Hå kommune INNKALLING. Barn og unges kommunestyre. Møtestad: Hå rådhus Dato: 06.11.2014 Tidspunkt: Kl. 09:00



Like dokumenter
Protokoll. Barn og unges kommunestyre (BUK) 6. november 2014

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Til deg som bur i fosterheim år

Plan for Liabygda SFO

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Innspell til samfunnsdelen til kommuneplanen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Øystese barneskule April - 08

Tilbakemelding frå elevrådet ved Eid ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kvalitetsplan mot mobbing

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Valdres vidaregåande skule

SULA KOMMUNE Formannskapet

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Månadsbrev for Rosa september 2014

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Finansiering av søknaden

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Kva er økologisk matproduksjon?

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kom skal vi klippe sauen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

5. Soknerådsmøte mai Referat

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Fysisk aktivitet og kosthald

Les for livet - del 2 (Ref # )

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Innkalling til årsmøte i Hå Senterparti 2014

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Transkript:

Hå kommune INNKALLING Barn og unges kommunestyre Møtestad: Hå rådhus Dato: 06.11.2014 Tidspunkt: Kl. 09:00 Eventuelt forfall må meldast til telefon 51 79 30 12 / 51 79 30 28 / 936 60 854. Sakliste Sak nr. Sakstittel 001/14 Val av varaordførar 002/14 Innspel frå elevråda 003/14 Spørsmål 004/14 Fordeling av midlar Varhaug, 28.10.2014 Mons Skrettingland ordførar

Hå kommune Saksnummer Utval Vedtaksdato 001/14 Barn og unges kommunestyre 06.11.2014 Saksbehandlar: Marianne Espedal Boge Sak - journalpost: 14/1857-14/29228 Val av varaordførar Bakgrunn for saka: Det blir valgt ein representant som skal fungera som varaordførar. Han eller ho hjelper ordføraren med å styra kven som skal ha ordet.

Hå kommune Saksnummer Utval Vedtaksdato 002/14 Barn og unges kommunestyre 06.11.2014 Saksbehandlar: Marianne Espedal Boge Sak - journalpost: 14/1857-14/29230 Innspel frå elevråda Bakgrunn for saka: Elevråda har fått følgande spørsmål frå kommunen: - Kva saker meiner de er viktige for barn og unge i Hå? - Korleis kan du påvirka det som blir bestemt i kommunen? - Kva er bra, kva kan bli betre og korleis kan det bli betre? Desse innspela har kome inn: 1 Varhaug skule: - Kva saker meiner de er viktige for barn og unge i Hå? Varhaug skule (sitt elevråd) meiner; At alle har det godt At unge er i aktivitet At unge for lov til å vera med å bestemme At alle har nokon å vera med At ingen gruar seg til å gå på skulen At alle får lov ti å gå på skule At alle kan få vera med på dei fritidsaktivitetane dei har lyst til (at alle får gode helsetilbod gratis Meir fokus på brann og brannøvingar) - Korleis kan du påvirka det som blir bestemt i kommunen? Varhaug skule (sitt elevråd) meiner; Vera bestemt og ha klare meiningar Lovlige demonstrasjonar for å få det vi ynskjer. Til døme: symjehall, fotballbanar, utbygging av skulen Dugnadsarbeid og innsamlingar for å vise at me vil bidra i samfunnet Engasjera oss og fylgje med på det som skjer i kommunen - Kva er bra, kva kan bli betre og korleis kan det bli betre?

