SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. SOGNDAL KOMMUNE Tenestetorg og IKT



Like dokumenter
SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. Vedteke i administrasjonsutvalet Revidert desember 2008, som følgje av endringar i HTA pr.1.5.

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Nissedal kommune Rådmann

Balestrand kommune Permisjonsreglement

MELAND KOMMUNE PERMISJONSREGELMENT

I punktene 2.1 til 2.7 nedenfor følger veiledende norm /eksempler på permisjonsgrunner for å kunne innvilge lønnede permisjoner :

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Permisjonsreglement Sund kommune

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Dokumenttype: Dokumenteigar: Dokumentnummer: Versjon: Gjeld for: Handbok Personalsjef RMKS Personalhandboka

1. OMFANG - LØNNSANSIENNITET - FERIEPENGER - PENSJONSMEDLEMSKAP

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/66

Permisjons- Reglement. Revidert av administrasjonsutvalget xx.xx.16.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

VESTNES KOMMUNE. Permisjonsreglement. Politisk behandla: møtedato: utvalgssak:

Permisjonar utan løn utover ramma på 12 mnd.

Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet Behandling: Framlegg utarbeidd i møte: 0 Generelle bestemmelsar

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

P E R M I S J O N S- R E G L E M E N T

PERMISJONSREGLEMENT Endringsdato : Versjon nr: 4 Utarbeidet av: HR-enheten

Arbeidsreglement Sund kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

A R B E I D S REGLEMENT

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune

Permisjonsreglement Bardu kommune 2014

Jølster kommune Permisjonsreglement Gjeld frå I N N H A L D 1.0 GENERELT PERMISJON VED OPPLÆRINGS- OG UTVIKLINSTILTAK...

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Visma web for leiarar sjukefråvær og permisjonar

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Leiar SP Randi Bergundhaugen Nestleiar H Astrid Egset Medlem AN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 17/64

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

5. PERMISJONSVEDTEKTER

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Administrasjonsutvalget. Dato: Administrasjonsutvalgets medlemmer og varamedlemmer.

10/60-14/N-211//AMS

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Permisjonsreglement vedtatt

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Permisjonsreglement. Færder kirkelige fellesråd

PERMISJONSREGLEMENT FOR VÅGSØY KOMMUNE. Vedtatt av ADMU 15.september 2005 Sak 003/05

INNHOLD Svangerskapskontrol, Svangerskapspermisjon Omsorgspermisjon, Fødselspermisjon, Foreldrepermisjon,

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

SØR-VARANGER KOMMMUNE

HATTFJELLDAL KOMMUNE PERMISJONSREGLEMENT

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/65

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

PERMISJONSREGLEMENT FOR AGDENES KOMMUNE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

PERMISJONSREGLEMENT FOR MELDAL KOMMUNE

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Permisjonsreglement for Volda kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR RØDØY KOMMUNE

Personalreglement Masfjorden kommune

REVIDERT PERMISJONSREGLEMENT

Ullensvang herad. Møteinnkalling Administrasjonsutvalet

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den , skal 2/12

Permisjonsreglement for Bjugn kommune

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT for Midtre Gauldal kommune. Vedtatt i kommunestyret , KS-sak 61/11 Endret av rådmannen

Permisjonsreglement for Trysil kommune

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

PERMISJONSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Permisjonsreglement og retningslinjer

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Mareno Kennet Nakken Medlem FRP FELLESLISTE

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE.

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

PERMISJONSREGLEMENT Åfjord kommune

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

PERMISJONSREGLEMENT for Midtre Gauldal kommune. Vedtatt i administrasjonsutvalget. 1 av 7

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Permisjonsreglement for Norsk Fosterhjemsforening

EKSEMPEL PÅ PERMISJONSREGLEMENT Utarbeidet av KA til bruk for KAs medlemmer etter lokalt vedtak

Transkript:

Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-5 112804/12 12.12.2012 SOGNDAL KOMMUNE Permisjonsreglement Vedteke i administrasjonsutvalet 17.08.06 Revidert 21. desember 2012 i administrasjonsutvalet, sak 2/12. UTGÅVE: 4.4 1

