ROS- analyse Prosjekt: E134 Korlevoll Region vest Voss og Hardanger distrikt Dato: 24.05.2012
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 1 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innleiing... 4 3 Risiko- og sårbarheitsanalyse... 5 3.1 Gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalyse... 5 3.2 Trinn 1: Beskriving av analyseobjektet, føremål og vurderingskriterium... 6 3.3 Trinn 2: Identifisera tryggleiksproblem... 8 3.4 Trinn 3: Vurdera risiko... 10 3.5 Trinn 4: Føreslå tiltak... 15 3.6 Trinn 5: Dokumentere... 15 4 Konklusjon og oppfylgjande undersøkingar... 15
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 2 Forord Denne risiko- og sårbarheitsanalysen er utarbeid som ein del av utredningsarbeidet knytt til utarbeiding av reguleringsplan for E 134 Korlevoll. Analysen vurderar kva hendingar som kan oppstå i vegsystemet, og kva konsekvensar desse hendingane kan medføra. Statens vegvesen er tiltakshavar for prosjektet og er planmyndigheit. Voss, mai 2012 Statens vegvesen Region vest
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 3 1 Samandrag Som ein del av utredningsarbeidet knytt til utarbeiding av reguleringsplan for E 134 Korlevoll, er det utarbeid ei risiko- og sårbarheitsanalyse der det er vurdert kva hendingar som kan oppstå i vegsystemet, og kva konsekvensar desse hendingane kan medføra. På bakgrunn av analysen blir ulike hendingar som kan oppstå i vegsystemet klassifisert etter sannsyn og moglege konsekvensar. Ut frå plasseringa hendingane då får i matrisa for klassifisering av risiko, skal det vurderast om det skal settast krav til tiltak, eller om risikoen er så låg at den kan aksepterast. Gjennom val av vegstandard etter Statens vegvesen sine handbøker, har ein allereie definert ein del tryggleikstiltak. I tillegg kan det vera spesielle hendingar eller forhold ved vegsystemet som krev spesielle tiltak.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 4 2 Innleiing Planområdet omfattar vegstrekninga frå Hesjabakkmyrane i nord til ca. 500 m sør for avkjørsle til parkeringsplasspå Korlevoll, og er vist med svart strek på kartskissa under. Figur 1: Planområde Målet med planen er å fastleggje plassering og utforming/opparbeiding av busslommer og kolonneoppstillingsplass på Korlevoll, samt gang- og sykkelveg mellom Korlevoll og Hesjabakkmyrane. Avkjørsle til parkeringsplassen på Korlevoll skal som i dag, utformast som fullkanalisert kryss. Det skal også tilretteleggjast for opparbeiding av kommunale vatn- og avlaupsleidningar på delar av strekninga. Formålet med planen er å fastleggje naudsynt areal for bygging og drift av desse tiltaka.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 5 3 Risiko- og sårbarheitsanalyse 3.1 Gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalyse Etter Plan- og bygningslova 4-3 skal det ved utarbeiding av planar for utbygging gjennomførast risiko- og sårbarheitsanalyse for planområdet. Analysen skal vera ei analytisk tilnærming og metode for å systematisera uønska hendingar, vurdera sannsyn og konsekvens for hendingane, og for å vurdera tiltak som anten kan førebyggja hendingane, eller avgrensa skadar dersom hendingane skjer. Risiko- og sårbarheitsanalysen vert gjennomført etter fylgjande fem trinn: 1: Beskriving av analyseobjektet, føremål og vurderingskriterium. Avgrensing, hensikt og krav 2: Identifisera tryggleiksproblem Kva uønska hendingar kan skje og kvifor? 3: Vurdera risiko Kor ofte kan dei uønska hendingane skje og kva er konsekvensane? 4: Føreslå tiltak Kva er effektive risikohandterande tiltak? 5: Dokumentere Beskriva datagrunnlag, framgangsmåte og resultat av vurderinga. Figur 2: Dei fem trinna i risiko- og sårbarheitsanalyseprosessen.