MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL



Like dokumenter
Hol kommune SAMLET SAKSFREMSTILLING MØTEBOK Saknr. 2/11 Arkivsaksnr.: 11/11 Arkivkode: F00 &13

Saksframlegg HØYRING - NY LOV OM KOMMUNALE HELSE- OG OMSORGSTJENESTER, NY LOV OM FOLKEHELSE OG GRUNNLAGET FOR NY HELSE- OG OMSORGSPLAN

TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID

FORMÅL. Møtebok , vedlegg 3, Hallingdal Lokalmedisinske Senter INTERKOMMUNALT SAMARBEID

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

SAK 01/08 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Vedtak Møteprotokoll 14.desember 2007 vart vedteke.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Flå kommune SAMLET SAKSFREMSTILLING MØTEBOK

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Sogn lokalmedisinske senter

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Status november 2009

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Vegen fram til ØH-sengerplanar

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Erfaringar og utfordringar i Hallingdal. Øystein Lappegard Kommuneoverlege Ål kommune Forskar Vestre Viken HF

Hallingdal sjukestugu Lokalmedisinske tenester i Hallingdal

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

1. Mål med samhandlingsreforma

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Samarbeid om førebyggjing

Helsekommunen Ål og Hallingdal sjukestugu. Samhandlingsreforma i Hallingdal. Øystein Lappegard Kommuneoverlege (Hol kommune og) Ål kommune

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

«Nordhordland kommune»

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Møteinnkalling Formannskapet

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vågå kommune Fellestenester

Saksnr Utval Møtedato

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

SAMHANDLINGSREFORMA UTVIKLING OG ORGANISERING I HALLINGDAL. HALLINGDAL LOKALMEDISINSKE SENTER.

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Organisasjonsbygging. Velkomne til Jakt- og Fiskesenteret på Flå 1. november Org.kontakt: Bjarne Huseklepp

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem SL/TVP Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J.

Handlingsprogram og økonomiplan

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

UTGREIING OM VEGSAMBAND MELLOM AUSTLANDET OG VESTLANDET

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

Samhandling mellom kommunar og spesialisthelseteneste i Hallingdal. Øystein Lappegard Kommuneoverlege Ål kommune Forskar Vestre Viken HF

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SØKNAD OM TILSKOT, «FÅRESTILLING» - NASJONALT SENTER FOR ULL OG FÅR.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Kvam herad. Sakspapir

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Ny strategiplan for Høgskulen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Høyring av forslag til klassifisering av øvrige riksvegar ved gjennomføring av forvaltningsreforma - uttale

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Øystein Lappegard kommuneoverlege Ål. doktorgradsstipendiat UiO

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

PARTNARSKAPSAVTALE MED BUSKERUD FYLKESKOMMUNE,

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Transkript:

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Møtedato: 17.12.12.2010 Stad: Nes, Sorenskrivergården Desse møtte frå Regionrådet: Oddvar Grøthe, Hemsedal kommune Torleif Dalseide, Ål kommune Erik Kaupang, Hol kommune Olaug Grønseth Granli, Gol kommune Gerd Eli Berge, Nes kommune Knut Arne Gurigard møtte som dagleg leiar. REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Rådmannsutvalet deltok i sak 69 og 70. Frå Buskerud fylkeskommune møtte fylkeskontakt Dag Stenersen og regionkontakt Terje Moen Øystein Lappegard orienterte om sak 69/10. SAK 68/10 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL 26.11.2010 Møteprotokoll 26.11.2010 vart vedteke. SAK 69/10 UTTALE NY LOV OM KOMMUNALE HELSE- OG OMSORGSTENESTER, NY LOV OM FOLKEHELSE OG GRUNNLAGET FOR NY HELSE- OG OMSORGSPLAN Regionrådet for Hallingdal vedtek å slutte seg til høyringsuttalen utarbeidd av Kommunehelsesamarbeidet Vestre Viken (vedlegg 1) og høyringsuttalen utarbeidd av KS BTV (vedlegg 2) med følgjande tilleggskommentarar og merknader: 1. Generelt a. Interkommunalt samarbeid i Hallingdal Hallingdalskommunane har gode erfaringar med interkommunalt samarbeid på helseog omsorgsområdet. Framlegget til nye lover og Nasjonal helse- og omsorgsplan gir godt grunnlag for å vidareutvikle dette. b. Samarbeid mellom kommunane i Hallingdal og Helseforetaket. Hallingdal sjukestugu som lokalmedisinsk senter. Grunnidèen i samhandlingsreforma er at samhandling mellom kommunar og mellom kommunar og spesialisthelsetenesta skal vera eit av helse- og omsorgssektoren sine viktigaste utviklingsområde framover. Hallingdalskommunane har 30 års erfaring frå samarbeid med Helseforetaket. Kommunane i Hallingdal og modellen Hallingdal Sjukestugu har fått stor merksemd i arbeidet med samhandlingsreforma. Framlegget til nye lover og Nasjonal helse- og omsorgsplan gir godt grunnlag for å vidareutvikle den modellen vi har i Hallingdal for samarbeid og fagutvikling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. c. Funksjonsdeling og tenesteorganisering Hallingdalskommunane og Vestre Viken HF samarbeider om eit prosjekt for å utvikle Hallingdal Sjukestugu som lokalmedisinsk senter etter samhandlingsreforma sine intensjonar. I dette prosjektet vert óg vurdert kva for funksjonar som i framtida skal 1

liggja ved Hallingdal Sjukestugu og kva som skal fordelast mellom kommunane eller leggjast til kvar kommune. Kommunane i Hallingdal vil i denne høyringa presisera behovet for at spesialisthelsetenesta også i framtida er basert ved Hallingdal Sjukestugu som lokalmedisinsk senter etter 2012. d. Finansiering Samhandlingsreforma vil krevje store meirkostnader på kommunalt nivå m.a. til overordna systemarbeid, arbeid med avtaleverket, felles IKT-system og fagprogram. Helseforetaket har til no drifta Hallingdal Sjukestugu. Om denne modellen ikkje let seg vidareførast, må kommunane få tilført nødvendige ressursar. Høyringsdokumentet antydar ei 3-deling mellom kommunane, lokalt helseforetak og regionalt helseforetak. Kommunane i Hallingdal vil i denne høyringa presisera behovet for klarare styringssignal både når det gjeld finansiering og plan for opptrapping av reformarbeidet frå 2012. e. Ansvarsavklaring Vår erfaring med mange års samarbeid med spesialisthelsetenesta, er at spørsmål om kven som har det juridiske ansvaret for pasienten, ofte vert eit hinder for gode og fleksible samarbeidsløysingar. Dette er eit område som må finne ei avklaring før ein kan vone å få til reelle samarbeidsløysingar på lokalplan. 2. Vedrørande framlegg til ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester a. Hallingdal er ein stor reiselivsregion. Helse- og omsorgstenestene vert sett under betydeleg press av tilreisande. Desse utfordringane er sterkt aukande ikkje minst pga at fleire gjer fritidsbustaden til bustad nr. 2. Utfordringane er størst i høve til legevakt og omsorgstenester. Dersom Regjeringa vel å halda på opphaldsprinsippet, må det snarleg koma endringar som sikrar utgiftsdeling mellom opphaldskommunen og heimkommunen. b. Ein har i mange år hatt innarbeidd praksis med øyblikkeleg hjelp-innleggelsar i sjukeheimane i Hallingdal og har gode erfaringar med dette. Ved å lovfeste dette som ei plikt for kommunen, må dette følgjast opp med fullfinansiering av kostnadane ved slikt tilbod. Rekruttering og kompetanseheving av personell på sjukeheimane og auka legedekning blir viktige tema, det må avsetjast midlar til dette. c. Vi støttar uttalen om å utarbeide overordna kriteriar for innlegging og utskriving frå sjukehus. Vår erfaring er likevel at slike kriteriar må kunne tilpassast lokale tilhøve slik det er gjort mellom Hallingdalskommunane og Hallingdal Sjukestugu. d. Ordninga med finansiering av ressurskrevjande brukarar er svært byråkratisk og arbeidskrevjande. Aldersgrense for ordninga må opphevast og ordninga fullfinansierast frå staten si side. e. Ei styrking av kommuneoverlegen si rolle er nødvendig for planlegging og implementering av dei endringane samhandlingsreforma legg opp til. Regelverket må presisera funksjon, omfang og finansiering. Ein tilrår i samsvar med sentralt avtaleverk å bruke omgrepet kommuneoverlege. f. Vi vil understreka behovet for at det vert utarbeidd kvalitets- og funksjonskrav for fastlegetenesta i kommunane. g. Vi er skuffa over at tilplikta offentleg allmennmedisinsk legearbeid ikkje er auka. St.meld. 47 skapte sterke forventningar til dette som lovutkastet ikkje innfrir. Hallingdalskommunane utnyttar alt i dag dette potensialet fullt ut. h. Vi meiner det er behov for å forklare og definere fleire omgrep som er brukt i lovteksten. Lova heiter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester. Omsorg er ikkje nytta vidare i lovteksten og heller ikkje definert i 1-3. Heldøgnstjenester i eget hjem eller institusjon treng óg forklaring og presisering, då ein lokalt har hatt mange diskusjonar rundt spørsmål om utbygging av sjukeheimsplassar eller omsorgsbustader. 2