INNHALD UTGÅVE: 4.4 1 1 FELLESREGLAR 3 1.1 Omfang.. 3 1.2 Tilhøvet til anna regel-/avtaleverk. 3 1.3 Budsjett - personell - driftsomsyn.. 3 1.4 Saksgang ved søknad og avgjersle.. 3 1.5 Lønsansiennitet. 3 1.6 Feriepengar. 3 1.7 Pensjonsmedlemskap. 4 1.8 Vikar. 4 2 PERMISJON VED SJUKDOM, SVANGERSKAP, OMSORG MV.. 4 2.1 Eigenmelding/sjukmelding 4 2.2 Fri ved sjukdom for barn og barnepassar og følgje barn til lege/sjukehus 4 2.3 Foreldrepermisjon. 5 2.4 Omsorgspermisjon for far.. 6 2.5 Delvis permisjon/tidskonto 6 2.6 Utvida omsorgspermisjon. 6 2.7 Adopsjon 6 2.8 Fosterbarn.. 6 2.9 Fri ved amming 6 2.10 Redusert arbeidstid. 7 3 VELFERDSPERMISJONAR 7 3.1 Alvorleg sjukdom 8 3.2 Pleie av sjuke familiemedlemar. 8 3.3 Dødsfall.. 8 3.4 Barn i barnehage, skule og skulefritidsordning..8 3.5 Bryllaup 9 3.6 Feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar. 9 3.7 Andre velferdspermisjonar.. 9 3.8 Korttidspermisjon 9 3.8.1 Offentlege tillitsverv og ombod.. 9 3.8.2 Nominasjon. 9 3.8.3 Tillitsverv/stilling i arbeidstakarorganisasjonane.. 9 4 UTDANNINGSPERMISJONAR. 10 4.1 Kompetanseutvikling. 10 4.2 Bindingstid.. 10 4.3 Eksamensfri 10 4.4 Intern opplæring.. 10 4.5 Opplæring av tillitsvalde.. 10 5 ANDRE PERMISJONSREGLAR. 11 5.1 Overgang til anna stilling. 11 5.1.1 I kommunen. 11 5.1.2 Utanfor kommunen. 11 5.2 Internasjonalt arbeid 11 5.3 Deltaking i hjelpekorps 11 5.4 Vernepliktige 12 Vedlegg 1 Reglement for etter- og vidareutdanning for lærarar. 13 2

FELLESREGLAR 1.1 Omfang Reglementet gjeld for alle arbeidstakarar i Sogndal kommune i eit fast forpliktande arbeidsforhold med ei på førehand fastsett arbeidstid. Permisjonsreglementet gjeld for undervisningspersonalet så fremt reglane ikkje strir mot det sentrale lov- og avtaleverket. Tilpassingsreglane går fram av det sentrale lov- og avtaleverket. Deltidstilsette får permisjon i høve til storleiken på stillinga. Reglementet gjeld også for arbeidstakarar med tidsavgrensa tilsetjing som er omfatta av Hovudtariffavtalen 1. 1.2 Tilhøvet til anna regel-/avtaleverk Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strid mot lover, bindande føresegner og reglement eller kollektive avtaler der kommunen er part. 1.3 Budsjett - personell - driftsomsyn Ved handsaming av permisjonssøknader som ikkje er lov- eller avtalefesta, skal det takast nødvendige omsyn til budsjettrammer, personellsituasjonen og drifta. Før det vert gjeve permisjon skal det gjerast ei konkret vurdering av konsekvensane for driftsmålsetjingane. 1.4 Saksgang ved søknad og avgjersle Permisjonar etter reglementet vert delegert til rådmannen. Det er opp til rådmannen å delegera mynde vidare til andre i administrasjonen. Søknader om permisjon skal sendast næraste leiar. 1.5 Lønsansiennitet Hovudregelen er at permisjon med heil eller delvis løn ikkje avbryt oppteninga av lønsansiennitet, men at oppteninga vert avbroten av uløna permisjonar. Det er einskilde unnatak frå hovudregelen. Uløna permisjon i samband med svangerskap, adopsjon og vidareutdanning vert rekna med i lønsansienniteten med inntil 2 år. Uløna permisjon grunna tvungen militærteneste, permisjon for å utføra offentlege ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonar vert rekna med i lønsansienniteten. 1.6. Feriepengar Løna permisjon får ikkje innverknad på oppteningsgrunnlaget. For sjuke- og foreldrepermisjon, samt tvungen militærteneste, vert det vist til ferielova 10, jf. folketrygdlova sine vedtekter. Uløna permisjon gjev ikkje opptening av feriepengar. 3

