Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 17.12.2015 2015/5767/FMMRTHAU/461.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Overingeniør Thomas Aurdal, 71 25 84 67 Vår ref. Statens vegvesen, Vegseksjonen Møre og Romsdal Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6 6412 MOLDE Hareid kommune Sula kommune - Statens vegvesen - Vedtak om endring av løyve til tiltak ved Hareid ferjekai og dumping ved Solavågen Vi viser til telefonsamtale med Oskar Einarsson 17.12.2015, og til annan korrespondanse i saken. Vedtak Fylkesmannen vedtek endring av løyva til mudring og utfylling ved Hareid og dumping av massane ved Solavågen (løyvenummer 2015.0683.T og 2015.0768.T) slik at dei er gyldige fram til 15. mai 2016. Endringa er gjort med heimel i forureiningslova 18. Endra løyve er vedlagt. Bakgrunn Fylkesmannen i Møre og Romsdal ga 18.11.2015 Statens vegvesen løyve til tiltak ved Hareid ferjekai og dumping av massar ved Solavågen. Hensikta med tiltaket var å reparere erosjonsskadar ved kaia og sikre mot ytterlegare erosjon. Løyvet vart gjort gyldig til 31.12.2015, men 17.12.2015 vart Fylkesmannen opplyst på telefon om at entreprenøren var forsinka, og at dei difor ikkje ville kunne utføre arbeidet innan fristen. Årsaka til forseinkinga var mellom anna at det hadde vore vanskeleg å frakte utstyret til tiltaksområdet med slepebåten då det var mykje dårleg vêr og uroleg sjø seinhaustes 2015. Fylkesmannens vurderingar av tiltaket etter vassforskrifta og naturmangfaldlova er gitt i vårt vedtak av 18.11.2015. Konklusjon Fylkesmannen endrar løyva til tiltak ved Hareid ferjekai og dumping ved Solavågen slik at dei no er gyldige fram til 15.05.2016. Endringane er gjort med heimel i forureiningslova 18. Postadresse: Postboks 2520 6404 Molde Telefon: 71 25 84 00 E-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Web: www.fylkesmannen.no/mr Org.nr: 974 764 067
side 2 av 2 Varsel om gebyr Vi viser til «forskrift om begrensning av forurensning» (forureiningsforskrifta) kapittel 39 om gebyr til statskassa for arbeid med løyve mv. Lågaste gebyrsats i forureiningsforskrifta 39-5 er på kr 5 600 og overstig ressursbruken knytt til desse endringane. Vi halverar difor beløpet med heimel i 39-10 om unntak. Dette inneber at verksemda skal betale eit gebyr på kr 2 800 for sakshandsaminga. Vedtak om gebyr vil verte fatta før faktura vert sendt ut av Miljødirektoratet. I vedtaket vil det verte opplyst om klagemoglegheiter. Reglane om innkrevjing av gebyr til statskassa for Fylkesmannens konsesjonshandsaming og kontrollar finnast i forureiningsforskrifta kapittel 39 og kan lesast på www.lovdata.no. Papirversjon av forskrifta kan ein få hjå Fylkesmannen. Kommentar til dette varselet kan sendast til Fylkesmannen innan 2 veker. Klagemoglegheiter Vedtaket om endring av løyve kan klagast på til Miljødirektoratet innan 3 veker. Bedrifta skal sende ein eventuell klage til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Thomas Aurdal Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Vedlegg: 1) Forlenga løyve til mudring og utfylling 2) Forlenga løyve til dumping Kopi: Hareid kommune Rådhusplassen 5 6060 HAREID Sula kommune Postboks 280 6039 LANGEVÅG
Endra løyve til mudring og utfylling i sjø ved Hareid ferjekai for Statens vegvesen Løyvet er gitt i medhald av lov av 13.3.1981 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) 11 og i medhald av forskrift av 01.06.2004 om reduksjon av forureining (forureiningsforskrifta) 22-6. Det er satt vilkår etter forureiningslova 16. Løyvet til utfylling kan ikkje nyttast før tiltaket også har vorte klarert etter plan- og bygningslova, hamne- og farvasslova og kulturminnelova. Løyvet er gyldig frå dags dato til 15.05.2016. Tiltakshavar må på førehand avklare skriftleg med Fylkesmannen i Møre og Romsdal endringar den ynskjer å foreta i forhold til opplysningar gitt i søknaden eller under sakshandsaminga, som kan ha innverknad på miljøet. Bedriftsdata: Bedrift Statens vegvesen, Vegseksjonen Møre og Romsdal Beliggenhet/gateadresse Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, 6412 MOLDE Postadresse Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, 6412 MOLDE Organisasjonsnummer (bedrift) 971032081 Lokalitet for tiltaket Hareid ferjekai Euref 89, UTM sone 32 for tiltaket nord: 6918969 øst: 346432 Gards- og bruksnummer for tiltaket gnr. 41 bnr. 691 og 695 Kommune tiltaket utføres i Hareid Saksnummer Anleggsnummer Løyvenummer 2015/5767 1517.0029.01 2015.0683.T Løyve gitt: 06.10.2015 Endringsnummer: 2 Sist endra: 17.12.2015 Anne Melbø fagansvarleg Thomas Aurdal overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
