Tilbodsinvitasjon Skildring av oppdraget Påverknad frå avløp på vassførekomstar i Sogn og Fjordane 1 Bakgrunn for oppdraget Ureiningsforskrifta sett reinsekrav og peiker kommunane ut som ureinings- og tilsynsmynde for mindre utslepp av avløpsvatn 1. Etter vassforskrifta skal alle vassførekomstar i vassregionen nå minst god økologisk tilstand 2 og god kjemisk tilstand. I dei fleste tilfelle vil utslepp frå avløp ikkje hindre vassførekomstane i å nå desse måla dersom kommunane sikrar at krava i ureiningsforskrifta er møtt. Det er likevel godt kjent nasjonalt at mange kommunar har i lang tid hatt dårleg oversikt over spreidde avløpsanlegg (Norsk Vann 2013). Det er usikkert i kor stor grad reinsekrav er møtt. I utgangspunktet bør kommunane som ureiningsmynde ha full oversikt over alle private og kommunale avløpsanlegg i sitt område. Dei bør sikre betring der reinsegraden ikkje møter krava i ureiningsforskrifta og investere i kommunale reinseanlegg og leidningsnett slik at belastinga på naturen frå utslepp og overløp ikkje overstig reinsekrava. I dei fleste tilfelle vil dette sikre at toleevna i naturen ikkje overskridast. Pragmatisk sett er det ofte eit stort etterslep i arbeidet med avløp, og det vil ta mange år å rydde opp. Mange kommunar vert difor nøydd om å prioritere innsatsen i oppryddingsarbeidet innafor ei langsiktig og målretta plan, særleg i høve spreidde avløpsanlegg. Norsk Vann (2013) lister fleire faktorar som kan styre prioriteringa. Tilstanden av vassførekomstar, (vurdert etter krava i vassforskrifta) er ein føremåltenleg faktor. Andre faktorar er økonomiske faktorar (t.d. samfunnsøkonomiske faktorar og kostnadseffektivitet) og betyding for helse. Det er viktig at anlegg som vert nedprioritert vert satt inn i ein langsiktig plan for opprydding for å møte krava i ureiningsforskrifta. I Sogn og Fjordane har mogleg påverknad frå avløp på elver, bekkar og innsjøar vorte kartlagt gjennom eit prosjekt (forprosjekt på avløp). Grunnlaget for kartlegginga var plassering av septik tankar og kommunale reinseanlegg i nærleik av vassførekomstar. Graden av påverknad vart vurdert saman med kjemiske og biologiske analysedata og satt som anten «lita», «middels» eller «ukjend». Graden av påverknad er registrert i databasen vann-nett. Kystvatn vart ikkje vurdert i prosjektet. Vedlegg 1 og 2 gjev meir informasjon. Det er no eit behov for å validere vassførekomstane med kommunane, og stadfeste i samarbeid med dei om det finnast andre vassførekomstar som óg kan vere påverka av avløp. I tillegg trengs ei vurdering av påverknadsgrad frå avløp der påverknaden står (eller vert sett gjennom valideringsprosessen) som ukjend. Graden av påverknad skal settast som lita, middels eller stor etter definisjonane i karakteriseringsrettleiaren (sjå fotnote 3). Dette gjev grunnlag for å utarbeide tiltak i vassforvaltningsplanen. 1 (1) utslepp av avløpsvatn frå bustadar, hytter og anna verksemd mindre enn 50 PE og (2) kommunalt utslepp mindre enn 2000 PE til ferskvatn og elvemunning, og mindre enn 10 000 PE til sjø. 2 Godt økologisk potensial i høve sterkt modifiserte vassførekomstar.
