Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva er økologisk matproduksjon?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Kom skal vi klippe sauen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

mmm...med SMAK på timeplanen

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jon Fosse. For seint. Libretto

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Til deg som bur i fosterheim år

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Valdres vidaregåande skule

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn


SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Velkomen til Mork barnehage

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149


Månadsplan for Hare November

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Tormod Haugland MØRK MATERIE

I N N H O L D. Forord

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon til elevane

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Kulturhistoriske registreringar

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.


TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Transkript:

Å dyrke rettferd. Manden kommer gående mot nord. Han bærer en sæk, den første sæk, den indeholder niste og nogen redskaper. ( ) Hvad går han efter? Efter land, efter jord? ( ) Han kom en dag med sin tunge bør og desuten leiende to gjeiter og en ungbuk i bånd. Han var lykkelig for sine gjeiter som om de hadde været kjyr og var god mot dem. Det første fremmede mennesket kom forbi, en vandrende lap, han så gjeiterne og forstod at han var kommet til en mann som hadde slåt sig ned her, han sa: Skal du bo her for godt? Ja, svarte manden. Hvad du heter? Isak. Sitatet er frå ein av dei mest kjende norske romanane Markens Grøde av Knut Hamsun. I romanen møter vi Isak Sellanraa som reiser til den vêrbitne naturen i Nordland for å rydde seg ein gard. Han er eit sant førebilete for jordbrukaren av alle tider og frå alle land. Ein som trasser all motgang for å gjennomføre sin draum å bli gardbrukar. Isak Sellanraa gjorde, etter mi meining, det fleire bør gjere arbeide med jordbruk og bu på landet. Vi lever i ei verd der svolt er det vanlege for fleire millionar menneske. Vi lever i ei verd der den dyrka jorda er det som held oss alle i live. Vi lever i ei verd som er avhengig av jordbruket. Kor mange er viljuge til å arbeide med denne livsnødvendige næringa? Eit fåtal, for å seie det som det er. Menneske over heile verda nedprioriterer jordbruk og valfartar til byane og det livet som ventar der. Eit liv som ofte har mindre positivt å by på enn det ein kan få på landsbygda. Noko må skje, og det må skje no. Det er på tide at jordbruket får sin renessanse, at vi hentar opp att denne næringa og gjer henne til det ho ein gong var eit yrke å leve av, og eit yrke å vere stolt av. ISAK International Society of Agricultural Knowledge har lyst til å gjere noko med dette. I Noreg i 2002 var talet på registrerte gardbrukarar nede i 60 900, mot 154 000 i 1969. Nedgangen er drastisk, og dramatisk på mange måtar. Det norske jordbruket har kanskje hatt ein nedgang i sysselsettinga, men teknologisk har det også gjennomgått store endringar. Der oksen og hesten før var dei viktigaste reiskapane, har no traktoren tatt over arbeidet, mjølkinga gjeng ikkje lenger føre seg for hand, og høyet hamnar i ballar og silo i staden for på hesene. Dei som i dag jobbar innan næringa er godt utdanna menneske som kan å drive gard, og livet som gardbrukar er stadig i endring. Det er eit spennande yrke som byr på nye utfordringar kvar årstid; eit yrke som gjer det mogleg å ta i bruk fantastiske naturressursar.