1. Virkeområde for løyvet Løyvet omfattar mudring av om lag 1 350 m 3 botnsediment og fjerning av om lag 900 m 3 eksisterande plastring. Løyvet omfattar også utfylling med om lag 2 550 m 3 med erstattande massar og plastringsstein. Tiltaket skal gjerast for å reparere erosjonsskadar på ferjekaia og utbetre ferjebåsen, ferjebrua og eksisterande erosjonssikring. Arbeidet skal utførast frå land eller frå lekter etter behov. Løyvet gjeld berre utfylling med massar som er egna til formålet. Muddermassar som kan dokumenterast å vere reine kan dumpast ved Solavågen (sjå eiget løyve til dumping). Forureina massar kan ikkje dumpast. 2. Generelle vilkår 2.1 Tiltaket må gjennomførast som angitt i søknaden datert 30.09.2015 og endringssøknadene datert 16.10.2015 og 17.12.2015, med presiseringar av 19.10.2015, dersom ikkje noko anna går fram av løyvet eller andre vedtak, eller på annan måte er avklart med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 2.2 Vilkåra til forureiningsmyndigheta skal ikkje vere til hinder for at andre myndigheter kan stille krav med heimel i anna lovgiving. 2.3 Tiltakshavar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert overhaldt. Tiltakshavar plikter å orientere dei som skal gjennomføre tiltaket om dei vilkår som gjeld, samt dei restriksjonane som er lagt på arbeidet. 2.4 Forureiningsmyndigheta, eller den dei gjev myndighet, skal til ei kvar tid kunne kome inn på området for inspeksjon. 2.5 Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, sette nye vilkår, og om dersom det er naudsynt trekke tilbake løyvet, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe arbeidet. 2.6 Dersom det viser seg at dei miljøbeskyttande tiltaka som vert skildra i løyvet ikkje har den tilsikta effekten, kan den ansvarlege med ein gong verte pålagt å sette i gang ytterlegare tiltak. 2.7 Ved mistanke om eventuelle funn av kulturminne undervegs i arbeidet skal arbeidet stansast og sjøfartsmuseet i Bergen kontaktast. 2.8 Fylkesmannen skal gjevast beskjed når arbeidet startast opp.
3. Internkontroll, beredskap og varsling 3.1 Tiltakshavar skal utan opphald varsle Fylkesmannen om alle unormale forhold som har, eller kan få innverknad på forureiningssituasjonen. 3.2 Tiltakshavar plikter å ha eit oppdatert internkontrollsystem, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda overheld krava i løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrift til desse lovene. 3.3 Tiltakshavar plikter å gjennomføre tiltak for å unngå, eventuelt redusere, risikoen for akutte utslipp frå all verksemd knytt til dette tiltaket. Slike tiltak skal vere basert på ein systematisk gjennomgang av alle element i tiltaksaktiviteten. 3.4 Den ansvarlege skal ha ein nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og redusere verknaden av akutt forureining for all verksemd, jf. forureiningslova 40. Beredskapen til den ansvarlege skal stå i et rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Beredskapsplikten omfattar også utstyr og kompetanse til å fjerne og redusere verknaden av ei eventuell forureining. 3.5 Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining som følgje av verksemda, skal den ansvarlege varsle i tråd med forskrift av 09.07.1992 om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Melding om akutt forureining gjerast til brannvesenet, telefon: 110. Kystverket har 24 timer med vaktberedskap (telefon 07847) og får meldingar frå brannvesenet om akutt forureining 4. Mudring og utfylling med massar 4.1 Mudring og utfylling skal utførast i tråd med avgrensa område som vist i kartvedlegget til søknaden og i tråd med det som vart skrevet i tiltakshavars korrespondanse med Fylkesmannen av 16.10.2015 og 19.10.2015. 4.2 Det skal nyttast metodar for mudring og utfylling som minimerer faren for spreiing av oppvirvling og spreiing av sediment.
