Kulturplan 2010 2020. Ein strategisk handlingsplan for utviklinga av kultur i Lindås kommune



Like dokumenter
STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Frivilligpolitisk plattform

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kulturavdelinga (Utval for Kultur og Levekår)

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Den kulturelle nistepakken

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Frivilligpolitisk plattform

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Ål Venstre. Ål Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Kulturplan Ein strategisk handlingsplan for utviklinga av kultur i Lindås kommune RØYNDOM

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Til deg som bur i fosterheim år

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Program for. Årdal Venstre

Radøy kommune Saksframlegg

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Tilskot til friluftsliv

Handlingsprogram. kultur. Del av kommunedelplan kultur. Karmøy kommune Forside: Ida Utvik, foto av Jørgen Freim 2015

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Les for livet - del 2 (Ref # )

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

- Offentleg planarbeid

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Barnehageplan for Vinje kommune

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Til veljarane i Tysnes

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

LINDÅS. Framtida i fokus

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Kommunikasjonsstrategi

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Bykle kommune Kultur og fritidstenester. Melding om vedtak. Kulturpolitisk handlingsplan. Arkiv

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Plan for overgangar. for barn og unge

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Politisk program for Jølster KrF

Sandeid skule SFO Årsplan

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Prosjekteigar: Flora kommune.

Resept for eit sunnare FørdeF

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Transkript:

Kulturplan 2010 2020 Ein strategisk handlingsplan for utviklinga av kultur i Lindås kommune

Innhald Forord 3 Overordna mål for kulturfeltet 4 Kommunale kulturinstitusjonar 6 Frivillig sektor 13 Barn og unge 16 Kunst- og kulturformidling 18 Idrett og friluftsliv 21 Kultur og næring 24 Oversikt over lag og organisasjonar 26 Design og layout: Konvoi Trykk: Allkopi Opplag: 100 stk Foto: Arkivbilder frå Lindås kommune og Nordhordland avis 2 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

Forord Kommunestyret vedtok i møtet 18. september i 2008 å utarbeide ein kulturplan for Lindås kommune. Det blei nedsett ei arbeidsgruppe med utspring i levekårsutvalet. Gruppa fekk ei tverrpolitisk samansetning og eininga for kultur og aktivitet vart sekretariat. Kommunestyret sette ei tidsramme kor planen skulle ut på høring hausten 2009 og eit forslag til plan skulle leggjast fram for kommunestyret same året. Hausten 2008 inviterte gruppa til folkemøte på Ostereidet, Lindås og Knarvik for å få innspel til planarbeidet. Media vart òg nytta for å gjere kjent at det var ønskjeleg med innspel frå innbyggjarane. Innspel frå møta og skriftlege innspel frå enkeltpersonar og lag/ organisasjonar har vore særs nyttig og er delvis innarbeidd i planforslaget. Arbeidsgruppa har til saman hatt 9 møte. Kommunen har mykje å vera stolt over på kulturfeltet. Det er òg ein politisk vilje til å satsa på kultur. Det at kommunen no satsar på å vinne kåringa som kulturkommune seier mykje om det. Ein overordna kulturplan har vore eit sakn, både for å kunne synleggjera alt som syd og koker av aktivitet på kulturfeltet, men mest for å definera overordna mål og målsetjingar som alle involverte kan strekkja seg etter. I tillegg trengst det forslag til konkrete tiltak for å nå desse måla. Kommunestyret vedtok 11. juni 2009 at Lindås kommune skal vera tufta på følgjande verdiar: Det utvida kulturomgrepet ligg til grunn for planen. Det vil seia at ein tenkjer både på tradisjonelle kunst- og kulturuttrykk, lag og foreiningar, det fysiske miljøet med idrett og friluftsliv, fritid og tilgrensande samfunnsområde. Planen vil derfor vera eit overordna styringsverktøy for heile kulturfeltet. For enkelte område som til dømes idrett og kulturvern vil det vera behov for meir detaljerte planar. Kommunedelplanar for desse områda vil supplera den overordna planen. Kommunen ser at frivillige lag og organisasjonar er heilt sentrale når det gjeld å utvikla eit godt kulturtilbod i kommunen. Derfor har dei også ein sentral plass i kulturplanen. Det er eit ønskje at planen skal væra eit godt verktøy for alle som er involverte i kulturfeltet i Lindås. Derfor har det vore ei hard prioritering for å finne ut kva som skal stå i ein plan som famnar eit så stort felt. Men arbeidsgruppa trur at dersom planen skal vera eit levande verktøy, må han vera kortfatta og presis. Planen bør rullerast kvart 4. år Når utkastet no skal ut på høring ønskjer vi at flest mogleg les utkastet. Vi er takksame for alle innspel! God lesing! Vennleg helsing: Inkluderande Framtidsretta Kvalitetsbevisst Tenestevillig May Eva Sandvik leiar arbeidsgruppa Der draumar blir røyndom Den nye visjonen for kommunen vert: Der draumar blir røyndom. Kulturplanen søkjer å byggja på desse verdiane og denne visjonen. Planen skal vera eit strategisk verktøy for vidareutvikling av kulturfeltet i Lindås kommune. For å få til det har vi valt å vera mål- og handlingsorienterte. Planen skildrar derfor meir enn 100 tiltak for dei neste 10 åra. Når og om dei ulike tiltaka blir sette i verk avheng sjølvsagt av kva økonomiske rammer kommunen har, og føringar gitt i andre planar. Øyvind Stang kultursjef/einingsleiar kultur og aktivitet Knarvik 12. august 2009 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 3