Varhaug skule (sitt elevråd) meiner; Det er bra at mange er opne og tolerante mot kvarandre Det er og ein del baksnakking, dette må me få slutt på, sei i frå på ein bestemt måte at det ikkje er greitt. Sei det direkte ti den du har noko i mot Bra at skular blir utbygd og får kantine. (på Varhaug kunne kantina vore større. Byggje ut, går det? eller ta noko av biblioteket?) Bra me kan drive med fritidsaktivitetar, godt idrettshus. Nokre utstyr kan bli betre og fornyas. Meir dugnad er kanskje ei løysing Kunne ha bygd meir på baksida av halle, på grusbanen. 2 Høyland skule: Det er viktig at barn/unge har aktiviteter / tilbud på ettermiddag og kveldstid. For eksempel: symjehall, idrettshall, bibliotek, 4H, kulturskule osv. Kan påverke ved å sitje i styre i lag og foreninger, snakke med vaksne, skrive lesarinnlegg i avis osv. Mykje er bra i kommunen. Lys på skulevegen til elevar som bur. 3 Vigre skule: 1. Saker som er viktige for barn og unge: For oss er det viktig med fotballbaner, grasbaner, leikeplasser i lokalmiljøa. Dette er samlingspunkt, og det er viktig med fysisk aktivitet i skuletida og på fritida Me kan tenke oss meir pengar til skulane, m.a. til nye bøker og utstyr. Det er mange gamle bøker som er fillete, og skulen har ofte ikkje råd til å kjøpe nye utgåver. Det kan og vere lite utstyr til spesialfag. Me kunne tenkt oss kantine ved vår skule, kanskje berre eit rom der alle tok med seg mat, eller der det var servering eit par dagar i veka. For oss er det viktig å kunne behalda skulen i vårt lokalmiljø både i skuletida og etter skuletid, og vi vil be ordførar, politikarar og rådmann tenkje seg om ennå ein gong før dei legg ned Vigre skule. 2. Korleis kan me påverka: Vi kan engasjera oss i saker, sende brev til kommunestyre, møte opp på kommunestyremøte (som elevar og foreldre ved Vigre skule har gjort) skrive i avisa, ta saker opp med ordførar og rådmann 3. Kva er bra, kva kan bli betre og korleis kan det bli betre: Vi tykkjer det er mykje bra i Hå kommune og på Nærbø og Vigre der me bur. Vi tykkjer det er bra med nye Loen og aktiviteta der, frå fotball, håndball, ishockey, til 24 hours og andre enkelttiltak. Vi kunne tenkt oss ennå fleire aktivitetar i friminutta. ved vår skule kunne vi tenkt Tarzanløype/hinderløype. 4 Bø skule: Frihet og demokrati! Viktig at vi har noko å gjere i friminutta, at det fins tilbod. Ok om du ikkje vil

gjere noko. Viktig at vi har noko å gjere i fritida, at det fins tilbod. Dersom barn lever i ein litt fattig familie, er det viktig at det fins ordningar så dei og kan vere med på fotball/ sportsaktivitetar, korps, speier og liknande. Gratis skulevei for alle som treng det, nokon har ganske lang og farleg veg, likevel må dei betale for bussen. Trygg skuleveg for alle. Overgang med gangfelt må på plass ved Krossmyra på Nærbø. Det bør vere gatelys på skulevegen (t.d. Gudmestadvegen, Bregnevegen, ved sjukeheimen). Om vinteren må gang og sykkelstiar haldast opne, i fjor måtte elevar på Bø gå i bilvegen i Gudmestadvegen då sykkelstien var full av snø. Fleire leikeplassar med spanande aktivitetar. Hinderløype. Treningsløype med apparat (slik som i Kleppeloen). Forslag: at klassar får betalt for å rydde/plukke søppel i eit område som t.d. Jernbaneskogen, Pyttaskogen eller Dalabekk. (Ei slags adopsjonsordning.) Pengane kan så disponerast av elevrådet på den aktuelle skulen. Fleire ballbingar. 5 Motland skule: - Kva saker meiner de er viktige for barn og unge i Hå? At voksne og barn bruker mer tid sammen. At barn og voksne har et felles uteområde de kan være sammen på. Mange barn og unge i kommunen sitter i dag hjemme og spiller, og foreldrene sitter inne og ser på TV eller bruker data. Vi håper at disse også ville kunne være ute i frisk luft sammen på et felles friområde i fritiden. - Korleis kan du påvirka det som blir bestemt i kommunen? Si til voksne hva vi som barn mener er viktig, urett og andre ting vi mener de voksne skal vite om. Da kan de voksne påvirke andre voksne som bestemmer i kommunen. Være med i elevråd og være med i barnas kommunestyre. - Kva er bra, kva kan bli betre og korleis kan det bli betre? Det er i dag mage aktiviteter for de som er i idrettslag eller andre organiserte aktiviteter, det er bra. Det er for lite aktiviteter for de som ikke vil være med i idretten. Barn/unge og voksne er for lite sammen i fritiden. 6 Ogna skule: 1. Hvilke saker mener dere er viktige for barn og unge i Hå: Gode skoler med fine, oppdaterte bøker og annet utstyr Gode fritidstilbud både religiøse og ikke En tilgjengelig helsesøster på skolene Godt internett Trygt og godt og bevege seg ute, sykkelstier, gangfelt, fortau 2. Hvordan kan du påvirke det som blir bestemt i kommunen? Skrive leserinnlegg Snakke med politikere

