FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

Like dokumenter
FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Finansiering av søknaden

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

10/60-14/N-211//AMS

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Aurland kommune Rådmannen

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Vedtak om avslag - Ny videregående skole etter privatskoleloven - Hordaland Privatgymnas AS (org.nr )

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

BRUK AV OFFENTLEGE TILSKOT OG FORELDREBETALING

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Saksbehandling kva er no det?

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Fra Forskrift til Opplæringslova:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Namning av vegar i Fræna Kommune

DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Høring - finansiering av private barnehager

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Om avskriving av tap på krav: Sjå økonomihandboka pkt og

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Bremanger kommune kontroll av revidert budsjett og økonomiplan

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Høyringsfråsegn om finansiering av private barnehagar frå

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

Dykkar ref.: k D 30 JAN Saksnr. Doknr. Arkwkode L1S13'

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Statnett SF Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet, Suldal kommune Utlegging til offentleg ettersyn

Den nye seksjon for applikasjonar

8. september ProsjektplanK= Engagement letter. Hordaland fylkeskommune Selskapskontroll Beredt AS = =

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Transkript:

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga Espira Ree barnehage Postboks 353 4291 KOPERVIK Vår ref.: 2010/6453 Dykkar ref.: Arkivnr.: 611 Vår dato: 16.06.2011 Vedtak i klagesak om avkorting av kommunalt driftstilskott til Espira Ree barnehage for 2010 Vi viser til klage frå Espira Ree barnehage om tildeling av kommunalt tilskott. Klagen vart oversend til Fylkesmannen frå Time kommune 15.6.2010. Vi er lei for den lange saksbehandlingstida. Ree barnehage er ein ordinær barnehage eigd av Espira Ree AS. Ifølgje årsmeldinga per 15.12.2009 hadde barnehagen 97 barn og ei opningstid på 10,5 timer per dag heile året. Barnehagen hadde 23 tilsette med i alt 21,57 årsverk; av desse 9 årsverk pedagogisk leiar. 5 av desse har dispensasjon frå utdanningskravet. Det totale tilskottet i 2009 var 9,9 mill kr; av dette 7,7 mill kr i statlege og 2,2 mill kr i kommunale driftstilskott. Barnehagen hadde eit innrapportert overskot på kr 150.023, etter at det var tatt ut eit konsernbidrag etter skatt på kr 252.000. Det var ikkje utbetalt utbytte. Bakgrunn for saka Kommunen fatta vedtak om kommunalt driftstilskott til Espira Ree i brev av 30.4.2010. Barnehagen var her tildelt eit tilskott på kr 1.315.319 etter ei avkorting på kr 1.203.177. Barnehagen klaga på vedtaket i brev av 25.5.2010. Det er særleg avkortinga av tilskottet barnehagen klagar på. Kommunen tok klagen opp til behandling, og oppdaga at dei hadde rekna feil kostnader per opphaldstime i kommunale barnehagar, slik at dei hadde gitt for lite tilskott. Kommunen fatta nytt vedtak om tilskott i brev av 8.6.2010, og barnehagen fekk no eit tilskott på kr 2.117.680 etter ei avkorting på 400.815. Tilskottet var avkorta ned til minimumskravet på 85 % av det tilsvarande kommunale barnehagar fekk i offentlege tilskott (88 % frå 1.8.2010). Barnehagen klaga på det første vedtaket. Sjølv om vedtaket no er endra og tilskottet høgare, sender kommunen klagen til Fylkesmannen fordi den først og fremst gjeld avkorting av tilskottet. Rettsleg grunnlag Barnehagelova 14 slår fast at godkjende barnehagar skal behandlast likeverdig i forhold til offentlege tilskott. 3 i Forskrift om likeverdig behandling av barnehagar i forhold til offentleg tilskott definerer kommunen sitt ansvar. Blant anna krev tredje ledd at kommunane gir tilskott slik at det samla offentlege tilskottet vert minst 85 prosent (88 prosent frå 1.8.2010) av det tilsvarande barnehagar eigde av kommunen i gjennomsnitt mottar i tilskott. Femte ledd i regelen definerer maksimumsgrensa for kommunen si plikt. Desse reglane inneber at kommunen må rekne ut kostnadene i og finansieringa av dei kommunale barnehagane. Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 51568700 e-post: postmottak@fmro.no Telefon: 51568700 Postboks 59 Lagårdsv. 44 Telefaks: Heimeside: Telefaks: 4001 Stavanger Stavanger 51568811 www.fylkesmannen.no/rogaland 51568811