overordna mål for kulturfeltet Kulturlivet skal vera inkluderande og for alle. Den frivillige innsatsen skal stå sentralt i kulturlivet. Lag og organisasjonar skal stimulerast og støttast. Bygdeidentiteten skal ivaretakast. Det skal leggjast til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge. Kulturtilbodet skal spegla kulturarven og samstundes vera nyskapande og synleg. Alle måla som kjem fram i dei ulike kapitla i planen, er delmål for å nå dei overordna måla. Først nokre utfordingar og tiltak av meir overordna karakter: Prognose folketalsutvikling 1,30 1,25 1,20 1,15 I 2030 har Lindås kommune 18 000 innbyggjarar, 26 % fleire enn i 2010. Vi er venta etter Meland å veksa raskast i Nordhordland og ligg òg godt over gjennomsnittet i Hordaland på landsbasis. Kjelde: SSB (altmmmm) 1263 Lindås 12 Hordaland Nordhordland Heile landet 1,10 1,05 1,00 2010 2015 2020 2025 2030 Utfordringar: Lindås kommune er populær og mange vel å flytta til kommunen. Kommunen vil vera ein av kommunane med størst folketalsvekst i Hordaland dei neste ti åra. Mange av våre nye innbyggjarar vil vera barn og familiar. Behovet for kultur- og fritidsaktivitetar vil berre auka. Auka tilflytting vil føra til større mangfald. Større mangfald gjev større mogelegheiter. StorBergen veks og har behov for nye forstadar. Det vil vera utfordrande for kommunane i randsona til Bergen å halda på sin eigen identitet. 4 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

Økonomi Graf som syner Netto driftsutgifter for kultursektoren i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter i 2006 2008 5,0% 4,5% 4,0% 3,5% 3,0% 2,5% 2,0% 1,5% 1,0% 0,5% 0,0% 2006 Lindås 2007 Lindås 2008 Lindås Kgruppe8 Hordaland Landet (ekskl. Oslo) Kostratal Tala seier noko om kor mykje Lindås kommune brukar på kulturfeltet om ein samanliknar seg med andre kommunar. Gruppe 8 viser eit gjennomsnittstal for kommunar det kan vera naturleg å samanlikna seg med. Dei kan til dømes vera like store. Det kan vera mange feilkjelder til kostratal, men hovudtendensane er likevel rimeleg klare. Fram til 2008 har tendensen vore at Lindås kommune har brukt mindre og mindre midlar på kulturfeltet i forhold til andre område. Dette gjer at vi har lege under gjennomsnittet på landsbasis, i Hordaland og for liknande kommunar. knytt til dei overordna måla: et er at 5 % av Lindås kommune sine årsbudsjett nyttast på kulturfeltet. Kommunen bør auka ramma for den økonomiske støtteordninga til lag og organisasjonar med 50 % frå 2009-nivå. Idrettsrådet og eit eventuelt songog musikkråd blir teke med på råd og blir ein viktig samarbeidspartnar for kommunen. Eit godt kulturtilbod vert utvikla i Knarvik med nytt kulturhus og Knarvik idrettspark som base. Knarvik skal utviklast til å bli ein levande bygdeby for regionen, som tek vare på strilekulturen, i staden for at området bli ein forstad til Bergen. Samstundes skal kommunen stimulera til aktivitet i bygdene som skapar trivsel og levande lokalsamfunn. Ungdomsrådet skal støttast og får delegert mynde i saker som vedkjem ungdom. Kommunen prioriterer anleggsutvikling som gir barn og unge eit godt fritidstilbod. Kommunen brukar aktivt omtale av det rike kulturtilbodet i all marknadsføring og profilering av kommunen. Det vert sett fokus på nyskaping for å møte nye trendar/ behov på kulturfeltet, med utgangspunkt i den lokale kulturarven. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 5

