Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar



Like dokumenter
Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Info regional transportplan for Sogn og Fjordane

Møteinnkalling for Ungdomsråd

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Saman for framtida (Ref # )

Saman for framtida (Ref # )

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Finansiering av søknaden

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Innkalling til Ungdommens bystyre

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

DIS- Sogn og Fjordane

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Ruteendringar frå 19. juni 2016

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Dialogmøte i regionane

Stemnehandboka for NKSF

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Audit & Advisory November Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Telemedisin Sogn og Fjordane

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 11/387 12/ MAC Innkalling til møte i vassområdeutvalet Ytre Sogn

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Møteinnkalling for Formannskap

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

AURE KOMMUNE. Rutetabell gyldig frå BESTILLINGSTRANSPORT

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Kvinnherad kommune. Særutskrift : Kollektivtilbodet i Kvinnherad - Skyss. Fellestenester Informasjonsavdelinga

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Vurdering av allianse og alternativ

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Sogn og Fjordane. En måned

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Serviceskyssen i Gaular

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Høyring av søknad frå Statens vegvesen Region vest om driftskonsesjon for fjelluttak ved Torvmo i Lærdal kommune

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

«Ny Giv» med gjetarhund

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Sogn og Fjordane. En måned

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Transkript:

Kommunane Kommunane v/leiar i ungdomsråd Kommunane v/ungdomsarbeidar/kulturarbeidar Sakshandsamar: Bente Sønsthagen E-post: Bente.Sonsthagen@sfj.no Tlf: 57 65 61 53 Vår ref. Sak nr.: 10/538-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 2851/10 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 15.03.2010 Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar Innleiande Fylkeskommunen har tidlegare laga ein fylkesdelplan for ungdom. I denne planen har ein mellom anna som mål å få i stand betre og rimelegare kollektivtilbod for ungdom. Dette har vi prøvd å gjere gjennom 3 tilbod: Lokale transporttilbod for ungdom Trygt heim for ein 50-lapp Ungdomskortet Dei nemnde prosjekta har vore utprøvde sidan 2002 med godt resultat. Fylkestinget har difor løyvd midlar til vidareføring av alle tilboda i 2010. Lokale transporttilbod for ungdom Det er sett av kr 1 million som kan nyttast til ei betring av reisetilbodet for ungdom til/frå fritidsaktivitetar på ettermiddags- og kveldstid. Vi inviterer no kommunane og ungdomsråda i kommunane til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar for å få skyssopplegget i gang. Mange av kommunane i fylket søkte om, og fekk midlar til slike prosjekt i 2009. Før ny søknad kan handsamast, må det dokumenterast at tildelte midlar i 2009 er oppbrukt og nytta til føremålet. Ber om eit oppsett som viser tildelte midlar mot rekneskapet som er nytta til tilbodet, helst for kvart år, men spesielt for 2008 og 2009. For ikkje å få stopp i eit godt etablert skysstilbod, kan likevel restmidlar gå inn som delfinansiering i eit nytt opplegg. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

