Forsand kommune Politisk

Like dokumenter
Utvalssak nr. Utval Møtedato 18/08 Kommunestyret

Saksbehandler: Anne Sofie Portaas Arkiv: A00 Arkivsaksnr.: 08/466-2 Dato:

Høringsnotat om forslag til endringar i opplæringslova

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2008/126-9 Solgunn O. Hoem Høyring - forslag til endringar i Opplæringslova - vedtak Fræna kommune

FORSLAG TIL ENDRINGER I OPPLÆRINGSLOVEN - HØRINGSUTTALELSE FRA STAVANGER KOMMUNE

Saksframlegg. HØRING OM KRL-FAGET. FORSLAG TIL ENDRINGER I OPPLÆRINGSLOVEN. FRITAKSREGLENE Arkivsaksnr.: 05/05574

Høring framlegg til endringar i opplæringslova

Det nye KRL-faget fra 2005*

Rådmannen. Forsand kommune

Innst. O. nr. 72. ( ) Innstilling til Odelstinget fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen. Ot.prp. nr.

Rådmannen. Forsand kommune. Melding om vedtak. Kommunestyret i Forsand behandla saka i møte den 22.november 2006, og følgjande vedtak vart gjort:

Innst. O. nr ( ) Innstilling til Odelstinget fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen. Ot.prp. nr.

Organ: Møtedato: Sak nr. KOMITÉ FOR KULTUR OG OPPVEKST /08

Vedlegg: doc; doc

MELDING OM POLITISK VEDTAK - UTTALE FRÅ VOLDA KOMMMUNE. HØRING - FRAMLEGG TIL ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA - KRL-FAGET

Forsand kommune Politisk

Forsand kommune Politisk

INVITASJON TIL HØRING OM LÆREPLAN FOR RELIGION, LIVSSYN OG ETIKK I GRUNNSKOLEN

2007:6 Formål for framtida - Formål for barnehagen og opplæringen. Nedenfor

Forsand kommune Seksjon teknisk

VELKOMMEN TIL FORELDREMØTE 9. trinn - Vormsund ungdomsskole

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

SAMARBEIDET MELLOM KIRKE OG SKOLE

Om lov om endringar i opplæringslova

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Forsand kommune Seksjon plan og forvaltning

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Høring forslag til endringer i opplæringsloven og friskoleloven

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Formål og hovedområder kristendom, religion, livssyn og. Grünerløkka skole Revidert høst 2016

JONDAL KOMMUNE Rådmannen Tlf : Fax : Dato :

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2007/ Aase Hynne Høring: NOU 2007:6: Formål for barnehagen og opplæringen

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

. Ø-.._! `..._..,...,...

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

I kapittel 3.3, som inneholder rammeplanen for faget, foreslås det en rekke mindre endringer. Her kommenterer vi dem i tur og orden.

Endeleg TILSYNSRAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

EID KOMMUNE Møtebok. Høyring - forslag til revidert rammeplan for barnehagen

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Forsand kommune Politisk

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Saksbehandler: Bjørn Nøttum Arkiv: C84 Arkivsaksnr.: 16/4054. Hovedutvalg oppvekst og kultur

Forsand kommune Fellestenester

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Arna Sokneråd behandla saka i møte den 26.oktober, sak 91/06, og gjorde samrøystes vedtak slik det går fram av utskrifta av møteboka nedanfor.

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Ot.prp. nr. 91 ( ) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Forsand kommune Seksjon helse og sosial

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

MELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Aurland kommune Rådmannen...-..

