Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING 2015. Foto: Espen Eik



Like dokumenter
«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Årsmelding for O-gruppa 2015

Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING Foto: Espen Eik

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2012

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

«Ny Giv» med gjetarhund

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

Strategiplan

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

Stemnehandboka for NKSF

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Styret har vore samansett slik i 2012 :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

M/S NYBAKK SI HISTORIE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Referat frå. Årsmøte i Øystese Båtlag 8. mars 2011 kl i kjellaren i Holmatun

Årsmelding 2015 IL Gular, orienteringsgruppa

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING Foto: Espen Eik

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

Årsmelding Øystese Fotball 2012

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Nordfjord Golfklubb. Styret i Nordfjord Golfklubb si årsmelding for sesongen 2008

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Norheimsund Fotballklubb

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Godkjenning av rekneskap for 2014

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

ÅRSMØTE EID JEGER OG FISKELAG Gamlebanken pub og gjestestove

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski PÅ VEG MOT HUNDRE!

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Velkommen til. årsmøte!

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Info om Norway Cup 2015

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

ÅRSMELDING. IL JOTUN FOTBALL for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Transkript:

Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING 2015 Foto: Espen Eik

Innhald: 1 ÅRSMELDING FRÅ HOVUDSTYRET... 3 1.1 Styret... 3 1.2 Oppsummering... 3 2 FOTBALLGRUPPA... 5 2.1 Årsmelding fotballgruppa... 5 3 TURNGRUPPA... 6 3.1 Årsmelding turngruppa... 6 4 TURGRUPPA... 7 4.1 Årsmelding turgruppa... 7 5 KLATREGRUPPA... 8 5.1 Årsmelding klatregruppa... 8 6 SKI- OG FRIIDRETTSGRUPPA... 9 6.1 Årsmelding ski- og friidrettsgruppa... 9 7 ØKONOMI... 11 7.1 Rekneskapsrapport... 11 Side 2 av 15

1 Årsmelding frå hovudstyret Årsmelding 2015 1.1 Styret Styret i Uskedal Idrettslag har i 2015 bestått av: Frode Stensletten Leiar Arvid Hjelmeland Nestleiar På val Oddmund Soldal Kasserar På val Geir Enes Medlemsansvarleg Helene Bjørnebøle Skrivar Knut Johannes Ripel Internett På val Rekneskap: Sumarum AS Valnemd: Alf Eidsvik Ingunn Myklebust Siren Simmones Gruppene: Kjetil Myklebust Knut Johannes Ripel Ann Kristin Vangen Olsen Steinar Haugland Thomas Fjelland Eide Fotballgruppa Ski og friidrettsgruppa Turngruppa Turgruppa Klatregruppa Det har vore halde fem ordinære styremøter, ei ordinær generalforsamling og ei ekstraordinær generalforsamling i løpet av 2015. 1.2 Oppsummering Gull av Grus: Gull av Grus prosjektet har hatt særskilt fokus i styret i løpet av 2015. Det var eit stort ønskje at prosjektet skulle nå sin første milepæl, ferdigstilling av kunstgrasbanen, før vinteren tok til. Dette medførte at det måtte nokre organisatoriske endringar til i føretaksregisteret, noko som ikkje var heilt rett fram. Det måtte mellom anna ei ordinær og ei ekstraordinær generalforsamling til for å få alt på plass. Dette ga og grunnlag for at siste del av finansieringa kunne ordnast slik at kunsgrasbanen vart ferdigstilt i slutten av september. Prosjektrekneskapen er levert til kommunen og er revidert utan merknader. Side 3 av 15