kommunale kulturinstitusjonar Lindås folkeboksamling Kommunale kulturinstitusjonar Lindås folkeboksamling Drifta av Lindås folkeboksamling er ei lovpålagt kommunal oppgåve. Institusjonen har hovudbibliotek i Knarvik senter, filial i Lindås senter og ein bokbuss som primært vitjar barnehagar og skular. Lindås folkeboksamling skal vere ein arena for kultur, kunnskap, læring og rekreasjon i kommunen. Biblioteket er ein viktig møteplass for innbyggjarane, og har gjennomsnittleg 60 000 besøk i året. Ny teknologi vil føre til nye og endra arbeidsoppgåver for biblioteket. Informasjon vert i større grad henta frå og formidla via nettet, og biblioteket må utviklast til ein digital læringsarena for dei gruppene som søkjer grunnleggjande digital kompetanse. Ei hovudoppgåve frametter vil vera å leggja til rette for ulike møte med innbyggjarane i det fysiske rommet, både på biblioteket og som oppsøkjande verksemd. Det kan dreia seg om varierte arrangement og formidling av informasjon og litteratur på ulike måtar. Biblioteket skal leggja spesielt vekt på arbeidet med barn og unge. Bokbussen skal vidareutviklast til eit mobilt kultursenter med aktiv litteraturformidling og formidling av andre kulturelle uttrykk. 6 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

kommunale kulturinstitusjonar Lindås folkeboksamling Lindås folkeboksamling Brukarane skal få raske og gode svar. Brukarane skal møta eit spanande lokale som det er enkelt å orientera seg i. Biblioteket skal leggja vekt på samarbeid i og utanfor kommunen for å kunna gje brukarane eit best mogleg tilbod. Gjera lån frå biblioteket raskare for brukarane og frigjera meir tid til informasjonsarbeid direkte retta mot publikum, ved hjelp av ut- og innleveringsautomatar. Vurdering av RFID-løysing (radiobrikker) til sjølvhjelpsautomatane. Bokbussen skal få trådlaust samband knytt til alle dei barnehagane og skulane det er mogleg å få det til med. Det skal utarbeidast og setjast i verk eit kompetansehevingsprogram for dei tilsette. Det bør lagast ein innreiingsplan for biblioteket som utnyttar lokalet best mogleg. Utviding av post for arrangement. Personalet bør utarbeida og setja i verk ein plan for kontaktpunkt i lokalet der formidling av ulikt innhald og i ulike formar kan finne stad. Det skal vera aktuelle utstillingar regelmessig gjennom året. Det skal arbeidast for at hovudbiblioteket får sentralt plasserte lokale som er store nok til å tilfredsstille krava til eit moderne bibliotek tilpassa storleiken på kommunen vår. Biblioteket skal vera ein pådrivar i arbeidet med den interkommunale heimesida Mitt Nordhordland. Biblioteket skal følgja opp den noverande interkommunale bibliotekplanen. Biblioteket skal ta initiativet til samarbeid med barnehagane, skulane, seniorsenteret, kulturskulen og frivillige lag og organisasjonar. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 7

kommunale kulturinstitusjonar Lindås folkeboksamling Lindås folkeboksamling Barna i Lindås kommune skal bli gode lesarar. Barn og unge i Lindås skal vera prioriterte brukargrupper for biblioteket. Bokbussen skal vera ein viktig arena for formidling av barnelitteratur og andre kulturuttrykk. Det skal arrangerast aktivitetar på bussen med jamne mellomrom. Folkebiblioteket skal oppretta ein litteratursentral for barn og unge, der hovudoppgåva vert å samordne litteraturtilbodet ved bokbuss, folke- og skulebibliotek i kommunen, drive litteraturformidling for grupper og klasser, utarbeide tilrettelagte mediepakker og Internett-tenester til bruk i undervisninga og fremje tilrettelagt litteratur og program for dyslektikarar. Opprette eit leksehjelpsenter og vidareutvikle Etter skuletid -tilbodet. Delta i arbeidet med den kulturelle skulesekken. Det bør opprettast ei stilling som litteraturformidlar som har til oppgåve å drive litteratursentralen. Finansiering: overføring av midlar frå sjåfør + 70 % Lindås folkeboksamling skal vere kommunen sitt kompetansesenter for litteratur og informasjon. 8 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

