Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : 7 3 5 8 0 5 0 0, T e l e f a x : 7 3 5 8 0 5 0 1.



Like dokumenter
Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. Allemannsretten

Med fjellsko og ski. Allemannsretten

NYNORSK M Allemannsretten

NYNORSK M Allemannsretten

Med fjellsko og ski. Allemannsretten

M Allemannsretten

M Allemannsretten

M Allemannsretten

M Allemannsretten

«Allemannsretten» FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV

Naturquiz. Foto: Kjell Helle Olsen

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 FRILUFTSLOVA. - Dei viktigaste og utrykk - Kommunens rolle

Allemannsretten og reiselivsnæringen

Allemannsretten er retten til fri ferdsel i utmark

aturen er for alle! Et par ganger per måned En gang per uke

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tilrettelegging for ferdsel

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Kjenner du reglane for motorferdsel i utmark

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Sandeid skule SFO Årsplan

Padleløyper i Lindås. Bergen og Omland Friluftsråd

Gjess biologi - forvaltning - organisere jakta?

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Allemannsretten. v/arild Sørensen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Motorferdsel i utmark

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

REGULERINGSFØRESEGNER FOR HYLEBU, DEL AV ÅMLI NEDRE GNR. 132, BNR. 3 I TOKKE.

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

Reguleringsføresegner Reguleringsplan hyttefelt/mjølfjell

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

G A M A L E N G K U L T U R

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Kva er økologisk matproduksjon?

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Ola Tarjei Kroken Bengt Solheim-Olsen Medlem

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Reguleringsplan for Stavedalen

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Prisar på porto for 2015

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

Gleder uten grenser?

SEILAND. Alpint øylandskap i Vest-Finnmark

Andel i sameige/sams jakt

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

«Ny Giv» med gjetarhund

Gulatingslova: Jordskifteretten

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Kom skal vi klippe sauen

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Møteprotokoll. Arbeidsutval - Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Klepp kommune Tu skule

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Namning av vegar i Fræna Kommune

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Transkript:

r naturforvaltning d r e s s e : T u n g a s l e t t a 2 0 5 0 0, T e l e f a x : 7 3 5 8 0 5 0 1 r e s s e : 7 4 8 5 T r o n d h e i m w. n a t u r f o r v a l t n i n g. n o Direktoratet for naturforvaltning Frå hav til himmel B e s ø k s a d r e s s e : T u n g a s l e t t a 2 T e l e f o n : 7 3 5 8 0 5 0 0, T e l e f a x : 7 3 5 8 0 5 0 1 P o s t a d r e s s e : 7 4 8 5 T r o n d h e i m w w w. n a t u r f o r v a l t n i n g. n o Allemannsretten 1

Ein viktig del av kulturarven vår er å vere ute i naturen. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark etter elvane, på innsjøar og i skjergarden og til fjells, uavhengig av kven som eig grunnen. Vi kan hauste av naturen ikkje berre saltvassfisk, bær, sopp og blomster men også inntrykk og opplevingar. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova frå 1957. Innhald: s.5 Fjellsko eller ski, s. 7 Sykkel, s.9 Hest, s.11 Telt, s.13 Årar og segl, s.15 Stong eller handsnøre, s.17 Spann og korg, s. 18 Felles info. 2 3