Medlemar: Registrering av medlemar og handtering av medlemskontingent vart i løpet av 2015 lagt om til eit nytt system i regi av Idrettsforbundet (Klubb Admin/ Min Idrett). I dette høvet har det blitt gjort eit stort arbeid med å registrere medlemane våre i det nye systemet. Pr. 31.12.2015 hadde laget 273 medlemer. Av desse, så manglar det betaling frå 18 etter gjentekne purringar. Samanlikna med andre bygder, så er medlemstalet i Uskedalen noko lågt. Det har vore sett i verk tiltak i 2016 der målet er å auke dette talet. Aktivitetsdagen 2015: I samband med aktivitetsdagen, arrangerte styret det årlege «Andaløpet». Det vart omsett 343 ender og inntekta til laget vart kr 30189,- Forsikring: I høve oppgraderingar på Heio og ny kunstgtrasbane, har vi revidert forsikringa til eigedelane til laget. Manglar ved denne førte til at det ikkje var dekning for skadane som blei påført Heio under siste stormen. Dette er no ordna. Valnemnda: Styremedlemene som står på val i år ønskjer ikkje attval. Valnemnda har derfor innstilt følgjande kandidatar til det nye styret: Per Korsvold Håvard Lunde Hilde Tungesvik Myklebust Bogdan Yevchuck Styret vil takke dei avtroppande for innsatsen og ønskjer dei nye velkommen. Ny valnemnd: Arvid Hjelmeland Knut Johannes Ripel Oddmund Soldal Side 4 av 15

2 Fotballgruppa 2.1 Årsmelding fotballgruppa Styret i fotballgruppa: Kjetil Myklebust Atle Hauge Eli Eiane Klyve Vidar Haugland Jan Øvstebø Leiar Nestleiar Styremedlem Styremedlem Styremedlem Generelt: Vi har det siste året hatt om lag 60-70 aktive spelarar, fordelt på gutar og jenter i alderen 5-13 år. I tillegg har vi hatt omlag 15-20 aktive spelarar som har representert UIL på samarbeidslaga vi har med Rosendal. Nytt i 2015 har vore at jenter 13 år har vore slått saman med Rosendal. Dette har fungert fint og Anne Guri Kildal Eidsvik har vore oppmann for dette laget. Dei gjorde det også veldig bra I Norway cup i år. Elles vil fotballgruppa her organisera dei andre laga vi har. I 2016 så vil også 2002 og 2003 gutane bli slått saman med Rosendal. Elles er jo det til alles glede at vi har fått oss kunstgras bane i Uskedalen. Dette er til stor glede for alle ungane. Her var det veldig mykje godt dugnadsarbeid, og da var ikkje vanskelig til å få folk med på dette. Stor takk til Odd Steinar som var ansvarlig for å sørgja for at da alltid var folk til dugnadar når da var behov for dette. Kampar og cupar: Minicupane har det siste året vore avvikla som tidlegare år. Laga frå 5/6-9 år har hatt minicupar i helgane rundt om hos alle klubbane i kommunen. Gutar 10 år har hatt cup-kveldar rundt om i kommunen, der dei har spela 2-3 kampar pr. kveld. Jenter 12 år, gutar 12 år og gutar 14 år har spela serie, med kampar i Kvinnherad- og Odda-distriktet på kveldstid. Også i år reiste vi til Sommarlandcup i Bø. Vi reiste med 4 lag det var Gutar 10 år, gutar 11 år,gutar13 år og jenter 11 år. Der spela vi mot lag frå heile landet. Både jentene og gutane viste god innsats og presterte godt. På den årlege Husnes-cupen deltok dette året gutar 10 år og gutar og jenter 11 år. Cupen samlar over 50 lag frå heile Sunnhordland, Bergens- og Haugesundsdistriktet. Heio-cup vart som vanleg arrangert den fyrste helga i september, og deltakelsen var stor med ca. 40 lag som totalt spela ca. 70 kampar. Stor idrettsglede blant små og store gjorde dette nok ein gong til ein suksess. I år var da og lagt ein sunn profil over Spar cup, dette blei omtalt både i Kvinnheringen og Grenda og da var masse positive tilbakemeldingar frå folket som var på Heio. Her var da sal av grove lappar og laks samt andre sunne ting, samt smoothie til drikka. Vi fekk inn ca. 30000 på Spar cup i følge han som har ansvaret for økonomien, noko som vi må sei oss fornøyd med. Her må vi også få gi ein stor takk til Spar som alltid stiller opp for oss. Økonomisk: Dei siste åra har vi hatt felles økonomi med dei andre gruppene i UIL og dette fungerer bra. Fotballgruppa vil kvart einaste år ha behov for å investera i nytt utstyr, som t. ballar og vestar, og utgiftene her vil vera nokolunde like frå år til år. Ei utgift som kjem til å auka etter kvart som jentene og gutane begynnar i seriespel er reiseutgifter. Vi tek litt gjennom eigendelar på kvar tur, men det vil likevel bli ein større utgiftspost i åra som kjem. Vi kjem no også til å få ei månadleg utgift på 800 kr for vedlikehald på kunstgras banen. Dette er noko som Jan Tore Hylland har tatt på seg og som vi i fotballgruppa set stor pris på at han vil gjera. For UIL fotballgruppa Kjetil Myklebust Side 5 av 15