kommunale kulturinstitusjonar Lindås kulturskule lindås kulturskule Lindås kulturskule vart skipa i 1986, og har i løpet av sine vel 20 år etablert seg som ein sentral og levande kulturinstitusjon i kommunen. Kulturskulen har hovudbase i Knarvik, men undervisninga er òg desentralisert med Ostereidet og Lindås som ytterpunkt. Om lag 500 born/ unge får kvar veke opplæring i musikk, dans, drama og kunstfag (280 av desse som elevar i kulturskulen, resten gjennom korps som kjøper subsidierte tenester av kulturskulen). I tillegg kjøper 3 vaksenlag dirigenttenester til kostpris. 23 lærarar og dirigentar har kulturskulen som sin arbeidsplass, og dei syt alle for at både kvalitet og breidd vert ivaretekne som sentrale begrep i kulturskulen si verksemd. Gi tilpassa undervisning til alle interesserte born og unge som ønskjer opplæring innan kunstnariske fag og auka deltakinga frå grunnskuleelevane. Kulturskulen skal vera eit kulturpedagogisk ressurssenter i kommunen. Kulturskulen skal utvikla seg vidare innan kvalitet, mangfald og tverrfagleg verksemd, og i tillegg vera ein god og utviklande arbeidsplass for kunstfagleg personell. Utvida/gjenoppretta dei tilboda som i dag har lange ventelister (akustisk gitar / elgitar og slagverk). Ta sikte på å halde kontingenten uendra på 2009-nivå. Utvikla tilbod for fleirkulturell integrering. Oppretthalde desentralisert undervisning der det er mest naturleg. Få større areal for samlokalisering (administrasjon og undervisning). Utvikla samarbeidet med grunnskulen gjennom prosjekt som Den kulturelle skulesekken. Utvikla tilbod til førskulebarn i samarbeid med barnehagane. Bistå med fagleg kompetanse på prosjektbasis utanfor skulen si ordinære verksemd. Finna gode modellar for kreativt samarbeid på tvers av disiplinar. Få fleire og gode øvingsrom som kulturskulen har råderett over, der ein kan setja inn instrument, teknisk utstyr, kulissar og diverse hjelpemiddel på permanent basis, og der det er fysisk rom for tverrfagleg samarbeid. Få eige opphaldsrom for dei tilsette på arbeidsplassen. Arbeidsplassen må vere tilrettelagt slik at fagleg oppdatering og praktiske førebuingar for den einskilde er mogleg. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 9

kommunale kulturinstitusjonar Fritidsklubbar og SJØLVORGANISERT fritid Fritidsklubbar og SJØLVORGANISERT fritid Lindås kommune har 3 kommunale fritidsklubbar. Desse finn ein på Lindås, Ostereidet og Alversund. har særleg fokus på sjøaktivitetar, men tilbyr også aktivitetar innan musikk, film, hobbyaktivitetar og meir. Fritidsklubben tilbyr det mange i alderen 13 18 år etterspør mest: ein brukarstyrt stad å vera med høg sosial faktor der dei kan utfalda seg. Fritidsklubben er den viktigaste arenaen for sjølvorganisert fritid. Mange ungdommar nyttar tilbodet. Nokre av dei har klubben som einaste fritidstilbod, mens andre er aktive i andre lag/ foreiningar i tillegg, men treng eit tilbod der dei kan drive aktivitet på eigne premissar, utan krav til prestasjonar. Kraft n sjøaktivitetssenter i Alversund er ein framtidsretta møteplass for ungdom mellom 13 og 19 år. Fritidsklubben Klubb X-IT på Ostereidet er driven i nært samarbeid med Ostereidet ungdomsskule. Klubben nyttar lokala på skulen og kan dermed gi eit allsidig tilbod som t.d. spel, musikk, dans, hobbyaktivitetar og mat. Bianco fritidsklubb på Lindås skal vera ein attraktiv stad for ungdom i området til å utøva sin kultur i form av musikk, dans, hobbyaktivitetar med meir. I den grad det er mogeleg, ønskjer vi å etablera aktivitetar knytt til sjø. Ungdom i Lindås kommune skal ha trygge møtestader der ungdom sjølve har stor medverknad. Tilbodet til ungdom skal vera mangfaldig. Ungdommens kulturmønstring (UKM) skal ha større appell hjå ungdommen. Kommunen mottek og sender ungdomsvolontørar frå/til Europa. Innan 2 år skal dei tre ungdomsklubbane i Alversund, på Ostereidet og på Lindås vera omorganiserte til ressurs-/aktivitetssenter med ei rekkje aktivitetstilbod. Ungdommane skal vera involverte i drifta, men det skal òg vera stor vaksentettleik. Kraft n sjøaktivitetssenter skal utviklast til eit regionsenter for sjøaktivitet for ungdom. Ungdom skal få tilbod om opplæring i brukarmedverknad. Det skal vera tilbod om Open hall i alle hallar i kommunen. Fritidsklubbane skal jobbe med UKM frå august til desember. Klubben skal arrangera UKM-workshops. Gjennomføre UKM i samarbeid med kommunane i Nordhordland. Sende inntil 8 ungdommar vidare til UKM fylkesfinale. Kommunen skal ha fleire volontørar frå Europa som jobbar på dei ulike ungdomstilboda. Lokal ungdom vert oppmoda om å reise ut som volontør. 10 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