7 kommunar søkte ikkje om midlar i 2009; Askvoll, Aurland, Eid, Flora, Gloppen, Hornindal og Hyllestad. Nokre av kommunane har nytta overførte midlar frå 2009 til drift i 2010, andre kommunar har ikkje hatt noko tilbod i 2009. Vi oppmodar spesielt desse kommunane til å komme i gang med tiltak i 2010. Det oppmodar kommunane om å be om eit møte med fylkeskommunen dersom det er ønskje om å få meir informasjon om tilbodet og råd om organisering. Kort om tankane bak Det vanlege kollektivtilbodet er heller svakt på ettermiddagar og sein kveldstid. Det kan følgjeleg vere vanskeleg for ungdom å nytte det vanlege kollektivtilbodet heim frå fritidsaktivitetar, og det er heller ikkje alltid så lett å komme seg til fritidsaktivitetane. Fylkeskommunen vil gjennom dette prosjektet legge til rette for eit betre skysstilbod til/frå fritidsaktivitetane, og vi har spesielt i tankane heimskyssen om kvelden både i helgene og i kvardagar. I tillegg til den reint praktiske og trivselsmessige sida, har prosjektet også ei tryggleiksside der målet er å legge til rette for trygge skysstilbod. Kort om korleis skyssordninga er tenkt Vi ser først og fremst føre oss fleksible ettermiddags- og kveldsskyssar utført med maxi-taxi eller minibuss. Med fleksible skyssløysingar meiner vi at skyssen vert tinga på førehand, og det vil såleis vere oppslutnaden om tilbodet som er avgjerande for om ruta går. Skyssen treng ikkje gå etter nokon heilt fast rutetrase. Som eit døme kan vi nemne ein heimskyss som vert sett opp frå Sentrum til Dalen på onsdag når fritidsklubben stengjer, utført med maxi-taxi/minibuss som skyssar heilt opp i byggjefeltet. Vi er opne for fleire typar skyssløysingar, men ein bør ikkje legge seg i direkte konkurranse med det vanlege kollektivtilbodet. Dette vil nok ikkje vere noko problem i praksis, i og med at kollektivtilbodet er heller svakt på kveldstid. Transporttenester kan berre kjøpast frå dei som har godkjent løyve for persontransport. Søknaden og korleis ordninga kan organiserast Søknaden Kommunane eller ungdomsråda i kommunane sender søknad til fylkeskommunen. Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar:

- kven som søkjer (kommune, ungdomsråd) - skysstilbod til/frå kva for fritidsaktivitet, og kvar dette er - skysstilbod til/frå (kva strekning) - kor ofte, og omtrentleg tidspunkt på kvelden - periode( haust, vinter, vår) - kva transporten vil koste (innhente tilbod) - kor mykje brukarane skal betale for skyssen - om det er mogeleg å få inn midlar frå andre (t.d. kommunen og/eller frivillige organisasjonar) - nærare grunngjeving for søknaden (m.a. med tanke på trafikktryggleik) Søknaden må også innehalde ein samla kostnads- og finansieringsplan. Det er råd å justere opplegget seinare, slik at det m.a. vert tilpassa dei midlane som er disponible. Organisering Dersom ein får midlar til prosjektet, skal det etablerast ei prosjektgruppe der representantar for ungdomen er med. Prosjektgruppa har ansvar for å organisere skyssen, og skal sjå om det er mogeleg å få inn midlar også frå andre (t.d. kommunen eller frivillige organisasjonar). Vidare må gruppa bestemme kva brukarane skal betale for skyssen, og ta ansvar for at det i gangsette skysstilbodet held seg innafor dei midlane ein har til rådvelde. Det ligg såleis ei utfordring i å informere om og skape oppslutnad om sitt lokale prosjekt, slik at ein sikrar eigenfinansiering og slik sørgjer for at prosjektmidlane frå fylkeskommunen rekk lengst mogleg. Prosjektgruppa må sjølv ta kontakt med dei som skal utføre skyssen (drosjene eller busselskapa). Vi ser føre oss at kommunane hjelper til med det praktiske, og er bank for prosjektet. Søknadsfrist Søknader må sendast innan 15. mai 2010 til Sogn og Fjordane fylkeskommune Samferdsleavdelinga Askedalen 2 6863 Leikanger Utbetaling av midlar krav til rapport Når eit prosjekt har fått midlar frå fylkeskommunen, kan vedkommande kommune, som då vert bank for prosjektet, be om at halvparten av midlane vert utbetalte. Det må førast prosjektrekneskap. Når prosjektet er godt i gang, og transportopplegget har

