Organ for Førde IL orientering



Like dokumenter
Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Brukarmanual.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

årsmelding

Årsmelding for O-gruppa 2015

Brukarrettleiing E-post lesar

«Ny Giv» med gjetarhund

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!! nr april 2015

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

nr våren 2016 Sesongstart i Movika 13. april! 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Stemnehandboka for NKSF

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Vegvisar til vilbli.no

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Finansiering av søknaden

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.


Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

Månadsplan for Hare November

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

Årsmelding for orienteringsåret 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Rådgjevarkonferanse 2009

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

I N N H O L D. Forord

STYREMØTE: BI STUDENTSAMFUNN

INFORMASJON om førestellinga:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Innhenting av halvårsvurdering frå ungdomsskolane for skoleåret 2012/2013

5. Soknerådsmøte mai Referat

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Brukarrettleiing. epolitiker

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

Rådgjevarkonferanse 2010

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Rettleiar til Partiportalen for

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Brødsbrytelsen - Nattverden

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Transkript:

1 nr mai 2010 Organ for Førde IL orientering 34. årgang Førde IL Orientering skal i august arrangere Vestlandsmesterskap. Vi siktar mot eit perfekt arrangement, men det krev topp innsats frå alle, både våre orienteringsfolk og andre gode medhjelparar. www.fordeorientering.com Rekruttering Terminliste nærløp Fjord-O 2010 2010 blir eit toppår! 13 + 3 nærløp i år alle til Sogndal i juli!

Ny sesong nye utfordringar nye moglegheiter Orienteringssesongen er alt godt i gang. Fleire nærløp er gjennomført, og på krinsplan har det vore arrangert både KM-natt, KM-kort og KM-sprint. Oppsummeringa av fjorårssesongen viste at Førde IL Orientering i 2009 hadde 13% fleire personar som deltok på nærløpa enn i 2008. Vi kunne også registrere ny rekord for skulesprinten med heile 636 deltakande elevar. Å følgje opp med tilsvarande auke i 2010-sesongen blir ei stor utfordring. Når det gjeld Førde-orienterarar si deltaking på K-løp og andre løp i og utanfor fylket så har vi ei minst like stor utfordring. På dette området har det helst vore ein tilbakegang dei siste åra. Men i år har vi ekstra gode moglegheiter for å kunne rette på dette. Fjord-O/ Nordvest-galoppen går i Sogndal og er eit godt høve for alle til å oppleve orientering og orienterings-miljø i ein litt større sammenheng enn lokale nærløp. Det verkeleg store orienteringskicket vil kunne opplevast ved ein tur til Trøndelag og WOC2010 i Trondheim i august. Her er det høve til å sjå verdas beste orienteringsløparar live, og i tillegg kan vi vanlege o-løparar få prøve oss i samme terreng som dei gjennom å delta i WOC Tour 2010. Hovedløpet (for 14-16 åringar) og O-landsleiren 2010 er også lagt til samme område og samordna med WOC. Trøndelag og Trondheim er altså der det store skjer i 2010! Turorienteringa gir oss enda ei utfordring, nemleg å snu den nedgåande trenden i antall deltakarar som vi har sett dei siste åra. Turorientering er ikkje berre rusleturar i terrenget, det kan også vera ein innfallsport til konkurranseorientering. Norges beste orienteringsløpar på kvinnesida dei siste åra, Marianne Andersen, starta si orienteringskarriere med turorientering. Ho seier: Gjennom tur-o fikk eg utviklet den grunnleggende kartforståelsen bra og dermed fikk en bra basis når jeg seinere skulle løpe fort. Red. Litt nostalgi! Er du interessert i sesongopplegget for orientering våren for 33 år sidan, kan du hente O-posten nr. 2 1977 her. Av terminlista vil du sjå at den gongen stod heile 30(!) nærløp på programmet, også med to gateløp og med eitt ski-orientering. Hovudtema i nummeret var elles løypelegging, med høve til å delta i løypeleggarkonkurranse. O-posten nr. 1. 2010 side 2