kommunale kulturinstitusjonar senior- og AKTIVITETSSENTER Senior- og AKTIVITETSSENTER Lindås kommune har 3 senior- og aktivitetssenter. Desse finn ein på Lindås, Ostereidet og Knarvik. Dei starta opp i 2006 og er ein god møteplass for alle seniorar og eldre funksjonshemma mellom 55 og 100 år. Seniorsentra tilbyr ulike kulturelle aktivitetar som helsetrim, song og musikk, dans på lokalet, seniortreff, foredrag, senioruniversitet, datakurs, SMS-kurs, festar og turar. I galleri Utsyn har vi ny utstilling kvar månad av ulike kunstnarar fra Nordhordland. Seniorsenteret i Knarvik driv kafé i samarbeid med Knarvik sjukeheims sentralkjøken, og dei tilbyr middag til Seniorsenteret Ostereidet. Vi samarbeidar òg med frivilligsentralen, bilioteket, kulturskulen, barnehagar, barneskular, vidaregåande skular, folkehøgskular, og brukar lokale og sentrale krefter til underhaldning. Styrkja tilbodet til dei eldre i Lindås kommune sosialt, psykisk og fysisk, slik at dei kan bu i eigen heim lengst mogleg. Tilboda til eldre i Lindås kommune skal vera mangfaldige. Heve kvaliteten på det kulturelle tilbodet til eldre i kommunen. Innan 2010 vil tilbodet i seniorsentra bli utvida til fleire målgrupper. I samarbeid med frivilligsentralen skal vi kursa frivillige. Dette for å rekruttera fleire frivillige til å skapa ein arena for sosialt samvær og sosial utvikling på seniorog aktivitetssentra og sjukeheimane i kommunen. Samarbeida om eit kulturhus i Knarvik. Eit kulturhus for alle generasjonar, også dei eldre. Søkja om midlar kvart år til den kulturelle spaserstokken. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 11

kommunale kulturinstitusjonar frivilligsentralen Frivilligsentralen kompetansesenter Frivilligsentralen er ein nærmiljøsentral kor aktivitet er retta mot alle. Frivilligsentralen har ein brei aktivitetsprofil med vekt på gjensidig nytte og likeverd av å delta i felles prosjekt, og med målsetjing om å skapa levande lokalmiljø der lokalmiljøa er. Frivilligsentralen er i aukande grad nytta som eit kompetansesenter og ein møteplass der døra er open og folk blir møtt og ivaretekne. Tilbakemeldinga frå brukarar av frivilligsentralen er at det er godt å vera der, og at dei får svar og rettleiing på spørsmål. Nettverket som Frivilligsentralen etter kvart har opparbeidd seg, kjem til nytte både innad i kommuneadministrasjonen, for lag og organisasjonar, og for enkeltpersonar. Frivilligsentralen skal kartleggje frivillig arbeid i Lindås kommune. Frivilligsentralen skal koordinere samarbeidsarenaer. Frivilligsentralen skal vere eit sektorovergripande nærmiljøsenter med kompetanse på frivilligheit. Frivilligsentralen skal stø opp om frivillig aktivitet. Vedlikehalda register over frivillige lag og organisasjonar. Kontinuerleg registrera og oppdatera ny frivillig aktivitet. Halda oversikt over lagshus og lagshusaktivitet. Vedlikehalde oversikt over arrangement. Synleggjere frivillig arbeid sin verdi med mellom anna eit samfunnsrekneskap. Samarbeida med senior- og aktivitetssentra i kommunen som arena for sosialt samvær og personleg utvikling. Samarbeida med idrettsråd, eldreråd, ungdomsråd, ungjobb, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og andre fellesorgan. Greia ut behov for eit musikk- og kulturråd. Vera eit serviceorgan til hjelp og støtte for laga. Vera koordinator for kommunen sitt engasjement i MOT-prosjektet. Vera høyringsinstans for kommunen sine planarbeid som vedkjem frivillig arbeid. Arbeide for auka tilskot til frivillig arbeid. Gjera kjent lokale og nasjonale tilskotsmidlar. Spre informasjon om eksisterande aktivitetar i frivillig sektor. Halda god kommunikasjonen med den frivillige aktiviteten med mellom anna bygdebesøk. Gjera frivillig aktivitet synleg i kommunale politiske og administrative fora. Delta i den offentlege frivilligpolitiske debatten. Oppretta informasjon på nettet om frivillig arbeid der dette er formålstenleg. Investera i tilpassa utstyr for Internett-kommunikasjon og profilering. 12 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