Side 2 av 11 Rundskriv F-07/2010 frå Kunnskapsdepartementet definerer nærare korleis dette skal reknast ut og dokumenterast. Kommunen kan redusere tilskottet dersom barnehagen har vesentleg lågare bemanning eller lønnskostnader enn det som er vanleg i tilsvarande kommunale barnehagar, og eigar av barnehagen budsjetterer med urimeleg utbytte eller godtgjersle for eigen eller nære pårørande til eigar sin arbeidsinnsats i barnehagen. Eigar av ein ikkje-kommunal barnehage kan etter 6 i forskrifta klage på vedtak om kommunalt driftstilskott til Fylkesmannen. Klagen skal først rettast til kommunen, som skal vurdere saka på nytt. Dersom kommunen ikkje gjer om vedtaket sitt, skal saka sendast til Fylkesmannen. Fylkesmannen skal vurdere om Time kommune har rekna ut kostnadene i og finansieringa av dei kommunale barnehagane i samsvar med lov, forskrift og rundskriv. Vi skal også vurdere om utrekninga av og avkortinga i tilskottet til dei ikkje-kommunale barnehagane er gjort i tråd med dei same reglane. Forvaltningslova sine reglar gjeld i klagebehandlinga, og Fylkesmannen kan anten stadfeste vedtaket, oppheve og treffe nytt vedtak eller sende saka attende til kommunen for ny behandling. Etter forvaltningslova sine reglar i 34 kan Fylkesmannen prøve alle sider av saka, og ta omsyn til nye omstende. Vedtaket kan ikkje endrast til skade for klagaren, viss ikkje omsynet til andre privatpersonar eller offentlege interesser gjer det naudsynt. Melding om slik endring må være sendt klagaren seinast 3 månader etter at kommunen mottok klagen. Innhald i klagen Klagar peikar på fleire forhold i kommunen sitt vedtak om kommunalt driftstilskott for 2010. Klagar meiner at kommunen i reknegrunnlaget sitt har nytta lågare utgifter og høgare foreldrebetaling enn det som kjem fram i SSB/KOSTRA. Dette har kommunen svart greitt på i brev av 15.6.2010. Når det gjeld urimeleg utbytte, held klagar fram at forskrifta peikar på uttak av midlar frå barnehagen, ikkje overskottet i barnehagen. Dei viser vidare til at det i aksjeselskap ikkje er råd å ta ut midlar frå verksemda på annan måte enn gjennom utbytte. Klagar opplyser at det er utbetalt konsernbidrag, men ikkje utbytte for året 2009. Barnehagen er ein del av eit konsern, og verken barnehagen eller konsernet har etter det klagar opplyser, tatt ut utbytte i det året som låg til grunn for tilskottsutrekninga. Kommunen held på si tolking og peikar på at forskrifta nyttar omgrepet overskott / utbytte og ikkje avgrensar dette til eigar sitt uttak gjennom utbytte. Klagar meiner at dei med utgangspunkt i relevant talmateriale verken har vesentleg lågare bemanning eller lønnskostnader enn det som er vanleg i tilsvarande kommunale barnehagar. Dei konkretiserer dette ved å vise til at barnehagen hadde 16 % færre korrigerte opphaldstimar enn gjennomsnitt i dei kommunale barnehagane. Klagar meiner vidare at deira personalkostnader er 8 % lågare enn tilsvarande tal frå kommunen. I vedtaket om kommunalt tilskott viste kommunen til at barnehagen i 2009 hadde om lag 23 % færre årsverk per 10.000 opphaldstimar enn i dei kommunale barnehagane. Dette heng mellom anna saman med at barnehagen hadde lengre opphaldstid. Kommunen såg også på lønnskostnader per opphaldstime. Ree barnehage låg her 24 % lågare enn dei kommunale

Side 3 av 11 barnehagane. I sitt svar på klagen viser kommunen til at det er opphaldstimar, ikkje personalkostnader, som er grunnlaget for avkortinga. Når det gjeld for høg husleige, viser klagar til at det konsernet som eig barnehagen (Espira Gruppen), ikkje har noko eigarinteresse i utleigar (Service Property AS) eller deira morselskap. Espira Gruppen har etter klagar si meining ein heilt annan eigarstruktur enn eigarselskapet til utleigar, og derfor kan det ikkje liggje føre noko form for skjult utbytte til eigar. Kommunen har i svar på klagen gjennomgått eigarforholda til barnehagen og utleigar, og meiner at det på denne bakgrunn er klar samanheng mellom utleigeeigar og barnehageeigar. Kommunen har også i svaret gjort greie for grunnlaget for utmålinga av det kommunale driftstilskottet, og har vist til rekneark for nærmare dokumentasjon. Vi viser elles til heile klagen. Fylkesmannen si vurdering Avkorting av tilskott har så langt Fylkesmannen kjenner til, hittil ikkje vore grunnlag for klage frå ein barnehage i Rogaland. Fylkesmannen vil derfor gå gjennom reglane på området meir detaljert. Rettleiaren frå departementet gir nærmare retningsliner for kommunen sitt skjønn, jf. forskrifta 4. Saka er prinsipiell og har vore drøfta med departementet. Det er i praksis to forhold som må vere til stades samstundes for at kommunen skal kunne avkorte i det kommunale driftstilskottet: 1. Personalkostnader eller opphaldstimar skil seg meir enn om lag 20% frå nivået i kommunen sine barnehagar. 2. Barnehagen sin eigar tar ut eit utbytte på meir enn om lag 10 % av eigenkapitalen i barnehagen, eller eigar tar ut urimeleg godtgjersle. Det blir også rekna som godtgjersle når eigar fakturerer barnehagen for urimeleg høge kostnader. Slike urimeleg høge kostnader fakturerte frå eigar kan mellom anna vere: a. Urimeleg høg godtgjersle for arbeidsinnsats til eigar eller nærståande (nære pårørande) til eigar b. Urimeleg høg husleige fakturert frå eigar c. Konsernavgift til morselskap i konsern som er urimeleg høg, eller som inneheld avkasting av kapitalinnsats i barnehagen d. Avskrivingar som er større enn 2,5 % av verdiane av lokala, eller som er fordelte over kortare tid enn 40 år e. Høge kostnader på verktøy, inventar og reparasjon og vedlikehald Kommunen må også ta omsyn til dei forholda som går fram av departementet sine merknader: Kommunen må i sitt grunnlag nytte rekneskapsført eigenkapital i barnehagen per 31.12. i det året som vert lagt til grunn for tilskottsutrekninga Barnehagen må kunne ta ut eit rimeleg overskott tilsvarande ei rimeleg løn for eigar sin arbeidsinnsats uavhengig av eigenkapitalen Eigar av barnehagen må kunne ta ut ei rimeleg avkasting av den kapitalen han har skote inn. Det er rimeleg at avkastinga ligg høgare enn den renta barnehagen måtte betalt dersom eigenkapitalen vart bytt ut med lån.