Naturen her i Noreg er heilt spesiell, variert og vakker på mange måtar. Vi har høge fjell og djupe dalar, og er eit land rikt på mange område. Men desse kontrastane gjer jordbruk i Noreg til ei vanskeleg oppgåve. Geografien her i landet innbyr ikkje nødvendigvis til denne næringa, då det er avgrensa område som høver til slik produksjon. Difor blir jordbruksområda i Noreg svært verdifulle for matproduksjonen, og då også for heile landet. Det er heller ikkje alle plassar i verda det er mogleg å drive jordbruk. Geografien kan lett sette ein stoppar for å dyrke jorda, noko naturkatastrofar også er med på å påverke. Ekstrem tørke eller flaum kan øydelegge jordbruksgrunnlaget permanent i eit område, som t.d. i Kina der Den gule flod både gir og tek når det gjeld jordbruket. Slamjorda ho set av, er svært god jordbruksjord, men samtidig har ho byrja å tørke ut, noko som gjer at dei som er avhengige av elva har tilgang på mindre vatn enn før, og slik kan dette øydelegge jordbruksgrunnlaget rundt elva. Forholda nemnde ovanfor, gjer livet som bonde til ei større utfordring enn ønskjeleg, og mange - både i fattige og rike land - vel difor å flytte til byane for å søkje lukka der, men finst lukka berre i byane? Det er eit velkjent faktum at det er mange moglegheiter på landet òg, ikkje berre i byen. Arbeidskraft trengs begge plassar, og å ikkje nytte seg av dei moglegheitene som finst på landet er ei skam. Landsbygda har også mange fordelar byen ikkje kan skryte av å ha. Ein har dei tradisjonelle argumenta: Byen er full av kriminalitet, den er forureina og skapar stress. Men ein kan også sjå desse skilnadene på eit sosialt plan; der byen kan verke skummel og kald, kan bygdene tilby ein varme og nærleik som ein ikkje kan finne andre stader. Menneska i små lokalsamfunn har lett for å bry seg om andre og kvarandre, og lokalsamfunnet blir slik mindre egoistisk enn storbyen. I storbyen kan det verke som om alle har nok med seg sjølv, og at det er vanskeleg å stoppe opp for å hjelpe til der det trengs. Noko anna som gjer livet på landet til det det er, er sjølvsagt den vakre naturen. Når du bur på landet og arbeider med naturen kring deg, får du eit nytt syn på den. Den er ikkje berre dette vakre som omgir oss alle den idylliserte naturen, men også noko som lever sitt eige liv. Eg trur ein får større respekt for naturen ved å arbeide med han, sjå kva han verkeleg har å tilby. Ein set truleg større pris på naturen òg, sidan ein er avhengig at han fungerer som han skal. På 1800-talet leid Noregs befolkning under ei hard hungersnaud. Under og etter andre verdskrig var situasjonen svært lik. Maten vart delt inn i personrasjonar og det var umogleg å få noko ekstra med mindre ein hadde ein eigen gard. I desse vanskelege tidene viste jordbruket seg å vere redninga. Noreg var sjølvforsynt under krigen, då tyskarane sette opp

