ÅRSMELDING 2015 FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO



Like dokumenter
Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

ÅRSMØTE I LEIKARRINGEN BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

ÅRSMELDING 2017 FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

No sprett knuppane og sevja stig

MEDLEMSINFO. april 09

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

ÅRSMØTE I LEIKARRINGEN BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. Lagsrommet (kjellar), Rosenkrantz gate 8 Tysdag 17. februar Kl

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Stort lagsengasjement

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

«Ny Giv» med gjetarhund

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Gudrun Folkedal 2.vara, Thor Hauknes (berre tysdag, t.om. sak 59)

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Årsmelding for O-gruppa 2015

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Årsmelding for Jostedal spel- og dansarlag for året 2011

Nr september 2012 Årgang 39

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmøte 2015 Norsk Kommunikasjonsforening Lokallag Møre og Romsdal

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

august 2013 NESETDAGANE.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Møteprotokoll for møte i

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Årsmelding 2015 Sogndal Turlag

ÅRSMØTE I LEIKARRINGEN BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Valnemnd : Arne Aasen Hauge, Helene Myklemyr Bolstad og Øygunn Kjos

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Hordaland krins av Norges speiderforbund

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Stemnehandboka for NKSF

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

Nidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet!

Bitraf Resultatregnskap0per

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

NCC avd. Sogn og Fjordane

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Medlem Medlem Medlem Medlem Varamedlem

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Årsmelding frå styret i BUL Molde

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Plassebakken Barnehage

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Transkript:

ÅRSMELDING 2015 FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO 1. Melding frå Styret i Leikarringen 1.1 Styret i Leikarringen 2015 Leiar: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Varamedlem: Varamedlem: 1.2 Årsmøte Anbjørg Myhra Bergwitz Audun Grüner-Hegge (nestleiar) Simon Hesselberg Løvald (kasserar) Mari Utberg Omdal Sigrid Kjøbli Lasse Pettersen Leikarringen hadde årsmøte i Lagsrommet 17. februar 2015. Det var 16 røysteføre medlemer som deltok på møtet. 1.3 Styrearbeid Det nye styret konstituerte seg på det første møtet sitt 27. februar 2015. Titlane i parentes i punkt 1.1. viser korleis dei faste oppgåvene vart fordelte. Styret har hatt 11 fysiske styremøte, hvor Rådet var tilstede på 2 av dei, i meldingsåret. I tillegg har det vore mykje korrespondanse på e-post og på øvingar fortløpande, når det har vore naudsynt. 1.4 Informasjon All informasjon frå styret ut til medlemene blir i hovudsak formidla via heimesidene (www.leikarringen.bul.no), per elektronisk post, på Leikarrigen si Facebookside (www.facebook.com/leikarringen) og på oppslag ved Teatersalen. Hausten 2015 fekk Leikarringen ny heimeside (www.leikarringen.bul.no), i samband med omlegging av nettsidene til hovudlaget og dei andre særlaga. Fylkeslaget BLS initierte dette tiltaket, og har skipa til fleire nettsidekurs i løpet av meldingsåret for at vi skal lære oss det skikkeleg. Styret har ei elektronisk postliste der alle medlemer med e-postkasse er med. Denne lista blir nytta til å formidle informasjon som naturleg høyrer til i Leikarringen. Dersom ein ikkje ønskjer å stå oppført på denne lista, kan ein be om å bli stroken. 1.5 Heiderslagsfolk Det har i meldingsåret ikkje vore utnemdt nokre nye heiderslagsmedlemer. Heiderslagsfolk har livsvarig medlemskap i Bondeungdomslaget og i Leikarringen, og blir innbedne til Leikarringen sine tilskipingar. 1

1.6 Heidersmerke Styret har ikkje delt ut Heidersmerke i 2015. 1.7 Medlemstal Medlemer ved utgangen av året Nye medlemer Strokne/ utmelde 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 112 98 104 110 102 111 118 139 143 154 153 18 8 9 12 5 10 5 9 6 2 2 4 5 15 4 14 17 26 13 17 5 43 1.8 Ombod frå Leikarringen Barnelaget: Victoria Carlin Christina Nipe (vara) Leikarringens årsmøtet 2015 fann ingen kandidat til å dekke inn den siste rolla frå Leikarringen, i etterkant av årsmøtet i 2015 har to foreldrerepresentantar fungert som styremedlemer i barnelagsstyret; Hege Almerud og Asle P. L. Jakobsen. Bunadnemnda: Turid Rønning Anne Cathrine Johansen Lasse Pettersen Valnemnda: Hans Petter Holen Yngvild Aamot Lisa Grav Henriksen Anne Cathrine Johansen 1.9 Øvings- og dansekveldar Øvingar: Øvingane våren og hausten 2015 vart haldne i Teatersalen kvar tysdag kl. 19.30-21.30. Sjå eiga melding for Søndansen. I løpet av året var det mange dyktige instruktørar og musikarar som bidrog til eit flott danseår i Leikarringen. Instruktørane har vore: Audun Grüner-Hegge, Simon Hesselberg Løvald, Anbjørg Myhra Bergwitz, Vegar Vårdal, Sigrid Kjøbli, Lisa Grav Henriksen, Marianne Dahl, Silje Risdal Liahagen, Victoria Carlin, Rune Hernes Bjerke, Ole Nilssen, Solveig Brekke Hauknes, Ådne R. G. Kolbjørnshus, Carin Funset, Øyvind Sandum, Renate Nysted Tønnesen og Dag Vårdal. 2