Elevråda kan komme med innspill Få aviser til å skrive om en sak Møte opp på kommunestyre 3. Hva er bra, hva kan bli bedre og hvordan: Bra: Ny skole på Ogna Det er mange flotte turveier Mange idrettslag og foreninger Kulturskolen At idrettslag samarbeider for å få til lag Kan bli betre: Fleire badebasseng Fleire sykkelstier Oftare helsesøster tilgjengelig på skolen Busstilbud Hvordan: Politikerne må velge å bruke penger Planer må lages 7 Vigrestad storskule: Viktige sakar for barn/unge i Hå: -Fritidsaktivitetar -Ikkje mobbing -Trivsel på skulen 8 Tryggheim ungdomsskule: Ingen innspel. 9 Nærbø ungdomsskule: 1. Stikkord til innlegget: - Det er viktig for ungdommane på Nærbø å ha eit godt idrettslag sidan det er eit fleirtal som held på med idrett. For dei som ikkje er så aktive i idrettsmiljøet er Loen ungdomsklubb eit godt alternativ. I tillegg tykkjer dei det er viktig å trivs på skulen. Gode og engasjerte lærarar, turar o.l. er noko som hjelp for trivselen. - Det er få unge på Nærbø som tenkjer at dei kan påverke det som blir bestemt i kommunen. Kanskje kan politikarar vitje skulane og fortelje om saker som dette? - Ungdommane tykkjer dei har det godt på Nærbø. Dei gler seg til ny hall på nye Bø skule. 10 Varhaug ungdomsskule: Vi på Varhaug tykkjer at dei viktigaste sakene for barn og unge i Hå er: Trygge skulevegar Meir fokus på å hindre mobbing Ingen lekser At alle barn og unge har ein trygg heim Badebasseng

Vi tykkjer at vi kan påverke det som vert bestemt i kommunen ved å: Bruke elevrådet smart Ei Facebook-side som alle i Hå har tilgang til, der dei kan kome med forslag og tilbakemeldingar på viktige saker. Dette tykkjer vi er bra i Hå kommune: Lensmannsløa ungdomsklubb At me tek vare på naturen, og ikkje lagar ein by. Dette tykkjer vi kan bli betre i Hå kommune: Gratis tilbod om taxi på ungdomsskulen Pussa opp idrettsanlegget sine garderobar på Varhaug. Betre kulturtilbod, kortare køar i kulturskulen. Fleire trenarar inne turn og trampett Pussa opp Varhaug Ungdomsskule Fleire turar med skulane

Hå kommune Saksnummer Utval Vedtaksdato 003/14 Barn og unges kommunestyre 06.11.2014 Saksbehandlar: Marianne Espedal Boge Sak - journalpost: 14/1857-14/29290 Spørsmål Følgande spørsmål har kome inn: Varhaug skule: Spørsmål til ordføraren, rådmannen eller politikarane: Varhaug skule begynner å bli liten. De neste årene starter det ca. 80 elever hvert år. Når starter planleggingen om utvidelse av skolen? Mange ønsker et svømmebasseng på Varhaug. Når starter byggingen? Bø skule: Korfor går det alltid så lang tid før ting skjer? T.d. bygging av nye Bø, som det blei snakka om i 1990. Få gang på ting (mens vi er barn!) Tenker de politikarar på barna og ikkje øydelegge område vi bruker, når de planlegg nye vegar og liknande? Ny veg rundt Nærbø er planlagt over Pyttaskogen som skulen bruker. Vi er redd det vil øydelegge skogen med bropilarar, bråk og liknande. (Vi er klare over at denne saka er komplisert og at om vegen leggast annleis, så vil det gå utover nokon andre, og det er også dumt. Men det er viktig for oss å si at vi er glade i skogen vår, og den blir mykje brukt av oss, andre skular og barnehagar.) Ogna skule: Spørsmål til politikerne: Er det planer om å bygge flere badebasseng i kommunen? Er det paner om å fortsette på sykkelstien fra Sirevåg til Vatnamot (44)? Er det planer om å lage sykkelsti nord for jernbanen på Brusand, dvs. opp mot Fuglestad og vidare.

Nærbø ungdomsskule: Spørsmål til politikarane: Kan de vitje skulane og fortelje korleis ungdommen kan vere med å påverke saker som blir bestem i kommunestyret? På barneskulen blei det sagt av politikarar at viss folk stemte på Høyre, ville skulane bli leksefrie. Kvifor har det ikkje blitt sånn? Har politikarar lov til å stemme på seg sjølv? Korleis har de tenkt å vinne ungommen si stemme neste val?

