Forord av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen Verda treng energi og på kort og mellomlang sikt er det klart at mykje av det globale energiforbruket vil kome frå fossile kjelder, som olje, gass og kol. Her i Noreg utgjer investeringane i petroleumssektoren om lag ein fjerdedel av dei totale investeringane. Ein tredjedel av statens inntekter kjem frå denne sektoren, og verdiskapinga frå olje- og gassverksemda stod for ein fjerdedel av bruttonasjonalproduktet i 2008. Om lag 200 000 personar er sysselsette i petroleumsrelatert verksemd. Desse tala understrekar at aktivitetsnivået i oljeog gassverksemda er svært viktig for utviklinga i norsk økonomi. Klimagassutslepp er ein ubehageleg sideeffekt av verksemda. Vi veit at produksjonen av norsk olje og gass fører til mindre utslepp av klimagassar enn produksjonen i andre land vi samanliknar oss med, mellom anna på grunn av strenge reguleringar og det høge nivået på norsk teknologi. Det skal vi vere stolte av, men vi må også sjå framover. Utfordringane som kjem, vil krevje endå meir av styresmaktene og næringa. 2009 vil bli eit spennande år. Den heilskaplege forvaltningsplanen for Norskehavet legg til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode i Norskehavet, samtidig som vi held oppe strukturen, verkemåten og produktiviteten i økosystema. Vi er godt i gang med å oppdatere forvaltningsplanane for Lofoten og Barentshavet. Vi ser på nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Regjeringa har som målsetjing å styrkje Noregs suverenitet og sikre berekraftig forvaltning av dei rike fiske- og petroleumsressursane i desse områda. Det skal skje gjennom vern av miljøet, busetjing og industriutvikling i nordområda i samarbeid med Russland og andre partnarar. Det sårbare marine miljøet er ei særskild utfordring for industriutvikling i Arktis. Det er avgjerande å sikre sameksistens mellom miljøomsyn, fiskeriinteresser, trygg sjøtransport og petroleumsverksemd. Dette krev aktive tiltak frå styresmaktene, der ein fastset rammene for dei ulike verksemdene. Både i dag og i framtida vil det vere behov for å samordne innsatsen frå styresmaktene og verksemdene, for å utvikle politikk, teknologi, system og kunnskap slik at petroleumsaktiviteten i arktiske strøk kan skje på ein sikker og berekraftig måte. Vidareutvikling av kunnskapsbasen vår, ytterlegare forsking på relevante område og tett samarbeid mellom land og verksemder er nøkkelelement for å oppnå dette. For at petroleumsaktivitet skal ha brei legitimitet i befolkninga, trengst det ein oljevernberedskap i verdstoppen. Regjeringa vil prioritere oljevernet sterkare, forstå behovet for ressursar i form av opplæring og øvingar og bidra til god samhandling mellom dei ansvarlege. I tillegg ser vi det som særs FAKTA 2009 5
viktig å sikre at oljevernberedskapen blir forankra lokalt, regionalt og nasjonalt. Som styresmakter skal vi ha tydelege forventningar og setje klare krav til petroleumsnæringa. Det er ei krevjande oppgåve å hente ut dei ressursane som ligg i bakken. Norsk oljeproduksjon er fallande. Dei nye produksjonsprognosane våre viser at nedgangen i produksjonen kjem raskare enn ein trudde tidlegare. Men overslaga er svært usikre. Olje- og energidepartementet retter merksemda mot tiltak som kan bremse nedgangen i produksjonen. I åra framover ventar ein at produksjonen av gass vil stige. Ein reknar med at gassdelen av det totale petroleumssalet vil auke frå 40 prosent i 2008 til 48 prosent i 2012. Dette viser at det er nødvendig å kunne omstille seg til nye situasjonar. Det skal vi som styresmakter vere flinke til, også i tida som kjem. 2009 blir eit år prega av utfordringar, men også av moglegheiter for norsk petroleumssektor. Finanskrisa og tilbakegangen i verdsøkonomien har hatt stor innverknad på utviklinga i oljeprisen. Etterspørselen etter olje har minka, i OECD-landa meir enn på 30 år. I dagens marknadssituasjon er ikkje problemet