Side 4 av 11 Personalkostnader / opphaldstimar Kommunen har ikkje nytta låge personalkostnader som grunngjeving ved avkortinga. Når det gjeld opphaldstimar, meiner klagar at dei hadde 16 % færre korrigerte opphaldstimar enn i dei kommunale barnehagane. Kommunen meiner at barnehagen i 2009 hadde 23 % færre årsverk per 10.000 opphaldstimar enn dei kommunale barnehagane. I forskrifta vert opphaldstimar nytta som nøkkeltal, det same gjer klagar. Fylkesmannen vil nytte omgrepet opphaldstimar i si vurdering, som i forskrifta. Partane er her heilt ueinige, og Fylkesmannen har derfor gått inn i tala i detalj. Så langt Fylkesmannen kan sjå, er ulike utgangspunkt bakgrunn for at barnehagen og kommunen ikkje er einige. Tala under er henta frå vedlegg 2 og 4 i kommunen si oversending av klagen til Fylkesmannen i brev av 15.6.2010. Vedlegg 2: Utrekning av tilskott til Ree barnehage - ny Opphaldstimar Årsverk Opph.timer Avvik opph.timer Ree barnehage 324.168 21,27 15.241 15,9 % Kommunen sine barnehagar 1.105.432 84,04 13.154 Talgrunnlaget i vedlegg 2 er dei tala barnehagen nyttar og er henta direkte frå reknearket som kommunen nytta ved utrekning av tilskottet for 2010. Reknearket inneheld mellom anna dei opplysningane barnehagen har oppgitt til kommunen i årsmelding og årsrekneskapsskjema. Vedlegg 4: Vurdering av avkorting Opphaldstimar Årsverk Opph.timer Avvik opph.timer Ree barnehage 334.656 21 15.936 29,4 % Kommunen sine barnehagar 1.099.920 89,3 12.317 Vedlegg 4 inneheld dei tala kommunen nyttar og den vurderinga kommunen gjer ved si avgjerd om avkorting. Kommunen tar utgangspunkt i barnehagen si årsmelding og årsrekneskap for 2008. Kommunen skal til vanleg nytte tal frå årsmelding for 2009. Ved vurdering av avkortinga tar kommunen inn to moment i tillegg til det som går fram av grunnlaget for utrekning av tilskottet: Barnehagen har tatt inn fleire barn i 2009, dvs etter 15.12.2008 Barnehagen har lengre opphaldstid enn andre barnehagar; 10,5 timar mot maksimalt 9 timar per dag i kommunale barnehagar Det første momentet skulle blitt fanga opp viss kommunen hadde nytta tal frå årsmeldinga per 15.12.2009. Det andre momentet fører til at barn som går i barnehage 4 dagar per veke, vert rekna å ha 42 opphaldstimar per veke (37 timar i staten sitt rekneark) og barn som går i barnehagen 5 dagar per veke, får 49 opphaldstimar (45 timar i staten sitt rekneark). Kommunen sine tal for utrekna opphaldstid gir mao grunnlag for avkorting; barnehagen sine tal slik dei kjem fram i barnehagen si årsmelding gir ikkje grunnlag for avkorting. I rundskrivet frå Kunnskapsdepartementet går det fram at korrigerte opphaldstimar etter ei endring i reglane frå 2005, ikkje vert nytta til anna enn vurdering av vilkåra for avkorting (jf rundskriv pkt 2.2.5). Rundskrivet peikar på korrigerte opphaldstimar slik dei kjem fram i reknearket, dvs med utgangspunkt i barnehagen sin årsmelding.

