Sinnes skule 2015 2016

Like dokumenter
Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SOSIAL KOMPETANSE, kva er det? Barn som strevar med sosial kompetanse, må læra det ZERO TRIVSELSPROGRAMMET

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

10/60-14/N-211//AMS

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Plan for overgangar. for barn og unge

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kvalitetsplan mot mobbing

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Plan for Liabygda SFO

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

PLAN FOR SKOLE HJEM SAMARBEID

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 39 og 40

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Foreldremøte Harøy skule Vel møtt!

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE, SKULEÅRET 2015/2016

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

Informasjonshefte Tuv barnehage

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET


1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Sinnes skule

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Fyrste skuledag etter jul måndag 5. januar

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Sinnes skule

Sinnes skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Velkomen til Mork barnehage

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Arbeidsplan for 10A Veke: 47

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

6. trinn. Veke 24 Navn:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Transkript:

Sinnes skule 2015 2016

Innhaldsliste Innleiing ved rektor 3 Skuleruta 5 Praktisk informasjon 6 Føreskrift om ordensreglement og reglar og rutinar 9 Reglar for fråvær og permisjon 12 Skulebiblioteket 13 Rådgjevar 14 Sosiallærar 15 Skulehelsetenesta 16 Pedagogisk psykologisk teneste 17 Samarbeid 18 Personale 20 Dette finn du på heimesida 24 2

Innleiing ved rektor Elevar og foreldre/føresette Velkomen til eit nytt skuleår! Læring skal stå i høgsete på ein skule, samstundes som det å vera saman med og samarbeida med andre er ein viktig del av livet. Me, heimane og alle som arbeider på skulen, er framleis saman om ein betre skule, og eg gjentek det eg skreiv i fjor og året før; "Me er saman om at elevane skal få mest mogleg lærdom og kunnskap, og bli gagns menneske. Det gjer me best når me veit kva me arbeider mot og ved å samarbeida. Barn og unge skal få vera nyfikne og engasjerte, høflege og omtenksame, og forventningane er store." Forventningane bør og skal vera store, men me skal samstundes hjelpa og støtta ungane så dei opplever glede ved kunnskap og meistring. Ingen kan alt med ein gong, men ved å visa interesse for skulen og det som skjer der, både fagleg og sosialt, hjelper du ungen din/ungane dine til å få eit positivt forhold til skulen. I år er det 48 elevar på Sinnes skule, derav ni (9) nye førsteklassingar. Første skuledag sa eg dette til elevar, førsteklasseforeldre og lærarar: "Å læra noko kan krevja at me øver, at me gjer feil og må prøva på nytt, men det viktigaste er at me ikkje gjev opp, og at me er nysgjerrige. Du kan læra mykje av å stilla spørsmål. Og du kan læra mykje av å forklara for andre. På skulen skal lærarane hjelpa dykk til å bli flinkast mogleg, og eg veit eg har sagt det før, men det er faktisk berre DU som kan gjera jobben! Det betyr at du må jobba både på skulen og heime. Og om me trivst på skulen, blir det lettare å konsentrera seg om det læraren seier. Derfor bed eg dykk om vera greie med kvarandre; hjelpa kvarandre, ta med alle i leiken, trøysta om nokon skadar seg eller er lei seg, spøka saman, lytta til dei andre i klassen, ha det kjekt. Å læra noko nytt ER kjekt!" Innhald i læreplanar endrar seg stadig, både på grunn av pedagogisk utvikling og forsking, og på grunn av politiske straumar. I år møter t.d. elevane eit "nytt" fag på timeplanen, KRLE, dvs. kristendom, religion, livssyn og etikk, sjølv om alle elementa har vore med i tidlegare læreplanar, men har vore vektlagt litt annleis. Enkelte ting blir som før, t.d. morgonsamling kvar første måndag i månaden, å handhelsa på kvarandre kvar morgon og ulike felles prosjekt for 1.-10. klasse. Me startar med overnattingstur 28.-29. august til Sigurdshedlar, og markerer SN-dagen 24. oktober med 70-åsfeiring av SN og markering av SN sitt internasjonale år for lys og lysteknologi. Pippi Langstrømpe fyller 70 år i år, og dermed vert det mykje Astrid Lindgren på juletrefesten, og me planlegg felles tur 3

