Adresseføresegner, Sund kommune



Like dokumenter
Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

10/ /K2-L32//AEM

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Lokal forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Aurland Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Vik Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Sogndal kommune

Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane

Namning av vegar i Fræna Kommune

Denne orienteringa vert berre sendt grunneigar, og de må sjølv orientera eventuelle leigetakarar.

LOKAL FORSKRIFT OM ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag

Forskrift for adressetildeling og adresseforvaltning for Hadsel Kommune Innhold 1. Formål og omfang 2. Adressemyndighet 3.

MIDSUND KOMMUNE. Adresseplan Adresseringsområder i Midsund

Vegadresse er oppbygd av tre elementer Adressenavnet Adressekoden Adressenummeret

Offi si el le adresser. Anita Høie

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

LOKAL FORSKRIFT FOR ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Adresseplan for Nord-Odal kommune

HALSA KOMMUNE ADRESSEPLAN

1/27/2014. Formålet med adresser og skilt. Kommunen er adressestyresmakt. Matrikkelforskrifta 49. Heimel, matrikkellova 21 Fastset offisiell adresse

ADRESSEPARSELLERING, VEGADRESSER OG VEGNAMN I NISSEDAL KOMMUNE

Endring av adresseparseller og vegnavn som tidligere er navnet - Høring

Vedtatt i Vågsøy kommunestyre , K-sak 076/13

Adresseprosjektet Bernt Audun Strømsli Kartverket Kristiansand Matrikkeldager høsten 2013

Adresseprosessen 10/18/2013 ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL. Formålet med adresser og skilt Matrikkelforskrifta 49

Informasjon om tildeling av vegadresser

SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /15

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

MØTEINNKALLING FORMANNSKAPET SAKLISTE 45/09 09/854 VEGADRESSERINGSPLAN FOR FOLLDAL KOMMUNE

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Fosnes kommune. Adresseplan

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAKSFRAMLEGG. 1. Plan og utviklingsutvalget tilrår kommunestyret å fatte følgende vedtak:

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

SAKSFREMLEGG. Saksbehandler: Bengt Richardsen Arkivsaksnr.: 13/ Sett inn saksutredningen under denne linja IKKE RØR LINJA

ADRESSEPLAN FOR LEBESBY KOMMUNE

MODUM KOMMUNE ADRESSEPLAN

Vegadresseprosjektet VARDØ 2015

Informasjon om offisiell vegadresse

SMØLA KOMMUNE SAKSNR.:

Adressering. Trondheim 24. februar 2016

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/742 L32 &00 Rune Klevstad REVIDERING AV NYE REGLER FOR HUSNUMMERSKILT I MODUM KOMMUNE

Adresseplan. Overgang fra matrikkeladresser til veiadresser. Vedtatt av Skaun kommunestyre

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Utvalg for areal, miljø og teknikk. Dato: Utvalg for areal, miljø og teknikks medlemmer og varamedlemmer

Høring Kvalsund kommune - nye veinavn ved adressering

FAUSKE KOMMUNE ORGANISERING AV ADRESSEARBEIDET I KOMMUNEN. Kommunen er adressemyndigbet og fastsetter offisielle adresser. Regelverket knytet til

Vegadresseprosjektet Finnmark Statens Kartverk, avd. Vadsø Bodil Borch Mietinen

Kurs i matrikkelføring. Offisielle adresser

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Utvalg Utvalgssak Møtedato Livsløpsutvalget 3/

namnsetjing. av gater og vegar Språkrådets stadnamnteneste

Utvalg Utvalgssak Møtedato Livsløpsutvalget 3/ Adresseprosjektet - Framlegg for godkjenning av navn på 23 adresseparseller

Fjell kommune Arkiv: 566 Saksmappe: 2017/ /2018 Sakshandsamar: Janne Byrkjeland Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

HEMNE KOMMUNE ADRESSEPLAN

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vass- og avløpsavgifter

Kriterium for fastsetjing av nye vegnamn

Håndbok V127 Gangfeltkriterier

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Rolf Inge Martnes Arkiv: L32 Arkivsaksnr.: 12/ Klageadgang: Nei

Forfall meldast snarest på tlf eller til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.