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 6 3.2 Trinn 1: Beskriving av analyseobjektet, føremål og vurderingskriterium 3.2.1 Føremålet med risiko- og sårbarheitsanalyse Føremålet med ei risiko- og sårbarheitsanalyse er å avdekka risiko for uønska hendingar som kan oppstå innafor planområdet. Risiko er eit uttrykk for den fare som uønska hendingar representerar for menneske, miljø eller materielle verdiar, og vert uttrykt ved sannsynet for og konsekvensen av dei uønska hendingane. Sannsyn vert definert som ei vurdering av sjansane for og kor ofte ei hending vil skje, i denne samanheng ei uønska hending, medan konsekvens vert definert som mogleg utfall av ei uønska hending. Konsekvensar kan uttrykkast med ord eller som ein talverdi for omfanget av skader på menneske, miljø eller materielle verdiar. Gjennom å vurdera sannsynet for og konsekvensane av ei hending, vert hendinga plassert i ei risikomatrise. Ut frå plasseringa hendinga får i matrisa, skal det vurderast om det skal settast krav til tiltak, eller om risikoen kan aksepterast. 3.2.2 Gjennomføring ROS- analysen for E 134 vart gjennomført ved hjelp av ei kort dagsamling. Gruppa var samla i Statens vegvesen sine lokale på Voss den 23. mai 2012, og var samansett av representantar frå Statens vegvesen og : Anne Karin Årvoll Statens vegvesen Hilde Gunn Stenseth Statens vegvesen Kari Veseth Kinden Statens vegvesen Terje Dagestad Statens vegvesen Terje Nesse Vurderinga av vegsystemet er gjort på bakgrunn av krav i Statens vegvesen sine vegnormalar og nullvisjonen. Nullvisjonen for trafikktryggleik vert lagt til grunn for utforminga av alle veg- og gatesystem. Det betyr at Statens vegvesen skal strekkja seg mot at ingen skal verta drepne eller alvorleg skada i trafikken, som igjen betyr at vegane skal utformast slik at dei hindrar alvorlege ulukker, og reduserar skadeomfanget dersom uhellet likevel er ute. Vegsystemet vert utforma slik at trafikantane vert hjelpt til rett åtferd, og vernar dei mot alvorlege konsekvensar dersom dei likevel gjer feil.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 7 3.2.1 Beskriving Figur 3: Planområde. Vegstandard Geometrisk utforming av vegsystemet er henta frå Statens vegvesen sine handbøker. Som dimensjoneringsgrunnlag for geometrisk utforming er trafikkmengder, områdetypar og fartsgrense avgjerande. E134 er ein del av stamvegnettet. I 2010 hadde E134 ved Seljestad ei trafikkmengde på om lag 2000 kjøretøy pr. døgn (ÅDT). Om lag 17 % av dette var tunge kjøretøy. Det er i dag fartsgrense 80 km/t på strekninga forbi Korlevoll. Beregninga for 2031 kan vera noko usikker med tanke på den nye Haukelitunnelen. Ein vanleg framskriving (ntp-prognose) 20 år fram, vil liggja mellom 2.500 og 3.000 i ÅDT. E134 er dimensjonert til klasse S2 på den aktuelle strekninga. Figur 4: Dimensjoneringsklasse S2. Figur 5: Løysning for gåande og syklande.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 8 3.3 Trinn 2: Identifisera tryggleiksproblem Det vart i førekant av dagsamlinga på Voss laga ei liste over uønska hendingar som kan oppstå i vegsystemet. Denne lista vart gjennomgått på samlinga, i tillegg kom det fram nye hendingar som vart vurdert (tabell 2-5, s. 12 18). Dei vurderte uønska hendingane omhandlar fylgjande: Ras/skred/flaum/grunnforhold Vêr, vindeksponering Natur- og kulturområde Strategiske område og funksjonar Forureiningskjelder Transport Trafikktryggleik Andre forhold Hendingane vart vurdert etter sannsynet for og konsekvensen av hendinga. Sannsynsgrad for dei uønska hendingane vert rangert etter antatt frekvens (hyppigheit): Sannsyn Vekting Definisjon Svært lite sannsynleg 1 Ei eller færre hendingar per 1000 år. Lite sannsynleg 2 Ei eller fleire hendingar per 100-1000 år. Mindre sannsynleg 3 Ei hending pr. 10 100 år. Sannsynleg 4 Meir enn ei hending per 1-10 år Svært sannsynleg 5 Meir enn ei hending per år
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 9 Konsekvensane av dei uønska hendingane vert rangert som fylgjer: Konsekvens Vekting Menneske Miljø Materielle verdiar Ubetydeleg 1 Ingen eller små personskader. Ingen eller ubetydeleg skade på miljø Skadar for inntil 50. 000 kroner. Mindre alvorleg 2 Mindre skader som treng medisinsk handsaming. Mindre skadar på miljø, men som naturen sjølv utbetrar på kort tid. Skadar mellom 50.000 500.000 kroner. Alvorleg 3 Inntil 1 død eller fare for alvorleg personskade, fleire mindre personskadar. Moderate skadar på miljø, eller skadar som krev mindre tiltak. Skadar mellom 500.000 5.000.000 kroner. Kritisk 4 Inntil 5 døde, eller fare for inntil 15 alvorleg skadde personar. Omfattande og langvarige miljøskadar som krev større tiltak. Skadar mellom 5.000.000 50.000.000 kroner. Katastrofalt 5 Meir enn 5 døde eller 15 alvorleg skadde/ sjuke. Varig skade på miljø. Skadar for meir enn 50.000.000 Risikomatrise: Sannsyn 5 1.5 2.5 3.5 4.5 5.5 4 1.4 2.4 3.4 4.4 5.4 3 1.3 2.3 3.3 4.3 5.3 2 1.2 2.2 3.2 4.2 5.2 1 1.1 2.1 3.1 4.1 5.1 1 2 3 4 5 Konskvens