til Rogaland teater si oppsetning av Ronja Røverdatter. Det vert Abeldag i mars med ulike matematiske utfordringar og Verdas bokdag 22. april, samt trinnvise aktivitetsdagar saman med Tonstad skule. Om ikkje så lenge vil de møta ei endra heimeside, men me vonar de framleis vil bruka ho flittig. Abonnerer de på heimesida, www.minskule.no/sinnes, får de melding på e-post når det er lagt inn noko nytt. Me nyttar ikkje passordtilgang, så det er berre å klikka seg inn jamt og trutt om du ikkje vel å abonnera. Informasjonsheftet vert oppdatert der, og månadsbrevet frå rektor blir berre publisert på heimesida. Der er det informasjon om stort og smått, så det kan løna seg å følgja med. Nytt av året er skulebasert kompetanseutvikling (SKU) med vekt på lesing første halvår og klasseleiing dei to neste semestra. Lesing i alle fag har me arbeidd med lenge, saman med læringsstrategiar og vurdering for læring, og dette blir ein del av SKU-satsinga. Det er viktig at ungane har lært seg ulike strategiar og måtar å læra på, slik at dei kan finna fram til dei læringsmåtane som passar best for seg til ei kvar tid. Skal ein bli flink i noko, må ein øva, gjerne terpa og terpa, og ein må tru at ein kan. Når andre viser interesse for kva ein held på med, får ein lyst til å gjera det godt. Det skal ikkje meir til enn å høyra jenta di/guten din lesa litt av leseleksa eller at du stiller eit spørsmål eller to om kva dei har gjort på skulen eller frå leksene. I tillegg treng me litt fysisk aktivitet, og me legg opp til mest mogleg bruk av nærområdet. Eit godt samarbeid krev at me snakkar saman, så kommunikasjonen må vera gjensidig. Dess betre samarbeid, dess mindre misforståingar, så ta gjerne kontakt, t.d. ved å senda ein e-post eller respondera på månadsbreva. I tillegg vil me gjerne ha informasjon om t.d. sjukdom og fråvær, så ver venleg å gje beskjed til klassestyrar om du må søkja ungen din fri, eller om det skulle vera noko spesielt, som t.d. allergiar. Eit lite vink om kva du kan bidra med i klassen, set me veldig pris på, og haustsamlinga er eit ypparleg høve for små og store til å gjera noko saman og bli endå betre kjende. Eg gler meg til endå eit innhaldsrikt skuleår og godt samarbeid! Sinnes 18.08.15, Åse-Berit 4

Skuleruta 2015/2016 2015 Månad Tonstad Sinnes August Skulestart: Torsdag 20. august Planleggingsdag for lærarane 17.-19. august * Medrekna ein (1) undervisingsdag lagt til kveld/natt i samband med overnattingstur 8 9* September 22 22 Oktober Tonstad skule: Haustferie 28.09.-02.10. (veke 40) Sinnes skule: Haustferie 5.-9. oktober (veke 41) November 17 17 Sinnes skule: Fri fredag 13. november (planleggingsdag for lærarane/skulemøte i Rogaland) 21 20 Desember Tonstad skule: Fri måndag 7. desember Siste skuledag før jul: Fredag 18. desember 14* 15 Sum haust 82 83 2016 Januar Første skuledag måndag 4. januar 20 20 Februar Sinnes skule: Vinterferie veke 7 (15.-19. februar) Tonstad skule: Vinterferie veke 8 (22.-26. februar) 16 16 Mars Påskeferie 21.-28. mars 17 17 April 21 21 Mai Fri torsdag 5. mai (Kristi himmelfartsdag), fredag 6. mai, måndag 16. mai (pinse) og 17. mai 18 18 Juni Sinnes: Siste skuledag tysdag 21. juni Planleggingsdag for lærarane 22. juni Tonstad: Siste skuledag torsdag 23. juni * Medrekna ein (1) undervisingsdag lagt til kveld 16 15* Sum vår 108 107 SUM skuleår 190 190 Ekstradagar for 1. - 4. trinn: Haust 2015: Onsdag 30. september (veke 40) Onsdag 11. november (veke 46) Onsdag 16. desember (veke 51) Vår 2016: Onsdag 10. februar (veke 6) Onsdag 30. mars (veke 13) Onsdag 4. mai (veke 18) Onsdag 18. mai (veke 20) * Inkluderer flytta undervisingstid i samband med overnattingstur (19.08) og juletrefest (22.06), jf. merknader. 5