Frivillig sektor dei frivillige organisasjonane Frivillig sektor dei frivillige organisasjonane Rekneskap for frivillig arbeid Den norske befolkning utfører ulønna arbeid tilsvarande ca. 113 500 årsverk, mens lønna arbeid i same sektor utgjer ca. 60 000 stillingar. Det frivillige arbeidet står for meir enn 6 % av bruttonasjonalprodukt med ein marknadsverdi på rundt 40 milliardar kroner. Frivillige står for rundt 26 årsverk per 1000 innbyggjarar som eit snitt i landet. I Lindås vil dette seie rundt 338 frivillige årsverk. Den ordinære arbeidsstokken utgjer ca. halvparten av befolkninga, og det er rundt 6 500 personari ordinært arbeid i Lindås. I snitt kan ein då seia at den frivillige, ulønna innsatsen utgjer ca 19 % av det totale arbeidet i Lindås og kan verdsetjast til rundt 100 millionar kroner. Utfordringar Dei frivillige organisasjonane i Lindås med 238 forskjellige lag og foreiningar fordelte på vel 14 000 innbyggjarar treng styringsreiskap og ei kjensle av å bli høyrde. Alle frivillige organisasjoner førebyggjer i ei eller anna form. Men organisasjonar mister medlemer, samfunnet blir meir kommersielt, og noko av det frivillige organisasjonar har stått for, er teke over av profesjonelle. Saman med einingar for funksjonshemma og frivillige lag/ organisasjonar skal ein vurdera tiltak for auka deltaking av menneske med nedsett funksjonsevne i kulturlivet. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 13

Frivillig sektor fdei frivillige organisasjonane dei frivillige arena dei frivillige organisasjonane Betre rammevilkår for lag og organisasjonar. Skape fleire felles møteplassar for lag og organisasjonar. Auke kompetansen i lag og organisasjonar. Oppretthalde ein god dialog mellom kommunen og lag/organisasjonar. Barn og unge. Lindås kommune må leggje forholda til rette slik at barn og unge blir aktive. Mosjon og helse. Lindås Idrettsråd vil stø opp om allsidige mosjonstiltak. Ta sikte på at ramma for den økonomiske støtteordninga til lag og organisasjonar vert auka med 50 % frå 2009- nivå. Lindås kommune skal vera ein samarbeidspartnar for utvikling av det lokale organisasjonsliv. Stø opp om Festeval, KnarvikMila, Humørfestival, Alversund-dagane, korpsfestival, poesifestival på Lygra og liknande arrangement. Bidra til at det blir halde kurs i styrearbeid, økonomi, bruk av Internett, frivilligregister og liknande. Halde årlege folkemøte i Knarvik, Ostereidet, Lindås og Alversund. Leggje til rette for elektronisk søking om kulturmidlar. Stø opp om lokale prosjekt som legg vekt på aktivitet, sosial kontakt, utfordringar og spenning. Samordne lågterskelaktivitet for menneske med spesielle behov. Informere og stimulere for tilrettelegging og utforming av aktivitet. Spreia informasjon om eksisterande aktivitetar. Den frivillge arena I Lindås kommune finn ein mange møteplassar i form av bedehus, ungdomshus, lagshus, grendehus, gymsalar, idrettshallar mm. Dei fleste er eigde av lag/foreiningar. Laga søkjer i stor grad kulturmidlar til drift av hus og aktivitetar. Det er ein tendens til at gamle bedehus blir avvikla, og til at nokre ungdomshus er lite i bruk. Bidra til at lag og organisasjonar tek vare på lagshus/grendahus/ungdomshus. Leggje til rette for at idrettsbygg og gymsalar kan nyttast av alle. Leggje til rette for at friluftsområde, idrettsanlegg og grøntanlegg kan nyttast av alle. Oppretthalde tilskotsordning gjennom kulturmidlane. Ta sikte på at alle idrettsbygg og gymsalar i Lindås kommune skal kunne nyttast vederlagsfritt for unge under 19 år. Lindås kommune må vera i dialog med idrettslaga om vedlikehald og tilsyn av idrettsbygg. Lokale turkart må oppdaterast. Informera og stimulera for tilrettelegging og utforming av aktivitetar. Informasjon om eksisterande friluftsområde må vera lett tilgjengeleg. 14 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

