FRIVILLIG- INFORMASJON 2015



Like dokumenter
FRIVILLIG- INFORMASJON

FRIVILLIG- INFORMASJON

FRIVILLIG- INFORMASJON

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Stemnehandboka for NKSF

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Sandeid skule SFO Årsplan

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Brødsbrytelsen - Nattverden

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjon Mangerfestivalen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

INFORMASJON om førestellinga:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vegvisar til vilbli.no

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kom skal vi klippe sauen

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Vurdering av allianse og alternativ

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Til deg som bur i fosterheim år

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Kvalitetsplan mot mobbing

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SKJERVSFOSSEN NATURVANDRING TURISTVEGTILTAK

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

NKR S&Fj, styremøte torsdag på Thon Jølster Hotell, frå kl

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Søknad om løyve til sal av alkohol gruppe 1 (Alkoholhaldig drikk 2.5% < 4,5% alk) jf. Alkoholloven av 2.juni 1989 nr.27

Nynorsk. Eksamensinformasjon

Plan for Liabygda SFO

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsplan for Hare November

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT

Les for livet - del 2 (Ref # )

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

«Ny Giv» med gjetarhund

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

mmm...med SMAK på timeplanen

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Brukarrettleiing. epolitiker

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Ruteendringar frå 19. juni 2016

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Den nye seksjon for applikasjonar

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Transkript:

FRIVILLIG- INFORMASJON 2015 I DETTE HEFTET FINN DU INFORMASJON OM: NYTT AV ÅRET OPNINGSTIDER FRAMMØTE OMRÅDEKART PARKERING IKKJE TILLATE RETNINGSLINJER MAT OG DRIKKE ARMBAND FESTIVALADGANG BILLETTOPPGRADERING MALAKOFF TSKJORTE ARBEIDS-ANTREKK TRYGGLEIK GARDEROBE HITTEGODS KONSERTPROGRAM TIPS TRYGT HEIM HALD DEG OPPDATERT FESTIALPROGRAM

Vel møtt til Malakoff-2015 Etter ein innhaldsrik haust og vinter med mykje planlegging og arbeid, er det endeleg snart klart for sommarens STORE høgdepunkt Malakoff Rockfestival. Det er like stor stas kvart år å kunne ønskje alle hjarteleg velkomne til Malakoff, og i år er det 13. gongen det vert arrangert rockefestival på Nordfjordeid! Som alle andre år kjem årets festival til å ha sitt gode Malakoff-særpreg: Ei festival- og musikkoppleving heilt utanom det vanlege, rett og slett. Vi kan lokke med supersterke internasjonale og nasjonale klasseartistar, ein av Norges artigaste og beste festivalcampar, ein fantastisk og uunnverleg frivillig-gjeng, kjempehyggelege lokale og tilreisande publikummarar og eit festivalområde som skapar ei heilskapleg ramme kring arrangementet som få andre festivalar i Norge kan måle seg med. Malakoff 2015 vert ei oppleving for livet! Korleis er dette mogleg i ei lita bygd som Nordfjordeid i Sogn og Fjordane? Vanskeleg å seie 100 % sikkert, men vi trur at det er miksen av kvalitetsartistar, god service, eit fantastisk festivalpublikum, dei Malakoff-frivillige og ein festival som heile tida ønskjer å bli betre. I den siste finpussen fram mot Malakoff-helga 16. - 18. juli bygger vi vidare på tidlegare års erfaringar. Mykje vil vere som før, men det som er nytt av året er: Kontantlaus festival (ikkje muleg å betale med kontantar; berre ordinære bankkort og verdikort) Større hovudscene (den største på vestlandet?) Malakoff har blitt ein festival i landsmålestokk. Det er ikkje minst takka vere det enorme arbeidet lokale lag og organisasjonar og hundrevis av frivillige legg ned. Det er ei eventyrleg dugnadsmobilisering som skal til for å få på plass ein festival på Malakoff sin storleik. Kva forventar vi av deg? Du treng ikkje å ha festivalerfaring frå før, men vi ønskjer at du har eit smittande godt humør enten sola skin eller det regnar horisontalt. Vi forventar at du møter opp presis til avtalt tid, er edru og bidreg så godt du kan til arbeidsøkta er over. Som løn garanterer vi deg eit minne for livet, fantastisk musikk, evig takksemd og litt til. Malakoff-helsing Gunn Guddal Frivilligansvarleg