3 Turngruppa 3.1 Årsmelding turngruppa Styret i turngruppa: Ann Kristin Olsen Ann Kristin Musland Janne Hjelmeland Janne-Helen Koløy Renate Koløy Ann Irene Guddal Ann Merethe Nilsen Edel Karin Lægland Leiar Generelt: I turngruppa er det mange små og stor i sving, varierer men ligger på ca.65 stk. På barnepartiet er det alt frå 22-27 barn som kommer og hopper og spretter saman med Silje Øye. 1.-3. klasse partiet har vore ei gruppe som har hatt menge deltakarar. Dette blei ei utfordring for trenaren. Vi har løyst dette med å dele dei i to annan kvar veke. Janne-Helen Koløy og Edel Karin Lægland har ansvar for ei gruppe på 17 stk., og Magnhild Haugland og Anne Myklebust den andre gruppa på 15 stk. På 4.-7 klasse partiet er det Gina N. Valvatna og Linda Jensen som har ansvar for treningane på ca. 15 deltakarar. Vi har lagt om vår aktivitet etter sommaren. Ballspel, små konkurransar og lek er noko av det vi har lagt oss på. Det har vore veldig vanskelig å få kurs til nye trenarar på tumbling. Dette er for sikkerheten til trenaren og for deltakaren. Dette er noko styret jobbar med å få til. I 2015 gjennomførte vi en aktivitetshelg for store og små. Veldig kjekt og mange som kom og var med. Mange aktiviteter og en veldig god slump pengar i kassen. Edel Karin har gitt leiar stafettpinnen vidare til Ann Kristin Olsen. Mvh. Ann Kristin Olsen Side 6 av 15

4 Turgruppa 4.1 Årsmelding turgruppa Desse har vore med i styret i turgruppa 2015: Steinar Haugland Leiar Anita Enes Ann Irene Sæle Svein Ove Bråtun Tor Vidar Sæle Asle Moberg Endre Neset Generelt: Turgruppa er ei lita gruppe utan medlemer. Vi har som hovudoppgåve å leggja til rette, slik at flest mogleg kan og vil nytta naturen. I 2015 har vi arbeida med: fjelltrimmen, vedlikehald av ruter, vore med og arrangert Solfjellsløpet og delteke i prosjektet Merking av turstiar i regi av turistkontoret. Fjelltrimmen 2015: Totalt sett hadde vi ein liten nedgang i 2015, men er godt nøgde med at talet på ungar som deltek har auka. Vi har hatt eit godt samarbeid med Kvinnherad vekstbedrift, dei har støtta premieringa til skuleungane og laga årsmerke til alle deltakara. Skulen har og vore ein viktig pådrivar for å få ungane til å delta i fjelltrimmen. I 2015 har vi og jobba med vedlikehald av turstiane. Rutenettet er stort sett i god stand, men treng litt ny maling. Dette er eit arbeid som krev mykje tid, vi jobbar no med å knyta til oss folk som vil ta i eit tak. For turgruppa Steinar Haugland Side 7 av 15