Oppdragsgjevar ønskjer samstundes ei utgreiing av korleis kommunane utfører si rolle som ureiningsmynde på avløp (kapittel 12 og 13 i ureiningsforskrifta). Formålet er å finne ut kor god oversikt kommunane har over utslepp frå avløp, kva dei store barrierane er i planlegging- og oppryddingsarbeidet, og kva slags løysingar vil stette vidare arbeid. Er det t.d. behov for å dekke kostnad av tilsyn gjennom avgifter? I kor stor grad nytter kommunane seg av denne moglegheita? Kan interkommunalt samarbeid hjelpe for å fjerne barrierar, og i så fall kva slags modellar kunne vere aktuelle? Utslepp frå avløp har potensial til å påverke kystvatn, særleg der utsleppspunktet ligg i område der høva for uttynning er dårlege, t.d. grunne viker. Oppdragsgjever ønskjer å undersøke eit eller to område der slike høve gjeld for å vurdere om graden av påverknad er vesentlig. Områda må identifiserast i samarbeid med kommunane/vassområda. Opsjon Inspeksjon og registrering av avløpsanlegg kan verte naudsynt for å vurdere reinsegrad og graden av påverknad frå avløp på vassførekomstar meir nøyaktig. Oppdragsgjevar ønskjer opsjonspris for inspeksjon av fem avløpsanlegg i eitt vassdrag i kvar kommune med føremål å sette graden av påverknad som lita, middels eller stor etter definisjonane i karakteriseringsrettleiaren (sjå fotnote 3). Utslepp frå ferjer og cruiseskip har potensial til å ureine kystvatn. Oppdragsgjevar ønskjer opsjonspris på ei oversikt over korleis ferjeselskap og reiarlag handterer avløpsvatn på sine fartøy, og ei vurdering om praksisen kan føre til vesentleg påverknad på vasskvaliteten av kystvatn. Kommunane i Sogn og Fjordane Det er 26 kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll Flora Hyllestad Naustdal Vågsøy Aurland Førde Høyanger Selje Årdal Balestrand Gaular Jølster Sogndal Bremanger Gloppen Leikanger Solund Eid Gulen Luster Stryn Fjaler Hornindal Lærdal Vik 2 Føremål Formålet med oppdraget er å vurdere om utslepp frå spreidde og kommunale avløpsanlegg vesentleg påverkar vasskvaliteten i elver, bekkar, innsjøar og kystvatn i Sogn og Fjordane. Oppdraget skal óg leggje til rette for prioritering og langsiktig arbeid med spreidde avløpsanlegg i kommunane for å sikre at krava i ureiningsforskrifta er møtt. I det lange løp skal utslepp frå avløpsanlegg ikkje hindre vassførekomstar i Sogn og Fjordane i å nå miljømål etter vassforskrifta, og avløp skal ikkje vere årsak til ureining.
3 Oppdraget Oppdraget er delt i tre: Del 1: Validere vassførekomstane i Sogn og Fjordane med vesentleg påverknad frå avløp i samarbeid med kommunane (364 vassførekomstar, sjå vedlegg 2). Samle informasjon som kommunane har tilgjengeleg på avløpsanlegga i dei prioriterte områda som truleg påverkar dei aktuelle vassførekomstane (4958 tankar). Vurdere reinsegrad og belasting på vassførekomstane der graden står som ukjend (96 vassførekomstar, 1897 tankar, sjå vedlegg 3). Sette graden av påverknad på vassførekomstane som lita, middels eller stor etter karakteriseringsrettleiaren 3. Identifisere to område for å vurdere påverknad frå avløp på kystvatn. Vedlegg 2 viser tal vassførekomstar i kvar kommune frå kartleggingsprosjektet, tal prioriterte område og tal spreidde avløpsanlegg (tankar). Vedlegg 3 viser tal vassførekomstar i kvar kommune der graden av påverknad frå avløp har vorte sett som ukjend, tal prioriterte område i nærleik av desse vassførekomstane, tal tankar i desse områda og estimert folketal knyta til tankane. Del 1 Opsjon: Inspeksjon og registrering av fem avløpsanlegg i eitt vassdrag i kvar kommune med mål å auke pålitelegheit i estimert påverknadsgrad. Vassdraget veljast ut i samarbeid med kommunen, og er avhengig av at kommunen ønskjer å nytte tenesten. Vurdere reinsegrad og belasting på vassdraget. Sette graden av påverknad som lita, middels eller stor etter definisjonane i karakteriseringsrettleiaren 3. Om det valde vassdraget har meir enn fem tankar innanfor 100 meter sona takast tilstanden av dei fem anlegga som representativ for tilstanden av dei andre anlegga i vassdraget. Synfaring for å avdekke eventuelle direkte utslepp til vassdraga frå septiktankar. Del 2: Greie ut om korleis kommunane utfører si rolle som ureiningsmynde