FRAMMØTE: Frammøtestad: FRIVILLIGTELTET. Eige telt merka Frivillig/Akkreditering (rett ved sidan av hovudinngangen til festivalområdet, sjå kart) BRYGGEN HOTELL SERVERING P NORDFJORD HOTELL Frivilligteltet er delt inn slik: Mottak: Her vil du bli møtt av ein hyggeleg gjeng, som kan svare på det meste J Mat/pause: Frivillige som er på vakt har tilgang på pauserom med deilig mat og drikke. Matservering når du er på jobb, foregår i frivilligteltet serveringsdel. Her vil det i løpet av arbeidsdagen vere servering av varm mat og drikke. Tidspunkt vil vere avhengig av rullering innanfor din arbeids-stasjon /arbeidsområde. Hugs å rydd opp etter deg når du er ferdig med pausen.

Basestasjonar: Teltet har også basestasjonane for desse frivillig-gruppene: ordensvakt, miljøvakt, barpersonell, kioskpersonell og frivillige som skal møte som ordensvakt og kioskvakt på campen. På basestasjonen din vil du få gjennomgang av rutinar, arbeidstøy og id-kort og bli registert som frammøtt når du skal på vakt. Det er difor svært viktig at du møter i frivilligteltet når du skal på vakt! Garderobe: Som frivillig ordensvakt, barpersonell, kioskpersonell og frivillig på campområdet vil du ha garderobe i frivilligteltet. Når du kjem på vakt, vil kvar gruppe få tildelt sin del av frivilligteltet, som du kan bruke som garderobe medan du er på vakt. Frammøtetid: Møt i god tid før avtalt vakttid, slik at vi kan starte presis med registrering av frammøte, utdeling av id-kort, arbeidsantrekk, gi god informasjon og opplæring slik at alle får ei hyggelig og trivelig vakt Informasjon: www.facebook.com/frivilligmalakoff www.malakoff.no/frivillig Vi sender SMS til deg i byrjinga av juli, med vakttid som gjeld di/dine vakter, til telefonnummeret som er registert i vårt vaktsystem. Er du registert med to vakter, vil du få to SMS-ar. Hugs å les begge!! På www.malakoff.no/frivillig vil du finne vaktlister, slik at du kan sjekke at du er registert med rett vakt og finne meir informasjons. Frivillig-godar: Adgang til festivalområdet for festivaldagane 17. og 18. juli om du har to vakter i løpet av festivalen. Adgang til festivalområdet resten av den dagen du har ei vakt. Festival-tskjorte får du utdelt når du kjem til vaktregistering, eller du kan hente den i Kulturhuset Gamlebanken frå 20. juni Mat og drikke når du er på vakt Hyggelege arbeidskollegaer og eit fantastisk rockeminne Om du vil inn på området før du skal på vakt, får du armband i FRIVILLIG/AKKREDITERING, slik at du får adgang til festivalområdet! For deg som er registert på vakt og har fått ID-kort og arbeidsantrekk, så er det eigen personalinngang inn på festivalen, så du slepp å stå i kø! Det er viktig at du gir beskjed omgåande om du ikkje kan møte som avtalt, eller har spørsmål J. Send ein epost til frivillig@malakoff.no eller SMS til tlf 468 77 763. Retningslinjer og tips: Som frivillige er vår jobb å ta vare på gjestar og område. Vi har også eit ekstra ansvar for å spreie god festivalstemning til alle rundt oss. VI er blide, høflege og imøtekommande mot alle Vi svarer på spørsmål når vi kan, eller henviser til informasjonskanalar app, FB, web VI er Malakoff/Nordfjordeid sine gode ambassadørar

