11 Omformingar. Bakgrunn. Utelating av setningsledd



Like dokumenter
10 Leddstilling og kongruens

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Brødsbrytelsen - Nattverden

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Til deg som bur i fosterheim år

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

mmm...med SMAK på timeplanen

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Setring ved Håbakkselet Hareid

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Valdres vidaregåande skule

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

I N N H O L D. Forord

Å BINDE SAMAN SETNINGAR... 2 Å leggje til ny informasjon... 3 Å uttrykkje tid... 4 Å uttrykkje årsak... 7 Å uttrykkje følgje...

Informasjon til elevane

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

G A M A L E N G K U L T U R

Setningsledd. Norsk som fremmedspråk Side 131

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

«Ny Giv» med gjetarhund

Finansiering av søknaden

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Eksamen i NORD Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester Kandidatnummer: Sidetal minus forside: 7

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Kva er økologisk matproduksjon?

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

FANTASTISK FORTELJING

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

BESTEMMARORD... 2 Eigedomsord... 3 Peikeord... 8 Mengdeord... 12

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Samansette tekster og Sjanger og stil

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Saksbehandling kva er no det?


Forbrukerrådets husleiekontrakt

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Transkript:

11 Omformingar Bakgrunn 126 Forklaringsmodell. Mange syntaktiske konstruksjonar blir lettare å forstå dersom ein kan tillate seg å framstille dei som avleiingar av underliggjande strukturar. Slike avleiingar blir gjerne kalla transformasjonar, og dei har spela ei stor rolle i enkelte syntaktiske modellar. Her brukar vi nemninga omforming for å framheve at vi skal gjere ein heilt uformell bruk av transformasjonsomgrepet. Utelating av setningsledd 127 Allment. Utelating av setningsledd førekjem både i norrønt og i moderne norsk, men omfanget er større i norrønt. Såleis kan objektet utelatast i koordinerte setningar, og ofte står preposisjonar utan utfylling. 128 Subjekt i imperativsetningar. I norrønt er det ikkje uvanleg at subjektet står i imperativsetningar. Far þú aptr til fǫður þíns! Far du attende til far din! Vel så vanleg er det likevel at subjektet manglar. Sjám fyrst! La oss først sjå! Det første eksemplet talar for at vi bør rekne med eit subjekt i imperativsetningar, også der det manglar på overflata. 129 Subjekt, objekt og verbal i koordinerte setningar. Mange setningsledd kan utelatast i koordinerte setningar, dvs. setningar som er knytte saman med konjunksjonane ok og, en men, og og eða eller. 129.1 Subjekt. Subjektet blir ofte utelate (som på moderne norsk). Síðan fylkti konungr liði sínu ok [hann] reið sjalfr fyrir. Sidan fylkte kongen hæren sin og [han] reid sjølv føre. 129.2 Verbal. Verbalet kan utelatast (noko som skjer i moderne norsk). En er hann kom til lands, þá gekk hann upp ok með honum [gengu] Loki ok Þjalfi ok

Omformingar 127 Rǫskva. Då han kom til lands, gjekk han opp og med honom [gjekk] Loke, Tjalve og Roskva. 129.3 Objekt. Også objektet kan utelatast (i motsetnad til moderne norsk). Þjalfi helt á lǽrlegg hafrsins ok [hann]-subjekt braut [hann]-objekt til mergjar. Tjalve heldt på bukkeleggen og [han] braut [den] til mergen. 130 Infinitiv. Infinitiv av rørsleverb kan utelatast når verbalet er modifisert med eit adverb eller ein preposisjon. Sámr sagðisk vilja [fara] heim aptr. Såm sa at han ville [fare] heim att. 131 Verbet vera. 1. I koordinerte setningar kan verbet vera ofte utelatast, endå om det ikkje alltid står i den føregåande setninga. Var grind fyrir borghliðinu ok [var] [hon] lokin aptr. Det var ei grind framfor borgdøra, og ho var stengd. Hefir hann hamar í hendi, ok [er] [hann] mikill vexti ok [er] [hann] holr innan. Han har ein hammar i handa, og han er stor av vekst og hol innvendig. 2. Etter skulu, munu og mega kan infinitiven vera utelatast. Det utelatne verbet kan tolkast både statisk, vere, og dynamisk, bli (jf. 160). Nú mun [vera] allskammt til unz hann mun andask. No vil det [vere] stutt tid til han skal døy. En þat kann ek þér segja at þú munt þó fyrr [vera] drepinn en ek. Men det kan eg seie deg at du vil før [bli] drepen enn eg. 132 Utfyllingar i preposisjonsfrasar. I preposisjonsfrasar kan utfyllinga (det leddet som følgjer preposisjonen) utelatast. 132.1 Utelating i koordinerte setningar. I koordinerte setningar går den utelatne utfyllinga fram av den føregåande setninga, direkte eller indirekte. Síðan fylkti konungr liði sínu ok reið sjalfr fyrir [því]. Då fylkte kongen hæren sin og reid sjølv føre [han]. Þá er þeir hrundu út skipum sínum, þá hljóp þar vatn í [þau] ok fylldi upp, ok máttu eigi á [þau] koma. Då dei skauv ut båtane sine, sprang det vatn i [dei] og fylte dei opp, og dei kunne ikkje kome til [dei]. Hann tók hinn mesta uxann, er Himinhrjóðr hét, ok sleit af [honum] hǫfuðit ok fór með [þat] til sjávar. Han tok den største oksen, som heiter Himinrjod, og sleit av [honom] hovudet og fór med [det] til sjøen. 132.2 Utelating med þar som representant. I enkelte tilfelle opptrer det adverbiale þar der som ein representant for den utelatne utfyllinga. Auðun kaupir bjarndýri eitt, ok gaf þar fyrir alla eigu sína. Audun kjøpte ein bjørn, og gav for [denne] alt han åtte. Hringhorni hét skip Baldrs. Hann vildu goðin fram setja ok gera þar á bálfǫr Baldrs. Ringhorne heitte skipet til Balder. Det ville gudane setje fram og gjere bålferda til Balder på [det].