Terminliste Nærløp 2010 Dato Kart/Område Stad Arrangør(ar) Merknad April Lør 10. Søn 11. KM-natt KM-mellom Værlandet Værlandet Askvoll IL Askvoll IL K-løp K-løp Ons.14. Klappene Soleide Førde IL Nærløp Ons 21. Sjukehusparken Sjukepleiehøgskulen Sivert Årdal/Gunnar Nærløp Gytri/Reidar Eide Ons 27. Tefre Kvamme Knut Bårtveit/Heidi Lise Nærløp Bakke/Johan Magerøy Mai Ons 5. KM-sprint Sandane Fj.Vereide IL K-løp Ons 12. Digernesvatnet Førde Vassverk Kjell A. Hjellbrekke/Kjell Nærløp O. Reikvam/Jan E. Øygard Ons 19. Naustdal Naustdal Tambarskjelvar IL Nærløp Ons 26. Klappene Førde Tor Chr. Fink/ Gunvor Eide/Ingeborg Magerøy Nærløp Juni Ons 2. Rotekoppen Breim Breimsbygda IL K-løp Ons 9. Furebø Angedalen Harald Hjellbrekke/Egil Førdebodstikka Nestande/Marius Dalin Ons 16. Digernesvatnet Høgda Gunnar Gytri/Åse LM Reikvam/Magne Bjørnereim Lør 19. Søn 20. KM-stafett KM-lang Veten IL Markane IL K-løp K-løp Ons 30. Tur O-løp Rekr.rådet Tur O-løp Juli Ons 7. Vonavatnet Naustdal Tambarskjelvar IL Sommarnærløp 14.-18. Fjord-O Sogndal Sogndal IL NordVestGaloppen August Ons 4. Tur O-løp Rekr.rådet Tur O-løp Ons 18. KM-ultra (også korte løyper) Utvikfjellet Breimsbygda IL K-løp 21./22. Langeland Langeland Løypelegger Helge Schei/Egil Nestande DM Ons 25. Postar etter DM Langeland Torbjørn Os/Karl Nærløp Mettenes/Håvard Nummedal Os Sept. Ons 1. Haustbløyta Naustdal Tambarskjelvar IL K-løp Ons 8. Kinnaheia Byrkjeflot Gunnar Gytri/Kåre Lien/Magne Bjørnereim Ons 15. Digernesvatnet Masdal Torodd Os/Svanhild Handal/Håkon Reikvam Nærløp Nærløp Ons 22. Bringelandsmarka Djupedalen Yngve Årdal/Johan Nærløp med Magerøy/Gaute Strømme sesongavslutning Ons 26.12 Romjulsløpet Helge Schei Nærløp O-posten nr. 1. 2010 side 3

Prosedyrer for Nærløp (utdrag) Fullstendig oppsett om prosedyrer og rutiner blir sendt til alle løpsansvarlege Generelt 1. Vi har sett opp ein løypeleggar (den som står fyrst på lista) og ein medhjelpar. Løypeleggaren har ansvare for å leggje ut ei A-løype ca. 4-5 km og ei C-løype ca. 2-3 km og N-løype.( Sprintløyper skal leggast opp etter vinnartid på ca. 15 min). Om du som løypeleggar vil diskutere løypene med nokon i gruppa, ta kontakt med Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande. Medhjelparen skal førebu ein del sosiale tiltak, som; lagstelt, informasjon og bollar/saft. Dei to ansvarlege samarbeider om registrering av deltakarar, innkrevjing av startkontingent, sal av sesongkort og informasjon. 2. Rekrutteringsrådet står for planlegging og gjennomføring av rekruttaktivitetar. I år legg vi opp til både Rakettløype, ei natursti-løype og/eller eit skattejaktopplegg. Rekrutteringsrådet skal ikkje ha arrangementtekniske oppgåver under nærløpet, men har ansvar for å ta med og returnere det tekniske utstyret som trengst m.a. til rakettløypa: 6 stk. postbukkar + 1 stk. ekstra startbukk, merkeband og 1 stk. ekstra MTR. I god tid før løpsdagen 1. Merk deg dato og stad for det løpet du skal ha ansvaret for, og dersom du ikkje kan på oppsett tid må du byte med ein annan på lista. 2. Byte mellom løypeleggarar/medhjelpar må meldast til Tor Chr. Fink i teknisk råd 3. Seinast fredag før løpet sjekkar Tor Chr. at dei som er sett opp kan ta nær-o-løpet, han melder deretter inn rette opplysningar til standardannonsa i Firda. (frist fredag kl. 15:00) 4. Planlegg løpet og løypene, ta minst ein tur i terrenget som planlegging. 5. Legg gode løyper, 4-5 kilometer A-nivå (krevjande) og ca. 2-3 kilometer C-nivå (løyper med klare haldepunkt ved postane). N-løypene kan ikkje bli for lette. 6. Ved bruk av digitale kart, lage til utskrift av 20 kart med postomtale i kvar løype, + plastlommer. Kontakt Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande i god tid før løpet om du treng hjelp til innteikning av løypene i OCAD og hjelp til utskriving av kart. Løpsdagen, før løpet 1. Vere klar til å ta i mot deltakarane 15 minutt før oppsett tid (17:45), med all førebuing ferdig. 2. Merk frammøtestaden med o-skjermar (viktig). 3. Ha sett ut alle postane med EKT-eining. Bruk ein slik også til målpost. 4. Hugs eigen startpost (som er merka START). 5. Sett opp informasjon om sal av sesongkort og startkontingent. 6. Sette opp lagsteltet, (dersom fare for regn), stol og bord, ha klar saft og bollar. 7. Ha klart eit pengeskrin med vekslepengar. 8. Rekruttopplegget set ekstra krav til informasjon på samlingsplassen, spesielt til nye deltakarar. Under løpet 1. Løypeleggaren og medhjelparen tar imot påmelding og betaling for ulike løyper, kryssar av på revidert deltakarliste og fyller ut manglande opplysningar. 2. Dei yter ulik service (bollar, saft, trøst og ros, påminning om neste løp) 3. Rekruttansvarleg fordeler oppgåvene på sine medhjelparar og tilbyr veiledning. O-posten nr. 1. 2010 side 4

