Hardanger og Voss museum



Like dokumenter
Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

8. Museum og samlingar

ÅRSMELDING Hardanger og Voss museum. På sporet av ei ny tid

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Kjerneområde Fornying. Kystkultur Industri Kunst Immateriell kulturarv kr til ny fast utstilling ved Norges Fiskerimuseum,

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Val av medlemer og vara medlemer til generalforsamlinga i. Sparebankstiftinga Hardanger

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Handlingsprogram og økonomiplan

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Velkomen til Mork barnehage

Kulturhistoriske registreringar

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

10/60-14/N-211//AMS

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

ÅRSMELDING Hardanger og Voss museum

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Granvin herad Sakspapir

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Granvin herad Sakspapir

Tiltaksplan

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Finansiering av søknaden

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Stemnehandboka for NKSF

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

Hardanger folkemuseum Agatunet Ingebrigt Vik museum Voss folkemuseum Hardanger fartøyvernsenter Kunsthuset Kabuso Granvin bygdetun Kvam bygdetun Årsmelding 2013 Hardanger og Voss museum Administrativt framlegg 24.2.2014

Innhaldsliste Hardanger og Voss museum... 3 Føremål... 3 Organisasjon... 3 Styret... 3 Rådet... 4 Personale... 4 Helse, miljø og tryggleik.... 5 Økonomi... 5 Miljøfyrtårn... 6 Fornying... 6 Museumsfagleg... 7 Forvalting av immateriell kulturarv... 7 Forvalting av materiell kulturarv... 8 Forsking... 9 Formidling ved Hardanger fartøyvernsenter... 9 Formidling ved Kunsthuset Kabuso... 10 Formidling ved Hardanger folkemuseum og Agatunet... 11 Formidling Voss folkemuseum... 11 Formidling ved Granvin bygdatun... 12 Fartøyvern... 12 Fellestenester, rådgjeving og seminar... 13 Særlege prosjekt... 13 Hardingfelesenteret og Master Class... 13 Utviklingsprosjekt på Hardanger fartøyvernsenter... 14 Storeteigen og Bygdagnist... 14 Herand Aktiesagbrug... 14 Reiseliv... 15 Hardanger - den kulturelle fjorden... 15 Hardangersaumkurs... 15 Frivillig arbeid... 15 2 S i d e

Hardanger og Voss museum Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum som omfattar to folkemuseum, eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunsthus for moderne visuell kunst og kammermusikk, eit freda mellomaldertun av nasjonal verdi og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum for hardangerkommunane og Voss kommune. Forretningsadresse er Utne. Føremål Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna utfordringar. Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen. Hardanger og Voss museum skal driva eit nasjonalt senter for fartøyvern. Organisasjon Styret Eva von Hirsch har vore styreleiar. Styret hadde 7 styremøte inkludert eit telefonstyremøte og handsama 40 saker i 2013. Styret hadde fylgjande samansetning: Styremedlem Eva von Hirsch Bjørn Christensen Knut Nes Astrid Farestveit Selsvold Jan Gunnar Strand Torleiv Ljones Beate Gauden Silje Solstad Heidi Richardson Anders Geertsen Oppnemnt av Kvam bm/ Ingebrigt Vik museum Voss folkemuseum Hardanger folkemuseum Hordaland fylkeskommune Agatunet/ Granvin bygdemuseum Hardanger fartøyvernsenter Hardanger fartøyvernsenter Dei tilsette Dei tilsette Dei tilsette 3 S i d e

Rådet Rådet har hatt eitt møte. Ordførar Solfrid Borge er rådsleiar. Rådsmedlem Anved Johan Tveit Ingebjørg Winjum Jon Larsgard Asbjørn Tolo John Opdal Solfrid Borge Hans Petter Thorbjørnsen Hans Petter Ringkjøb Rigmor Skeie Petersen Astrid Soldal Lirhus Erling Aga Lars Brekke Sjur K. Jaastad Martha Rykkje Martin Vik Dagfinn Vik Iril Schau Johansen Ågot Valle Arne Julsrud Berg Oppnemnt av Ordførar i Eidfjord Ordførar i Granvin Ordførar i Jondal Ordførar i Kvam Ordførar i Odda Ordførar i Ullensvang Ordførar i Ulvik Ordførar på Voss Voss folkemuseum Voss folkemuseum Agatunet Granvin bygdemuseum Hardanger folkemuseum Hardanger folkemuseum Ingebrigt Vik Museum Kvam bygdemuseum Hordaland fylkeskommune/kabuso Hardanger fartøyvernsenter Hardanger fartøyvernsenter Personale I 2013 har det vore utført totalt 62 årsverk inkludert 4 lærlingar. 153 personar tok imot løn frå Hardanger og Voss museum. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn, men dei er ulikt fordelt mellom yrkesgruppene. Kvinnene i museet er tilsett i akademiske og merkantile stillingar, medan det berre er tilsett ein kvinneleg handverkar, og ein kvinneleg 4 S i d e