Side 5 av 11 På den andre sida skal kommunen gjere ei konkret vurdering etter eige skjønn, og det er rimeleg å leggje vekt på dei faktiske forholda i denne vurderinga. Det er eit faktum at barnehagen i dette tilfellet har lengre opphaldstid enn dei kommunale barnehagane. Kommunen kan derfor etter Fylkesmannen sin vurdering, leggje til grunn at barnehagen har lengre faktisk opphaldstid i si vurdering av om bemanninga er uforsvarleg låg. Som det går fram over, ligg opphaldstid etter kommunen si vurdering om lag 29 % høgare enn i dei kommunale barnehagane. Fylkesmannen legg etter dette til grunn følgjande talgrunnlag for si vurdering: Fylkesmannen sin vurdering av avkorting Opphaldstimar Årsverk Opph.timer Avvik opph.timer Ree barnehage 334.656 21,57 15.515 25,9 % Kommunen 1.099.920 89,29 12.319 Talet på opphaldstimar i barnehagen er i tråd med kommunen si omrekning ut frå at barnehagen har lengre faktisk opphaldstid enn i dei kommunale barnehagane. Talet er henta frå kommunen sitt vedtak av 30.4.2010. Opphaldstimar i dei kommunale barnehagane er korrigerte opphaldstimar ut frå oversikt i kommunen sitt rekneark. Årsverka i barnehagen er henta frå årsmeldinga per 15.12.2009, medan årsverka i dei kommunale barnehagane er henta frå kommunen sitt rekneark. Avviket mellom kommunen og Fylkesmannen si utrekning skuldast at kommunen har nytta 21 årsverk i barnehagen, medan Fylkesmannen har nytta årsverk oppgitt i årsmeldinga. Fylkesmannen har etter dette komen til at barnehagen har om lag 26 % lågare bemanning enn i dei kommunale barnehagane. Både kommunen og Fylkesmannen si utrekning viser at avviket er vesentleg større enn det departementet har sett som rettleiande grense for vesentleg avvik (20 %), og det er derfor grunnlag for å vurdere avkorting basert på dette kriteriet. Urimeleg utbytte / overskott Forskrifta bruker omgrepet utbytte eller godtgjersle, medan omgrepet utbytte / overskott er nytta i kommentarane og rettleiaren. Vidare står det i forskrifta at eigar budsjetterer med utbytte eller godtgjersle. Dette kan være uklart. Til grunn for si vurdering vil Fylkesmannen leggje særleg vekt på følgjande formulering i rettleiaren: Ved vurdering av nivået på utbyttet / overskuddet som barnehageeier tar ut av driften, skal dette sees i forhold til den egenkapitalen som eieren har bundet opp i barnehagen. Omgrepet tar ut av driften er utheva av Fylkesmannen. Fylkesmannen vil vidare leggje vekt på at departementet har endra formuleringa i dei nye reglane som gjeld frå 1.1.2011, utan å endre innhaldet i reglane. I forskrifta gjeldande frå 2011 er kravet at barnehagen har avsett urimeleg høgt utbytte eller tatt ut urimeleg høg godtgjersle. Fylkesmannen ser dette som ei presisering av gjeldande rett. Ree barnehage er eit aksjeselskap. I slike verksemder kan eigar berre ta ut utbytte frå verksemda gjennom det utbyttet som er fastsett av styret i årsrekneskapen. Utbytte skal takast frå overskottet og skal fastsetjast i samband med godkjenning av årsrekneskapen seinast 30.6. året etter rekneskapsåret. Fastsett utbytte skal utbetalast etter at rekneskapen er godkjend. I eit brev til revisjonsselskapet Pricewaterhouse Coopers Tromsø den 15.5.2009 har Kunnskapsdepartementet uttalt at konsernbidrag skal stillast likt med utbytte, sjå vedlegg.