lenger at oljeprisen er høg. Det er ein risiko for at svakare etterspørsel, lågare oljepris, høgare kostnadsnivå og vanskelegare tilgang til kreditt kan hindre investeringar i nye oljeprosjekt. Dette vil bety lågare oljetilbod i framtida. Aktivitetsnivået i 2008 var svært høgt. Mi vurdering er at det høge aktivitetsnivået vil halde fram i 2009. Prosjekt er påbegynt, og kontraktar er inngått. At aktivitetsnivået er høgt, vil ikkje seie at einskildbedrifter eller bedrifter i visse marknader ikkje kan oppleve ei krevjande tid med mangel på nye oppdrag. Det betyr heller ikkje at prosjekt ikkje vil bli utsette. Det betyr berre at den samla etterspørselen etter varer og tenester frå aktiviteten til havs framleis vil vere svært høg også i 2009. Likevel, utan den økonomiske krisa seier analysar at investeringane ville vekse kraftig i åra framover, frå eit nivå som alt var rekordhøgt. Andre delar av norsk økonomi må vere innstilte på ei svak utvikling og aukande arbeidsløyse i 2009. Ein så open økonomi som vår vil bli prega av dei internasjonale nedgangskonjunkturane. Noreg står likevel sterkt rusta i den økonomiske nedgangs perioden vi no er inne i. Gjennom dei inntektene vi har hausta frå petroleumsverksemda, har staten stor handlefridom til å gjennomføre tiltak for å dempe effektane av det som skjer i verdsøkonomien, og til å bidra til omstilling slik at Noreg kan kome styrkt ut av nedgangstidene. Vi kan også velje å sjå nedgangstidene som moglegheiter og som nye rammer for handling enn dei vi har hatt til no. Ressursar kan overførast og setjast inn på viktige område der vi har ein stor jobb å gjere. Klima og miljø er eit slikt område. Selskapa på norsk sokkel har betalt CO 2 -avgift sidan 1991, og denne avgifta har vore sentral i arbeidet med å få ned utsleppa av klimagassar. Frå 1. januar 2008 vart petroleumsverksemda innlemma i det norske kvotesystemet og må kjøpe utsleppskvotar. Regjeringa vil også arbeide vidare med små og store tiltak som kan gje auka energieffektivisering og lågare utslepp frå norsk sokkel. I tillegg legg regjeringa all si tyngd i å stimulere til utvikling av teknologi for fangst og lagring av CO 2. Regjeringa legg stor vekt på at petroleumssektoren skal skape regionale og lokale ringverknader. Petroleumsverksemd kan føre til auka økonomisk vekst og næringsutvikling både lokalt og nasjonalt. Slike ringverknader kan vere direkte effektar, som kontraktar til nasjonale, regionale eller lokale leverandørverksemder, eller indirekte 6
effektar i form av større lokal kjøpekraft og etterspørsel etter varer og tenester. Ringverknadene frå olje- og gassverksemda handlar om langt meir enn dei ressursane som blir mobiliserte for kvar einskild feltutbygging. Olje næringa treng innsats frå ei rekkje andre næringar og kompetanseområde, og medverkar til å utvikle dei vidare. Eitt eksempel er norsk leverandørindustri, som i dag er Noregs nest største eksportnæring, etter olje og gass. Eit anna eksempel er relevansen for norsk forsking og teknologiutvikling, og for samspelet mellom industrien og norske forskingsmiljø innanfor praktisk talt alle fagområde. Eit tredje eksempel er behovet for transporttenester, vedlikehaldstenester, forpleiing og logistikk. Vi reknar med at i underkant av 150 000 personar har eit arbeid som er knytt direkte til norsk olje- og gassverksemd. I desse tala er ikkje generelle underleveransar inkluderte, for eksempel støtte til administrasjon, rekneskap, IT-tenester, kantinedrift og transport. Legg vi talet på sysselsette i alle typar underleveransar på toppen av dei som er sysselsette direkte i næringa, blir det truleg langt meir enn 200 000 personar. Den viktigaste verknaden av petroleumsverksemda er like fullt kombinasjonen av lønnsame utbyggingar og at det offentlege haustar ein stor del av overskotet frå utvinninga. Dermed får vi gode moglegheiter til å drive ein offensiv velferdspolitikk til glede for heile folket. Det skal vi halde fram med. Olje- og energiminister FAKTA 2009 7