båtbyggjarlærling. Direktøren og fire av i alt sju leiarar er kvinner, medan det er fem kvinner i styret. Hardanger og Voss museum diskriminerer ikkje tilsette eller besøkande i høve alder, kjønn, funksjonshemming, truvedkjenning, kulturell bakgrunn eller seksuell orientering. Helse, miljø og tryggleik. Museet si HMT-målsetting er at museet skal ha eit helsefremmande og inkluderande arbeidsmiljø der ingen blir skada eller sjuke som følgje av arbeid eller arbeidsmiljø. Hardanger og Voss museum er ei IA-verksemd og medlem av bedriftshelsetenesta Grend. Museet er delt i to verneområde med eigne verneombod men felles AMU (arbeidsmiljøutval). AMU hadde fire møte og handsama 29 saker i 2013. Det har vore to mindre kuttskadar med konsultasjon av lege på fartøyvernavdelinga og ei mindre ulykke på Mathilde der ein person fall uheldig på dekk. Sjukefråveret gjekk noko ned i 2013 frå 6,1 til 5,4 %. Det er framleis langtidsfråværet som dreg sjukefråværsprosenten opp. Sjukefråveret varierer stort mellom avdelingane. Fartøyvernavdelinga slit med eit svært høgt langtidsfråvær. Hardanger og Voss museum har ikkje skada eller påverka det ytre miljøet negativt i 2013. Alle tiltak og planar blir vurdert ut frå prinsippet om universell utforming. Økonomi Etter at styret i Hardanger og Voss museum (HVM) vedtok nedlegging av ungdomsavdelinga i desember 2012, har mykje endra seg. 2013 var eit år der me etablerte nye organisatoriske og administrative system, og me måtte slanka organisasjonen kraftig. Me kutta fleire stillingar både i administrasjonen og i museet, men i ettertid såg me at me gjekk for hardt til verks, slik at det museumsfaglege arbeidet vart skadelidande. Me har difor gjort nye justeringar, slik at me kunne bemanna opp igjen i nokre nøkkelposisjonar knytt til det direkte publikumsarbeidet. Me håpar dette vil gje positiv effekt på fagabeidet. Den økonomiske situasjonen blei som nemnt påverka av nedlegginga av barnevernsarbeidet, og underskotet i 2012 medførte redusert eigenkapital i inngangen av 2013. Det har vore eit godt driftsår, og me kom ut med eit positivt årsresultat. Eigenkapitalen vart styrka, og vart til slutt vel 30 % av totalbalansen. Likviditeten er tilfredstillande som fylgje av forskotsbetalte tilskot og inneståande på pensjonspremiefondet. Me fekk ein uventa positiv endring av pensjonspremiefondet som styrka driftsresultatet i 2013 med 1.4 millionar. Overskotet på 2.651 millionar blir disponert til annan eigenkapital. 5 S i d e

Kostnadane knytt til løn og pensjon har auka monaleg dei siste åra. Frå 2009 til 2013 gjekk pensjonskostnadane opp frå 9 % til 16 % av budsjetterte personalkostnadar. Dette, saman med eit unikt godt lønnspoppgjer i 2012, gjorde at personalkostnadene ved museet auka frå 55 til 65 % i same periode. Sett bort frå endringa i pensjonspremiefondet som medførte positiv endring av pensjonsutgiftene i 2013, er pensjonsordningane med dagens ytingsbasert offentleg tenestepensjon ikkje berekraftige for museet, og det vil kunna føra med seg nedbemanningar og lågare museumsaktivitet. Tilskota utgjorde den største delen av inntektssida, vel 59 % av budsjettet. Tilskotet frå Kulturdepartementet utgjorde 33 % og Riksantikvaren 10 %, medan tilskotet frå lokalt og regionalt nivå utgjorde 51%. Ulike prosjekttilskot utgjorde 6 %. Handverkstenestene ved Hardanger fartøyvernsenter genererer det meste av eigeninntektene, men me sel også handverkstenester knytt til bygningsvern til eksterne prosjekt. I tillegg sel me sjølvsagt billettar, og har noko sal frå kafé og butikk sjølv om det har vist seg vanskeleg å tena pengar på dette salet. Noko av verksemda ved HVM er eksternt finansiert gjennom ulike tilskotsordningar, både frå privat og offentleg sektor. Me får hovudsakleg støtte frå gåveordningane, sponsormarknaden i regionen er vanskeleg. Næringslivet her består stort sett av små og mellomstore verksemder, som korkje har tradisjon eller økonomisk berekraft for sponsing. Miljøfyrtårn Museet sitt mål er å vera ei miljøvenleg verksemd, og me er godkjent som miljøfyrtårn. For å driva fram dette arbeidet er det utpeika ein miljøfyrtårnleiar og AMU følgjer opp arbeidet på AMU-møta. I tillegg til registrering av energibruk, forbruksvarer og flyreiser, er det eit større fokus på enøktiltak basert på gjennomførte enøkanalysar. Som del av sertifiseringa har me forplikta oss til å kjeldesortera avfall, og få ned energiforbruket generelt, men særleg knytt til driftsbygningane våre. Verksemda viser framgang i høve kjeldesortering og Hmt, men me har framleis noko å gå på i høve eigen transport, og i å setja krav til leverandørane våre. Fornying I 2013 har museet gått gjennom ein prosess etter nedlegginga av barnevernsavdelinga. Identiteten til verksemda vart brote ned og måtte byggjast opp at. I 2013 har me difor arbeidd med å ta eit steg vidare. Me har vore konsoliderte i seks år, og nytta dette høvet til å ta ein fot i bakken, og vurdera om me i det store og heile er på rett veg. For å hjelpa oss med desse vurderingane leigde me inn Sonconsult ved Trygve Nordby. Han gjennomførte ein stor organisasjonsgjennomgang, og intervjua mellom anna vel 30 personar og institusjonar med 6 S i d e