1.7 Pensjonsmedlemskap Løna permisjon avbryt ikkje pensjonsmedlemsskapet. Ved permisjon utan løn lengre enn 1 månad vert arbeidstakaren meldt ut av pensjonsordninga. KLP vil gje tilbod om frivillig medlemsskap i permisjonstida. 1.8 Vikar Når det er tvingande nødvendig av omsyn til tenesta, kan det setjast vilkår for å få permisjon at det kan skaffast kvalifisert vikar. Slikt vilkår kan ikkje setjast ved permisjonar som følgjer av lov eller tariffavtale, eller ved permisjonar grunna tvingande velferdsgrunnar. 2. PERMISJON VED SJUKDOM, SVANGERSKAP, OMSORG MV Generelt Ved sjukdom vert det vist til arbeidsmiljølova 12, hovudtariffavtalen kap. 1 8.2.3 og 8.4, folketrygdlova 8-23, 8-24, 8-26, 8-27 og samt 9-5 til 9-9. Ved fødsels- og adopsjonspermisjon og utvida omsorgspermisjon vert det vist til arbeidsmiljølova; hovudtariffavtalen 8.3, 8.4, 8.5; folketrygdlova 14. Søknader skal sendast i god tid. Arbeidstakar som har hatt permisjon etter pkt. 2.4, 2.5 og 2.6 må ha teke til igjen i stillinga før nye, tilsvarande permisjonar kan påbyrjast. 2.1 Eigenmelding/sjukmelding Ved sjukefråvær inntil 8 kalenderdagar kan det nyttast eigenmelding. Eigenmelding skal leverast til arbeidsgjevar første arbeidsdag etter sjukefråværet. Eigenmelding kan nyttast inntil 24 kalenderdagar dei siste 12 månadane. Frå og med den niande kalenderdagen må arbeidstakar leggja fram sjukmelding frå lege. 2.2 Fri ved sjukdom for barn og barnepassar og følgje barn til lege/sjukehus Ein arbeidstakar som har omsorg for barn har rett til omsorgspengar dersom vedkomande er borte frå arbeidet: a) på grunn av nødvendig tilsyn med og stell av eit barn som er sjukt, eller b) fordi vedkomande som har det daglege barnetilsynet er sjuk. c) fordi vedkomande som har det daglege barnetilsynet er hindra frå å ha tilsyn med barnet fordi vedkomande følgjer eit anna barn til utgreiing eller til innlegging i helseinstitusjon, eller d) fordi barnet på grunn av sjukdom treng oppfølging i form av legebesøk mv. sjølv om barnet ikkje er sjuk eller pleietrengande den aktuelle dagen. Retten til omsorgspengar etter første ledd gjeld også fosterforeldre. Retten til løna permisjon gjeld til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. Dersom barnet er kronisk sjuk eller funksjonshemma, gjeld retten til og med det året barnet fyller 18 år. 4