Med fjellsko eller ski......kan du ferdast fritt i utmark, sommar som vinter, anten det er på stig/veg, i oppkøyrde skiløyper eller du går dine eigne vegar. Om vinteren kan du også ferdast på frosen eller snødekt åker og eng. Du kan stoppe og raste der du ønskjer i utmark, men legg ikkje rasten inntil hus og hytte der det bur folk, og vis nødvendig omsyn til andre som rastar. Du kan også tenne opp bål når du er på tur, men ikkje i eller i nærleiken av skogsmark i tida 15.4. til 15.9. Ikkje skad tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvistar. Dersom du lagar bål i strandkanten ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk opp. Ferdast og rastar du i utmark, hugs: at du ikkje tek snarvegar over innmark, gjennom tun eller andre private tomter å respektere ferdselsreglar i frilufts- og naturvernområde av omsyn til slitasje og sårbare område for dyr og planter at du ikkje uroar dyre- og fugleliv, spesielt ikkje i yngleog hekketida at du ikkje skadar planteliv, særleg ikkje sårbare artar å nytte etablerte raste- og bålplassar, og vere ekstra varsam med eld å respektere andre brukarar sine behov for avstand og å ha det stilt rundt seg at du ikkje set opp telt inntil hus eller hytte der det bur folk (minst 150 m avstand) at du ikkje uroar husdyr på beite Ver nøye med å rydde rasteplassen når du dreg. 4 5

Med sykkel......kan du sykle etter vegar og stigar i låglandet og fritt i høgfjellet. Du kan også sykle på stigar og vegar gjennom innmark når desse er opne for allmenn ferdsel. Hugs at vegen, stigen eller terrenget du syklar i skal kunne tole slik bruk. Marka-område, friluftsområde og naturvernområde kan ha særskilde reglar for sykling (t.d. forbod), og du bør orientere deg om det finst spesielt tilrettelagde sykkelruter og sykkelkart for området. Syklar du i utmark, hugs: at høgfjellsnaturen er utsett for terrengslitasje og at du ikkje syklar i sårbart terreng (myr, tørrberg m.m.) at alle stigar ikkje er eigna for sykling bruk stigane som toler sykling at du legg sykkelturen til dei minst nytta turstigane for å unngå konfliktar med turfolket å sykle slik at du ikkje uroar vilt og husdyr å sykle med ein fart som er tilpassa turferdsel og ikkje uroar dei som går å bruke etablerte raste- og bålplassar og vere ekstra varsam med bruk av eld at du ikkje set opp telt inntil hus eller hytte der det bur folk (minst 150 m avstand) Ver nøye med å rydde raste- eller teltplassen når du dreg. 6 7

Med hest......kan du ferdast etter vegar og stigar i låglandet og fritt i høgfjellet. Du kan også ri på stigar og vegar gjennom innmark når desse er opne for allmenn ferdsel. Hugs at vegen, stigen eller terrenget du rir i skal kunne tole slik bruk. Markaområde, friluftsområde og naturvernområde kan ha særskilde reglar for riding (t.d. forbod), og du bør orientere deg om det finst spesielt tilrettelagde ridestigar og -vegar i området. Omfattande organisert bruk av utmark i samanheng med rideskular o.l. bør berre skje etter avtale med grunneigar. Merk deg også at grunneigar kan nekte ferdsel med hestkøyrety. Rir du i utmark, hugs: at høgfjellsnaturen er utsett for terrengslitasje og at du ikkje rir i sårbart terreng (myr, tørrberg m.m.) at heller ikkje alle stigar er eigna for riding. Bruk vegane og dei stigane som toler riding å ri i skritt når du skal passere turgåarar å unngå å ri i skiløyper og løypespor på skogsvegar om vinteren - trakk eigne spor å vere høfleg og ta omsyn til gåande og syklande trafikk, slik at ingen blir skremt eller skada at du ikkje uroar dyre- og fugleliv, spesielt ikkje i yngleog hekketida at du ikkje badar hesten på badeplassar og i drikkevasskjelder Ver nøye med å rydde rasteplassen når du dreg. 8 9