Dykkar ref: Vår ref Sakshand: Arkivkode: Dato:

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh : Arkivkode: Dato: 06/ Tove Neset, C84 & tove.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Høyring - Framlegg til endringar i opplæringslova og privatskulelova. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

MØTEINNKALLING. Formannskapet

Til Kunnskapsdepartementet

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tanke-, samvittighets- og religionsfrihet: Det internasjonale menneskerettighetsperspektiv

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

SURNADAL KOMMUNE Rådmannen

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Vinje kommune. Rådmannen. NOU 2006:2 Staten og Den norske kyrkja - høyring

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Transkript:

Rådmannen Forsand kommune Politisk Det Kongelige Kunnskapsdepartement Dato: 29.01.2008 Postboks 8119 Dep Vår ref.: 08/15-4/K2-A00//BVG Saksbeh. e-post: bvg@forsand.kommune.no 0032 OSLO Saksbeh. tlf.: 51 700 108 Dykkar ref.: Melding om vedtak Att: Høyring - forslag til endringar i Opplæringsloven - KRL-faget Forsand kommunestyre behandla saka i møte den 28.januar 2008, og følgjande vedtak vart gjort: 1. Det er viktig at alle norske skulefag er i samsvar med menneskerettighetserklæringa. 2. Det kan synast som om departementet i sitt framlegg går unødvendig langt i forhold til dommen i å redusere kristendommen sin plass i faget. 3. Forsand kommune meiner lov og forskrifter om faget bør inneholde tydelege formuleringar, medrekna namnet på faget som gir grunnlag for at kristendommen som har prega landet si utvikling og kulturgrunnlag gjennom siste tusen år, blir fremheva til å stå i ei særstilling i undervisninga for barn og unge i den norske grunnskulen. 4. Forsand kommune finn ikkje grunnlag i dommen (EMD), til å problematisere at eit land sin grunnskule gir ein kvantitativ grundigare innføring i den religionen og kulturen som har prega landet mest. 5. Forsand kommune rettar kritikk til den korte fristen det er på høyringar på generelt nivå, og spesifikk for denne høyringa frå KUD som engasjerer mange i eit lokalmiljø. Sjå vedlagte saksutgreiing. Dette vedtaket kan de klage på (jfr, fvl. 28). Klagefristen er 3 veker frå de har fått melding om vedtaket. For rådmannen Bodil Vika Gjesteland politisk sekretær Forsand kommune, 4110 Forsand, Telefon:51 70 00 00, Telefax: 51 70 00 02 E-mail: post@forsand.kommune.no Foretaksnummer 00939347801 Bankgiro 3350.07.00497

Forsand kommune Saksframlegg SAKSGANG Saksnr Utval Dato 006/08 Kommunestyret 28.01.2008 Arkivkode Saksbehandlar Arkivsak/j.post K2-A00 Bernt J. Høie 08/15-2 08/131 Høyring - forslag til endringar i Opplæringsloven - KRL-faget Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Forsand kommune sin uttale til Høyring frå KUD forslag til endringar i Opplæringslova, KRL-faget:. 1. Det er viktig at alle norske skulefag er i samsvar med menneskerettighetserklæringa. 2. Det kan synast som om departementet i sitt framlegg går unødvendig langt i forhold til dommen i å redusere kristendommen sin plass i faget. 3. Forsand kommune meiner lov og forskrifter om faget bør inneholde tydelege formuleringar, medrekna namnet på faget som gir grunnlag for at kristendommen som har prega landet si utvikling og kulturgrunnlag gjennom siste tusen år, blir fremheva til å stå i ei særstilling i undervisninga for barn og unge i den norske grunnskulen. 4. Forsand kommune finn ikkje grunnlag i dommen (EMD), til å problematisere at eit land sin grunnskule gir ein kvantitativ grundigare innføring i den religionen og kulturen som har prega landet mest. 5. Forsand kommune rettar kritikk til den korte fristen det er på høyringar på generelt nivå, og spesifikk for denne høyringa frå KUD som engasjerer mange i eit lokalmiljø. Behandling i Kommunestyret 28.01.2008 Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedtatt. KS-006/08 Vedtak: 6. Det er viktig at alle norske skulefag er i samsvar med menneskerettighetserklæringa. Side 2 of 11

