Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter



Like dokumenter
Bustønad. Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar

Bostøtte 2008/09. En støtteordning for deg med høye boutgifter og lave inntekter

Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låg inntekt

Bostøtte. En støtteordning for pensjonister og barnefamilier

Utbetaling: Månadleg Søknadsfrist: Den 14. i kvar månad Vedtak og utbetaling: Ca. den 10. i månaden etter

Forskrift om bustøtte

Bostøtte En støtteordning for deg med høye boutgifter og lave inntekter

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Terminer: Månedlig Søknadsfrist: Den 14. i hver måned Utbetaling: Ca. den 10. i måneden etter

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

En støtteordning for deg med høye boutgifter og lav inntekt

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Bustøtte for desember 2016 søknaden din er innvilga

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Rettleiing til søkjar - søknad om utslepp under 50 pe kapittel 12 i ureiningsforskrifta

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Brukerhåndbok for esøknad

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Namning av vegar i Fræna Kommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Rettleiing til søkjar Søknad om utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter, under 50 pe kapittel 12 i forureiningsforskrifta

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

4. Tilleggsopplysningar ved kjøp av leilegheit i burettslag Namn på burettslaget

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Søknad om verjemål (eller endringar i eksisterande verjemål)

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Postens generelle leveringsvilkår Standardvilkår for dei leveringspliktige tenestene

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til deg som bur i fosterheim år

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Reglane gjeld òg for personlege skattytarar som overfører aksjane o.a. til ein ektefelle busett i utlandet.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR I LEIKANGER KOMMUNE

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

10/60-14/N-211//AMS

Renter og avdrag. Innhald. Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3. Serie- eller annuitetslån 3. Avdragsfri periode og nedbetalingsperiode 4

SØKNAD OM KOMMUNAL BUSTAD

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Stemnehandboka for NKSF

Melding om behov for verjemål (eller endring i eksisterande verjemål)

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Er du flyktning og søker bostøtte?

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Aksjar og eigenkapitalbevis 2011 Forenkla (RF-1088F)

Alderspensjonistar som bur i utlandet

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Høring - finansiering av private barnehager

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Kommunen skal behandle sakene slik: Kommunen må kvalitetssikre opplysningene og dokumentasjonen, og sende dette videre til Husbankens regionkontor.

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Brukarrettleiing. epolitiker

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Saksbehandling kva er no det?

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

RETNINGSLINJER FOR TRANSPORTTENESTA FOR FUNKSJONSHEMMA I MØRE OG ROMSDAL. GJELDANDE FRÅ 1. NOVEMBER 2003.

Prisar på porto for 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Transkript:

Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer merksam på at brosjyren ikkje inneheld eit fullstendig regelverk for bustønad. For informasjon om retningslinjer og forskrifter viser vi til Husbanken sine internettsider, husbanken.no. Der vil du også kunne rekne ut bustønaden (under «Tjenester» i høgremenyen). Ta eventuelt kontakt med bustønadskontoret i kommunen for meir informasjon.

3 KVA ER BUSTØNAD? Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Formålet med ordninga er å hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller bli buande i ein god bustad. I dei fleste kommunane er det bustadkontoret eller sosialkontoret som fungerer som bustønadskontor. I Oslo har alle bydelane eigne bustønadskontor. Det er bustønadskontoret i kommunen som skal ta imot søknad og svare på spørsmål om ordninga. Nytt for 2008 personar som har sosialhjelp eller kvalifiseringsstønad som einaste inntekt. Omsorgsbustader med det nye investeringstilskotet frå Husbanken kjem inn i bustønadsordninga. Det er frå september 2007 innført månadlege vedtak og utbetalingar i bustønaden der søknadsfristen er den 14. i kvar månad og utbetaling skjer ca. den 10. i månaden etter. Mottakarar av den nye kvalifiseringsstønaden kjem inn under gruppa som har rett til bustønad. Det er ikkje lenger krav til finansiering av privat leigde bustader for husstandar som mottek attførings- eller rehabiliteringspengar, yrkesskadeerstatning, grunn- eller hjelpestønad, tidsavgrensa uførestønad, eller

4 KVEN KAN FÅ BUSTØNAD? For å kunne motta bustønad må minst ein i husstanden ha rett til stønad, og krava til bustaden må som hovudregel vere oppfylte. Deretter er det forholdet mellom inntekter og buutgifter som avgjer om det blir gitt bustønad. Ein husstand er den eller dei personane som faktisk bur i bustaden og som er registrerte i folkeregisteret som busette i bustaden. Søkjaren må ha fylt 18 år. Det er unntak for dette dersom søkjaren er under 18 år og har eige barn. KVEN HAR RETT TIL STØNAD? barn under 18 år eller person over 65 år person med pensjon eller visse typar trygder/stønader frå det offentlege (sjå nedanfor) person som har sosialstønad som einaste inntekt, når vedkomande har behov for kontinuerleg stønad i minst eitt år Trygder/stønader som gir rett til stønad: alders-, uføre- og attlevandepensjon frå folketrygda eller annan offentleg pensjon, eller tilsvarande frå EØS-land krigspensjon grunnstønad, hjelpestønad eller yrkesskadeerstatning etter folketrygdlova attføringspengar, rehabiliteringspengar eller tidsavgrensa uførestønad kvalifiseringsstønad introduksjonsstønad