interesse i HVM. Gjennomgangen var svært nyttig og lærerik, og gav oss ei god retning å jobba mot i vidareutviklinga av organisasjonen, både i høve styringsstruktur og intern organisering. Parallelt med denne organisasjonsgjennomgangen har me arbeidd med ein ny langsiktig strategiplan. Arbeidet kviler til ei viss grad på organisasjonsgjennomgangen, men det er fyrst og fremst den faglege retninga som vert spissa. Diskusjonane rundt samfunnsrolla vår har vore viktige grunnlag i arbeidet, og me har forsøkt å involvera alle fagpersonane i samtalane. HVM deltek aktivt i nokre nasjonale museumsnettverk. Det er viktig for oss at me er aktive i dei nettverka me er med i, og at me har fagleg nytte av nettverka. Museet er i gang med eit større samarbeidsprosjekt med Maritim museum of Gdansk. Dette er eit EØS-støtta kulturutvekslingsprosjekt. Gjensidig besøk, hospitering og opplæring har stått sentralt i denne fyrste perioden. Me har også innleidd eit samarbeid med organisasjonen Association Ivan Patzaichin-Mila 23 i Romania, som planlegg oppbygging av eit tiltak etter modell av Hardanger fartøyvernsenter. Me har deltatt på eit partnarskapsmøte, og er partnar i ein søknad om EØS-midlar. I 2013 starta me to større byggjeprosjekt ved Hardanger fartøyvernsenter. Det eine er eit nytt hus over båtslippen, det andre er flytting av publikumsmottaket ned på bakkeplan og inn i fyrste høgda i eit av sjøhusa. Så langt har me berre klart å fullfinansiera det fyrste prosjektet. Samarbeidet med den amerikanske kunstnaren James Turrell om Skyspace i Øystese held fram, og me har arbeidd mykje med å skaffa restfinansiering. Museumsfagleg Forvalting av immateriell kulturarv Me forvaltar fleire tradisjonelle handverksfag, som er ein viktig del av samlinga vår. Dei maritime faga er fartøybyggjar, småbåtbyggjar, skipssmed, reipslagar og bestmann. I tillegg satsar me på folkekultur, gjennom tradisjonelt bygningshandverk, hardangersaum, felemakar og felespelar. Me tek vare på handverksfaga gjennom prosessuell restaurering av bygg og fartøy, og me driv aktiv produksjon for å ta vare på handverk gjennom praksis. Forvaltinga av desse faga ligg ofte i skjeringspunktet mellom kunnskapsproduksjon, forsking og forvalting. Gjennom aktiv bruk og kunnskapsinnhenting sikrar me den immaterielle kulturarven for ettertida. Den immaterielle kulturarven har som oftast ei materiell side. For å ta vare på til dømes båtbyggjarfaget må me byggja båt. Det blei bygd éin ny strandebarmar i 2013, og det 7 S i d e

