www.osberget.no Brukarmanual
Velkomen Takk for at du valde Osberget GO Dette er verktøyet for deg som ynskjer å oppgradere og halde ved like nettstaden din på ein raks og effektiv måte. Osberget GO er eit enkelt verktøy for redigering av nettsider og høver svært godt for organisasjonar og mindre bedrifter. Kan du bruke Facebook, kan du bruke Osberget GO. Du treng ingen spesialprogram for å oppdatere og halde ved like nettsidene. Alt du treng er ein nettlesar og tilgang til nettet for å administrere sidene. Vi ynskjer deg lukke til! Innhald 03. Velkomen 03. Dyktige på service 03. Justerbar design 04. Innlogging og registrering 05. Redigere tekst, bilde, galleri og vedlegg 08. Artikkel - fleire muligheiter 09. Bilde 10. Galleri 10. Del 10. Legg til meny 11. Meir 11. Meny - redigering Service RING OSS PÅ 70 00 90 90 SEND EPOST service@osberget.no MEIR INFO 2
Dyktige på service Vi følgjer kundane våre tett. Det er nødvendig om vi skal levere eit godt produkt sidan dataverda ikkje er perfekt. Våre kundar gir oss svært positive tilbakemeldingar. Det motiverer oss til å bli endå dyktigare. Justerbar design Kostnadseffektiv løysing Med Osberget GO er nettsidene optimaliserert for skjerm, lesebrett og smarttelefon. Ved å gjere det på denne måten unngår kunden å oppdatere nettsidene på fleire og ulike plattformer. Dette er ei rimeleg og kostnadseffektiv løysing. 3
Logg på 1. Skriv inn brukernamn - må vere ei e-postadresse 2. Skriv inn passord - minimum 8 teikn, stor bostav og eit tall 3. Klikk på Logg inn for pålogging Gløymt passord Klikk på menypunktet Gløymt passord for å opprette nytt passord.følg instruksjonen. Registrer brukar Osberget set opp hovudansvarleg for din nettsstad. Hovudansvarleg godkjenner nye brukarar. Klikk på menypunktet Registrer deg. Områder merka med * må fyllast ut. Etter å ha klikka på Registrer deg, vil ansvarleg for nettstaden få ein epost. Etter at ansvarleg har godkjent deg, vil du få tilsendt ein epost om at du kan starte å redigere nettsida. 4
Legg til tekst 1. Skriv overskrift 2. Skriv tekst 3. Klikk på knappen Publiser for å aktivere artikkelen på nett Legg til bilde, galleri eller vedlegg 1. Klikk på menypunktet Last opp 2. Vel Bilde, Galleri eller Vedlegg Etter at bilde, bildegalleri eller vedlegg er lasta opp, kan du skrive inn overskrift og tekst. Du kan publisere bilde, galleri eller vedlegg utan å legge til tekst. 5
Rediger eller slett artikkel 1. Hald musepeikaren over artikkelen for å aktivere knapperada 2. Klikk på knappen Rediger for å redigere 3. Klikk på knappen Slett for å slette Endre rekkefølge på artikkel Hald nede venstre museknapp på flytt-knappen (merka med sirkel), og drag artikkelen til ønskt posisjon. Rediger tekst 1. Set markøren i overordet eller tekstfeltet for å gjere endringar 2. Klikk på knappen Lagre 6
Rediger bilde 1. Klikk på bilde for å hente nytt bilde 2. Klikk på knappen Lagre Rediger bildegalleri 1. Dra og slepp for å endre rekkefølga 2. Klikk på X i høgre hjørne for å slette bilde 3. Klikk på Meir for å legge til fleire bilde 4. Klikk på knappen Lagre Rediger vedlegg 1. Klikk på Meir for å laste opp fleire vedlegg 2. Klikk på X for å slette vedlegg 7
Artikkel - fleire mulegheiter Klikk på menypunktet Avansert (merka med sirkel) for fleire funksjonar knytt til artikkel. Ved å sette innsettingspunktet i tekstfeltet vert tekstverktøyet automatisk aktivert. Tekstverktøyet er tilnærma lik tekstverktøy som t.d. Word og Writer. Tips: Hugs å merke tekst du ønskjer å endre. Hald nede shift-tasten på tastaturet og trykk [Enter] knappen for å lage eit enkelt linjeskift. Redigeringsverktøyet for artikkel. 8
Bilde 1. Last opp bilde frå filbank, eller last opp bilde frå datamaskin 2. Storleik på bilde 3. Mal for korleis bilde legg seg i forhold til teksta 4. Handling, t.d. link til ein nettstad eller ei e-postadresse 5. Mål for handling - set inn korrekt adresse 6. Opne i nytt eller same vindauge 7. Kommentarfelt - skriv inn bildetekst 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. Illustrasjonen syner bildemenyen. Ved opplasting av nytt bilde vil Osberget CMS automatisk tilpasse filstorleiken til nettlesaren. Dette er ein stor fordel med omsyn til nedlastingstid. 9
Galleri 1. Last opp bilde frå filbank eller datamaskin 2. Set rekkefølgje for innlasting - først eller sist 3. Mal for galleri 4. Set storleiken på bilde 5. Overgangen mellom dei ulike bilda 6. Talet på sekund mellom bilda 7. På eller Av automatisk oppstart av lysbilde 8. Skriv inn bildetekst i kommentarfelt 9. Dra og slepp - endre rekkefølgje på bilda 1. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 2. 9. Del Gjer artikkelen printevennleg eller del artikkelen på sosiale medier slik som Facebook, Twitter, Google +. Klikk på pluss teiknet for fleire sosiale medium ein kan leggje til. Ikona legg seg under artikkelen. Legg til i meny 1. Merk av kva menypunkt du vil legge artikkelen til 2. Du kan velje fleire menypunkt for den same artikkelen 10
Meir Under menypunktet Meir finn du endå fleire funksjonar slik som bl.a. leggje ved vedlegg, tidsstyring av artikkel og aktivitet. Meny - Redigering 1. Ny hovudkategori 2. Ny underkategori 3. Slett 4. Innstillingar 5. Dra og slepp for å endre rekkefølgja på menypunkta For å endre namn på menypunkt klikkar du ein gong på menypunktet, skriv inn nytt namn og trykkjer Enter på tastaturet. 1. 2. 3. 4. 5. 11
osberget GO Postboks 168 6067 Ulsteinvik 70 00 90 90 service@osberget.no www.osberget.no