VESTNES KOMMUNE Eldrerådet Innkalling til møte i Eldrerådet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 17.09.2013 Kl.13:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 909 84 000. ordførar Side 1
Orienteringssaker Orientering frå legesenteret om dagens ordning med time på dagen Orientering: Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstenester Orientering og oppsummering frå leiaren m/ fleire vedr temadag om samhandlingsreforma 2 sept på kommunestyresalen Orientering og oppsummering frå leiaren m /fleire vedr møte 12.09.med sentrumsnemnda og sentrumsutvikling. Utdeling av fakta-ark 2013 frå Statens seniorråd til diskusjon Tema: Aldersdiskriminering Årsmelding 2012 v/leiaren vert lagt fram i møte. Eldredagen 2013 - Endring av først avtalt dato - Orientering om planlegging og programarbeidet så langt. Referatsak: RS 6/2013 Årsmelding 2012 - Årsmelding Møre og Romdal eldreråd Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 10/2013 PA 11/2013 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 2
PA 10/2013 Godkjenning av innkalling PA 11/2013 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Telefon 71 25 80 00 E-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side 4
Ein tydeleg medspelar Årsmelding 2012 Møre og Romsdal eldreråd Side 5
Oppnemning organisering I medhald av lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd av 8. november 1991, 5, skal fylkestinget velje eldreråd. Fylkestinget avgjer sjølv kor mange medlemer eldrerådet skal ha. Fleirtalet av rådsmedlemene skal vere alderspensjonistar frå fylket. Fylkespensjonistforeiningar har rett til å kome med forslag til medlemer. Eldrerådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar. For valperioden 2011 2015 har eldrerådet slik samansetjing: Medlemar frå fylkestinget Torleiv Rogne, Uavhengig Vara: 1. Reidun K. Tjervåg, Sml/Tvp 2. Astrid Aarø Engen, SV 3. Sissel Stokke, Ap Arve Hans Otterlei, FRP Vara: 1. Jonas Falch, FRP 2. Fredmøy Wollen, FRP 3. Grethe Karin Hansen, FRP Alderspensjonistar: Målfrid Mogstad, leiar Johannes Vaag, nestleiar Jakob Strand Kristine Grøtta Aslaug Solberg Varamedlemar (ikkje personlege): 1. Jan Silseth 2. Norunn Heggebakk Steinnes 3. Jon Skarvøy 4. Ingerid Gjørtz 5. Tor Larsen Fagansvar og sekretariat Sekretariatet for eldrerådet er lagt til kulturavdelinga og har i 2012 bestått av rådgivar Paula Næss Skår og konsulent Mia Mari Silset Smørdal. Økonomi Eldrerådet sitt budsjett ligg innanfor ramma for Politisk verksemd, ramme 02, post 4803. For 2012 var det avsett kr 250.000. I følgje rekneskapen har eldrerådet brukt kr 166.000.Mindreforbruket har samanheng med at det ikkje vart arrangert regional konferanse for fylkeseldreråda i Nord- og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Fylkeseldrekonferansen i samarbeid med Pensjonistforbundet Møre og Romsdal og Norske Kvinners Sanitetsforeining, vart også utsett til 2013. I tillegg vart ikkje studietur gjennomført i 2012. Utgiftene til sekretariatet blir dekt over kulturavdelinga sitt budsjett. Møte behandla saker I 2012 har eldrerådet hatt 4 møte i tillegg til eit fellesmøte med likestillingsutvalet og rådet for likestilling av funksjonshemma. Det første og siste møtet i året vart haldne på fylkeshuset i Molde. Mai-møtet vart halde i Ulstein og septembermøtet i Sunndal. Fellesmøte vart halde på Rica Seilet hotell i Molde 15. februar. Eldrerådet har behandla 31 saker og 18 referatsaker i 2012. Av dei 13 sakene er følgjande planar/delplanar/ planprogram behandla: Regional delplan tannhelse planprogram Regional delplan folkehelse planprogram Fylkesplan Eldrerådet har vedteke handlingsprogram for fireårs-perioden: Tema: Folkehelse (levevanar, kosthald, fysisk aktivitet, rusvanar, betyding av møtestadar for eldre) Tannhelse Samhandlingsreforma i praksis Kollektivtransport Verdigheitsgarantien i praksis Fylkeseldrekonferanse Psykisk helse hos eldre (dop, sjølvmord, vald) Tekniske hjelpemiddel (GPS) Innhenting av kunnskap: Fagfolk orienterer på møta i eldrerådet Ekskursjonar til andre delar av landet Orientering frå fagfolk ved besøk i kommunar Orientering frå eldreråda i besøkskommunane Samarbeid med eldreråda i fylket: Fylkeseldrekonferansen Protokoll frå fylkeseldrerådet blir sendt til dei kommunale eldreråda i fylket Protokollar som kjem inn frå kommunale eldreråd blir sendt til fylkeseldrerådet på e-post Fylkeseldrerådet vil halde fram med å ta opp aktuelle saker og gi uttaler. Orienteringar I samband med møta i eldrerådet, har det blitt gitt følgjande orienteringar: Forslag til ny fastlegeordning v/tor-kristian Rønneberg, medlem i helseutvalet i Pensjonistforbundet Ernæring og kosthald hos eldre v/rådgivar Marie Eide, helse- og sosialavdelinga hos fylkesmannen Orientering om samarbeidsprosjekt skadelege rusmiddelvanar hjå eldre v/ rådgivar Ingjerd Woldstad, kompetansesenter rus Midt-Norge Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, orienterte om ombodet sitt arbeid og spesielt om deira arbeid med eldreomsorga Orientering om TT-området v/marianne Halseth Hole, samferdselsavdelinga i Side fylkeskommunen 6
