Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Program OSTERØY HØGRE

Hemsedal KRF Program

Utkast til program Meland Høgre 2015

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Program for. Sykkylven Venstre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Program for Bømlo Venstre

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Strategidokument Varhaug Misjonshus

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnehageplan for Vinje kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«Ny Giv» med gjetarhund

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Granvin herad Sakspapir

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Sandeid skule SFO Årsplan

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Fjell Venstre. Program

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Kvalitetsplan mot mobbing

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Til veljarane i Tysnes

Ei god framtid for alle!

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

«Nordhordland kommune»

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Plan for Liabygda SFO

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Øystese barneskule April - 08

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

ROGALAND. best i jordvern? ROGALAND

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Ål Venstre. Ål Venstre

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Transkript:

Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast å ta miljøvenlege val. Eit ønskje om å vera ein miljøkommune forpliktar. Bjerkreim Venstre meiner at utvikling av vindressursane i kommunen må være berekraftig både med omsyn til miljø, til folk og til økonomi. Å leggja til rette for vindkraftutbygging fører med seg inngrep i naturen, det vert bygt anleggsvegar, og i tillegg kjem vindturbinar som endrar synsinntrykka. Vindkraft er rein kraft, men den må byggjast ut der det gir minst skade på naturen og minst ulempe for dei som bur i nærleiken. Tiltak som energiøkonomisering og opprusting av eksisterande kraftverk bør stå i fremste rekke. Bjerkreimsvassdraget har stor nasjonal betyding som lakseelv, og elva er eit viktig trekkplaster for turistnæringa. Dette må kommunen dra endå meir nytte av. Nå har Storåna i Ørsdalen fått kalkdoserar. Stor takk til grunneigarar, Elveeigarlaget og Bjerkreim kommune for å dette kom på plass. Venstre vil arbeida for at vassdraget framleis kan verta utvikla, mellom anna bør det vera eit mål at endå fleire strekningar kan verta lakseførande med nye oppvekstområde for yngel. Bjerkreim Venstre vil også arbeida for at vernet ikkje blir uthula. Venstre vil og passa på at utbygging av hyttefelt skjer skånsamt. Det skal vera ein viktig stad for rekreasjon og friluftsliv og ikkje eit nytt bustadområde.

Dette er et sitat fra førstekandidaten som sier noe viktig om hvilke utfordringer ditt lokallag ønsker å løse. [..] Sunn kommunestyring. Bjerkreim Venstre vil at administrasjon og politikarar i kommunen tydeleg skal vera der for å hjelpa den enkelte innbyggjar. Vi vil arbeida for ein effektiv administrasjon av kommunen. Kommunen må oppretthalde godt vedlikehald av alle anlegg, kyrkjer og kyrkjegardar. Venstre meiner det er nødvendig med tett samarbeid med nabokommunar for å samordna ein del tenester. Bjerkreim Venstre vil arbeida for at tenestetilbodet først og fremst rettar seg mot dei innbyggjarane som treng det mest, og at tilbodet også vert så effektivt som råd. Me vil vera opne for å utgreia ulike samarbeidsformer i regionen. Bjerkreim kommune har få innbyggjarar og på nokre tenesteområde kan det vera vanskeleg å ha gode nok kompetanse- og spesialistmiljø. For å klara å oppretthalda alle dei gode tenestane me har i dag vidare inn i framtida, kan det verta naudsynt å måtta etablera kommune i lag med andre, eller at fleire kommunar vert slegne saman.

Trygt og godt å vakse opp og bu i Bjerkreim. Ein god oppvekst varar livet ut. Venstre vil sørgje for at skulen i Bjerkreim held høg kvalitet. Skule, ungdom og kultur. Det skal være nulltoleranse for mobbing på skulane i Bjerkreim. Venstre vil sikra barnehagedekning for dei som ønskjer det. Det skal vera godt å vakse opp i Bjerkreim. Difor er det viktig at barn og ungdom får eit enda betre kulturtilbod i fritida, men prisane må ikkje vera for høge. Dei gode tilboda i kulturskulen og andre tenester må oppretthaldast og gjerast betre? Dei fleste fritidstilbod i kommunen er drifta av frivillige i lokale foreiningar og lag. Venstre vil vera ein pådrivar for at kommunen hjelper desse best mogleg. Eldreomsorg. Bjerkreim Venstre vil arbeida for at kapasiteten i eldreomsorga i Bjerkreim blir tilpassa behovet. Tilbodet til dei eldre i Bjerkreim kommune er ikkje godt nok. Det er for få plassar, og dagsenter må på plass snarleg. Bjerkreim må vi finna ei god løysing for omsorgssenteret, det trengst anten nybygging eller utviding. Fleire eldrebustader bør etablerast, og då først og fremst i sentrum. Det trengst auka personalressursar både på omsorgssenteret og heimesjukepleien. Dei økonomiske rammene må tilpassast dei behova innbyggjarane har. Bjerkreim Venstre set pris på at dei som er tilsette i eldreomsorga, har god kompetanse og gjer ein god jobb. Bjerkreim Venstre vil arbeida for tannhelsetilbod i kommunen. Kommunen må syta for at det finst tenlege bygningar og anlegg nok til kulturtilbod for barn og ungdom.