Praktisk informasjon Start- og sluttid for timar og friminutt: 1. time: 08.50-09.35 2. time: 09.35-10.20 3. time: 10.35-11.20 4. time: 11.50-12.35 5. time: 12.35-13.20 6. time: 13.35-14.20 Turar og ekskursjonar 28. - 29. august: Felles overnattingstur for 1.-10. kl. (Sigurdshedlar) 15. oktober: 1.-4. klasse har aktivitetsdag på Tonstad skule 15. mars: 1.-4. klasse på Sinnes og Tonstad skule har skidag Veke 14: Alpindag 1.-4. klasse Veke 23: Avslutningstur 10. klasse 20. juni: Avslutningsfest 10. klasse Den kulturelle skulesekken: 25. august: 1. - 6. klasse: Skolesangboka (musikk) 24. september: 8. - 10. klasse: En folkefiende (teater) 25. september: 1. - 6. klasse: Gutta i trehuset (teater - Tonstad) 23. november: 5. - 6. klasse: Skala (visuell kunst) 30. november: 8. - 10. klasse: Arrfjes (forfattarbesøk) 1. desember: 8. - 10. klasse: MOPTI (Rikskonsert) 6

Anna: 7. desember: Julegrantenning 17. desember: Juletrefest 18. desember: Julegudsteneste 1. mars: Abel-dag (matematikk) Veke 10-11: Ski-/skiaktivitetsdag 1-10 7. juni: Sommaravslutning 1.-3. klasse 20. juni: Avslutningsfest 10. klasse 21. juni: Skulegudsteneste Møter og konferansar: Foreldremøte haust: 1. klasse: 25. august 2. - 3. klasse: 24. september 6. - 7. klasse: 16. september 8.-10. klasse: 10. september Foreldrekonferansar haust: 1. - 3. klasse: Veke 44 6. - 7. klasse: Veke 44 8. - 10. klasse: 28.-29. oktober Foreldremøte vår: 10. klasse: 28. april 8. - 9. klasse: 28. april 1. - 6. klasse: 23. mai Foreldrekonferansar vår: 10. klasse: 10. mars 1. - 4. klasse: Veke 10 5. - 7. klasse: Veke 10 8. - 9. klasse: 17. mars 7

Nasjonale prøvar: 15. september: Lesing for 8. og 9. klasse Veke 38-41: Engelsk for 8. klasse (elektronisk prøve) Veke 38-44: Rekning for 8. og 9. klasse (elektronisk prøve) 13. oktober: Lesing for 5. klasse Veke 42-43: Engelsk for 5. klasse (elektronisk prøve) Veke 42-43: Rekning for 5. klasse (elektronisk prøve) Halvårsprøve (tentamen) haust: 7. desember: Norsk hovudmål 8-10 8. desember: Norsk sidemål 8-10 9. desember: Engelsk 8-10 11. desember: Matematikk 8-10 Årsprøve (tentamen) vår: 29. april: Engelsk 10 2. mai: Norsk hovudmål 10 3. mai: Norsk sidemål 10 4. mai: Matematikk 10 8. juni: Engelsk 8-9 9. juni: Norsk hovudmål 8-9 10. juni: Norsk sidemål 8-9 14. juni: Matematikk 8-9 Eksamen 10. klasse: 18. mai: Opplysning om trekkfag skriftleg eksamen kl. 09.00 20. mai: Eksamen - matematikk 23. mai: Førebuing til eksamen - norsk 24. mai: Eksamen - norsk hovudmål 25. mai: Eksamen - norsk sidemål 26. mai: Førebuing til eksamen - engelsk 27. mai: Eksamen - engelsk Juni: Munnleg eksamen 8

Føreskrift om ordensreglement Forskrift om ordensreglement er heimla i opplæringslova 2-9, og fastsett av Utval for oppvekst og levekår i Sirdal kommune 06.05.2015. Forskrifta trer i kraft 01.08.2015 og erstattar tidlegare ordensreglement ved den einskilde skulen i Sirdal kommune. Forskrifta er eit viktig dokument i samband med oppfølging av opplæringslova 9a, om elevane sitt skulemiljø. INNHALD 1 Føremål 2 Verknadsområde 3 Elevane sine plikter. Arbeids- og læringsmiljø 4 Oppmøte og fråvær 5 Orden 6 Åtferd 7 Elevane sine rettar 8 Kontakt skule - heim 9 IKT-reglement 10 Konsekvensar for elevar som bryt reglane 11 Sakshandsaming ved bruk av refsingstiltak Heile ordensreglementet finn de som vedlegg på heimesida 12 Skulen sine tilleggsreglar, sjå neste side 9