har vore fleire arbeid på større fartøy gjennom heile året. Innanfor bygningsvernet har me gjort ein stor jobb for Ullensvang herad på Hesthamar skrivargard, med restaurering av vindauge, og me har vølt tak i Agatunet og Mølstertunet. Me arrangerte kurs med interne og eksterne deltakarar i tørrmuring, maritime verktøy, og me hadde vekelange kurs i reipslaging og i hardangersaum. Folkemusikk og hardingfele har i fleire år vore satsingsområde for museet. I 2013 sette me opp att felemakarverkstaden på Utne og inngjekk avtale med felemakar Arne Jordan. Frå 2014 skal han nytta verkstaden til eigne arbeid og ha tilsyn og vedlikehald av den unike felesamlinga til museet. Me har også arrangert Masterclass Hardanger, der ti elevar har gått gjennom ei spesialtilpassa opplæring over eit halvt år. Kurset hadde stor søknad, og elevane blei valde ut etter ei kvalitativ vurdering. Etter mange års arbeid opp mot utdanningsdirektoratet fekk me endeleg reipslagarfaget formelt godkjent som eige lærefag på nytt. Dette er viktig for å sikra rekrutteringa til faget. Forvalting av materiell kulturarv Som nemnt over har me gjort ein del vedlikehald og restaurering på bygg og fartøy. Det blir jobba kontinuerleg med registrering i Primus og publisering på Digitalt museum. I tekstilmagasinet på Hardanger folkemuseum har me dette året gjort eit krafttak for å betra dei fysiske tilhøva i magasinet og for å få registrert samlinga. Det er kjøpt inn nye magasinskuffer, og me hadde ein praksisstudent som i tre månader gjorde ein god jobb med å registrera og arbeida med tekstilane. Tekstilsamlinga til Kvam bygdemuseum er også sikra dette året. Tekstilane vart frosne hjå Bevaringstenestene i Hordaland, før me flytta dei til Hardanger folkemuseum for registrering og magasinering. Voss kommune selde Norsk kunsthandverksskule i 2013. Skulen, som vart nedlagd for nokre år sidan, vart grunnlagt i 1920 av Magnus Dagestad. HVM overtok ei stor mengd teikningar, gjenstandar, verktøy og bøker. Me er i gang med å sortera og vurdera verdien av samlinga, men det vil ta tid før dette arbeidet er ferdig. Voss folkemuseum har ei stor boksamling, der ein har starta ei ny-registrering etter at dei gamle registreringane forsvann i ein datakrasj. Brannsprinklinga i Agatunet har halde fram. To nye hus er sprinkla med midlar frå Norsk kulturråd. Varslingsanlegget er òg skifta ut i tunet. I samarbeid med Museumsnettverket for kystkultur og fiskeri har me leia eit arbeid i utviklinga av eit handterleg system for registrering og forvalting av små og opne båtar i 8 S i d e

musea. Arbeidet er gjort i samarbeid med Forbundet Kysten, som har sett i gang registrering på frivillig basis i Tradisjonsbåtregisteret, som ligg under Lokalhistoriewiki. Det er eit ope og tilgjengeleg register for alle som ynskjer å registrera privateigde båtar. I musea skjer dette arbeidet i Primus. Me arrangerte ein workshop på Hardanger fartøyvernsenter for å samla kunnskapen som alt finst på området. Forsking Det store forskingsarbeidet dette året har vore knytt til arbeidet med boka om og bygginga av den særeigne færingen kalla strandebarmar. Småbåtbyggjaren vår har gjennom mange år gjort eit stort og grundig dokumentasjonsarbeid, der han har intervjua, filma og fotografert gamle båtbyggjarar i Hardanger. Til liks med mange andre som har ynskt å gjera eit dokumentasjonsarbeid på dette feltet, har han erfart at det berre er etter lengre tids relasjonsbygging at ein får innpass og blir verdsett nok til at dei gamle handverkarane vidareformidlar kunnskapen sin. Småbåtbyggjaren vår har i fleire periodar arbeidd tett på desse gamle båtbyggjarane, og har etter kvart fått nok tillit til at han har fått innblikk i deira kunnskap. Reipslagaren vår har samarbeidd med SIKA/NHU om dokumentasjon av gamal utdrivarteknologi. Arbeidet blei utført ved ein utdrivarbane på Gotland. Me har òg arbeidd med eit hefte knytt til det nasjonale prosjektet Fortellinger om Kystnorge. Prosjektet skal gjennom nokre maritime nasjonale rammeforteljingar synleggjera det kulturhistoriske bakteppet for nasjonsbygginga, og bidraget vårt skal løfta fram småbåttradisjonane langs kysten. Dei fire bygningsvernkonsulentane i Hordaland har sitt eige nettverk. I år har dei starta eit prosjekt der dei skriv i bilaget Hus og hjem i BT. Kvar veke vert det publisert ein liten artikkel med eit foto om eit freda hus i Hordaland. Skrivinga går på omgang, og dei skriv frå sitt eige distrikt. Når prosjektet er ferdig skal dette verta ei bok. Dei skriv om hus som er registrerte i databasen Askeladden. HVM gjev ut det årlege magasinet Fartøyvern, med 11 fagartiklar og eit opplag på 800. I samarbeid med Voss Sogelag og Voss Bygdeboknemnd gav me i år ut den 45. utgåva av årboka Gamalt frå Voss med eit opplag på 1000. Formidling ved Hardanger fartøyvernsenter Hovudsatsinga ved Hardanger fartøyvernsenter var i 2013 prosjektet Human Roots. I 10 dagar var senteret åstaden for ein stor kunst- og kulturworkshop. Human Roots arbeidde 9 S i d e

