvil om at oppdrettsnæringa har store miljøutfordringar i samband med rømming av fisk, lus og sjukdom. For å møte desse utfordringane må Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med Innovasjon Norge og næringa/industri og investorar ha som ambisjon å innta posisjonen som landets (verdas) fremste region innan landbasert oppdrett under mottoet «Framtiden skapes den vedtas ikkje.» RN 2/15 Søknad om tilskot til InnoKom Sunnmøre - satsing på innovasjonskultur i kommunane Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 1 500 000 mill. kroner frå kap 551 post 60 til Sunnmøre regionråd for gjennomføring av prosjektet InnoKom Sunnmøre. Tilskotet er avgrensa til inntil 32 prosent av total kostnadsramme og er gitt på vilkår av fullfinansiering. Søkar må sende inn nytt budsjett og finansieringsplan før endeleg godkjenning. Tilskotet er gitt på vilkår om at fylkeskommunen vert ein medspelar og får ei tydeleg rolle i gjennomføring av kurset.
4 Søkar vert oppmoda om å opne opp for deltakarar frå andre deler av fylket. Søkar må skriftleg seie frå seg tilsegn 2014-0075 pålydande 455 000 kroner, då prosjektet Innovasjonsskolen ikkje vart gjennomført slik som tidlegare planlagt. Då verkemiddelbudsjettet for Handlingsplan Verdiskaping 2015 ikkje er vedtatt, må ein ta atterhald om endeleg godkjenning til etter møtet i fylkesutvalet 23. februar 2015. Behandling i Regional- og næringsutvalet - 03.02.2015 Knut Støbakk (KrF) fremma spørsmål om sin habilitet som varamedlem i representantskapet og ordførar i Giske kommune som er eigarkommune. Knut Støbakk gjekk frå under røystinga. Geir A Stenseth (FrP) fremma spørsmål om sin habilitet som varaordførar i Ålesund kommune som er eigarkommune. Geir A Stenseth gjekk frå under røystinga. Bjørn Inge Ruset (AP) fremma spørsmål om sin habilitet som ordførar i Norddal kommune som er eigarkommune. Bjørn Inge Ruset gjekk frå under røystinga. 6 voterande. Votering over habilitetsspørsmåla: Knut Støbakk vart samrøystes kjend inhabil etter fvl 6, andre ledd. Geir A Stenseth vart samrøystes kjend inhabil etter fvl 6, andre ledd. Bjørn Inge Ruset vart samrøystes kjend inhabil etter fvl 6, andre ledd. Anne Dyb Liaaen (H) fremma forslag om å utsetje saka på grunn av at det er kome eit notat frå Sunnmøre Regionråd vedrørande saka som administrasjonen og ein del av utvalsmedlemmene ikkje har motteke. Votering over utsetjingsforslaget: Utsetjingsforslaget vart samrøystes vedteke. Saka vart utsett til neste møte. Knut Støbakk (KrF), Geir A Stenseth (FrP) og Bjørn Inge Ruset (AP) tiltrådte møtet. 9 voterande. RN 3/15 Felles cruisestrategi for Vestlandsrådet Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet sluttar seg til vedtaket i Vestlandsrådet og ber om at det blir utarbeidd ein overordna cruisestrategi for Vestlandet som tar utgangspunkt i utfordringar og moglegheiter som er omtala i forstudien utarbeidd av dei fire Vestlandsfylka. Cruisestrategien innarbeidast som ein del av «Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2020».