7. Det kan synast som om departementet i sitt framlegg går unødvendig langt i forhold til dommen i å redusere kristendommen sin plass i faget. 8. Forsand kommune meiner lov og forskrifter om faget bør inneholde tydelege formuleringar, medrekna namnet på faget som gir grunnlag for at kristendommen som har prega landet si utvikling og kulturgrunnlag gjennom siste tusen år, blir fremheva til å stå i ei særstilling i undervisninga for barn og unge i den norske grunnskulen. 9. Forsand kommune finn ikkje grunnlag i dommen (EMD), til å problematisere at eit land sin grunnskule gir ein kvantitativ grundigare innføring i den religionen og kulturen som har prega landet mest. 10. Forsand kommune rettar kritikk til den korte fristen det er på høyringar på generelt nivå, og spesifikk for denne høyringa frå KUD som engasjerer mange i eit lokalmiljø.. Forsand, 10.01.2008 Terje Nysted rådmann Side 3 of 11

Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 01.01.2008 Det kongelege kunnskapsdepartement Høring - forslag til endringer i opplæringsloven (KRL-faget) 3 I 10.01.2008 Gjul Sølvi Ona Om høyringsfrist KRL-faget Anna Utval Høyring Behandling Ungdomsråd Eldreråd Arbeidsmiljøutval Side 4 of 11

Samandrag Rådmannen meiner på generelt grunnlag at det er kritikkverdig frå KUD å gje korte høyringsfristar på høyringar innan område som omhandlar verdisyn og som skapar stort engasjement i kommunar og lokalsamfunn. Rådmannen vurerer dette som ein trussel mot lokaldemokratiet og demokratisk forståing for elevar i ein opplæringssituasjon. Særleg peiker rådmannen på den korte fristen som er gjeve, og tidspunktet for høyringa med utsending av dokumenter til kommunen poststempla 2 januar med høyringsfrist 4. februar. Det er såleis vanskeleg å få innspel frå skulen sine rådsorganer (tilsette, foreldre og elevar) og elles frå lokalmiljøet til rådmannen si saksutgreiing med slik kort frist. På bakgrunn av dom i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)mot KRL-faget kjem Kunnskapsdepartementet (KUD)med framlegg om endringar i opplæringslova i høyringa som er sendt ut med svarfrist innan 4 februar. Namnet på faget blei endra i 2005 med KRL (kristendom med livssynskunnskap - frå 1997) til KRL (kristendoms-, religions- og livssynskunnskap). I tillegg blei fritaksreglane oppmjuka og vart gjort gjeldande for alle fag i skulen med omsyn til elevar og foreldre som kunne kjenna seg krenka eller støyte ut frå eigen religion eller livssyn. Praksis er nå at foreldre eller elevar over 15 år kan sende melding om fritak frå undervisning i delar av faget. Kan ikkje skulen godta grunnlaget for fritaket, gjeld forvaltningslova. KUD tilrår å endre namnet på faget på ny til religion, livssyn og etikk. Vidare tilrår departementet som fylgje av dette å endre læreplanen slik at den er meir i samsvar med intensjonane for faget ut frå dommen i EMK( I samsvar med menneskerettane og at opplæringa er objektiv, kritisk og pluralistisk). Her meiner KUD at det vil gå fram av læreplanen at den, grunngjeve med det kristendommen har hatt å seie historisk og som kulturarv, skal ha meir stoff om kristendommen enn om andre religionar og livssyn, utan at det er kvalitative skilnader. Rådmannen meiner at KUD går for langt i å imøtekomma dommen i EMK ved å fjerne kristendom i namnet til faget, og dermed svekker symbolverdien namnet har for undervisninga av barn og unge i grunnskulen med kristendommen som ein dominerande identitets- og kulturberar i det norske samfunnet. Rådmannen meiner vidare at KUD ikkje balanserer behovet for pluralisme opp mot historiske og kulturelle og religiøse særtrekk i det norske samfunnet ved å setja igong ein store revisjon av faget basert på kvalitative skilnader ut frå ei heilskapleg vurdering slik det går fram i dommen. Det er såleis for enkelt ta utgangspunkt i det kvalitative ved å svekkja den kvantitative stillinga kristendommen har i KRL-faget. Dette meiner rådmannen kan skje med langt mindre endringar av faget ettersom fritaksordninga som kom medan saka var til handsaming i EMD har teke høgd for omsynet til fritak basert på religionsfridom og utøving av verdisyn for den enkelte. Fakta Om høyringa KUD sendte ut til høyring endringar av Opplæringslova, KRL-faget med frist til 4 februar. Rådmannen meiner det er kritikkverdig at fristar på generelt grunnlag frå departement er for korte til at elevar, foreldre og skulesamfunnet elles kan engasjera seg, og med dette koma med sin uttale knytte til rådmannen si saksutgreiing, når kommunestyret skal handsame saker som gjeld innhaldet i skulen. Særleg gjeld det denne høyringa som rører ved det rotnorske, det historiske og identitetsskapande innhaldet skulen skal formidle. Om KRL-faget Side 5 of 11