på avløp (arbeidsprosess og system). Dokumentere barrierar i opprydding av spreidde avløp og kommunale anlegg. Utarbeide eit framlegg med moglege kommunale og interkommunale løysingar for å heve innsatsen innan avløp i langsiktig perspektiv slik at det kan dokumenterast at avløpsanlegga i kvar kommune møter utsleppskrava etter ureiningsforskrifta, eller at arbeid er på gang for å nå dette målet. Oppdragsgjevar ser for seg at ved gjennomføring av Del 1 vil oppdragstakar samtidig kunne dokumentere korleis kommunane lagrar og nyttar informasjon om avløpsanlegg, og korleis dei utfører si rolle som ureiningsmynde. Del 3 Opsjon: Oversikt over korleis ferjeselskap og reiarlag handterer avløpsvatn på sine fartøy. Ei vurdering om praksisen kan føre til vesentleg påverknad på vasskvaliteten av kystvatn målt etter krava i vassforskrifta. 4 Oppfølging i prosjektperioden Det kan vere behov for avgjerder undervegs i prosjektet avhengig av respons frå kommunane. Tilbydar bør ta høgde for statusoppdateringar og diskusjon med oppdragsgjevar undervegs i prosjektet. 3 Direktoratsgruppen vanndirektivet 2018. Veileder 1: 2018 Karakterisering
5 Leveranse Leveransen skal innehalde følgande: Del 1 a. Logg av (kort referat frå) samarbeidsmøter med kommunane i Sogn og Fjordane b. Ei liste over prioriterte vassførekomstar for fylket som kommunane er samd i, inklusive to kystvatn førekomstar. c. Samanstilling og vurdering av biologiske, kjemiske og fysiske analyser allereie utført i vassdraga (frå vann-nett, vann-miljø). d. Vurdering av reinsegrad, belasting og grad av påverknad på dei prioriterte vassførekomstane i samsvar med karakteriseringsrettleiaren 3. e. Kort grunngjeving for grad av påverknad. Del 1 Opsjon: a. Rapport frå inspeksjon og registrering av spreidde avløpsanlegg, med vurdering av reinsegrad, belasting og påverknadsgrad på vassdraget. Samandrag, innleiing, metodikk, resultat, diskusjon, konklusjon, litteraturliste og vedlegg. Del 2 a. Spørjeundersøking for å få oversikt over korleis kvar kommune utfører si rolle som ureiningsmynde (t.d. basert på paragrafane i kapittel 12 og 13 av ureiningsforskrifta). b. Statistikk som viser kor god oversikt kommunane har over ureining frå kommunale og spreidde avløpsanlegg i sitt område (t.d. prosent avløpsanlegg som kan dokumentere at reinsekrav er møtt) c. Referat frå strukturerte samtaler med kvar kommune om barrierar innan avløpsproblematikk, og kva løysingar vil støtte vidare arbeid med planlegging og opprydding. d. Utgreiing av forskjellige løysingar på kommune nivå og moglegvis interkommunalt og anbefaling for vidare arbeid e. Utgreiing av konsekvensane om kommunen ikkje har ein langsiktig og målretta plan for opprydding i avløpsproblematikken f. Rapport med samandrag, innleiing, metodikk, resultat, diskusjon, konklusjon, litteraturliste og vedlegg. Del 3 Opsjon: a. Rapport om avløpsutslepp frå ferjer og cruiseskip og mogleg påverknad på kvaliteten av kystvatn. Samandrag, innleiing, metodikk, resultat, diskusjon, konklusjon, litteraturliste og vedlegg. 6 Kartgrunnlag Oppdragsgjevar kan gjere følgjande filer tilgjengelege til vald leverandør: Shape filer av septik tankar Shape filer av prioriterte område der ei gruppe septik tankar eller adressepunkt ligg mindre enn 100 meter frå vassførekomsten.
Vedlegg 1 Metode brukt i fyrste kartleggingsrunde av påverknad frå avløp Mogleg påverknad frå avløp på elver, bekkar og innsjøar i Sogn og Fjordane har vorte kartlagt for å løfte fram vidare arbeid. Grunnlaget for kartlegginga var plassering av septik tankar og kommunale reinseanlegg i nærleik av vassførekomstar. Bilete viser område i gult. Dei blå firkantane er septik tankar. Dei gule felta har tankar som ligg 100 meter eller mindre frå vassførekomstar (digitalisert i ArcMap). I dette døme ligg det fleire område langs same vassførekomst (Sogndalselvi bekkefelt 077-88-R). Påverknad frå avløp kan vere vesentleg. Graden av påverknad på elvene og bekkane har vorte vurdert i lys av kjemiske og biologiske analysedata og satt som anten «lita», «middels» eller «ukjend» i vann-nett (www.vann-nett.no). For Sogndalselvi bekkefelt er påverknaden frå spreidde avløp satt som ukjend. Meir arbeid er naudsynt.