Pleiepengar frå NAV vert gjeve til tilsette som har barn innlagt i helseinstitusjon, og opplæringspengar vert gjeve til tilsette med omsorg for eit funksjonshemma barn, jf. reglane i folketrygdlova 9-10 9-15. Merknader: Føremålet med ein slik rett til løna permisjon er å dekka yrkesaktive foreldre sin trong for korte fråvær frå arbeidet inntil anna tilfredsstillande tilsyn med barnet kan skaffast. Retten til permisjon gjeld ut det året barnet fyller 12 år (18 år for kronisk sjuke eller funksjonshemma barn). Retten til fri er avgrensa til 10 dagar pr. kalenderår (20 dagar for einsleg forsørgjar). Arbeidstakar med omsorg for meir enn to barn under 12 år har rett til 15 dagar pr. kalenderår (30 dagar for einsleg forsørgjar). Arbeidstakar med omsorg for kronisk sjuke eller funksjonshemma barn under 18 år (gjeld ut det kalenderåret barnet fyller 18 år) får i tillegg 10 dagar for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn (dobla tal dagar for einsleg forsørgjar). Sjukdomen må legitimerast med legeattest for barnet/barnepassar ved samanhengande fråvær utover 3 kalenderdagar. Arbeidstakar har ikkje rett til fri med løn utover dei dagane pr. kalenderår som er nemnt ovanfor. Denne avgrensinga gjeld sjølv om barnet sin sjukdom vert legitimert med legeattest. Dersom det er trong for fri utover pkt. 2.2, er det høve til å søkja om permisjon utan løn etter pkt. 3.10. Retten til løna permisjon gjeld stønadsdagar og ikkje kalenderdagar som ved eigenmelding/ sjukmelding etter pkt. 2.1. Skjema: Eigenmelding 2 Ved sjukdom som varer utover 52 veker/248 dagar kan det gjevast inntil 1 år uløna permisjon. Dersom sjukdommen varer utover innvilga uløna sjukepermisjon, kan det etter søknad gjevast ytterlegare 1 år sjukepermisjon utan løn. Totalt kan det gjevast inntil 2 år sjukepermisjon utan løn. Vilkår for at permisjon kan verta gjeve, er at arbeidstakar er under behandling, arbeidsavklaring eller at det er utsikt til betring. For kvar søknad skal det leggjast ved fråsegn frå lege eller kopi av vedtak frå NAV om arbeidsavklaringspengar. 2.3 Foreldrepermisjon Arbeidstakar som har vore i inntektsgjevande arbeid 6 av dei siste 10 månadene før stønadsperioden tek til, har rett til permisjon med løn anten 47 veker med full løn eller 57 veker med 80% løn. Inntil 12 veker kan leggjast til tida før nedkomst. Mor skal ha foreldrepermisjon/-pengar dei første 6 vekene etter fødselen. Inkludert i den totale stønadsperioden (47/57 veker) er mor sin rett/plikt til å slutta i arbeid minst 3 veker før nedkomst. Likeeins gjeld far sin rett/plikt til å avvikla 12 veker av stønadsperioden (fedrekvoten), jf. likevel folketrygdlova 14-10. 5

Fedrekvoten skal samla utgjera 12 veker. Fedrekvoten kan verta teken ut som enkeltdagar dersom dette er ønskjeleg både for arbeidstakar og arbeidsgjevar. Uttaket av enkeltdagar må skje innanfor den totale stønadsperioden (dvs. før fødselspermisjonstida går ut). 2.4 Omsorgspermisjon for far I samband med fødsel har far rett på 2 veker omsorgspermisjon med løn dersom han bur saman med mora og nyttar tida til omsorg for familie og heim. Permisjonen kjem i tillegg til fødselspermisjon. 2.5 Delvis permisjon/tidskonto Arbeidstakar kan få delvis permisjon i kombinasjon med delvis uttak av foreldrepengar eller adopsjonspengar. Retten er basert på avtale mellom arbeidstakar, arbeidsgjevar og NAV. Det er eit vilkår for rett til delvis permisjon at arbeidstakar arbeidar meir enn halv stilling. Permisjon og bruk av tidskonto følgjer elles til ei kvar tid gjeldande sentrale lovverk. Avtalen kan endrast eller opphøyra når særlege grunnar gjer det nødvendig. 2.6 Utvida omsorgspermisjon Kvar av foreldra kan i tillegg til fødselspermisjon etter pkt. 2.4, ta inntil 1 år permisjon utan løn for kvart barn. Permisjonen må knytast til fødselspermisjonen. Arbeidstakar som er åleine om omsorga for barnet, har rett til permisjon etter dette punkt i inntil 2 år. Arbeidsgjevar skal varslast snarast mogeleg og seinast 3 månader før. Den utvida retten gjeld ikkje dersom foreldra har valt ordninga med tidskonto/delvis permisjon. 2.7 Adopsjon Ved adopsjon av barn under 15 år har adoptivforeldre rett til permisjon med løn for same tidsrom som arbeidstakar får adopsjonspengar etter folketrygdlova 14-14 - 14-20. Kvar av foreldra kan i tillegg til permisjon med løn, ta inntil 1 år omsorgspermisjon utan løn for kvart barn, jf. arbeidsmiljølova 12-5. Vedtektene etter pkt. 2.7: 2. og 3. avsnitt gjeld også ved adopsjon. 2.8 Fosterbarn Rett til permisjon etter pkt. 2.8; 1. avsnitt gjeld for arbeidstakar som tek imot fosterbarn, men permisjon vert gjeve utan løn, jf. arbeidsmiljølova 12-5. Vedtektene etter pkt. 2.7 andre avsnitt og pkt. 2.8 tredje avsnitt gjeld også for dei som tek imot fosterbarn. 2.9 Fri ved amming Mor som ammar barnet sitt får fri med løn inntil 2 timar pr. dag til barnet er fylt 1 år. Merknader: Deltidstilsette med redusert arbeidsdag får redusert løna fritid tilsvarande, men med arbeidsmiljølova sine vedtekter med 1 time som eit minimum. Når arbeidstakar ønskjer fri med løn for å amma barnet sitt utover 9 månader, bør arbeidsgjevar be om stadfesting frå lege eller helsestasjon på at amming framleis er i gang. Dersom arbeidstakar ønskjer fri med 6