også saman hausten 2011 med å produsera ei mosaikkutsmykking til gamlebyen i Bir Zeit i Palestina. Då arbeidde dei mellom anna med gammalt og nytt vyrke av oliventre. Det deltok åtte kunstnarar frå Palestina og 11 frå Noreg, av dei var tre frå Hardanger. I workshopen som munna ut i ei utstilling, blei det laga installasjonar av nye og brukte tau, fiskegarn og nøter. Reipslagarteknikken var sentral, og det var difor arbeidsfellesskapet var på fartøyvernsenteret. Reipslagar Ingunn Undrum var instruktør og viste korleis eit tradisjonelt handverk kunne brukast på nye måtar. Hardanger fartøyvernsenter er eit levande verft, og det er dei levande verkstadane og aktivitetane på verftet som hovudtilbodet til publikum. Dei faste utstillingane om Reipslagarfaget og HSD blei vist i tillegg til utstillinga Tett på Kystkvardagen med fotografi av Anders P. Wallevik. Undervisningstilbodet varierer mellom faste og skiftande opplegg. Alle elevane i Kvam i 6. og 8. trinn deltok på respektivt opplegga Ut og ro og Reipslaging som er ein del av Den kulturelle skulesekken. For tredje året på rad vart det samarbeida med Redningsselskapet om sommarskule for born, og det var 7 vekers leirskule på Mathilde. Museumstokta i 2013 gjekk til Fusa og Tysnes og hadde fraktefart og Nordlandsfart som tema. Det blei også halde eit vekeskurs i reipslaging for ein svensk folkehøgskule. Med støtte frå Den kulturelle spaserstokken vitja me fire institusjonar for eldre med tilpassa program. Senteret er medarrangør av Hardanger trebåtfestival og deltok på Norsteam, Risør trebåtfestival, vikingarrangementet på Avaldsnes og Tysnesfest. Formidling ved Kunsthuset Kabuso 2013 var eit aktivt utstillingsår i Kabuso med 6 hovudutstillingar. Den fyste var Grøne sjøar og blått blod. Utgangspunktet for denne utstillinga var Folgefonna. Fleire kunstnarane viste fonna i bilete og lyd. I Vestlandsutstillinga tegnnearfar, hadde 25 kunstnarar med tilknyting til Vestlandet blitt utfordra på tematikken nærleik og avstand. Sommarens hovudutstilling var med dei kinesiske kunstnarane Wang Baoju, Si Mayuan og Zhou Feng. I Walk a mile in my shoes tilnærma dei seg tematikken feminisme på ulikt vis. Utstillinga var ein del av 100-års jubileet for kvinners stemmerett. Den kinesiske utstillingssesongen blei fylgt opp med utstillinga All that is solid melts into air. Her viser ei gruppe unge kinesiske kunstarar ulike sider ved samfunnet og kvardagen dei lever i. Den finske kunstnaren Heli Rekula viste fotoutstillinga In Hemingways garden. Sesongen vart avslutta med hardingpuls si jubileumsutstillinga Glød som markerte organisasjonens 20- års jubileum. 10 S i d e

