AUST-AGDER FYLKESKOMMUNE Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL 2017/1540-10 Sigrid Bjørgum sigrid.bjorgum@bykle.kommune.no 14.05.2019 Melding om vedtak Vannregion Agder, høyring av planprogram og hovedutfordringar Saksprotokoll i Planutval - 13.05.2019 og Kommunestyret 27.05.2019 Handsaming: Saka vart drøfta og tilrådinga samrøystes vedteke. Vedtak: Bykle kommune er samd i mange av dei punkta som vert skildra i høyringsdokumenta, og meiner Fylkeskommunen har lagt ned eit stort og viktig arbeid. Kvalitet på vatnet er svært godt frå naturen side, men vi må vere forsiktige med areala våre slik at det fortsett slik. Bykle er ein stor magasinkommune i vasskraftsamanheng, der særleg mange fjellområde har endra karakter på grunn av dette. Det er starta prosess med revisjon av konsesjonsvilkår for Otrautbygginga. I den samanheng er det viktig at denne regionalplanen og revisjonsdokumenta er samstemte. Med helsing Bykle kommune Sigrid Bjørgum rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. side 1 av 6
side 2 av 6
Saksmappe: 2017/1540 Sakshandsamar: SBJ Dato: 05.04.2019 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 66/19 Planutval 13.05.2019 Kommunestyre Vannregion Agder, høyring av planprogram og hovudutfordringar Saksprotokoll i Planutval - 13.05.2019 Handsaming: Saka vart drøfta og tilrådinga samrøystes vedteke. Vedtak: Bykle kommune er samd i mange av dei punkta som vert skildra i høyringsdokumenta, og meiner Fylkeskommunen har lagt ned eit stort og viktig arbeid. Kvalitet på vatnet er svært godt frå naturen side, men vi må vere forsiktige med areala våre slik at det fortsett slik. Bykle er ein stor magasinkommune i vasskraftsamanheng, der særleg mange fjellområde har endra karakter på grunn av dette. Det er starta prosess med revisjon av konsesjonsvilkår for Otrautbygginga. I den samanheng er det viktig at denne regionalplanen og revisjonsdokumenta er samstemte. Rådmannen si tilråding: Bykle kommune er samd i mange av dei punkta som vert skildra i høyringsdokumenta, og meiner Fylkeskommunen har lagt ned eit stort og viktig arbeid. Kvalitet på vatnet er svært godt frå naturen side, men vi må vere forsiktige med areala våre slik at det fortsett slik. Bykle er ein stor magasinkommune i vasskraftsamanheng, der særleg mange fjellområde har endra karakter på grunn av dette. Det er starta prosess med revisjon av konsesjonsvilkår for Otrautbygginga. I den samanheng er det viktig at denne regionalplanen og revisjonsdokumenta er samstemte. side 3 av 6
SAKSUTGREIING Samandrag/ konklusjon Høyringa gjeld to ting: 1.Planprogrammet til «Regionalplan for vannforvaltning for vannregion Agder 2022-2027. 2.Hovudutfordringar for vannregion Agder. Høyringsfrist er 03.07.2019. Neste haust kjem så høyring av sjølve planen og tiltaksprogrammet. Det er kanskje det som betyr mest. Bakgrunn for saka Noreg har gjennom EUs vanndirektiv forplikta seg til å lage vannforvaltingsplanar for alle vannregionane i landet. Det er ein seks års syklus på dette. I Agder har vi ein som gjeld frå 2016-2021. Dette er regionale planar. Formelt grunnlag EUs vanndirektiv. PBL 8.1 Regional plan Vurderingar og konsekvensar Planprogram Her er vist framdriftsplan for arbeidet med ny regional plan. side 4 av 6
Det er desse spørsmåla dei særleg ynskjer svar på i høyringa: Er det tydlege når og korleis ulike mynde skal ta del i planlegginga? Er det tydlege når og på kva måte ulike interessentar kan medverke i arbeidet fram mot revidert og oppdatert forvaltingsplan og tiltaksprogram? Er det innspel på tema eller utgreiingar som bør utarbeidast i tillegg til det som alt står i planprogrammet? Er det framlegg til forbedringar i planprogrammet? Mangler det tema i lista over utgreiigar sv konsekvensane for miljø og samfunn? Er det innspel til konkrete tiltak som bør vurderast og utgreiast og eventuelle prioriteringar i det vidare planarbeidet. Er det behov for regionale planbestemmelsar eller retningsliner knytta til spesielle tema i vannforvaltingsplanen? Tema og utgreiingar fram mot ein vedteken forvaltingsplan som er prioritert frå KMD er: Styrke kunnskapsgrunnlaget. Oppdatere miljømål, unntak og tiltak Kostnadsanalyse og nyttebeskrivelse. Klimaendring og klimatilpassing Plastforureining Beskytta område (drikkevatn, viktig for akvatiske artar, badeplassar, habitat,arter og område følsomme for næringsstoff) Hovudutfordringar: Her ynskjer ein særleg svar på: Er miljøtilstand og påverknad er rett skildra? Har vi andre data som kan gi ei betre skildring? Er alle viktige interesser teke i vare? Er det innspel til prioriteringar? Målet er at alt vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand. Grunnen til at vatnet ikkje oppnår dette kan vere ureining, framande artar, og utbygging. Nokre vannforkomstar oppnår ikkje dette på grunn av vasskraftutbygging. For desse blir tilstanden vurdert etter kor god den kan bli, utan at det går ut over samfunnsnytta. For Bykle sin del er det viktig at vi kan kople saman desse to prosessane som pågår når det gjeld vatn, regionalplan og revisjon av konsesjonsvilkår. Kunnskap frå regionalplan må brukast aktivt i revisjonsprosessane og vi må få drahjelp frå regionalt hald til å ivareta vår lokale interesser samtidig som vi framleis skal produsere rein energi. Hovudutfordringa for Bykle er å ta godt vare på drikkevasskjeldene, unngå tiltak som øydelegg fiske i vatn og vassdrag, samt å prøve å unngå spreiinga av ørekyt. Konsekvensar for folkehelse Særleg dette med reint drikkevatn er svært viktig. side 5 av 6
Bykle,05.04.19 Rådmann Vedlegg: Melding om vedtak blir sendt til: postmottak@vaf.no side 6 av 6