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført trinnvis i grunnskulen som obligatorisk fag frå skulestart 1997-1998, og innført på alle klassetrinn i skuleåret 1999-2000. Det vart lagt til grunn at KRL-faget er eit ordinært skulefag på linje med dei andre faga i skulen. Faget skal gi kunnskap om religionar og livssyn, ikkje opplæring til ei bestemt tru. Faget skal vere ope, medverke til innsikt, respekt og dialog på tvers av trus- og livssynsgrenser og fremje forståing og toleranse i religiøse og moralske spørsmål. Formålet er å få til eit samlande skulefag, der elevane så langt som mogleg deltek i ei felles undervisning. Dette skal gi eit vesentleg bidrag til det felles kunnskaps, kultur- og verdigrunnlaget dagens samfunn byggjer på, med innslag frå ulike kulturar, religionar og livssyn. Undervisninga skal gjennomførast med respekt for livssynsbakgrunnen til elevane, stimulere til allsidig danning og vere med på å skape felles kulturelle referanserammer. Etter to uavhengige evalueringar av KRL-faget vart det vedteke ein omfattande revisjon av læreplanen og fritaksordninga. Reglane for fritak vart endra med verknad frå oktober 2001, og innhaldet i sjølve faget vart forenkla med verknad frå skuleåret 2002/03. Namnet vart endra til Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. KUD har laga ei høyring om endring av Opplæringslova. KRL faget skal bli eit eit fag på lik linje med andre fag i skulen. Ut frå dommen i EMD skriv KUD: Dommen i EMD kjem med ein breiare kritikk enn den som kom i 2005. Særleg gjeld dette dei totale rammene for faget. I heilskap peiker dommen på at det er uklårt på kva måte ein kan nå formålet om eit samlande skulefag for respekt, dialog og toleranse slik rammene rundt det er. Dette peiker på at det er naudsynt med meir omfattande endringar Det er grunn til å vurdere om det i det hele er naudsynt med ei eiga føresegn om KRL-faget Dette er ikkje i strid med dommen, men gir likevel KRL-faget preg av å være eit særskilt fag, ikkje eit ordinært skulefag. Slik lova lyder i dag, vert kristendomen og andre religionar og livssyn omtala ulikt. EMD peiker på at det er ein heilskap som gjer at faget manglar truverde. Totaliteten i manglande truverde er ei sentral årsak til at EMD gjekk imot Noreg. Formålet for alle fag er regulert i læreplanen, som ei bindande forskrift. Det gjeld også for KRL-faget. Primært kunne derfor 2-4 flyttast ut av Opplæringslova. Kritikk frå ulike trus- livssynssamfunn og rettsbehandlinga i Noreg KRL-faget førte til kritikk frå ulike trus- og livssynssamfunn. 1998 vart staten saksøkt med krav om rett til fullt fritak frå faget. 22 august 2001 stadfesta Høgsterett dommen i lagmannsretten at det er mogleg å gjennomføre ei avgrensa fritaksordning slik det er føresett. Saksøkjar klaga dommen inn for EMD, med påstand om at faget og mangelen på fullt fritak er i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Menneskerettskommiteen i FN retta i 2004 kritikk mot fritaksordninga og mot påstått religionsutøving i KRL-faget. Dette førte til endringar i føresegne om faget Kristendoms, religion og livssynskunnskap, i reglane om fritak og i læreplanen for faget. Ny læreplan vart fastsett av departementet og gjort gjeldande frå skuleåret 2005-06. Den Europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har i dom 29juni fastslått at KRL-faget i grunnskolen i Noreg krenka EMK. Noreg er bunden av konvensjonen og dommen, og går framfor føresegna og norsk lovgiving. KRL-faget må derfor endrast slik at det er i samsvar med menneskerettane. Side 6 of 11