Kabuso arrangerte 25 konsertar i 2013 i spennet frå kakaokonsertar til klassisk, jazz, populærmusikk og folkemusikk. I samband med utstillinga Grøne sjøar og blått blod blei det arrangert fire konsertar. Det vart utarbeidd undervisningsopplegg til alle utstillingane og alle skulane og barnehagane fekk invitasjon. Med støtte frå Den kulturelle spaserstokken var det fleire ekstra senioraktivitetar. Formidling ved Hardanger folkemuseum og Agatunet Hovudsatsing i jubileumsåret for kvinnene sin stemmerett var kunstutstillinga Transformation av den norskegyptiske kunstnare Britt Boutros Ghali. Utstillinga er basert på ei heil rekkje kvinneportrett der kunstnaren ynskjer å styrkja kvinnene si rolle i Midtausten. Målet til museet var å visa at linjene i kvinnene sin frigjeringskamp båre er historiske og samtidige. Mot slutten av året viste me utstillinga Holland i Hardanger som var ei utstilling av nederlandske kunstnarar som bur og arbeider i Hardanger. På Skredhaugen var det kunstnaren Cato Løland med utstillinga Soft walls hard work som var sommarens hovudattraksjon. Diktardagen vart arrangert i samarbeid med Olav H. Haugesenteret i Ulvik. Arvid Torgeir Lie som vart 75 år denne dagen, var diktar i år. Einar Økland kåserte om Lie si dikting og arrangementet vart avslutta med konsert av trekkspelar Linda Gryti. Felebyggjaren Trond Botnen var 300 år i 2013. Dette vart markert med eit arrangement og ein jubileumskonsert. Det vart arrangert 18 folkemusikkkonsertar. Dei aller fleste var på den nye, men alt vel renommerte Folkemusikkscena på Hardanger folkemuseum. Me hadde eit breitt spekter av undervisningsopplegg dette året. I alt 11 opplegg for grunnskulen, og eit opplegg for Utne barnehage som går over fleire besøk. Til saman 2000 elevar har fått undervisning anten på Hardanger folkemuseum, Agatunet og Skredhaugen. Formidling Voss folkemuseum R vore fem utstillingar på Voss folkemuseum i 2013. Den fyrste var resultat av eit større dokumentasjons- og kunnskapsprosjekt om jentehovudband for ugifte jenter med tittelen - her dansar jenta med band i hår, og fletton radt nedpå marki når. Sommarutstillinga På sporet av ei anna tid, var ei forteljing om jernbanen si historie på Voss. Utstillinga om Jenny Arnesen var ein hyllest til føregangskvinna i samband med Stemmerettsjubileet. Det vart utarbeidd eigne undervisningsopplegg til dei fleste utstillingane. I tillegg vart det arrangert eit to vekers opplegg om primstaven for 6. klasse og leikedag for 2. klassingane. 11 S i d e

Mot slutten av året vart det halde mangfaldsdagar i samarbeid med vaksenopplæringa på Voss. Tema var førjulstid på Mølster for 100 år sidan og målet var å gje deltakarane ei kulturoppleving i eit utvida klasserom, gje dei kunnskap om norsk folketru og styrkja kulturell tilhøyring. Formidling ved Granvin bygdatun Granvin bygdemuseum var ope for omvising kvar dag juli månad med ein tilsett omvisar, elles gjer Bygdatunets vener ein stor jobb med å halda aktivitet i tunet. Kvar torsdag i juli har det vore enkel servering og minikonsert med elevar frå kulturskulen. I alt 4 konsertar der 8 elevar underheldt, og det har vore boklansering av boka Stølar i Granvinfjell. Bygdatunet har hatt vitjing av to klassar ved Granvin barne- og ungdomsskule. Gjennom hausten har Knut Hamre nytta Løflotsstova til undervisning av Masterclass elevar på hardingfele. Mange har nytta bygdatunet til ulike arrangement gjennom året, mellom anna heldt dei tilsette på ferjestrekninga Bruravik Brimnes avslutningsfest for sambandet Dei to grindverksbygga som har vore planlagt i fleire år, vart ferdige. Mykje godt dugnadsarbeid frå Bygdatunets vener var sterkt medverkande til dette. Også i år har det kome mange verdifulle gåver til Granvin bygdemuseum. Utfordringa no er at alle husa er meir eller mindre fulle av gjenstandar, både registrerte men også svært mange som ikkje er registrerte. I åra framover vert det eit stort arbeid å få registrert alle dei nye gåvene/gjenstandane som er komne til tunet. Fartøyvern I 2013 har fartøyvernavdelinga hatt bra med oppdrag. Mange av oppdraga, mellom anna det største, er rett nok ikkje finansiert av Riksantikvaren. Rekruttering av vikarar og engasjementsstillingar var naudsynt både av omsyn til sjukemeldingar og permisjonar, og for å bemanna i forhold til oppdrag. Dette året har me hatt større istandsettingsoppdrag på fem verna og freda fartøy: D/S Stord 1, M/S Arnafjord, Gjøa, T/B Ørnen og M/F Storegut, i tillegg til arbeid utført på eigne fartøy. Me har eit større oppdrag på M/S Gå På, eitt fartøy som ikkje er verna av Riksantikvaren. Dette prosjektet har tatt store deler av kapasiteten gjennom året. Me leige oss ut ein mann til fullriggaren Sørlandet for div. arbeid. 7 restaureringsrapportar er gjort ferdige i 2013, 4 av desse går inn i rapportserien. 12 S i d e