128 Kap. 11 132.3 Utelating i relativsetningar. Det er også vanleg at utfyllinga vantar i relativsetningar, med di korrelatet i oversetninga representerer utfyllinga. I slike tilfelle kan vi seie at preposisjonen er stranda. Det same fenomenet har vi i moderne norsk. Ríðið í brott eykjum þeira af bǿjum þar sem þeir eru á ( bǿjum). Ri hestane deira bort frå dei gardane som dei er på ( gardane). Hon kastaði þegar keraldinu frá sér er drykkrinn var í ( keraldinu). Ho kasta snøgt frå seg det kjeraldet som drikken var i ( kjeraldet). 132.4 Absolutt bruk av preposisjon. I andre tilfelle må vi rekne med at preposisjonen står absolutt, dvs. utan noka utfylling. I analogi med verba kan vi også seie at preposisjonen står intransitivt. En vǽta var á mikil um daginn. Det var mykje væte om dagen. Þá hljóp at Áslákr Fitjaskalli ok hjó með øxi í hǫfuð Erlingi. Då sprang Aslak Fitjaskalle fram og hogg med øksa i hovudet på Erling. Þá tók konungr til ok fór hǫndum um kverkr sveininum. Då tok kongen og fór med hendene over halsen på sveinen. Upersonlege konstruksjonar 135 Allment. Ovanfor har vi sett at subjektet kan utelatast i imperativsetningar og i koordinerte setningar. Men dette er langt frå dei einaste setningane som manglar subjekt i norrønt. Når subjektet manglar i andre typar av setningar, skal vi ta utgangspunkt i verbet. Dersom verbet kan opptre med subjekt, t.d. merkja merkje, reknar vi med subjektstryking ( 136). Dersom verbet normalt ikkje opptrer med subjekt, t.d. daga bli dag, reknar vi med subjektløyse i streng forstand ( 137). Begge delar omtaler vi som upersonlege konstruksjonar. 136 Subjektstryking. 1. I aktive setningar er det ikkje uvanleg at subjektet blir stroke. Konungr stakk við honum øxarhyrnunni í kinn honum ok mǽlti: Merkja skal dróttinsvikann. Kongen stakk odden på øksa i kinnet hans og sa: Merkje skal eg kongssvikaren. I dette eksemplet er dróttinsvikann objektet, men kven som er subjektet, seier ikkje setninga noko om. I omsetjing til norsk kan vi her velje eg som subjekt (med referanse til kongen), ein (med allmenn referanse) eller vi kan passivvende setninga ( kongssvikaren skal merkjast ). Vi skal framstille dette som uttrykk for ei omforming, der X representerer eit uspesifisert subjekt, X skal merkja dróttinsvikann skal merkja dróttinsvikann. 2. I prinsippet kan alle fleirverdige verb utsetjast for ei slik omforming. Subjektstrykinga tener til å fokusere på andre trekk enn sjølve subjektsforholdet; det interessante i dømet ovanfor er kven som skal merkjast (dvs. objektet), ikkje kven som utfører merkinga (subjektet). Andre døme: En þat má sjá at hann er mikill fyrir sér. Og