Side 6 av 11 Konsernbidrag er ei legitim ordning for samordning av overskott innan eit konsern, men inneber her uttak av utbytte i den enkelte barnehagen i eigarkonsernet. Kommunen skal i samband med vurdering av avkorting, be om å få opplyst barnehagen sin eigarkapital for det året som er lagt til grunn for tilskottsutrekninga. I dette tilfellet er det 2009 som er lagt til grunn for utrekninga, og det er derfor eigarkapitalen per 31.12.2009 som kommunen skal få opplyst. Det er også utbyttet fastsett i årsrekneskapen for 2009 eller konsernbidraget for same året, som skal leggjast til grunn for kommunen si vurdering av avkorting. Dette inneber i praksis at kommunen ikkje kan gjere endeleg vedtak om avkorting i 2010 før årsrekneskapen for 2009 er fastsett, seinast 30.6.2010. Kommunen har lagt til grunn årsrekneskap og overskott frå årsrekneskapen 2008. Uttak av urimeleg utbytte gjeld berre eigar av barnehagen. Klagar har opplyst at barnehagen inngår i eit konsern, og eventuelt urimeleg utbytte kan berre vere aktuelt viss styret i barnehagen gjer vedtak om utbytte i samband med fastsetjing av barnehagen sitt årsrekneskap. Klagar har opplyst at det ikkje er tatt ut utbytte i 2009. Fylkesmannen har bede om å få oversendt årsrekneskapen for Espira Ree barnehage for 2009. Der går det fram at det ikkje er tatt ut utbytte, men rekneskapen er belasta med eit konsernbidrag på kr 350.000 før skatt (kr 252.000 etter skatt). Konsernbidrag er stilt likt med utbytte, jf. brev frå Kunnskapsdepartementet. Eigenkapitalen per 31.12.2009 er kr 643.307. Den rettleiande grensa for rimeleg utbytte er 10 % av eigenkapitalen. Fylkesmannen konkluderer etter dette med at konsernbidraget i 2009 er å rekne som eit urimeleg uttak av utbytte frå barnehagen. Uttak av konsernbidrag gir derfor grunnlag for avkorting. Når det gjeld urimeleg godtgjersle, kan dette vere aktuelt etter reglane både for eigar og nærståande (nære pårørande) sin arbeidsinnsats i barnehagen, og for kostnader som eigar har fakturert til barnehagen. I rettleiaren er dette knytt til om barnehagen fører opp urimeleg høge kostnader i rekneskapen. Reglane kjem til bruk viss dei som yter tenester til barnehagen, har felles eigar med barnehagen eller gjer ein arbeidsinnsats i barnehagen og kan reknast som nærståande til eigar. Etter reglane er det berre når det gjeld arbeidsinnsats i barnehagen at nærståande til eigar skal reknast med. Dette gjeld derfor ikkje ved fakturering av andre varer og tenester som til dømes husleige, med mindre overføringa må sjåast som ei proforma løysing og overføringa reelt kjem eigar til gode. Urimeleg godtgjersle kan berre leggjast vekt på viss det er eigar og nærståande til eigar i barnehagen som får denne godtgjersla. Det må derfor vurderast om det er felles eigarskap mellom dei som yter tenester til barnehagen og barnehagen. Eit spørsmål er om omgrepet eigar er avgrensa til den formelle eigar, eller om vi kan legge vekt på dei reelle forholda som ligg bak. Med faktiske forhold meiner vi til dømes der ein eigar reelt sett eig både barnehagen og dei firma som yter tenester til barnehagen. Reglane om avkorting seier ingen ting om dette. Ree barnehage er eit aksjeselskap. Som utbytte reknast i aksjelova kvar overføring som kjem eigar direkte eller indirekte til gode jf aksjelova 3-6. Omgrepet einkvar overføring ligg nær opp til omgrepet tar ut av driften i avkortingsreglane. At aksjelova også tar med overføringar som kjem eigar indirekte til gode, kan innebere at nære knytingar mellom barnehageeigar og eigar til dei firma som leverer tenester til barnehagen kan slå inn i forhold til urimeleg høg husleige eller godtgjersle. Dette må avgjerast etter ei konkret vurdering i saka.

Side 7 av 11 Kommunen har gått gjennom eigarforholda til dei to konserna for hhv barnehageeigar og utleigar av barnehagelokala. Einar Magne Jahnsen er styreleiar i Service Property AS som er utleigar av barnehagelokala til Espira Ree, tidligare Ree drift AS. Han er også 75 % eigar i utleigar sitt morselskap Monsunen AS. Samstundes eig han Vanadis AS 100 %, og er dette selskapet sin daglege leiar og styreleiar. Vanadis eig nærmare 18% i Espira Gruppen som driv Espira sine barnehagar. Einar Magne Jahnsen er også styremedlem i Espira-gruppen. Det er Ree drift AS som er leigar av barnehagelokala som er utleigde av Service Property AS. Ree drift AS er eigd av Espira Gruppen. Klagar peikar på at Espira Gruppen AS ikkje har noko eigarinteresser i Service Property AS eller deira morselskap, og at Espira Gruppen har ein helt annan eigarstruktur enn Service Property AS. Kommunen meiner at eigarforholda (sjå over) viser ein klar samanheng mellom Service Property AS og Espira Gruppen AS. Så langt Fylkesmannen kan sjå, er Einar Magne Jahnsen både styreleiar og betydeleg eigar av Service Property AS gjennom Monsunen AS. Han er samstundes minoritetseigar (18 %) og styremedlem i Espira Gruppen AS. Service Property er ikkje direkte eigar i Espira Ree AS. Fylkesmannen legg etter dette til grunn at faktisk eigarskap som ligg bak det formelle eigarskap er med i omgrepet eigar, og denne tolkinga er nytta ved vurdering av avkorting i denne saka. I denne saka er same person i styret i begge selskap og det er eit tydeleg felles faktisk eigarskap mellom barnehageeigar Espira Ree AS og eigar av barnehagelokala Service Property AS. Styreleiar har vesentleg innverknad på bruken av dei midla som kjem inn gjennom utleige av barnehagelokale til barnehagen der han sjølv sit i konsernstyret. Kommunen legg til grunn at husleiga på kr 1.819.163 etter barnehagen sitt rekneskap, er langt over marknadsverdien for tilsvarande lokale i kommunen. Barnehagen seier ikkje kommunen imot på dette punktet. Bokført husleige svarar til 2166 kr per kvm, og dette ligg langt over marknadsleige i området. Kommunen kan akseptere ei husleige på 1,2 mill kr, eller 1429 kr per kvm. I note til rekneskapen for Espira Ree for 2009 er husleiga opplyst å vere transaksjon mellom nærståande partar. Det står vidare at Selskapet (dvs Service Property AS) er kontrollert av Einar Jansen, som også er aksjonær i Espira Gruppen AS. Barnehagen har her sjølv stadfesta at utleigar er å rekne som nærståande. Dette styrkjer den eigarmessige samanhengen som er påvist over. Husleiga har reelt kome eigar til gode, og Fylkesmannen legg til grunn at husleige over marknadsverdi er urimeleg og kan reknast som uttak av verdiar til eigar etter reglane. Kommunen peikar også på at det er bokført framandtenester på kr 404.055 i rekneskapen, og at dette er høgt i forhold til andre private barnehagar. Kommunen har ikkje gått vidare med dette i si klagebehandling. For tenester som morselskapet fakturerer den enkelte barnehage, må kommunen be om nærmare forklaring på kva for konkrete tenester desse kostnadene dekkjer. Rundskrivet nemner at det for rekneskaps- og revisjonstenester kan vere aktuelt å be om fakturerte timar og timesats. Kommunen har så langt vi har fått opplyst, ikkje undersøkt dette. Fylkesmannen har bedt om opplysningar frå Espira Gruppen AS om kva for tenester som går inn i dei bokførte framandtenestene. Selskapet kunne ikkje legge fram oversikt over fakturerte