løn for å amma når barnet er fylt 1 år, må det leggjast fram særskilt grunngjeving frå lege/helsestasjon om at arbeidstakar må amma barnet i arbeidstida. 2.10 Redusert arbeidstid Ein arbeidstakar som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har trong for å få redusert arbeidstida, har rett til dette dersom arbeidstidsreduksjonen kan verta gjennomført utan vesentleg ulempe for verksemda, jf. arbeidsmiljølova 10-2. Arbeidstidsreduksjonen kan verta teken ut som arbeidsfrie periodar. Søknad om arbeidstidsreduksjon skal som hovudregel ikkje innvilgast for ein periode utover 3 år. Det kan søkjast om eitt eller to år om gongen. Unntak frå 3-årsregelen kan gjerast dersom særlege omsyn tilseier dette. Ved søknad om unntak kan det stillast krav om dokumentasjon i form av legeerklæring, fråsegn frå NAV, PPT eller anna sakkunnig. Søknad bør sendast NAV minimum 2 månader før permisjonen skal starta. Tvisteløysingsnemnda avgjer tvistar, jf. arbeidsmiljølova 10-13. Arbeidstakar kan få tilbod om å søkja om fast redusert stilling dersom tenesteleiar ut frå faglege/driftsomsyn tilrår det. Det kan stillast krav om dokumentasjon i form av legeerklæring, fråsegn frå sosialkurator, PPT eller anna sakkunnig. Merknader: Helsemessige årsaker er sjukdom hjå arbeidstakaren sjølv, og må dokumenterast med legeerklæring/ legeattest. Sosiale årsaker knyter seg til forhold i arbeidstakaren sin familie eller næraste omgjevnad som utløyser omsorgsplikter eller belastningar utanom det vanlege. I slike tilfelle kan det vera aktuelt med fråsegn frå lege, NAV eller annan sakkunnig. Andre viktige velferdsgrunnar gjeld behov hos foreldre med små barn (under 10 år) som i ei periode ønskjer meir tid til samvær med barnet sitt/ barna sine eller har særlege problem med å skaffa barnetilsyn i arbeidstida. Det er ikkje meint at foreldre har rett til redusert arbeidstid i heile perioden fram til barnet fyller 10 år, men i ein periode. Ved vurdering av kva for ulemper arbeidstidsreduksjon har for tenesta, skal det leggjast vekt på følgjande tilhøve: - Moglegheiter for å skaffe kvalifisert vikar. - Om stillinga på grunn av funksjon og ansvarsområde kan delast - Ulemper for andre arbeidstakarar på arbeidsplassen - Følgjer for kontinuiteten i tenesteproduksjon. 3. VELFERDSPERMISJONAR Velferdspermisjon med løn kan verta gjeve i inntil 12 dagar pr. kalenderår for tilsette i heil stilling. Vidare vert permisjon med løn gjeve i samsvar med talet på dagar som er fastsett innanfor kvar kategori. Fri utover fastsett tal innanfor kvar permisjonskategori eller samla over 12 dagar, kan gjevast som uløna permisjon. Deltidstilsette får fri i høve til stillingsstorleiken slik at tal dagar med løna permisjon pr. kalenderår svarar til stillingsprosenten. 7