Musikarane har vore: Ole Nilssen, Bjørn Kåre Bråten Odde, Tuva Færden, Hilde Kirkebøen, Tore Bolstad, Laura Ellestad, Olav Christer Rossebø, Jon Brodal, Helga Myhr, Hilde Fjerdingøy, Elise Tegnér, Vegar Vårdal. Tema har vore: Hallingspringar, turdans, danseteknikk, nordnorske danser, runddans, pols frå Østerdalen, menuett, sangdans, slängpolska, valdresspringar, parhalling, polsdans frå Finnskogen, springleik frå Vågå, samværsdanser på 1800-talls danser frå Oslo, nordlandspols, rørospols. Marianne Dahl og Vegar Vårdal leia 17. mai-øvingane fram mot ei særs vellukka 17. maiframsyning på Karl Johan - sjå meir om 17. mai i pkt. 1.10. Vi avslutta begge semestera med hyggelege avslutningar. 2. juni var vi ein stor gjeng samla hos Audun og Anbjørg for sumaravslutning. Planen var eigentleg å samlas i Frognerparken, men grunna dårleg ver blei det flytta inn. Fleire bidrog med salat, kaker og anna godt til pølsene. Det vert og stelt i stand musikkquiz. 8. desember avslutta vi eit flott år i Leikarringen med samling i Teatersalen. Vi åt peparkaker og klementinar, drakk gløgg med mandlar og rosin, og dansa til musikk frå brørne Odde. I tillegg blei det arrangert julemusikkquiz av Mari Uthberg Omdal. Vi var om lag 30 som deltok. På øvingane i vår og i haust har det vore stabilt oppmøte med gjennomsnittleg kring 25 dansarar, og vi har klart å oppretthalde ein stabil gjeng på øvingane. Det kjem stadig til nye dansarar, men det er óg ein heil del røynde dansarar med i gruppa framleis. Dansekveldar og fester 15. februar var Leikarringen tilskipar av Folkedanskveld i Nordahl Bruns gate 22. Det var minikurs i nordlandspols med Lisa Grav Henriksen som instruktør og Thor Hauknes som musikar på kurset. Etter kurset var det dans til Elise Tegnér med vener. 27. september hadde vi også ansvaret for Folkedanskvelden i BLS, då var det minikurs i polsdans frå Finnskogen med Audun Grüner-Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz, Jon Brodal var kursmusikar. Etter kurset var det dans til Brørne Odde, god stemning og rekordoppmøte på BLS-kveldane. Begge gongene var Leikarringen ansvarleg for kiosksalet, dørvakter og rydding etter dansekvelden. Det var mange friviljuge som stilte opp denne kvelden og laga god stemning. Det var mange gode tilbakemeldingar frå BLS på samarbeidet. Søndans/stildansar: Sjå eiga melding frå Søndansen i punkt. 3. 1.10 Framsyningar, deltakelse og sosiale arrangement 17. mai dansa Leikarringen som vanleg opp Karl Johan til Slottet. Marianne Dahl og Vegar Vårdal var danseleiarar for 36 dansarar. Ole Nilssen og Bjørn Kåre Bråten Odde spelte for oss. Audun Grüner-Hegge var 17. mai-ansvarleg. Hallinggruppa BULder & Brak var med på delar av framsyninga, og synte fram flott halling til eit begeistra publikum ved Universitetsplassen. 3