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 10 3.4 Trinn 3: Vurdera risiko Gruppa sin identifikasjon av uønska hendingar og vurderinga av desse, er samanfatta i tabellane 1 og 2. Tabell 1 tek føre seg hendingar knytt til anleggsgjennomføring, tabell 2 tek føre seg den permanente driftsfasen. 3.4.1 Vurdering av uønska hendingar i anleggs-/utbyggingsperioden Hending/ Situasjon Aktuelt? Sanns. Kons. Risiko Kommentar/ Tiltak Natur- og miljøforhold Ras/skred/flaum/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/ tiltaket medføra risiko for: i. Masseras-/skred ii. Flaum Natur- og kulturområde iii. Sårbar flora iv. Sårbar fauna/fisk v. Fornminne (afk) Ja 2 2 vi. Kulturminne/- miljø Menneskeskapte forhold Strategiske område og funksjonar. Kan planen/tiltaket få konsekvensar for: vii. Veg, bru, knutepunkt Ja 5 1 viii. Brann/politi/sivilforsvar Ja 5 2 Det skal utførast avdekking i området. Ein føreset at området er frigitt etter avdekking og eventuell utgraving. Dersom ein under utbygging av vegprosjektet oppdagar kulturminne, skal arbeidet stoggast i den utstrekning kulturminnet vert råka av vidare arbeid, jf. Kulturminneloven 8.2. Vegen skal i utgangspunktet ikkje stengast i det heile. Det er ein føresetnad at sikring og varsling vert gjort i samsvar med godkjente planar, samt handbok 051. Det skal i HMS- planen til entreprenøren vera ein føresetnad at utrykkingskøyretøy i utrykking kan passera. Det skal leggjast til rette
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 11 ix. Kraftforsyning Ja 3 1 x. Område for friluftsliv for god kommunikasjon mellom entreprenør og utrykkingsetatane, gjennom å oppretta telefonkontakt der etatane kan nå entreprenøren dersom dei er i utrykking og må passera. Det må flyttast eit par stolpar for å legga til rette for gang- og sykkelvegen, men ein føreset at desse vert flytta før anleggsstart. Forhold som er til stades i dag: xi. Forureina grunn Medførar planen/ tiltaket: xii. Fare for akutt forureining Ja 4 2 xiii. Støy og støv frå trafikk Ja 5 1 xiv. Ulukke ved anleggsgjennomføring Ja 3 3 Tabell 1: Hendingar i anleggs-/utbyggingsperioden. Denne problematikken vert tatt opp i ytre miljøplan. Det skal leggjast til rette for at anleggsarbeidet ikkje skal gripa inn i det verna vassdraget. Dersom det skulle førekomma lekkasje frå anleggsmaskiner, er det ein føresetnad at entreprenøren har gode rutinar for slike hendingar. Det vert ikkje gjort spesielle tiltak mot dette under anleggsperioden, då det berre er fritidsbustader i området, og arbeidet vil føregå i vekedagane. HMS- planar, sikring i samsvar med godkjende planar, og sikker jobbanalyse skal så langt som mogleg hindra slike hendingar.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 12 3.4.2 Vurdering av uønska hendingar i driftsfasen Hending/ Situasjon Aktuelt? Sanns. Kons. Risiko Kommentar/ Tiltak Natur- og miljøforhold Ras/skred/flom/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/ tiltaket medføra risiko for: 1. Masseras/ -skred 2. Masseras vegfyllingar 3. Snø-/ isras 4. Flaumras 5. Flaum 6. Tidevassflaum 7. Radongass Vêr, vindeksponering. Er området: 8. Vindutsett 9. Nedbørutsett Natur- og kulturområde 10. Sårbar flora 11. Sårbar fauna/ fisk 12. Verneområde 13. Vassdragsområde Ja 2 1 14. Fornminne (afk) 15. Kulturminne/- miljø Menneskeskapte forhold Strategiske område og funksjonar. Kan planen/ tiltaket få konsekvensar for: 16. Veg, bru, knutepunkt 17. Hamn, kaianlegg 18. Sjukehus/-heim, kyrkje 19. Brann/politi/sivilforsvar 20. Kraftforsyning 21. Vassforsyning 22. Forsvarsområde 23. Tilfluktsrom 24. Område for idrett/ leik 25. Park, rekreasjonsområde