Med telt......kan du fritt overnatte same stad i utmark inntil 2 døgn i låglandet, utan å spørje grunneigar. På høgfjellet og langt frå busette område kan du telte lenger enn 2 døgn. Du skal aldri setje opp teltet nærare enn 150 m frå hus eller hytte der det bur folk, og pass på at du set opp teltet slik at det ikkje skadar ungskogen. Hugs at på innmark kan du ikkje setje opp telt utan løyve frå grunneigar. Du kan også tenne opp bål når du er på tur, men ikkje i eller i nærleiken av skogsmark i tida 15.4. til 15.9. Ikkje skad tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvistar. Dersom du lagar bål i strandkanten ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk opp. Set du opp telt i utmark, hugs: å ta omsyn til ferdsels- og teltreglar i frilufts- og naturvernområde av omsyn til slitasje og sårbare område for dyr og planter å nytte etablerte raste- og teltplassar å leggje teltplassen slik at du ikkje uroar dyre- og fugleliv, særleg i yngle- og hekketida at du ikkje lagar varige spor i vegetasjonen eller terrenget å respektere andre brukarar sine behov for avstand til nabotelt og å ha det stilt rundt seg å nytte etablerte bålplassar og vere ekstra varsam med bruk av eld at du ikkje uroar husdyr på beite Ver nøye med å rydde teltplassen når du dreg. 10 11

Med årar og segl......kan du ferdast fritt på sjøen, og på elvar - og du kan i hovudsak ferdast gratis etter alle vassdrag. For enkelte vassdrag med kanalar og sluser kan det vere unntak. Generelt kan du også ferdast med motorbåt på sjøen, på elvestrekningar (dersom det er del av farbart vassdrag) og i vatn større enn 2 kvadratkilometer. Men merk deg at det kan finnast lokale reglar som kan avgrense tilgangen til motorisert ferdsel i innsjøar og vassdrag. For kortare tid kan du dra i land båt eller anna farty på strandstrekningar som er del av utmark på land. Ønskjer du å leggje inntil privat kai eller bryggje, må du spørje eigar eller brukar om løyve. Du kan nytte fortøyingsringar, boltar o.l. i utmark for kortare tid så sant det ikkje er til vesentleg ulempe for eigar eller brukar. Padlar du i utmark, hugs: å gjere deg godt kjend med vassdraget før du legg ut på tur m.o.t. tryggleik og regelverk å alltid bruke redningsvest å tørke eller desinfisere båt, åre og støvlar før du flyttar til eit anna vassdrag for å unngå spreiing av sjukdom å ta omsyn til fiskarar og andre brukarar langs vatn og vassdrag å la fiskegarn og anna fangstreiskap som vert nytta til fiske få stå i fred å ferdast roleg utan å lage unødig støy at du ikkje uroar dyre- og fugleliv, spesielt ikkje i yngle- og hekketida å bruke etablerte raste- og bålplassar, og vere ekstra varsam med bruk av eld at du ikkje set opp telt i nærleiken av hus og hytte der det bur folk (minst 150 m avstand) Ver nøye med å rydde raste- og teltplassen når du dreg. 12 13

Med stong eller handsnøre......kan du fiske heile året etter saltvassfisk i sjøen både frå båt og land. I sjøen kan du også fiske gratis etter laks, sjøaure og sjørøye med stong frå land heile året. Fisket er ikkje tillate nærare grensa elv / sjø enn 100 meter i fredningstida for vassdraget. Ved fiske i elvar og vassdrag må du løyse fiskaravgift (til staten) om du fiskar etter laks, sjøaure og sjørøye og vanlegvis betale fiskekort (til grunneigar). Er du under 16 år, kan du fiske gratis etter innlandsfisk i perioden 1.1. til 20.8. Dette gjeld ikkje vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye, heller ikkje krepsefangst eller fiske i kunstige fiskedammar. Enkelte vatn og vassdrag kan vere unnatekne regelen, og for desse skal det vere sett opp skilt om at gratis fiske ikkje gjeld. Før du byrjar å fiske må du setje deg inn i fiskereglane. Fiskar du i utmark, hugs: løyve til å fiske, eller legitimasjon på at du er under 16 år at du ikkje brukar levande fisk som agn at du ikkje flyttar levande fisk til anna vassdrag å tørke fiskereiskap, støvlar og vadarar før du flyttar til eit anna vatn for å unngå spreiing av levande organismar og sjukdom at fiskereiskap, båt, årar og støvlar brukt i vassdrag med smittsam fiskesjukdom skal desinfiserast å sløye og vaske fisken i det vatnet den er fanga å nytte etablerte rasteplassar/bålplassar og respektere bålreglar at du ikkje uroar andre fiskarar eller brukarar, m.a. ved ferdsel til og frå fiskestad Ver nøye med å rydde fiske- og rasteplassen når du dreg. Avfall tek du med, ingenting skal liggje att. Unngå spreiing av fiskeartar og fiskesjukdomar! 14 15