I forkant av barnetoget synte Leikarringen seg fram på direktesending i TV2 sitt program «God 17. mai Noreg. 16 dansarar frå Leikarringen synte fram dans og nestleiar Audun Grüner-Hegge vart intervjua. Dette ga Leikarringen veldig god marknadsføring midt i «beste sendetid» på nasjonaldagen. Lenke til innslaget finn du her: https://youtu.be/zwqvxjgabmw Leikarringen dansa også tradisjonen tru på Ensjøtunet, Hans Petter Holen og Audun Bjerke spela der. Signe-Marie Hernes Bjerke & Rune Hernes Bjerke leia dansen. Mange frå Leikarringen deltok på Brusteinsballet på Universitetsplassen. Også i år var trioen Vegar Vårdal, Åsmund Reistad og Olav Christer Rossebø musikarar. Marianne Dahl & Vegar Vårdal leia dansen. Lenke til innslag på dagsrevyen: http://bit.ly/1magguc Terje Svindseth tok flotte bilete både på Karl Johan og Brusteinsballet, dei kan du sjå på Facebook her: http://on.fb.me/1dtqf8w Folk frå Leikarringen har også i år vore til stades på ymse tilskipingar i løpet av meldingsåret, som t.d. Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I tillegg er medlemer frå Leikarringen engasjerte i fleire større og mindre danseprosjekt både lokalt og nasjonalt. På Landskappleiken 22. 26. juni, som vart arrangert på Fagernes i Valdres, deltok fleire dansarar frå Leikarringen, og gjorde gode prestasjonar. I tillegg debuterte Leikarringen i lagdans på Landskappleiken. Heile 16 dansarar representerte Leikarringen og dansa polsdans frå Finnskogen. Deltakinga endte med ein 13. plass av i alt 28 spel- og dansarlag. Ein plassering vi er særs godt nøgde med! Sjå video her: https://youtu.be/ip9bdd5hhk4 4

I tillegg deltok medlemer frå Leikarringen i ein del andre klassar også: Simon Hesselberg Løvald i halling A Simon Hesselberg Løvald med hallingspringar i dans hardingfele B Tone Ingvaldsen & Lisa Grav Henriksen med nordlandspols i dans fele B Svein Are Vatnehol & Rita Sirirud Standbakke med springdans frå Nordre Sunnmøre i dans fele B Ingrid Løkken med springleik i dans fele B Audun Grüner-Hegge & Anbjørg Myhra Bergwitz med dansen polsdans frå Finnskogen i klassa dans fele A På Landsfestivalen i gammaldansmusikk 5. 9. august var det óg folk frå Leikarringen som deltok. Ida Malene Christensen deltok både i gruppespel saman med gruppa Hollos efterfølgarar og i pardans saman med Evald Fredholm, han óg frå Leikarringen. Det er moro å sjå at dansarar frå Leikarringen utmerkar seg på nasjonale arrangement! 10. juni deltok Leikarringen under den Europeiske spillkongressen i Oslo Spektrum, i regi av Norsk Tipping. Åtte dansarar frå Leikarringen var med på dette innslaget, som var eit ønskje frå Norsk Tipping om å syne bredden av det store sport- og kulturtilbudet Norsk Tipping støtter ved hjelp av midler frå spilleinntektar. Leikarringen avslutta kongressen saman med turnere, skiløparar, cheerleadere og fotballspillarar m.fl. Dette var ein honorert framsyning som bidrog til inntekter for Leikarringen. 13. 15. juni dro Leikarringen på tur til Bondehytta. Vi vart ein gjeng på sju medlemer som koste oss nokre sumardagar i Nordmarka. Det blei både tur opp til toppen av Varingskollen, og bading i Ørfiske. På Nordlek i Viborg 14. 19. juli deltok 10 dansarar frå Leikarringen. Laurdag 21. november deltok 20 dansarar frå Leikarringen i lagdans på Oslokappleiken. Heile hausten hadde vi fokus på å lære oss polsdans frå Finnskogen litt ekstra godt, nettopp for å nytte den i deltakinga på Oslokappleiken. Her deltok både nybegynnarar og røynde dansarar, og det heile enda med at Leikarringen vann lagdans-konkurransen! Det var voldsomt morosamt og eit godt minne frå året som gjekk. Lisa Grav Henriksen, Tone Ingvaldsen, Audun Grüner-Hegge, Anbjørg Myhra Bergwitz, Ingrid Løkken, Svein Are Vatnehol og Rita Sirirud Strandbakke deltok óg her i pardansklassen, medan Simon Hesselberg Løvald deltok i halling senior. Den 16. desember arrangerte hovudlaget sin årlege grautkveld, og fleire dansarar frå Leikarringen deltok. Vi hadde forberedt eit danseinnslag, og drog med oss alle dei frammøtte i en fellesdans mot slutten av kvelden. Thor Hauknes, medlem i Leikarringen og ein god musikar, sto for musikken. Leikarringen fekk skryt og ei lita gåve frå hovudlaget for alt det positive vi har fått til dette året! 5