Orientering om delplan for folkehelse planprogram v/rådgivar Sigri Spjelkavik, kulturavdelinga i fylkeskommunen I samband med møta som i 2012 vart gjennomført i Ulstein og Sunndal, vart det gitt orienteringar om: Utvikling og nye prosjekt i Ulsteinvik sentrum Orientering om helse- og omsorgstenesta i Ulstein kommune Orientering om arbeidet i fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein Pleie- og omsorgstenesta i Sunndal kommune Orientering om Distriktsmedisinsk senter i Sunndal Orientering om eldrerådet i Sunndal sitt arbeid Eldrerådet har gitt følgjande uttaler: Uttale til ny forskrift om fastlegeordninga Uttale om lovfesta rett til sjukeheimsplass Uttale om ulovleg tvang og feilmedisinering i eldreomsorga Uttale om mangel på sjukeheimsplassar Uttale til dei kommunale eldreråda i Møre og Romsdal store utfordringar i den kommunale eldreomsorga Uttale om taparane i samhandlingsreforma Uttale om Er Verdighetsgarantien verdilaus? Uttale om Dei eldste pleie- og omsorgstrengande blir liggjande heime Eldrerådet har gitt høyringsyringsuttale til følgjande planer: Fylkesplan 2013 2016 Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF Økonomiplan 2013 2016 med budsjett for 2013 Ei viktig sak som også eldrerådet har engasjert seg i er reiser til poliklinisk behandling/undersøkingar ved regionsjukehus (St. Olav Hospital HF, Trondheim) Eldrerådet sin arbeidsmåte Det er valt eit arbeidsutval som er samansett av leiar og nestleiar i eldrerådet og sekretariatet. Arbeidsutvalet har møte ca 14 dagar før kvart møte i eldrerådet. Eldrerådet deltek på det årlege fellesmøtet med likestillingsutvalet, rådet for likestilling av funksjonshemma og leiinga i fylkeskommunen. Dette er ein viktig arena for å betre informasjonsflyt og kommunikasjon mellom arbeidet i råda og i administrasjonen. I tillegg er det viktig å ha fokus på brukarmedverknad og det å komme tidleg inn i plan- og saksprosessar. Samarbeid med kommunale eldreråd Eldrerådet har gjennomført to av sine fire møter ute i kommunar. I desse møta blir fylkeseldrerådet gitt mykje god informasjon frå både den politiske og administrative leiinga i besøkskommunane. I tillegg gir eldrerådet i kommunen informasjon om sitt arbeid og korleis dei samarbeider med leiinga i kommunen. Dette er nyttig kunnskap for fylkeseldrerådet og eit viktig grunnlag for å sette fokus på tema og problemstillingar som kan gjelde mange kommunar. Deltaking på seminar/konferansar Seminar på Norsk senter for seniorutvikling, Melsomvik Landskonferanse i Loen Omsorgskonferansen i Geiranger Representasjon i brukarutvala i helseregionen Jacob Strand og Johannes Vaag er valt som representantar i brukarutvalet for Helse Møre og Romsdal HF. Fylkeseldreråda i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har ein fellesrepresentant i brukarutvalet for Helse Midt- Norge RHF. For perioden 2012 2013 har Møre og Romsdal denne representanten som er Jacob Strand. Fylkeseldrerådet gjorde i sak E-27/12 følgjande vedtak: I dag har dei tre fylka i Helse Midt-Noreg felles representant frå fylkeseldreråda. Representasjonen går på omgang mellom desse fylka. Om trøndelagsfylka er samde om det, blir det teke opp som eiga sak under fellesmøte: Representasjon frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag i regionalt brukarutval. Møre og Romsdal meiner det skal vere tre representantar frå fylkeseldreråda i brukarutval for Helse Midt-Noreg, ein representant frå kvart av dei tre aktuelle fylka. Sluttord Fylkeseldrerådet har i 2012 hatt særleg fokus på tematikk knytt til Samhandlingsreforma. Utfordringane som har meldt seg i samband med gjennomføring av denne reforma har vore utgangspunktet for storparten av dei uttalingane fylkeseldrerådet har gitt. Fylkeseldrerådet vil også i 2013 ha Samhandlingsreforma som eit viktig tema. Målfrid Mogstad /s/ Johannes J. Vaag /s/ leiar nestleiar Arve Hans Otterlei /s/ Torleiv Rogne /s/ Kristine Grøtta /s/ Jakob Strand /s/ Aslaug Solberg /s/ Side 7