Frivillig sektor europeisk samarbeid europeisk samarbeid Kultur- og aktivitetseininga skal ha eit aktivt internasjonalt engasjement med sikte på å fremja gjensidig kulturforståing og styrkja Lindås kommune som ein attraktiv, internasjonal samarbeidspartnar innan kultur og fritid. EØS-avtalen skal danne grunnlag for finansiering av ulike prosjekt. Auke internasjonalt engasjement og fremje gjensidig kulturforståing. gruppeutveksling European Volontary Service (EVS-prosjektet) Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 15

barn og unge om å satse på barn og unge barn og unge om å satse på barn og unge Ein barnevenleg og aktiv kulturpolitikk gir grobotn for gode oppvekstvilkår. Det er såleis viktig at barnekulturpolitikk blir ein del av kvardagen på alle område i forvaltinga og på den politiske dagsordenen. Fysisk aktivitet og allmenn kulturell opplysning er med på å auka livskvaliteten og helsa til barn. Lindås har også innbyggarar frå mange ulike kulturar, og kultursektoren har i oppgåve å skapa forståing og respekt mellom ulike kulturar. Det er då spesielt viktig å ha fokus på barna.. Kultur og annan aktivitet i fritida er ein verdi i seg sjølv, og i eit velferdssamfunn bør barn og unge bli møtt med varierte fritidstilbod. Ungdomstida representerer ein fase i livet som med sine kvalitetar, spenningar og opplevingar har sin eigen verdi, og nettopp derfor skal offentlege midlar brukast for å sikra gode kår i fritidssektoren. Den kommunen som investerer i gode oppvekstvilkår, har mykje å vinna. 16 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

barn og unge satsning medverknad satsing Barn og unge skal vera aktive medlemer av foreiningslivet. Leggja til rette for ulike uttrykksformer. Leggja til rette for gode aktivitetar retta mot born og unge. Utvikla bruk av moderne teknologi i formidling av ungdomskultur mellom Lindås-ungdom og ungdom andre stader. Leggja meir av det Lindås-ungdommen skapar, ut på Internett. Medverknad Lindås ungdomsråd (LUR) er eit rådgjevande organ som skal uttala seg i saker som er viktige for ungdom. Ungdomsrådet gjer vedtak, kjem med forslag og er ungdommens mogelegheit til å få påverknad. I tillegg kan barn og ungdom gjennom barnerepresentanten koma med framlegg til endring i reguleringsplanar. Kommunen har såleis gode erfaringar med å spørja ungdommane til råds, men har langt å gå for å få full utteljing. Ungdomsrådet må få auka status og innverknad. Ungdomsrådet skal uttala seg om aktuelle saker og deira syn skal kome fram i kommunal sakshandsaming. Kommunestyret skal inkludere ungdomsrådet i opplæring, rettleiing og synleggjering. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 17

kunst- og kulturformidling for barn og unge Kunst- og kulturformidling kunst- og kulturformidling for barn og unge DKS skal utvide barn og unges opplevingar og læring innan kunst og kultur som famnar om fortid, notid og framtid. Han skal gje lokalkunnskap om kommunens historie, estetiske miljø og kjennskap til naturen rundt oss. DKS skal ta i bruk ulike uttrykksformer som teater, musikk, dans, film, litteratur, biletkunst, skulptur og arkitektur. DKS skal også bidra til auka kompetanseheving innan dei ulike fagområda. Lindås kommune mottek årleg eit tilskot frå Hordaland fylkeskommune til drift av DKS. Den kulturelle skulesekken (DKS) skal gje alle grunnskuleelevane minst to årlege møte med profesjonelle kunstnarar. Det er kulturpolitisk viktig at ein via DKS får gitt både nyskapande og kvalitativt gode kulturmøte. 18 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020