5 Klatregruppa 5.1 Årsmelding klatregruppa Styret i klatregruppa: Thomas Eide Vigdis Gammelsæther Karsten Andre Haugland Gunnar Helleland Andreas Kristoffersen Renate Koløy Leiar Klatrevakt Klatrevakt Klatrevakt Klatrevakt Klatrevakt Generelt: Klatreveggen har vert open stort sett kvar søndag mellom kl 16 og 18, vår og haust 2015. Oppmøte har vore variert med alt fra tom til full vegg. Etter innbetalingene er snittet på 3 personar. Vi har fått med oss 4 nye klatrevakter. Veggen har og blitt lånt ut til personar med klatrebakgrunn og brattkort. Tilbakemeldingar frå dei som nyttar veggen er som alltid veldig positive. For klatregruppa Thomas Eide Side 8 av 15

6 Ski- og friidrettsgruppa Årsmelding 2015 6.1 Årsmelding ski- og friidrettsgruppa Styret i ski- og friidrettsgruppa: Knut Johannes Ripel Kjersti Bråtun Cathrine Haugland Kari Bråtun Solveig Haugland Leiar Nestleiar, idrettsmerkeansvarleg Skrivar, kreativ vegleiar Kasserar Utstyrsansvarlig Trenarar: Stig Berge-Soldal 3. 5. klasse Johannes Hjønnevåg 3. 5. klasse Arvid Hjelmeland 3. 5. klasse Odmund Soldal 6. 8. klasse Bjørn Olav Tveit 6. 8. klasse Pål Haugland 9. klasse -> Steinar Haugland 9. klasse -> Utøvarar i alderen 9 til 18 år er/i dag 28 stk., ein nedgang på 12 frå fjoråret. Møter: Det har ikkje vore faste møter i perioden. Styremøter, trenarmøter, planleggingsmøter og oppsummeringsmøter mm. har vore haldne etter behov, totalt 11 møter. Aktivitet: Aktiviteten i gruppa har som tidlegare vore god. Her er ei opplisting: 24. mars Seriestemne i hopp utan tilløp og 10 stk. var med 8. 25. april Terrengløpskarusellen vart arrangert saman med Trio, Herøysund og Ternen 14. mai Triostafett og Uskedalen stilte sjølvsagt med fleire lag 23. mai Åkraløpet vart arrangert for 25 gong, og Uskedalen stilte med to spreke ungdommar på startstreken. 31. mai Solfjelløpet gjekk av stabelen. Det blei som venta i forkant ny løyperekord for damer, som blei sett av Karoline Simpson-Larsen. Det deltok totalt 89 på Solfjelløpet, som var 6 færre en året før. Det var også fotballcup i Rosendal same dagen, som truleg har påverka på antalet. August, september og oktober Felles fjellturar i Kvinnherads fjella 28. 30. august Fem ungdommar på kretssamling på Prestagardsskogen på Stord 20. september Kvinnheradmeisterskap i friidrett. Uskedalen vart representert. 30. oktober 1. november Tre stk. på juniorsamling i Hordaland skikrets på Voss. 30. oktober 1. november Ei jente på samling for jenter 13-16 år på Fanahytten. 21. 22. november Barmarkssamling. 30. november 4. desember Vi hadde tre av dei eldste på skisamling på Geilo saman med Voss skigymnas og andre langrennsog skiskyttartalent frå Hordaland 11. februar 13. mars Ski karusellen. 5. april Oppstart av springe/jogge gruppa, som vi håpar blir ei hyggelig familietrening. 10. april Oppstart av terrengløpskarusellen der UIL arrangerer SPAR-løpet. Trening: Den organiserte felles barmarkstreninga kom i gong 12 Oktober, med treningar på måndagar, tysdagar og torsdagar. Dårlige snøforhold gjorde sitt til at ski trening i Fjellhaugen ikkje kom i gong før 14 januar. Dårlige forhold gjorde også sitt til at ein måtte ut i Februar før ein fekk stabile forhold. Ein litt rotete av og på sesong for ski trening denne sesongen, spesielt for dei som berre deltok på fellestreningane. Deltakelsen på tysdagstreningane blei utetter hausten og vinteren, gledeleg stor. Side 9 av 15