Side 8 av 11 timar og timepris slik rettleiaren nemner, men la fram ei omfattande oversikt over tenester innan administrasjon, kvalitet og utvikling som er dekt av framandtenestene. Faktureringa er gjort ut frå ei avtale mellom barnehagen og Espira Gruppen. Kommunen har konkludert med at bokførte framandtenester er urimeleg høge, og legg til grunn eit normalt nivå i andre private barnehagar på om lag kr 100.000 150.000. Kommunen kan akseptere inntil kr 250.000, men seier at dette ikkje er noko viktig poeng i avkortinga. Fylkesmannen finn ikkje element av utbytte eller anna avkasting av eigarkapitalen i framandtenestene, men sluttar seg til kommunen si vurdering av storleiken på beløpet. Fylkesmannen støttar kommunen sin konklusjon, som inneber at kr 154.055 av dei bokførte framandtenestene er urimelege og kan reknast som uttak av verdiar til eigar etter reglane. Uttak av urimeleg høge verdiar frå barnehagen kan etter reglane reknast som utbytte. Det justerte beløpet for utbytte skal vurderast i forhold til reglane for urimeleg utbytte i forskrifta, jf rundskriv F-07/2010 pkt 4.3, s 22. Fylkesmannen set etter dette opp følgjande reknestykke for utbytte i Espira Ree barnehage i 2009: Konsernbidrag, før skatt Kr 350.000 Belasta husleige over marknadsverdi Kr 619.163 Belasta urimeleg høge framandtenester Kr 154.055 Uttak av urimeleg høge verdiar frå barnehagen i 2009 utbytte Kr 1.123.218 Utbytte etter reglane (10 % av eigenkapital per 31.12.2009 kr 643.307) Kr 64.331 Urimeleg utbytte Kr 1.058.887 Fylkesmannen kjem etter dette til at det er tatt ut over 1 mill kr i urimeleg utbytte frå Ree barnehage i 2009. Om vilkåra for avkorting Fylkesmannen konkluderer med følgjande når det gjeld vilkår for avkorting: 1. Vilkåret opphaldstimar kan nyttast, sidan avviket frå tala i kommunen sine barnehagar ligg over den rettleiande grensa på 20 %. 2. Vilkåret personalkostnader er ikkje nytta av kommunen som grunnlag for avkortinga, og inngår heller ikkje i Fylkesmannen si behandling av klagesaka. 3. Vilkåret om urimeleg høgt utbytte kan nyttast fordi det er tatt ut konsernbidrag og andre godtgjersler frå barnehagen som er mykje høgare enn den rettleiande grensa for utbytte på 10% av eigenkapitalen. 4. Vilkåret om urimeleg høge utgifter eller godtgjersle kan nyttast fordi kommunen har påvist at leigeutgiftene er langt over marknadsverdi, og fordi det er eit underliggjande faktisk felles eigarskap mellom barnehagen og utleigar. Dei urimeleg høge utgiftene til husleige kjem derfor eigar reelt til gode. Urimeleg høge kostnader til framandtenester kan nyttast sjølv om svært mange tenester er dekte, fordi kommunen har vist at bokført beløp er urimeleg høgt. Det er etter dette Fylkesmannen si vurdering at begge vilkåra som kan nyttast til å avkorte tilskottet er oppfylt, og grunnlaget for avkorting er derfor til stades. Om omfanget på avkortinga Når vilkåra for avkorting er til stades, skal omfanget av avkortinga vurderast. I forskrift om likeverdig behandling av barnehagar i forhold til offentlege tilskott 4, går det fram at