Dommen slår fast at dei overordna formåla med KRL-faget er i samsvar med prinsippa om pluralisme (det verdslege/mangfaldet) og objektivitet i EMK. Dette inneber at opplæringa på ein likeverdig måte skal vise mangfaldet i religionar og livssyn og ikkje gi nokon ein kvalitativ forrang. Sjølv om kunnskap om kristendommen utgjer ein større del av pensum enn andre religionar og livssyn er ikkje det i seg sjølv i strid med prinsippet om pluralisme og objektivitet. Læreplanen i fag vil derfor framleis kunne ha fleire kompetansemål om kristendommen enn om andre religionar og livssyn. Men EMD finn etter ei samla vurdering at det er kvalitative skilnader i undervisninga i kristendom samanlikna med dei andre delane av faget, og meiner derfor at det er uklårt korleis formålet med faget å fremje forståing, respekt og dialog, kan verte nådd. På denne bakgrunnen konkluderer domstolen med at dei samla kristendomselementa i faget er i strid med EMK. Fleire av forholda som er tekne opp i dommen er ikkje endra sidan 1997 og gjeld derfor framleis for faget slik det er i dag. Dommen omtaler også deltaking i religiøse aktivitetar (bøn, salmesong, gudstenester og liknande) og uttrykkjer otte, spesielt for dei yngste elevane. EMD vurderer om faget likevel kan verte akseptert ved å sjå på høvet for delvis fritak, og konkluderer med at fritaksordningane ein hadde i 1997, ikkje var i samsvar med EMK. Fritaksreglar Fritaksreglar blei monaleg endra etter fråsegna frå Menneskerettskommiteen i FN om KRLfaget i den norske skulen. Nå gjeld fritaksretten for alle fag. Den enkelte kan ut frå eigen religion eller livssyn, eller som opplever utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande melde frå om fritak. Ein kan ikkje krevje fritak frå kunnskap om dei ulike emna i læreplanen. Føresette skal melde frå om fritak, ikkje søkje om fritak. Forvaltningslova gjeld om skulen ikkje godtek meldinga om fritak. Då blir dette handsama etter samme rettsprinsipp som andre saker med lovregulering i det norske samfunnet. KUD meiner at fritaksreglane frå 2005 kjem i hovudsak også i møte med kritikken frå dommen frå EMD. Kravet om årleg informasjon om reglane for fritak er tekne inn i lova. Men dommen peiker på at det er ein føresetnad for å kunne melde fritak, at foreldra har god nok kunnskap om innhaldet i opplæringa. Derfor er det naudsynt med god informasjon om innhaldet og arbeidsmåtar i opplæringa. KUD vurderer dommmen slik at EMD kjem med breiare kritikk av føresegna i opplæringslova 2-4 enn dei endringane som vart gjorde i 2005, og ikkje minst peiker dommen på at det er uklårt på kva måte ein kan nå målet om eit samlande skulefag for respekt, dialog og toleranse slik rammene rundt det er. Dette peiker på at det er naudsynt med meir omfattande endringar. KUD meiner mellom anna at det er grunn til å vurdere eiga føresegn om KRL-faget. Vidare at KRL-faget gir preg av å vere eit særskilt fag, ikkje eit ordinært fag ved at kristendommen og andre religionar vert omtala ulikt. EMD peiker på at det er ein heilskap som gjer at faget manglar truverde, og ei sentral årsak til at dommen gjekk imot Noreg. Lover, forskrifter, rundskriv 2-3a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa Her tilrår departementet ei tilføying (kursiv): Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa. Ordlyden på 2-3 blir etter KUD slik: Side 7 of 11