4.3 Utfyllingsmassane skal vere reine og ikkje overskride konsentrasjonsgrensene tilsvarande tilstandsklasse II for sedimenter i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar for klassifisering av metall og organiske miljøgifter i vann og sediment (2229/2007). Massane skal også ligge innanfor normverdiane fastsatt i forureiningsforskrifta kapittel 2, vedlegg 1. Bruk av reaktive bergartar er ikkje lov. Massane skal vere egna til formålet. Det tillates ikke å fylle ut med masser hvis hovedformålet å kvitte seg med massene. 4.4 Eventuell sprengtråd, skyteleiing og anna avfall i fyllmassane må fjernast før massane nyttast i fyllinga. 4.5 Muddermassar som ikkje kan dokumenterast å vere reine (innanfor tilstandsklasse I eller II i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar) må disponerast på forsvarleg vis, fortrinnsvis ved levering til godkjent mottak. 4.6 Tiltaket skal så sant det er praktisk mogleg utførast under rolege vind- og bølgjeforhold slik at ein unngår uheldig spreiing av partiklar. 5. Loggføring og overvaking av arbeidet 5.1 Det skal gjennomførast overvaking av tiltaksarbeidet ved at turbiditeten/klarheta i vatnet haldast under oppsikt visuelt. Overvakinga bør også inngå i verksemdas internkontrollsystem. Overvakinga skal vere omfattande nok til å avdekke eventuell uakseptabel spreiing av sediment i tilknyting til tiltaket. Dersom turbiditeten i periodar vert svært høg, eller sediment som vert virvla opp vert spreia langt vekk frå tiltaksområdet med vatnet, må ein vurdere om arbeidet skal stansast midlertidig til turbiditeten og spreiinga er under kontroll igjen. 5.2 Det skal førast logg over mengder og tidspunkt for opptak av muddermassar og utfylling med nye massar. Loggen skal som eit minimum også innehalde eventuelle hendingar med stor oppvirvling og spreiing av sediment og eventuelle korrigerande tiltak. Loggen skal vere tilgjengeleg ved eventuelle tilsyn.
6. Rapportering 6.1 Eventuelle målingar av kjemisk tilstand i sedimenta som utførast skal registrerast på vannmiljo.no. Data skal leverast på Vannmiljøs importformat som kan finnast på http://vannmiljokoder.klif.no. Her er det også ein oversikt over kva parameter som skal rapporterast, og generell rettleiing. Importskjemaet skal knytast til brukaren Mattis Mikkelsen. 6.2 Det skal sendast sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde: - Ei kort skildring av tiltaket og utført arbeid - Eventuelle hendingar med mykje oppvirvling av sediment, og korrigerande tiltak - Ei skildring av avbøtande tiltak som er gjennomført for å hindre uheldig påverknad på miljøet under arbeidet - Ei skildring av utstyret som vart nytta under tiltaket, og ei oppsummering av dei erfaringane som vart gjort under arbeidet.
Løyve til dumping i sjø ved Solavågen for Statens vegvesen Løyvet er gitt i medhald av lov av 13.3.1981 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) 11 og i medhald av forskrift av 01.06.2004 om reduksjon av forureining (forureiningsforskrifta) 22-6. Det er satt vilkår etter forureiningslova 16. Løyvet er gyldig frå dags dato til 15.05.2016. Tiltakshavar må på førehand avklare skriftleg med Fylkesmannen i Møre og Romsdal endringar den ynskjer å foreta i forhold til opplysningar gitt i søknaden eller under sakshandsaminga, som kan ha innverknad på miljøet. Bedriftsdata: Bedrift Statens vegvesen, Vegseksjonen Møre og Romsdal Beliggenhet/gateadresse Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, 6412 MOLDE Postadresse Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, 6412 MOLDE Organisasjonsnummer (bedrift) 971032081 Lokalitet for tiltaket Hareid ferjekai Euref 89, UTM sone 32 for tiltaket nord: 6921864 øst: 362127 Gards- og bruksnummer for tiltaket - Kommune tiltaket utføres i Sula Saksnummer Anleggsnummer Løyvenummer 2015/5767 1531.0051.01 2015.0768.T Løyve gitt: 18.11.2015 Endringsnummer: 1 Sist endra: 17.12.2015 Anne Melbø fagansvarleg Thomas Aurdal overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
1. Virkeområde for løyvet Løyvet omfattar dumping av massar tatt opp av sjøen under reparasjons- og utbetringstiltaket ved Hareid ferjekai hausten 2015. Løyvet omfattar berre dokumentert reine massar. Sjå vilkår 4.1 for ei forklaring på kva som meinast med reine massar. 2. Generelle vilkår 2.1 Tiltaket må gjennomførast som angitt i søknaden om dumping datert 16.10.2015 dersom ikkje noko anna går fram av løyvet eller andre vedtak, eller på annan måte er avklart med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 2.2 Vilkåra til forureiningsmyndigheta skal ikkje vere til hinder for at andre myndigheter kan stille krav med heimel i anna lovgiving. 2.3 Tiltakshavar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert overhaldt. Tiltakshavar plikter å orientere dei som skal gjennomføre tiltaket om dei vilkår som gjeld, samt dei restriksjonane som er lagt på arbeidet. 2.4 Forureiningsmyndigheta, eller den dei gjev myndighet, skal til ei kvar tid kunne kome inn på området for inspeksjon. 2.5 Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, sette nye vilkår, og om dersom det er naudsynt trekke tilbake løyvet, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe arbeidet. 2.6 Dersom det viser seg at dei miljøbeskyttande tiltaka som vert skildra i løyvet ikkje har den tilsikta effekten, kan den ansvarlege med ein gong verte pålagt å sette i gang ytterlegare tiltak. 2.7 Ved mistanke om eventuelle funn av kulturminne undervegs i arbeidet skal arbeidet stansast og sjøfartsmuseet i Bergen kontaktast.