Ny næring. Venstre meiner det er svært viktig å utvikla nye næringar i Bjerkreim og at det vert lagt til rette for nye industriområde. Kommunen må derfor framleis arbeida aktivt for å få nye bedrifter til å etablera seg. Marknadsføring av Bjerkreim er viktig. Det er viktig at kommunen opparbeider og klargjer industritomter. Bjerkreim Venstre vil vera ein pådrivar for å tilby bedrifter og innbyggjarar betre tilgang til mobil- og breibandstenester. I dag er store områder framleis utan slik dekning. Bjerkreim Venstre vil arbeida for at kollektivtilbodet til og frå kommunen blir betydeleg forbetra. Spesielt må kollektivtilbodet mot Nord-Jæren og sambandet med Jærbanen verta betre. Det vil vera naturleg for Bjerkreim som ein miljøkommune å satsa på turisme. Det verna Bjerkreimsvassdraget og den fine Bjerkreimnaturen er utgangspunkt for slik satsing.

Vegar og landbruk. E39 og vegar. Det er nødvendig med ny firefelts E39. Utgreiinga som er i gang nå, må fullførast slik at det er godt grunnlag for å avgjerda trasé. Viktige argument som tryggleik for trafikantane, gode løysingar for kollektivtrafikken, omsyn til bekkar, vann, dyrka mark og natur må vurderast høgt. Det må også gjennomførast fleire trafikksikringstiltak i kommunen. Sykkelstiar bør etablerast raskare enn før. Det er store behov omkring i kommunen. Sykkelstien langs FV51 ned mot Gådå må fullførast snarleg. Landbruk. Landbruket er viktig for næringslivet i kommunen. Eit aktivt landbruk gir levande bygder, opprettheld kulturlandskapet, og gir eit godt miljø. Venstre vil arbeida for ei framtidsretta og berekraftig utvikling for landbruket i kommunen. Bjerkreim Venstre vil at Bjerkreim framleis skal vera ein viktig jordbrukskommune i Rogaland. Dyrka jord må takast godt vare på. Den som tek 1 mål dyrka mark, må skaffa 2 nye mål. Det gjeld både private og det offentlege. Bjerkreim Venstre vil engasjera seg for å stimulera bønder til å ta i bruk dei ressursane som finst på gardsbruka og gjera det enklare å starta tilleggsnæring for dei som vil det.

Stem Venstre. Venstre vil gjera Bjerkreim grønare og gi alle born ein trygg og god oppvekst. Ei grøn framtid. Venstres politikk skal sameine personleg fridom med ansvar for fellesskapet og for kvarandre. Å vere liberal er å ha toleranse og respekt for andre, og å tenkje utover eiga lommebok og interesser. Vår ideologi vektlegg stor fridom for den enkelte, saman med eit sosialt sikkerheitsnett som hjelper dei som treng det. Som liberale stille me kritiske spørsmål til det beståande, og spør oss alltid om noko kan gjerast betre. Gje di stemme til Venstre på valdagen i Bjerkreim. Tore Malmei, ordførerkandidat Gode sambygdingar. No er det nok ein gong tid for å velja styre for kommunen vår. Og nok ein gong kan Bjerkreim Venstre presentera ei liste med gode kandidatar som vil gjera ein innsats for fellesskapet og det beste for bygda. Sist periode har Bjerkreim Venstre vore representert i kommunestyret med ein kandidat, og me har vore representerte i kontrollutvalet. Det er viktig at partiet har med kandidatar i kommunestyret for å ta vare på det politiske mangfaldet. Det har vore ei interessant periode me har vore inne i. Bjerkreim er ein kommune i vekst, og det er store utfordringar som ventar i åra som kjem, særleg innan eldreomsorg, oppvekst, skule og landbruk. Med denne brosjyren presenterar me dei sakene som Bjerkreim Venstre har lagt tyngdepunkta på i neste periode. Dei siste helgene før valet har me stand både på Vikeså og Bjerkreim. De er velkomne innom til ein prat og diskusjon. Godt val.

Venstre sine kandidatar i Bjerkreim: 1. Tore Malmei (f.1958), Veterinær Tore er utdanna veterinær ved Freie Universität Berlin i -83. Har sidan drive med allsidig praksis, hovudsakeleg stordyrpraksis. Han engasjerer seg i kommunepolitikken fordi han ønskjer å fremje Venstres politikk: aktiv næringspolitikk inkl. landbruk, skule, eldreomsorg og bærekraftig forvalting av ressurs og miljø i Bjerkreim. 2. Aslaug M. Undheim (f. 1952), Rektor Dei viktigaste sakene for Aslaug er: - Trygge oppvekstvilkår og tydelege rammer for barn og unge - Høg fagleg kvalitet i skulen - Verdig eldreomsorg der den enkelte eldre har høve til å påverka eigen alderdom - Mobilnett og breibandtenester må byggjast ut i heile kommunen - Kollektivtilbodet må byggjast ut slik at det kan verta den føretrekte reisemåten 3. Skjalg Espedal (f. 1966) Daglig leder 4. Steinar Solberg (f. 1963) Lærer 5. Sissel Grøtteland Vikeså (f. 1960) 6. Mauritz Bjerkreim (f. 1961) 7. Anne Pearl Gravdal (f. 1970) 8. Arne Bjerkreim (f. 1959) 9. Ernst Herredsvela (f. 1971) 10. Anne Rita J. Gudmestad (f. 1958) Les meir om vår politikk og våre kandidatar på vår nettstad: bjerkreim.venstre.no