i. Vi meiner formuleringa i 3-3..systematiske tiltak for å identifisere personer som står i fare for å er uheldig og umogeleg for kommunane å følgja opp. 3. Vedrørande framlegg til ny lov om folkehelse a. Auka satsing på folkehelsearbeid må gjennomførast som ein opptrappingsplan slik at kommunane kan planleggja, implementera og gjennomføra tiltak over tid. Det må følgja økonomiske midlar med ein slik plan som t.d. etter modell frå opptrappingsplanen for psykisk helse. Det er og viktig at planen legg føringar for omfanget av folkehelsearbeidet. b. Hallingdalskommunane har betydelege erfaringar med frisklivsarbeid. Dette er likevel berre eit delområde i folkehelsesatsinga. Folkehelsearbeid i brei forstand krev ny kompetanse, samarbeid og statleg finansiering inn i kommunane. c. Med erfaring frå partnarskapsarbeid innan folkehelse der kommunane i Hallingdal har erfart at sentrale tilskot har blitt borte utan varsel, vil vi understreke behovet for langsiktige og forutsigbare avtalar mellom partane. 4. Vedrørande innspel til nasjonal helse- og omsorgsplan a. Kommunane i Hallingdal meiner at tilgangen på kompetanse vert den største utfordringa i samhandlingsreforma. Vi har gode erfaringar i regionen med fag- og kompetanseutvikling som følgje av Hallingdal Sjukestugu og nå dei siste to åra gjennom Utviklingssenteret for sjukeheimane i Buskerud og Hallingforsk. Dette bidreg til rekruttering, fagutvikling og stabilitet lokalt. Det må leggjast føringar for desentraliserte opplæringstilbod og e-læring i kommunane. Kommunane sitt ansvar for fagutvikling og forsking må presiserast sterkare. b. For distriktskommunar er bilambulansetenesta svært viktig for å oppretthalde beredskap og likeverdig helseteneste ved behov for akutt hjelp. Både omfanget og innhaldet i ambulansetenesta representerer utfordringar i samarbeidet med Helseforetaket fordi kommunane ikkje har avgjerande innverknad. Kommunane i Hallingdal imøteser sterkare styringssignal som tek omsyn til dei ekstra utfordringane distriktet har med omsyn til avstanden til sjukehus og folketalsvariasjonane. Ein vil understreke at Statens Luftambulansetjeneste sin base ved Hallingdal Sjukestugu bidreg sterkt til å sikre akuttmedisinsk beredskap og likeverdige helsetenester i regionen. c. Vi er skuffa over at den varsla styrkinga av fastlegeordninga ikkje er konkretisert. Planen må leggja føringar for utdanningsstillingar for å sikre rekruttering av allmennlegar til distriktskommunane. 3

