SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: DET FASTE PLANUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 06.03.2013 Tid: 17.00 Desse møtte: Terje Vadset, leiar Torbjørn Skodjereite, nestleiar Kari Grindvik Gunnar Hauge Kjell Arve Reiakvam, vararepr. for Helene Lianes Johan Honningdal, vararepr. for Elise Stette Kjell Haukeberg 7 voterande. Tilstades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar, og politisk sekretær som førte møteboka. Det vart påtalt at innkallinga vart sendt ut for seint. Ingen merknader til sakliste. Sak 12/13 vart handsama først. SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 8/13 12/87 GNR. 56 BNR. 3 - EGIL FYLLING - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNENPLANEN - OPPFØRING AV SKOGS/JAKTHYTTE KLAGE PÅ VEDTAK I PS - SAK 61/12 9/13 13/12 GNR. 56 BNR. 61 - STIAN FYLLING - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN - TILBYGG TIL FRITIDSEIGEDOM 10/13 11/851 GNR. 23 BNR. 6 M.FL- MØRE HUS AS - DETALJREGULERING SKODJE SENTRUM OPPSTART PLANARBEID - NY VURDERING AV PLANOMRÅDET 11/13 13/56 SKRIV OG MELDINGAR PLANUTVALET 06.03.2013 12/13 13/168 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 30.01.2013
Sak 8/13 GNR. 56 BNR. 3 - EGIL FYLLING - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNENPLANEN - OPPFØRING AV SKOGS/JAKTHYTTE KLAGE PÅ VEDTAK I PS - SAK 61/12 Samrøystes vedtak i samsvar med rådmannens framlegg. Det faste planutvalet finn ikkje grunnlag for å ta klagen på vedtak i PS sak 61/12 til følgje. Klagen vert sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjersle. Sak 9/13 GNR. 56 BNR. 61 - STIAN FYLLING - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN - TILBYGG TIL FRITIDSEIGEDOM Samrøystes vedtak i samsvar med rådmannens framlegg. Det faste planutvalet gjev i medhald av plan- og bygningslova 19-2 dispensasjon frå kommuneplanen og plan- og bygningslova 1-8 slik at det på gnr. 56 bnr. 61 kan oppførast tilbygg/påbygg til fritidsbustad på følgjande vilkår: 1. Oppføring av tilbygg/påbygg skal handsamast etter byggesaksreglane i plan- og bygningslova. 2. Det skal betalast sakshandsamingsgebyr etter gjeldande regulativ, jfr 33-1. Vedtaket er grunngitt med at dei omsyn som ligg bak kommuneplan og plan- og bygningslova 1-8 ikkje i vesentleg grad vert sett til side og at tiltaket ikkje vil ha særlege skadeverknader på allmenta sine friluftsinteresser. Dette vedtaket kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå meldinga om vedtaket er motteke i samsvar med Forvaltningslova 28. Eventuell klage bør grunngjevast, og skal sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, til førebuande handsaming. Nærare opplysning om framgangsmåte ved klage er teke inn i vedlegg til meldinga om vedtaket. Sak 10/13 GNR. 23 BNR. 6 M.FL- MØRE HUS AS - DETALJREGULERING SKODJE SENTRUM OPPSTART PLANARBEID - NY VURDERING AV PLANOMRÅDET 2
Saka vart drøfta. Det vart sett fram følgjande framlegg til endringar: Punkt 1, nytt 3. avsnitt: Det faste planutvalet rår tiltakshavar til å gå i dialog med aktuelle grunneigarar om samordning av avkøyrsle frå fylkesvegen. Tilllegg til punkt 7: Reguleringsplan skal avklare rettar og plikter knytt til drift og vedlikehald på overvassystemet, til dømes gjennom fylkesvegane. Samrøystes vedtak i samsvar med rådmannens framlegg, med tilleggsframlegget sett fram i møtet. Det faste planutvalet vedtek med heimel i plan-og bygningslova, å gi løyve til oppstart av detaljplanarbeid for del av gnr.23 bnr.6 m.fl.. i Skodje sentrum, på følgjande vilkår: 1. Tilkomst til området kan knytast til fylkesveg 106. Ny veg skal planleggast slik at minst mogeleg areal til offentleg føremål vert omdisponert, og slik at omsynet til høgspentlina vert ivareteke. Parkeringsareal skal innarbeidast i samråd med kommunen og øvrige aktørar i området. Planområdet skal utvidast til å også omfatte gangveg frå det nye krysset og fram til fv. 661. Utbygging av ny gangveg skal sikrast gjennom rekkefølgjebestemmingar. Det faste planutvalet rår tiltakshavar til å gå i dialog med aktuelle grunneigarar om samordning av avkøyrsle frå fylkesvegen. Nye veganlegg innanfor planen si avgrensing skal dimensjonerast i samsvar med dei krav som er sett i handbok 017 - veg og gateutforming. 2. Det skal sikrast ein buffersone til elva og kyrkjegarden med ei total breidde på 30 m. Korleis dette arealet skal sikrast mot inngrep og varetakast som buffersone til kyrkjegarden, skal gå fram av reguleringsplan og føresegner. 3. Det skal gjennom reguleringsplanarbeidet sikrast eigna areal til leik og rekreasjon. Uteområda skal vere opparbeidd, planert og i sådd slik at det kan nyttast i samsvar med føremålet. Universal utforming skal leggast til grunn ved planlegging og opparbeiding av uteområda. Uteområda skal opparbeidast saman med øvrige tekniske anlegg. Føresegnene til planen bør innehalde krav om at areal til leik skal vere opparbeidd før bustadområdet vert teke i bruk. 4. Reguleringsplan skal utarbeidast som privat detaljplan etter PBL 12-3. Reguleringsplanen skal utarbeidast i samsvar med dei krav som er sett i plan-og bygningslova av 27.06.08. Plikta til kunngjering og underretning, etter PBL 12-8, ligg til den som let utarbeide reguleringsplanen 5. Berørte partar, eigar av høgspentanlegg og naboar i området, skal vaslast særskilt om det pågåande reguleringsplanarbeidet. 6. Tiltakshavar må utarbeide planbeskriving i samsvar med dei krav som er sett i PBL 4-2. Ved utarbeiding av føresegner til reguleringsplanen skal PBL 12-7 leggast til grunn. 3
7. Det må utarbeidast ROS-analyse, med særskilt fokus på overvassproblematikken i området. Reguleringsplan skal avklare rettar og plikter knytt til drift og vedlikehald på overvassystemet, til dømes gjennom fylkesvegane. 8. Det skal setjast av areal til 2 parkeringsplassar pr. bueining på eiga tomt, og sikrast areal til gjesteparkering. 9. Tiltakshavar må sikre seg naudsynte rettar til å føre tekniske anlegg over naboeigedom. 10. Det skal betalast sakshandsamingsgebyr etter gjeldande regulativ. Jmf. PBL 33. Sak 11/13 SKRIV OG MELDINGAR PLANUTVALET 06.03.2013 Det faste planutvalet tek skriv og meldingar til orientering. Sak 12/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 30.01.2013 I sak 5/13 gjekk det ikkje fram av protokollen at Torbjørn Skodjereite og Kari Grindvik gjekk frå medan habiliteten deira vart vurdert. Dette vert retta. RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL Protokollen frå møte 30.01.2013 vert samrøystes godkjent. 4
M Ø T E T S L U T T Terje Vadset leiar Torbjørn Skodjereite Kari Grindvik Kjell Arve Reiakvam Johan Honningdal Gunnar Hauge Kjell Haukeberg 5