Hå kommune Saksnummer Utval Vedtaksdato 004/14 Barn og unges kommunestyre 06.11.2014 Saksbehandlar: Marianne Espedal Boge Sak - journalpost: 14/1857-14/29272 Fordeling av midlar Følgande forslag har kome inn: 1 Varhaug skule: Me på Varhaug skule har fleire ting, noko av det kostar mindre enn 30 000,- kroner, men er viktig fordi om. Me er mange elevar og treng fleire og betre uteaktivitetar, og har samla dette i lag. Opprusting av uteområdet; Sjakkbrett med store brikker for å ha ute, nye ballar og nye nett til fotballbanane (ballbingane). Nytt mål og nett til handballbane, samt at denne blir måla opp på nytt, fleire fotballspill i skulegarden. Ny og større gymsal, for liten den me har Nye oppdaterte skulebøker Skuleturar Symjehall på Iden Byggje ut skulen (større kantine, Kunst og handverkrom og andre klasserom) Tumlingbane i gymsalen (når den blir utbygd) Stor klokke for å ha ute på veggen, på baksida av amfiet 2 Høyland skule: Drikkefontene ute i Loen på Nærbø. 3 Vigre skule: Vi har 3 forslag: Hå kommune kan leie Kongeparken for ein dag (til våren) og invitera alle elevene til ein dag i parken. Foreldrekøyring. ein felles aktivitetsdag i Loen på Nærbø

Ein kan invitera ein "kjendis" til konsert t.d. i Loen og ha eit kjekt arrangement for alle 5.-7 klassingane. Vi vil aller helst forslag 1, om ein dag i Kongeparken. det trur vi hadde vore veldig fint!! 4 Bø skule: Forslag til korleis 30 000 kroner kan brukast til glede for mange barn i området: Vi ønskjer oss treningsutstyr (slik det er i Sandtangen på Bryne) til parkområdet på Torget på Nærbø. Dette er eit fint område som ligg sentralt. Her er nokre leker, men vi ønskjer og at det skulle vore oppgradert med meir lekeapparat. Det trur vi kunne gleda mange, og gjort området meir attraktivt. 5 Motland skule: De 30 000 kan gå til å oppgradere eksisterende uteområde ved Dalabekk på Nærbø, eller friområdet ved Urheifeltet på Nærbø, det som ligger ikke så langt fra Vibereiret barnehage. 6 Ogna skule: Mellomtrinnet: Ønsker å kjøpe en fotball og slåballsett til alle klassene i kommunen. I tillegg noen hoppetau til småskole/mellomtrinn. Begrunnelse: Viktig med fysisk aktivitet i friminuttene for alle. Får frisk luft, blir sterke og får bedre kondis Lettere å lære og følge med i timene Lærer å samarbeide, løse konflikter Bedre sosialt miljø når en kan gjøre ting sammen. Ungdomstrinnet: Ønsker å bruke pengene på en aktivitetsdag for alle ungdomsskole elevene i kommunen. Ser for seg dette i Loen. Ønsker aktiviteter som fotball, håndball, landhockey og evt. Ishockey. Vil lage lag på tvers av trinn og skoler. Begrunnelse: Blir kjent med andre Får være fysisk aktive 7 Vigrestad storskule: Både mellomtrinnet og ungdomstrinnet vil foreslå å bruke pengane til eit felles idrettsarrangement for skulane i Hå. Eit arrangement for ungdomstrinnet, og eit for mellomtrinnet. Dei ser føre seg at å arrangere dette kan vere eit samarbeid mellom dei ulike elevråda på skulane. Dette fremjer samarbeid mellom skulane, og kan vere veldig lærerikt. -Kvar skule har ein innledande runde på sin skule. Kva idrettsaktivitet dei vil ha, er ikkje heilt avgjort (forslag t.d. om kanonball/ innebandy)

-sluttspelet kan vere f. eks i Loen. -Pengane kan f.eks gå til busstransport til Loen. 8 Tryggheim ungdomsskule: Elevrådet ved Tryggheim ungdomsskule ynskjer at pengane som «Barn og unges kommunestyre» skal fordela blir brukt til: - Konsert - Aktivitetsdag 9 Nærbø ungdomsskule: - Nye bøker, gjerne e-bøker. Me har gamle og øydelagde bøker. Siden alle elevane har kvar sin skule-pc kan alle bøkene liggje på pc'en. Då har elevane meir orden. I tillegg kan dei då notere og markere i bøkene som ligg på pcen. - Fleire smartboards for å betre undervisninga. - Nye gardiner i klasseromma. Nokre klasserom har ikkje gardiner, andre har gamle og stygge. - Volleyballnett og handballbane i skulegarden + fleire ballar. No har me ein ballbinge som blir brukt kvart friminutt, der det er mange aktive elevar. Det er ikkje plass til alle elevane i bingen, difor ynskjer me fleire moglegheiter. 10 Varhaug ungdomsskule: 30.000 kan brukast til å kjøpe inn utstyr som kan brukast til aktiviteter i midttimen på skulen. Til dømes bordtennisbord og fussball bord. Vi kan også bytte ut tre og plantar i skulegarden.