5 AU/næringssjefskollegiet godkjenner endeleg utredningsmandat. Næringssjefskollegiet, administrative representantar frå Stavanger og Bergen, i tillegg til representantar frå typiske turistkommunar med stor cruisetrafikk, utgjer den daglege styringsgruppa og rapporterer til AU ved viktige høve i arbeidet. Styringsgruppa engasjerer ekstern hjelp i den grad ein treng det, innanfor ramma Vestlandsrådet har løyvd til formålet. Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet - 03.02.2015 Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet sluttar seg til vedtaket i Vestlandsrådet og ber om at det blir utarbeidd ein overordna cruisestrategi for Vestlandet som tar utgangspunkt i utfordringar og moglegheiter som er omtala i forstudien utarbeidd av dei fire Vestlandsfylka. Cruisestrategien innarbeidast som ein del av «Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2020». AU/næringssjefskollegiet godkjenner endeleg utredningsmandat. Næringssjefskollegiet, administrative representantar frå Stavanger og Bergen, i tillegg til representantar frå typiske turistkommunar med stor cruisetrafikk, utgjer den daglege styringsgruppa og rapporterer til AU ved viktige høve i arbeidet. Styringsgruppa engasjerer ekstern hjelp i den grad ein treng det, innanfor ramma Vestlandsrådet har løyvd til formålet. RN 4/15 Om landsdekkande ordningar vs. regionale ordningar i Innovasjon Norge Dei fylkeskommunale overføringane av distriktsretta verkemiddel til det regionale Innovasjon Norge kontoret er positive med tanke på å styrke næringslivet i heile fylket. Ein styrking av dei landsdekkande ordningane må ikkje skje på bekostning av dei regionale ordningane. Eit Innovasjon Norge med regionale virkemiddel og sterke regionkontor vil hjelpe det lokale næringslivet til å kommersialisere regionale fortrinn. Det er positivt om regjeringa finn å ville tilføre nye midlar i statsbudsjettet til å styrke alle ordningane til Innovasjon Norge. Behandling i Regional- og næringsutvalet - 03.02.2015 Knut Flølo (FrP) fremma spørsmål om sin habilitet som styremedlem i Innovasjon Norge Møre og Romsdal. Knut Flølo gjekk frå under røystinga. 8 voterande. Votering over habilitetsspørsmålet: Knut Flølo vart samrøystes kjend inhabil etter fvl 6.1.e.
6 Dei fylkeskommunale overføringane av distriktsretta verkemiddel til det regionale Innovasjon Norge kontoret er positive med tanke på å styrke næringslivet i heile fylket. Ein styrking av dei landsdekkande ordningane må ikkje skje på bekostning av dei regionale ordningane. Eit Innovasjon Norge med regionale virkemiddel og sterke regionkontor vil hjelpe det lokale næringslivet til å kommersialisere regionale fortrinn. Det er positivt om regjeringa finn å ville tilføre nye midlar i statsbudsjettet til å styrke alle ordningane til Innovasjon Norge. Knut Flølo (FrP) tiltrådte møtet. 9 voterande. RN 5/15 Vanylven kommune - søknad om tettstadmidlar - klage på avslag Regional- og næringsutvalet held fast på avgjersla i saka. Saka vert med dette sendt vidare til handsaming i Fylkesutvalet som klageorgan. Regional- og næringsutvalet held fast på avgjersla i saka. Saka vert med dette sendt vidare til handsaming i Fylkesutvalet som klageorgan. RN 6/15 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri 2014 Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om akvakulturforvalting og fiskeri til orientering. Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om akvakulturforvalting og fiskeri til orientering. RN 7/15 Statusrapport maritim næring Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om maritim næring til orientering. Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om maritim næring til orientering.
7 RN 8/15 Administrative vedtak frå 18. november til 31. desember 2014 Regional- og næringsutvalet tar rapporten over administrative vedtak i perioden frå 18. november til 31. desember 2014 til etterretning. Regional- og næringsutvalet tar rapporten over administrative vedtak i perioden frå 18. november til 31. desember 2014 til etterretning. RN 9/15 Forbruk og overføring av virkemidlar frå kap 551 post 60 og Tiltaksfondet pr 31.12.14 Regional- og næringsutvalet tek saka om forbruk av verkemidlar frå kap 551 post 60 og Tiltaksfondet pr 31. desember 2014 til etterretning. Regional- og næringsutvalet tek saka om forbruk av verkemidlar frå kap 551 post 60 og Tiltaksfondet pr 31. desember 2014 til etterretning. RN 10/15 Melding frå NAV for november og desember 2014 Regional- og næringsutvalet tek orienteringane om arbeidsmarknaden frå NAV til etterretning. Regional- og næringsutvalet tek orienteringane om arbeidsmarknaden frå NAV til etterretning. RS 1/15 Overføring av skatteoppkrevarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale 1 Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er i hovudsak samd i forslaga som ligg i utgreiinga Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten. 2 Fylkesutvalet krev på grunnlag av argumentasjonen i saksframlegget, at Skattedirektoratet vurderer den regionale fordelinga på nytt når det gjeld lokalisering av skatterekneskapfunksjonen, og legg hovudavdelinga for denne til Kristiansund.