3. Internkontroll, beredskap og varsling 3.1 Tiltakshavar skal utan opphald varsle Fylkesmannen om alle unormale forhold som har, eller kan få innverknad på forureiningssituasjonen. 3.2 Tiltakshavar plikter å ha eit oppdatert internkontrollsystem, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda overheld krava i løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrift til desse lovene. 3.3 Tiltakshavar plikter å gjennomføre tiltak for å unngå, eventuelt redusere, risikoen for akutte utslipp frå all verksemd knytt til dette tiltaket. Slike tiltak skal vere basert på ein systematisk gjennomgang av alle element i tiltaksaktiviteten. 3.4 Den ansvarlege skal ha ein nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og redusere verknaden av akutt forureining for all verksemd, jf. forureiningslova 40. Beredskapen til den ansvarlege skal stå i et rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Beredskapsplikten omfattar også utstyr og kompetanse til å fjerne og redusere verknaden av ei eventuell forureining. 3.5 Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining som følgje av verksemda, skal den ansvarlege varsle i tråd med forskrift av 09.07.1992 om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Melding om akutt forureining gjerast til brannvesenet, telefon: 110. Kystverket har 24 timer med vaktberedskap (telefon 07847) og får meldingar frå brannvesenet om akutt forureining 4. Dumping av massar 4.1 Massane som skal dumpast ved Solavågen må vere dokumentert reine. Det inneber at forureiningsnivået i massane ikkje skal overskride konsentrasjonsgrensene tilsvarande tilstandsklasse II for sediment i følgje Miljødirektoratet sin vegleder for klassifisering av metall og organiske miljøgifter i vatn og sediment (TA-2229/2007). Eventuelle massar med påvist forureining over tilstandsklasse II må disponerast på ein annan måte, og tillatast ikkje dumpa ved Solavågen. 4.2 Dumpinga skal utførast i tråd med avgrensa område som vist i kartvedlegget til søknaden. 4.3 Det skal nyttast metodar for dumping som minimerer faren for spreiing av massar frå Hareid i vassmassane ved Solavågen.
4.4 Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjeforhold slik at ein unngår uheldig spreiing av massar. 4.5 Eventuelt skrot og avfall i massane skal fjernast før dumping. 5. Loggføring og overvaking av arbeidet 5.1 Det skal gjennomførast overvaking av dumpinga ved at turbiditeten/klarheta i vatnet haldast under oppsikt visuelt. Overvakinga bør også inngå i verksemdas internkontrollsystem. Overvakinga skal vere omfattande nok til å avdekke eventuell uakseptabel spreiing av muddermassar i tilknyting til tiltaket. 5.2 Det skal førast logg over mengder og tidspunkt for dumping av massar. Loggen skal også innehalde eventuelle hendingar med spreiing av muddermassar i vassmassane, og korrigerande tiltak. Loggen skal vere tilgjengeleg ved eventuelle tilsyn. 6. Rapportering 6.1 Eventuelle målingar av kjemisk tilstand i sedimenta som utførast skal registrerast på vannmiljo.no. Data skal leverast på Vannmiljøs importformat som kan finnast på http://vannmiljokoder.klif.no. Her er det også ein oversikt over kva parameter som skal rapporterast, og generell rettleiing. Importskjemaet skal knytast til brukaren Mattis Mikkelsen. 6.2 Det skal sendast sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde: - Ei kort skildring av tiltaket og utført arbeid - Eventuelle hendingar med spreiing av sediment, og korrigerande tiltak - Ei skildring av avbøtande tiltak som er gjennomført for å hindre uheldig påverknad på miljøet under arbeidet - Ei skildring av utstyret som vart nytta under tiltaket, og ei oppsummering av dei erfaringane som vart gjort under arbeidet.