Forord av oljedirektør Bente Nyland I 2009 er det 40 år sidan Ekofiskfeltet i Nordsjøen blei oppdaga. Det markerte starten på ei utvikling som har ført til at petroleumsverksemda er blitt den viktigaste næringa i Noreg. I januar 2009 blei ein ny milepæl nådd, då Det norske oljeselskap (operatør) og nykomarane Skeie Energy og Spring Energy fekk tildelt utvinningsløyve nummer 500. I tillegg til at petroleumsverksemda betyr mykje for økonomien i landet og for lokalsamfunn der industrien sysselset mange arbeidstakarar, har ho ført til ei storstilt satsing på og bruk av teknologi som gjer Noreg til ein stor teknologieksportør. Sidan hausten 2008 har den globale økonomien vore prega av krise. Oljeprisen nådde i fjor sommar ein topp på 146 dollar per fat. Ved årsskiftet låg prisen rundt 40 dollar per fat, og fram til no i 2009 har prisen lege mellom 40 og 55 dollar per fat. Saman med eit høgt kostnadsnivå i industrien har oljeprisfallet gjort at nokre store oljeselskap har varsla nedskjeringar, og at prosjekt kan bli utsette på grunn av kapitalmangel. I denne situasjonen er det viktig for Oljedirektoratet at oljeindustrien ikkje tek forhasta avgjerder som får permanent negativ påverknad på ressursuttaket frå den norske kontinentalsokkelen. Gassproduksjonen på den norske sokkelen aukar framleis. I 2008 var gassalet nær 100 milliardar Sm 3. Ein ventar at det vil auke til 112 milliardar Sm 3 i den neste femårsperioden. Noreg vil vere ein viktig leverandør av gass til Europa i mange tiår framover. Oljeproduksjonen på den norske sokkelen minkar. Det er i tråd med prognosane frå Oljedirektoratet, men prognosane for 2009 indikerer eit brattare fall enn ein har gått ut frå tidlegare. Vedvarande oljepris på nivået i dag kan forsterke denne trenden. Mens oljeproduksjonen i toppåret 2001 var på 3,1 millionar fat per dag, er prognosane for 2009 1,9 millionar fat per dag. Dei viktigaste tiltaka for å redusere fallet i oljeproduksjonen, er å finne og byggje ut nye ressursar og å vinne ut meir frå eksisterande felt, mellom anna ved å gjennomføre kostnadseffektiviserande tiltak og vedta lønnsame prosjekt. Gjennom tett oppfølging av oljeselskapa arbeider Oljedirektoratet for å få gjennomført nødvendige tiltak. Auka oljeutvinning Ingen andre oljeproduserande land får meir olje ut av felta sine til havs enn Noreg. Likevel vil om lag 54 prosent av oljen bli liggjande igjen når felta blir stengde ned ifølgje dagens planar. Det er for mykje. Dei største attverande oljeressursane, finst i felt der oljeproduksjonen minkar. Dei næraste åra vil difor vere tidskritiske for viktige val for å få ut vesentleg meir olje og gass. Oljedirektoratet 8
er oppteke av å auke utvinninga, så sant det vil auke verdien. I lys av dette har direktoratet revitalisert satsinga på auka utvinning i samarbeid med FORCE, industriens eige samarbeidsforum for teknologiutvikling. Og nettopp samarbeid meiner Oljedirektoratet er viktig for å kome eit steg vidare i kvalifisering av teknologi som på sikt kan auke oljeutvinninga. Storskalaforsøk på produserande felt vil vere eit stort steg i rett retning. Men dette er eit stort lyft som krev at industrien stiller seg bak. Oljedirektoratet vil gjere sitt for å få det til. Stor leiteaktivitet I 2008 blei det bora i alt 56 leitebrønnar, fleire enn det har vore bora noko år på den norske kontinentalsokkelen. Ein gjorde 25 nye funn, stort sett mindre funn i nærleiken av eksisterande infrastruktur. Etter dei planane oljeselskapa melde inn til Oljedirektoratet seinhaustes i 2008, blir leiteaktiviteten høg også i 2009. Dei aller fleste leitebrønnane er det StatoilHydro som borar, den største aktøren på den norske sokkelen. Men også dei nye selskapa som er komne til på sokkelen etter år 2000, har begynt å gjere seg gjeldande innanfor leiting. I alt har mellom 55 og 60 nye selskap blitt prekvalifiserte som operatør eller rettshavar