Av fleire grunnar har me ynskt å engasjera oss i bygningsvern. I 2013 har me hatt eit prosjekt med å reparera to tak og skifta kledning på to veggar på Storeteigen, Kvam bygdemuseum. Vidare er den lafta smia teken ned og me har teke til å setja ho i stand. Fellestenester, rådgjeving og seminar I mars møttest dei tre norske fartøyvernsentra i Norheimsund for å drøfta faglege spørsmål knytt til oppgåver gitt i tildelingsbrevet frå Riksantikvaren. Tema var m.a. mal for dokumentasjon, forvaltningsplan for freda fartøy, tilstandsvurdering, Delebanken, faktaark, tryggleikssystem og kurs/seminar ved sentra. Eit faktaark blei utarbeid og publisert i 2013. Rådgjeving og rettleiing i høve restaurering og vedlikehald blir gjennomført i mange samanhengar både på fartøy me arbeider på og på andre prosjekt. Dette er ein viktig del av bidraget vårt i det nasjonale vernefeltet. Kurs og seminar har vorte ein stor aktivitet ved senteret. Det årlege 2 dagars «Fjordabåtseminaret» hadde dette året 30 deltakarar og temaet var dokumentasjon. Gaffelriggseminaret samla 36 deltakarar frå Sverige, Danmark og Noreg over 4 dagar. Verktøyseminaret med tema bor og festemiddle samla 17 deltakarar og 6 innleiarar over 3 dagar. Særlege prosjekt Hardingfelesenteret og Master Class Våren 2013 vart forprosjektet til Hardingfelesenteret avslutta og rapporten vart vedteken av styret i Hardanger og Voss museum. Me fekk midlar frå Hordaland fylkeskommune til hovudprosjektet og det vart gjennomført ei lita anbodskonkurranse. Stein Storsul og firmaet Nasjonalmonument ved Jarl Holstad vart leigd inn for prosjektleiing. Det har vore jobba med konseptutvikling og forankring. Konsulentane har vore på intervjurunde hjå fleire aktuelle personar i folkemusikkmiljøet og relevante institusjonar. I haust vart styringsgruppa utvida med Anne Aune som er Hordaland fylkeskommune sin representant og Bjørn Aksdal frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Som eit pilotprosjekt under Hardingfelesenteret arrangerte me Master Class for vidarekomne hardingfeleelevar. Det kom inn 18 søkjarar til dei 10 plassane. Alle deltakarane fekk inntil 10 undervisingstimar kvar med meisterspelemann Knut Hamre. MCH vart avslutta med samling på museet og masterkonsert i Trudvang i Granvin på nyåret. 13 S i d e

Utviklingsprosjekt på Hardanger fartøyvernsenter Ved Hardanger fartøyvernsenter har det dette året vore to store utviklingsprosjekt. Det første er ei totalombygging av slipphuset. Dette bygget har ved fleire høve vore for lite til fartøy me skulle ha opp på slipp. I tillegg tok alderen til å merkast på bygget. Derfor bestemte me å byggja eit nytt hus. Det vart valt ein limtrekonstruksjon levert av Vestnorsk limtre. Grunnarbeidet med forskaling og støyping medførte store utfordringa på grunn av grunn av dårlege tilhøve og høg vasstand. Me fekk dermed ein forholdsvis stor kostnadsprekk på denne delen av prosjektet. Elles blir bygget svært bra og vil gjera tilhøva både for fartøya og dei tilsette mykje betre. Etter opning av strandvegen mellom Hardanger fartøyvernsenter og Norheimsund sentrum vart det bestemt at me skulle flytta publikumsmottaket vårt ned i fyrste høgda i sjøhuset. På denne måten får publikum direkte tilgang til senteret via strandvegen. Planane er at kafe og butikk også skal flyttast ned, men dette er krevjande og vil ta litt lengre tid. Me hadde ein markant publikumsauke etter denne endringa. Storeteigen og Bygdagnist Hardanger og Voss museum har i samarbeid med Kvam herad sett ut drifta av Storeteigen bygdemuseum til firmaet Bygdagnist. Vertskapet bur og driv ei allsidig verksemd i tunet og har starta arbeidet med å etablera Storeteigen som ein kulturell møtestad og arena for kulturell innovasjon. I tillegg har dei hatt eit imponerande tal med små og store arrangement. Barnehagar, Sfo, ferieklubben, aldersheimen osv har nytta tilboda ved Storeteigen. I tillegg har venelaget etablert seg, og eit bryggjarlaug (tradisjonell øl brygging) har sett dagens lys dette året. Herand Aktiesagbrug Drift av sagbruket er eit viktig kompetanseprosjekt,i tråd med intensjonsavtale mellom Hardanger og Voss museum og Herand Aktiesagbrug. Avtalen seier at me skal overta drifta når støtte frå Hordaland fylkeskommune er på plass. Hordaland fylkeskommune har understreka at den immaterielle sida ved oppgangssaga i Herand er svært viktig. Dessverre sa den tilsette sagføraren opp stillinga si vinteren 2012, noko som skapte eit akutt behov for arbeidskraft på saga. Ein båtbyggjar frå Hardanger fartøyvernsenter som har opplæring på saga, kunne me ikkje sleppe ut av produksjonen på senteret i 2013. Fungerande sagførar i 2013 har såleis vore Johan Haugen. Ved årsskiftet er det ikkje klart med ei ny permanent løysing på sagførarstillinga. 14 S i d e