5 KRAV TIL BUSTADEN FUNKSJONS- AREAL- KRAV TIL TYPE HUSSTAND KRAV KRAV FINANSIERING Alders-, uføre og attlevandeepensjonistar Nei Nei Nei med inntekt UNDER minstep. + 30 pst. Alders-, uføre og attlevandepensjonister Ja Ja Ja* med inntekt OVER minstep. + 30 pst. Husstandar med barn under 18 år Ja Nei Nei (barnefam.) Husstandar med mottakar av attføringseller rehab.pengar, yrkesskadeerstatning, grunn- eller hjelpestønad, tidsavgrensa uførestønad eller person som har sosialhjelp som einaste inntekt Ja Nei Nei Husstandar med mottakar av introduksjons- eller kvalifiseringsstønad Nei Nei Nei * For burettslag og kommunale bustader er finansieringskravet oppfylt. Det blir ikkje stilt krav til bustaden der det er bustad med husleigeregulering (gjeld berre Oslo og Trondheim), der husstanden var busett per 31. desember 1999, eller for bustader med oppstartings- eller investeringstilskot frå Husbanken. Innhaldet i krava nemnde i tabellen Funksjonskrav: at bustaden har eige bad, soverom, kjøkken, opphaldsrom og eigen inngang. Arealkrav: at bustaden er minst 40 kvm utanom fellesareal Krav til finansiering: oppførings- eller utbetringslån frå Husbanken eller Innovasjon Norge (tidl. SND/ Landbruksbanken) grunn- eller kjøpslån frå Husbanken utbetrings-, etablerings- eller startlån frå kommunen av midlar lånt i Husbanken oppstartings- eller investeringstilskot frå Husbanken låna må vere løpande

6 SØKNAD OG SAKSGANG Søknad om bustønad skal du sende inn på eige skjema. Søkjarar i burettslag skal sende søknaden til forretningsførar for burettslaget. Søknadsskjemaet får du ved bustønadskontoret i kommunen/bydelen, eller du kan laste det ned frå Husbanken sine nettsider: husbanken.no. Du kan også søkje bustønad elektronisk, sjå nedanfor. Søknadsskjemaet, saman med nødvendig dokumentasjon (husleige, bustadlån etc.), sender du innan fristen til bustønadskontoret i kommunen/bydelen. Får du innvilga bustønad for ein månad, er det ikkje nødvendig å søkje på nytt. Unntak er dersom du har flytta i løpet av månaden, då må du søkje på nytt igjen. Dersom du har hatt inntektsnedgang og søkjer om å få lagt månaden si inntekt til grunn, må du gi beskjed til kommunen når det skjer endringar i inntekta. Les meir om inntektsnedgang på side 9. Sei frå til bustønadskontoret i kommunen/bydelen når det skjer endringar i bustad- eller husstandsopplysningar. ELEKTRONISK SØKNAD Det er mogleg å søkje bustønad elektronisk. Gå inn på internettadressa www.altinn.no og logg inn med eingongskodar (finst i skattekort, sjølvmelding eller kan bestillast frå Altinn). TERMIN SITUASJONSDATO SØKNADSFRIST UTBETALING Månadleg Den 1. i Den 14. i Ca. den 10. i kvar måned kvar månad månaden etter

7 OPPLYSNINGANE PÅ SØKNADEN Det er situasjonen på første dagen i terminen («situasjonsdato» - sjå tabell på førre sida) som blir lagt til grunn når bustønaden blir utrekna. For ein gitt termin (månad) blir det ikkje tatt omsyn til endringar i bustadog husstandsopplysningar som hender etter desse datoane. Bustønadsordninga byggjer på eit gjensidig tillitsforhold mellom den enkelte bustønadssøkjar, kommunen og Husbanken. Bustønad som blir motteke på grunnlag av uriktige eller ufullstendige opplysningar, vil etter ei konkret vurdering kunne bli kravd tilbake. Misbruk av bustønadordninga vil bli meldt til politiet. Alle som behandlar søknaden har teieplikt. SVAR PÅ SØKNADEN Du får skriftleg svar på søknaden, og eventuelt utbetalt bustønad, ca. den 10. i månaden etter søknadsmånaden. KLAGE PÅ VEDTAKET Du kan klage på vedtaket dersom du meiner at det byggjer på uriktige opplysningar. Klagen sender du til bustønadskontoret i kommunen. Ver merksam på klagefristen som er tre veker etter motteke vedtak.