Etter løpet Medhjelparen skriv resultatliste og sender denne elektronisk til: FIRDA avis: sporten@firda.no, STATISTIKK: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net KASSERAR: egil.nestande@online.no 1. I resultatlista til Firda avis skal det stå tider frå A-C-løype, damer/jenter for seg. I resultatlista frå N-løypa skal det berre stå delteke, (ikkje tid). 2. Betale eller overføre samla startkontingent til konto 3700.07.15094 i Sparebanken Sogn og Fjordane, og sende kvittering på innbetalt beløp + kladd av deltakarliste frå nærløpet til kasserar Egil Nestande, Kvamane 7, 6800 Førde 3. Sende kladd av deltakarlista til Harald Hjellbrekke, Angedalen, 6800 Førde 4. Ta inn postar og utstyr slik at det er tilbake på lageret i Fil-huset seinast laurdagen etter løpet. Hugs at utstyret er svært verdifult når vi brukar EKT. 5. Sette inn alt utstyr på lageret og levere nøkkel tilbake til den du har lånt den av. Tilbod for rekruttar og nybegynnarar i 2010 I samband med nærløpa våre vil det også denne sesongen vera tilbod for dei aller yngste, både som orientering i ei enkel N-løype, og gjennom ei natursti-løype eller eit skattejaktopplegg. I tillegg blir det rakettløype. Kort om opplegget: Kort merka løype med nokre få laminerte postar (variert innhald, t.d. relevante kartteiknsoppgåver/ naturoppgåver for målgruppa ca. 3-7 år. Munnleg svar ved innkomst. Vi har altså to sett laminerte oppgåver. Dei som går, må hugse kva dei vil svare når dei kjem i mål. Kort gjennomgang der rekrutteringsmedhjelpar brukar dei laminerte spørsmålsarka til ein kort munnleg dialog med dei som kjem inn att frå løypa. Ikkje bruk av blyant eller papir. Vi vil også ha eit system med diplomutdeling/ skattekart i tilknyting til naturstiløypa enkelte gonger. Alt dette er rekrutteringsrådet som kvalitetssikrar og koordinerer i høve kvar N-løypa er lagt. (altså unngå forvirrande merking i konflikt med N-løypetrase). Opplegget vil bli spesifisert på Origo-sidene. Turorienteringa i år Førde IL Orientering har hatt tilbod om turorientering sidan tidleg på 1970-tallet. Men oppslutninga om denne aktiviteten har vist ein nedgåande tendens dei siste åra. Vi satsar på at 2010 blir året da trenden snur og fleire turgåarar oppdagar at turane i skogen blir meir spennande med kart og kompass. Postane vil i år bli sett ut på følgjande område (kart): Vieåsen/Tefre, Halbrendslia (Gravdalsholten), Langeland, Digernesvatnet (Sundsdalen/Masdalen). O-posten nr. 1. 2010 side 5

