MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim, Kjartan Kvien, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken Sigrid Hamre Nyseth Marit Ringstad, Kristoffer Skjolden var ekstra kalla inn av leiar. Ivar Kvalen, Jarle Skartun, John Olaf Røhme, Kari Paulsen, Tone Kjærvik Kveane, Erling Bjørnetun, Margunn Hillestad, Karin Leirdal. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 19/15 15/3240 Godkjenning av møtebok og referat/informasjonssaker. 20/15 15/371 Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 21/15 15/2420 Budsjett 2016, økonomiplan 2016-19, planleggingsprogram 2016-19. 22/15 15/3306 Organisering av kommunale råd 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege 24/15 15/3242 Ymse Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 1
Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
19/15 Godkjenning av møtebok og referat/informasjonssaker. Orientering i fellesmøtet: Status helse/pleie og omsorg. Framtidig organisering av råda. Budsjett 2016/ØP/PP Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 2027. Framlagt/utsendt til møtet: Utskrift av Fylkesrådet for eldre si møtebok vedtak i møte den 28.10.2015 sak nr. 10/15: «Eldre har vorte avvist når dei tek opp meir enn eit sjukdomsbilete med fastlegen sin.» Sjå sak nr. 20/15. Brev til alle kommunestyre og fylkesting frå Pensjonistforbundet, FFO, og SAFO, datert 15.10.2015. Brevet omhandlar eldreråd og råd for personar med nedsett funksjonsevne «Nei til samanslåing av kommunale råd». Utskrift av møtebok for Luster kommunestyre vedtak i møte den 05.11.2015, sak 70/15. - Kommunal plan for trafikktrygging 2016 2018. Samhandlingsnytt for oktober og november 2015. Møteprotokoll for møte den 16.09.15 vart godkjend. Kjartan Kvien og Torvald Bakken vart valde til å skriva under på protokollen. Møteprotokoll for møte den 05.10.15 vart godkjend. Kåre Høyheim og Inger Møyfrid Sperle vart valde til å skriva under på protokollen. 20/15 Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet Eldrerådet tykkjer det er ein god plan og har ikkje særlege merknader.
Eldrerådet vil likevel peika på at stiar og gangvegar må vere brøytte og strødde, slik at alle kan få høve til å nytta desse aktivt, også om vinteren. 21/15 Budsjett 2016, økonomiplan 2016-19, planleggingsprogram 2016-19. Eldrerådet presiserer at sakstilfanget ikkje var kome fram til medlemane innan møtet. Eldrerådet fekk såleis ikkje handsama saka på ein forsvarleg måte. Saka blir å ta opp att i nytt ekstramøte, måndag den 7. desember 2015, kl. 10.00. 22/15 Organisering av kommunale råd Eldrerådet syner til skriv frå Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane av 13.10.15, samt skriv frå styret i Luster pensjonistlag av 30.10.2015. Eldrerådet syner til tidlegare vedtak, siste i møte den 05.10.2015 sak 17/15. Eldrerådet held fast på fylgjande vedtak: «Eldrerådet syner til vedtak i tidlegare saker der det har vore sterkt ynskje om at Råda og Brukarutvalet skal vere «eigne» og kunne ha møte kvar for seg. Eldrerådet er svært positive til, og nøgde med informasjonen som har vore gitt frå administrasjonen i fellesmøta. Mange har møtt fram kvar gong og orientert om viktige og vanskelege saker. Men Eldrerådet held framleis fast på at rådet må vere eige organ med eigen protokoll og eige budsjett. Dette på grunn av sakene som gjeld dei eldre sine interesser og behov». 23/15 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege Saka handlar om at ein del eldre har vorte avvist når dei har teke opp meir enn eit sjukdomsbilete med fastlegen sin. Dei eldre vert oppmoda om å bestille ny time for å ta opp fleire problem. Dette ser fylkesrådet for eldre på som ein svært uheldig praksis.
Eldrerådet drøfta problemstillinga og støttar Fylkesrådet sitt standpunkt. Eldrerådet oppfordrar Fylkesrådet til å jobba vidare med saka. 24/15 Ymse Eldrerådet er kjende med at eldre og andre ikkje har fått hjelp på NAV til å fylla ut reiserekningar. Dei har m.a. vorte viste til ein pc og blitt nekta anna form for rettleiing/hjelp. Det meiner Eldrerådet er for dårleg service for dei eldre. Mange har aldri hatt og brukt ei datamaskin før, og det kan vere vanskeleg for nokon både med synet og forstå kva teksten på skjemaet betyr. Eldrerådet, der i blant ein eldrerådsmedlem, har vorte utsett for problem på ekspressbussane der det no må bestillast billett på nettet. Det var risiko for ikkje å bli med bussen, då vedkommande ikkje var kjende med dette, og kunne vise slik billett. Dette meiner Eldrerådet er meiningslaust, då mange eldre verken har eller kan bruke data. Eldrerådet vil oppfordre Fylkesrådet til å ta opp saka. Eldrerådet sender skriv til Nav og til fylkesrådet for eldre for å følgje opp dei to problemstillingane.