fungert i 3-4 månader må det lagast ein kort rapport. Denne vert å sende til fylkeskommunen, som då eventuelt betaler ut den siste halvparten av midlane. Heimeside for Ungtransport Samferdslekontoret opna i 2007 ei nettside for ungdomstilboda; LTU (lokal transporttilbod for ungdom), Trygt heim for ein 50-lapp og Ungdomskortet. Nettadressa er www.ungtransport.no. Her skal det vere informasjon om LTU i kvar kommune, kva tilbod kommunen har og kven ein skal ta kontakt med for å få informasjon, kome med innspel osv. Fylkeskommunen ber kommunen om å gå inn på nettsida www.ungtransport.no, og sjekke at alle opplysningar der er rett. Vi ber om å få tilbakemelding på om det er endringar på til dømes kontaktpersonar, telefonnummer, e-post, eller anna viktig opplysningar som bør stå der. Tanken med nettsida er å gjere ungdomstilboda betre kjent, og med omsyn til LTU er tanken at ein skal sjå kva som skjer i sin kommune og korleis ein kan delta eller kome med innspel på tilbodet. Dette er avhengig av at ein får oppdatert sida jamleg, og me ber difor at de sender oss informasjon om faste/datofesta arrangement og anna informasjon du meiner bør komma på sida til din kommune (for eksempel kven ein må kontakte for å bestille til diverse arrangement). Avsluttande merknader Summen som er avsett ( 1 mill. kr) rekk nok ikkje til eit fullgodt tilbod for alle, men det er ein god start. Midlane frå fylkeskommunen må betraktast som ei grunnfinansiering for å vidareføre og komme i gang med fleksible transportopplegg for ungdom. Ein bør lokalt også sjå kva kommunen og frivillige organisasjonar kan bidra med. Vi ser det som viktig at ungdomen lokalt får eit eigarforhold til desse kveldsskysstiltaka. Dette burde vere ei fin sak for ungdomsråda ute i kommunane, og det kan ligge mykje god lærdom i eit slikt arbeid. Lukke til! Nærare informasjon For å få nærare informasjon om tilbodet og for oppdateringar for nettsida ungtransport.no, ta gjerne kontakt med Eva Hamre på telefon 57 65 62 68 og e-post: eva.hamre@sfj.no, eller Bente Sønsthagen med telefon 57 65 61 53 og e-post bente.sonsthagen@sfj.no. Med helsing

Velaug Veum fylkesdirektør samferdsle Bente Sønsthagen trainee Mottakar (ar) Askvoll kommune Postboks 174 6988 ASKVOLL

Aurland kommune Vangen 1 5745 AURLAND Balestrand kommune Rådhuset 6899 BALESTRAND Bremanger kommune Postboks 104 6721 SVELGEN Eid kommune Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Fjaler kommune Postboks 54 6961 DALE I SUNNFJORD Flora kommune Postboks 13 6901 FLORØ Førde kommune Postboks 338 6802 FØRDE Gaular Kommune 6973 SANDE I SUNNFJORD Gloppen kommune 6823 SANDANE Gulen kommune 5966 EIVINDVIK Hornindal kommune Postboks 24 6761 HORNINDAL Hyllestad kommune 6957 HYLLESTAD Høyanger kommune Postboks 159 6991 HØYANGER Jølster kommune 6843 SKEI I JØLSTER Leikanger kommune 6863 LEIKANGER Luster kommune 6868 GAUPNE Lærdal kommune Postboks 83 6887 LÆRDAL Naustdal kommune Postboks 43 6806 NAUSTDAL Selje kommune 6740 SELJE Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Solund kommune Postboks 73 6921 HARDBAKKE Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN Vik kommune Postboks 134 6891 VIK I SOGN Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY Årdal kommune Postboks 40 6881 ÅRDALSTANGEN Kopi til: Kulturavdelinga, Aud Jonstad Baardsen Norges Taxiforbund, Avd. Sogn og Fjordane v/ Bjørg Hovden Bj Nye Sogn og Fjordane Taxi Opplæringsavdelinga, Siri Merete Nedland Rutebilselskapa i fylket Samferdsleutvalet Trafikktryggingsutvalet Transportbedriftenes Landsforening, Sogn og Fjordane Trygg Trafikk v/ Audun Heggestad TTS Ungdomspolitisk Utval