I dei tilfella permisjonsbehovet ikkje gjeld heile dagar, møter arbeidstakaren på jobb den resterande arbeidstida dersom dette er praktisk mogleg. Merknader: Tilsette i vikariat/tidsavgrensa tilsetjing som er omfatta av hovudtariffavtalen, jf. pkt. 1.1, får løna velferdspermisjon i høve til lengda på vikariatet/tidsavgrensa tilsetjinga. I tillegg gjeld regelen om at permisjon vert gjeve i høve til stillingsstorleiken, jf. andre ledd ovanfor. 3.1 Alvorleg sjukdom Ved alvorleg sjukdom i næraste familie (ektefelle/sambuar, foreldre/fosterforeldre, besteforeldre, barn/stebarn/fosterbarn, barnebarn, sysken og svigerforeldre): Inntil 5 dagar. I tillegg gjeld rett til permisjon ved barn og barnepassar sin sjukdom etter pkt. 2.2. Arbeidstakar som pleiar næraste pårørande i heimen i terminalfasen får inntil 20 dagar permisjon med sjukeløn, jf. arbeidsmiljølova 12-10 og folketrygdlova 9-12 og 9-15. Det må leggjast fram erklæring frå lege eller helseinstitusjon. 3.2 Pleie av sjuke familiemedlemar Ved pleie av sjuke familiemedlemar (ektefelle/sambuar, foreldre/fosterforeldre, besteforeldre, barn/stebarn/fosterbarn, barnebarn, sysken og svigerforeldre): vert det gjeve 2 dagar permisjon. Ordninga dekker ikkje følgje til behandling /sjukehus (vert dekka av pasientreise). 3.3 Dødsfall Ved dødsfall i næraste familie, jf. pkt. 3.1, vert det gjeve inntil 3 dagar, ev. med tillegg av nødvendige reisedagar. Ved nær kollega sin bortgang kan tilsette få løna permisjon til gravferda. Arbeidsgjevar vurderer konsekvensane for personellsituasjonen og drifta, og avgjer kven som kan få permisjon. 3.4 Barn i barnehage, skule og skulefritidsordning For tilvenning av barn i barnehage: Inntil 2 dagar. For å følgja barnet første skuledagen: 1 dag For å følgja barnet til skulefritidsordning første dagen med mindre denne dagen fell saman med første skuledagen: 1 dag. Merknader: For å få permisjon i samband med tilvenjing av barn i barnehage, vert det føresett at nærvær er nødvendig og at ikkje andre familiemedlemer kan ta på seg å vera med barnet. 3.5 Bryllaup For eige bryllaup vert det gjeve permisjon med løn for 1 dag. Permisjonsdagen skal anten takast ut bryllaupsdagen, eller føregåande-/etterfølgjande dag, dersom denne er arbeidsdag. 8

3.6 Feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar For feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender: Inntil 2 dagar. 3.7 Andre velferdspermisjonar Vanleg undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og tilsvarande må så langt som råd leggjast i fritida. Dersom det er godtgjort at dette ikkje er mogeleg, kan det i kvart einskild tilfelle gjevast permisjon med løn. Ved langvarig behandling som medfører mykje fråvær bør det sytast for sjukmelding. Undersøking (t.d. masseundersøking) og behandling som ikkje følgjer av legetilvising gjev ikkje rett til løna permisjon. 3.8 Korttidspermisjon Permisjon utan lønn kan gjevast om arbeidsgjevar dette ikkje har uheldige følgjer for drifta, jf. pkt. 1.3. 3.8.1 Offentlege tillitsverv og ombod Offentlege tillitsverv er ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov og som vedkomande arbeidstakar ikkje kan nekta å ta imot utan at det føreligg særlege grunnar for fritak (t.d. medlem av kommunale og fylkeskommunale politiske organ, domsmann, skjønsmann, rettsvitne). a) For å utføra tillitsverv som ikkje går inn under pkt. b) vert det gjeve permisjon med løn inntil 10 dagar pr. år. Fråvær på under ein dag kan reknast saman til heile dagar. Det vert føreset at tillitsvervet ikkje kan utførast utanfor arbeidstida. Dersom tillitsvervet medfører særskild godtgjersle, skal kommunen gjera frådrag for denne summen. Permisjon utover 10 dagar vert gjeve utan løn. For kommunepolitikar som er tilsett i kommunen gjeld ikkje grensa på 10 dagar, jf. reglement for godtgjersle for folkevalde, pkt. 5.4. b) Arbeidstakar som vert vald til stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentleg tillitsverv på heiltid, får permisjon utan løn for valperioden. 3.8.2 Nominasjon Arbeidstakar som vert valt som utsending til nominasjonsmøte ved stortingsval, fylkestingsval eller kommuneval får permisjon med løn. 3.8.3 Tillitsverv/stilling i arbeidstakarorganisasjonane Retten til løna permisjon i samband med ordinære uløna tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonen er regulert i hovudavtalen del B 3. Tillitsvalde som deltek i lokale og sentrale forhandlingar får permisjon med løn. Valde medlemer av vedtektsfesta sentrale og distrikts-/fylkesorgan får permisjon med løn inntil 12 arbeidsdagar slik det går fram av hovudavtalen del B 3-5. 9