Vestlandsmesterskapet (DM) blir vårt største og mest krevjande arrangement i 2010. Vi siktar mot eit topp arrangement, som deltakarane vil hugse for ettertida. Skal vi oppnå dette krevst det stor innsats både frå våre trufaste orienteringsfolk og frå andre gode medhjelparar. Planlegginga er godt i gang med Tor Chr. Fink som løpsleiar, Helge Schei og Egil Nestande som løypeleggarar, og Torodd Os som påmeldingsansvarleg. SFOK har oppnemnt Gunnar Gytri som teknisk delegert. Egil er også kartansvarleg, og har tidlegare digitalisert og re-synfare det gamle Langelandskartet frå 1989. Før DM står att ei utviding av kartet mot nord, der ny konstruksjon er bestilt for levering i midten av mai. Til gjennomføring av den individuelle konkurransen (langdistanse) treng vi funksjonærar til følgjande posisjonar og oppgåver: B2 B3 C1 C2 C3 C4 C5 C6 C7 C8 D1 D2 D3 Data-ansvarleg Medhjelpar data Målsjef Innslusing til mål Målgang Backup/Disk Strekktider Leiar tilrigging av arena Tilriggar Tilriggar Sal og kafedrift Salspersonale Løpardrikke E1 Startleiar (start 1) E2 Krysse av startliste E3 Flippover E4 Kontroll av brikke E5 Startleiar (start 2) E6 Flipover E7 Kontroll av brikke F1 Laga kart og løyper Til småtroll F2 Ansvarleg for småtroll F3 Medhjelpar Eit tilsvarande antall personar treng vi også til å gjennomføre stafetten og dei individuelle løpa den andre dagen. Aktuelle personar til å fylle dei ulike posisjonane vil få nærmare melding om dette i nær framtid, og vi både håpar og reknar med at alle vil gladeleg stille opp. Vi må også vera på hogget med PR og marknadsføring i forkant av arrangementet, og vi har eit par dugande mediefolk i kikkerten for å stå ansvarleg for dette. Helge er (som vanleg) løypeleggar når Førde IL Orientering skal arrangere viktige løp O-posten nr. 1. 2010 side 6

Fjord-O er det nye namnet på Nordvestgaloppen Sogndal IL arrangerer Fjord- O/ Nordvestgaloppen med 4 løp i dagane 14. til 18. juli. Dei to første løpa går på kartet Haukåsen, dvs. nær Sogndal lufthamn Haukåsen, medan dei to siste går på kartet Hodlekve i Sogndalsdalen. Begge karta er i målestokk 1:10 000. innbydinga kan du hente på nettet på adressa: http://nordvestgaloppen.no/2010/innbydelse.htm Sidan Fjord-O/ Nordvestgaloppen i år går i vårt eige fylke bør vi nytte høvet til å stille med ei tallrik Førde-tropp. Neste gong dette arrangementet kjem til vårt fylke er ikkje før i 2014. Ingen deltakande lag frå Sogn og Fjordane i Tio-mila 2010, men vår mann i Frol IL, Andreas Magerøy var med. Andreas hadde fått æra og det store ansvaret å starte for Frol IL på opningsetappa. Denne natt-etappa på 9 km med start kl 22:00 gjennomførte han på tida 56:49 min og veksla som nr. 92 av 359 lag. Men han var berre 4 min og 10 sekund bak laget som veksla først. Frol IL var seinare heilt opp på ein 14-ande plass, og kom til slutt i mål etter 10 etapper på tida 12:11:46, etter å ha tapt over halvtimen på siste etappe. Laget vart til slutt nr. 36 av 281 fullførande lag, ei svært respektabel plassering i dette selskapet! Andreas var vår mann i Tio-mila 2010 O-posten nr. 1. 2010 side 7

27th World Orienteering Championships 8.-15.august, Trondheim, Norway Det bør vera kjent for orienteringsfolk flest at i år blir WOC arrangert i Norge, med Trondheim som sentrum. WOC omfattar både sprint, mellom- og langdistanse individuelt, pluss stafettar. Sprintløpa går i Trondheim sentrum, og dei andre løpa i bynære område rundt Trondheim. Arrangørane satsar stort, og vil gjennom dette VM-et vise orientering som ein idrett for framtida. Dei lovar eit profesjonelt og miljøvennleg VM, med intensjon om å bringe arrangementet ut til folk flest. Publikum vil komme tett på ein idrett som krev ekstrem kompetanse, uthalding og fysisk styrke frå utøvarane. Bruk av moderne teknologi WOC nyttar seg også i stor grad av moderne teknologi. Karta er konstruert på grunnlag av laserskanning av terrenget og ikkje på grunnlag av flyfoto. Under løpa vil tracking ved hjelp av GPS på løparane bli nytta til å vise på storskjerm vegvalg og korleis løparane tar seg fram i terrenget. Opne løpstilbod Under og i tilknytning til WOC blir det gjennom WOC Tour 2010 også løpstilbod for dei som ikkje er kvalifiserte for deltaking i WOC. WOC Tour 2010 er eit 5-dagarsløp i tilknytning til WOC 2010. Alle løp går i VM-terrenga, og byr på utfordrande løyper i eit relativt raskt trøndersk terreng. Løpa under WOC går i terreng nær Trondheim, med sprint i sjølve byen. O-landsleir og hovudløp for yngre Årets O-landsleir og hovudløp for yngre blir også arrangert samtidig med WOC, med Stjørdals-Blink som arrangør. Orienteringsidretten vil såleis få ei sterk profilering i Trondheimsområdet i veka 8. til 15. august. Det kan derfor vera vel verdt å legge sommar-ferien til Trøndelag i år, og få med seg dette arrangementet, ja kanskje til og med delta gjennom WOC Tour 2010. O-posten nr. 1. 2010 side 8