kunst- og kulturformidling for barn og unge kulturhus kulturvern og museum kunst- og kulturformidling for barn og unge Skuleelevar skal få minst to årlege møte med profesjonelle kunstnarar. Biletkunst skal finnast i kommunale bygg. Gjennom Den kulturelle skulesekken skal alle skuleelevar i Lindås få minimum 2 møte i året med profesjonelle kunstnarar. Lindås kommune set av eigne midlar for å styrkja DKSarbeidet i kommunen. Det skal utarbeidast plan for DKS-arbeid i Lindås kommune. Denne skal rullerast annakvart år. Ved alle nybygg bør det setjast av 1,5 % av budsjettet til kunst/utsmykking. kulturhus Draumen om eit kulturhus, sentralt plassert i Lindås kommune, har vore halden levande i ei årrekkje. Bibliotek, kulturskulen, Frivilligsentralen og kulturkontoret på rådhuset kunne blitt samla i høvelege lokale. Dette ville blitt eit kraftsenter for kulturlivet i kommunen. Ein kommune med eit så rikt kulturliv som Lindås kommune treng òg ei felles storstove som kan synleggjera alt kommunen har å by på. Kulturlivet i heile regionen har behov for ei slik storstove. Eit kulturhus plassert i Knarvik vil òg vera eit viktig element for å skapa ein bygdeby. Regionen treng eit slikt senter for å ta vare på sin eigen identitet. Planleggja og realisera eit kulturhus sentralt plassert i Knarvik, i tett dialog med lag og organisasjonar. Opprette ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal undersøkja kva behov eit kulturhus bør dekkja. Gruppa får òg i mandat å foreslå romprogram og plassering av huset. Det må vurderast om eit kulturhus kan sjåast i samanheng med eventuell realisering av eit nytt regionsenter i Knarvik. kulturvern og museum Lindås kommune har ei lang og innhaldsrik historie som har sett mange synlege, men òg mange usynlege spor. Vi deler gjerne den kulturhistoriske arven vår i materielle eller immaterielle kulturminne. Dei materielle minna er små og store, fysiske objekt som vi kan ta og føla på. Dei immaterielle minna våre er tradisjonane som menneske gir liv til, i form av t.d. musikk, forteljingar, mattradisjonar, handverkskunnskapar eller dans. kunnskap som kan gje oss ei betre forståing av vår eiga samtid og rusta oss til møte med framtida. Vi ønskjer òg at kulturarven skal ha ei aktiv samfunns-rolle gjennom å bidra med innhald til gode møte som utviklar fellesskap. Mattradisjonar, dans eller handverkskunnskapar kan vera utgangspunkt for møte mellom det lokale og dei som er nye innbyggjarar i kommunen. Vi skal verna om og ta vare på kulturminna våre som identitetsskapande element. Kulturminna er ei kjelde til kunnskap om fortida og menneska som har levd før oss. Formidla gjennom gode opplegg og forteljarar er dette Nordhordland deler felles kulturarv. Det vil vera ønskjeleg at ein i større grad samarbeider regionalt kring utvikling av kulturvern og museum. Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020 19

kunst- og kulturformidling kulturvern og museum kulturvern og museum Samlingar: Sikra godt vern av kommunale og private samlingar slik at dei kan vera tilgjengelege for publikum og kan nyttast aktivt i formidling. Kulturminne: Sikra at kulturminna i kommunen vert tekne vare på og synleggjorte. Kulturlandskap: Ta vare på døme på særeigne kulturlandskap. Nytta dei verna områda aktivt som kjelde til kunnskap. Immaterielle: Stimulere til å sikre den immaterielle kulturarven slik at den kan nyttast aktivt i formidling, i nyskapande verksemd og som grunnlag for møtestader for innbyggjarane i kommunen. Kulturvernplan: Revisjon av kulturvernplan. Formidling: Kulturminne og kulturlandskap er kjelder til kunnskap og må gjerast tilgjengelege for publikum på ulike måtar og for ulike målgrupper. Sikra tilgang til fagkompetanse for dei frivillige gjennom avtale med Museumssenteret i Hordaland om Kulturverntenesta i Nordhordland (KIN). Auka kunnskap om samlingsforvalting gjennom kurs, til dømes i samarbeid med KIN. Planlegging av lokalhistorisk museum. Den kommunale tilskotsordninga bør aukast med 50 % i planperioden. Sikre tilgang på fagleg kompetanse gjennom avtale med KIN. Stimulere grunneigarane til å ta vare på særeigne kulturlandskap gjennom aktiv bruk av tilskotsordningar. Stimulere til etablering av kulturstiar og vandringar slik at kulturlandskapet vert ei kjelde til kunnskap og vert kombinert med fysisk aktivitet. Lyngheisenteret har i dag ansvar for og kunnskap om forvalting av det særeigne lyngheilandskapet. Dette er kunnskap som bør gjerast tilgjengeleg i samband med vern og forvalting av kulturlandskap i Lindås kommune. Bruka stadnamn aktivt i ny adressering. Avtale med Museumssenteret i Hordaland / KIN om gjennomføring av revisjon Samlingsansvarlege som mottek tilskot må katalogisera samlingane sine og gjera dei tilgjengelege gjennom opningstider. Kommunen støttar utarbeiding av kulturhistoriske undervisningsopplegg for grunnskulen gjennom midlar frå DKS. 20 Lindås kommune - Kulturplan 2010 2020