Forsand kommune Politisk

Reguleringsføresegner

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

REGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART. Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda. Ålesund. Ørsta. Volda

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

FORSKRIFT OM VATN- OG AVLØPSGEBYR

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Smøla kommune. Saksframlegg. Vegadressering i Smøla kommune

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Tove Kummeneje Arkiv: L32 Arkivsaksnr-dok.nr: 11/1609-1

Forprosjekt - Offisielle veiadresser

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEBOK Tysnes kommune

Matrikkelopplæring. Adresseprosessen

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR I LEIKANGER KOMMUNE

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

FAUSKE KOMMUNE Plan/utvikling

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

Transkript:

Adresseføresegner, Sund kommune 1. Adressemynde 2. Namnemynde 3. Offisiell adresse 4. Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde 5. Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn 6. Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene 7. Skilting 8. Plassering av skilt, materialval, utforming og utføring/montering 9. Endring av tildelt adresse 10. Forskrifta er gjort gjeldande Adresseføresegner, Sund kommune, Hordaland Heimel: Fastsett av Sund kommunestyre 16.04.2013, med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova) 1. Adressemynde Rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. 2. Namnemynde Sund kommunestyre er namnemynde i kommunen og har ansvaret for fastsetjing av namn. Namnemynde gjer vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemynde utnemner representantar til saksgruppe levekår og nærmiljø som har innstillingsmynde for fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Saksgruppe levekår og nærmiljø har også ansvar for å gje uttale på vegne av kommunen om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksrett for. 3. Offisiell adresse Med offisiell adresse meiner ein: 3.1 Vegadresse, gitt med vegnamn, adressenummer og eventuell bokstav eller 3.2 Matrikkeladresse, gitt med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer med tilhøyrande adressetilleggsnamn eller

3.3 Områdeadresse, gitt med områdenamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav. 3.4 Det er kommunestyret som gjer vedtak om kva for område i kommunen det skal innførast vegadresser. 4. Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde 4.1 Ved innføring av vegadresser lagar adressemynde kart som viser dei einskilde adresseparsellane (vegane) med start og stopp punkt og tildeler adressenummer (husnummer) etter reglar gitt i Adresseveileder tilpassa regelverket i matrikkellova, matrikkelforskrifta og merknadene til denne utarbeidd av Statens kartverk. 4.2 Namnemynde fastset namn og skrivemåte for dei einskilde adresseparsellane, og eventuelle tilleggsnamn (namn på til dømes bustadfelt og områdenamn). Aktuelle lag, organisasjonar og einskildpersonar i kommunen bør få høve til å komme med forslag til namn. 4.3 For nye område/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samstundes med behandling av reguleringsplan, slik at ikkje «tilfeldige» namn vert teke i bruk. 4.4 I område med matrikkeladresser kan områdenamn nyttast i tillegg for å lette bruken av adressa. 4.5 Adresser kan også innehalde eit adressetilleggsnamn. Som hovudregel nyttar ein gardsnamn som adressetilleggsnamn. Adressetilleggsnamn kan kuttast ut dersom dette gir misvisande informasjon. 5. Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn 5.1 Adressenamna må passe inn i eit samordna adressesystem for kommunen. Namna bør vera lette å oppfatte, skrive og uttale og skal vera unike slik at dei ikkje kan forvekslast med andre eksisterande adressenamn. 5.2 Eit adressenamn skal ha lokal tilknyting på staden og så langt råd er byggje på lokal namnetradisjon, samstundes verna om og ta vare på lokal kulturarv og kulturhistorie. 5.3 Namn på personar som er i live, bør ikkje bli tekne i bruk som adressenamn. Der ein vegparsell får namn etter ein historisk person, skal namnet skrivast slik vedkomande skreiv namnet sitt. 5.4 Skrivemåten skal vera i samsvar med det lokale målføret. I saksførebuinga til namneval skal lokalmiljøet og Statens namneteneste for Vestlandet vera rådspurde.

6. Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene 6.1 Adressemynda skal utarbeide tenlege adresseparsellar som skal ha som hovudføremål å gjere det enkelt for alle å finne fram. Stadnamngruppa har ikkje høve til å gjere endringar på avgrensinga av adresseparsellane som adressemynda har utarbeidd, men skal finne gode namn til desse. Utgangspunktet for det samordna adressesystemet for adresseområdet er Skogsskifte, (Kryss fv 555 og Skogevegen) til og med gnr. 13 Kleppevik på vestsida av kommunen og til og med gnr. 12 Høyland på austsida. Brufeste/ferjekai når det gjeld øyane. Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen. 6.2 Startpunkt for nummertildelinga av adresser til veg eller område med eige adressenamn er normalt der vegen eller tilkomsten tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som ligg nærast utgangspunktet nemnd under punkt 6.1 rekna etter ferdselsåra. 6.3 Sidevegar til overordna veg bør vera eigen adresseparsell og få eige adressenamn dersom sidevegen er: a) Kortare enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar eller b) Lengre enn 200 meter og fører til minst 5 adresseeiningar. c) Lengre enn 500 meter og fører til fast busetnad og/eller verksemder. 6.4 Der adresseeiningar mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 15 adresseeiningar. 6.5 Adressemynda kan gjera unntak frå grensene som er sett i punkt 6.3 og 6.4 for å gjera det lettare å finne fram og/eller for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. 6.6 Nummereringa langs sidene til ein veg bør gå mest mogleg parallelt. Det bør reserverast ledige adressenummer i tilfelle utbygging. 6.7 Avstandsprinsippet vert nytta i områder med spreidd busetnad. Adressenummer vert då rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10 meter. (Døme: Ei adresseeining som ligg 400 meter frå der vegen startar får tildelt adressenummer 40. ) 6.8 Avstandsprinsippet bør nyttast der avstanden mellom dei fleste adresseeiningane er større enn 50 meter. 6.9 Adressemynda kan også nytte ein kombinasjon av tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.