1.11. Utsendingar Olav Kårevik og Gunvald Grønvik frå Leikarringen representerte BUL på BLS sitt årsmøte i 2015. Anne Cathrine Johansen frå Leikarringen deltok på vegner av BUL Oslo på årsmøtet til Noregs Ungdomslag i 2015. 1.12. Dugnad Det blei lagt ned mykje godt dugnadsarbeid i samband med 17. mai-tilskipingane. Bunadnemnda held fram med å gjere ein fin innsats for eigedelane til Leikarringen. Sjå eiga melding i pkt. 4. 1.13. Kurs 25.-27.september fekk Ragnhild Marie Holen stønad til å reise på barneinstruktørkurs i regi av Noregs Ungdomslag i Bergen, det vart ei helg fyldt med mykje inspirasjon saman med mange andre deltakarar frå heile landet. 1.14. Medlemer frå Leikarringen som representerer i BUL, BLS (region), Noregs Ungdomslag (land), Noregs Mållag (land) Torbjørn Bergwitz Lauen sit som respresentant for Noreg i Nordlek sitt barne og ungdomsutval. Rita S. Strandbakke sit i styret i Noregs Ungdomslag. Marie Nicolaisen sit i som vara i styret i Noregs Ungdomslag. Ida Malene Christensen er styremedlem i Bygdelagssamskipnaden, der har ho tittelen aktivitetsleiar. Olav Kårevik sit som styremedlem i Bøndenes Hus. Edvard Lauen er medlem av Rådet i Bondeungdomslaget. Anne Cathrine Johansen er nestleiar og Gunvald Grønvik er styremedlem i styret i Bondeungdomslaget. Karianne Johansen, som òg er medlem av Leikarringen, sit som styremedlem i Songlaget. Marie Nicolaisen, som òg er medlem av Leikarringen, er leiar i Teaterlaget i Bondeungdomslaget. Øystein Gammersvik sit som leiar og Klas Ekeland sit styremedlem i styret for Bondehytta. Turid Rønning, Lasse Pettersen og Anne Cathrine Johansen sit som bunadnemnd i Bondeungdomslaget. Shanghai, 12. februar 2016 For styret i Leikarringen, Anbjørg Myhra Bergwitz (sign.) 6

2. Melding frå Rådet i Leikarringen Rådet i Leikarringen har i 2015 hatt denne samansetjinga: Valde for to år i 2014: Anne Cathrine Johansen og Rune H. Bjerke Valde for to år i 2015: Eirik Pettersen, Victoria Carlin og Steinar Hernes Rådet har i perioden hatt to møte med styret i Leikarringen. Rådet har ikkje hatt eigne møte, men har samarbeidd på telefon og epost. Rådet har ikkje konstituert seg i denne perioden. 22. september hadde styret og rådet sitt første møte. Styret gjekk igjennom planane for hausten og dei tankane dei hadd efor øvingar og blestarbeid. Vi fekk også ei oppdatering om aktivitetane i nemnda som skal revidere lover og styringsføresegner. Rådet fekk gitt sine innspel. Styret ønskte også ein gjennomgang av tradisjonen med heidersmedlemar og utdeling av heidersmerke. Vi fekk utveksla tankar med styret om dette er ei tradisjon som framleis er eigna i Leikarringen eller om det er andre typar utmerkingar som burde erstatte desse. Før Leikarringen eventuelt endrar lovene og styringsføresegnene rundt heidersmerke, ønskte styret ei tilbakemelding på om Rådet meinte det var medlemar som ikkje hatt fått merket ut i frå dei no gjeldande kriteria. På oppmoding frå styret, leverte Rådet i møtet 20. oktober ein gjennomgang av kandidatar til heidersmerke. Arbeidet med oversikten var krevjande. Det er no opp til styret å avgjere om nokon og i tilfelle kven som skal heidrast. Oslo, 7. februar 2016 For Rådet Eirik Pettersen, Victoria Carlin og Steinar Hernes 3. Melding frå Søndansen Søndansen har hatt 6 samkomer i 2015 og 22 medlemer har vore med på øvingane. Spelemann er Hans Petter Holen og rettleiar Folke Flateland. Vi dansar mykje kontradans og storgardsdans frå det norske kontradansutvalet, vi arbeider med dansestil og set dansane inn i ein kulturhistorisk samanheng. Vi legg også vekt på det sosiale med ein god prat til kaffien. Åtte par frå Søndansen var med på NORDLEK 2015 i Viborg i Danmark i sommar. Søndansen er eit tilbod til dansarar i Leikarringen og BUL som vil danse meir enn dansen på tysdagane, eller som ikkje har høve til å vere med då. Det er triveleg om fleire finn vegen til Søndansen som er omlag ein søndag i månaden. Asker, 24. januar 2016 For søndansen, Folke Flateland (sign.) 7

4. Melding frå Bunadnemnda Bunadnemnda har i 2015 vore samansett av Turid Rønning, Anne Cathrine Johansen og Lasse Åberg Pettersen. Det har ikkje vore stor aktivitet i året som har gått. Det har vore leigd ut ei jakke i samband med 17. mai. Nemnda har som elles gitt råd om bunadbruk til medlemmer i Leikarringen. Strømmen, 6. februar 2016 For bunadnemnda, Lasse Åberg Pettersen (sign.) 8