8 3 Det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representanter frå Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune til å følgje opp arbeidet. Behandling i Fylkesutvalet - 26.01.2015 Randi Karin Asbjørnsen (SL/TVP) fremma følgjande forslag: «1. Fylkesutvalget i Møre og Romsdal går imot at skatteoppkreverfunksjonen skal overførest fra kommunene til den statlige skatteetaten. 2. Dersom det likevel blir ei overføring av skatteoppkreverfunksjonen, krev fylkesutvalget at Skattedirektoratet vurderer dei regionale fordelingane på nytt når det gjeld lokalisering av skatteregnskapsfunkjonen og legg hovedavdelinga for denne til Ålesund. Dette begrunnes med kompetanse og miljø ved Nordre Sunnmøre skattekontor/kemner. 3. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representanter frå Ålesund, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune til å følgje opp arbeidet.» Nytt punkt 4 «6 stillinger for innkreving i Kristiansund og 1 stilling for rettleding 8 stillinger for innkreving i Ålesund og 3 stillinger for rettleding.» Gunn Berit Gjerde (V) fremma på vegner av seg sjølv og Iver Nordseth (V) forslag om slikt alternativ til pkt. 1 og 2: «1. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal går imot at skatteoppkrevarfunksjonen skal overførast frå kommunane til den statlege skatteetaten. 2. Dersom det likevel blir ei overføring av skatteoppkrevarfunksjonen, krev fylkesutvalet at Skattedirektoratet vurderer dei regionale fordelingane på nytt når det gjeld lokalisering av skattereknskapsfunksjonen og legg hovudavdelinga for denne til Kristiansund.» Votering: Ved alternativ votering over punkt 1 i tilrådinga frå fylkesrådmannen og forslaget til nytt punkt 1 frå Gunn Berit Gjerde og Iver Nordseth vart forslaget frå Gunn Berit Gjerde og Iver Nordseth vedteke med 11 stemmer. Tilrådinga frå fylkesrådmannen fekk 2 stemmer (FrP). Ved alternativ votering over punkt 2 i tilrådinga frå fylkesrådmannen og forslaget om nytt pkt. 2 frå Gunn Berit Gjerde og Iver Nordseth, vart forslaget frå Gunn Berit Gjerde og Iver Nordseth vedteke med 10 stemmer. Tilrådinga frå fylkesrådmannen fekk 3 stemmer (Frp og SL/TVP). Ved alternativ votering over punkt 3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen og forslaget frå Randi Karin Asbjørnsen vart tilrådinga frå fylkesrådmannen vedteke med 12 stemmer. Forslaget frå Randi Karin Asbjørnsen fekk 1 stemme (SL/TVP). Forslag om nytt punkt 4 frå Randi Asbjørnsen fekk 1 stemme (SL/TVP) og falt.
9 Vedtak i Fylkesutvalet - 26.01.2015 1. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal går imot at skatteoppkrevarfunksjonen skal overførast frå kommunane til den statlege skatteetaten. 2. Dersom det likevel blir ei overføring av skatteoppkrevarfunksjonen, krev fylkesutvalet at Skattedirektoratet vurderer dei regionale fordelingane på nytt når det gjeld lokalisering av skattereknskapsfunksjonen og legg hovudavdelinga for denne til Kristiansund. 3. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune til å følgje opp arbeidet. Regional- og næringsutvalet tek referatsaka til orientering. RS 2/15 Budsjettoppfølging - RN-utvalet - Periode 2014-13 Regional- og næringsutvalet tek referatsaka til orientering. Godkjenning av protokoll Regional- og næringsutvalet gikk gjennom og godkjente samrøystes protokollen frå møte 03.02.2015. Møtet slutt kl. 15.30.