Side 9 av 11 reduksjonen av det kommunale tilskottet skal stå i forhold til innsparinga av kostnader i barnehagen. I merknadane er dette presisert: Reduksjonen skal maksimalt tilsvare den kostnadsbesparelsen barnehagen har ved å holde bemanninga eller lønnskostnadene på et lavere nivå. Kommunen må beregne hvor mye dette utgjør ut frå gjennomsnittlige bemannings- og lønnskostnader i kommunens egne barnehager dvs hvor mye dette utgjør i andel av enhetskostnaden. Kommunen har rekna ut innsparinga i lønskostnader til 6 årsverk og 2,5 mill kr. Kommunen avkortar likevel ikkje så mykje, fordi barnehagen då ville fått eit lågare tilskott enn det minimumsnorma på 85 % / 88 % (frå 1.8.10) inneber. Kommunen har etter dette avkorta kr 400.815, ned til minimumsnorma. Fylkesmannen har gjennomgått kommunen si utrekning på nytt. I utrekninga har kommunen nytta 21 årsverk i Ree barnehage. Årsmeldinga for 2009 viser ei bemanning på 21,57 årsverk. Dette fører til at den maksimale grensa for avkorting er noe lågare enn i kommunen si utrekning. Fylkesmannen si utrekning viser at bemanninga i barnehagen ligg 5,6 årsverk lågare enn i dei kommunale barnehagane, og at barnehagen har spart om lag 2,2 mill kr i lønns- og personalkostnader. Tabellen under viser Fylkesmannen si utrekning. Espira Ree barnehage 2010 Opphaldstimar Årsverk Opphaldstimar Lønn og sosiale kostnader Ree faktisk 334.656 21,57 15.515 t Kr 8.495.774 Ree som i kommunen 334.656 27,17 12.319 t Kr 10.701.455 Spart, kan avkortast 5,60 3.196 t Kr 2.205.671 Tala for Ree faktisk er henta frå innsend årsmelding og årsrekneskap frå barnehagen. Opphaldstimane er dei opphaldstimane kommunen har rekna ut med utgangspunkt i at barnehagen har lengre faktisk opningstid. Ree som i kommunen viser at barnehagen med same opphaldstimar som i kommunen, skulle hatt 27,17 årsverk. Lønn og sosiale kostnader er omrekna som gj.sn per årsverk. Spart lønn og sosiale utgifter på 2,2 mill kr er etter dette den maksimale grensa for avkorting. Kommunen har nytta minimumsnorma som nedre grense for tilskott til Espira Ree barnehage i 2010. Denne norma er i reglane sett som nedre grense for tilskott uavhengig av barnehagen sine kostnader. I brev av 23.10.2008 frå Kunnskapsdepartementet er det avklart at kommunen kan avkorte i kommunalt driftstilskott sjølv om barnehagen har fått tilskott etter minimumsnorma i forskrifta. Brevet følgjer vedlagt. Avkorting av tilskott er avgrensa av kva barnehagen har spart ved å ha låg bemanning. Samstundes er ikkje kommunen plikta til å gjere full avkorting sjølv om vilkåra for avkorting er til stades. Den faktiske avkortinga skal gjerast etter ei konkret vurdering i saka. Utrekninga viser at innsparinga er høg. Avkortinga kan derfor også bli betydeleg. Det kan være naudsynt å leggje vekt både på barnehagen si drift i framtida og omsynet til kommunen si plikt til å tilby barnehageplass i vurderinga av storleiken på avkortinga. Klagar meiner at låg bemanning i barnehagen skuldast at mykje av det administrative arbeidet er lagt til konsernet og vert dekt inn av dei framandtenestene som er belasta barnehagen. Fylkesmannen støttar klagar i at det må takast omsyn til dette i den konkrete avkortinga.