4 UTDANNINGSPERMISJONAR 4.1 Kompetanseutvikling Arbeidstakar som har vore i arbeidslivet i minst tre år og som har vore tilsett i Sogndal kommune dei siste to åra, har rett på uløna permisjon for å ta del i organisert utdanningstilbod. Arbeidstakar kan ikkje krevja utdanningspermisjon om det vil hindra forsvarleg planlegging av drift og personaldisponeringar. Retten til utdanningspermisjon etter dette punktet er regulert i arbeidsmiljølova 12-11 (kompetansereforma) og Hovudavtalen 14.2. I den utstrekning det etter kommunen sitt syn er naudsynt å heve kunnskapsnivå samt styrke kompetanse for å utføre pålagte arbeidsoppgåver/arbeidsfunksjonar, skal ein gi permisjon med løn og dekning av legitimerte utgifter. Turnusarbeidarar som er innvilga permisjon med løn for å delta på opplæringstiltak/kurs på sin lovbestemte vekefridag, gis ny fridag som kompensasjon. Ved søknad om permisjon skal det drøftast med leiar kor relevant og kva betydning faget har for vedkomande si stilling. Det skal og klargjerast kva arbeidstakar kan forventa av lønstilskot i form av uttak lesedagar, eksamensdagar mm. For lærarar er det utarbeida eige reglement for etter- og vidareutdanning, jf. vedlegg 1. 4.2 Bindingstid Pliktteneste/bindingstid kan avtalast med den enkelte om kommunen ved opplæring yter vesentleg økonomisk støtte. Plikttenesta vert avgrensa til høgst 2 år, jf. hovudtariffavtalen kap. 1 pkt. 14.3. 4.3 Eksamensfri I samband med eksamen vert det gitt permisjon med løn for eksemensdagen(e) samt to lesedagar før kvar eksamen. Ved eksamensformer som varer 3 samanhengande dagar eller meir, skal det drøftast ytterlegare tilrettelegging. Det er ein føresetnad at vedkomande ville hatt ordinært arbeid dei to dagane rett før eksamen, og at faget har betyding for kommunen, jf. HTA 14.4. Jf. grunnlag for innvilga permisjon. 4.4 Intern opplæring Opplæringstiltak i regi av kommunen er ein del av tenesta og vert løna for dei arbeidstakarane som utgjer målgruppa. 4.5 Opplæring av tillitsvalde Tillitsvalde har rett til opplæring som har betyding for deira funksjon som tillitsvald. Ved slik opplæring vert det gjeve permisjon med heil eller delvis lønn. Hovudtillitsvald får permisjon med full lønn, jf. reglane i Hovudavtalen del B 3-3. 10