handelssperringar, og det var jordbruket som heldt det norske folk i live. Dei som kunne, laga hagen om til grønsakhage, og folk hadde sauer og griser i garasjen for å kunne få kjøt og ull. Dei gardane som eksisterte, måtte dele avlingar og andre råvarer med resten av befolkninga og gjorde slik situasjonen betre for mange nordmenn. I etterkrigsåra opprettheldt jordbruket posisjonen sin som ei viktig næring, fram til Noreg vart eit så rikt land at import vart sedd på som meir økonomisk effektivt og gav større verdiskaping. I andre delar av verda er det i dag slik det var her i landet for 60 år sidan; folk svelt, dei har ikkje pengar og mat til å fø heile familien, og det er stor mangel på arbeid. Det er her vi i Noreg, og alle i Vesten, kan hjelpe. Vi har gjennom fleire hundreår opparbeidd oss kunnskap og innsikt i jordbruksfaget, og desse kunnskapane kan vi, og bør vi, dele med dei i verda som treng det. I ei verd med ei stadig veksande befolkning og stadig nye svoltkatastrofar bør nettopp den vestlege verda kjenne eit ansvar i å hjelpe dei som treng det. Vi har i overflod på mange område, og bør klare å vere så storsinna at vi kan setje av tid, pengar og nytte våre kunnskapar til å hjelpe trengjande til å kome seg på fote. Jordbruket er ein næringsveg med moglegheiter, og den rike delen av verda bør kunne avsjå såpass at vi kan få sett i gang eit læringsprosjekt for unge som vil lære å dyrke jorda og å drive gardar. Dette er nyttig kunnskap; kunnskap som kan endre mykje. Å drive gard er ein tradisjonell næringsveg. I mange hundreår har jordbruket vore ei av dei viktigaste og mest tradisjonsrike næringane her i landet. Vi er ein del av ein bondekultur, og veit dermed kor viktig det er å kunne dyrke jorda samstundes som ein tek vare på den. Med tida har jordbruk også blitt ein industri. Gardar spesialiserer seg på ulike varer, nokre produserer berre korn, andre driv berre med kjøt- og mjølkeproduksjon, medan nokre igjen dyrkar grønsaker. Samtidig som jordbruket i Noreg er ein tradisjonell næringsveg, har det med åra utvikla seg til å bli ein alternativ næringsveg det har blitt mindre vanleg, men like fullt er agronomyrket eit viktig yrke i det norske samfunnet. Den kunnskapen ein skaffar seg som agronom, er med på å gjere det mogleg å nytte seg av heile naturen og alt det som landet har å by på. Slik blir ikkje jordbruksnæringa berre noko som gjer det mogleg å tene pengar for å fø seg sjølv og familien, men også ein måte å ta vare på norsk kultur og tradisjon. Dei ressursane som er på landsbygda og det naturen har å by på, er dyrebart. Ikkje berre frå eit miljøperspektiv, men også frå eit verdsborgarperspektiv. Svolt er ikkje berre noko ein ser på film, det er røynda for mange millionar menneske.

Er det rett at vi i Vesten kjøper råvarer frå fattigare land, bearbeider dei og sel dei tilbake til desse fattige landa for mange gongar prisen vi kjøpte råvarene for? Nei. Er det rett at vi skal vere så avhengige av råvarene produsert i fattige land, at vi kjøper opp så mykje at det ikkje er nok til dei som lever i landa sjølve? Sjølvsagt ikkje. Er det ikkje meir logisk, og ikkje minst meir rettferdig, at dei rike landa skal vere med på verdas matproduksjon og slik unngå å kjøpe opp råvarer og unngå at menneske frå fattige land svelt på grunn av vår grådigheit? Etter mi meining, ja. Dei som har moglegheit til å drive jordbruk, bør nytte seg av sjansen, sjansen til å bidra positivt til verdssamfunnet. Skilnadene blir stadig større. Dei rike landa i verda blir rikare, og utviklinga i den fattige delen av verda avheng av dette; di rikare Vesten blir, di fattigare blir dei fattige landa i forhold. Det er lite vi som enkeltmenneske kan gjere med dette, men vi veit også at lita tue kan velte stort lass det nyttar å gjere ein innsats. Det nyttar å tenkje annleis. Det nyttar likevel å prøve. Du kan, saman med oss i ISAK, vere denne tua og gjere ditt for at ressursane kan bli fordelte og brukt på ein meir rettferdig måte. Du kan vere med på å skape ei meir rettferdig verd. Jordbruket er ikkje passé. Og det kan vere, og er mest truleg, vegen mot framtida vegen mot ei ny verd. Han var bare en ufortrøden arbeider, han slog vinterfor til sine gjeiter, begynte å rydde mark, å bryte åker, å bære sten bort, mure gjærder av sten. Om høsten fikk han en bolig op, en gamme av torv, den var tæt og varm, det knaket ikke i den i storm, den kunne ikke brænde op. Han kunde gå ind i dette hjem og lukke døren og være der, han kunde stå utenfor på dørhellen og eie hele bygningen hvis nogen kom forbi. ( ) Alt var der. K. Hamsun, leiar i ISAK Meir informasjon på www.isak.com Kjelder: - Mat for verda (temaavis utgitt i tilknyting til skrivekonkurranse) - www.ssb.no - Markens Grøde (Knut Hamsun)