Med spann og korg......kan du plukke bær, sopp, blomster og røter av ville urter i utmark. Du kan plukke/sanke det du vil ha og ta med heim. Ver merksam på spesielle reglar for å plukke molter i Nordland, Troms og Finnmark. I desse fylka kan grunneigaren ha eineretten til moltebæra dersom bæra har økonomisk verdi for han. På statens grunn i Finnmark er retten til å plukke molter som hovudregel lagt til folk busette i fylket. Men det er fritt for alle å plukke molter til å ete der og då. Du skal vere varsam med å samle andre typar naturprodukt som m.a. stein, mineral, torv, mose, lav, kristtorn, rirkuler, tæger, never og bark. Ønskjer du å ta med slike naturprodukt, må du først skaffe deg løyve frå grunneigar. Er du på sanketur i utmark, hugs: at ferdast du innafor naturvernområde bør du gjere deg kjend med vernereglane på førehand. Enkelte område kan ha forbod mot å plukke blomster, sopp, kjuke og lav å gjere deg kjend med freda og truga planteartar slik at du ikkje plukkar desse er du usikker, la planta stå i fred at du ikkje tek røter, never og rirkuler frå levande tre utan først å spørje grunneigar at du ikkje uroar vilt eller husdyr å ikkje plukke bær like inntil gardstun og hus der det bur folk å ta omsyn til andre brukarar/sankarar Ver nøye med å rydde rasteplassen når du dreg. 16 17

Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du: ferdast fritt til fots og på ski raste og overnatte ri eller sykle på stigar og vegar bade, padle, ro og bruke seglbåt plukke bær, sopp og blomster fiske fritt etter saltvassfisk Ønskjer du derimot å fiske i ferskvann, må du skaffe deg nødvendig løyve frå grunneigar. Er du under 16 år, kan du fiske gratis mellom 1.1. og 20.8. kvart år i vassdrag med innlandsfisk, men ikkje i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye. Jakt er ein grunneigarrett som krev grunneigars løyve, i tillegg jegerprøve, og at du løyser jegeravgiftkort. Utmark er udyrka mark, og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg. Udyrka mindre areal i dyrka mark reknast ikkje som utmark. Innmark er all dyrka jord; åker, eng, kulturbeite, hage - og i tillegg yngre plantefelt, gardsplass, hustomt og industriareal. Over visse typar innmark som åker og eng kan du likevel ferdast på frosen eller snødekt mark i tida 15.10. - 30.4. Ver merksam på at innmark ikkje treng å vere inngjerda. Du skal alltid, anten du ferdast gjennom innmark eller i utmark, lukke grinder etter deg og vise omsyn til dyr på beite. Har du hund, respekter bandtvangen i tida 1.4. - 20.8. Ver også varsam med eld hugs at du ikkje kan tenne bål i eller i nærleiken av skogsmark i tida 15.4. til 15.9., jf forskrift av 26.juni 2002 nr 842, 8 2 om brannforebyggende tiltak og tilsyn. Gjer deg kjend med dei lokale reglane om bandtvang og bålbrenning, ofte er dei strengare enn reglane som gjeld for heile landet. For mer informasjon: www.dirnat.no www.frifo.no 18 19

7485 Trondheim Telefon: 73 58 05 00, Telefax: 73 58 05 01, www.dirnat.no ScanPartner AS 0003 10000/03/05