Saksprotokoll Kommunestyret 13.12.2012 Sak: 106/12 Tittel: :: Kommunale avgifter og betalingssatsar 2013 Arkivsak: 12/3133 Behandling: Informasjon frå rådmannen og skriv om matrikkelgebyr vart lagt fram før kommunestyret si handsaming. Rådmannen gjorde merksam på at kommunestyret bør ha gebyr for mellombels tilkobling til vatn og kloakk. Framlegg frå SP, Krf, Frp, V og H v/geir Arve Sandvik: Justering av billettprisar i symjebasseng: Enkeltbillettar: Barn kr. 30 Vaksne kr. 50 Årskort: Barn kr. 350 Vaksne kr. 700 Familie kr. 1400. Det vart fyrst røysta over endringane rådmannen gjorde merksam på. Gebyr for mellombels tilknytning til vatn og kloakk vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over framlegg frå Sandvik på billettprisar i symjebassenga. Det vart samrøystes vedteke. Til slutt vart det røysta over heile formannskapet sitt framlegg med dei endringar som er vedtekne ovanfor. Betalingssatsane vart samrøystes vedtekne av kommunestyret. Vedtak: Luster kommunestyre vedtek slike avgifter og betalingssatsar for 2013: Administrasjon/fellesutgifter Utleige kommunale bygningar, som for 2012, jf prenta vedlegg 1. Kopiering, som for 2012, jf. prenta vedlegg 1. Kopiering/kart, som for 2012, jf. prenta vedlegg 1. Barnehage Foreldrebetaling. Som for 2012 Tilsvarande statleg maksimalpris. Kostpengar vert endra slik frå skuleåret 2013/2014:
Heil plass kr. 275 pr månad 80 % plass kr. 220 pr månad 60 % plass kr. 165 pr månad Dagsats kr. 16,50 Grunnskule Satsane i SFO vert endra slik frå skuleåret 2013/2014: Heil plass kr. 1950 pr månad Halv plass kr. 975 pr månad Dagsats skulefrie dagar/feriar kr. 205 pr dag. Elevar som får leksehjelp får slik reduksjon i satsane: Heil plass kr. 250 pr månad Halv plass kr. 125 pr månad Omsorg. ATS; satsane vert auka tilsvarande prisutviklinga, jf. prenta vedlegg 1. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje prisar på ev. nye varer og tenester. Omsorgsbustader/-plassar, gjengs husleige vert auka slik frå 1.5.2013 Husleige husvære med 1 bebuar: kr. 5.170,-. Husleige husvære med 2 bebuarar: kr. 6.318,-. Husleige omsorgsplass inkl. mat: kr. 7.870,-. Av beløpet gjeld kr. 5.170,- husleige og kr. 2.700,- mat Bustader psykiatri kr. 5.700,- pr. månad.
Heimehjelp/praktisk bistand: Inntektsgrense Netto inntekt husstand før særfrådrag Timesats Utgiftstak Under 2 G 0-164 244 170,- 2-4 G 164 245 328 488 140,- 1400,- (t.o.m.10t/mnd) Over 4 G 328 489-190,- kun timepris Føringar: 1G = kr. 82 122,- pr. 01.05.12. For gruppa under 2G er 170 kr maksimal betaling pr. månad (2012). Dette nivået vil bli prisjustert årleg når statleg rundskriv ligg føre (2013). Grunnlag for utrekning av inntekt vert henta frå skattelista for 2011. Fakturert etter vedtak. Forfall den 20. i den månad tenesta vert gjeven. Abbonement/tildelt teneste gjeld inntil brukar seier tenesta opp. Sal av mat til heimebuande og besøkjande. Abonnementsordning for kjøp av mat for faste brukarar. Ordninga vert avgrensa til to alternativ 1. Kjøp av mat kvar dag a. pris pr veke middag kr. 465,- b. pris pr veke frukost/kveld kr. 448,- c. pris pr veke frukost kr. 224,- 2. eller kjøp av mat 3 gonger pr veke a. pris pr veke middag. Kr. 200,- b. Pris pr veke frukost/kveld kr. 190 c. Pris pr veke frukost kr. 95,- Kjøp av mat avgrensa til ikkje faste brukarar i hovudsak. Besøkande og evt. tilsette. Satsane vert endra slik: Frukost kr. 50,- Kveldsmat kr. 50,- Middag kr. 90,- Kaffi kr. 10 Kake kr. 10 Føringar: For tilsette og besøkjande som kjøper mat, kjem mva i tillegg til satsane. Satsane vert avrunda til næraste krone. Bebuarar på eldresenteret og andre som kjøper middag, får kaffi og kake inkludert. Abbonement/tildelt teneste gjeld inntil brukar seier tenesta opp.
Tryggleiksalarm Avgift for tryggleiksalarm vert sett til kr. 200 pr månad. For etablering av alarm vert fastsett ei eit gebyr på kr. 450,-. Teknisk: Renovasjon/slam Årsgebyr slam vert redusert med 10 % Årsgebyr renovasjon vert auka med 2 % Betalingssatsar byggesak. Betalingssatsane vert auka med 10 %. Feieavgift. Kaiavgifter Kart og oppmåling. Satsane vert auka med i snitt 5 %. Rådmannen får fullmakt til å justere dei einskilde satsar med bakgrunn i sjølvkostvurdering for den einskilde tenesta, arbeid/omfang og i tillegg meir tilpassa satsane til gebyr i nabokommunane. (satsane fylgjer som vedlegg i saka) Husleige utleigebustader. Husleigene vert auka med 10 % frå 1.5.2013. Tomtar i kommunale bustadfelt. Satsar for grunnkjøp/ref. veg vatn og kloakk vert uendra. Endringar i avgifter/ gebyr vert endra i samsvar med gjeldande satsar. Tilknytingsavgifter VA Tilknytingsavgifter VA vert uendra. Mellombels tilknyting til vatn og kloakk. Det skal betalast for målt forbruk og fast årleg avgift i høve dimensjon på inntaksleidning. Det er ikkje gebyr for tilknyting, men abonnenten må dekke kommunen sine kostnader i samband med tilknyting og fråkopling. Vassavgift.
Satsane vert uendra får 2012.11.21 Kloakkavgift. Årsavgift vert auka med 10 %. Næringsutvikling og naturforvaltning Utleige næringsbygg. Utleige av næringsbygg (indeksjustering i reglement) Fellingsavgift for hjortevilt. Teneste landbruk og naturforvaltning. Betalingssatsane vert auka med 3 %. Kultur Bibliotek. Billettprisar symjebasseng. Enkeltbillettar: Barn kr. 30 Vaksne kr. 50 Årskort: Barn kr. 350 Vaksne kr. 700 Familie kr. 1400 Festeavgift graver. Kommunestyret godkjenner i samsvar med tilråding frå fellesrådet at festeavgifta for graver vert sett til kr. 150,- frå 1.1.2013. Kulturskule. Kommunestyret vedtek at satsane vert auka med 25 % frå skuleåret 2013/2014. Danseverkstad.