7. Skilting 7.1 Adressemynda skal utarbeide ein skiltplan for kommunen. 7.2 Statens vegvesen har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt langs riks og fylkesvegar. 7.3 Kommunen er ansvarleg for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale vegar. (jf. 57 i matrikkelforskrifta.) Skiltansvaret omfattar skilting av gater, vegar, stiar, område og plassar som er naudsynt for å oppnå god merking av adressene. Skilta skal setjast opp så snart som mogeleg etter at skrivemåten til adressenamnet er vedtatt. 7.4 For private vegar er det dei einskilde vegstyra som har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og kostnader knytt til dette. 7.5 Alle grunneigarar eller festarar som får tildelt adressenummer til bygg ut frå vegadresse, har plikt til å koste, setje opp og halde vedlike husnummerskilt og eventuelle naudsynte tilvisingsskilt på eigedommen etter nærare reglar gitt under avsnitt 8. 7.6 For eksisterande bygg som får tildelt adressenummer etter vegadresse, skal nummerskilt væra sett opp innan eit år etter at adressetildelinga er gjort kjent. For nye bygg skal nummerskilt vera sett opp i det bygget blir teke i bruk. 7.7 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane i punkt 7.6 vert følgd og gje nødvendige pålegg. Pålegg som det ikkje vert teke omsyn til, kan adressemynda få utført mot at eigar/festar ber kostnaden. 8. Plassering av skilt, materialval, utforming og utføring/montering 8.1 Nummerskilt og eventuelt tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydeleg kva for bygg det høyrer til. Nummerskilt skal som hovudregel plasserast 2,5 meter over bakken og så vidt mogeleg til høgre for inngangsdør og innkjørsler frå veg. Skilta skal vera lett synlege frå den vegen dei høyrer til, og haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelt bokstavar. Samstundes bør skilta plasserast slik at dei er godt leselege når det er mørkt. 8.2 Det det vil vera vanskeleg å sjå skiltet frå veg, skal nummerskilt setjast opp i passande høgde på port, innhegning/gjerde, stolpe eller anna egna stad, og om mogeleg til høgre for inngang/innkøyring. 8.3 Dersom nummerskiltet vender mot annan veg enn den adressa er knytt til, skal det under nummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygningen er adressert til tilvisingsskilt.

8.4 Sjølv om eigedommen ikkje har inngang eller innkøyring frå den vegen som nummerskiltet er knytt til, bør det setjast opp vanleg nummerskilt til vegen. Under nummerskiltet skal det plasserast tilvisingsskilt som fortel frå kva for veg eigedommen har tilkomst. 8.5 I dei tilfella der adressemynda finn at det er naudsynt, kan adressemynda krevje at det vert sett opp suppleringsskilt ved hovudveg, i tillegg til ved kvart hus og den enkelte inngang. 8.6 Nummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt materiale. Dei skal festast solid, rustfritt og haldbart. 8.7 Nummerskilta skal ha svarte tal og eventuelt bokstavar, i tillegg til svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande bakgrunn. Teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm. Andre skilttypar skal godkjennast av adressemynda. 9. Endring av tildelt adresse 9.1 Før adressemynda med heimel i matrikkelforskrifta 50 endrar ei adresse, skal eigar/festar til aktuell eigedom eller eigedomsdel ha fått melding og høve til å uttale seg om forslag til endringa. 9.2 Eigar/festar kan søke adressemynda om å få endra tildelt adresse til ei meir tenleg adresse. Døme: Endre adressenummer til annan veg som huset på eigedommen har tilkomst til. 10. Forskrifta er gjort gjeldande Denne forskrifta trer i kraft etter endeleg vedtak i Sund kommunestyre 16.04.2013

Definisjonar: Vegadresse - gitt med vegnavn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav. Matrikkeladresse - gitt med gårdsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhørende adressenavn. Adresseeining: - Den einskile bygning/eigedom som vert tildelt eit adressenummer. Adresseparsell: - Veg eller område som vert tildelt eige namn. Avstandsprinsipp: - Adressenummer vert tildelt med utgangspunkt i avstand frå vegens startpunkt delt på 10. Til dømes vil då Lyngvegen 150 ligge 1500 m frå startpunktet. Områdeadressering: - Adressenummer vert tildelt fortløpande uavhengig av vegtilknyting. Til offisiell adresse kan det òg høre med eit bustadnummer.