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livvsyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen. Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevane under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa. KUD tilrår å endre namnet på faget frå Kristendoms-, religions,- og livssynskunnskap til Religion, livssyn og etikk i Opplæringslova 2-3 og å ta vekk dei fire første punkta i dagens lovtekst som lyder slik: - gi grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv - gi grundig kjennskap til evangelisk-luthersk kristendomsforståing og ulike kyrkjesamfunn - gi kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn - gi kjennskap til etiske og filosofiske emne KUD vil endre 2-4 til denne ordlyden: 2-4. Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje væra forkynnande. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål. Den som skal undervise i religion, livssyn og etikk, skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna. Innkomne uttalar Kommunen mottok høyringa 2 januar. I praksis er det umogleg å ta med innkomne uttalar i denne saksutgreiinga. Saka blir sendt til SU ved Forsand skule til uttale Ein får håpe SU ved Forsand klarer å gje ein samla uttale frå skulen innan kommunestyret skal handsame saka. Konsekvensar for barn og unge Det er kritikkverdig at høyringsfristen er satt så kort at barn og unge vil ha problem å gje sin utale om denne saka som gjeld opplæringa av barn og unge i skulen. Det vil såleis væra vanskeleg for rådmannen å ta inn i saksutgreiinga evt. uttale frå barn og unge i Forsand. Rådmannen håper at SU kan ta eit initiativ m.a. ovafor elevrådet til å koma med sin utale til handsaminga av saka i kommunestyret. Vurdering og konklusjon Rådmannen meiner at korte fristar for høyringar kan væra eit trugsmål for demokratiet. Særleg gjeld dette uttale frå barn og unge som er lovregulert. I denne og andre høyringar har KUD korte fristar som er kritikkverdig, og kan hindre barn og unge i å bli høyrt i ei sak som Side 8 of 11