Reglar og rutinar for ungdomsskuleelevane 1. Ordensreglane for skulen gjeld. 2. Timen startar når det ringar inn, og det vert ført opp om nokon kjem for seint inn frå friminuttet. Timen sluttar når det ringer, men læraren kan halda att elevane dersom det er naudsynt! 3. Alle bøkene bør liggja klar når neste time byrjar! 4. Bruk av PC: Lekser skal Eleven har berre lov å nytta Word/Excel når ikkje anna er gitt beskjed om Har lærar mistanke om misbruk og gjev beskjed, får eleven ei åtvaring (som vert markert på tavla) før maskinen må leverast inn på kateteret for resten av dagen Datamaskinen skal berre nyttast til skulerelaterte oppgåver om ikkje noko anna er avtalt med læraren (ikkje facebook, aviser, spel m.m.) Digital mobbing skal ikkje skje. Skriv eller publiser aldri noko som kan vera støytande for nokon andre! førast fint med overskrift, sidetal og oppgåvenummer takast ut og setjast inn i permen når arket er fullskrive svarast på med heile setningar eller spørsmål og svar 5. Bruk av I-pod er OK ved individuelt arbeid, men tek det for mykje tid og konsentrasjon, må eleven retta seg etter læraren sine tilvisingar/beskjedar. Ha alltid ute øyreproppane ved felles undervisning og beskjedar. 10

6. Blir mobiltelefon er lov i friminutta, men er han i bruk i timen, vert han tatt inn av lærar og levert attende neste dag. Skjer dette ein fredag, får eleven mobiltelefonen att førstkomande måndag Mal for "fin føring" ved (innleverings)arbeid i matematikk på Sinnes skule 1) Venstremarg (2-3 cm brei) 2) Oppgåvenummer 3) Ved innføring: Kladd oppgåvene først, og bruk penn på sjølve innføringa, bortsett frå det ein gjer med passar 5) Alle strekar/understrekingar skal lagast ved hjelp av linjal! 6) To strek under svara (med linjal!) 7) Nemning (kg, bananar osb.) og tekst i svaret ved tekstoppgåver 8) Luft mellom dei einskilde oppgåvene, både bortover og nedover, t.d. fire ruter 9) Rettingar: Oppgåva skal gjerast om att, ikkje berre endra tala i innføringa 10) Underskrift frå foreldre/føresette Mal for "fin føring" ved (innleverings)arbeid i norsk på Sinnes skule 1) Kladd oppgåva først og bruk penn på heile innføringa! 3) Bruk jamn venstremarg (tre (3) cm brei) og høgremarg 5) Alle overskrifter skal skrivast med store bokstavar (versalar) 6) Del inn i avsnitt:: - ved skriving for hand rykkjer ein inn tre (3) cm - ved bruk av PC hoppar ein over ei line 7) Læraren samlar på gode formulering til ei "skryteliste" 8) Rettingar: Elevane kan få i oppgåve å retta, både eigne og andre sine skrivefeil 11

Reglar for fråvær og permisjon Fråvær frå pliktig undervising Det er viktig for læringa til elevane at dei er på skulen, og stort fråvær kan få negativ effekt på kor mykje dei klarer å læra. Forsking viser òg at elevar med stort fråvær på ungdomssteget i langt større grad enn andre vel bort vidaregåande opplæring. Stort fråvær kan òg vera eit teikn på at born og unge treng hjelp. Eit fråvær på 10-15% blir rekna som høgt. Alt fråvær skal framleis registrerast i dagbøker på skulane. Dei føresette skal bruka meldebok for å grunngje fråværet. Ikkje-dokumentert fråvær vil bli rekna som ugyldig fråvær, altså skulk, og kan få noko å seia for eleven sin ordenskarakter i ungdomsskulen. De finn omtalt kven de skal søkja til ved planlagt fråvær i "Kommunale forskrifter for grunnskulen". Det vil bli utarbeidd rutinar i samband med fråvær og oppfølging av dette, og desse vil bli lagt ut på heimesida når dei er klare. Elevar på ungdomssteget kan etter søknad få ti (10) dagar i fråtrekk på registrert fråvær, etter reglar som er nærare gjort greie for i forskrift til Opplæringslova. Permisjon frå den pliktige opplæringa Opplæringslova 2-11 http://www.lovdata.no/all/tl-19980717-061-002.html#2-11 Føring av fråvær Forskrift til opplæringslova 3-41 http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#3-41 12

Skulebiblioteket Skulebiblioteket er ein del av folkebiblioteket, Sinnes filial, og kan nyttast saman med lærar i skuletida. Vigdis Vårdal er bibliotekar både på folke- og skulebiblioteket, og elevane kan få hjelp av henne til å finna gode bøker eller faglitteratur kvar måndag og torsdag i 1. - 3. time. Nokre klassar har fast bibliotektime når skulebibliotekaren er der. Opningstidene for Sinnes filial er måndag og torsdag kl. 17.00-20.00. Vigdis Vårdal 13

Rådgjevar Rådgjevar jobbar med å hjelpa elevar på ungdomsskulen med å skaffa seg informasjon om vidaregåande opplæring, høgare utdanning og ulike yrke faget utdanningsval å organisera hospitering i vidaregåande skule og arbeidsutprøving hos bedrifter å delta med informasjon om vidaregåande skule på foreldremøte i ungdomsskulen individuell karriererettleiing å rettleia elevar i 10.klasse gjennom søkjeprosessen (søknadsfrist 1. februar) å hjelpa elevar med spesielle behov til å søkja på særskilt grunnlag samarbeid med vidaregåande skular slik at dei får ein god skulestart å informera, motivera og setja i gang tiltak rundt elevar som ikkje heilt veit kva dei skal velja val av 2. framandspråk/språkleg fordjuping frå 8. klasse Rådgjevar samarbeider med spes.ped.team, sosiallærar, kontaktlærarar og PPT for at elevar med spesielle behov skal få nødvendige ressursar og best mogleg oppfølging i vidaregåande skule. (Kjelde: http://tonstad.skule.no/index.php? pageid=56&page=radgjevar) Erik Kolbeinsen 14

Sosiallærar Opplæringslova 22-1: "Den enkelte elev har rett til å få naudsynt rådgjeving, oppfølging og hjelp med å finna seg til rette under opplæringa, ved spesielle faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar som har noko å seie for opplæringa" Hovudoppgåva til sosiallærar er å hjelpa elevane til å finna seg til rette på skulen. Det er skuleplikt her i landet, og då må det vera ein rett å ha det bra. På skulen er den sosialpedagogiske tenesta, sosiallærar og rådgjevar, dei som hjelper med desse utfordringane. Sosiallærar har kontakt med det eksterne hjelpeapparatet, alternative skuletilbod, spesialskular, PP-tenesta og den kommunale helse- og sosialtenesta, medrekna medisinske og sosiale institusjonar. Sosiallærar kan kontaktast direkte på kontoret, på telefon eller på e-post. Dei som tek kontakt er eleven sjølv, elevar som er uroa for medelevar, føresette eller lærarar. Hilde Sinnes 15

Skulehelsetenesta Skulehelsetenesta skal jobba for: Å førebyggja sjukdom og fremja god fysisk og psykisk helse hos alle skuleborn Tilbodet består av: Helseundersøking og rådgjeving Førebyggjande psykososialt arbeid Opplysingsverksemd og rettleiing Oppsøkjande verksemd Samarbeid med skulen om elevane sine arbeids- og læringsmål Rettleiing om samliv, seksualitet og prevensjon 16

Pedagogisk psykologisk teneste PPT Kommunane Sirdal, Flekkefjord, Kvinesdal, Lyngdal og Farsund har etablert ei felles PPT-teneste (Pedagogisk Psykologisk Tjeneste) kalla Lister PPT. Samarbeidet er organisert etter "vertskommunemodellen" med Farsund kommune som vertskommune. Ordninga med fast kontordag i Sirdal ein gong i veka held fram, og Aslak Stene og Trond Kind deler på å vera i Sirdal på torsdagar, derav ein torsdag i månaden på Sinnes skule. I Opplæringslova heiter det at "Tjenesten skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa bedre til rette for elevar med særlige behov." PPT har eit nært samarbeid med m.a. skule og barnehage, og arbeider for at opplæringa skal leggjast til rette for den enkelte brukar. "Foreldre som har barn og unge som trenger særlig hjelp og støtte kan henvende seg til den pedagogisk psykologiske tjenesten (PPT) for å få hjelp. Det kan dreie seg om fagvansker, atferdsvansker, funksjonshemninger og forhold som har med trivsel å gjøre." Kjelde: http://www.farsund.kommune.no/ organisasjon/oppvekst-og-kultur/lister-ppt PPT sitt arbeid kan delast inn i fire delar: 1. Utgreiing/kartlegging gjennom samtale med føresette og skule, observasjonar og/eller testing. 2. Sakkunnig vurdering m.a. i samband med rett til spesialundervising, rett til spesialpedagogisk hjelp før skulealder, i samband med utsett eller framskoten skulestart, for inntak på særskilte vilkår i vidaregåande skule eller ved søknader om ulike hjelpemiddel og utstyr i pedagogiske samanhengar. 3. Oppfølging der PPT gjev råd og rettleiing til føresette og tilsette i barnehage/skule. 4. Systemarbeid, t.d. kompetanseheving i barnehage og skule i form av ulike kurs og prosjekt. Les gjerne meir her: http://www.farsund.kommune.no/organisasjon/oppvekst-og-kultur/listerppt/293-pedagogisk-psykologisk-tjeneste-ppt 17

Samarbeid Klassekontaktar: Klassekontaktane er sentrale foreldrerepresentantar i skulesamfunnet. Dei arbeider på klassenivå, der samarbeidet mellom heim-skule vert forma. Oppgåvene til klassekontaktane er å: - vera bindeledd mellom føresette og klassestyrar. Klassekontakt og klassestyrar har saman eit særskilt ansvar for å utvikla eit positivt klassemiljø - vera talerøyr for føresette i saker av generell karakter og ta opp desse med klassestyrar. Klassekontaktane skal ikkje involverast i spørsmål som gjeld enkeltsaker Klassekontaktar - med vararepresentant i parentes: 1. klasse: Gro Nilsen (Solveig Marie Ådneram) 2. klasse: Birgitta Tjørhom (Lise Kleiberg) 3. klasse: Kari Andersen (Bjørg Hilde Fidjeland) 5.-6. klasse: Tore Inge Tjørhom (Arne Tjørhom) 8. klasse: Siw Rysstad Omlid (Marie Kvalvik Ådneram) 9.-10. klasse: Geir Hovland (Rita Haugen) Rådsorgan: Samarbeidsutvalet Ved kvar skule skal det vera eit samarbeidsutval med følgjande samansetjing: To (2) representantar for lærarane Ein (1) representant for andre tilsette To (2) representantar for foreldrerådet To (2) representantar for elevane To (2) representantar for kommunen (Ein (1) politisk valt samt rektor) Samarbeidsutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vera til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir handsama. Leiar: Anders Tjørhom Nestleiar: Gro Nilsen Sekretær: Åse-Berit Fidjeland 18

Skulemiljøutvalet Ved kvar skule skal det vera eit skulemiljøutval. Her skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vera representerte. Elevane og føresette skal til saman ha fleirtal i utvalet. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jamfør opplæringslova kapittel 9a. Utvalet skal medverka til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for eit godt skulemiljø. Elevrepresentantane skal ikkje vera til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt vert handsama. Leiar: Anders Tjørhom Nestleiar: Gro Nilsen Sekretær: Åse-Berit Fidjeland Foreldrerådet Opplæringslova slår fast at det skal vera eit foreldreråd ved kvar skule. Alle føresette som har barn på skulen, er medlem av foreldrerådet. Foreldrerådet har som oppgåve å velja arbeidsutval (FAU). Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) Føresette har hovudansvaret for barna si utvikling, og føresette har rett og plikt til medverknad i skulen. FAU skal bidra til å sikra reell medverknad frå føresette. FAU har vidare eit medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal fremja fellesinteressene til føresette i skulen bidra til at føresette tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø arbeida for eit godt samarbeid mellom heim og skule. Leiar: Gro Nilsen Geir Hovland (vararepresentant) Nestleiar: Birgitta Tjørhom Siw Rysstad Omlid (vararepresentant) Sekretær: Kari Andersen Tore Inge Tjørhom (vararepresentant) Elevrådet Ved kvar skule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vera eit elevråd med representantar for elevane. Desse skal veljast seinast tre (3) veker etter at skuleåret har starta. Elevrådet skal fremja fellesinteressene til elevane på skulen og arbeida for å skapa eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal òg kunna uttala seg i og koma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Leiar: Nestleiar: Sekretær: Tøri Ådneram Erik Kvæven Mathias Hegre 19

Personale Åse-Berit Fidjeland (rektor) Telefon: 38379390 Mobil: 94521258 E-post: aase-berit@sirdal.kommune.no Trefftid: Onsdag, torsdag og fredag 08.00-08.45 Hilde Sinnes (undervisingsinspektør og faglærar) Telefon: 38379376 Mobil: 92022173 E-post: hilde.sinnes@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag 09.35-10.20 Anders Tjørhom (klassestyrar 1. klasse) Telefon: 38379068 Mobil: 90639997 E-post: Anders.Tjorhom@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag, torsdag, fredag 08.00-08.30 Sølvi Manneråk (klassestyrar 2. klasse) Telefon: 38379286 Mobil: 91127703 E-post: sm@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag 12.35-14.20 20

Lena Bøgwald (klassestyrar 3. klasse) Telefon: 38379067 Mobil: 41477160 E-post: Lena.Bogwald@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag, torsdag, fredag 08.00-08.30 Pamela Lancaster (SFO-leiar) Telefon: 38379381 Mobil: 41548938 E-post: pamela.lancaster@sirdal.kommune.no Grete Eiken (klassestyrar 5.-6. klasse) Telefon: 38379370 Mobil: 90786927 E-post: ge@sirdal.kommune.no Trefftid: Fredag kl. 11.50-13.20 Kristina Smedegård (faglærar) Telefon: 38379372 Mobil: 90692706 E-post: Kristina.Smedegard@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag 08.50-11.20 21

Anne Fosse Tjørhom (klassestyrar 8. klasse og spes.ped.-ansvarleg) Telefon: 38379373 Mobil: 98632333 E-post: anne.fosse@sirdal.kommune.no Trefftid: Tysdag 12.00-14.00 Gunn Iren Josdal (klassestyrar 9. - 10. klasse) Telefon: 38379371 Mobil: 99772251 E-post: gij@sirdal.kommune.no Trefftid: Tysdag 12.00-14.00 Wenche Lægraid Kvæven (faglærar) Telefon: 38379389 Mobil: 46952224 E-post: wlk@sirdal.kommune.no Trefftid: Tysdag: 12.30-14.30 Erik Kolbeinsen (faglærar og rådgjevar) Telefon: 38379375 Mobil: 97485818 E-post: erik.kolbeinsen@sirdal.kommune.no Trefftid: Tysdag 09.35-10.20 22

Terje Sinnes (faglærar) Telefon: 38379386 Mobil: 95148367 E-post: terje.sinnes@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag kl. 09.00-10.30 og onsdag 11.30-12.30 Inger Marie Frøvik Sinnes (merkantil tilsett) Telefon: 38379377 Mobil: 97636595 E-post: inger.sinnes@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag, onsdag og torsdag Vigdis Vårdal (skulebibliotekar) Telefon: 38379388 Mobil: 91606176 E-post: vigdis.vardal@sirdal.kommune.no Trefftid: Måndag og torsdag 09.00-11.20 Magne Tjørhom (vaktmeister) Telefon: 38379380 Mobil: 91757648 E-post: magne.tjorhom@sirdal.kommune.no 23

Dette finn du på heimesida Sirdalsskulen - mål og strategiar 2013-2017 Plan for kvalitetsutvikling 2015-2016 Plan for godt skulemiljø Informasjon om 9a - eleven sitt fysiske og psykososiale miljø Årsplanar og fagplanar Plan for overgang barnehage - skule Valfag for elevar på ungdomstrinnet Reglar for eksamen Føring av fråvær på vitnemålet Ungdomstrinn i utvikling Foreldreutvalet for grunnopplæringa Skulemjølk Skuleskyss Skyss skuletannlækjar Branninstruks Ulike typar undersøkingar Elevundersøkinga Trivselundersøkinga Foreldreundersøkinga Sentrale omgrep Læringsmål Tilpassa opplæring Spesialundervisning Saksgong i ulike saker Elevmiljø/mobbing Ulike konfliktssituasjonar Manglande læringsutbytte Prosedyrar for kartlegging/oppmelding til PPT Fysisk miljø Kommunale føresegner for grunnskulen 24