i dei siste 10 åra. Aktørbiletet på sokkelen kjem også fram i søknads mengda til TFO (tildeling i føre handsdefinerte område) og dei ordinære konsesjonsrundane. Det var 47 søkjarar på TFO 2008, som blei tildelt like etter nyttår. Til den 20. konse sjonsrunden som blei utlyst i juni i fjor, var det også 47 søkjarar. Tildeling er venta våren 2009. Oljedirektoratet meiner at det framleis finst betydelege uoppdaga olje- og gassressursar på den norske kontinentalsokkelen, men overslaga er svært usikre. Oljedirektoratet reknar med at disse utgjer ca. 25 prosent av dei totale ressursane på sokkelen, ein tredjedel i kvar av dei tre områda Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. CO 2 -lagring I Noreg står produksjon av olje og gass for ca. 31 prosent (2007-tal) av dei totale CO 2 -utsleppa. Regjeringa har ambisiøse mål om å redusere dei totale utsleppa av klimagassar. Sjølv om det er gjennomført betydelege tiltak for å få ned CO 2 -utsleppa, skal dei reduserast endå meir. Energieffektivisering på eksisterande felt og kraft frå land til nye felt er mellom dei tiltaka som blir vurderte. Fangst og lagring av CO 2 er eit anna tiltak der Oljedirektoratet har gjort og skal gjere ein jobb. Ei forsvarleg lagring av CO 2 i undergrunnen krev kunnskap om eigenskapane og lagringskapasiteten til bergartane. Oljedirektoratet har høg kompetanse om dei geologiske forholda på den norske sokkelen. No blir denne kompetansen brukt til å kartleggje moglege lager for CO 2. Hausten 2008 sette regjeringa i gang prosjektet Klimakur. Føremålet med prosjektet er å kartleggje tiltak som skal gjere det mogleg å nå klimamåla som regjeringa har sett. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens forureiningstilsyn, Oljedirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen og Statistisk sentralbyrå. Oljedirektoratet utgreier moglege tiltak innanfor petroleumssektoren. Fangst og lagring av CO 2 er eitt av tiltaka som blir vurderte. Sameksistens Større aktivitet på den norske sokkelen har ført til auka konfliktnivå mellom dei to største brukarane av havet: petroleumsnæringa og FAKTA 2009 9
fiskeria. Fiskarane merkar mellom anna at det er blitt trongare om plassen på grunn av stadig meir seismisk datainnsamling. Basert på dette blei det i 2007 sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet. Gruppa skulle vurdere tiltak for å betre forholda. Ei rekkje tiltak er sette i verk, mellom anna er det etablert obligatoriske kurs for fiskerikunnige, Oljedirektoratet har betra kunngjeringssystemet sitt, og regelverket er endra. I tillegg har ein kartlagt statusen for forsking om effektane av seismikk på fisk og havpattedyr, som eit ledd i arbeidet for å bli einig om avstanden mellom pågåande fiske og seismikk. Sommaren 2009 skal Oljedirektoratet avslutte innsamlinga av seismiske data i Nordland VII og Troms II. Datainnsamlinga tok til sommaren 2007 på oppdrag frå regjeringa. Formålet er å skaffe kunnskap om moglege petroleums førekomstar i dette havområdet. Kunnskapen skal brukast når den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten og Vesterålen skal reviderast i 2010. I samband med innsamlinga av 3D-seismikk sommaren 2009 har Oljedirektoratet gitt Havforskningsinstituttet i oppdrag å drive følgjeforsking for å studere skremmeeffekt på fisk og for å studere korleis lyd frå seismiske kjelder bevegar seg i vatnet. norsk sokkel med kunnskap om verda rundt oss, vil Oljedirektoratet med scenarioarbeidet sitt gi innspel og idear til dei som skal ta avgjerder om framtida vår. Oljedirektør Framsyn I 2008 fekk Oljedirektoratet Norsk Petroleumsforenings pris, grunngjeve med arbeidet direktoratet gjer som fagleg premissleverandør, og arbeidet med scenario. Oljedirektoratet meiner det er avgjerande for å kunne ta gode avgjerder at vi er i stand til å sjå for oss ikkje berre eitt, men mange ulike framtidsbilete. Ved å kombinere faktakunnskapen om petroleumsressursane på 10