Omformingar 129 det kan ein sjå at han er mykje til kar. En vér eigum þann guð er hvern dag má sjá. Men vi eig ein gud som vi kan sjå kvar dag. 3. Når subjektet er utelate, plar verbet stå i 3. person eintal indikativ. Dette er den umarkerte forma, dvs. den forma som blir vald når det ikkje står noko eksplisitt subjekt. 137 Subjektløyse. 1. I 100 såg vi at ein del verb ikkje tek subjekt (nedanfor oppsummert i fig. 11:1). Setningar med slike verb er subjektlause i streng forstand. Hit høyrer verb som det nullverdige rigna sv.vb. regne, det einverdige kala st.vb. fryse og det toverdige dreyma sv.vb. drøyme. Rignir þá allan dag. Då regner det heile dagen. Hann [akk.] kól sem aðra hundtík. Han fraus som ei anna bikkje. Baldr inn góða [akk.] dreymdi drauma stóra ok hǽttiliga [akk.] um líf sitt. Den gode Balder drøymde store og farlege draumar om livet sitt. 2. I moderne norsk har nullverdige verb fått formelt subjekt, rignir > det regner. Ved einverdige og toverdige verb plar derimot personobjektet rykkje opp på subjektplassen, t.d. mik kell > eg frys og mik dreymir draum > eg drøymer ein draum. Småsetningar Fig. 11:1 Verb som ikkje tek subjekt i norrønt. 138 Akkusativ med infinitiv. Akkusativ med infinitiv er ein type småsetning som typisk opptrer etter dei toverdige verba sjá st.vb. sjå, heyra sv.vb. høyre, ǽtla sv.vb. etle, meine, hyggja sv.vb. tenkje, tru, trúa sv.vb. tru og kveða st.vb. seie. Opt hefi ek heyrt yðr þat mǽla. Ofte har eg høyrt dykk seie dette. I denne setninga står yðr þat mǽla som objekt. Dette er ei småsetning der yðr dykk svarar til subjektet, mǽla seie til verbalet og þat det til objektet. 138.1 Underliggjande struktur. Vi kan tenkje oss at småsetninga er avleidd av ei underliggjande, fullstendig setning, þér mǽlið þat de seier dette. Som vist i fig. 11:2 skjer det då to endringar, (1) subjektet blir gjort til objekt og sett i akkusativ,

130 Kap. 11 þér yðr og (2) det finitte verbalet blir gjort infinitt og sett i infinitiv, mǽlið mǽla. Nemninga akkusativ med infinitiv byggjer på nett desse to trekka. Fig. 11:2 Danning av akkusativ med infinitiv 138.2 Tilsvarande konstruksjonar. Konstruksjonar som svarar til akkusativ med infinitiv finst i mange språk, også i moderne norsk. Men då moderne norsk ikkje har akkusativ (utanom i pronomen), blir konstruksjonen omtalt under andre namn, t.d. objekt + objektsinfinitiv eller neksusobjekt. 138.3 Utelating av vera. Verbalet vera kan i enkelte tilfelle utelatast. Trúir þú þann guð [vera] er nú sagðir þú frá? Trur du den [vere] gud som du no har fortalt om? dvs. Trur du han er gud, som du no har fortalt om? 139 Akkusativ med infinitiv ved refleksive verbformer. Akkusativ med infinitiv opptrer også i samband med refleksive former av verb som kveða st.vb. seie og segja sv.vb. seie. Hann kvazk vera vestfirzkr. Han sa seg vere frå Vestfjordane dvs. Han sa at han ætta frå Vestfjordane. En Þórr kvezk mundu róa eina hríð. Og Tor seier seg vilje ro ei stund dvs. Tor seier at han vil ro ei stund. Når det er koreferanse mellom subjektet i oversetninga og subjektet i den underliggjande setninga, skjer det ei refleksivering, hann sik, og subjektet forsvinn i refleksivforma, kvað sik kvazk. Verbalet blir gjort infinitt, er vera. 139.1 Avleiing ved refleksive verbformer. Ved refleksive former blir avleiinga som følgjer: Hann kvað + hann er vestfirzkr Hann kvað + sik er vestfirzkr Hann kvazk vera vestfirzkr. Þórr kveðr + Þórr mun róa eina hríð Þórr kveðr + sik mundu róa eina hríð Þórr kvezk mundu róa eina hríð. 139.2 Preteritum infinitiv. I eksemplet Þórr kvezk mundu róa eina hríð er mundu preteritum infinitiv av munu. Elles er det berre skulu og vilja som har preteritum infinitiv, med formene skyldu og vildu. Denne spesielle infinitiven blir hovudsakleg brukt når verbalet i oversetninga står i preteritum.