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 13 26. Område for friluftsliv Forureiningskjelder som er til stades i dag, og som råkar planområdet: 27. Akutt forureining 28. Permanent forureining 29. Støv og støy; industri 30. Støv og støy; trafikk 31. Støy; andre kjelder 32. Forureina grunn 33. Forureining i sjø 34. Høgspentlinje (em stråling) 35. Risikofylt industri med meir (kjemikaliar/ eksplosivar, olje/gass, radioaktivitet) 36. Avfallsbehandling 37. Oljekatastrofeområde Forureiningskjelder/faktorar som fylgjer av planen: 38. Fare for akutt forureining 39. Permanent forureining 40. Støy og støv frå trafikk Ja 4 1 41. Støy og støv frå ande kjelder 42. Forureining i sjø 43. Risikofylt industri med meir (kjemikaliar/eksplosivar osv.) Transport. Er det risiko for: 44. Ulukke med farleg gods Ja 1 4 45. Vêr/ føre avgrensar tilgjenge til området Ja 4 1 Det kan førekomma støy frå kolonneoppstillingsplassen, men det vil ikkje verta gjort særskilte tiltak retta mot dette, då støyen er minimal. Det er 17% tungtransportandel på strekninga. Det er svært lite sannsynleg at det skjer ei slik hending, så det vert ikkje gjort spesielle tiltak i forhold til dette. Stengt veg (svært sjeldan) eller kolonne kan føra til avgrensa tilgjenge til området, men det vert ikkje gjort spesielle tiltak
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 14 i forhold til dette. Trafikktryggleik 46. Møteulukker Ja 3 4 47. Ulukke i av-/ påkøyrsler Ja 3 3 48. Ulukke med gåande/ syklande/skiløparar 49. Viltpåkøyrsler Ja 3 3 50. Andre ulukkespunkt Ja 3 3 Andre forhold 51. Sabotasje og terrorhandlingar - er tiltaket i seg sjølv eit sabotasje-/ terrormål? - er det potensielle sabotasje-/ terrormål i nærleiken? 52. Regulerte vassmagasin, med spesiell fare for usikker is, endringar i vasstand mm 53. Naturlege terrengformasjonar som utgjer spesiell fare (stup etc.) 54. Gruver, opne sjakter, steintippar etc. Tabell 2: Hendingar i driftsfasen. Reguleringsplanen i seg sjølv er eit trafikktryggingstiltak, men ein kan ikkje hindra at det skjer møteulukker utan fysisk skilje. Vegnormalen vert lagt til grunn for utforming. Det skal leggjast vekt på godt vintervedlikehald og rydding av siktsoner. Dette er eit stort utfartsområde. Folk som parkerar på kolonneoppstillingsplassen, og kryssar vegen for å nå skiløypene kan skapa farlege situasjonar. Tiltaket i seg sjølv skal betra situasjonen, eit anna tiltak kan vera å skilta parkering forbode på kolonneoppstillingsplassen. Andre ulukkestypar kan vera utforkøyringsulukker. Tiltak mot dette kan vera rekkverk i innerkurve ned mot elva.
E 134 Korlevoll, ROS- analyse 15 3.5 Trinn 4: Føreslå tiltak Kommentarar og forslag til tiltak er oppsummert i bakarste kolonne i tabell 1 og 2. Gjennom val av standard og utforming etter Statens vegvesen sine vegnormalar har ein allereie innført ein del tiltak for å betra trafikktryggleiken i vegsystemet. I tillegg kan ei rekkje andre tiltak vurderast. Det gjeld både preventive tiltak, som skal fjerne årsakene til at hendingar opptrer, og konsekvensreduserande tiltak, som skal redusera konsekvensane av ei hending: Preventive tiltak: o Kontrollar o Opplæring og informasjon o Avstandskrav til køyretøy o Varsling av saktegåande køyretøy på vegen o Betre drifts- og vedlikehaldsrutinar o Registrering av trafikkulukker og kartlegging av årsaker. Konsekvensreduserande tiltak: o Informasjon og opplæring om brann og bruk av tryggleiksutstyr ved brann o Beredskapsplan 3.6 Trinn 5: Dokumentere Denne rapporten utgjer trinn 5 i gjennomføringa av risiko- og sårbarheitsanalysen, der datagrunnlag, framgangsmåte og resultatet av analysen er presentert. 4 Konklusjon og oppfylgjande undersøkingar Denne analysen peikar på moglege hendingar som kan oppstå for E134 Korlevoll, og moglege tiltak for å redusera konsekvensane av desse hendingane. Som ei oppfølging av dette arbeidet bør det utarbeidast ein beredskapsplan der ein beskriv ein del viktige scenarium, med innsatsplanar for kvart av desse scenaria. Beredskapsplanen kan vera eit godt grunnlag for å laga øvingar i krisehandtering som er spesielt vinkla inn på dei hendingane som er mest sannsynlege og/ eller har størst potensiell skadeverknad.