Side 10 av 11 Ei avkorting av tilskott etter reglane kan gjerast opp til det barnehagen har spart ved å ha låg bemanning. Følgjande tal til ligg i saka når det gjeld kommunalt driftstilskott for 2010: Kommunalt driftstilskott i 2010 min 85(88)%. Utbetalt til barnehagen Kr 2.117.680 Kommunalt driftstilskott 2010 utan avkorting Kr 2.518.495 Berekna maksimal grense for avkorting i 2010 (spart lønn) Kr 2.205.671 Fylkesmannen kjem etter ei heilskapleg vurdering til at det ikkje er forsvarleg å avkorte så mykje som maksimalgrensa skulle tilseie. Det ville føre til ei avkorting som er heile 87,5% av tilskottet utan avkorting, og større enn tilskottet som er utbetalt etter minimumsnorma. Dette vil kunne setje økonomien i barnehagen i fare. Kommunen er etter reglane pliktig til å tilby barnehageplass til dei som søkjer, og kommunen treng den kapasiteten som denne barnehagen har til å oppfylle retten. Kommunen er derfor ikkje tent med at barnehagen får så stort underskott at det er fare for at han må leggje ned verksemda. Ei rimeleg avkorting kan etter Fylkesmannen si vurdering setjast til dei verdiane eigar tok ut av barnehagen i 2009 med fråtrekk for ei avkasting på 10 % av eigenkapitalen. : Uttak av verdiar frå barnehagen i 2009 Kr 1.123.218 Minus 10 % avkastning av eigenkapitalen Kr 64.331 Avkorting Kr 1.058.887 Vedtak til skade for klagar I vedtak som kan bli til skade for klagar, skal melding om dette sendast til klagaren seinast 3 månader etter at underinstansen, dvs kommunen, mottok klagen. Dette er ikkje gjort. Departementet har gjort det klart at ein ikkje kan gjere vedtak til skade utan å gi slik melding, og at fristen ikkje kan overskridast. Fylkesmannen kan derfor ikkje sjå at det er høve til ytterlegare avkorting i tråd med konklusjonen over. Fylkesmannen sluttar seg derfor til at avkortinga av tilskottet for 2010 til Ree barnehage vert sett til kr 400.815, det same som kom fram i kommunen si saksbehandling i klagesaka. FYLKESMANNEN SIN KONKLUSJON Fylkesmannen har etter ei total gjennomgang av saka kome til at det er grunnlag for å avkorte i det kommunale driftstilskottet til Ree barnehage for 2010. Den faktiske opphaldstida i barnehagen er lengre enn i kommunen. Dette fører til at lågare bemanning per opphaldstime gir grunnlag for avkorting. Det er dokumentert at same person er i styret i begge selskap og at det er eit tydeleg felles faktisk eigarskap mellom barnehageeigar Espira Ree AS og eigar av barnehagelokala Service Property AS. Barnehageeigar stadfestar sjølv i årsmeldinga at husleiga er ein transaksjon mellom nærståande partar. Felles eigar har tatt ut urimeleg høge verdiar frå barnehagen, og avkortinga kan setjast til dei verdiane eigar tok ut av barnehagen i 2009, med fråtrekk av ei rimeleg avkastning av eigenkapitalen. Kommunen sitt vedtak om avkorting kan ikkje gjerast om til ytterlegare skade for klagar av di det har gått meir enn 3 månader før klagar fekk melding om dette. Fylkesmannen opphev etter dette kommunen sitt vedtak og gjer nytt vedtak sjølv om avkortinga vert den same. Bakgrunnen for dette er at Fylkesmannen har tatt ei total gjennomgang av saka og nyttar andre argument enn kommunen i si saksbehandling.

Side 11 av 11 Fylkesmannen gjer på denne bakgrunn følgjande vedtak: Fylkesmannen opphevar kommunen sitt vedtak i klagesaka av 15.6.2010. Fylkesmannen gjer nytt vedtak om avkorting av kommunalt tilskott for Ree barnehage for 2010. Kommunalt tilskott for 2010 til Ree barnehage vert sett til kr 2.117.680. Fylkesmannens vedtak er grunngitt med følgjande: 1. Vilkåret om låg bemanning i forhold til opphaldstid er til stades fordi barnehagen har lengre faktisk opphaldstid enn i kommunen, og dette fører til at barnehagen har betydeleg lågare bemanning per opphaldstime enn i dei kommunale barnehagane. Barnehagen sparer i alt kr 2.205.671 i lønn og sosiale utgifter på grunn av låg bemanning. Dette er maksimalgrensa for avkorting av kommunalt driftstilskott. 2. Vilkåra om urimeleg høgt utbytte eller godtgjersle er til stades fordi eigar har tatt ut eit urimeleg høgt konsernbidrag i 2009, utleigar som må reknast som felles faktisk eigar med barnehagen har fakturert husleige over marknadsleige og eigar har fakturert urimeleg høge framandtenester. Eigar har etter dette tatt ut kr 1.058.887 meir i utbytte og godtgjersle enn reglane gir grunnlag for. 3. Maksimal avkorting ut frå det barnehagen sparar kan ikkje gjerast fordi det ikkje er sendt melding til barnehagen innan fristen på 3 månader. Slik avkorting vil også kunne setje økonomien i barnehagen i fare slik at drifta i framtida kunne bli problematisk. Avkortinga vert derfor avgrensa slik at barnehagen får tilskott i tråd med minimumsnorma på 85 % / 88 % (frå 1.8.2010). Avkorting av tilskottet er etter dette sett til kr 400.815. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova 28. Med helsing Sølvi Ona Gjul Utdanningsdirektør Per Arne Sandvold seniorrådgivar Vedlegg 1. Svar på spørsmål vedrørende beregningsgrunnlaget for utmåling av kommunalt tilskudd til private barnehager brev av 15.5.2009 fra Kunnskapsdepartementet 2. Reduksjon av kommunalt tilskudd brev av 23.10.2008 frå Kunnskapsdepartementet Saksbehandlar: Per Arne Sandvold Saksbehandlars telefon: 51 56 87 40 E-post: per.arne.sandvold@fmro.no Kopi til: Time kommune Postboks 38 4349 Bryne Kunnskapsdepartementet, Barnehageavdelingen Postboks 8119 Dep 0032 OSLO