8 UTREKNING AV BUSTØNAD Dersom du/husstanden din har rett til stønad, og krava til bustaden er oppfylte, er det forholdet mellom husstanden sine inntekter og buutgifter som avgjer om det blir gitt bustønad. Reknestykket ser slik ut: Godkjende buutgifter Rimelege buutgifter = Sum x 70 %* = Bustønad *80% for dei som bur i kommunale utleigebustadar og bustadar formidla av kommunen. Du kan rekne ut bustønad på internettsidene til Husbanken, husbanken.no, under «Tjenester» i høgremenyen. Godkjende buutgifter: dei buutgiftene som blir lagt til grunn ved utrekninga av bustønad. Departementet har fastsett ei øvre grense for kor høge buutgifter som kan leggast til grunn. Rimelege buutgifter: Den delen av buutgiftene du sjølv må dekkje («eigendel»). Rimeleg buutgift blir utrekna på grunnlag av talet på husstandsmedlemmer og den samla inntekta til husstanden. Dess høgare inntekta til husstanden er, dess høgare blir den rimelege buutgifta. Om buutgiftene i bustønadsordninga Kva buutgifter som nyttast i utrekninga av bustønad er avhengig av kva eigeform du har: Sjølveigarbustad renter og avdrag på bustadlån driftsutgifter: sjablonsats som blir fastsett på grunnlag av byggeår og tala på rom i bustaden festeavgift eigedomsskatt kommunale avgifter: sjablonsats som blir fastsett etter det gjennomsnittlege nivået i kommunen og talet på rom i bustaden Burettslag husleige (utan utgifter til straum, varmt vatn, kabel-tv, garasje, etc.) renter og avdrag på bustadlån Leigd bustad husleige utan utgifter til straum

9 INNTEKTSGRUNNLAGET Hovudregelen er at den samla inntekta til husstanden frå siste tilgjengelege likning blir lagt til grunn. Utrekninga av bustønad for 2007 byggjer på: til og med juni 2008: likning for 2006. fra og med juli 2008: likning for 2007* * for dei som har avslutta likning for 2007 på dette tidspunktet Frå skattelikninga nyttar ein høgaste summen av: personinntekt alminneleg inntekt med eit tillegg for minstefrådraget (i 2007 på kr 6 600) Til inntekta for husstanden legg ein seks prosent av nettoformue over 200 000 kroner for ein husstand på ein person. For husstandar på to eller fleire personar blir det lagt til seks prosent av den samla nettoformuen over 250 000 kroner. Inntektsnedgang Dersom husstanden har hatt vesentleg inntektsnedgang sidan likningsåret, kan du søkje om å få lagt til grunn inntekta i terminen (månaden). Dersom du får innvilga bustønad, vil inntekta i månaden bli automatisk kopiert ut kalenderåret. Dersom du har andre inntekter enn frå NAV (tidl. RTV/Aetat), må du gje beskjed om endringar i desse inntektene til kommunen. Visse vilkår må vere oppfylte for at husstanden skal få lagt til grunn faktisk inntekt, bl.a. at nedgangen må vere av ein viss storleik og må vare i minst eitt år. OBS: Når faktisk inntekt blir lagt til grunn, blir det nytta eit utvida inntektsomgrep der alle inntekter kan bli tatt med, også inntekter som ikkje er skattepliktige.

10 Utanlandsinntekt Dersom du har utanlandsinntekt pliktar du å seie frå til kommunen om dette. Utanlandsinntekt for likningsåret som ikkje er likna i Noreg, må dokumenterast med brutto beløp, som blir omrekna til norske kroner per 31. desember det gjeldande likningsåret. Dersom du søkjer om å få lagt inntekta i dag til grunn og har inntekt frå utlandet per i dag, skal du også opplyse om og dokumentere slik inntekt. Øvre inntektsgrenser Det er fastsett øvre inntektsgrenser for husstanden, avhengig bl.a. av talet på husstandsmedlemmer. Dette betyr at same kor høge buutgifter husstanden din måtte ha, vil du ikkje få bustønad dersom inntekta er over øvre inntektsgrense. Opplysningar om inntektsgrensene får du ved å kontakte bustønadskontoret i kommunen. Refusjon av bustønad til kommunen Kommunen kan krevje å få bustønaden utbetalt dersom kommunen har gitt sosial stønad eller lån/tilskot til buutgifter for den aktuelle terminen. Føresetnaden er då at du har samtykka i dette. Kommunen pliktar å gi søkjaren beskjed om korleis bustønaden er avrekna mot den kommunale ytinga og utbetale eventuell differanse.

11 Fakta om bustønad For 2008 er det løyvd vel 2,4 milliardar kroner til bustønadordninga. i 2007 fekk omlag 124 000 husstandar utbetalt bustønad Av desse var omlag 80 000 alders-, uføre- og attlevandepensjonistar I 2007 fekk kvar husstand utbetalt i gjennomsnitt 1 800 kroner per månad. www.husbanken.no

For meir informasjon sjå www.husbanken.no eller kontakt bustønadskontoret i kommunen. HB 9.E.1 Bostøtte Utgitt av Husbanken, januar 2008 Opplag: 15 000 Foto forside: jppi@morguefile.com Design: HK Reklamebyrå Grafisk produksjon: RenessanseMedia AS