5 ANDRE PERMISJONSREGLAR 5.1 Overgang til anna stilling 5.1.1 I kommunen 5.1.1.1Engasjement/vikariat Permisjon utan løn kan gjevast i tilfelle der permisjonen gjeld engasjement eller vikariat av større lengd. 5.1.1.2Fast stilling Permisjon utan løn for inntil 2 år vert gjeve når eitt av følgjande vilkår er oppfylt: 1. Søkjaren har vore tilsett i noverande stilling i minst 5 år og permisjonen ikkje fører til vesentleg ulempe for den løpande drifta 2. Kommunen har vanskar med å rekruttera i stillinga som permisjonssøkjaren ønskjer å byrja i 5.1.2 Utanfor kommunen Permisjon utan løn for inntil 1 år vert gjeve når eitt av følgjande vilkår er oppfylt: 1. Permisjonen gjeld engasjement eller vikariat som gjev arbeidstakar ei fagleg utvikling som er til nytte for kommunen. Det er ein føresetnad at arbeidstakar skal ta til igjen i stillinga si etter avslutta permisjon. 2. Søkjaren har vore tilsett i minst 5 år: Permisjonen vert gjeve dersom dette ikkje vil føre til vesentleg ulempe for verksemda, og den vil gje fagleg utvikling av vesentleg betyding for kommunen 3. Søkjaren har vore tilsett meir enn 10 år i kommunen 4. Det ligg føre tungtvegande helsemessige, sosiale eller andre velferdsgrunnar som tilseier at arbeidstakaren bør skifte arbeid for ei tid Permisjon for ytterlegare 1 år kan gjevast etter søknad i heilt spesielle tilfelle, dersom det ikkje fører til problem for drifta. 5.2 Internasjonalt arbeid Arbeidstakar som skal arbeida i norske hjelpetiltak i offentleg regi i utviklingsland eller i internasjonale organisasjonar kan få uløna permisjon for lengre eller kortare tid. A. Lengre permisjon - inntil 2 år B. Kortare permisjon - inntil 12 veker pr. år evt. fordelt over to gonger pr. år. Permisjon vert gitt ved katastrofesituasjonar der utkalling skjer med kort varsel. I vurderingane om det kan gjevast permisjon, vil driftsomsyn vega tyngre for leiarstillingar og for tilsette som har viktige funksjonar som på kort tid ikkje kan takast over av andre. Arbeidstakar må i god tid på førehand avklara med arbeidsgjevar at arbeidstakar kan stå i beredskapsstyrken for internasjonalt arbeid. 5.3 Deltaking i hjelpekorps Arbeidstakar som er knytt til hjelpekorps, vert innvilga permisjon med løn i samband med utrykking til hjelp for nødstilte. 11

5.4 Vernepliktige Det vert vist til hovudtariffavtalen 9. 12

Vedlegg 1 Reglement for etter- og vidareutdanning for lærarar. Tittel: Etter- og vidareutdanning, lokal avtale for skulane Føremål: Prosedyren skal sikre lik handsaming av lærarar som ønskjer etter og/eller vidareutdanning. Omfang: Denne prosedyren gjeld for lærarar som søkjer etter og/eller vidareutdanning utanfor sentral ordning Definisjonar: ingen særskild Ansvar og mynde: Rektorar/tenesteleiarar i skulane Handling: Kompetansebehovet ved kvar einskild skule vert lagt til grunn for søknad. Der søknad vert innvilga gjeld følgjande vilkår: - Arbeidsgjevar dekker litteratur/verkty som er naudsynt for studiet. Når studiet er ferdig skal dette plasserast på arbeidsplassen. - Arbeidstakar får fri vikar ved førelesingar knytt til studiet - Arbeidstakar får fri ved eksamen og lesedagar etter kommunalt permisjonsreglement - Arbeidstakar får dekka reiseutgifter, og eventuelt overnattingsutgifter. o Vilkår for å få dekka overnattingsutgifter: Forelesingane går over fleire dagar, eller avstanden frå Sogndal til forelesing er urimeleg stor, det vil seie 2 timar eller meir ved oppstart klokka 09.00 - Studieavgifter kan dekkjast av arbeidsgivar dersom eininga har økonomi til det. Problemstillingar som må løysast i kvart enkelt tilfelle: 1. Førebuing/lesedagar ved heimeeksamen 2. Tal lesedagar i forhold til studiepoeng 3. Dersom meir enn 50% av førelesingane/lesedagane/eksamen fell på arbeidstakar sine fridagar ved redusert stilling. 13