Skirenn: Sesongen 2014-2015 var god med tanke på avvikling av skirenn. Alle renna vart arrangert, og vi var veldig nøgde med Telenor-rennet som vi arrangerte, dyktige medhjelparar og godt ver gjorde at dette blei eit flott arrangement. Kvinnherad rennet/ Kvinnherad meisterskapen var også i 2015 arrangert i lag med IL Ternen ein regnfull dag. Sesongen 2015-2016 starta med at dei to første renna blei utsatt, deriblant Kvinnherad rennet som vi arrangerer i lag med IL Ternen. Kvinnherad rennet blei til slutt avlyst. Etter kvart kom ein i gong att og alle dei planlagde renna vart arrangert i tur og orden. Uskedalen arrangerte også i år Telenor sprint rennet. Uskedelingane er flinke på ski, og resultat messig gjer vi det bra. Også i år har vi hatt jamn og god deltaking på kretsrenna. Også på Norges Cup-renn har vi hatt nokre som har fått prøvd seg, då det blei arrangert på Hovden. Kommunikasjon: Facebook gruppa «ski gruppa» og «Skitrenarane i Uskedalen» har vore nytta til dagsaktuell kommunikasjon mellom foreldre, trenarar og styre. Uskedal IL si heimeside har i liten grad vorte nytta i sesongen 2015-2016 grunna problem med nettsida. Utstyr: Det er i perioden kjøpt inn 6 par med combi rulleski som vi har fått støtte til frå Ski forbundet. Det var i 2015 muligheit for å kjøpa rimelege ski klede for alle medlemmar i UIL. Dette var kler som blei sponsa av lokale bedrifter (Kvinnherad Vekstbedrift, Borgen advokatar, Spar, Auto88, Sverre Myklebust Maskinstasjon og Byggeriet). Vi utrykkjer stor takknemlegheit for støtta og samarbeidet. Økonomi: Laget har felles økonomi, men Ski gruppa har ført eige rekneskap på omsøkte midlar og forbruk til gruppeutstyr og skisamlingar. Ski gruppa har i dag 8.970 kr i omsøkte midlar, som skal gå til ungdomssatsinga i gruppa. Det er også søknadar inne hjå Sparebank1 stiftinga og Tysnes Sparebank om støtte til gruppa. Tysnes Sparebank har vorte ein betre og betre samarbeidspartnar, og ga i haust ski gruppa ei støtte på heile 5000 kr til ungdomssatsing, dette i tillegg til støtta til Solfjelløpet. Kjempekjekt! Friidrettsgruppa: Terrengløpskarusellen vart i 2015 arrangert i lag med IL Trio, Herøysund IL og IL Ternen. Terrengløpskarusellen hadde 100 som deltok i 3 eller fleire løp, der 27 var frå Uskedalen. Karusellen er sikra økonomisk i 2-3 år ved hjelp av flygeblad som vart kjørt ut for Tysnes Sparebank (kr 15.000,-). Friidretts-gruppa har hatt felles styre med ski gruppa, men aktiviteten etter terrengløpskarusellen har vore liten. Representanten for friidrettsgruppa måtte trekkja seg i sesongen, og det er ikkje komen inn nokon ny i løpet av sesongen. Ein representant som deltok då Fana IL arrangerte krinsmeisterskap i stille lengde/høgde. Idrettsmerkenemnda: Idrettsmerkenemnda ligg under friidrett- og ski gruppa. Det var 3 samlingar i 2015. I 2015 var det 10 stk. som har tok idrettsmerke, 7 kvinner og 3 menn. Desse er med i nemnda: Kjersti R. Bråtun, Steinar Kroka og Jostein Saghaug Ski og friidrettsgruppa Knut Johannes Ripel Side 10 av 15

7 Økonomi 7.1 Rekneskapsrapport Side 11 av 15

Side 12 av 15

Side 13 av 15

Side 14 av 15

Side 15 av 15