Kan ny teknologi revolusjonere orienteringsidretten? GPS og storskjerm Tracking er eit nyord i orienteringssammenheng, som ennå ikkje har fått (og kanskje heller aldri får) norsk nemning. Sporing kunne kanskje vera ei brukande nemning, for tracking betyr at vi kan følgje løparane sine vegvalg og fart gjennom terrenget på storskjerm. På større arrangement er dette i ferd med å bli vanleg for eliteklassene, og som nemnt vil dette bli brukt under WOC i Trondheim i august. Eit inntrykk av systemet kan du få ved å gå inn på denne sida: http://www.tulospalvelu.fi/gps/2010bjugnlong/ Storskjerm og GPS-tracking er framtida! NOF satsar på storskjerm og GPS-tracking i 2010. Forbundet har inngått avtale med selskapet to-be-more as om leige av storskjerm for 30 arrangement dei kommande tre åra. I tillegg har NOF kjøpt inn 50 GPS-trackingeiningar som skal brukast på alle hovudarrangement. Generalsekretær i NOF Bjørnar Valstad meiner at denne avtalen tar orienteringsidretten et langt stykke inn i fremtiden. Vi kan nå få fram spenningen ute i skogen til de som er tilstede på arenaen på en helt annen måte enn tidligere. I tillegg er skjermen det store blikkfanget på arenaen og dermed en glimrende måte for arrangører til å profilere sine samarbeidspartnere på arrangementene. Systemet opnar også for at trackingen kan overførast og visast på vanleg stor flatskjerm utanfor sjølve løpsarenaen. Bjugn IL nytta seg av dette på sine løp 24. og 25. april og overførte tracking frå skogen til to kjøpesenter, pluss PR for orienteringsidretten med vising av tur-o på nett, nettbasert opplæring osv. Laserskanning for kartframstilling Heilt opp til dei siste åra har flyfoto vore grunnlaget for moderne kartkonstruksjon, men dei siste åra er laserskanning lesing av terrenget med laser frå fly utvikla som ein ny metode. Kartframstiling på grunnlag av laserskanning er ein teknologi som gir eit meir nøyaktig (fysisk riktig) kurvebilde enn tidlegare konstruksjonsmetoder, og vil etter kvart sikkert bli den vanlege metoden for kartframstilling. Fylkeskartkontoret for Hordaland/Sogn og Fjordane har planar om å starte lasserskanning i vårt fylke i løpet av kartplanperioden 2010-2013. O-posten nr. 1. 2010 side 9

Vår nettside Nettsida til Førde IL Orientering finn du på adressa www.fordeorientering.com og opningsbildet ser slik ut: På menyen til venstre kan du klikke deg vidare til f. eks. nyheiter, eller bilde og filer der du finn ulike dokument som vi har lagt ut på nettsida, mellom anna løpsinnbydingar og løpsresultat. Men for at sida skal vera interessant og informativ er det viktig at vi brukar ho. Spesielt gjeld dette alle som er nærløpsansvarlege og ansvarlege for andre løp som Førde IL Orientering arrangerer. Innlegging av stoff krev pålogging For å legge inn nye artiklar, meldingar, dokument eller bilde må du logge deg på via verktøykassa. Klikk for eksempel på nyheter, og du får opp ein innloggingsmeny som ser slik ut: Du loggar inn som Superbrukar med passordet 3838. Skal du sette inn bilde eller f.eks. resultatlister må du først laste opp bilde eller dokument. Framgangsmåten elles forstår du sikkert av menyane som kjem opp. Men har du problem og kanskje høyrer du til dei som for lengst har passert dei 30 og såleis er godt inne i livskvelden, kan du be om hjelp frå barn eller barnebarn! NB! Store bildefiler (over 1 MB) bør krympast før opplasting slik at dei ikkje fyller opp unødvendig mykje av lagringsplassen som inngår i vårt domeneabonnement. For vising på skjerm gir filstorleik på 200 kb god nok kvalitet. Tilsvarande bør store dokument lagrast og lastast opp i komprimert PDF-format. O-posten nr. 1. 2010 side 10