Fyresdal kommune Møteprotokoll Utval: Formannskap Møtestad: Kommunehuset Dato: 20.11.2012 Tid: 10:00 11:50 Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Erik Skjervagen Ordførar AP Siw Berve Varaordførar AP Anne Serine Nærum Medlem AP Bjørn Nome Medlem SP Saamund Gjersund Medlem BL Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Ketil O. Kiland rådmann Kjersti Bergland utvalssekretær Saker til handsaming:(sak nr./år, f.o.m. t.o.m.) 48/12 49/12 Merknader til møteboka: Godkjenning av protokoll: Erik Skjervagen utvalsleiar Fellestenesta utvalssekretær Rådmannen si godkjenning, jfr. sakshandsamingsrutiner pkt. 12.0: Ketil O. Kiland rådmann
Saksliste Utvalssaksnr PS 48/12 RS 43/12 RS 44/12 PS 49/12 Innhald Referatsaker Orientering frå administrasjonen Økonomigjennomgang Kurs i BBRS Parallell Akupunktur - forebyggande helsearbeid og supplement til ordinær legebehandling/terapi Lukka møte(x) Fyresdal Erik Skjervagen Ordførar utvalssekretær
PS 48/12 Referatsaker RS 43/12 Orientering frå administrasjonen RS 44/12 Økonomigjennomgang I møtet: Orientering om framdrift i brannvernsamarbeidet i Vest Telemark. Formannskapet ser positivt på samarbeid på tvers av kommunegrensene der det er hensiktsmessig, men ynskjer ikkje at det vert lagt ned mykje arbeid rundt kommunestrukturdebatten nå.
PS 49/12 Kurs i BBRS Parallell Akupunktur - forebyggande helsearbeid og supplement til ordinær legebehandling/terapi Innstilling frå rådmannen: - Ordføraren, ny kommunelege og to helsemedarbeidarar blir gitt høve til å få opplæring i smerte- og immunterapeutisk parallellakupunktur ved Hugo Nielsens institutt i Danmark. Kostnadane med kursing, reise, diett og overnatting kr 412.000,-, innkjøp av medisinskfagleg utstyr kr 30.000,-, sum kr 442.000,- blir å ta i frå "psykiatrifond" konto 2510008 med kr 272.000,- og fond for "møteplassetablering" konto 2560042 med kr 170.000,-. Det gjevast ikkje kompensasjon for medgått tid utover ordinær arbeidstid. - Ordføraren skal ikkje delta i behandlinga av pasientar og trekker seg snarast råd ut av programmet når behandling av pasientar kjem i gang. Det medisinskfaglege ansvaret ligg til behandlande legar. - Det krevast inn pasientrefusjon for denne behandlinga på same måte som for vanleg - Det opprettast ei prosjektgruppe samansett av ein tillitsvalgt representant, ansvarleg lege og ordføraren som politisk representant. Rådmannen kan utvide denne gruppe med inntil to tilsette med relevant fagkompetanse. Ordføraren er leiar av gruppa. - Det er ein føresetnad at all behandling som nyttast ikkje er i strid med norsk helselovgjeving. Handsaming i Formannskap - 20.11.2012 Framlegg frå ordføraren: Ordføraren ynskjer ikkje å delta på kurset fordi det er reist spørsmål om habilitet. Ny kommunelege og 3 helsemedarbeidarar blir gitt høve til opplæring i smerte og immunterapi parallell akupunktur ved Hugo Nilsen Instituttet i Danmark. Kursopplegget blir dela i to slik at første trinn på 2 helger av 3 dagar i Danmark og 20 uker med oppfølging frå Hugo Nilsen blir løyvd pengar til no. Totale kostnader for del 1 blir då: Kurs og oppfylgjing av pasientbehandling frå Hugo Nilsen kr 150.000,- Reise og diett kr 56.000,- Innkjøp av medisinsk fagleg utstyr kr 30.000,- Totalt kr 236.000,- Pengane løyvast frå konto 2560023 utbytte VTK. Kurset og oppfølging frå Hugo Nilsen blir deretter evaluera, før ein vurderer om ein skal gå vidare med del 2 til same kostnad. Det gjevast ikkje kompensasjon for medgått tid utover arbeidstid med det vert rekna 7,5 times ordinær arbeidsdag for kvar av dei tre dagane. Dei som reiser på kurset må påregne bindingstid. Det medisinsk fagleg ansvaret ligg til behandlande lege. Det krevjast inn pasientrefusjon for denne behandlinga på same måte som for vanleg Det opprettast ein prosjektgruppe samansett av ein tillitsvaltrepresentant, ansvarleg lege og ordførar som politisk representant. Rådmannen kan utvide denne gruppa med inntil to tilsette med relevant fagkompetanse. Ordføraren er leiar av gruppa. Prosjektgruppa får mandat til å kome med framlegg til korleis vi skal organisere vårt arbeid med førebyggjande og alternativ medisin i kommunen. Frist for gruppa er 1. halvår 2013. Det er ein føresetnad at all behandling som nyttast ikkje er i strid med norsk helselovgjeving. Innstilling frå rådmannen vart samrøystes nedstemt. 3 røyster for framlegget frå ordføraren.
2 røyster mot framlegget frå ordføraren. Vedtak i Formannskap - 20.11.2012 Ordføraren ynskjer ikkje å delta på kurset fordi det er reist spørsmål om habilitet. Ny kommunelege og 3 helsemedarbeidarar blir gitt høve til opplæring i smerte og immunterapi parallell akupunktur ved Hugo Nilsen Instituttet i Danmark. Kursopplegget blir dela i to slik at første trinn på 2 helger av 3 dagar i Danmark og 20 uker med oppfølging frå Hugo Nilsen blir løyvd pengar til no. Totale kostnader for del 1 blir då: Kurs og oppfylgjing av pasientbehandling frå Hugo Nilsen kr 150.000,- Reise og diett kr 56.000,- Innkjøp av medisinsk fagleg utstyr kr 30.000,- Totalt kr 236.000,- Pengane løyvast frå konto 2560023 utbytte VTK. Kurset og oppfølging frå Hugo Nilsen blir deretter evaluera, før ein vurderer om ein skal gå vidare med del 2 til same kostnad. Det gjevast ikkje kompensasjon for medgått tid utover arbeidstid med det vert rekna 7,5 times ordinær arbeidsdag for kvar av dei tre dagane. Dei som reiser på kurset må påregne bindingstid. Det medisinsk fagleg ansvaret ligg til behandlande lege. Det krevjast inn pasientrefusjon for denne behandlinga på same måte som for vanleg Det opprettast ein prosjektgruppe samansett av ein tillitsvaltrepresentant, ansvarleg lege og ordførar som politisk representant. Rådmannen kan utvide denne gruppa med inntil to tilsette med relevant fagkompetanse. Ordføraren er leiar av gruppa. Prosjektgruppa får mandat til å kome med framlegg til korleis vi skal organisere vårt arbeid med førebyggjande og alternativ medisin i kommunen. Frist for gruppa er 1. halvår 2013. Det er ein føresetnad at all behandling som nyttast ikkje er i strid med norsk helselovgjeving.