om handlar undervisning av barn og unge, og som i høgste grad ville ført til engasjement i denne delen av befolkninga i eit lokalsamfunn. Departementet kom med tilrådingar for å endre Opplæringslova for at KRL-faget ikkje skulle koma i strid med artikkel 18 nr. 4 i FN-konvensjonen slik Menneskerettskomiteen i FN påpeika i si fråsegn 3 november 2004. Ved å endre fritaksreglane og føresegner for KRL-faget gjorde Stortinget dei endringane som var naudsynt for å sikre at KRL-faget og at undervisninga ikkje krenka den enkelt sin rett til fri religions- eller livssynsutøving. Dommen i Den europeiske menneskerettsdomstolen fastslår at KRL-faget i grunnskulen i Noreg krenka den Europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) medlemslanda har forplikta seg til ut frå ein heilskapleg vurdering.. Rådmannen vil her peike på at premisser for dommen er læreplanen for KRL-faget og gjeldande fritaksreglar av 1997. Fritaksreglane er vesentleg oppmjuka i høve til dei som gjaldt frå 1997, og som inngjekk i premissene som ligg til grunn for dommen. Dei nye reglane tek særleg omsyn til fri religionsog livssynsutøving. Med dette meiner rådmannen at totaliteten i faget er på plass. Rådmannen er samd i KUD sine vurderingar om å gjere KRL-faget mest mogleg til eit alminneleg fag i form av opplæringsmål, felles fritaksreglar for alle fag og mest mogleg like vurderingskriterier. Det er skulen si plikt å skape heilskap i opplæringa gjennom den grunnleggjande opplæringa i grunnskulen for barn og unge. Kanskje har KUD i sitt høyringsutkast teke høgd for å væra på sikre sida for å unngå fleire rundar i internasjonale fora og domstolar der Noreg kjem dårleg ut i høve til menneskerettane og KRL-faget, noko som skader Noregs omdøme i utlandet. Det går på prestisjen laus å få ein slik dom mot seg. Noreg har markert seg sterkt innan menneskerettane i internasjonale fora, og vil såleis unngå å ha ureint mjøl i posen. Ved å endre namnet til faget frå KRL (Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering) til KRL (kristendoms-, religions- og livssynskunnskap) meinte Stortinget å signalisere den balansen faget må ha til omverda, for å ikkje krenka annan religions- og livssynsutøving i Noreg. KUD tilrår i denne høyringa å fjerne namnet på eit fag som har sterk symbolverdi for fleirtalet i det norske folket. Fleirtalet i landet bekjenner seg til kristendommen både i høve til historiske og kulturelle særtrekk, og som den viktigaste identitetsskapande faktor i det norske samfunnet. KUD rokkar såleis ved det rotnorske. Ved å gå eit skritt vidare, meiner rådmannen at KUD har kome på kollisjonskurs med fleirtalet som framleis vil ha eit fag i skulen som er knytte til vår felles verdi og kulturarv og som har med seg ei symbolbærande kraft ein ynskjer å halde på i opplæringa av barn og unge. Ein treng ikkje væra fanatisk for å forstå at eit reint pluralistisk samfunn(mangfall/ verdinøytralt) i sin ytterste konsekvens krev at ein fjernar all religiøs symbolikk. Kva med det Norske flagget som har korset, kva med den norske grunnloven, statkyrkja, religiøs klednad, helligdagar knyttet til kristendommen m.m.? Det er mange døme på at pluralismen som ideal støyter på verdiladd symbolikk og kristne tradisjonar, og som eit mindretal i samfunnet ynskjer å fjerne. Kristendommen har ei symbolbærande kraft knytte til verdisyn, historie og kultur og som eit fleirtal meiner står som ei motvekt til pluralisme ognorke av dei negative sider ved ein aukande internasjonalisering i samfunnet vårt.. Her skal også kristne tradisjonar og livssyn ha sin naturlege plass. Ein må ein såleis finne kompromiss som både tek omsyn til pluralisme og kristendommen. Det gjer ein ikkje ved å stryke ordet kristendom som delar av namnet på faget. Namnet på faget som blei endra så seint som i 2005 til KRL (kristendoms-, religions- og livsynskunnskap), og var eit tverrpolitisk kompromiss som bygg på pluralisme og det særnorske. Det er såleis med undring ein møter forslaget om namneendring på eit fag som har hatt ein sentral plass i den norske skulen i over 250 år. Side 9 of 11

Rådmannen meiner vidare at det heller ikkje er grunnlag for store endringar av læringsmål i faget så lenge det er nye reglar for fritak som i vesentleg grad tek omsyn til dei som kjenner seg krenka eller støytte ut frå sitt livssyn eller religion. Det blir framheva frå eit mindretal i folket at det skjer forkynning i undervisninga. Dette skal væra eit stort problem innan KRLfaget. Her er det mykje synsing som ligg til grunn. Verdiladde diskusjonar i media er med på å underbygge slike myter, særleg med utgangspunkt i kyrkjebesøk der elevar deltek i t.d. ein gudsteneste. Den nye fritaksregelen tek høgd for at foreldre/elevar skal kunne be om fritak frå slike aktivitetar utan dei treng grunngje kvifor, og med dette utlevere intime opplysningar om eige verdissyn. Det bør heller ikkje væra naudsynt å understreke at dei som ber om fritak får-, og skal ha krav på respekt innan skulesamfunnet med ei undervisning som har ei vektlegging på toleranse og menneskerettane. Dette er eit område skuleeigar har plikt å føre tilsyn med, og som det ikkje bør væra vanskeleg å gjennomføre for å sikre mindretalet sine rettar. Ut frå dette sluttar rådmannen seg til felles initiativ frå mange kommunar i Rogaland. Sjå rådmannen si tilråding Side 10 of 11

Side 11 of 11