Vedlegg 2 Statistikk på vassførekomstar som skal validerast Mogleg påverknad frå avløp på elver, bekkar og innsjøar i Sogn og Fjordane har vorte kartlagt. Tabellen viser tal vassførekomstar i kvar kommune som kan vere vesentleg påverka av avløp og som skal validerast i samarbeid med kommunane. Tal prioriterte område (område der tankar ligg 100 meter eller mindre frå vassførekomstane basert på målingar i ArcMap), tankar og folketal er óg vist i tabellen. I Årdal skal 8 vassførekomstar validerast med kommunen. Ved desse vassførekomstane ligg det 11 prioriterte område med til saman 77 tankar. Nokre av vassførekomstar har meir enn eitt prioritert område med tankar. Folketalet knyta til tankane er estimert til 88 personar. KOMMUNE Tal vassførekomstar Tal område Tal tankar Folketal Askvoll 11 15 97 212 Aurland 9 13 82 215 Balestrand 6 9 50 87 Bremanger 11 19 207 396 Eid 17 27 270 643 Fjaler 15 17 119 245 Flora 20 25 264 690 Førde 21 39 292 1074 Gaular 27 46 347 635 Gloppen 22 38 305 804 Gulen 16 21 167 305 Hornindal 9 17 96 226 Hyllestad 15 17 101 189 Høyanger 21 30 184 328 Jølster 16 32 317 472 Leikanger 4 5 36 132 Luster 22 36 361 1290 Lærdal 14 33 243 508 Naustdal 9 31 165 414 Selje 10 17 137 283 Sogndal 14 26 223 629 Solund 1 2 10 15 Stryn 28 57 561 1037 Vik 13 36 171 364 Vågsøy 5 10 76 213 Årdal 8 11 77 88 TOTAL 364 629 4958 11494
Vedlegg 3 Statistikk på vassførekomstar med ukjend grad påverknad frå avløp Mogleg påverknad frå avløp på elver, bekkar og innsjøar i Sogn og Fjordane har vorte kartlagt. Graden av påverknad vart vurdert og registrert i databasen vann-nett. Tabellen viser tal vassførekomstar i kvar kommune der graden av påverknad frå avløp har vorte sett som ukjend. Her er det trong for vidare arbeid. Tabellen viser óg tal prioriterte område i nærleik av desse vassførekomstane, tal tankar i desse områda og estimert folketal knyta til tankane. I Årdal er to vassførekomstar registrert i vann-nett med ukjend grad påverknad frå avløp. Ved desse vassførekomstane ligg det 3 prioriterte område med til saman 25 tankar som ligg 100 meter eller mindre frå vassførekomsten. Folketalet knyta til tankane er estimert til 39 personar. KOMMUNE Tal vassførekomstar Tal område Tal tankar Folketal Påverknadsgrad Askvoll 6 7 50 145 Ukjent grad Aurland 4 6 50 151 Ukjent grad Balestrand 1 1 11 22 Ukjent grad Bremanger 2 4 50 98 Ukjent grad Eid 2 3 28 79 Ukjent grad Fjaler 3 3 38 114 Ukjent grad Flora 4 5 64 189 Ukjent grad Førde 6 19 142 670 Ukjent grad Gaular 5 8 86 182 Ukjent grad Gloppen 7 20 178 472 Ukjent grad Gulen 6 10 95 191 Ukjent grad Hyllestad 2 3 18 54 Ukjent grad Høyanger 2 5 41 100 Ukjent grad Jølster 2 4 32 59 Ukjent grad Luster 7 19 173 896 Ukjent grad Lærdal 1 1 23 39 Ukjent grad Naustdal 2 5 32 73 Ukjent grad Selje 2 7 78 194 Ukjent grad Sogndal 9 19 149 479 Ukjent grad Solund 1 2 10 15 Ukjent grad Stryn 13 35 386 693 Ukjent grad Vik 7 10 99 226 Ukjent grad Vågsøy 1 6 50 149 Ukjent grad Årdal 2 3 25 39 Ukjent grad TOTAL 96 204 1897 5307