Reiseliv Hardanger - den kulturelle fjorden 2013 var det fyrste av tre år i hovudprosjektet til Den kulturelle fjorden, der målet er å få veteranskip til å gå i fast turistrute i Hardanger. Prosjektet er støtta av NCE Fjord Norge, Fjord Tours, Innovasjon Norge, Hordaland fylkeskommune, Riksantikvaren og Hardangerrådet. Alle tiltaka vart gjennomført innan oppsett tidsplan og økonomiske kostnadsråmer. Gjennom tolv veker med drift, spørjeundersøkingar, guidekurs, kompetanseheving av aktørar og studietur har me lært mykje som vil gje oss eit betre grunnlag til å innarbeida veteranbåtcruise som eit fast innslag på fjorden. I oppbyggingsfasen har det vore ei utfordring å skapa eit stort nok publikumsgrunnlag til satsinga, men prøvedrifta har gitt oss gode erfaringar og mange positive tilbakemeldingar. Det er inspirerande at 99 % av dei spurde vil tilrår cruisa. Det vil likevel ta tid å innarbeida ei rute og byggja opp eit kundegrunnlag som gjer prosjektet økonomisk berekraftig. Me har tatt fatt på eit langsiktig arbeid. Hardangersaumkurs Hardanger folkemuseum har i fleire år arbeidd for å etablera kurs i Hardangersaum som eit reiselivsprodukt. I 2013 måtte kurset dessverre avlysast på grunn av for få påmeldte, men me fekk ny giv då me vart valt ut som ein av tolv aktørar blant 170 søkjarar som fekk kr. 150.000,- frå kulturdepartementet til samarbeidsprosjekt med reiselivet. Dette prosjektet skal gå over tre år og skal etablera hardangersaumkurs som eit reiselivsprodukt retta mot ein internasjonalt marknad. Prosjektet fekk og 100.000,- i støtte frå Regionalt næringsfond Hardanger. Det er etablert ei stryringsgruppe der Hans Jørgen Andersen frå Reisemål Hardangerfjord og Kjetil Widding frå Utne Hotell er med. Prosjektet startar i 2014. Frivillig arbeid Det er fleire frivillige grupper som arbeider for ulike deler av verksemda ved Hardanger og Voss museum. Heile Granvin bygdemuseum blir drive av venelaget i samarbeid med Granvin kommune. Skredhaugens vener er eit av dei andre aktive laga. Dei arrangerte fleire tilstellingar gjennom sesongen og tek eit stort ansvar på Skredhaugen. I Agatunet er det fleire grupper i arbeid. Kunstgruppa arrangerer den årlege sommarutstillingar. Årets sommarutstilling viste verk av dei fem kunstnarane og kunsthandverkarane Lisa Him Jensen, Linda Lid, Johild Mæland, Solveig Stentvedt og Grethe Unstad. Venelaget i Agatunet, har denne sesongen gjort ein stor jobb med å sikra at tunet kan halda ope sju dagar i veka 15 S i d e

gjennom å ta på seg fleire kafè- og omvisarvakter. På Storeteigen er eit venelag også etablert. Dei hadde ansvar for fleire godt besøkte arrangement i samarbeid med vertskapet på tunet. I 2013 vart det oppretta ein frivillig organisasjon omkring M/Y Faun. Laget presenterte m.a. Faun på den store festivalen Fjordsteam i Bergen i august. Venene til Hardanger og Voss museum gjer ein stor og viktig jobb for museet, og me er svært takksamme for dette engasjementet. Me vonar å utvikla dette vidare i åra som kjem. 16 S i d e

Utne, 24. februar 2014 Bjørn Christensen Eva von Hirsch Astrid Farestveit Selsvold Styreleiar Johannes D. Neteland Jan Gunnar Strand Beate Gauden Lid Knut J. Nes Anders Geertsen Helena Kjepso Heidi Richardson Trude H. Letnes Direktør 17 S i d e