Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen



Like dokumenter
[Tjillege mij meehti låhkan ryöknedh]

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brødsbrytelsen - Nattverden

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Valdres vidaregåande skule

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

I N N H O L D. Forord

Kva er økologisk matproduksjon?

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Halvårsplan i norsk 1. trinn VÅR Nynorsk

Olav og Kari Navnet ditt:...

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Kom skal vi klippe sauen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Satsningsområde høsten Antall, rom og form Maurtua Barnehage, avdeling Knøttene Geitekillingen som kunne telle til ti

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Informasjon til elevane

Brannsår, rus eller friheit?

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsplan for Hare November

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

MINE EGNE CD ER : 1. Minner (2012) BARNESANGER (2010) 3. Vera i lag (2009)


Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ukeplan Navn: Uke: 14

Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015

Å BINDE SAMAN SETNINGAR... 2 Å leggje til ny informasjon... 3 Å uttrykkje tid... 4 Å uttrykkje årsak... 7 Å uttrykkje følgje...

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget


Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

,!7II2J9-ghbbbi! Dikt, fjell og rock n roll

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Transkript:

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet, og no skal du høyre korleis det gjekk: Éin, sa geitekillingen.

Dette høyrde ein kalv som gjekk i nærleiken og åt gras. Kva gjer du for noko? sa kalven. Eg tel meg, sa geitekillingen. Skal eg telje deg òg? Dersom det ikkje gjer vondt så, sa kalven. Det gjer det vel ikkje, stå stille så skal eg telje deg.

Nei, eg torer ikkje, kanskje eg ikkje får lov av mor mi eingong, sa kalven og trekte seg unna. Men geitekillingen følgde etter, og så sa han: Eg er éin, og du er to, 1, 2.

Moor! rauta kalven og byrja å gråte, og så kom mora til kalven, og det var sjølvaste bjøllekua på garden.

Kva er det du rautar for? sa bjøllekua. Geitekillingen tel meg! rauta kalven. Kva er det for noko? sa bjøllekua. Eg tel, sa geitekillingen. Eg har lært å telje til ti, og eg gjer berre sånn: Eg er éin, og kalven er to, og kua er tre, 1 2 3. Å, no talde han deg òg! rauta kalven. Og da bjøllekua skjønte det, vart ho frykteleg sint. Eg skal lære deg å gjere narr av kalven min og meg! Kom, kalven min, så tek vi han.

Og så sette bjøllekua og kalven rett på geitekillingen, og han vart så redd at han spratt høgt opp i lufta og pilte av garde bortover enga, og kua og kalven etter.

Borti utmarka stod oksen og grov laus store grastuer med horna da geitekillingen og kalven og kua kom setjande.

Kvifor jagar de den vesle geitekillingen? spurde oksen. Han tel oss! rauta kalven. Men vi skal ta han, sa bjøllekua. Eg er éin, og kalven er to, og kua er tre, og oksen er fire, l 2 3 4, sa geitekillingen. Å, no talde han deg òg! rauta kalven Han kan berre prøve, brølte oksen og vart med dei andre for å ta geitekillingen.

Etter vegkanten gjekk det ein hest og åt da alle dyra kom farande forbi.

Det var da svært til fart, sa hesten. Vi skal ta geitekillingen, sa kua. Han tel oss, rauta kalven. Og det får han ikkje lov til, brølte oksen. Korleis gjer han det da? sa hesten. Eg gjer berre sånn, sa geitekillingen. Éin for meg og to for kalven og tre for kua og fire for oksen og fem for hesten, 1 2 3 4 5. Å, no talde han deg òg! rauta kalven. Berre vent du, raggjetassen! vrinska hesten og galopperte bortover vegen saman med dei andre for å ta geitekillingen.

I grisebingen låg det ei stor purke og sov da følgjet for forbi. Svært til hastverk med dykk da, sa purka. Vi skal ta geitekillingen, sa kua. Han tel oss, rauta kalven. Og det får han ikkje lov til, brølte oksen.

Han kan berre vente, vrinska hesten. Korleis gjer han når han tel da? spurde purka. Eg gjer berre sånn, sa geitekillingen. Éin for meg og to for kalven og tre for kua og fire for oksen og fem for hesten og seks for purka, 1 2 3 4-5 6. Å, no talde han deg òg! rauta kalven. Det skal bli verst for han sjølv, sa purka og braut laus ein planke i gjerdet med trynet sitt og sette etter dei andre.

Det gjekk over stokk og stein og gjennom mo og myr, og så kom dei til ei elv, og ved bryggja låg det ei lita skute, og om bord i skuta var det ei katte og ei bikkje og ein sau og ein hane

Katta var kokk, sauen var byssegut, hanen var skipper, og bikkja var los.

Vent litt! gol hanen da han såg alle dyra kom hulter til bulter bortover vegen. Men det var for seint. Geitekillingen tok spenntak i bryggjekanten og spratt om bord med alle dei andre dyra etter seg, og så rauk ankerkjettingen, og så byrja skuta å segle utover dit elva var djupast.

Men da vart hanen redd. Kom og hjelp, gol hanen. Skuta går ned! Da vart alle dyra redde, men så skreik hanen igjen: Er det nokon av dykk som kan telje?

Eg kan! sa geitekillingen. Da får du skunde deg å telje kor mange vi er om bord. Skuta kan berre ta ti passasjerar. Skund deg å telje! sa dei andre dyra.

Og så talde geitekillingen: Ein for meg, to for kalven, tre for kua, fire for oksen, fem for hesten, seks for purka, sju for katta, åtte for bikkja, ni for sauen, og ti for hanen. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 l0.

Hurra for geitekillingen! ropte alle dyra, og så segla dei over til den andre breidda og gjekk i land.