SAK 70/10 MØTEPLAN 2011 DATO TID STAD REGIONRÅDET/ HALLINGTINGET Fredag 28.1.2011 09:00 Hol Regionrådet Tysdag 15.2.2011 09:00 Flå Regionrådet Inkl. dialogmøte med fylkesmannen Fredag 25.2.2011 09:00 Oslo Regionrådet Torsdag fredag 09:00 Ål Regionrådet/Rådmannsutvalet 24-25.3.2011 Fredag 6.5.2011 09:00 Nes Hallingtinget Fredag 27.5.2011 09:00 Hemsedal Regionrådet Fredag 24.6.2011 09:00 Gol Regionrådet Fredag 26.8.2011 09:00 Hol Regionrådet Fredag 28.10.2011 09:00 Flå Regionrådet Fredag 25.11.2011 09:00 Hemsedal Hallingtinget Fredag 16.12.2011 09:00 Gol Regionrådet SAK 71/10 TILSKOT TIL UNGT ENTREPRENØRSKAP 1. Regionrådet for Hallingdal vurderar Entreprenørskap i utdanninga i Hallingdal som eit vellykka tiltak, som blir vidareført i 2 nye år, frå 01.08.2011, med ein stillingsressurs på 40%. 2. I god tid før prosjektperioden går ut skal det vera klargjort om Entreprenørskap i utdanninga i Hallingdal kan etablerast som ei permanent ordning. 3. Av ei kostnadsramme på kr 350.000 pr. år i to år, totalt kr. 700.000, dekkjer UE Buskerud 50% av kostnadane. 4. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd 50% av kostnadane, totalt inntil kr. 350.000, av midlar frå partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2010. SAK 72/10 TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID 1. Regionrådet for Hallingdal støttar intensjonane om å etablere ei felles tilskots/sponsorordning for idretts- og kulturaktivitetar i Hallingdal, saman med Hallingdal Kraftnett og eventuelt Hemsedal Energi. 2. Regionrådet for Hallingdal foreslår at det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Regionrådet for Hallingdal og Hallingdal Kraftnett/Hemsedal Energi. Arbeidsgruppa får i oppgåve å utarbeide konkrete løysingar for tiltaka med m.a. forslag til organisering, avtalar og retningslinjer. Regionrådet for Hallingdal sin(e) representantar i arbeidsgruppa er: Knut Arne Gurigard. 4

Arbeidet frå arbeidsgruppa skal vera klart til 10.2.2011. 3. Aktivitetsområda for ordninga skal vera: a. Etablere ei sponsoravtale med Hallingdal Fotballklubb (HFK) b. Etablere ei ordning med Hallingambassadørar c. Etablere ei søkbar tilskotsordning for regionale kultur- og idrettstiltak. 4. Regionrådet for Hallingdal vil kunne støtte tiltaket med inntil kr. 150.000 pr. år i ein treårsperiode. 5. I samband med konkret gjennomføring av Hallingdal 2020 (m.a. profilering av Hallingdal), ser Regionrådet det som naturleg at felles tilskots/sponsorordning for idretts- og kulturaktivitetar i Hallingdal blir lagt til Hallingdal 2020 SAK 73/10 OPPFØLGING MØTE MED HALLINGDAL UNGDOMSRÅD Regionrådet for Hallingdal inviterer Buskerud kollektivtrafikk til møte 28.1.2011. Regionrådet legg opp til nytt møte med Hallingdal Ungdomsråd fyrste halvdel 2011. Ål 17.12.2010 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar 5