VI ber om hjelp når noko er vanskeleg VI hjelper kvarandre VI seier ifrå til vår kontaktperson når vi går av vakt VI er alltid edru på jobb for Malakoff Er det elles ting verken du eller arbeidsleiar finn svar på, kontakt ansvarsperson i frivillig- /akkrediteringsmottak. T-skjorte: Festival-tskjorte får du utdelt når du kjem til vaktregistering, eller du kan hente den i Kulturhuset Gamlebanken frå 20. juni Arbeidsantrekk: Alle frivillige vil få utdelt arbeidsantrekk, vest eller forkle, når dei kjem på vaktregisering. Armband: Alle som er på festivalområdet skal ha armband. Armbandet kan gjeld for heile festivalen, eller være dagsband. Som frivillig vil du når du møter til vakt-registering, få adgangsband. Om du vil inn på området før du skal på vakt, må du henvende deg i mottak FRIVILLIG/AKKREDITERING for å få armband slik at du får adgang til festivalområdet! Om du som frivillig har ønskjer å oppgradere festival-pass billetten din slik at du får adgang til til festivalcampen, må du henvende deg i motttak FRIVILLIG/AKKREDITERING. Oppgradering til festivalpass inkl camp kostar kr 300 (om du har to vakter og har tjent deg festivalpass for frivillig-innsatsen din). Tryggleik: Malakoff ønskjer at alle skal ha trygge og gode opplevelsar på festivalen om dei er gjester eller er frivilllige. Vi har ein vaktstyrke som består av frivilligvakter og innleigd vaktselskap Protect. Disse har eit spesielt fokus på tryggleik, men det er vårt felles ansvar at alle har det trygt og godt. Ta kontakt om med din nærmaste leiar, operasjonssentral eller uniformert vakt, om du opplever eller ser noko som er farlig eller på annan måte uhaldbart. Festivalen har eigen operasjonssentral (OP). Elles oppfordrar vi alle frivillige til å studere detaljert tryggleiksinstruks og evakueringsplan som er tilgjengelig som oppslag i frivilligteltet. Førstehjelp: Eid Røde Kors Hjelpekorps er til stades på festivalen. Dei held til i enden av grassletta utanfor inngangen til festivalområdet og festivalcampen. Treng du hjelp? Gå dit eller ta kontakt med ein av festivalvaktene. Ta vare på hørselen din: Øyrepropper blir delt ut til deg som er på vakt. Publikum kan kjøpe hørselvern og øyrepropper i Rockestæsj-teltet (midt på festivalområdet)

Generell info: Mat: Det er ikkje tillate å ta med seg mat og drikke inn på festivalområdet, men det blir servert eit godt utval av vått og tørt. I tillegg til rockemat som Rockeburgar, Rockesvele, Rockewraps, Rockepølse og Rockepommesfrites er der øl, vin, kaffi/baileys og mineralvatn å få kjøpt. Vi har glutenfritt og vegetar-mat. Aldersgrense på festivalen: Festivalcampen har aldersgrense 16 år Det er ingen aldersgrense ved festivalen, så det er avgrensa barområde ved dei to scenene der ein kan kjøpe og nyte alkohol. Hugs legitimasjon! IKKJE TILLATE PÅ FESTIVALOMRÅDET: Medbrakt mat og drikke Grill/anna påtenningsutstyr Skarpe gjenstandar, t.d. paraply Campingutstyr (telt, stolar osv.) Hund eller andre husdyr Video- eller lydopptaksutsyr Speilreflekskamera Selfie-stang Flasker og termosar IKKJE TILLATE PÅ CAMPOMRÅDET: Forbodne gjenstandar på campen: Glasflasker, aggregat, kvitevarer, lenestolar, sofaer, bord etc. (vanlig campingutstyr er lov) og gjenstandar som kan bli brukt til vold osv PARKERING I EID Det er avgrensa med parkeringsplassar i nærleiken av festival- og campområdet. Det er skilta til merka parkeringsplass ved Eid Stadion. Elles parkering i Nordfjordeid sentrum. Vi oppmodar fastbuande og alle andre som ikkje treng å parkere heilt nær festivalområdet, om å nytte parkering ved Operahuset Nordfjord og Eid Idrettshus i den nordlege delen av sentrum. BUSS FRÅ MALAKOFF Kom trygt heim med festivalbuss. Bussar etter festivalslutt begge dagar går kl 02:30 frå Eid Rutebilstasjon til: Måløy, Selje/Stadlandet, Volda/Ørsta, Stryn, Hornindal/Stryn, Sandane, Skei, Førde, Florø, Sogndal. Prisar Under 30 år kr 50,- 30 eller eldre kr 100,- HITTEGODS: Hittegods funne på amp: ved campinngangen frå fredag kl 10.00 - søndag kl 13.00 Hittegods funne på festivalområde: ved infoskranken i Rockestæsj-teltet i opningstida til festivalen. Funne: Finn du tapt gods under festivalen, så kan du levere det i rockestæsj-teltet i opningstida eller i campinngangen tom søndagen kl 13. Frå mandagen er det mulig å kontakte Kulturhuset Gamlebanken /Turistinformasjonen om du har spørsmål om hittegods.

FESTIVALPROGRAM: