PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF



Like dokumenter
Tid: Styret for Helse Vest RHF , 16:00 17:00 Møtestad: Helse Vest RHF, Nådlandskroken 11, Stavanger

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Medlem Medlem Medlem Medlem Varamedlem

PROTOKOLL FRA STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Hans Stenby og Terje Arne Krokvik Utbygging av Solli sjukehus/fana DPS. Styresak 102/05 B Styremøte

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTET I HELSE BERGEN HF

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Styresak. Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Kenneth Eikeset Oppfølging av Plan for psykisk helsevern

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

PROTOKOLL FRA STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 2017/ /2017 Hanne Løvereide Årstad

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Finansiering av søknaden

Akuttpsykiatriske situasjonar

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Styresak. Hans Stenby og Terje Arne Krokvik Skisseprosjekt nytt bygg for barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling Helse Stavanger

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Saksnr Utval Møtedato

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger. Tilråding til Helse Vest RHF frå styringsgruppa

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF. Haugesund sjukehus MØTETIDSPUNKT: kl Styremøte var ope for publikum og presse

Styresak. Tore Dvergsdal Prehospitale tenester i Helse Førde - arbeid med samla plan. Arkivsak 2013/2681/ Styresak 034/2013 A Styremøte

Transkript:

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF Tid: Måndag 28. februar 2005, kl 1100 kl 1400 Stad: Scandic Bergen Airport Hotell, Bergen Styremøtet var ope for publikum og presse Saker: Sak 16/05 B Godkjenning av innkalling/dagsorden Sak 17/05 B Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF 02.02.2005 Sak 18/05 B Årleg melding Sak 19/05 B Om endringar i tenestetilbodet i Helse Førde Sak 20/05 B Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 2008 DPS-strukturen i Helse Stavanger HF Sak 21/05 B Eventuelt Deltakarar frå styret: Forfall frå styret: Frå administrasjonen: Mai Vik, styreleiar Jon Lekven Anni Felde Per Hanasand Aslaug Husa Ingunn Finne Arne Norheim Gerd Kjellaug Berge Øyvind Watne Administrerande direktør Herlof Nilssen Fagdirektør og viseadm. direktør Helge E. Bryne Informasjonsdirektør Bjørg Sandal Økonomi og finansdirektør Per Karlsen Rådgivar Torunn Nilsen (ref) Side 1 av 7

Sak 16/05 B Godkjenning av innkalling/dagsorden Det var ingen merknader til innkalling og dagsorden. Sak 17/05 B Godkjenning av protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF 02.02.2005 Styret godkjende og underteikna protokollen frå styremøtet 2. februar 2005. Sak 18/05 B Årleg melding Kommentar: I 34 i helseføretakslova og i 15 i vedtektene for Helse Vest RHF blir det slått fast at Helse Vest skal utarbeide ei årleg melding til Helseog omsorgsdepartementet som inneheld styret sitt plandokument for verksemda og styret sin rapport for året som var. Fristen for årleg melding er 15. februar. Helse Vest har fått forlenga fristen til 28. februar 2005. Uttale frå det regionale brukarutvalet vart lagt fram i møtet. Styret peikte på at uttalen frå brukarutvalet viser viktige områder som må ha høg prioritet vidare. Årsmelding frå brukarutvalet blir lagt fram som eiga sak på styremøtet i mars. Styret vedtok årleg melding for 2004 dagsett 28. februar 2005 Meldinga blir oversendt til Helse- og omsorgsdepartementet. Side 2 av 7

Sak 19/05 B Om endringar i tenestetilbodet i Helse Førde Kommentar: I sak 56/2004 i Helse Førde HF gjorde styret blant anna følgjande vedtak (jf pkt 2 i vedtaket): Helse Førde skal med verknad frå 1.1.05 iverksette endra tenesteorganisering slik: a. Samling av kirurgisk aktivitet i Førde/Florø, med unntak av urologisk aktivitet som vert vidareført i Lærdal b. Samling av ortopedisk aktivitet i Førde og Nordfjordeid. Endringane må sjåast som ledd i ei samla omstilling og utvikling av tenestene i Helse Førde HF med sikte på å få ei meir hensiktsmessig fordeling av funksjonar og ei betre utnytting av ressursane. Med utgangspunkt i brevet frå departementet og vedtaket er det gjort ein brei gjennomgang av endringane i tenestetilbodet i Helse Førde. Omtalen av lokalsjukehusa i St.prp.nr.1 (2004 2005), kapittel 7.5. Lokalsykehusenes rolle, er mellom anna lagt til grunn for gjennomgangen. Det er halde møte med leiarar innanfor den indremedisinske-, generell kirurgiske- og ortopediske verksemda i Helse Førde. Framstillinga her byggjer i stor grad på desse samtalane. Gjennomgangen er bygd opp kring følgjande punkter: dagens helsetenester tryggleik for at nødvendige helsetenester blir gitt forsvarleg teneste og god kvalitet desentralisering av spesialisthelsetenester og samarbeid med primærhelsetenesta ressursutnytting og økonomi utvikling av lokalsjukehusa i ein heilskapleg strategi for Helse Førde HF akuttberedskap på sjukehusa prehospitale tenester samhandling og kommunikasjon Forholdet til helseføretakslova si 30 Styret meinar at krava til forsvarleg helseteneste er godt ivareteke ved dei endringane som er gjort i Helse Førde HF knytt til styresak 56/04 i Helse Førde HF. Styret meinar at endringane ikkje kan seiast å vera så vesentlige at dei kjem inn under helseføretakslova si 30. Side 3 av 7

Sak 20/05 B Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 2008 DPS-strukturen i Helse Stavanger HF Kommentar: Styret for Helse Vest RHF behandla eit forslag til regional opptrappingsplan for psykisk helse i møte 26.03.04, jf. sak 29/04. Styret gjorde følgjande vedtak: Forslag til regional opptrappingsplan for psykisk helse blir lagt til grunn for utvikling av det psykiske helsevernet i Helseregion Vest. Før måtte departementet behandle og godkjenne dei fylkeskommunale opptrappingsplanane. Det er ikkje lenger eit krav. Men departementet har bedt om å bli orientert dersom det blir gjort vesentlege endringar i forhold til dei tidlegare godkjende planane. På denne bakgrunnen sende Helse Vest RHF eit brev til Helsedepartementet (jf. brev av 14.06.04), der det er gjort nærare greie for endringane særleg for endringane i Helse Stavanger HF. Departementet gav tilbakemelding i brev av 13.12.04 til Helse Vest RHF. Departementet vurderer den planlagde utbygginga i Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF og utbygginga av det psykiske helsevernet for barn og unge i regionen til å vere i tråd med føresetnadene i den nasjonale opptrappingsplanen for psykisk helse. Departementet har likevel innvendingar mot løysinga for vaksenpsykiatrien i Helse Stavanger. Det gjeld særleg DPS-strukturen, det vil seie utbygginga av dei distriktspsykiatriske tenestene. Helse Vest RHF må gi ei ny vurdering av forholda ein har peikt på i samband med DPS-strukturen i Sør-Rogaland, innan 01.03.05. Helse Vest må òg vurdere andre løysingar for korleis tilbodet til dømde i Helse Stavanger HF skal organiserast, i tråd med tilrådingar frå Sosialog helsedirektoratet. Helse Vest gav på denne bakgrunnen Helse Stavanger i oppdrag å komme med forslag til ny DPS-struktur basert på føringane i brevet frå departementet. Det er lagt fram eit nytt forslag til DPS-struktur i Helse Stavanger. Forslaget blir vurdert å vere i samsvar med føringane i departementets brev. Side 4 av 7

Det medfører at det blir oppretta eit DPS til i Sør-Rogaland slik at bydelane i Stavanger kommune blir delte på to DPS, Hafrsfjord DPS og Stavanger DPS. Dei største endringane er vidare at det ikkje inngår tidlegare sjukehusposter i DPS. Ved å føre tilbake sjukehuspostane blir det ein meir balansert fordeling av plassar mellom sjukehusnivå og DPS-nivå. Det gir grunnlag for fordeling av oppgåver som er meir i samsvar med føringane i opptrappingsplanen. Sjukehustilbodet blir spesialisert og dei distriktspsykiatriske sentra tek ansvar for dei allmennpsykiatriske oppgåvene. Det er vist korleis sjukehuset kan organiserast i spesialiserte poster. DPS-organiseringa kan setjast i verk frå 2005 men det er naudsynt med nokre endringar i opptaksområda slik at endeleg struktur ikkje vil vere på plass før i 2006. Endringane er nærare omtala i tråd med bestillinga. Dei enkelte DPS vert organiserte som fagleg sjølvstendige einingar i tråd med føringane i opptrappingsplanen. Forslaget reiser to særlege utfordringar. Løysninga for Stavanger DPS gir ikkje ein samla og integrert DPS-løysing. Funksjonane ligg på fleire stader med hovudpoliklinikken på sjukehusområdet. Det blir vurdert å leige lokale for poliklinikken utafor sjukehusområdet, om mogleg i nærleik til dag- og døgntilbodet på Lassahagen. Ein tilfredsstillande løysing for Stavanger DPS krev ein utbygging i Stavanger. I tråd med dei signal som er kome frå departementet bør det søkjast om tilskott over opptrappingsplanen til finansiering av eit nytt DPS-bygg i Stavanger med 30 døgnplassar, poliklinikk og dagtilbod. Døgntilbodet vil då kunne dekkjast i nytt bygg og Lassahagen. Plasstalet ved Lassahagen blir med dette redusert til ca 20 plassar. Den andre utfordringa er knytt til personell og kompetanse. Dersom DPS skal fungere som aktive behandlings- og rehabiliteringssentra etter intensjonen må dei tilførast personell og kompetanse. Det må leggjast til rette for meir poliklinisk aktivitet og ambulerande team ved alle DPS og bemanningsfaktoren på døgnpostane må aukast. Dette må være ei prioritert oppgåve. Når det gjeld personar som blir dømde til behandling i psykisk helsevern skal disse få tilbod i dei spesialiserte postane på vanleg måte ut frå dei rammene som gjeld for denne gruppa. Det skal ikkje etablerast eigne einingar for dei som blir dømde til behandling. Side 5 av 7

Forslag til ny DPS-struktur i Helse Stavanger vart godkjend med følgjande merknader: 1. Dei distriktspsykiatriske sentra må utviklast til aktive behandlings- og rehabiliteringssentra i nært samarbeid med kommunale tenester. Det må særleg leggjast vekt på å utvikle det polikliniske og ambulante tilbodet. 2. Helse Vest RHF søker Helse- og omsorgsdepartementet om tilskott over opptrappingsplanen til bygging av nytt DPS-bygg i Stavanger med 30 døgnplassar, poliklinikk og dagtilbod. 3. Sjukehustilbodet skal spesialiserast. Helse Stavanger HF tar stilling til endeleg inndeling i spesialiserte poster innan 01.09.05. 4. Omlegginga må skje innan påreknelege ressursrammer dvs den ressursramma som Helse Stavanger disponerar til psykisk helsevern, nye ressursar i opptrappingsplanen og som følgje av omprioritering i eiga ramme. Saka blir sendt til Helse- og omsorgsdepartementet. Sak 21/05 B Eventuelt Ingen saker vart handsama under eventuelt. Side 6 av 7

Ref. Torunn Nilsen Stavanger, 28. februar 2005 Mai Vik Arne Norheim Anni Felde Styreleiar Nestleiar Per Hanasand Jon Lekven Gerd Kjellaug Berge Øyvind Watne Ingunn Finne Aslaug Husa Side 7 av 7